Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell MØTEBOK Haustmøte 2020 Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå – til Villreinnemnda for Nordfjella, nettmøte på Fjellheimen og Raudafjell Teams 10.11.2020 kl 13.00 - 16.00 Til stades på møtet Medlemmer og vara villreinnemnda: Medl: Terje Terum, Aurland, Ragnhild Kvernberg, Hemsedal, Runar Tufto, Hol, Per-Are Halstensgård, Ulvik, Olav J Bøtun, Vik, Morten G. Samskott, Voss, Petter Sortland, Høyanger, Linda Neset, Modalen, , Vara: Olav Grøttebø, Lærdal, Ola Dusegard Kristensen, Ål Andre: Siri W. Bøthun, sekretær (ref.) Hermund Mjelstad, Fylkesmannen i Vestland, Håkon Øydvin, sekretær Raudafjell villreinutval, Harald Skjerdal, sekretær Villreinutvalet for Nordfjella, Sigmund Tveitehagen, leiar villreinutvalet for Nordfjella, Hildegunn Muggås, leiar Fjellheimen villreinutval Fråfall Medl: Gunhild Damstuen, Lærdal, Inger Helene Lervåg, Ål, Caroline Myster, Vaksdal, SveinunbgTyssen Bergo, vara Vaksdal Raudafjell villreinutval: Odd Ohnstad, leiar Fjellheim en villreinutval: Einar Magne Jordalen, sekretæ Handsama saker Sak H-20-1 - H-20-9. Saksnummer 10 og 11 vart utsett, og vert handsama elektronisk. Underskrift Det er motteke elektronisk godkjenning frå møtedeltakarane gjennom e-post som bekreftar at sidene i møteboka er ført i samsvar med det som blei bestemt på møtet. For medlemmane: sekretær Vedlegg vedlegg: - Vedlegg sak H-20-3 Økonomistatus pr. november 2020 - Vedlegg sak V-20-9 Vedteke brev Utskrifter Utskrift sendt til: Nemndmedlemmar og vara i villreinnemnda Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Viken, Villreinutvalet for Nordfjella, Fjellheimen villreinutval, Raudafjell villreinutval, Norsk Villreinsenter sør, Verneområdestyret for Nærøyfjordområdet, Verneområdestyret for Stølsheimen, Verneområdestyret for Hallingskarvet, villrein.no, Miljødirektoratet, Mattillsynet, Kommunane Aurland, Lærdal, Ulvik, Voss, Ål, Hol, Hemsedal, Vik, Vaksdal, Modalen, Høyanger, CWD-koordinator for Nordfjellakommunane. Sekretariatsadresse: Sogn Naturforvaltning AS Fresvikvegen 995, 6896 Fresvik [email protected] / 975 14 784 Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell Det vart halde haustmøte i villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell 10. november 2020. På grunn av svak økonomi, og av omsyn til smittefare for korona, vart møtet halde digitalt, på Teams. Leiar, Runar Tufto ynskte velkomen, og orienterte litt om møtet og dagsorden. H-20-1 Val av møteleiar Runar Tufto vart vald til møteleiar. H-20- 2 Godkjenning av innkalling og dagsorden Dagsorden og innkalling vart godkjend. H-20-3 Økonomien i villreinnemnda Oversyn over økonomien i nemnda vart gjennomgått. Nemnda tok orienteringa til vitande, men ynskte fylgjande ført opp i møteboka: • Fylkesmannen orienterte om at det ikkje var råd å få ekstramidlar frå Miljødirektoratet til meirarbeidet i 2020, knytt til den nye oppdaginga av CWD. • Villreinnemnda er underfinansiert i høve til det arbeidet me har fått ansvaret for å utføre. Ikkje minst har nemnda fått ansvaret for Raudafjell, som eit 3. villreinområde i tillegg til dei opphavlege 2 områda til nemnda, utan at det har ført med ekstra midlar. H-20-4 Orienteringar Orienteringssakene vart gått gjennom etter ei liste synt i ein Power-Point presentasjon. Tema CWD og tema som kjem fram av andre haustmøtesaker vart utelete i gjennomgangen. Gjennomførte og pågåande uttale-saker vart raskt summert opp i presentasjonen ved ei opplisting av sakstitlane, ordna etter saksnummer i mappestruktur. Orienteringar om generelle saker: • Kvalitetsnorm for villrein: Kunnskapsoppdatering er sett i gong • Lavmåling • Kursing i strukturteljing, innsamling av kalvevekter • Arbeid med tema menneskeleg påverking, fokusområde • Arbeid med revisjonar av konsesjonsvilkår for kraftutbygging • Møte med OED om Hemsil- og Holsrevisjonen • Møte med KLD i regi av NJFF og Villreinrådet • Om forskingsprosjektet Renewable Reindeer https://www.youtube.com/watch?v=3wf9dBCjhfk • I rapporteringsfase • Tiltak i to fokusområde frå Nordfjella er kjørt i simuleringsmodellen • Nordfjellarådet • Konstituert i nettmøte, fysisk møte vart avlyst av korona-omsyn • Ny handlingsplan handsama i Nordfjellarådet • GPS-merkeprosjektet Hardangervidda og Nordfjella • Miljødirektoratet har teke over merkinga i Nordfjella, som forvaltingsmerking • Forskingsmessig hovudfokus i prosjektet har vore ferdsel på Hardangervidda • Fellesmøte er skjøve på av korona-omsyn • Nytt forskingsprosjekt om utmarskforvalting er sett i gong, Nordfjella er eit av undersøkingsområda. Regi: Ruralis. fleire samarbeidspartnarar, m.a. Telemarksforsking • Kartlegging av lavbeiter i Fjellheimen – feltarbeid gjennomført i haust • Vert ein del av kartleggingsprosjektet for lavbeite i samband med Miljøkvalitetsnormen, v. NINA • Villreinnemnda involvert i dialogmøte om tilrettelegging i Jordalen for turar til Bakkanosi • Alle dei tre villreinområda har eigne Facebookside. • Arbeid i Rallarvegrådet • Arbeid i Rådgjevande utval for verneområdestyre Sekretariatsadresse: Sogn Naturforvaltning AS Fresvikvegen 995, 6896 Fresvik [email protected] / 975 14 784 Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell • Stølsheimen • Nærøyfjordområdet • Hallingskarvet (har ikkje vore aktivt siste år) H-20- 5: Status for Fjellheimen Hildegunn Muggås orienterte frå villreinutvalet. Siri Bøthun orienterte om arbeid med lavkartlegging i villreinområdet. Feltarbeidet ein del av eit forskingsprosjekt for nasjonal kartlegging med satellitt, som eit kunnskapsgrunnlag for kvalitetsnormen for villrein. Det er berre jakta på Volaflokken, samt eitt dyr frå Kringsdalsområdet i år. Delstamma på Vikafjellet vart freda, då ein i løpet av vinteren og våren ikkje kunne fine meir enn drøyt 200 dyr. Målet for delbestanden er 350 dyr. Villreinutvalet trur ein vil trenge å frede delbestanden nokre år framover. Av utdelte løyver for jakt er alle kort nytta og felt på. Kalvevektene er gode (men lite datasett), og kondisjonen verkar god. Vikafjellsdyra ser og fine ut. Ein har ikkje fått gjennomført flyteljing pga. korona-restriksjonar. Ein har ikkje formelle kalve- og strukturteljingar, men det er gjort gode observasjonar og teke foto som er talde opp. Det er tald 57 kalv i ein flokk på 202 dyr, dvs. 0,43 kalv pr. S/U i Vikafjellsområdet. Det er og teke foto av flokk under brunsten, med 160 dyr i flokken, dette er ikkje ferdig tald opp. Pga. låg jegeraktivitet er det få oppsynsdagar, anslagsvis er det nytta 5-6 oppsynsdagar (frå SNO, politiet (1 mann), villreinutvalet (2 mann)). Ei hending vart fylgd opp. Merknad til slaktevektene: for bukken er det sett vektgrense på 60 kg. for å ta vare på storbukken. Det forklarar eit lågt snitt på bukkevektene. Ein kan ikkje forstå kvifor delbestanden i Kringsdalsområdet ikkje veks. Det er god kalveproduksjon og store kalvar mest kvart år her. Utvandring kan være ei forklaring. H-20- 6: Status for Raudafjell Håkon Øydvin orienterte frå villreinutvalet. I 2020 har me hatt villreinområdet si første ordinære jakt. Det er felt 6 vaksne bukkar, av 10 fridyrskort. I tillegg er det felt 4 bukk på kort frå Hardangervidda (valdet på Broksfjellet) som samjakt. Moglegheita for samjakt på tvers av områdegrensene var gjort mogleg av Miljødirektoratet (mrk.: etter søknad, send inn i fellesskap av dei to nemndene på oppmoding frå Raudafjell villreinutval). Ein hadde god oversikt over dyra før jakt. Tald 71 dyr, av desse 19 kalv i fostringsflokk. Det var 5 bukk merkte i Nordfjella inne i området, i alt talde ein 43 bukk i reine bukkeflokkar. Det vart gjennomført strukturteljing av ein flokk på 80 dyr, slik: Villreinutvalet hadde ikkje aktivt jaktoppsyn i området. Det vart nytta helikopter til å transportere ut 5 dyr, som eit samarbeid innunder ordninga med utflyging av hjort for å auke uttaket (CWD-tiltak). Sekretariatsadresse: Sogn Naturforvaltning AS Fresvikvegen 995, 6896 Fresvik [email protected] / 975 14 784 Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell H-20- 7: Status for Nordfjella Sigmund Tveitehagen orienterte frå jakta og generelt om dyreflokken. Harald Skjerdal la fram fellingsresultatet med slaktevekter og samjakt, samt resultat frå teljingar. Håkon Øydvin oppsummerte oppsynsrapporten. Det er ikkje observert rein i sone 1 gjennom sommaren og hausten. Oppsynet hadde tilgang på GPS-posisjonar under jakta. Desse vart ikkje opplyste direkte til jegerane, men nytta av oppsynet til å finne flokkane. Det vart rapportert til jegerar gjennom facebook om flokkar funne ute i felt. Hovudflokken trekte tidleg i jakta (etter 5 dagar) sørover og kryssa jernbanen. Etter nokre dagar kom dei attende, og var i Nordfjella i ei veke. Frå 5. september og ut jakta sto dei sør for jernbana att. Hovudtyngda av bukk sto i Raudafjell under jakta, dei kom inn i Nordfjella 22. september, dvs. etter avslutta jakt. Det er gjennomført minimumsteljing, kalveteljing og strukturteljing. Det er tald 435 dyr. Ein hadde 110 kalv. Ein reknar med ei lita nedgang i bestanden totalt sett. Ved strukturteljing vart det tald i alt 307 dyr, dette er ein stor del av flokken ( ¾) og lyt reknast som ei god strukturteljing. Storbukkandelen er gått ytterlegare ned, til 4,2%. 1,5 års bukk og 2,5 års bukk har normale delar med 7,5% kvar. Det er normal del kalv (22%), men det vart skote mindre kalv enn vanleg. Simleandelen var 57,7%. Merknad: I Kvalitetsnormen for villrein skal raud varsellampe byrje å lyse på 0,20 storbukk pr. simle. I Nordfjella er det no 0,07 storbukk pr. simle etter desse tala. Kalvevektene var låge. Det var og låg snittvekt på bukk,
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages6 Page
-
File Size-