Ny Rettskriving for 2000-Talet

Ny Rettskriving for 2000-Talet

Ny rettskriving for 2000-talet Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld.» Tarjei Vesaas Rettskrivingsnemnda for nynorsk Språkrådet Innstilling, 1. april 2011 Omslagsbilete: iStockphoto Bilete s. 5: Språkrådet Bilete s. 25, 47, 99, 146, 172: iStockphoto Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet Forord Måndag 5. januar 2010 skreiv Språkrådet i ei pressemelding: «Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. (…) Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.» Arbeidet er ei oppfølging av St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, der eitt av dei prioriterte tiltaka er «å setja i gang arbeidet med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet i nynorsk». I allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar Nemnda tok utgangspunkt i den vide rettskrivinga, ikkje i læreboknormalen, då vi skulle lage framlegg til korleis rettskrivinga bør bli når tonivåsystemet i nynorsk blir oppheva. I val av former som skal vere med i den nye norma, har vi lagt avgjerande vekt på kva former som har festa seg i skrift, utan at vi har lagt avgjerande vekt på kva dialektgrunnlag dei har, og delvis uavhengig av om dei har vore hovud- eller klammeformer tidlegare. Det har ikkje vore noko mål for oss å fjerne alle spor av tilnærmingspolitikken på 1900-talet, og vi har valt dagens nynorsk som utgangspunkt for normeringsarbeidet. Med dagens nynorsk meiner vi gjeldande rettskriving, med hovudformer og sideformer. Vi har også vurdert nøye korleis bruksnynorsken ser ut i dag, og korleis han har sett ut over tid, mellom anna slik han kjem til uttrykk i det nynorske tekstkorpuset ved Universitetet i Oslo. Dette korpuset inneheld store mengder skjønnlitterær og faglitterær tekst frå heile perioden landsmålet/nynorsken har vore i bruk, men med hovudvekt på tida etter den siste store normeringa i 1959. Dei fleste av forfattarane bak desse tekstane har ikkje vore bundne av læreboknormalen, men har fritt kunna nytte klammeformene. Vi har brukt korpuset kritisk og har heile tida prøvd å balansere ulike omsyn, ikkje minst talemålsgrunnlag opp mot skrifttradisjon. I tillegg har vi spurt eit vidt spekter av sentrale språknormerarar om kva val dei har gjort innanfor den gjeldande rettskrivinga, og kva forventningar dei har til den nye. Norma er laga for framtida, men vi har òg teke omsyn til kva som er «i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar» i dag. Det har ført til at vi har valt å halde på fleire valfrie former enn det vi i utgangspunktet såg for oss. Der vi ser at dei breie gruppene i hovudsak har samla seg om ei form, har vi valt denne som eineform. Slik meiner vi at det store fleirtalet av nynorskbrukarar kan halde fram med å skrive stort sett slik dei er vane med, og slik dei har lært. 3 Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet Statleg og demokratisk eller privat og kommersiell normering Mykje av dagens offisielle nynorsk er omsett frå bokmål eller tek utgangspunkt i ein bokmålstekst. Det gjeld så godt som alle læremiddel i grunnskule og vidaregåande skule, mange statlege standardbrev og skjema og ikkje minst tekst som kjem frå lover, forskrifter og direktiv. Spørsmålet om ein del former som er felles i nynorsk og bokmål, vil bli dominerande i omsett tekst dersom dei blir jamstilte, har ført til hovudbry for nemnda. Vi har fleire døme på at dei som bestiller omsetjingar frå bokmål til nynorsk, vel «så bokmålsnært som mogeleg». Dette skjer både i forlag som gir ut lærebøker, og i statsetatar som kjøper nynorskversjonane sine frå profesjonelle omsetjarar for å innfri krava i mållova. Det er òg slik at mange oppfattar dei same fellesformene som sentrale markørar i ein landsfemnande og mindre vestlandsprega nynorsk, og framlegg om å ta dei bort blir tolka som innsnevring av det geografiske området til nynorsken. Noko av det som kom tydelegast fram i høyringa, var nettopp ynsket om å gi større rom til former med breitt talemålsgrunnlag i andre område enn dei nynorske kjerneområda, trass i at desse formene ikkje er så mykje brukte i skrift. Ei smal eller ei vid rettskriving avgjer kva staten skal normere, og kva som skal overlatast til dei private og kommersielle aktørane. Dei digitale hjelpemidla er på rask frammarsj, og på same måte som forfattarar av tradisjonelle ordbøker vel ut dei orda og formene dei meiner det er mest bruk for, vil forfattarane av digitale ordlister, retteprogram og omsetjingsprogram velje mellom dei valfrie formene. På den andre sida kjem dei digitale ordbøkene til å ha mykje større plass til rådvelde enn papirordbøker, og dermed kan dei i prinsippet ta med fleire variantar enn dei tradisjonelle ordbøkene. Dette er nokre av dei mange problema vi har bala med det siste året. Som det går fram av drøftingane i innstillinga, har det vore mange fleire. Etter at nemnda hadde hatt det siste møtet sitt, leverte Tore Elias Hoel eit notat med alternative framlegg til vedtak han var usamd i. Dette notatet ligg som vedlegg til innstillinga. Resten av oss har, trass i vekslande usemje, valt å stå samla bak framlegget til ny rettskriving. Marit Hovdenak frå sekretariatet i Språkrådet har vore med på alle møta i rettskrivingsnemnda, og har vore til stor hjelp praktisk og fagleg. Takk Nemnda takkar dei som laga 2002-innstillinga, for det grundige faglege arbeidet som vi fekk høve til å byggje arbeidet vårt på. Vi takkar også alle som har kome med innspel undervegs, lek og lærd som har gitt oss tid til samtale, sendt oss e-post, skrive innlegg i diskusjonsforumet og levert meir eller mindre omfattande høyringsfråsegner. 90 e- postar, 412 blogginnlegg og kommentarar, 78 høyringsfråsegner, 79 deltakarar på høyringsmøtet og 33 møte med ulike miljø syner at mange har stor omsut for språket vårt. Vi takkar for at de hjelpte oss gjennom arbeidet med motstand, medhald, erfaringar og kloke råd. Med samansetjinga av nemnda og forventningane til ein open 4 Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet normeringsprosess gjorde styret i Språkrådet dette arbeidet til eit lærestykke i brukarstyrt utvalsarbeid. Grete Riise (leiar) Unn Røyneland (nestleiar) Åse Wetås Tore Elias Hoel Ragnhild Bjørge Svend Arne Vee Karin Magnetun Aud Søyland (sekretær) Frå venstre: Åse Wetås, Svend Arne Vee, Ragnhild Bjørge, Tore Elias Hoel, Grete Riise (leiar), Karin Magnetun, Aud Søyland (sekretær), Unn Røyneland (nestleiar). 5 Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet 6 Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet Innhald Forord .......................................................................................................................................................................... 3 Samandrag .............................................................................................................................................................. 11 1 Ei norm for 2000-talet .................................................................................................................................. 25 1.1 Bakgrunnen for arbeidet med ei ny norm................................................................................... 25 1.1.1 Mandat ................................................................................................................................................. 27 1.1.2 Samansetjinga av rettskrivingsnemnda .............................................................................. 27 1.1.3 Dialog og innspel ............................................................................................................................. 28 1.2 Den historiske utviklinga .................................................................................................................... 30 1901–1917 .................................................................................................................................................... 30 1917–1938 .................................................................................................................................................... 31 1938–1959 .................................................................................................................................................... 31 1959–1996 .................................................................................................................................................... 32 1996–2002 .................................................................................................................................................... 33 1.3 Normomgrepet ......................................................................................................................................... 33 1.3.1 Kven lagar me norma for? .......................................................................................................... 33 1.3.2 Korleis blir ei norm til? ................................................................................................................ 34 1.3.3 Kven er normagentane?............................................................................................................... 35 1.4 Valfridom ...................................................................................................................................................

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    234 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us