Supplerande Kartlegging Av Naturtypar I Kulturlandskapet I Norddal Og Stranda I 2009-2010

Supplerande Kartlegging Av Naturtypar I Kulturlandskapet I Norddal Og Stranda I 2009-2010

Fylkesmannen i Møre og Romsdal Miljøvernavdelinga Supplerande kartlegging av naturtypar i kulturlandskapet i Norddal og Stranda i 2009-2010 Rapport 2011:01 FØREORD Naturbase er ein database som inneheld stadfesta informasjon om viktige lokalitetar for det biologiske mangfaldet i heile Noreg, og som vert administrert av Direktoratet for naturforvaltning. Arbeidet med å få oversikt over naturverdiar i fylket er omfattande, og datasetta har oftast behov for supplering. Arbeidet med supplering i Møre og Romsdal har pågått frå 2006. Målet er gradvis betre dekning i heile fylket. Underteikna har i 2009-10 utført supplerande naturtypekartlegging i Norddal og Stranda på Sunnmøre etter metoden i DN-handbok nr. 13. Oppdragsgjevar har vore Direktoratet for naturforvaltning, medan miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjeve ut rapporten. Digitalisering er utført av Helge Fjeldstad, Miljøfaglig utredning. Målet for prosjektet har vore å få supplert tidlegare kartlegging av kulturlandskapet, da særleg å få inn i Naturbase materialet frå Storfjordprosjektet i 2002-2004, der metoden frå DN-handbok nr. 13 ikkje vart nytta. Produkta av prosjektet er i tillegg til denne rapporten ein database som kan koplast mot kart. Dette vil bli offentleg tilgjengeleg i Naturbase på Internett (www.naturbase.no). Jordalsgrenda 10.01.2011 John Bjarne Jordal biolog 3 INNHALD FØREORD............................................................................................................................................3 INNHALD .............................................................................................................................................4 SAMANDRAG......................................................................................................................................5 INNLEIING ..........................................................................................................................................9 BAKGRUNN.......................................................................................................................................9 FORMÅL ..........................................................................................................................................10 METODAR OG MATERIALE ........................................................................................................11 GJENNOMGANG AV EKSISTERANDE DATA ................................................................................11 UTVAL AV LOKALITETAR FOR FELTARBEIDET .........................................................................11 INNSAMLING AV INFORMASJON..................................................................................................11 ARTSBESTEMMING OG DOKUMENTASJON.................................................................................11 RAPPORTERING..............................................................................................................................11 FUNN AV RAUDLISTEARTAR......................................................................................................13 KARPLANTER .................................................................................................................................13 SOPP.................................................................................................................................................13 FUNNOVERSIKT .............................................................................................................................13 LOKALITETS-SKILDRINGAR......................................................................................................19 NORDDAL .......................................................................................................................................19 STRANDA ........................................................................................................................................68 ANDRE LOKALITETAR.................................................................................................................127 UPRIORITERTE LOKALITETAR ...................................................................................................130 VURDERING AV KUNNSKAPSSTATUS OG ATTSTÅANDE ARBEID..........................................132 KJELDER.........................................................................................................................................134 BILETE.............................................................................................................................................136 KART ................................................................................................................................................177 VEDLEGG........................................................................................................................................186 PLANTELISTER .............................................................................................................................186 KRYPTOGAMLISTER....................................................................................................................199 4 SAMANDRAG Bakgrunn og formål Den generelle bakgrunnen for rapporten er ei nasjonal satsing for å styrka det lokale nivået i forvaltninga av det biologiske mangfaldet (naturtypekartlegging). Det er eit ønske at den norske naturforvaltninga må bli meir kunnskapsbasert, og at vedtaksgrunnlaget i kommunane må bli betre. Den spesielle bakgrunnen for rapporten er ei omfattande undersøking av kulturlandskapet i Storfjorden 2001-2002 (heretter kalla Storfjordprosjektet), der naturtypemetodikken ikkje vart nytta, og der ein no ønskjer å få mest muleg av relevante data inn i Naturbase. Metodikk I eit forprosjekt konkluderte underteikna med at det var svært få lokalitetar frå det opprinnelege Storfjordprosjektet som kunne avgrensast, skildrast og importerast i Naturbase utan supplerande feltarbeid. Som eit resultat av dette har oppdragsgjevar sett igang feltundersøkingar. Dette er hovudsaka med prosjektet. Arbeidsmetoden i felt går i hovudsak ut på å identifisera og skildra så grundig som råd område som er særleg verdifulle for det biologiske mangfaldet, fordi dei inneheld naturtypar og vegetasjon det er lite av eller som er i tilbakegang, fordi dei er levestader for særleg mange artar, eller for uvanlege eller kravfulle artar som har vanskeleg for å finna leveområde elles i landskapet. Metoden er vidare forklart i ei handbok i kartlegging av prioriterte naturtypar (Direktoratet for naturforvaltning 2007). Raudlisteartar Ei raudliste er ei liste over artar som i ulik grad er truga av menneskeleg verksemd. Det kan vera ulike fysiske inngrep i form av utbygging, det kan vera skogsdrift eller omleggingar i jordbruket, forureining, samling m.m. Forhold knytt til arealbruk er viktigast. Slike artar kallast raudlisteartar. Kva artar dette gjeld er lista opp i ein nasjonal rapport (Kålås et al. 2006), men denne har nyleg kome i ny utgåve etter at feltarbeidet vart avslutta (Kålås et al. 2010), derfor er begge raudlistene inkluderte i oversyn over funn av raudlisteartar. Resultata er oppsummerte i tabell 1. Tabell 1. Oversikt over talet på artar og funn av raudlisteartar etter raudlista 2006 og raudlista 2010. 2006 2010 Gruppe Tal Tal funn Tal Tal funn artar artar Lav 1 1 1 1 Karplante 4 130 3 105 r Sopp 13 46 16 51 Sum 18 177 19 157 Lokalitetar Det er utført registreringar i Norddal (61 lokalitetar) og Stranda (72 lokalitetar). Dessutan er nokre lokalitetar i Stordal vurderte på avstand men ikkje oppsøkt. I tabell 2 er det lista opp 133 undersøkte lokalitetar med verdisetting. Av desse er 111 nye i Naturbase. Av objekt registrert i Naturbase på Internett frå før er 21 supplert i felt, og nokre tidlegare lokalitetar er delt opp i fleire mindre. Tabell 2. Oversyn over lokalitetar registrerte i 2009-2010. Tabellen gjev ei oversikt over avgrensa og verdisette lokalitetar sorterte etter nummer. A=svært viktig, B=viktig, C=lokalt viktig. Nr. Kommune Lokalitet Naturtype Verdi 1 Norddal Indreidsdalen: Hesjedalen D04 naturbeitemark B 2 Norddal Indreidsdalen: Indresætra D04 naturbeitemark C 3 Norddal Indreidsdalen: Indresætra nordvest D04 naturbeitemark C 5 Nr. Kommune Lokalitet Naturtype Verdi 4 Norddal Indreidsdalen: Hellemyrane vest D04 naturbeitemark C 5 Norddal Indreidsdalen: Hegrehamrane nord D04 naturbeitemark B 6 Norddal Indreidsdalen: Ljåsteinberga D04 naturbeitemark B 7 Norddal Eidsdal: Ovanfor Solvang camping D05 hagemark C 8 Norddal Eidsdal: Veiberg D05 hagemark B 9 Norddal Eidsdal: Kilsti, Elveteigen D01 slåttemark A 10 Norddal Eidsdal: Kilsti, Elveteigen øvst D01 slåttemark B 11 Norddal Eidsdal: Fremste Kilsti, Bakkane D01 slåttemark B 12 Norddal Eidsdal: Fremste Kilsti, Bakkane nedst D01 slåttemark B 13 Norddal Eidsdal: Fremste Kilsti, Rabbane D01 slåttemark A 14 Norddal Eidsdal: ovanfor Fremste Kilsti D04 naturbeitemark B 15 Norddal Eidsdal: nedanfor Kilsti D05 hagemark A 16 Norddal Eidsdal: Ytste Kilsti, kraftlina D04 naturbeitemark B 17 Norddal Eidsdal: Kilsti ved br.nr. D01 slåttemark B 18 Norddal Eidsdal: ovanfor Ytste Kilsti D05 hagemark A 19 Norddal Eidsdal: Stølen søraust D01 slåttemark B 20 Norddal Eidsdal: Stølen sør D01 slåttemark B 21 Norddal Eidsdal: Nedanfor Storåsen D04 naturbeitemark B 22 Norddal Dyrdalen: Hatlestadsetra D04 naturbeitemark C 23 Norddal Dyrdalen: Rellingsetra D04 naturbeitemark A 24 Norddal Dalsbygda: Gullsmedgarden D01 slåttemark A 25 Norddal Norddalsfjorden: Vindsnes D04

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    201 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us