Møteinnkalling Sakliste

Møteinnkalling Sakliste

Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: FORVALTNINGSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 01.12.2016 Tid: 13:00 - 00:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 74/16 16/23-13 Forvaltningsutvalet 2016 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar 75/16 16/3630-12 2. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for sentrumsbygg 1420-2016003 76/16 16/2959-5 Offentleg ettersyn og høyring av detaljreguleringsplan for Studenthus Guridalen 1420-2016004 77/16 16/5034-1 Planprogram for Områdeplan Fosshaugane 78/16 16/3683-9 Bygningstiltak på gbnr 23/164 79/16 16/4295-3 Søknad om dispensasjon for å kunne etablere anneks i staden for uthus på gbnr 54/41 Anita Brusegard og Øystein Christensen 80/16 16/4374-3 Søknad om dispensasjon frå regulert tomtedelingsplan, gbnr. 101/1 Trygve Bjørk 81/16 16/2446-5 Søknad om mellombels bruksendring for hytte på gbnr. 23/124 82/16 16/3529-6 Søknad om dispensasjon frå forbodet mot tiltak langs sjø for tiltak på gbnr 81/18 - utbetring av kaianlegg 83/16 16/3593-5 Dispensasjonssøknad for utnyttingsgrad til to stk tomannsbustader - gbnr 81/75 84/16 16/48-12 Søknad om dispensasjon for plassering av bustad og veranda - gbnr 1/248 85/16 16/639-9 Søknad om utviding av altan og dispensasjon frå utnyttingsgrad - gbnr 18/64 86/16 16/4572-4 Tidsavgrensa bruksendring frå bustad til næringsføremål gbnr 2/12 og 16 87/16 16/4247-3 Søknad om dispensasjon frå plankrav - gbnr 85/21 88/16 16/3838-8 Klage på vedtak i sak 61/16 av 13.10.2016 - gbnr 19/168, Hodlekve 89/16 16/2765-20 Klage på vedtak om dispensasjon frå reguleringsplan - rorbu, Fimreite 90/16 16/4117-9 Klage på avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 64/457 - Nedrehagen 91/16 16/2995-4 Mindre endring av regulerigsplan for Myradn Sakene er offentleg utlagde i Tenestetorget, Sogndal bibliotek og busenteret i Fjærland. Informasjon på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no Sogndal, 25.11.2016 Ivar Slinde (leiar) Sogndal kommune Sak 74/16 Forvaltningsutvalet Saksh.: Maj Britt Solberg Arkiv: 033 Arkivsak: 16/23 Saksnr.: Utval Møtedato 74/16 Forvaltningsutvalet 01.12.2016 Sak 74/16 Forvaltningsutvalet 2016 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar Punkt 1. Opning A. Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Ivar Slinde, Bente Sønsthagen, Gunnstein Lund, Liv Synnøve Bøyum, Idar Kollsete, Einar Vatlestad, Gunnar Stundal Frå adminstrasjon møter rådmann Jostein Aanestad og tenesteleiar Cornelis Erstad Ordførar Jarle Aarvoll til stades Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Ivar Slinde Ope møte B. Protokoll frå møtet 13.10.2016. Punkt 2. Orienteringar og drøftingar A. Orientering frå leiar B. Orienteringar frå utval C. Innspel frå medlemmane D. Orentering frå rådmann E. Drøftingar Punkt 3. Skriv og meldingar Vedlegg: Maj Britt Solberg -politisk sekretær- Side 4 av 52 Sogndal kommune Sak 75/16 Forvaltningsutvalet Saksh.: Torun Emma Torheim Arkiv: PLAN 1420- 2016003 Arkivsak: 16/3630 Saksnr.: Utval Møtedato 71/16 Forvaltningsutvalet 13.10.2016 75/16 Forvaltningsutvalet 01.12.2016 Sak 75/16 2. gongs handsaming av detaljreguleringsplan for sentrumsbygg 1420- 2016003 Tilråding: Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for sentrumsbygg, gbnr.18/12, datert 21.9.2016, sist revidert 25.11.2016, i tråd med plan- og bygningslova § 12-12. Vedlegg: 1. Plankart, datert 21.9.2016 2. Føresegner, datert 21.9.2016, sist revidert 25.11.2016 3. Planomtale med ROS, datert 21.9.2016 4. Overvassplan, datert 17.11.2016 5. Innkomne merknader Saksutgreiing: Bakgrunn: Stiv kuling arkitektar har på vegne av tiltakshavar AS Sentrumsbygg fremja framlegg til detaljreguleringsplan for sentrumsbygg. Planområdet ligg i Sogndal sentrum, på adresse Fossetunet 1, med gbnr.18/12. Kommunen eig omsorgsbustadane i 3.etasje, totalt ti stykk, og det offentlege parkeringsdekket i underetasjen. Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for utviding av forretningslokalet som ligg på gateplan mot Fjørevegen og bustadbygging på parkeringsdekket i 2.etasje mot fjorden. Forretningslokalet er tenkt utvida sør-austover mot fjorden. Begge desse tiltaka utløysar krav om detaljreguleringsplan etter § 4.10.1 i områdereguleringsplan for Fjøra vest, vedteke 12.11.2015. Medan planen låg ute til høyring vart det utarbeidd ein overvassplan for planområdet. Dette er ein enkel overvassplan, men administrasjonen har vurdert at desse løysingane kan godtakast for tiltak i denne planen. Under føresegn § 4.2. m) er det lagt inn ei ny føresegn som sikrar at overvassplanen vert følgd i byggesaka. Detaljreguleringsplan for sentrumsbygg låg ute til offentleg ettersyn og høyring i perioden 15.10.-25.11.2016. I høyringsperioden kom det tre merknader frå følgjande: 1. NVE 2. Aud og Tore Sviggum 3. Sogn brann og redning IKS 4. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 5 av 52 Sak 75/16 Vurdering: 1 NVE hadde ingen merknader til planen. 2 Aud og Tore Sviggum har følgjande merknader til planen: Naboar til planområdet, Aud og Tore Sviggum, har ikkje merknad til at det vert ein tettare busetnad i området, men dei stillar spørsmål ved kor vidt utbygginga vert tilpassa trehusbygningane på nedsida. Då dei sjølv bygde i 2001 måtte dei følgje strenge krav til byggjestil av omsyn til verneområdet det låg innanfor. Byggjeprosjektet i sentrumsbygg ligg tett inntil det verna området, og det bør ikkje byggjast slike kassar som bryt totalt med husa i gamle fjøra, jamfør illustrasjonane i planomtala side 8 og 9. Dei håpar Stiv kuling finn ei betre løysing for dette prosjektet. Vår vurdering: Planområdet grensar opp mot omsynssone for vern i fjøra, men det er ikkje ein del av omsynssona. Innanfor planområdet er det mange, og dels motstridande omsyn som må takast. Utbygging på parkeringsdekket der det gjennom denne detaljreguleringsplanen no skal opnast for nye byggetiltak er ei særs utfordrande arkitektonisk oppgåve. Nye byggetiltak må forhalde seg til trehusa på nedsida, sentrumsbygget som eit bygg i ein heilt annan skala, og det faktum at ein skal bygge på toppen av eit eksisterande parkeringsdekke. Illustrasjonane i planomtala fokuserer på å etablere enkle og stramme veggflater som skapar ein større visuell ro i området. Uteplassar er trekt tilbake i fasaden for å skape brot i fasaden, og for at nye uteplassar ikkje skal vere for påtrengande for naboane på nedsida. Utover dette er det teke omsyn til byggehøgder, også bestemt utifrå brannomsyn, og at fasademateriale skal vere trekledning for slik å knyte seg mot trehushusa. Illustrasjonane er på eit tidlega stadium, og ein må ta høgde for at utforminga kan endre seg noko. Omsyn til trehusbusetnaden er etter vår vurdering tilstrekkeleg i vareteke i føresegn §§ 3.1 b) og 4.2.e), f) og g). 3 Sogn brann og redning IKS har følgjande merknader til planen: Sogn brann og redning IKS visar til sin merknad til oppstart av planarbeidet som delvis er teken inn i planarbeidet. Dei kjem med nokre presiseringar, knytt til at løysingar for tilkomst og sløkkevatn er delvis avklart i planarbeidet og at bygget utfordrar nabobusetnad som er definert som omsynssone for brannsmitte. På bakgrunn av dette fastheld dei på sin merknad om at dei skal verte høyrt i byggjesaka. Vår vurdering: Etter vår vurdering er dette ein såpass liten detaljreguleringsplan som opnar for relativt få nye tiltak, og omsynet til branntryggleik burde kunne vore avklart på plannivå. Ettersom Sogn brann og redning IKS likevel meiner dei branntekniske omsyna ikkje kan avklarast tilstrekkeleg i samband med reguleringsplanen, er vi opne for å gje dei uttalerett også på byggesak. Rådmannen tilrår difor ein ny fellesføresegn § 3.1 l) som sikrar at Sogn brann og redning vert høyrd ved nye tiltak innanfor planområdet. 4 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har følgjande merknader til planen: Merknad frå fylkesmannen vart sendt 28.11.2016. Dei har merknader knytt til ROS-analysa, og omsyn til branntryggleik. Vår vurdering er at branntryggleiken er i vareteke, jamfør vurdering under merknad frå Sogn brann og redning og føresegn § 3.1 l) og ros-analysa. Samla vurdering: Føresegn om overvasshandtering er ivareteken i planen, jamfør § 4.2 m). Sogn brann og redning IKS skal høyrast i byggjesakar, jamfør § 3.1 l) og ros-analysa. Side 6 av 52 Sak 75/16 Rådmannen tilrår at detaljreguleringsplanen for sentrumsbygg, gbnr. 18/12, vert vedteken med dei mindre endringane som går fram av planføresegnene, sist revidert 25.11.2016, og i tråd med plan- og bygningslova § 12-12. Sogndal, den 28.11.2016 Jostein Aanestad -rådmann- Side 7 av 52 Sogndal kommune Sak 76/16 Forvaltningsutvalet Saksh.: Torun Emma Torheim Arkiv: PLAN 1420 - Arkivsak: 16/2959 Saksnr.: Utval Møtedato 76/16 Forvaltningsutvalet 01.12.2016 Sak 76/16 Offentleg ettersyn og høyring av detaljreguleringsplan for Studenthus Guridalen 1420-2016004 Tilråding: Forvaltningsutvalet legg detaljreguleringsplan for studenthus i Guridalen, datert 25.11.2016, ut til offentleg ettersyn og høyring i tråd med plan- og bygningslova § 12-10. Vedlegg: 1 Plankart, datert 25.11.2016 2 Føresegner, datert 25.11.2016 3 Planomtale med ROS, datert 25.11.2016 4 Situasjonsplan 5 Geoteknisk vurdering, datert 6.10.2016 6 Overvassplan, datert 10.11.2016 Uprenta vedlegg: Innspel til oppstart Saksutgreiing: Bakgrunn: Arkitektkontoret 4B har på vegne av tiltakshavar, studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), fremja framlegg til detaljreguleringsplan for nytt studenthus i Guridalen. Planområdet ligg i tilknyting til campus ved Guridalen i Sogndal sentrum, innanfor gbnr. 19/118, og 19/52 fnr.2,3,4 og 5 med fleire. Området er tidlegare regulert i reguleringsplan for Fosshaugane-Kvåle frå 2004. Bakgrunn for planarbeidet er at studentsamskipnaden ønskjer å flytte eksisterande verksemd frå Meieriet i Sogndal sentrum til nye lokalar nær campusområdet. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nytt studenthus i den bratte skråninga der det i dag er regulert til friområde med landskapsvern. Studenthuset skal mellom anna innehalde konsertlokale, bevertning, undervisning og kontor.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    52 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us