2012 FYLKESMANNEN Kartlegging I HORDALAND av kystlynghei i Hordaland Innhold: Forord 5 1.0. Innleiing 6 2.0. Kystlynghei 8 2.1. Utviklinga 9 2.2. Hos oss i dag 10 2.3. Nitrogen forureining 10 2.4. Framtida 11 3.0. Skjøtsel 11 3.1. Sviing 13 3.2. Skjøtselplan 14 4.0. Aktuelle tilskotsordningar: 15 4.1. Regionalt miljøprogram (RMP) 15 4.2. Særskilde miljøtiltak i jordbrukets (SMIL) 15 F@A@ Registreringar av kystlynghei i kommunane: BG F@B@ Sveio BI 5.1.1. Kart over Sveio 20 5.1.2. Registrering av områder med lyng i Sveio 22 5.1.3. Døme på lyngområder i Sveio 28 F@C@ Bømlo DC 5.2.1. Kart over Bømlo 34 5.2.2. Registrering av område med lyng i Bømlo 37 5.2.3. Døme på lyngområder i Bømlo 41 F@D@ Stord EE 5.3.1. Kart over Stord 46 5.3.2. Registrering av område med lyng i Stord 47 5.3.3. Døme på lyngområder i Stord 48 F@E@ Fitjar FA 5.4.1. Kart over Fitjar 52 5.4.2. Registrering av område med lyng i Fitjar 54 5.4.3. Døme på lyngområder i Fitjar 58 F@F@ Austevoll GC 5.5.1. Kart over Austevoll 64 5.5.2. Registrering av område med lyng i Austevoll 66 5.5.3. Døme på lyngområder i Austevoll 68 F@G@ Sund HC 5.11.1. Kart over Sund 74 5.11.2. Registrering av område med lyng i Sund 76 5.11.3. Døme på lyngområder i Sund 80 F@H@ Fjell IE 5.7.1. Kart over Fjell 86 5.7.2. Registrering av område med lyng i Fjell 88 5.7.3. Døme på lyngområder i Fjell 92 F@I@ Øygarden JE 5.11.1. Kart over Øygarden 96 5.11.2. Registrering av område med lyng i Øygarden 98 5.11.3. Døme på lyngområder i Øygarden 103 F@J@ Askøy BAG 5.5.1. Kart over Austevoll 108 5.5.2. Registrering av område med lyng i Austevoll 110 5.5.3. Døme på lyngområder i Austevoll 114 F@BA@ Meland BBG 5.9.1. Kart over Meland 118 5.9.2. Registrering av område med lyng i Meland 120 5.9.3. Døme på lyngområder i Meland 123 F@BB@ Radøy BCG 5.10.1. Kart over Radøy 128 5.10.2. Registrering av område med lyng i Radøy 130 5.10.3. Døme på lyngområder i Radøy 132 F@BC@ Fedje BDG 5.6.1. Kart over Fedje 138 5.6.2. Registrering av område med lyng i Fedje 139 5.6.3. Døme på lyngområder i Fedje 141 F@BD@ Austrheim BEE 5.5.1. Kart over Austrheim 146 5.5.2. Registrering av områder med lyng i Austrheim 148 5.5.3. Døme på lyngområder i Austrheim 154 F@BE@ Lindås BFG 5.8.1. Kart over Lindås 158 5.8.2. Registrering av område med lyng i Lindås 160 5.8.3. Døme på lyngområder i Lindås 163 6.0 . Tal på sau i kommunane 164 7.0 . Vurderinger 166 7.1. Verdisetting av naturtyper i kommunane 166 7.2. Vurdering av bevaringsverdi (NINA-91) 168 8.0 . Konklusjon 169 Forord Kystlynghei i Hordaland er ei verdifull ressurs for berekraftig jordbruksproduksjon og som utvald naturtype. Kulturmarka er ein truga naturtype som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å sikre. I Hordaland er tradisjonelle driftsformer som beiting og lyngsviing framleis ein levande tradisjon. Attgroinga av kystlyngheiområda skjer rask med opphør av drift og ved endra arealbruk. Rapporten som no ligg føre er eit viktig faggrunnlag om status for kystlyngheier i Hordaland, og eit viktig ledd i arbeidet med å stoppe tapet av biologisk mangfald i norsk natur. I Regionalt miljøprogram (RMP) for perioden 2004 – 2008 og 2008 – 2012 i Hordaland vart det etablert eigne tilskotsordningar knytt til landskapsskjøtsel. Ordningane i programmet skal sikre og vidareutvikle eit produksjonsdyktig landskap og samstundes ta omsyn til samfunnsinteresser knytt til natur- og kulturhistoriske verdiar. Landskapsskjøtsel som ei produksjonsform føreset å definere gode og velfungerande landskap som eit eige mål. I arbeidet med forvaltning og skjøtsel av naturtypen kystlynghei er det mogleg å kombinere landskapsskjøtsel med å stimulere til tradisjonelle driftsformer som produksjon av kvalitetsprodukt av kjøt. Dermed vil både landskap, berekraftige driftsformer og regionale produkt med ei unik historie være med å gjensidig marknadsføre kvarandre og styrke næringa sine inntektsmuligheiter. Denne type driftsformer er med å halde større areal i drift, samstundes som produksjonskostnadene vert haldne nede. Som eit ledd i oppfølging av RMP vart det etablert eit prosjekt for å kartleggje status for skjøtsel og utforming av kystlynghei i Hordaland. Resultata skulle nyttast til å målstyre prioriteringar og dei økonomiske verkemidla i fylket. Arbeidet starta opp i 2004 og vart sluttført i 2010. Til å gjennomføre arbeidet vart Aase Nøttveit frå Fitjar kommune leigd inn til å gjennomføre arbeidet med å kontakte kommunane, synfaring og kartlegging i felt og utarbeiding av rapporten som no føreligg. I 2009 vart det vedtatt ei ny lov om forvaltning av naturens mangfald (Naturmangfaldlova). Med heimel i lova er det no lagt fram om at Kystlynghei skal vere Utvald naturtype. Grunnlaget som er gjort i rapporten er viktig kunnskap som kan nyttast av kommunal forvaltning knytt til bruk av lovverk som plan og bygningslova og økonomiske verkemiddel knytt til forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak (SMIL) og forskrift om tilskot frå regionalt miljøprogram i Hordaland (RMP). Kystlynghei er ein dynamisk naturtype som endrar karakter etter driftsforma. Utan aktive bønder på kysten som driv eit beitebruk er det ikkje råd på lang sikt å ta vare på naturtypen.’ 10.12.2012 Åse Vaag, ass. landbruksdirektør Fylkesmannens landbruksavdeling kommune 5 kystlynghei 1.0. innleiing og metode Gullvatnet, Sveio 2005 kystlynghei 6 kommune Mål og metode ved kartlegging av kystlynghei i Hordaland Kartlegginga av kystlynghei skal vise kor det framleis er kystlynghei og korleis tilstanden er i dag. Hovudmålet er å stimulere til meir bruk av desse verdifulle areala slik at kystlynghei som kulturmarkstype vert ivaretatt. Kartlegginga skal og gje hjelp til forvaltarar i kommune og fylke til å målrette sitt arbeide. I registreringa er kvar kommune skildra, kart med områdeinndeling med eigen tabell og fotodokumentasjon. I kartet er areala delt inn i 3 område: Orange: Kystlynghei i attgroing dvs framleis ope preg, men med tydeleg attgroing. Med mindre det skjer snarleg endring i driftsform vil beitet sin karakter verte endra. Dette lyngbeite kan settast i stand ved rydding, sviing og beiting. Rosa: Kystlynghei i god hevd dvs ope lynghei med lite attgroing. Område vert skjøtta med beiting eller har nylig vore skjøtta. Lynghei som er i ferd med å settast i stand ved rydding, sviing og beiting kan og være med her. Blå skravering: spesielt fint område. dette syner at lyngbeite er i særs god hevd eller at område har andre kvalitetar som gjer det driftsmessig spesielt godt eigna som lyngbeite. Det kan være store område utan fysiske inngrep, lite utsett for spreiing av uønska planter eller høg røsslyngdominans. Kommunane er i tabell delt inn i område med nummer og skildring av landskapet. I kvart område er dei stadene som er vurdert som aktuelle lyngbeiteareal tatt med. Kvart stad er lyngbeite skildra ut frå tilstand. Informasjonen om skjøtsel og aktuelle kommentar er tatt med. Det har tidligare vore utarbeidd rapportar (NINA, NNI og MVA) for kartlegging av verdifulle naturtypar. Skilnaden mellom desse registreringane er at fokuset i denne rapporten ligg på verdien av kystlynghei som kulturlandskap, dvs den tradisjonelt opne kystlyngheia som produksjonsareal i jordbruket. Tidligare rapportar legg meir vekt på verdi knytt opp mot biologisk mangfald, sjeldne planter og spesielt verdifulle naturtypar. Kartlegging er gjort ved markvandringar i terrenget, registrering frå bilvindauga og ved bruk av flyfoto. I tillegg til eigne observasjonar har ein fått hjelp frå lokale brukarar og tilsette ved landbrukskontora. Kystlyngheia er avhengig av bruk og tilstanden vil difor være i endring, og kartlegginga må innleiing 7 kystlynghei Eggøy nord-aust, 2002 kystlynghei 8 kommune 2.0. kystlynghei Kystlyngheiene er en naturtype med opne, trelause heier langs kysten, dominert av røss - lyng. Dei vert skjøtta ved beiting og jevnleg sviing. Røsslyngen trivst i fattigt jordsmonn. Ved å svi lyngheia vert næringsstoff fjerna frå bakken og det gjer gode vilkår for røsslyngen. Dei seinare åra med mindre beitepress på kystlyngen vil sviing og motarbeide attgroing og forelding av røsslyngen. Tradisjonelt strekte det seg eit belte med kystlynghei fra Spania i sør til polarsirkelen i nord. Naturtypen er begrensa til sterkt oseaniske områder som gjev den vintergrøne røsslyngen lang vekstsesong, noko som fører til gode forhold for vinterbeitende husdyr. Denne naturtypen har vorte svært redusert i omfang dei siste 50 åra og er å rekne som ein trua kulturmarktype. I Norge strekker lyngheibeite seg i eit 25-40 km bredt belte langs kysten. Dvs at i desse 5 kommunane er alt arealet innafor dette beltet. I røynda vil område som vert vinterbeita reduserast når høgd over havet kjem opp i omlag 300 m. <.;. Utviklinga Kystlyngheiene som ein type kultur-landskap er skapt ved menneskes bruk av ressursane. Dette starta for om lag 5000 år sidan, den gang det voks skog heilt ut til havkanten. Over lang tid vart skogen fjerna ved ”svedjejordbruk”, dvs. skogen vart brent og marka dyrka. Sviing og beiting er det som skal til for å ta var på kystlyngheiene. Røsslyng vart teke i bruk som fòrplante og lyngområda vart Eggøy nord-aust, 2002 utvida ved fortsatt brenning av skog og beiting av dyr. Slik vart ny skog halden nede. Da jernreidskap vart teke i bruk til oppdyrking av innmark vart nye gardsbruk rydda langs kysten i Sunnhordland.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages172 Page
-
File Size-