Arne Garborg Dagbok 1905–1923 Band 6: 29. juni 1920 - 31. december 1923 Aschehoug Kristiania 1927 Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum www.aasentunet.no Føreord Arne Garborgs dagbøker frå 1905 til 1923 vart redigerte og utgjevne av Hulda Garborg i seks band 1924–1927. I 2000 vart denne bokutgåva digitalisert (skanna og korrekturlesen) av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo, og det er desse filene som her er gjorde tilgjengelege. Det er gjort overslag som tyder på at Hulda Garborg utelet kring 25% av den opphavlege dagboksteksten til Garborg då ho gav ut dagbøkene, og dei utelatne delane er heller ikkje med i denne utgåva. Ein del tekniske kodar er framleis synlege i teksten. Det gjeld hovudsakleg markering av sideinndeling og fotnotar. Vi har late dette stå slik at det skal vere samsvar mellom bokutgåva og denne elektroniske utgåva. Det er dessutan brukt manuelt lineskift i teksten, og det er ikkje lagt vekt på utforminga i denne elektroniske utgåva. Nynorsk kultursentrum har likevel valt å gjere dagbøkene tilgjengeleg i ei førebels elektronisk utgåve, til glede for forskarar og andre spesielt interesserte som her får eit langt betre høve til å søkje og finne fram i dagbøkene. Nynorsk kultursentrum, desember 2002 Oddmund L. Hoel Band 6 29. juni 1920 - 31. december 1923 <side nr=> Knudaheibakken 29. 6. 1920. Naadde hit i Ettermiddag. Ferdi austanfraa var fin; beste Jønsokvér; sùmar- grøne Bygder og Skogar; yver Fjelle Snø i Mengd og øvst uppe skinande Snøfjell og islagde Vatn; so ned i Sùmaren att. Men Tog og Hotell stapp- fulle; berre ved god Manns Hjelp fekk eg sistpaa Sitjeplass i ei Vogn, og eg hadde so nær vorte uteliggjande dei tvo Næterne daa eg skulde kvile (paa Hønefoss og i Bergen); – og kvile lyt eg Gamlingen no, um eg skal ha godt av ei slik Ferd. So at heretter fær eg nok agte meg baade for Ferie- og for Turisttider so godt som gjerande er. Fraa Bergen – der eg gjorde ein faafengd Freistnad paa aa raake Fru Frida Rusti (der var ingen heime i Urdi) – fekk eg Fylgje (med Hognestadfolke, som hadde vore i Sylvbryllaup hjaa Bergensbispen); Fjordar og Havgap var speglande stille og blanke; meste Vegen sov me oss fram. I sjølve Stavanger var det stilt, og det ei god Stund frampaa Fyremiddagen. Men daa eg kom til Bryne hadde det blese godt upp; og paa Vegen til Undheim – med Bil! alt vender og snur seg i desse Tider – bles det rett kvasst; kjendest som Storm for oss som i Bilen sat, av di me "hadd’ ‘an imode", – Paa Knudaheio er alt i Orden, um eg elles i Aar au hev havt Innbrotsgjester. Danselag hev her kje vore denne Gongen, berre eit lite Kaffi- lag; og det var godt Folk, ettersom Dotter hennar Inger fortalde; jamvel ein Skulemeister hadde dei <side nr=2> med seg (ho hadde vore seint ute den Kvelden og hadde kome yver deim daa dei sat ved Borde her og drakk Kaffi) og eit Par til som ho kjende; det var Nærbø-folk. Ho sagde deim si Meining um denne Maaten aa "koma Fremmande" paa; men dei meinte dei var i sin gode Rett; dei hadde vilja sjaa, koss det saag ut her; og naar Huse var stengt og dei ikkje visste kor Lykjelen var, so hadde dei hjelpt seg som dei best kunde; kva skulde dei elles ha gjort? Eg veit daa no, at Huse mitt ikkje er trygt mot godt Folk heller. Dei hev ikkje havt Dirik eller andre Innbròtsvaapen, og dei hev ikkje havt Hùg til aa slaa sund noko Vindauga heller; men dei hev randsaka Vindaugo; der det var for høgt hev dei freista paa ymis Maate aa koma upp – Merke etter dette er der enno – og hev sistpaa i ein av Skutarne funne ei stor tom Kasse, som var brukande. Daa hev dei funne ei Rute som det var ein Brest i; og ettersom den var sund likevel, so tok dei ho likso godt ut; sidan hev dei set seg Raad med aa faa ut Vindauga, og so var Inngangen fri; dei krabba seg inn og fekk seg Kaffi. Inger hev sidan fenge han Jonnas i Mærlio til aa setja Ruta i Stand; og no meiner ho, at eg iminsto bør skrive i eit Stavangerblad um dette og segja fraa, at eg ikkje vil vita av slikt. Tja. Dersom det kunde hjelpe. Men naar Ungdomen hev gløymt so reint Folkeskikk, at han Gong etter Gong og Tid etter Tid bryt seg inn i framandt Hus paa Tjuve Vis, og held Danse- eller Kaffilag der plent som han var heime, – so vil han vel drive endaa meir paa, naar han høyrer at eg er imot denne Uskikken hans. Det einaste var, um eg kunde faa Tak i denne Læraren, som skal ha vore med; i Grunnen er Soga so urimeleg, at eg veit ikkje kva eg skal tru eller tenkje. <side nr=3> I det heile er det ikkje paa. Jæren som i Øyster- dalen aa hava Sùmarhytte standande; dei smaae Treplantingarne mine her fær ikkje heller staa i Fred: rett som det er vert det slept Smale eller Geiter innpaa, um eg stengjer aldri so væl; alle dei Smaabjørkerne eg hev planta er heilt øyde- lagde, dei minste upp-etne. Det som ser ut til aa berge seg – umframt større Tre, som alt er for høge for Smalen – er det meste av Naale- tréi; sùme av deim stend rett fint. Men sùme Stader stend dei for tett, og det skulde vore gjort ved; men rette Tidi er ikkje fyrr seinhaustes, og so lenge kann eg ikkje verte verande i Aar heller. – No gjeld det aa koma i Gang med Arbeide. Og eg hev nok aa gjera: fysst Avskrivingsarbeid aat mi eigi (Samlings-)bok, og dertil eit Um- setjingsarbeid aat "For Bygd og By"; det er ein Roman fraa Baskarland av Pierre Lhande, "M i- r e n t c h u"; skriven paa eit Franskt som ikkje ser lett ut (Lhande er sjølv fraa Pays basque, og han skriv visst baade nyare Franskt og "Baskisk- Franskt"). Dertil skal eg forkorte, so mykje som Raad kann vera, ettersom det ikkje er "praktisk" med lange Romanar i eit Tidskrift; berre eg ikkje hev teke paa meg meir enn eg greier!<fmark ind="1)"> Knhb. 5. 6. 20. Mykje Gjester i Dag; for det fysste vanlegt Ferdafolk, som var "ute i det fine Vére", og for det andre Mesteparten av Gjesterne fraa eit Bryllaup paa Undheim; Brudgomen var Garborgs- mann (den av "Sønerne hans Tønes", som no bur i "Huse v a a r t"), og der var daa ymse Kjenningar (mill. a. Rebekka Salte og hennar <fnote ind="1)"> G. slapp som væl var dette arbeide. – H.G.</fnote> <side nr=4> Mann), og eg fekk fleire Innbiodingar enn eg velvil kunna fylgje; eg kjende meg heilt Jærbu ogheime, og mange gamle sams Minne vart dregnefram. Serleg er hu Bekka glad ved aa faa røaum gamle Da'e; ho er heilt og fullt Jærbu-Men- neskje av det gode gamle Slage, og no, daa ho kjem upp-i Aari – ho er nokre Maanar yngre enn eg – er ho serskilt glad ved aa faa liva upp att Ungdoms- og Barneminne. Og eg hyggjer meg ved det paa min Maate: kjem so heilt "heim att" som Raad er no – for den burtkomne Sonen. – Telegram fraa Hulda; ho hadde fenge eit av Ferdakorti mine og kunde fortelja, at bo er komi i Orden "uppi Aasa". Gjev ho no berre fekk Vangen-huse sitt i Stand! – Eg skriv og spør, kva Tid ho vil hava meg der upp; Vansken er, at naar eg kjem, vert det meir Matstell, so ho fær mindre Arbeidsro. Men det er vel det, at naar dei myrke Haustkveldarne kjem, kjenner ho seg so uhuglegt aaleine. Fraa Labraaten fekk eg ei lita Morellsending igaar – fin Vare, som kjem vel med – i Takkebreve mitt fekk eg daa òg beda um ei Ordbok (Aasen); den eg kjøpte her ifjor er burte, ser eg, – kor ho no hev vorte av. 1ste Kapitle av "Mirentchu" er greidt paa ei Vis; men det vert ei rett vanskeleg "Reinskriving". – Og so fær eg i Veg med mi Bok au; fysst tek eg Meldingi av Prof. Petersens "Om Skabelsen" etc. Brev fraa Arne Garborg. Knhb. 8/7 1920. Kjære dig, du er storartet flink; nu har jeg to kort og et brev at takke for! <side nr=5> Prægtigt, at peisen er i orden, – saa vitlaust dyr som den blev; nu maa det være sikkert, at du kan flytte ind n æ s t e sommer ialfald. Den vesle fuglen paa svaltaget er jo hyggelig og lykke- spaaende; gratulerer! Jeg vover ikke at tro paa, at vi skal faa Kol- botnen igjen; jeg skriver jo og opmuntrer Tuften; men han har naturligvis betænkeligheder ved selv en liden gjeld; og saa har de jo ikke stor fritid. Men gid det kunde lykkes! Den Knut Stang er en mærkværdighed! Jeg har jo paa det nærmeste opgivet troen paa stats- økonomisk begribelse hos nordmænd; og saa skulde en Stang kunde naa – høiere end til So- cialdemokratiet! Og Guderne maa vide, om et saa gildt juristnavn kunde give en og anden av de yngre mod til at tænke litegrand? – Joda; fremme er jeg; skjønt med de par nætterne gik det rent paa en slump. For frem- tiden er det afgjort, at jeg reiser aldrig i værste "Sæsong"-tiden. Men (kanske til Straalsjøaasen først, og saa derfra over Molde og nedover; ialle- fald) saa vidt udpaa sommeren, at forholdene er blit nogenlunde normale igjen. – Saa det er ikke likere med F.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages264 Page
-
File Size-