Frosne Funn I Fonn Og Fjell

Frosne Funn I Fonn Og Fjell

Beredskapsplan 2018-2021 Frosne funn i fonn og fjell Innhald 1. Bakgrunn for prosjektet .............................................................................................................. 4 2. Mål og rammer ........................................................................................................................... 9 3. Organisering og samarbeid ....................................................................................................... 14 4. Kriterier for utval av fonneområder ......................................................................................... 15 5. Strategi og metode ................................................................................................................... 18 6. Område 1: Fegervollkollen, Sunndal kommune ....................................................................... 28 7. Område 2: Dordinakkan, Sunndal kommune ........................................................................... 32 8. Område 3: Slanglifjellet, Sunndal/Surnadal kommune ............................................................ 36 9. Område 4: Snota, Surnadal kommune ..................................................................................... 40 10. Område 5: Fløtatind, Nesset kommune ................................................................................... 44 11. Område 6: Geitfjellet, Stranda kommune ................................................................................ 48 12. Område 7: Blåfjellet, Norddal kommune ................................................................................. 52 13. Område 8: Sandurfjellet, Stranda kommune ........................................................................... 56 14. Område 9: Veltdalen, Norddal kommune ................................................................................ 60 15. Område 10: Tua, Rauma kommune ......................................................................................... 64 16. Andre lokalitetar ....................................................................................................................... 68 17. Budsjett og finansiering ............................................................................................................ 70 18. Frivillig innsats .......................................................................................................................... 70 19. Kontaktliste ............................................................................................................................... 72 20. Referansar ................................................................................................................................ 76 21. Vedlegg ..................................................................................................................................... 78 3 1. Bakgrunn for prosjektet 1.1 Snøfonner som naturtype og tverrvitskapleg forskings- og forvaltningsobjekt Isbrear og snøfonner utgjer ein sentral del av det norske høgfjellslandskapet. Det har lenge vore forska på dei store breane, men dei mindre fonnene har gjerne vore underskatta – både som naturtype, økosystem og kulturminne. På varme sommardagar dannar snøfonnene viktige samlingsplassar for villrein som ønskjer å kjøle seg ned og bli kvitt plagsame insekt. Dette har også gjort dei til attraktive lokalitetar for jakt og fangst gjennom tusenvis av år. Snøfonner er permanente flekkar med snø og is som ikkje smeltar om sommaren. Medan breane er i stadig røyrsle, som ein følgje av tyngdekrafta og endringar i breane sin massebalanse, ligg fonnene relativt stabile. Dette forholdet gjer at snøfonnene har heilt unike bevaringsforhold, og vi kan også sjå spor av kronologiske lagdelingar mellom eldre smeltefasar. Dei siste tiåra har det vore retta auka fokus mot snøfonnene i høgfjellet, ikkje minst som følge av forskinga på menneskeskapte klimaendringar. Potensialet for tverrvitskapleg forsking er stort. Som følge av varmare klima står imidlertid isen i fare for å smelte heilt bort. Prognosene viser at isdekte områder vil synke med 25-100% i dette århundret, og det er dei minste fonnene som er mest sårbare. Det er difor stort behov for ein langsiktig og tverrvitskapleg forvaltningsstrategi for denne naturtypen (sjå også Skar og Rosvold in prep). 1.2 Glasialarkeologi i eit vidare perspektiv Dei første arkeologiske funna frå snøfonner blei samla inn for over 100 år sidan. Særleg på 1930-talet og omkring 1980 resulterte stor avsmelting i at mange funn kom for dagen, særleg i Oppdalsfjella (Hougen 1937, Farbregd 1983). Ein av pionerane på feltet var Oddmunn Farbregd med sine studier av pilefunna frå Oppdal (Farbegd 1972, 1983, 1991 og 2009). Han var også mannen bak begrepet glasialarkeologi som i dag har blitt ei internasjonal forskingsgrein. Det internasjonale gjennombrotet kom likevel ikkje før på 1990-talet, særleg etter funnet av ismannen Ötzi i Alpane (Dixon et al 2014). Også i Norge har glasialarkeologien fått større merksemd utover på 2000-talet, særleg i Oppland og i Oppdalsfjella. Oppland fylkeskommune starta i 2006 eit FoU-prosjekt saman med Kulturhistorisk museum (Finstad og Pilø 2010). Frå 2011 gjekk dette over i eit større brearkeologisk sikringsprogram. Undersøkingane i Oppland har gjennom det siste tiåret resultert i eit langt større mangfold av funn, som sko, ski, klede og funn som kan knytast til ferdsel over fjellet (Finstad og Vedeler 2008, Vedeler og Jørgensen 2013, Finstad et al in prep). Ein har også i større grad studert samanhengane mellom dei arkeologiske funna og den paleoklimatiske utviklinga (Nesje et al 2012, Pilø et al 2018). Medan ein tidlegare meinte at det ikkje var muleg å finne gjenstandar eldre enn ca 300 e.Kr., som følge av ein varmeperiode, har ein det siste åra også påvist funn frå steinalder og bronsealder (Åstveit 2007, Callanan 2013, 2014). Martin Callanan gjennomførte i 2014 sitt doktorgradsarbeid om snøfonnarkeologi, i hovudsak basert på materiale innsamla frå 28 snøfonner i Midt-Norge. På bakgrunn av dette gir han ei oppdatert kronologisk oversikt både over forhistoriske jakttradisjonar så vel som utviklinga av fonnearkeologien i Norge i perioden 1914-2011 (Callanan 2014). I 2011 etablerte NTNU Vitskapsmuseet forskingsprosjektet SPARC – Snow Patch Archaeological Research Cooperation, finansiert av Norges Forskingsråd. Prosjektet retta søkelys mot tverrfagleg samarbeid og forvaltning, inkludert biologi, geografi og konservering. Sluttpublikasjonen (Skar og Rosvold in prep) gir også ei god oversikt over andre snøfonnprosjekter i landet (Sjå også Bjørgo m.fl. 2015, Martinsen 2013, Martinsen og Tafjord 2014, Rosvold, Callanan og Norberg 2017, Sommerseth 2013). 4 1.3 Fonnefunnarbeidet i Møre og Romsdal I likskap med resten av landet ser vi eit stadig aukande tal på arkeologiske og biologiske funn i tilknyting til snøfonnene i Møre og Romsdal, både som følge av varmare klima og ei generelt større merksemd. Dei fleste av funna har tilknyting til jakt og fangst på villrein. 120 100 80 60 40 20 0 Jern Tre Never Lær/tekstil/fiber Bein/gevir, art. Bein, nat. Gevir, nat. Figur 1: Arkeologiske og biologiske funn frå snøfonnene I 2011 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune førespurnad frå NTNU Vitskapsmuseet om å delta som ein rådgivande part i SPARC-prosjektet (sjå kap. 1.2). Fylkeskommunen har i samband med dette arbeidd mot å kartlegge potensialet ved snøfonnene i Møre og Romsdal. I tråd med eit av hovudmåla i SPARC-prosjektet har vi hatt ein særleg fokus på å utvikle ein praktisk og gjennomførbar forvaltningsmodell, med tanke på organisering, samarbeid og finansiering (Skar og Rosvold in prep). Strategien har vore å prøve å finne eit «lågskalanivå» for kartlegging som både kan vere berekraftig på lang sikt og overførbart til andre fylkeskommunar. Samla sett har vi lagt opp til å bruke 2-3 vekeverk i året, i tillegg til diverse formidlings- og publiseringsarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune har verken hatt eigne eller eksterne prosjektmidlar til arbeidet, men har finansiert dette gjennom det ordinære driftsbudsjettet. Som følge av lite avsmelting i fjella blei det ikkje gjennomført synfaringar før i 2014, då avsmeltinga til gjengjeld var svært stor. Våre synfaringar til Ringshornet (Norddal) og Grovåskaret (Nesset) i september-oktober 2014 blei gjennomført i samarbeid med lokale fjellfolk, Statens Naturoppsyn og dei respektive universitetsmusea (Ramstad, Smiarowski og Hole 2016, Dahle og Callanan 2016). Desse turane viste klart og tydeleg at fonnene i Møre og Romsdal hadde eit langt større arkeologisk potensial enn tidlegare antatt. På bakgrunn av dette blei det laga ei oversikt over ca 40 fjellparti/fonneområder som vi vurderte til å ha eit tilsvarande potensial som dei to undersøkte fonnene. Utgangspunktet var ei enkel kartlegging av fonner i nærleiken av vilttrekk og kjente fangstanlegg, med god spreiing over heile fylket. Lista danna både utgangspunkt for eige feltarbeid og for ei bestilling til Statens Naturoppsyn (SNO) om å nytte minst 16 dagsverk i året på fonnesøk, fordelt på fire ulike forvaltningsområde. Denne har seinare blitt vidareført. Lista over potensielle fonneområder har også vore formidla til utvalte fjellfolk med stort engasjement og gode lokalkunnskapar. 5 Figur 2: Frå undersøking av Ringshornet i 2014 (Foto: Kristoffer Dahle, Møre og Romsdal fylkeskommune 2016) 1.4 Resultat etter arbeidet 2014-2017 Status etter sesongen 2017 er at vi i samarbeid med SNO og lokale fjellfolk har gjennomført søk i om lag halvparten av dei områda som vart peika ut i 2014. Dei

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    80 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us