Solund kommune Samfunns- og næringsutvikling Vestland fylkeskommune 5020 BERGEN Arkivsaknr.: Journalnr,: Arkivkode: Dato: 21/44 21/2072 K2-K54 21.06.2021 Melding om politisk vedtak - høyring - regional vassforvaltningsplan 2022-2027 for Vestland vassregion KOMMUNESTYRE Sak - 028/21: Det er gjort følgjande vedtak i saka: Solund kommunestyre vedtek uttalen slik den ligg føre i saka. Med helsing Anne Kristine Dyrdal Sakshandsamar Dokumentet er elektronisk godkjent Mottakarar: Vestland fylkeskommune 5020 BERGEN Adresse: Telefon: Org.nr Bankgiro: E post: Heimeside Hardbakke 26 57 78 62 00 964 967 458 3847.07.01207 [email protected] www.solund.kommune.no 6924 HARDBAKKE Solund kommune Arkiv: K2-K54 ArkivsakID: 21/44 JournalpostID: 21/1637 Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal Dato: 20.05.2021 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 049/21 FORMANNSKAP 27.05.2021 028/21 KOMMUNESTYRE 10.06.2021 Høyring - regional vassforvaltningsplan 2022-2027 for Vestland vassregion Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Solund kommunestyre vedtek uttalen slik den ligg føre i saka. 27.05.2021 FORMANNSKAP Handsaming: Votering: Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. FOR-049/21 Vedtak i: Solund kommunestyre vedtek uttalen slik den ligg føre i saka. 10.06.2021 KOMMUNESTYRE Handsaming: Representanten Anne Kristine Dyrdal seier seg ugild i saka etter kommunelova § 11-10, 2. ledd og deltek ikkje i handsaming av saka. Votering: Formannskapet sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. KOM-028/21 Vedtak i: Solund kommunestyre vedtek uttalen slik den ligg føre i saka. Side 2 av 5 Vedlegg i saka: 06.04.2021 Høyring Regional plan for vassforvaltning 2022-2027 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Vassdirektivet - https://www.vannportalen.no/regelverk-og-foringer/vanndirektivet/ Lov om vassdrag og grunnvatn: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2000-11-24- 82/KAPITTEL_2#%C2%A79 Forskrift om rammer for vassforvaltninga: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-12- 15-1446 Kva saka gjeld: Vedtak av høyringsuttale til regional vassforvaltningsplan 2022 – 2027 for Vestland vassregion Saksutgreiing: Bakgrunn Gjeldande regionale vassforvaltningsplanar for Hordaland og Sogn og Fjordane (2016- 2021) vert no oppdatert for planperioden 2022-2027 til ein plan for Vestland vassregion. Forslag til ein regional vassforvaltningsplan for Vestland med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram vert no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 30. juni 2021. Om planen Planen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. I tråd med vassforskrifta set dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden 2022- 2027. Planane viser korleis miljøtilstanden er i dag og kva for tiltak som er nødvendig for å førebygge, forbetre eller rette opp att tilstanden der det er nødvendig. Forslag til plandokument har vore jobba fram i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar. Plandokumenta vart godkjent av Vestland vassregionutval i møte 12.02.2021. Vestland fylkesutval vedtok å leggje planen ut på høyring og offentleg ettersyn 26.3.21 med høyringsfrist 30. juni 2021. Høyringsdokumenta Kommunar, offentlege styresmakter, organisasjonar og alle andre som har interesse for vassforvaltning vert invitert til å bidra med innspel, slik at vi kan få ein enno betre plan for korleis vi skal nå eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet. Det er tre dokument som er på høyring: 1. Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027 (vassforvaltningsplanen) 2. Tiltaksprogram for Vestland vassregion 2022-2027 3. Handlingsprogram for Vestland vassregion 2022-2027 Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla. Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Planen skal etter vedtak i fylkesting sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning. I «Handlingsprogram….» finn ein ansvaret til kommunane. Denne lista er ukonkret, og har Side 3 av 5 tiltak som; implementering av vassområdeplanen, rapportering, oppdatering av Vann-nett, oppfølging av § 12 i vassforskrifta, klargjering av eksisterande økonomiske og juridiske verkemiddel, møter, medverknad og «gjennomføring av tiltak i tiltaksprogram». Sitat henta frå tiltaksprogrammet: · Landbruk s. 33 : «Ytre Sogn: Alle fem kommunar har utfordringar med avrenning frå jordbruksareal. Det er spelt inn tiltak for alle vassførekomstar dette gjeld. Fleire av tiltaka gjeld informasjon, rådgjeving og kontroll. Av tiltaka som er direkte miljøforbetrande, er dei fleste ikkje direkte forpliktande, men basert på frivillig gjennomføring med økonomisk tilskot frå ulike ordningar.» · Avløp s. 35: «Ytre Sogn Alle kommunane i vassområdet har spelt inn fleire avløpstiltak. Tiltaka gjeld vassførekomstar der avløp, ev. saman med landbruk, er den antatte grunnen til at miljømålet ikkje er nådd. I Gulen, Hyllestad, Solund og Vik gjeld tiltaka i all hovudsak spreidde avløpsanlegg og involverer gjerne utarbeiding av lokale forskrifter og handlingsplanar, kartlegging og tilsyn, og utbetring av anlegg. I Høyanger gjeld alle tiltaka oppgradering av kommunalt avløpsnett. Å gjennomføre tiltaka for spreidde avløp er ein betydeleg oppgåve for kommunane. Det er truleg nødvendig at fleire kommunar går saman og samarbeider om å løyse utfordringane på dette området. Det er viktig med politisk forankring, fortrinnsvis i kommunale planar og at også spreidde avløp er integrert i planane.» Det er i tillegg tiltakslister som omhandlar vasskraft, samferdsel, sur nedbør, miljøgifter m.m, akvakultur, framande artar, fritidsfiske, vern av drikkevatn, overvatn, klimatilpassing, og forsking og kunnskap. Ytre Sogn / Solund er ikkje omtala i nokon av desse tiltakslistene. Framlegg til tiltak i Solund kommune Det foreslått tiltak for 4 vassførekomstar i Solund kommune; elv frå Olavatnet (Ytrøygrend), elv frå Steinsundvatnet (Steinsund); elv i Drengenes (feil stadnamn, då elva har utløp i Sandvik), og Storelva i Kråkevågen. Det er foreslått frå 1 til 7 tiltak for dei ulike vassførekomstane. Dette er tiltak som å auke kunnskapsgrunnlag, internasjonale avtalar knytt til sur nedbør, biotoptiltak, rådgjeving og informasjon, kontroll av gjødslingsplan og plantevernjournal, kartlegging og planlegging av spredte avløp og etablering av forskrift og tilsyn. Det kan søkjast om tilskot til ein del av tiltaka. Tiltak knytt til spredte avløp kan vere aktuelt å løyse etter same modell som vassområdekoordinator. Vurdering: Administrasjonssjefen vurderer det som viktig å komme med ein høyringsuttale knytt til høyringa på regional vassforvaltningsplanen, for å synleggjere Solund kommune sine interesser, situasjon og behov. Uttalen følgjer: Viser til høyring på regional vassforvaltningsplan 2022 - 2027 for Vestland vassregion. Solund er ein rein øykommune med spreidd busetnad på om lag 15 øyer, der ein del av desse er veglause stader. Det er avgrensa med landbruksdrift av større omfang, det er få kommunale avløpsanlegg og mange spreidde private anlegg i kommunen. Tiltaka som er lagt inn for Solund/ Ytre Sogn er først og fremst knytt til avløp og landbruk. Først eit konkret ynskje om endring i vann-nett; vassførekomstID 081-70-R Drengeneset ber Solund kommune om vert endra til stadnamn Sandvik, då dette er i tråd med det stadnamnet for utløpet av elva. Vassforekomst i Drengeneset har ein anna vassføreskomstID (081-96-R). Side 4 av 5 Solund kommune er ein liten kommune med avgrensa ressursar både i tid og pengar. Dette gjer at det er viktig at vassområdekoordinatoren er ei god støtte, rettleiar og vegleiar i arbeidet med utføring av tiltaka, og før iversettinga av tiltak vil det vere behov for å gjere kost-nytte-analysar. Langtransportert ureining er den største påverknadsgruppa i Ytre Sogn, det er difor viktig at tiltak mot forsuring vert prioritert, både ved internasjonalt samarbeid og ved lokale tiltak. Solund kommune forvaltar store sjøområde og nær 90% av arealet i Solund er sjø. Med bakgrunn i dette meiner Solund kommune at sjøområda må i endå større grad omtalast og prioriterast, i første omgang knytt til kunnskapsinnhenting. Sjøområda må sjåast i ein større samanheng enn på kommunalt og regionalt nivå, fordi verknader i Solund kan ha opphav både langs kysten i Norge eller ein stad i Nordatlanteren. Det er viktig at det vert bygd kunnskap om tilstanden i sjøområda både knytt til akvakultur, men også knytt til sjøtrafikk, marin ureining m.m. Solund kommune har som eit av fleire mål i samfunnsdelen: "Målet er å setje av nye sjøareal til berekraftig fiskeri- og havbruksnæring som nyttar det framtidige potensialet som ligg i lovverk og teknologi". Å oppfylle dette kan ikkje Solund kommune gjere åleine, og det krev av sektormynde set i verk tiltak når dette syner seg nødvendig. Solund kommune er positive til verkemiddellista som Vestland fylkeskommune har lagt fram i Tiltaksprogrammet (kap. 17). Etter endeleg vedtak utskrift til: Vestland Fylkeskommune Side 5 av 5 .
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages5 Page
-
File Size-