1. Forholdet Mellom Planen Og Dei Gjeldande Rammene

1. Forholdet Mellom Planen Og Dei Gjeldande Rammene

Innspel frå Nordhordland vassområde til regional vassforvaltningsplan (UTKAST) Rettleiing til kommunane: Svart tekst er utarbeida av Miljødirektoratet eller Vestland vassregion. Noko av dette er tekst som kan gå rett inn i forvaltningsplanen og noko er rettleiing/spørsmål til vassregionar og vassområde. Blå tekst er skriven av Kjersti Isdal (vassområdekoordinator). Noko av denne teksten er forslag til tekst frå vassområdeutvalet og noko er rettleiing/spørsmål til kommunane i Nordhordland vassområde. Kommunane må kvalitetssikre teksten, og spele inn merknader og eventuelt svar på spørsmåla i møte i vassområdeutvalet 24.11.20, eller i e-post til Kjersti, innan 02.12.20. Kommunen sin administrative representant kontaktar relevante tilsette i kommunen for kvalitetssikring av tema dei ikkje har oversikt over sjølve. Kommunane skal også kvalitetssikre kunnskapsgrunnlaget i Vann-Nett (vann-nett.no/portal) der det er faktaark for kommunar med tilstand, påverknader, påverknadsgrad og tiltak. 1. Forholdet mellom planen og dei gjeldande rammene og retningslinjene: 1.1 a) Naturmangfaldlova Er planen i samsvar med naturmangfaldlova? b) Nasjonale føringar for arbeidet med å oppdatere dei regionale vassforvaltingsplanane Oppdaterte vassforvaltningsplanar med miljømål og tilhøyrande tiltaksprogram skal vere i samsvar med dei nasjonale føringane jf. vassforskrifta §§ 21, 24, og 25. Tiltaksprogrammet skal vere i samsvar med dei nasjonale føringane og skal omfatte tiltak som både beskyttar, forbetrar og rette opp att miljøtilstanden i vassførekomstane. Er planen i samsvar med dei nasjonale føringane? Kommunane i vassområdet omtaler korleis dei nasjonale føringane er fylgt opp innan sitt ansvarsområde dvs. innan drikkevatn, badevatn ,avløp, handtering av overvatn, landbruksforvalting, arealforvalting, samferdsel (kommunale vegar) og anna ureining. Kommunane kvalitetssikrar blå tekst nedanfor som Kjersti har skrive, og kjem gjerne med tilføyingar og rettingar. 1.1.1 Avlaup Kommunane i Nordhordland vassområde jobbar godt med vatn og avløp. To av dei fire kommunane har oppdaterte hovudplanar for VA eller er i ferd med å utarbeide dette. Det er viktig at oppfølging av spreidd avløp er integrert i KDP for å følgje opp dei nasjonale føringane. Det er 36 tiltak som gjeld avlaup i planen. Det varierer i kor stor grad kommunane i vassområdet har spelt inn tiltak til forbetringar innan avløp i vann-nett, så det er grunn til å tru at tiltaka er fleire enn det som går fram i vassforvaltningsplanen. Det er stor skilnad i størrelse på kommunane, og dermed talet på vassførekomstar. Alver kommune vart oppretta etter samanslåing av 3 kommunar 01.01.2020. Den nye kommunen er 1 den største i vassområdet, både i folketal og areal. Det er difor naturleg at dette er kommunen med flest vassførekomstar som er vesentleg påverka av avløp, framfor alt separate avløp etter forureiningsforskrifta kapitel 12 (spreidde avløp). Alver kommune har laga ein temaplan VA for åra 2021-22. Denne planen er utarbeid ut frå dei planar som var godkjent i dei tre kommunane som i dag er Alver Kommune. Hovudplan vatn og avløp skal utarbeidast neste år, og gjelde frå 2023. Dette er gjort slik, fordi hovudplan vatn og avløp, skal utarbeidast etter at dei andre kommuneplanane er ferdig. Austrheim kommune sin Kommunedelplan VA Hovudplan for vassforsyning og avlaup vart godkjent i 2017. Varer i perioden 2017-2027. Austrheim kommune vedtok «Lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg» i 2018. Kommunen har gjort fleire tiltak for å flytta utslepp frå Lurefjorden (Marint verneområde og ein sårbar resipient) og ut i Fensfjorden. Det er få vassførekomstar som er vesentleg påverka av avløp i Fedje kommune. Fedje kommune har berre 7 abonnentar som ikkje er knytt til vassverket, som var bygd for svært lenge sidan. Dei har godt oversyn over kloakk-situasjonen, og det er difor ikkje planar om ein VA-plan i planstrategien for dei neste fire åra. Masfjorden kommune har jobba bra med å oppgradere avløpsnett/reinseanlegg knytt til Stordalen hytteområde, og held fram med å følgje opp dei små separate avløpa i kommunen. I 2018 vart det utarbeidd ei felles «Lokal forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg» for kommunane i Nordhordland, for å oppnå dei miljømåla som var satt i Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021. Forskrifta består av føresegner som er rettsleg bindande. Rettleiande soneinndeling med reinsekrav vil visast på resipientkart for kvar kommune. Det skal og lagast ei rettleiing til forskrifta når den er endeleg godkjent i kommunane. Denne føreskrifta vil gjelde alle bygg/anlegg som ikkje er tilknytt dei kommunale avløpsanlegga i kommunane. Denne lokale forskrifta vil erstatta § 12-7 til 12-13 i Forskrift om begrensing av forurensing. Alle kommunane i Nordhordland og Gulen har vore med i dette fellesarbeidet og utarbeidd dette vedlagte framlegget til lokal forskrift. Prosjektet er forankra i rådmannsutvalet i Nordhordland. Av kommunane i Nordhordland vassområde er det førebels berre Austrheim kommune som har vedteke føreskrifta. Alver kommune har utsett saka til 2020/2021 på grunn av kommunesamanslåinga. Tidlegare Radøy kommune (no del av Alver) hadde lokal forskrift før kommunesamanslåinga. Tabellen viser oversikt over avløpstiltak i Nordhordland (data frå vann-nett 20.11.2020). 2 1.1.2 Jordbruk Det er totalt 26 tiltak som gjeld landbruk. Mange av desse gjeld tilsyn etter gjødselvareforskrifta, for å undersøkje om krav til spreieareal vert helde. Miljøvenleg gjødselspreiing og utbygging av gjødsellagerkapasitet er eit tiltak som går att i dei største jordbrukskommunane. Elles fordele tiltaka seg ofte slik at det er fleire tiltak på same vassførekomst. Alver kommune har spelt inn fleire tiltak som gjeld jordbruk, som til dømes tilsyn for å sjekke om det er nok spreiieareal. Tiltaka er mellom anna knytt til tilskotsordningar gjennom regionalt miljøprogram (RMP). Det er og spelt inn utbygging av gjødsellagerkapasitet. Rådgjeving og tiltak knytt til tilskotsordningar er mykje brukt i Austrheim kommune. Fedje og Masfjorden kommunar er mindre offensive i sine innspel til tiltak, noko som delvis heng saman med at det er færre påverka vassførekomstar der. Tabellane over viser oversikt over landbrukstiltak i Nordhordland (data frå vann-nett 20.11.2020). 3 1.1.3 Heimelsgrunnlag og nasjonale Vassforskrifta § 1 føringar Formålet med denne forskriften er å gi rammer for fastsettelse av miljømål Vassforskrifta1 er heimla i forureiningslova2, som skal sikre en mest mulig helhetlig plan- og bygningslova3, vassressurslova4 og beskyttelse og bærekraftig bruk av naturmangfaldlova5. vannforekomstene. Arbeidet med dei regionale planprosessane etter Plan- og bygningslova § 1 vassforskrifta følgjer i all hovudsak prinsippa og Loven skal fremme bærekraftig krava i plan- og bygningslova. I tillegg har utvikling til beste for den enkelte, vassforskrifta eigne krav som følgje av samfunnet og framtidige generasjoner vassdirektivet6. Planen skal vere i tråd med naturmangfaldlova kapittel II, som inneheld alminnelege føresegner om berekraftig bruk. Vurdering av om planen er i tråd med dei miljørettslege prinsippa (§§ 8 til 12), skal komme fram i planen. Nasjonale føringar for arbeidet med å oppdatere dei regionale vassforvaltingsplanane Klima- og miljødepartementet har i samråd med aktuelle departement utarbeidd nasjonale føringar for arbeidet med å oppdatere vassforvaltingsplanane. Dei nasjonale føringane skal mellom anna bidra til å avklare målkonfliktar. Det følgjer av vassforskrifta at den oppdaterte vassforvaltingsplanen skal vere i tråd med føringane. I tillegg til fellesføringar om kva ulike myndigheiter skal bidra med i arbeidet, blir det gitt føringar for arealplanlegginga i kommunen, avløp, påverknad frå lakselus og rømt oppdrettsfisk, landbruk, framande artar (inkludert kongekrabbe), drikkevatn og badevatn og samferdsel. Les meir om dei nasjonale føringane hos Klima- og miljødepartementet her. Dei nasjonale føringane for vasskraft som blei gitt ved brev av 24. januar 2014 frå Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet, gjeld fram til dei blir oppdaterte. Dei nasjonale føringane for vasskraft finn du her. c) Nasjonale forventingar til kommunal og regional planlegging Er vassforskrifta integrert i kommunale planer? Korleis er nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging fylgt opp av kommunane i vassområdet innanfor tema knytt til vassmiljø? Kopi av enkelte utdrag frå Nasjonal forventning til kommunal og regional planlegging (punkt 2.3 side 16): Vassdragene er en vesentlig del av norsk natur og viktig for helse, livskvalitet og næringsvirksomhet. Økt press på vassdrag og vassdragsnære områder fra forurensning og 1 Vassforskrifta 2 Lov om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 3 Lov om planlegging og byggjesaksbehandling 4 Lov om vassdrag og grunnvatn (vassressurslova) 5 Lov om forvalting av naturmangfald (naturmangfaldlova) 6 EUs rammedirektiv for vatn (vassdirektivet) – konsolidert versjon 4 inngrep, stiller store krav til planleggingen. Regjeringen legger vekt på at regionale og kommunale planer tar hensyn til vassdragenes bruks- og verneverdier, og risikoen for flom, erosjon og skred. Regionale vannforvaltningsplaner etter vannforskriften skal bidra til å oppnå og deretter opprettholde, god miljøtilstand i vassdragene. Regjeringen understreker at god samordning mellom berørte fylkeskommuner, kommuner og sektormyndigheter er viktig for gode regionale planer. Kommunene bidrar til gode miljøforhold i og langs vassdragene gjennom tiltak og god arealforvaltning.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    28 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us