Diktartavla 2020 Til Hilde Myklebust

Diktartavla 2020 Til Hilde Myklebust

Foto: Ingvil Skeie Ljones 18-05-2020 13:00 CEST Diktartavla 2020 til Hilde Myklebust Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden. Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut tre diktbøker. Den siste Kvar ein fugl, kom i 2018. Ho har også skrive fleire barnebøker i samarbeid med illustratørar. – Myklebust har markert seg gjennom ein utprega lyrisk forfattarskap i stadig utvikling. Vi er med glade for å gi Diktartavla 2020 til ein ung og markant poet med ei særeigen poetisk røyst, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret. I Hilde Myklebust si diktverd finn ein utprega varleik til omgivnader og naturteikn, og eit sterkt omsyn til både dyr og menneske. Under det heile ligg ei uro og eit medvit om ei kald og hard røynd, i løpet av få skriftteikn og linjer kan hendingar skje og stemningar snu. – Slik viser diktinga til Myklebust ei haldning, ei lytting, og ein respekt for naturen og alt som lever, seier konservator Stein Arnold Hevrøy ved Hauge- senteret. Diktardagen er eit årleg arrangement der ein norsk lyrikar blir heidra med ei inngravert diktartavle med eit utvald sitat av vinnaren. Prisen er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret. Av tidlegare prisvinnarar finn ein markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid. – Diktarstien formar no ein lyrisk hellegang med heile 28 dikttavler som prydar det vakre museumstunet her på Utne, avsluttar styrar Agnete Sivertsen. For meir informasjon: Dagleg leiar Olav H. Hauge-senteret, Geir S. Netland, tlf 90 03 82 86 Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning..

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us