Nissedal Kommune – Kviteseid Kommune Interkommunalt Plankontor

Nissedal Kommune – Kviteseid Kommune Interkommunalt Plankontor

Nissedal kommune – Kviteseid kommune Interkommunalt plankontor «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» MELDING OM VEDTAK Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: «REF» 2019/390-107 Sveinung Seljås,35048430 140 11.05.2021 [email protected] N - Rullering - Kommuneplanens arealdel 2021 - 2032 - godkjenning - særutskrift Her fylgjer særutskrift av kommunestyresak 016/21. Plandokumenta (plankartet, planføresegnene og planomtalen) er nå ajourførte i samsvar med kommunestyrevedtaket. Kommunen seier seg lei for at arbeidet med ajourføringa har tatt lang tid, med det som resultat at vedtaket fyrst blir sendt ut nå Planen har rettsverknad frå vedtaksdato, jf. pbl §11-6. Vedtaket i kommunestyret kan ikkje klagast på, jf. pbl § 11-15 3.ledd. Plandokumenta ligg på kommunens heimeside, på lenka; http://webhotel3.gisline.no/Webplan_3822/gl_planarkiv.aspx?planid=2019001 Med helsing Sveinung Seljås -plansjef Dette dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ikkje underskrift. Postadresse: Treungvegen 398 Telefon: 35048400 Bankgiro: 27140700016 3855 Treungen Telefaks: 35048410 Org.nr: 964964343 E-post: [email protected] www.nissedal.kommune.no Nissedal kommune Nissedal kommune Arkiv: 140 Saksmappe: 2019/390-103 Sakshandsamar: Sveinung Seljås Dato: 25.02.2021 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 16/21 11.03.2021 Kommunestyret 16/21 25.03.2021 N - Rullering - Kommuneplanens arealdel 2021 - 2032 - godkjenning Vedlegg: - Planomtale, høyringsutkast. - ROS-analyse, dat. 22.05.20. - Notat om biologisk mangfald, Faun 08-2019, dat. 12.08.19 - To tilleggsnotat om biologisk mangfald, Faun 08-2019, dat. 16.09. og 25.09.19. - Landbruksfagleg vurdering, dat. 05.03.20. - Presisering av landbruksfagleg vurdering + kartvedlegg, dat. 09.03.20 - Uttale frå born- og unges representant i plansaker (BRP), dat. 03.04.20 - Plankart, høyringsutkast. (Dette ligg under store vedlegg til møtedokument.) - Planføresegner, høyringsutkast. - Retningsliner ved dispensasjon for utbyggingstiltak i LNFR, høyringsutkast. - Retningsliner for hyttebygging, høyringsutkast. - Retningsliner for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad, høyringsutkast. - Høyringsuttale, Nissedal KrF, dat. 26.08.20. - Høyringsuttale, Havrefjell Turlag, dat. 28.08.20. - Høyringsuttale, Jørgen Solberg, dat.30.08.20. - Høyringsuttale, Den norske kirke, dat.31.08.20. - Høyringsuttale, NVE, dat. 01.09.20. - Høyringsuttale, Statens vegvesen, dat. 01.09.20. - Høyringsuttale, Villreinnemnda for Setesdalsområdet, dat. 26.08.20. - Høyringsuttale, Jan Aarak, dat. 03.09.20. - Høyringsuttale, Kari-Anne og Tor Jakob Nordbø, dat. 15.09.20. - Referat planforum 19.08, journalført 15.09.20. - Høyringsuttale m/motsegner, Fylkesmannen, dat. 16.09.20. - Kommentarar til planføresegnene, Fylkesmannen, dat. 06.08.20. - Samordning av statlege motsegner, Fylkesmannen, dat. 14.09.20. - Høyringsuttale m/vedlegg, Vestfold og Telemark fylkeskommune, dat. 21.09.20. - Tilleggsmerknad, Kari-Anne og Tor Jakob Nordbø, dat. 09.10.20. - Rapport, arkeologisk registrering BRU11, dat. 08.12.20. - Referat dialogmøtet statsforvaltaren og kommunen, 29.01.21. - Kart, endringsforslag BFR37, dat. 17.02.21. - 2 - Nissedal kommune Fakta i saka: Kommunestyret vedtok i 2016 dokumentet Kommunal planstrategi. Her blei det m.a. bestemt at kommuneplanen, samfunnsdelen skulle rullerast i 2017, og at dette skulle fylgjast opp med ein moderat revisjon av arealdelen. Plan- og bygningslova (pbl) seier at det ved ei slik rullering òg må utarbeidast eit planprogram. Av ulike og samansette årsaker blei planprogrammet for kommuneplanrulleringa fyrst vedteke av kommunestyret i sak 032/19, 13.06.19, etter at eit forslag hadde lege til offentleg ettersyn/ vore sendt på høyring. Kommunen valde ved høyringa av planprogrammet samstundes å invitere til innspel til sjølve planrevisjonen. Plan- og bygningslova seier og at det til kommuneplanens arealdel skal fylgje ein planomtale (jf. pbl §11-5). For arealdelen gir den utarbeidde planomtalen med vedlegg svar på kor langt målsetjingane med planarbeidet, slik desse blei formulert i planprogrammet, er nådd. Her ligg også svara på dei ulike innspela kommunen fekk til arealdelen. Utarbeidd planomtale med konsekvensutgreiing for føreslått endra arealbruk syner at planrevisjonen denne gongen har hatt eit svært avgrensa omfang. Tilbakeføring til LNFR- område av unytta framtidige byggeområde for fritidsbustader (fjorten stk.), skjer i samsvar med kva som tidlegare er signalisert, og gjer planen mindre statisk. Dei nye byggeområda, 3 stk., vil opne for aktivitet i område som før ikkje har hatt utbygging. For to av desse, vil situasjonen derimot vere at kommunalt v/a-nett går gjennom eller like ved feltet. For det tredje, BFR36, Gronnane, vil ein eventuelt framtidig kommunal avløpsleidning til Langmoen høgst truleg bli lagt langs eller over dette feltet. Etter ein grundig gjennomgang, er alle eksisterande massetak der det er aktuelt å fortsette uttaket, lagt inn. For desse er det også vist mogleg framtidig utviding. Vidare drift av desse kan skje utan krav om detaljreguleringsplan. Her har det vore masseuttak i fleire år, og verknadene for menneske, natur og miljø er derfor kjende. Ein reguleringsplan vil gje lite meir-informasjon. I kjølvatnet av gjennomgangen kom det inn forslag på to nye område for massetak (BRU11-12). Desse er tatt inn, men med krav om detaljreguleringsplan før oppstart, jf. føresegn 2.8. Andre endringar er mest å sjå på som tilpassingar og ajourføringar av eksisterande arealbruk. Det er m.a. vald å endre ein del utbygde bustadtomter frå LNFR til eksisterande byggeområde. Til kommuneplane er det som før utarbeidd retningsliner; «Retningsliner ved dispensasjon for utbyggingstiltak i LNFR-områda» og «Retningsliner for hyttebygging». Det er gjort mindre justeringar i desse. Nytt ved denne revisjonen er det at det er utarbeidd eit tredje sett retnings- liner; «Retningsliner for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad». Formannskapet vedtok i møtet 04.06.20 (sak 066/20) i medhald av plan- og bygningslova (pbl) §11-14 å legge forslag til revidert kommuneplan, arealdelen, ut til offentleg ettersyn og å sende det på høyring. Rådmannen fekk fullmakt til å fastsetje høyringsperioden og høyringsfristen. Fristen blei fastsett til 01.09., seinare forlenga til 15.09. og for fylkeskommunen til 21.09.20. Ved utgangen av den forlenga tidsfristen hadde det kome inn eleve høyringsuttalar. Under vurderingsavsnittet blir kvar av uttalane kommentert, der det også blir konkludert med kva fylgjer uttalen bør få. Høyringsuttalen frå fylkesmannen (nå statsforvaltaren) syner at det er reist sju motsegner mot innhaldet i planforslaget. Også høyringsuttalen frå fylkeskommunen varsla mogleg motsegn mot godkjenning av byggeområda B6 og B8, og utviding av råstoffutvinnings-området BRU11, om ikkje områda var avklara i høve til kulturminne før endeleg planvedtak. I mellomtida er dette løyst ved at det er gjort nødvendige undersøkingar. For eit av felta, BRU11, blei det gjort funn (likkvild). Dette har resultert i at området får ei noko anna avgrensing, og at ei sone rundt den - 3 - Nissedal kommune eine funnstaden får omsynssone kulturminnevern, medan det andre og meir usikre funnet blir frigitt. Motsegnene betyr at kommunen ikkje kan eigengodkjenne planen med rettsverknad for tiltak som står i konflikt med desse, før motsegnene er trekt/rydda av vegen. Kommunen har hatt dialogmøte med statsforvaltaren (29.01.21), med synfaringar på førehand (09.12.20). Resultatet av denne dialogen er ennå ikkje kjent, men rådmannen legg til grunn at dei sju motsegnene blir trekt, og at planen blir endra i samsvar med kommunens forslag til løysingar, jf. brev av 16.02.21. Om dette ikkje lykkast, eller om det ved formannskapsbehandlinga 11.03. blir klart at fleirtalet der ikkje stør ei eller fleire av løysingane, vil dei uløyste motsegnene måtte gå til mekling, jf. pbl § 5-6. Det er lagt opp til at eit eventuelt meklingsmøte hjå Statsforvaltaren kan bli gjennomført i tidsromet mellom formannskapsmøtet 11.03. og kommunestyremøtet 25.03. (Skulle også meklinga bli resultatlaus, går planen til departementet for endeleg avgjerd.) Dei andre merknadene/uttalane til planen er å sjå på som faglege råd, der kommunen står friare i vurderingane av desse. Planomtale, plankart og planføresegner blir her presentert slik desse blei lagt ut til offentleg ettersyn/på høyring. Formannskapet, og til sist kommunestyret som skal eigengodkjenne planen, jf. heimel i pbl § 11-16 1.ledd, blir her invitert til, gjennom dei trekte konklusjonane i vurderingsavsnittet i denne saksframstillinga, å slutte seg til dei føreslegne endringane. Plankart og planføresegner (og planomtale) vil deretter bli retta i samsvar med vedtaket, før planen blir presentert som vedtatt i den godkjente versjonen. Det er bare organ med motsegnsrett som vil ha klagerett på godkjenningsvedtaket. Vurdering: Generell vurdering: I planprogrammet blei det skissert ein moderat revisjon av arealdelen. Planforslaget viser at dette er fylgd opp i praksis. Det er derfor både med undring og skuffelse det blir registrert at forslaget er blitt møtt med større innvendingar og fleire motsegner enn i nokon tilsvarande tidlegare prosess. Delar av innhaldet i motsegnene har også bore preg av «omkampar» dvs at det har kome endringsønske på planinnhald som har ligge som godkjent i planen i årevis. Det er også registrert at same type planinnhald har blitt ulikt behandla her og til dømes ved rulleringa av kommuneplanens arealdel i nabokommunen Kviteseid

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    18 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us