FJALER KOMMUNE Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget - Endeleg handsaming SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansvarleg Kommunestyret 07.09.2015 066/15 KDH Arkivsaknr Sakshandsamar Arkiv 09/1181 Knut David K1-143, K2-K54 Hustveit RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Kommunestyret i Fjaler vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 endeleg framlegg til Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget (plandokument og kart) med følgjande endringar: I dei 2 tabellane side 12 og same tabellar i plankartet: o Følgjande informasjon skal leggast til under overskrifta på toppen av begge tabellane: Opplisting av tiltak/inngrep, aktuelle lovverk (krav om godkjenning) og avgjerdsmynde i tabellen er ikkje uttømmande. o Masseuttak: Under dei to punkta i tabellen skal det føyast til pr. år etter høvesvis 25m3 og 10m3. o Brygge/molo: Forvaltningskategorien i sone 2 skal endrast til 3. o Landbruksveg: Tittelen vert endra til: Landbruksveg (inkl. mindre massetak i samband med vegbygginga). o Flatehogst og treslagskifte: Desse punktet vert registrerte som to separate punkt. Forvaltningskategoriane under flatehogst skal vere som i plandokumentet. For treslagskifte vert dei endra til 2 og 3 i høvesvis sone 2 og 3. o Råstoffutvinnining (massetak): Forvaltningskategorien vert endra til 3 og 4 i høvesvis sone 2 og 3. Kap 4, punkt B på side 17 skal fjernast frå plandokumentet. ……. 07.09.2015 KOMMUNESTYRET Handsaming i møtet: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. KOM-066/15 VEDTAK: Kommunestyret i Fjaler vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 endeleg framlegg til Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget (plandokument og kart) med følgjande endringar: I dei 2 tabellane side 12 og same tabellar i plankartet: o Følgjande informasjon skal leggast til under overskrifta på toppen av begge tabellane: Opplisting av tiltak/inngrep, aktuelle lovverk (krav om godkjenning) og avgjerdsmynde i tabellen er ikkje uttømmande. o Masseuttak: Under dei to punkta i tabellen skal det føyast til pr. år etter høvesvis 25m3 og 10m3. o Brygge/molo: Forvaltningskategorien i sone 2 skal endrast til 3. o Landbruksveg: Tittelen vert endra til: Landbruksveg (inkl. mindre massetak i samband med vegbygginga). o Flatehogst og treslagskifte: Desse punktet vert registrerte som to separate punkt. Forvaltningskategoriane under flatehogst skal vere som i plandokumentet. For treslagskifte vert dei endra til 2 og 3 i høvesvis sone 2 og 3. o Råstoffutvinnining (massetak): Forvaltningskategorien vert endra til 3 og 4 i høvesvis sone 2 og 3. Kap 4, punkt B på side 17 skal fjernast frå plandokumentet. Trykte vedlegg i saka Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 41 U 18.03.2015 Til Høyring Temakart til tematisk kommunedelplan: Differensiert forvaltning av Flekke- og Guddalsvassdraget 40 U 18.03.2015 Til Høyring Plandokument: Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget 39 S 18.03.2015 Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget - Utlegging til høyring Ikkje trykte vedlegg i saka 42 I 08.04.2015 Gaular kommune Differensiert forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget - Planforslag til høyring 44 U 14.04.2015 Firda Annonse 43 U 14.04.2015 Fjaler og Hyllestad bondelag; Planframlegg til offentleg ettersyn - Guddal sau- og geitalslag; Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Flekke sau- og geitalslag; Guddalsvassdraget Flekke grendelag; Guddal grendelag; Flekke og Guddal grunneigarlag; Fjaler næringsutvikling; Sogn og Fjordane fylkeskommune; NVE region vest; Statens Vegvesen region vest; Mattilsynet; Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane; Sogn og Fjordane turlag; Barnas turlag Fjaler; Sunnfjord Energi AS; Telenor - senter for nettutbygging; Direktoratet for mineralforvaltning; RCNUWC; Stiftinga Jensbua; Sogn og Fjordane reiselivsråd; Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - landbruksavdelinga; Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - miljøvernavdelinga 45 I 22.05.2015 Norges Vassdrags- og Uttale til til offentlig ettersyn av differensiert energidirektorat forvaltningsplan Flekke- og Guddalsvassdraget . 48 I 26.05.2015 Statens vegvesen Uttale - Planframlegg til offentleg ettersyn - forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget 46 I 01.06.2015 Gaular kommune Offentleg ettersyn - Differensiert forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget 47 I 02.06.2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fråsegn til offentleg ettersyn av differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget. 49 I 03.06.2015 Direktoratet for mineralforvaltning Uttale til differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget 50 I 10.07.2015 Senneseth Grendalag Landbruksforvaltninga i Askvoll - Merknad til Differensiert forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget 05.07.2015 51 U 16.07.2015 Senneset grendelag; Differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Gaular kommune Guddalsvassdraget 52 I 24.08.2015 Gaular kommune Differensiert forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget - Merknad på uttale frå Senneseth Grendalag SAKSUTGREIING: Fjaler kommune i dialog med kommunane Hyllestad, Høyanger og Gaular har utarbeidd ein differensiert forvaltningsplan for Flekke- og Guddalsvassdraget. Den er laga som ein tematisk kommunedelplan som omfattar dei ovanfor nemnde 4 kommunane Planen er såleis ikkje juridisk bindande. Den fritek ikkje for normal sakshandsaming, men skal vere retningsgjevande for forvaltninga av aktuelle saker innanfor planområdet. Det er gjort nærare greie for bakgrunn og framdrift i Fjaler formannskapet si sak 020/15 der også endeleg framlegg til plan vart vedteken lagt ut til offentleg ettersyn. I denne saka er det også gjort greie for ein del innspel som hadde komme til i planarbeidet så langt. Her er det også gjort ei vurdering av desse. Alle kommunane har gjennomført dei vanlege planprossane som skal gjennomførast for denne type planar. Dette inneber at også det endelege framlegget til plandokument/-kart har lege ute til offentleg ettersyn. Det har i denne høyringa ikkje komme innspel frå Hyllestad og Høyanger. Innspela som har komme er orienterte om nedanfor. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE): NVE har på ny gjeve uttrykk for at dei er kritiske til planen sin fokus på kraftutbygging. Ved å sette forvaltningskategori for mikro- og minikraftverk til 2 i sone 2 og til 3 i sone 3 er det med å skapar urealistiske forventningar til at det skal bli enklare å få løyve til kraftutbygging. Dei seier i tillegg at bygging av landbruksveg i området kan vere med å redusere opplevinga av urørt landskap. Difor meiner dei også at forvaltningskategorien for landbruksveg bør hevast til 3 og 4 i sonene 2 og 3 innanfor 100 meters beltet. Gaular kommune: Formannskapet i Gaular kommune har i samband med vedtak om utlegging til høyring (28.5.2015) vedteke å sette forvaltningskategori 4 i sone 3 for mikro- og minikraftverk. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FM). FM har i si fråsegn gjeve uttrykk for ein del generelle synspunkt/tankar rundt planen knytt til utforming, forvaltning, mm. Her vert m.a. peika på at vassdraget i utgangspunktet er verna mot kraftutbygging og at bygging av mini- og mikrokraftverk derfor berre unntaksvis kan vurderast som akseptabel Dei seier også at ei differensiert forvaltning tilseier at tiltak og inngrep må vurderast konkret ut frå arealsituasjonen og naturtilhøva i aktuelle område. Dei har også presisert naturmangfaldlova sin viktige funksjon i mange spørsmål som er sentrale i denne type forvaltning. Dei har følgjande konkrete merknader til planen: Tiltak og inngrep i vassystemet: Veganlegg/bru: Dette kan vere større anlegg/inngrep som etter vårt syn normalt vil vere i konflikt med vernegrunnlaget, og som derfor bør plasserast i forvaltningskategori 3 i sone 2 Massetak: Det bør presiserast i tabellen at massetak til eige husbehov gjeld inntil 10/24 m3 pr. år. Brygge/molo: Utfylling i vassdraget representerer eit stort inngrep. Her bør forvaltningskategori 3 vere rettast i sone 2. Mikro- og minikraftverk: FM uttrykkjer seg kritisk til fokuset på kraftutbygging i planen og meiner elles at dette temaet før minst få forvaltningskategori 3 i sone 2. Tiltak og inngrep utanom vassystemet: Generelt meiner FM at enkelte av konfliktvurderingane gjennom fastsetting av forvaltningskategoriar for landbruksrelaterte tiltak ligg noko lågt. Flatehogst og treslagsskifte: Her foreslår FM å bruke kategori 2 i sone 2 Råstoffutvinning for sal: FM peikar på at massetak og steinbrot kan vere store og skjemmande inngrep og bør plasserast i forvaltningskategori 3 i sone 2 og 4 i sone 3. FM peikar vidare på at opplisting av aktuelle lovverk og avgjerdsmynde i matrisa i plandokumentet/-kartet er mangelfull og rår til at det vert presisert i planen at opplistinga av tiltak/inngrep, aktuelle lovverk og avgjerdsmynde ikkje er uttømmande. Det sentrale her er at alle enkelttiltak og inngrep vert vurderte og handsama etter aktuelle særlover. FM gjer også merksam på at plan- og bygningslova ikkje lenger har nokon heimel for utarbeiding av utbyggingsplanar. Det er derimot heimla to typar reguleringsplanar (jf. § 12-1 i Pbl), områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. FM oppmodar også om at mål, retningsliner og omtale av verdiane som låg til grunn for vernet vert trykt på sjølve plankartet. FM i sine landbruksfaglege merknader peikar på at nedslagsfeltet til vassdraget er eit viktig landbruksområde med 90 gardsbruk der om lag halvparten i dag er drivne som sjølvstendige bruk. Eit aktivt og allsidig landbruk er såleis viktig for å oppretthalde kulturlandskapsverdiane
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages7 Page
-
File Size-