saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.03.2020 39352/2020 Johannes Devik Brekke Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 23.03.2020 Omstillingsprosjekt for Geiranger og verdsarvområdet Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta eit tydelegare ansvar for å bidra til ei positiv utvikling av Geiranger og verdsarvområdet, og vil delta inn i det vidare arbeidet med å få på plass «Forum Geiranger». 2. Møre og Romsdal fylkeskommune vil vurdere å definere Geiranger med omgivnader, delområde av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som eit omstillingsområde og søke støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for eit omstillingsprosjekt. 3. Fylkeskommunedirektøren kjem tilbake med konkretisering av tiltak og kostnader i strategi- og rammesaka. Bakgrunn Geiranger er i ei særstilling. Geiranger har om lag 200 fastbuande, men har nær 1 million besøkande gjennom turistsesongen. Talet cruiseanløp i Geiranger i løpet av sesongen gjer Geiranger til Norges tredje største cruisedestinasjon. Dette gir store moglegheiter, men og store utfordringar for ei lita bygd. Reiselivsnæringa er livsgrunnlaget for dei fleste som bur og arbeider i bygda. Omgivnadene gir Geiranger ein særskild status… Geirangerfjorden med omgivnader blei i 2005, saman med Nærøyfjorden, innskrive på UNESCO si verdsarvliste. Av dei 8 norske døma på kultur- og naturarv som er skrive inn på lista er det berre «Vestnorsk fjordlandskap» som er skrive inn som eit døme på unik naturarv. Dette gjer Geiranger til ein attraktiv stad å besøke og er noko av det som i dag gjer Geiranger til eit såkalla reiselivsfyrtårn i Norge. …men også særskilde utfordringar Med opptil 16 000 besøkande på toppdagane på sommaren, så seier det seg sjølv at dette stiller betydelig større krav til kommunale tenester, beredskap og infrastruktur enn størrelsen på bygda tilseier. Eit døme er parkeringsutfordringane i sentrum på toppdagane om sommaren. Der staden i delar av sommarsesongen slit med store kapasitetsutfordringar, så er verkelegheita på vinteren ei heilt anna grunna rasfare og vinterstengde eller manglande kommunikasjonar. Det er også ei utfordring å oppretthalde stabil busetting i bygda. Det er fleire grunner til dette: Dels skuldast det eit stort innslag av sesongarbeidarar om sommaren. Dels skuldast det mangel på bustader. Strenge restriksjonar på utbygging, vinterstengde vegar og mangel på ferje i fem av tolv månader i året er barrierar for auka busetting. I sum har dette over tid gitt eit krevjande grunnlag for eit robust, heilårleg samfunn. På toppen av dette kjem at situasjonen etter spreiinga av det nye koronaviruset er forventa å gi eit spesielt krevjande 2020 for reiselivsnæringa, nøkkelnæringa i Geiranger. Nullutsleppsvedtaket 3. mai 2018 fatta Stortinget følgjande vedtak: «Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030 herunder krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart som det er teknisk gjennomførbart og senest innen 2026». Dette vil krevje ei omstilling i reiselivsnæringa i Geiranger med omland. Nye forretningsmodellar må på plass. Det er ei forventning frå næringa at det offentlege støttar og følgjer opp ved å kome i dialog om modellar som kan sikre ein berekraftig overgang til nytt utsleppsregime. Det ser sett i gong fleire prosjekt for å sjå nærare på konsekvensane av nullutsleppsvedtaket: Geiranger Utvikling har gitt i oppdrag til PWC å «avdekke konsekvensar av nullutsleppsvedtak for verdsarvfjordane og velje omstillingsscenario med størst verdiskaping for bygda Geiranger». Prosjektet skal vere ferdig innan våren 2020. Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta arbeidet med 125 000 kroner. Av dei førebelse resultata frå dette arbeidet er ei spørjeundersøking der ein stor del av bedriftene som er intervjua seier at nullutsleppsvedtaket vil vere kritisk for deira forretningsverksemd. Vidare trur bedriftene dette vil innebere eit kraftig inntektstap og bortfall av arbeidsplassar. Vidare har Sjøfartsdirektoratet har gitt i oppdrag til DNV GL å kartlegge og sjå på konsekvensar for nullutsleppsvedtaket i verdsarvfjordane. Det arbeidet skal vere ferdig våren 2020. Det vil også bli greia ut om krava i verdsarvfjordane skal utvidast til skip i andre norske fjordar. Stranda kommune har på si side innleia eit samarbeid med ÅKP om eit forprosjekt som skal sjå på moglegheitsrommet for reiselivet i verdsarvområdet, i etterkant av nullutsleppsvedtaket. GCE Blue Maritime har definert prosjektet «Storfjord 2026» som ein del av sin aktivitet i 2020. Dei ønskjer å ta ei rolle for å kople saman enkeltprosjekt til ei meir heilskapleg løysing. Som ein del av SUSTRANS-prosjektet i regi av NTNU, Sintef, Høgskulen i Volda og Universitetet i Bonn, vert det også gjort eit arbeid med å utreie ulike scenario for korleis cruisetrafikken på Geirangerfjorden vil sjå ut etter innføringa av nullutsleppsregimet. SUSTRANS-prosjektet går ut 2020. Det er også sett i gang fleire andre prosjekt som har mål om å utvikle meir berekraftig skipsfart inn i området. Eit av dei fremste døma på dette er Hellesylt Hydrogen Hub, eit prosjekt som har fått 37,6 mill. kroner frå den statlege finansieringsordninga Pilot-E til å utvikle ei heilskapleg verdikjede for produksjon, lagring og levering av grønt hydrogen til ferjer og cruiseskip på Geirangerfjorden. Møre og Romsdal fylkeskommune gav eit tilskot til forprosjektet og støtta opp om Pilot-E-søknaden. Mange aktørar med ulike rollar Det er ei utfordring at Geiranger i dag manglar ei felles stemme, og at bygda frå utsida blir oppfatta som «splitta». Samtidig er det mange aktørar som speler ulike rollar i verdsarvområdet rundt Geiranger: Stranda kommune, Fjord kommune, Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv, Stranda havnevesen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, for å nemne nokre. I tillegg kjem næringsaktørar som hotella, reiarane, destinasjonsmarknadsføringsselskap og næringsklynger. Det er eit behov for å samle og koordinere alle desse aktørane. Det er mange samfunnsoppgåver som må løysast, men skal ein lukkast med dette treng en ei god organisering. Masterplan for Geiranger «Masterplan Reisemål Geiranger», lagt fram i februar 2019, skal vere eit svar på denne utfordringa. Plana er eit grundig arbeid som peiker på fem strategiar for den vidare utviklinga av Geiranger-samfunnet: 1. Profesjonalisere reisemålet gjennom felles verdiar, samarbeid, produktutvikling og heilårs drift 2. Formidle identiteten, historia og totalopplevinga «Geiranger» 3. Utvikle infrastrukturløysingar som sikrar god logistikk, bustadar, næringsareal og trygge lokalsamfunn 4. Ta vare på natur-, kultur- og landskapsverdiane, og verne om UNESCO- statusen 5. Sette datainnsamling, måling og rapportering av reisemålet i system Plana peiker også på behovet for ei forpliktande organisering der aktørar som har roller i og rundt Geiranger opererer etter ei avklart ansvarsfordeling. Denne organiseringa er skildra nærare i eit tillegg frå mars 2020, kalla «Geiranger – roller og ansvar», kor det vert føreslått ei konkret deling av ansvar mellom destinasjonsutviklingsselskap i Geiranger, Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv, Stranda kommune, Stranda havnevesen, Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane. Denne organiseringa er kalt «Forum Geiranger». Vurdering Fylkeskommunen vil ta eit koordinerande ansvar Verdsarvstatusen gjer at Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune og Stranda og Fjord kommunar har eit særskild ansvar for å oppretthalde Geiranger som eit attraktivt og heilårleg samfunn. Nullutsleppsvedtaket gjer at Geiranger no står overfor ei stor omstilling. Det er naudsynt med ei god koordinering mellom departementa, og det er naudsynt at dei ulike forvaltningsnivåa tar grep på sine områder. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta sin del av ansvaret. Ei naturleg rolle for fylkeskommunen kan vere å ta eit større ansvar for å koordinere den statlege, regionale, kommunale og lokale innsatsen for utviklinga av Geirangersamfunnet. Det er naturleg at fylkeskommunen tar ein tydeleg plass i ein framtidig samarbeidsstruktur, til dømes slik det er føreslått i «Forum Geiranger». Det vidare arbeidet med å organisere dette samarbeidet vil avgjere korleis fylkeskommunen skal vere representert. I tillegg vil Møre og Romsdal fylkeskommune ta ansvar gjennom ansvarsområda fylkeskommunen har i dag innan samferdsel, kultur og samfunns- og næringsutvikling. Tiltak for å styrke Geiranger på samferdselsområdet Ferja Geiranger – Hellesylt er i dag i operasjon 7 månader i året (mai-nov). Gjeldande konsesjon for strekninga går ut 31. mars 2022. Konsesjonen for drift av strekninga i neste konsesjonsperiode er lyst ut, med svarfrist 7. mai 2020. Det er forventa at den nye avtalen vil gi eit betre tilbod enn i dag. I kva grad tilbydarane er i stand til å tilby drift heile året vil vere eit viktig kriterium for å bli valt. Når det gjeld sambandet Eidsdal – Linge, så er det vedtatt ei opprusting av kaianlegga som skal stå ferdig i 2023. I tillegg vil det komme inn miljøferje med større kapasitet på sambandet. Strekninga Korsmyra – Indreeide, langs fylkesveg 63, er ofte stengd om vinteren på grunn av snøskred eller snøskredfare. For å bøte på dette er det sett i gong bygging av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnell som vil sikre 13 skredpunkt på strekninga. Prosjektet er kostnadsrekna til 900 mill. kroner, og vil vere eit
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages6 Page
-
File Size-