Vår dato: Vår ref: 14.07.2020 2020/4927 Dykkar dato: Dykkar ref: 20/952 SUNNFJORD KOMMUNE Kontakt saksbehandlar Postboks 338 Odd-Arild Holen, 51568714 6802 FØRDE [email protected] Klageavgjerd i byggesak - gnr. 190, bnr. 1, , Sunnfjord (tidlegare Gaular) kommune - tiltakshavar: Ingjald Hauso Fylkesmannen i Vestland har klaga på kommunen sitt vedtak om dispensasjon til frådeling av eigedom. Fylkesmannen i Rogaland gjer om kommunen sitt vedtak slik at det ikkje blir gitt dispensasjon. Vi viser til oversending datert 05.05.2020 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet med oppnemning av Fylkesmannen i Rogaland som settefylkesmann til å gjere vedtak i klagesaka. Bakgrunn for saka Saka gjeld søknad om dispensasjon til frådeling av eigedom til bustad. Søknaden blir grunngitt med at frådelinga ikkje er til ulempe for vidare drift av hovudbruket, då det omsøkte arealet er i eit hjørne og på andre sida av Fv. 57. Fylkesmannen i Vestland har i brev av 29.03.2019 rådd i frå at dispensasjon blir gitt. Formannskapet i Gaular kommune gjorde 05.12.2019 følgande vedtak: ”Gaular formannskap gjev i samsvar med plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå kommuneplanens arealdel, for frådeling av bustadtomt i LNFR-område på gbnr. 90/1. Byggegrense blir satt til 10m.” Vedtaket blei klaga på av Fylkesmannen i Vestland i brev datert 06.01.2020. Klagaren peiker m.a. på at kommunen har vektlagt forhold som er individuelle, og kan gjerast gjeldande for mange eigedomar i strandsona i kommunen. Ein dispensasjon kan føre til uheldig presedens og kan undergrave kommuneplanen som styringsverktøy. Tiltaket er uheldig for landskapsverdiane som strandsonevernet skal ivareta, og vil verka negativt på opplevinga av landskapet Formannskapet i Sunnfjord kommune gjorde 16.04.2020 følgande avgjerd: E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 51 56 87 00 [email protected] Postboks 59 Lagårdsveien 44 www.fylkesmannen.no/ro Sikker melding: 4001 Stavanger www.fylkesmannen.no/melding Org.nr. 974 763 230 Side: 2/4 "Fylkesmannen i Vestland sin klage på Gaular formannskap sitt vedtak om frådeling til bustadtomt på gbnr. 190/1, vert ikkje teke til følge. Saka vert sendt til settefylkesmann for endeleg avgjerd. Formannskapet vil peike på at det bør takast omsyn til at det er mogeleg å etablere ein bustad for eigar når tida er inne for å avhende gardsbruket." Fylkesmannen i Rogaland viser til dokumenta i saka. Fylkesmannen i Rogaland si vurdering Fylkesmannen i Rogaland legg til grunn at klagar har klagerett og at klagen er sendt innanfor klagefristen, jf. forvaltningslova (fvl.) kap. VI og plan- og bygningslova (pbl.) § 1-9. Fylkesmannens kompetanse ved behandling av klagesaka går fram av fvl. § 34 andre ledd som lyder: "Tas klagen under behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter. Den skal vurdere de synspunkter som klageren kommer med, og kan også ta opp forhold som ikke er berørt av ham. Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge stor vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn. Det skal fremgå av vedtaket hvordan klageinstansen har vektlagt hensynet til det kommunale selvstyret." Frådeling av eigedom krev løyve frå kommunen etter pbl. § 20-2 jf. pbl. § 20-1. Kommunen skal gi løyve dersom byggetiltaket ikkje er i strid med føresegn som er gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova, jf. pbl. § 21-4 og pbl. § 1-6 andre ledd. Eigedomen er uregulert og i kommuneplanen vist med arealføremålet landbruk-, natur- og friluftsliv (LNF). I slike område er det berre tillate bygge- og anleggstiltak knytt til natur og friluftsliv eller som er nødvendige for landbruket, og gardstilknyta næringsverksemd, jf. pbl. § 11-7 første ledd nr. 5. Tiltaket er ikkje nødvendig for gardstilknyta næringsverksemd eller natur- og friluftsliv og krev difor dispensasjon frå arealføremålet i kommuneplanen jf. pbl. § 11-6 andre ledd. Kommunen skriv i vedtaket av 05.12.2019 at "Byggegrense blir satt til 10m”. Byggegrense mot sjø kan fastsettast i plan jf. pbl. §§ 11-9 nr. 5 og 12-7 nr. 2. Det er derimot ikkje heimel for å fastsette byggegrense i eit byggesaksvedtak. Vi tolkar difor kommunen sitt vedtak slik at det er blitt gitt dispensasjon frå forbodet mot tiltak i strandsona jf. pbl. § 1-8 andre ledd, med vilkår om at det ikkje blir bygga nærare enn 10 m frå sjøen. Det kan bli gitt dispensasjon etter grunngitt søknad jf. pbl. § 19-1. Frå sakens dokumenter, kan ikkje Fylkesmannen sjå at det blei gitt ein grunngitt søknad om dispensasjon frå pbl. § 1-8 andre ledd, og dermed hadde ikkje kommunen høve til å gi ein slik dispensasjon. Dette vil likevel ikkje få noko å seie for saka fordi kommunen sitt vedtak vil bli omgjort på anna grunnlag. Vilkåra for å kunne gi dispensasjon går fram av pbl. § 19-2. Dei omsyna som plan- og bygningslova og den aktuelle planen bygger på vil vere sentrale i vurderinga. Det vil særleg bli lagt vekt på omsynet til ei forsvarleg og fornuftig areal- og ressursdisponering. Ved dispensasjon frå planar skal det leggast vekt på statlege og regionale rammer og mål. Dispensasjon kan ikkje bli gitt dersom omsyna bak føresegnene eller lova sitt føremål blir vesentleg sett til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurderinga av om lovens vilkår for å kunne dispensere er oppfylt vil vere eit rettsbruksskjøn. Forvaltningslovas regel om å vektlegge det kommunale sjølvstyret kjem difor berre til bruk ved interesseavveginga om dispensasjon skal gis når lovas formelle vilkår for å gi dispensasjon er oppfylt. Side: 3/4 Det går fram av pbl. § 19-2 fjerde ledd at kommunen ikkje bør "dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i § 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden". Fylkesmannen i Vestland gav negativ uttale. Når det gjeld dispensasjon frå arealplanar har departementet uttala følgande i Ot.prp.nr.32 (2007-2008) s. 242: «Avvik fra arealplaner reiser særlige spørsmål. De ulike planene er som oftest blitt til gjennom en omfattende beslutningsprosess og er vedtatt av kommunens øverste folkevalgte organ, kommunestyret. Planene omhandler dessuten konkrete forhold. Det skal ikke være en kurant sak å fravike gjeldende plan. Dispensasjoner må heller ikke undergrave planene som informasjons- og beslutningsgrunnlag. Ut fra hensynet til offentlighet, samråd og medvirkning i planprosessen, er det viktig at endringer i planer av betydning ikke skjer ved dispensasjoner, men behandles etter reglene om kommuneplanlegging og reguleringsplaner. Innstrammingen er likevel ikke til hinder for at det f.eks. dispenseres fra eldre planer som ikke er fullt utbygget, og der reguleringsbestemmelsene er til hinder eller direkte motvirker en hensiktsmessig utvikling av de gjenstående eiendommene». Hovudomsynet bak tiltaksforbodet i strandsona er å ivareta omsynet til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre felles interesser i strandsona. Fylkesmannen legg til grunn at LNF- føremålet i kommuneplanen langt på veg skal sikre dei same interessene samt omsynet til landbruk. Det blir ført ein spesielt restriktiv praksis for dispensasjonar frå byggeforbodet i strandsona. Kommunen skriv at området allereie er privatisert av lagerbygget. Dette er ikkje Fylkesmannen einig i. Eit lagerbygg har ikkje innmark rundt seg, og legg ikkje noko avgrensing i bruk av området bortsett frå den fysiske plassen bygget tar. Ein bustadeigedom vil derimot privatisere mesteparten av eigedomen. Vi har likevel merka oss at landskapet er vanskeleg tilgjengeleg allmenta. Sjølv om landskapet er gjengrodd, er vi ikkje einig med kommunen om at landskapsbildet blir endra til det betre med ein bustad her. Fylkesmannen finn at utbygging vil ha ein negativ effekt på landskapet og kan skape uheldig presedens, samt svekke kommuneplanen som styringsverktøy. Ein dispensasjon vil her vesentleg sette til side omsyn bak arealføremålet og forbodet mot tiltak i strandsona Fordelar knytt til person, som for eksempel private utbyggingsinteresser, vil det normalt ikkje kunne bli lagt særleg vekt på i ein dispensasjonsvurdering etter plan- og bygningslova, jf. lovforarbeida Ot.prp. nr. 32 (2007-08) s. 242 og Pedersen & Sandvik m.fl. Plan- og bygningsrett del 2 s. 222-223. Sidan eigedomen er i eit LNF-område, kan ikkje busettingsomsyn utan vidare tilleggas vekt etter plan- og bygningslova. Fylkesmannen finn etter dette at tiltaket ikkje har klart større fordelar enn ulempene det er peika på. Lova sine formelle vilkår for å gi dispensasjon er ikkje oppfylt, og Fylkesmannen må difor gjere om kommunens vedtak slik at det ikkje blir gitt dispensasjon frå LNF-føremål eller pbl. § 1-8 andre ledd.. Vedtak: Fylkesmannen i Rogaland gjer om kommunen sitt vedtak av 05.12.2019 slik at det ikkje blir gitt dispensasjon til frådeling av eigedom. Side: 4/4 Klagen blir tatt til følge. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast til overordna forvaltningsorgan, jf. fvl. § 28. Svein Undheim Odd-Arild Holen seniorrådgivar rådgivar Dokumentet er elektronisk godkjent Kopi til: Fylkesmannen i Vestland Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Ingjald Hauso Dalsfjordvegen 490 6977 Bygstad .
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages4 Page
-
File Size-