Arsmelding-2019.Pdf

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Arsmelding-2019.Pdf Årsmelding for 2019 FORORD I 2019 har vi utarbeidd ny strategiplan for perioden 2020-2022. Den inneheld fire fokusområde, desse er: 1. Ein synleg og attraktiv næringsorganisasjon for alle verksemder i regionen. 2. Påverke lokale, regionale og nasjonale myndigheiter i relevante saker for våre medlemmer. 3. Eit relevant utdanningstilbod i regionen. 4. Auka omstillingsevne og utvikling i regionalt næringsliv. Strategien kan studerast i detalj på våre nye nettsider som også vart laga i 2019. Vi har ny rekord i tal på medlemmer, 367 bedrifter er no med i næringslaget. Det er også god deltaking i våre leiarnettverk «Tryggare styring» og «LINK» der vi i stor grad vektlegg deltakarane si tilbakemelding i utforminga av opplegg og innhald. Næringslaget har gode relasjonar til lokale og regionale myndigheiter slik at medlemmene sine viktigaste saker får den merksemd som er naudsynt. Arbeidet med ny E39 Vågsbotn–Klauvaneset er over mange år peikt på som den viktigaste enkeltsaka for regionen. Næringslaget har lukkast med å setje fokus på denne saka, og 11. mars 2019 sende byrådsleiar i Bergen kommune saman med vår regionrådsleiar brev til samferdselsministeren der dei gjer strekninga Vågsbotn–Klauvaneset høgaste prioritet i Ringveg Aust. Slik saka står no kan vi derfor forvente oppstart i 2025, 10 år før eksisterande plan. Vår driftsøkonomi viser eit overskot i 2019, styret ventar ikkje same driftsoverskot i 2020 då Næringskonferansen blir arrangert annakvart år. Vi arbeider for at drifta skal gå i balanse sett over to driftsår utan tilskot frå avkastning på kapital. Nye moglegheiter i samband med eit større medlemspotensial kan framover bidra til noko større driftsinntekter. Med tilskot frå Lindås kommune, Hordaland fylkeskommune og lokalt næringsliv har vi starta to nye større prosjekt i 2019: • «Green Spot Mongstad» har allereie fått stor merksemd. Prosjektet skal styrke kunnskapsgrunnlaget om energieffektivisering i industrien og leggje til rette for etablering av nye industri- og teknologiverksemder i eit av Norges aller viktigaste industriområde. Nye felles nettsider er allereie lansert. • «Grøn konkurransekraft» – Prosjektet har starta med å kartleggje innsatsfaktorane i regionen vår; kva er det vi kan bidra med i sirkulærøkonomien? Ambisjonen er som region å ta ein nasjonal posisjon innanfor grøn omstilling, samstundes som ein aukar verdiskaping og sikrar høg sysselsetting. Prosjektet skal altså fungere som ein katalysator for grøn vekst og danne grunnlaget for etablering av ei sirkulær økonomiklynge – nye arbeidsplassar. 2 Nordhordland Næringslag var sentral i etableringa av CO2Bio AS og starten av algepiloten på Mongstad (NAM) som vart opna i 2016. Intensjonen for Nordhordland Næringslag var å skape næringsutvikling i regionen med CO2 som ein ressurs. Prosjektet CO2Food hadde som mål å avklare eit mogleg driftsgrunnlag for produksjon av omega-3 feittsyrer gjennom bruk av CO2 i algeproduksjon, med havbruksnæringa som ein mogleg marknad. Teknisk/økonomisk analyse i CO2Food-prosjektet har konkludert at det ikkje er driftsgrunnlag for ein slik aktivitet enno. På bakgrunn av at ingen av eigarane frå havbruksnæringa ynskte å delta i vidare arbeid med prosjektet valde vi i 2019 å kjøpe ut desse for ein symbolsk sum og er no majoritetseigar i CO2Bio AS. Våre fire bransjegrupper (Industri, Handverk, Havbruk og Handel/service) har vald ulike arbeidsområde, tilpassa behovet. Desse arbeidsgruppene gjer ein stor innsats for regional utvikling og er viktige for at laget skal halde fram med å vere relevant for næringslivet. Næringslaget har i mange år arbeidd mykje med å sikre at våre regionale vidaregåande skular har relevante utdanningstilbod tilpassa næringslivet sine behov. Vi er leiar av «Kompetanseforum Nord» som skal ettersjå at dei regionale behova vert stetta. Det samarbeidet vi har i regionen mellom skule, arbeidsliv og myndigheiter blir framheva som eit nasjonalt eksempel på korleis andre kan organisere seg. Ressursgruppa er viktig for oss i dette arbeidet og har i tillegg til arbeidet med å hjelpe dei ungdommane våre som fell utanfor skule og arbeidsliv, fokusert på fleire læreplassar. Vi kunne i 2019 tilby læreplass til alle som tok eksamen frå ei yrkesfagleg linje på ein av våre vidaregåande skuler og som ynskte læreplass i det lokale næringslivet. Som dei fleste regionar utanfor våre store byar opplever også Nordhordland at folkeveksten er truga og at regionen sin attraktivitet både for næring og tilflytting ikkje kan takast for gitt. Vårt omdøme er særs viktig for å lukkast med å skape framtidig vekst. Vi har difor arbeidd mykje med å sjå heile regionen under eitt og nytta regionreforma og etableringa av Alver kommune som ein moglegheit til å samordne myndigheiter, verkemiddelapparat, skule og næringsliv. Kort kan vi seie at vi må einast om kva vi er einige om. Her har næringslaget søkt å vere samlande og visjonær og opptre på ein slik måte at vi speler ei sentral rolle i utforminga av regionen. Styret vil takke alle som bidrar med innsats for Nordhordland Næringslag, vi ser fram til 2020 som byr på endringar og moglegheiter for regionen. 3 Årsmøtet i 2019 Årsmøtet i 2019 vart halde i Dampen, Knarvik. Det var 38 personar til stades, 30 medlemsbedrifter var representert. Etter årsmøtet var det innlegg ved Irene Wergeland (Wergeland Gruppa), Oddbjørn Haukøy (PSW Group) og Hogne Haugsdal (Lindås/Alver kommune). Medlemmer Betalande medlemmer pr. 31. desember 2019 var 361. Pr. 15. februar 2020 er talet 367. På www.nonl.no er det oversikt over alle medlemmer. Styret valt på årsmøtet: Fredrik Moe Mikkelsen, Sparebanken Vest Kenneth Birkeland, Norva24 Birkeland Ove Håland, Arkoconsult AS Stine Brandsdal, Nortrans Veg og Anlegg AS Richard Cornell, Veltec AS Jonny Marøy, Econ Consulting AS Jannike Neset, Uni Micro AS Valnemnd: Richard Sulen (leiar), Linn Dyveke Wilberg, Arne Lyngøy. Revisor: Karl Vågstøl, Activ Revisjon DA. Frå 30.12.19: Helge Hellem, Dreggen Revisjon AS. Arbeidsutval: Fredrik Moe Mikkelsen, Kenneth Birkeland, Jonny Marøy, Baste Tveito. Arbeidsgruppe for U39: Marte Hatlevik (leiar), Leif Haakon Rossland, Ronny Erstad. CO2Bio AS: Aksjonærar: Nordhordland Næringslag (16), Vestlandets Innovasjonsselskap AS (5), NORCE Norwegian Research Centre AS (3). Styreleiar i CO2Bio AS er Ivar K. Johannessen (NONL). Styremedlemmer: Tanja Hoel (NONL), Kjartan Kramer (VIS) og Hans Kleivdal (NORCE). Styret for Opplæringskontoret for Nordhordland: Representant frå Nordhordland Næringslag: Jimmy Pasali. Aktivitet: I 2019 er det halde 7 styremøte. Styreleiar og dagleg leiar har representert næringslaget i samband med møte lokalt og regionalt. Nordhordland Næringslag er medlem av Næringsalliansen. 4 BRANSJEGRUPPENE Målsettinga for bransjegruppene er å ivareta den einskilde bransje sine interesser. Gruppene jobbar med saker som er aktuelle for bransjen. Styret og bransjegruppene skal ha tett dialog og gi innspel til kvarandre. Industri Jon Halstein Tjore, Equinor Mongstad (leiar) | Irene K. Wergeland, Wergeland Holding AS | Richard Cornell, Veltec AS | Øystein Blom, Frekhaug Stål AS | Bjarte Fosse, Synfaring AS | Øystein Austrheim, Equinor Mongstad Industritur til Brødrene Aa, Hyen Industrigruppa skal bidra til kompetansebygging, innovasjon, samarbeid og betring av lokale rammevilkår som gjer våre medlemsbedrifter meir robuste og konkurransedyktige. Gruppa arrangerte i oktober tur til Florø med besøk hos Brødrene Aa i Hyen og Saga Fjordbase. Bransjegruppa har også hatt fokus på utdanningstilbod, rekruttering og profilering av industrien i regionen. Handverk Kjell Reigstad, Reigstad Bygg og Eigedom AS (leiar) | Bjørn Olav Dale, Nordhordland Elektro AS | Øystein Hope, Magne Hope AS | Leif Nævdal, Lindås Rør og Sanitær AS | Egil Sagstad, Reknes Byggjevarer LL | Helge Sandvik, H. Sandvik AS Handverksgruppa ønskjer å styrke bransjen med tilbod om kurs og seminar for bransjemedlemmene, og vere ein aktiv part når det gjeld påverking av relevante fagområde i kommunane i vår region. Gruppa har mellom anna jobba med eit fagleg og sosialt arrangement for bransjen. Dei har også hatt fokus på offentlege innkjøp og jobbar vidare med dette i 2020. 5 Handel og service Helge Bjordal, Nagelld AS (leiar) | Evy Eknes, Reklamehuset | Åge Torsvik, Knarvik Senter | Tone Olsvoll Eide, Rema 1000 Knarvik | Solfrid O. Farestveit, Knarvik Hud og Fotpleie | Helge Sandvik, KPMG Viktige oppgåver for bransjegruppa Handel og service er omdømmebygging, kompetansebygging og synleggjering. Handel og service-gruppa har arbeidd med å skape møteplassar med fagleg inspirasjon for bedrifter innan handel og service. Adm. og leiar av bransjegruppa har også deltatt i eit prosjekt for handels- og servicebransjen saman med Vestland fylkeskommune, Nordhordland Næringshage og NAV. I 2019 var det to felles arrangement knytt til prosjektet. Havbruk Normann Sæbø, Mørenot Radøy AS (leiar) | Arne Dalland, Norwegian Weather Protection AS | Ragnar Nortvedt, Havforskningsinstituttet Matre | Børge Isdal, Nesfossen Smolt AS | Frode Gjelsvik, Lerøy Vest AS Bransjegruppe Havbruk har hatt fleire møter der tema var å sjå på om det er mogleg å utnytte avfall frå oppdrettsnæringa. Det har vore kontakt med fylket samt landbrukshøgskulen vedr. dette. Arealplan har også vore tema i bransjegruppa, og i samband med dette vart det arrangert eit møte der representantar frå alle selskapa i regionen var representert. Tema var felles/interkommunal arealplan for sjø. Alver kommune var representert med planavdeling og næringssjef. KOMPETANSEFORUM NORD Baste Tveito (leiar) | Vivian Kårbø | Frode Hervik, Austrheim
Recommended publications
  • Kommuneplanen Sin Arealdel 2019-2031
    KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL 2019-2031 Planskildring Vedtatt av kommunestyret 15. oktober 2019, sak 068/19 Ein betre kommune Lindås kommune – Arealdelen til kommuneplanen 2019-2031 - Planskildring Arealdelen til kommuneplanen - Planskildring Planskildring Arealdelen til kommuneplanen 2019-2031 1. gongs handsaming i plan- og miljøutvalet 19. juni 2019, sak 064/19. Vedtak i kommunestyret 15. oktober 2019, sak 068/19. Sist revidert 22. november 2019-revidert i tråd med vedtak i kommunestyret 15. oktober 2019, sak 068/19. FORORD Ein kommuneplan består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 21. september 2017 vedtok kommunestyret samfunnsdelen til kommuneplanen. Med vedtak 15. oktober 2019 er arealdelen til kommuneplanen også oppdatert. Eit viktig mål for planarbeidet i kommunestyreperiode (2015 – 2019) har vore å sikre oppdaterte planar før Lindås kommune trer inn i den nye storkommunen, Alver. Med vedtak av både samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen, ligg det eit godt overordna plangrunnlag for den nye kommunen. Kommuneplanen sin arealdel 2019-2031 er ein temavis rullering av kommuneplanen sin arealdel frå 2011, og er eit heilskapleg og overordna styringsdokument. Arbeidet er forankra i Lindås kommune sin planstrategi for perioden 2016-2019. I planprosessen har det vore viktig å sikre god kopling mellom strategiane i samfunnsdelen og konsekvensane i arealdelen. Planen er utarbeida i eit tett samarbeid med kommunedelplan for Knarvik-Alversund, med Alverstraumen 2019-2031. Plan- og miljøutvalet har vore politisk styringsgruppe, og har lagt tydelege rammer for planprosessen. Ståle Juvik Hauge Leiar av plan-og miljøutvalet i Lindås kommune (2015-2019) Lindås kommune – Arealdelen til kommuneplanen 2019-2031 - Planskildring Innholdsfortegnelse 1. Innleiing ........................................................................................................................................... 1 1.1. Bakgrunn og føremål ..............................................................................................................
    [Show full text]
  • A. Granmo Morphotaxonomy and Chorology of the Genus Hypoxylon
    sommerfeltia 26 A. Granmo Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxylon (Xylariaceae) in Norway 1999 ~ ~ ~ ' sommerfeltia J is owned and edited by the Botanical Garden and Museum, University of Oslo. SOMrvtERFEL TIA is named in honour of the eminent Norwegian botanist and clergyman S0ren Christian Sommerfelt (1794-1838). The generic name Sommerfeltia has been used in (1) the lichens by Florke 1827, now Solorina, (2) Fabaceae by Schumacher 1827, now Drepanocarpus, and (3) Asteraceae by Lessing 1832, nom. cons. SOMrvtERFEL TIA is a series ofmonographs in plant taxonomy, phytogeography, phytosociology, plant ecology, plant morphology, and evolutionary botany. Authors of Norwegian institutions other than the Botanical Garden and Museum in Oslo pay a page charge ofNOK 30, other authors pay NOK 100 per printed page. SOMrvtERFEL TIA appears at irregular intervals, normally one article per volume. Editor: Rune Halvorsen 0kland. Editor of this volume: Per Sunding. Editorial Board: Scientific staff of the Botanical Garden and Museum. Address: SOMrvtERFEL TIA, Botanical Garden and Museum, University of Oslo, Trondheims­ veien 23B, N-0562 Oslo 5, Norway. Order: On a standing order (payment on receipt of each volume) SOMrvtERFEL TIA is supplied at 3 0 % discount. Separate volumes are supplied at the prices indicated on pages inserted before the back cover. Copyright: The author(s) & Botanical Garden and Museum, University of Oslo sommerfeltia 26 A. Granmo Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxylon (Xylariaceae) in Norway 1999 ISBN 82-7420-037-3 ISSN 0800-6865 Granmo, A. 1999. Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxy/on (Xylariaceae) in Norway. - Sommerfeltia 26: 1-81. Oslo.
    [Show full text]
  • A. Granmo Morphotaxonomy and Chorology of the Genus Hypoxylon
    DOI: 10.2478/som-1999-0001 sommerfeltia 26 A. Granmo Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxylon (Xylariaceae) in Norway 1999 ~ ~ ~ ' sommerfeltia J is owned and edited by the Botanical Garden and Museum, University of Oslo. SOMrvtERFEL TIA is named in honour of the eminent Norwegian botanist and clergyman S0ren Christian Sommerfelt (1794-1838). The generic name Sommerfeltia has been used in (1) the lichens by Florke 1827, now Solorina, (2) Fabaceae by Schumacher 1827, now Drepanocarpus, and (3) Asteraceae by Lessing 1832, nom. cons. SOMrvtERFEL TIA is a series ofmonographs in plant taxonomy, phytogeography, phytosociology, plant ecology, plant morphology, and evolutionary botany. Authors of Norwegian institutions other than the Botanical Garden and Museum in Oslo pay a page charge ofNOK 30, other authors pay NOK 100 per printed page. SOMrvtERFEL TIA appears at irregular intervals, normally one article per volume. Editor: Rune Halvorsen 0kland. Editor of this volume: Per Sunding. Editorial Board: Scientific staff of the Botanical Garden and Museum. Address: SOMrvtERFEL TIA, Botanical Garden and Museum, University of Oslo, Trondheims­ veien 23B, N-0562 Oslo 5, Norway. Order: On a standing order (payment on receipt of each volume) SOMrvtERFEL TIA is supplied at 3 0 % discount. Separate volumes are supplied at the prices indicated on pages inserted before the back cover. Copyright: The author(s) & Botanical Garden and Museum, University of Oslo sommerfeltia 26 A. Granmo Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxylon (Xylariaceae) in Norway 1999 ISBN 82-7420-037-3 ISSN 0800-6865 Granmo, A. 1999. Morphotaxonomy and chorology of the genus Hypoxy/on (Xylariaceae) in Norway.
    [Show full text]
  • Samfunnsøkonomisk Nytte Av Å Fjerne Flaskehalsene I Tømmer- Transport På Kommunale Veger
    TØI rapport 4896-2021 Christian S. Mjøsund Inger Beate Hovi Kjetil Haukås Torkel Hofseth Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmer- transport på kommunale veger. Vestland og Rogaland TØI-rapport 1826/2021 Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger Vestland og Rogaland Christian S. Mjøsund Inger Beate Hovi Kjetil Haukås Torkel Hofseth Forsidebilde: Helge Kårstad Transportøkonomisk institutt (TØI) har opphavsrett til hele rapporten og dens enkelte deler. Innholdet kan brukes som underlagsmateriale. Når rapporten siteres eller omtales, skal TØI oppgis som kilde med navn og rapportnummer. Rapporten kan ikke endres. Ved eventuell annen bruk må forhåndssamtykke fra TØI innhentes. For øvrig gjelder åndsverklovens bestemmelser. ISSN 0808-1190 Papir ISSN 2535-5104 Elektronisk ISBN 978-82-480-2377-7 Papir ISBN 978-82-480-2357-9 Elektronisk Oslo, mai 2021 Tittel: Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne Title: Economic benefits of bottleneck removals in flaskehalsene i tømmertransport på kommunale timber transport on municipal roads veger Forfattere: Christian S. Mjøsund Authors: Christian S. Mjøsund Inger Beate Hovi Inger Beate Hovi Kjetil Haukås Kjetil Haukås Torkel Hofseth Torkel Hofseth Dato: 05.2021 Date: 05.2021 TØI-rapport: 1826/2021 TØI Report: 1826/2021 Sider: 64 Pages: 64 ISSN papir: 0808-1190 ISSN: 0808-1190 ISSN elektronisk: 2535-5104 ISSN: 2535-5104 ISBN papir: 978-82-480-2377-7 ISBN Paper: 978-82-480-2377-7 ISBN elektronisk: 978-82-480-2357-9 ISBN Electronic: 978-82-480-2377-7 Finansieringskilder: Kystskogbruket Financed by: Kystskogbruket Prosjekt: 4896 – Flaskehalser på Project: 4896 – Bottlenecks on municipal roads kommunale veger Prosjektleder: Christian S.
    [Show full text]