Kaldhall Sluttrapport forprosjekt

Sluttrapport forprosjekt

Sagt om prosjektet-støtteskriv:

Dale Vidaregåande skule: Dale vidaregåande skule vil på det varmaste støtte initiativet Dale IL har teke i forhold til realisering av kaldhall i samband med Dingemoen idrettspark. Dingemoen Idrettspark har vore ein heilt avgjerande faktor for utvikling av skulen vår fagleg, vi er den største brukaren på dagtid. Og, ikkje minst har tilbodet i Idrettsparken gitt ungdommane våre mellom 16 og 20 år eit fantastisk fritidstilbod.

Saman med det vedtekne skyteanlegget i Idrettsparken vil ein kaldhall også opne for fleire og varierte tilbod i eksisterande idrettshall. Alt dette vil vere med å sikre rekrutteringa til Dale vidaregåande skule og vise at Fjaler kommune satsar som vertskommune for skulen vår.

HAFS Utvikling: Dersom ein ny kaldhall vert eit regionalt prosjekt der idrettslaga i , Fjaler og ser føre seg aktiv bruk av hallen, kan kaldhallen integrere og styrke det lokale bu- og arbeidsområdet i denne delen av HAFS-regionen. Eit slikt HAFS-prosjekt vil vere positivt for den spennande næringsveksten som for tida skjer i dette området.

Sogn & Fjordane Fotballkrins: og Fjordane har totalt sett for få spesialhallar for fotball, og vi har sakka kraftig etter nabofylka siste åra. Det at regionplan for idrett, fysisk helse og friluftsliv opnar for stønad for fleire slike spesialhallar er positivt og bør vere ein fordel for nye gode prosjekt. Ein slik hall, lokalisert til VGS i Dale, vil også gje nye bruksmoglegheiter for både klubb og skule.

UWC: UWC Røde Kors Nordisk vil med dette uttrykke sin støtte til initiativet Dale I. L. har teke for å realisere ein kaldhall i samband med ny utbygging av området på Dingemoen. Skulen vår nyttar i dag den eksisterande innandørshallen og fotballbana, anten gjennom aktivitetar i eigen regi eller saman med idrettslaget. Ein kaldhall vil supplere dette tilbodet på ein måte som et attraktiv for elevane og som òg ville stimulere samhandlinga med lokal ungdom.

Guddalen Grendelag: Guddal grendelag ser det som positivt om det kommer en kaldhall i Dale, det er nå mye aktivitet i hallen som er der som igjen fører til at mange av aktivitetene begynner tidlig på ettermiddag som gjør det vanskelig for barn fra bygdene rundt å kunne delta pga at de ikke rekker frem til oppsatt tid.

RKHR: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det største private rehabiliteringssenteret på Vestlandet og har vel 90 tilsette. Senteret er avhengig av å rekruttere fagfolk både frå regionen og frå andre stadar i landet. Eit aktivt og godt tilrettelagt fritidstilbod i lokalmiljøet er noko av det som har betydning når vi skal rekruttere fagpersoner. Vi set difor stor pris på det arbeidet som blir lagt ned for å sikre gode fritidstilbod både innan kultur og idrett. Vi trur at betre fasiliteter for idretten i lokalmiljøet vil bidra til endå meir aktivitet. Vi er difor positive til initiativet til ein kaldhall i Dale.

Fure IL: Styret i Fure IL stiller seg positive til ein kaldhall i Dale. Fotballen i Fure har gitt uttrykk for at det har vore vanskeleg å få tid til fotball i ein allereie pressa Fjalerhall i vinterhalvåret. Vi ser det slik at eit slikt tilbud kan gjere det lettare å få til eventuelle samarbeid mellom klubbane på aldersbestemt nivå. Sjølv om vi no får kunstgrasbane på Våge kan det vere enkelte dagar om vinteren der det ikkje er forhold til å trene utandørs, og då kan ein slik hall vere til nytte for oss også.

Enoro AS: Enoro AS er avhengig av å rekruttere fagfolk frå regionen. For å lukkast med dette, er det viktig at området er eit attraktivt buområde. Her spelar fritidstilbod innan idrett og kultur, ei stor og viktig rolle. Vi trur etablering av kaldhall vil supplere eksisterande tilbod. Sett i lys av dette, støttar Enoro initiativet som er sett i gang for å få etablert ein kaldhall i Dale.

Dale IL – handballgruppa: Handballgruppa har som mål å få med flest mogeleg lengst mogeleg. Med siste års auke i aktivitet for dei største gruppene er det behov for meir kapasitet. Handballgruppa støttar fotballgruppa sitt initiativ om utbygging av anlegget ved Dingemoen idrettspark.

Svint IL: Styret i Svint I.L. er positive til arbeidet med å få til ein kaldhall i Fjaler, og dette vil vere viktig for fotballen i regionen. Ein kaldhall vil gje fotballen høve til å trene innandørs. Dette vil føre til at dei ikkje treng treningstider i Fjalerhallen, noko som vil frigjere tid og areal for innandørsidrettane. Svint IL er for allsidig aktivitet, og tenkjer at ein slik hall og kan innehalde td klatrevegg og løpebane for å skape meir variert aktivitet. Vi forutset at ein slik hall ikkje kjem i konflikt med, og tek areal frå andre anlegg.

Brødrene Dahl: Brødrene Dahl sin avdeling for Vasskraft støtter etablering av kaldhall i Dale. Dette er viktig for at Dale skal framstå som ein attraktiv stad å busette seg på. Brødrene Dahl er avhengig av å rekruttere fagfolk og alle fritidsaktiviteter vi kan vise til er viktige moment som er med på om folk vel å flytte til Dale eller ikkje.

Fjaler Næringsutvikling: Fjaler Næringsutvikling stiller seg positive til etablering av kaldhall I Dale. Fjaler ligg på topp når det gjeld vekst i næringslivet og skal ein klare å halde fram med denne veksten så er det viktig å legge til rette for attraktive fritidstilbod. Dette vil også vere eit positivt tiltak for å styrke Dale som Bu-, arbeid og servicesenter.

Askvoll og Holmedal IL: Styret i Askvoll og Holmedal idrettslag støttar Dale I. L. sitt initiativ for bygging av kaldhall i Dale. Ein kaldhall vil styrke idretten generelt og fotballen spesielt i heile regionen, og AHIL ynskjer å nyttiggjere seg dette anlegget i godt samarbeid med Dale I. L.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 2(25)

Sluttrapport forprosjekt

Innhald 1. INNLEIING ...... 4 2. BAKGRUNN ...... 5

2.1 BEHOVSANALYSE ...... 5 2.2 UTVALET SIN KONKLUSJON- BEHOVSVURDERING ...... 5 2.3 FORANKRING OG MANDAT ...... 8 2.4 ORGANISERING AV FORPROSJEKTET ...... 8 2.4.1 Prosjektorganisering ...... 8 3. IDRETTEN SOM SAMFUNNSBYGGJAR- NYTTEVERDI AV NY KALDHALL OG BETRA KAPASITET ...... 9

3.1 ORGANISERTE AKTIVITETAR ...... 10 3.2 LÅGTERSKEL TILBOD- UORGANISERT ...... 10 3.3 FOTBALL- EIT LAGSPEL I INTEGRERING OG FOLKEHELSETILTAK ...... 11 4. DINGEMOEN IDRETTSPARK ...... 11

4.1 ANLEGG ...... 11 4.2 EIGARSKAP OG ORGANISERING DRIFT ...... 11 5. KALDHALL ...... 12

5.1 LOKALISERING PROSESS ...... 12 5.2 VURDERING LOKALISERING- DINGEMOEN IDRETTSPARK ...... 12 5.2.1 Historikk ...... 12 5.2.2 Plassering og logistikk ...... 12 5.2.3 Tomt ...... 13 5.3 PLANVERK ...... 14 5.3.1 Utgangspunkt ...... 14 5.3.2 Parkering og trafikksikkerheit ...... 15 5.3.3 Kommuneplan- arealdel ...... 15 5.3.4 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv ...... 15 5.3.5 Regionen ...... 15 6. ULIKE HALLKONSEPT ...... 15

6.1 HALLTYPAR ...... 16 6.1.1 Uisolerte hallar/dukhallar ...... 16 6.1.2 Isolerte hallar- kaldhall/sandwichhall ...... 16 6.2 ANDRE HALLAR I REGIONEN ...... 17 6.3 EKSTERNE ANBEFALINGAR/ ERFARINGAR ...... 17 6.4 TILRÅDING HALLTYPE ...... 18 6.5 GARDEROBAR- VURDERING BEHOV ...... 18 6.6 LEVERANDØRAR ...... 19 6.7 KUNSTGRASTYPE ...... 19 6.7.1 Sandfylt kunstgras...... 19 6.7.2 Gummifylte system ...... 19 7. ØKONOMI/ FINANSIERING ...... 20

7.1 DRIFTSBUDSJETT ...... 20 7.2 ANLEGGSKOSTNADER...... 21 7.3 FINANSIERING ...... 21 7.1 DRIFTSPLAN ...... 21 8. ORGANISERING ...... 22

8.1 BAKGRUNN ...... 22 8.2 ORGANISASJONSFORM ...... 22 8.2.1 Kommunen som eigar ...... 22 8.2.2 Idrettslag som eigar ...... 23 8.2.3 Aksjeselskap (eigd av idrettslaget) som eigar ...... 23 8.2.4 Stifting som eigar ...... 24 8.2.5 Vurdering ...... 24 8.2.6 Konklusjon ...... 24 9. OPPSUMMERING OG KONKLUSJON ...... 24

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 3(25)

Sluttrapport forprosjekt

1. Innleiing Forprosjektet for kaldhall i Fjaler er utarbeidd etter som følgje av eit samrøystes vedtak av årsmøtet i Dale IL i 2016. Årsmøtevedtaket var basert på ei grundig behovsanalyse internt i Dale IL. Som følgje av vedtaket vart det sett ned ei plannemnd for realisering av kaldhall med eit klart mandat og føringar for arbeidet, gjort greie for i rapporten.

I tillegg til å beskrive den enorme aktiviteten i Dale IL og behovet for kaldhall tek rapporten føre seg idretten som samfunnsbyggjar, kaldhall som del av Dingemoen Idrettspark, ulike hallkonsept, økonomi-/finansiering og eigarforhold. Rapporten vert sluttført med oppsummering og ein klar konklusjon frå nemnda.

Idretten i Dale famnar om dei klart største fritidsaktivitetane i regionen og har hatt ein sterk vekst dei siste åra. I 2017 hadde fotballen åleine i Dale IL heile 300 aktive. Dale IL fotball er den 5. største i landet i tal aktive i høve folketal! Det vert utført dugnad som tilsvarar om lag 15 årsverk berre i fotballgruppa. Samla dugnadsinnsats knytt til idrettsparken totalt sett er estimert til ca 20-25 årsverk.

Ein kaldhall vil løyse fotballen sitt behov for betre treningsmoglegheiter, men ein like viktig effekt av dette vil vere utviklingsmoglegheiter for inneidrettane, samt framvekst av nye aktivitetar, gjennom frigjering av kapasitet i eksisterande innandørshall. Kapasiteten i Fjalerhallen er dag er dessverre sprengd.

Satsinga vil også vere viktig for utvikling av Dale som eit attraktivt regionsenter i HAFS, jf at Dale no er utpeika av fylkesutvalet som regionalt bu,- arbeids,- og servicesenter i HAFS. Også for næringslivet og skulane (DVGS/ UWC) vil ein kaldhall vere eit viktig moment for auka attraktivitet blant potensielle tilflyttarar og elevar.

Historisk sett har Dale IL innteke ei svært aktiv rolle i utbygging av idrettsanlegg i Dale, i lag med Fjaler kommune. Heilt frå Dingemoen stadion vart bygd, via t.d. Fjalerhallen, kunstgrasbana og treningssenteret i tilknyting til Fjalerhallen har idrettslaget stilt opp med stor eigeninnsats i form av pengar og dugnad. Berre i Fjalerhallen har ein årleg spart kommunen for utgifter på 1,5-2 MNOK gjennom dugnadsbasert drift av anlegga.

For idretten i kommunen handlar dette om å kunne utvikle seg og å vere attraktiv som aktivator for barn-og unge.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 4(25)

Sluttrapport forprosjekt

2. Bakgrunn

2.1 Behovsanalyse Med bakgrunn i ein anstrengt banesituasjon for fotballen i Dale, sette styret i fotballgruppa medio oktober 2015 ned eit eige utval som skulle sjå på moglegheiter for å utvide banekapasiteten, her under vurdere moglegheiter for å realisere innandørs 7`ar-bane.

Oppsummert, og i prioritert rekkefølge, fekk utvalet følgjande mandat:

1. Gjennomføre ei behovsvurdering internt i Dale IL (denne vart sendt gruppene for volleyball, handball, badminton, Fjaler kommune, samt samtalar med Fjaler Motorsportklubb). 2. Skaffe forankring i Dale IL og få eit mandat til å arbeide vidare med planane gjennom eit forprosjekt.

Utvalet bestod av følgjande personar, alle oppnemnd frå Dale IL fotball: • Vegard Strand • Svein Erik Helle • Kim Frode Solheim • Ingar Valvik • Julie Vårdal Heggøy

Behovsvurdering var ferdig tidleg i 2016, og nemnda har difor revidert opprinneleg behovsanalyse med oppdaterte tal mv.

2.2 Utvalet sin konklusjon- behovsvurdering Fotballen har rekordstor aktivitet med lag i alle klassar både på gute- og jentesida. Statistikk viser at dei er ein av dei klubbane i fylket som har størst aktivitet samanlikna med folketalet. Totalt har ein over 30 lag og nærare 300 aktive som deltek i serie- og turneringsspel. I tillegg har handballen rekordstor aktivitet med om lag 160 aktive.

Dette har gitt store utfordringar med tanke på treningstider.

• I sommarhalvåret er kunstgrasbana «sprengd» med trening og kampar måndag til fredag i kjernetida mellom 17 og 21. For å få kabalen til å gå opp har ein nytta grasbana på Dingemoen og kunstgrasbana på ungdomskulen. Det er knytt store utfordringar til begge desse banene. Grasbana toler svært lite nedbør og kan kun nyttast i periodar med godt ver. Bana på ungdomskulen er eit nærmiljøanlegg der uorganisert aktivitet har førerett på bruken. Ein har såleis ikkje lov til å legge organiserte kampar og treningar der, men ein har likevel måtte gjere det for å få kabalen til å gå opp. Ein har også måtte avlyse enkelte treningar på grunn av dette, eventuelt trent alternativt.

• Verken grasbana eller kunstgraset på ungdomskulen har flomlys og er såleis ikkje eit alternativ når det er mørkt.

• I vinterhalvåret har dei tradisjonelle inneidrettane førerett på hallen. Det medfører at fotballgruppa har svært avgrensa med tider i hallen. For å kompensere for dette har ein teke i bruk gymsalen på Dingemoen skule. I tillegg er fleire lag ute i vinterhalvåret, men dette er prisgitt ver- og føreforhold og det er difor variabelt kor mykje av treningane som kan vere ute. Utetrening er også uansett uaktuelt for dei minste årsklassane vinterstid.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 5(25)

Sluttrapport forprosjekt

• Fotballtilbodet har også blitt kraftig utvida dei siste åra med tilbod både for 9-ar og 5-ar i tillegg til det meir tradisjonelle 11-ar og 7-ar tilbodet. No er også 3-ar og futsal på full fart inn. Ein har også eit langt meir omfattande tilbod for dei yngre årgangane no enn ein hadde før.

• Vidare har fotballen definert seg som heilårsidrett og kan ikkje lenger kallast ein sesongidrett slik som før, og har difor stort behov for meir treningstider enn før.

• I tillegg har ein gjennom både fotball- og handballgruppene sine sportsplanar vedteke at treningsmengdene må aukast for dei fleste sitt vedkommande med det behov for plass som det vil krevje.

Det er ulike grunnar til at aktiviteten i Dale IL har auka. Vekst i tal arbeidsplassar som til dømes selskapa på Haugland, energi- og IT-miljøet i Dale m.fl. har gitt ein auke i folketalet i sentrum med ca. 10% (ca. 100) dei siste 10 åra. Dette har vore ein kombinasjon av tilflyttarar og heimflyttar. I den positive veksten ligg det og at ein har fått fleire nye eldskjeler med erfaring på toppnivå og med utdanning innan idrett og friluftsliv. Med mål om at flest mogeleg skal kunne vere med på fleire aktivitetar og aller helst så lenge som mogeleg, har ein dei siste 10 åra hatt eit godt samarbeid og samhandling med andre aktivitetar som kulturskule, andre idrettar, kyrkja, symjeklubb m.fl. Dette gjer til at ein har høgt tal aktive der dei fleste kan vere med på to eller fleire aktivitetar.

Spesielt for fotballgruppa, som utgjer størstedelen av idrettslaget sin aktivitet, er det enkelt å dokumentere behov for ein innandørshall med kunstgras med storleik på minst ei 7ar-bane, både sommar og vinter.

• I sommarhalvåret vil ein slik hall kunne fyllast med den aktiviteten som i dag må plasserast på grasbane og kunstgraset på ungdomskulen. Som før nemnt har desse to anlegga klare begrensingar og er ikkje ei tilfredsstillande løysing.

• På vinteren vil ein med den aktiviteten det er realistisk å sjå føre seg, fylle ein slik hall utan problem i vekedagane. Berre ved å ta den aktiviteten som i dag må gjennomførast på Dingemoen skule og i Fjalerhallen i helgane på grunn av plassmangel i hallen midt i veka, vil ein langt på veg fylle ein slik hall. Plussar ein på med auka treningsmengder, lenger sesong og fleire spelformer, så vil ein også langt på veg okkupere mykje av helgane også. Det som er igjen av plass i helgane vil kunne nyttast til turneringar, utleige til naboklubbar og uorganisert aktivitet. Det siste er eit viktig punkt då ein pr. i dag ikkje har plass til denne type aktivitet store delar av året.

• Erfaringar frå andre stader syner at nye fasilitetar på anleggssida, utløyser meir aktivitet/ behov, samstundes som det frigjer tid til andre aktivitetar i hallen- både allereie etablerte og framvekst av nye.

• For fotball spesielt vil ein auke kvaliteten på treningane ved å kunne trene på større baner og kunstgras heile året.

• Auken i handballen sin aktivitet frå 70 til omlag 160 aktive har ført til at det blir stort press på Fjalerhallen. Etter retningslinjene og normal tildelingsnorm skal handballen (1t pr. 8 utøvarar) ha ca. 75% av kapasiteten i kjernetida. Med fortrinn for dei som deltek i konkurranse- klassar 12/13+, går dette utover tilbodet til dei yngste. Handballgruppa kan i dag ikkje tilby aktivitet til den yngste gruppa – 6-åringar. I tillegg til dette kan ein heller ikkje tilby treningstid til aldersgruppa 16+ som ikkje ynskjer å satse, dvs. lågterskeltilbod samt til funksjonshemma. I verste

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 6(25)

Sluttrapport forprosjekt

fall må ein redusere tilbodet for dei yngste 6-12 eller at ein må ta bort/redusere tilbodet til lågterskel aktivitet som badminton og volleyball. Både kommunen og idrettslaget ynskjer å ha best mogeleg breidde og variasjon i tilbodet.

• I tillegg til å vere ein sentral aktivitet i eigen kommune, har fotball og handball ein regionsfunksjon med lag oppe i divisjonssystemet (kretsnivå). Det betyr at ein har utøvarar frå nabokommunane slik at tal aktive er høgare enn det eige folketal i aldersgruppene 16+ skulle tilseie. Utan tilfredsstillande treningsmoglegheiter – anlegg og treningstid, er det krevjande å halde nivået.

• Dale VGS er vertskommune for mange ungdomar i aldersgruppa 16-19 år. Hausten 2017 er det 36 ungdomar som er hybelbuarar der hovudtyngda av elevane kjem frå HAFS-kommunane. Det er få av desse som deltek på organiserte aktivitetar som handball og fotball. Eit godt aktivitetstilbod er viktig for desse.

• Klimatiske forhold mv.

Dale IL er om lag 650 medlemar totalt (inkl støttemedlar-2017) Tabell over registrerte aktive i Dale IL fordelt på undergrupper, samt grupper som nyttar Fjalerhallen i dag:

Offisielle tal innrapportert idrettsforbundet og fakturet treningsavgift (2017) Gruppe Fakturert/ Rapportert Tal lag Kommentar aktive inkl verv Fotball 310 370 35 Inkl Old Boys. Handball 164 205 21 Volleball 40 40 - 2016-tal. Deltek ikkje i seriesystem. Badminton 20 20 - Eit par deltakrar som deltek i konkurranse. Barneidrett 32 35 - Nyttar i dag gymsal Dingemoen. Fotball Phu 10 - - Fjaler kommune/ UWC er ansvarleg for aktiviteten Sykkel 13 26 - 15 deltakarar i ritt 2017. Nyttar ikkje hallen. Stigruppa 30-40 - Ingen aktive. Dugnad, nyttar ikkje hallen. 1-2 årsverk. UWC 10 - - Nyttar hallen ca 1 time pr veke.

• Enkelte aktive er registrert i fleire idrettar (spelar td både handball og fotball). Her kan vere mindre avvik i tala. • Alle tal er rapportert etter idretten sin mal for rapportering, og er soleis offisielle tal. • Inkl verv inneheld m.a.; styremedlem, nemnder, utval, trenarar, lagleiar m.v. • Det er normalt avvik mellom betalt avgift og fakturerte tal som oppgitt her. Dette skyldast at nokre ikkje betalar, samt at evt tilgang/avgang ikkje blir fanga opp m.v. • Tal oppgitt for stigruppa er inkl styreverv, sti-og rodesjefar. • Spesielt for handball og fotball vi tal aktivitetstimar vere relativt mykje høgare enn dei andre idrettane pga. fleire treningar, kampar, turneringar m.v.

Tabellen over syner at aktiviteten innanfor idretten er stor i Fjaler. Vi har ikkje gått grundig inn i prognose for barnetal mv., men meiner prognosen under syner at barn i barneskulealder vil vere stabile framover, og at ein soleis kan konkludere med at kapasitetsutfordringane ikkje er forbigåande i eit 5-6 år perspektiv.

Elevtal per skule (barneskule)- prognose Dingemoen Flekke Guddal Våge

2017-18 163 36 19 39 2018-19 169 37 18 39 2019-20 173 35 12 38 2020-21 168 39 9 36 2021-22 166 34 9 33 2022-23 163 31 10 29 Kjelde: SSB

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 7(25)

Sluttrapport forprosjekt

2.3 Forankring og mandat Basert på behovsvurderinga, jf. Pkt. 2.2.1 rådde utvalet årsmøtet i Dale IL til å jobbe vidare med planane om ny hall/ overbygd 7-ar bane. Årsmøtet 2016 i Dale IL gjorde følgjande einstemmig vedtak:

Årsmøtet i Dale IL gjev «anleggsutvalet » fullmakt til å ta initiativ ovanfor Fjaler kommune til å etablere ein plankomité som skal utrede moglegheitene for å byggje ny hall i Dale.

Årsmøtet gav følgjande anbefalingar for arbeidet:

Organisering plankomité I tillegg til representantar frå «utvalet»/ Dale IL og kommunen, bør plankomiteen ha med representant vald av idrettsrådet, politikar, evt andre relevante lag/instansar/ brukargrupper. Særs viktig med god og brei forankring.

Mål og tidsramme • Plankomiteen skal innan eit år, legge fram tilråding til årsmøtet om ein skal gå vidare med planane, eller avslutte arbeidet.

Mandat og føringar for arbeidsgruppa Plankomiteen bør gjennom eit forprosjekt jobbe etter følgjande plan/ prioriteringar:

1. Ytterlegare dokumentere behov for hallen, spesielt gjere greie for det behov barn og ungdom har knytt til uorganisert idrett og kva idrettslege- og samfunnsmessige effektar ein ny hall vil gje. 2. Vurdere tomtespørsmålet/ lokalisering (del av eksisterande, nytt anlegg eller i tilknyting til barneskulen). 3. Vurdere gjeldande anleggsplanar og få forankra hallprosjektet i disse eller i nye planar/ prioriteringar (Idrettsrådet/kommunen) 4. Utrede kombinasjonsmoglegheiter/hallkonsept (fleirbruk/utanomidrettsleg aktivitet, fleirfunksjon osv.). 5. Vurdere behovet for tilskodarplassar, parkering, garderobar osv. (primært trenings- og/eller konkurranseaktivitet). 6. Val av hallalternativ/ konkret utforming, herunder romprogram i forhold til retningslinjer frå det offentlege og idretten. 7. Utarbeide foreløpig romprogram (rammeprogram). 8. Utarbeide kostnads- og finansieringsanalyser. 9. Utarbeide driftsanalyser og anslag over driftskostnader/inntening. 10. Framskaffe skisseprosjekt og underlag 11. Løpende orientere kommunen, Idrettsrådet og aktuelle brukarar om prosjektering og utvikling av prosjektet.

Utvalet/ representantane frå Dale IL står elles fritt til å vurdere og evt gjere endringar i mandat og sjølv vurdere rammer/ avgrensingar for arbeidet. Styret i Dale IL skal løpande orienterast om plankomiteen sitt arbeid.

2.4 Organisering av forprosjektet

2.4.1 Prosjektorganisering Basert på årsmøtevedtaket vart det den 26.10.2016 heldt konstituerande møte, der nytt utval var valt og mandat for det vidare arbeidet vart vedteke.

Disse vart vald: Vidar Samuelsen, Dale IL/ Driftsselskapet, prosjektleiar Vegard Strand, Dale IL

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 8(25)

Sluttrapport forprosjekt

Rolf Kleiven, Dale IL Kim Frode Solheim, Dale IL fotball Arne Strand, Skyttarlaget Ola Hovland, Dale IL handball Kjetil Felde, Dale IL Hans Andre Lammetun, Fure IL Jarle Hovland, Dale IL

Etter årsmøtevedtak 2018 vart de beslutta å gå vidare med planane mot realisering, og det nye utvalet konstituerte seg slik:

Vegard Strand, Dale IL, leiar Vidar Samuelsen, Driftsselskapet Rolf Kleiven, Dale IL Jarle Hovland, Dale IL Kim Frode Solheim, Dale IL Ola Hovland, Dale IL Trond Valvik, Dale IL

I tillegg har Fjaler kommune v/Ingeborg og leiar i Dale IL v/Linda Hovland og Fjaler Idrettsråd blitt kalla inn til møta og møtt etter behov. Arne Strand, Skyttarlaget, deltok i arbeidet fram til skyteanlegget vart beslutta. Dette for å sikre omforeint planlegging mellom prosjekta.

Utvalet har hatt «internmøter» etter behov. I tillegg har ein delteke på ei rekke andre møter med m.a. Fjaler Kommune, fylkeskommunen, fotballkretsen, idrettsråd, hovudlag og undergrupper m.v.

Prosjektet har ikkje heldt opprinneleg framdriftsplan. Dette skyldast i hovudsak at ein fann det naturleg å legge arbeidet i «bero» fram til det kom ei avgjerd mht plassering/vedtak av ny 1-10 skule. I tillegg hadde vi forhåpningar om at Fjaler kommune kunne stille med administrativ støtte til prosjektarbeidet i større grad, men kommunen har ikkje ønskt å involvere seg «tyngre» med grunnlag i at prosjektet ikkje har vore på prioritert liste i kommuneplanen. Dei har likevel delteke på enkelte møter, samt bidrege med saksgrunnlag ved behov.

3. Idretten som samfunnsbyggjar- Nytteverdi av ny kaldhall og betra kapasitet

Kommuneplanen sin samfunnsdel har ein målsetting om at; Fjaler kommune skal ha ein positiv folketalsvekst. Veksten skal skje hovudsakleg i aldersgruppa 20-40 år, med ein årleg vekst på i overkant av 1% og 15% innan 2025.

Fjaler og Dale som sentrum har hatt ein vekst i folketal på nivå med landssnittet. Dersom kommunen skal nå mål om vekst i folketal slik det gjort greie for i samfunnsdelen av kommunen er det viktig at ein har eit godt og bredt fritidstilbod.

Ungdom som har vore aktive enten som deltakar og/eller aktivitetsleiarar får ein sterkare tilknyting til kommunen. Siste åra har vi sett ein samanheng mellom oppvekstvilkår/engasjement i oppveksten og heimflytting. Fjaler er inne i ei positiv utvikling med omsyn til tilrettelegging av nye bustadområde, nye sentrumsfunksjonar, handelsverksemder, vekst i næringsliv og stor dugnadsinnsats for å nemne nokre kvalitetar som er viktig for å trekke til seg nye innbyggjarar.

Utvikling av handelstilbodet i sentrum vil og bidra til at ein tiltrekkjer seg folk frå nærområde og nabokommunar og potensielt fleire aktive på aktivitetane i Dale IL.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 9(25)

Sluttrapport forprosjekt

Idrettsanlegg har i så måte betydning langt utover idretten; som samlingspunkt/ møteplass og utviklingsarena for å fellesskapet. Førdehuset, Fosshaugane Campus og Trivselshagen er døme på dette.

3.1 Organiserte aktivitetar Ein kaldhall vil gjere det enklare å planlegge og organisere trening om vinteren når ein ikkje treng ta omsyn til vind og ver. Spesielt for dei minste ungane, er det utfordrande å legge opp til treningar ute på haust/vinter. Endring i klima med meir nedbør/styrtregn er ei utfordring.

Ungar og ungdommar utanfor Dale, som Fjorden, Flekke, Straumsnes, Guddal, Hellevik, Fure deltek på fleire av aktivitetane i regi av Dale IL. For desse er det ofte problematisk å rekke trening på grunn av reiseavstand. Auka kapasitet vil gjere det enklare å gjennomføre treningar på gunstige tidspunkt slik at desse kan delta.

Ein ser også at ein del av dei ungane som kun deltek på fotball, får for lite aktivitetstimar vinterhalvåret når ein ikkje kan trene ute.

Ein kaldhall vil auke attraktiviteten totalt for laget, og vil betre den sportslege kvaliteten på treningane, spesielt for fotball.

3.2 Lågterskel tilbod- uorganisert Ein kaldhall vil kunne tilby både organiserte- og uorganiserte aktivitetar. Når anlegget ikkje er i bruk til organiserte aktivitetar, vil det kunne nyttast til eigentrening og eigenorganisert bruk. Det betyr at ein vil få eit betydeleg betring av tilbod til utøvarar som ynskjer å satse og til grupper som ikkje ynskjer å delta i organiserte aktivitetar. I og med at anlegget frigjer kapasitet i hallen, betyr det at ein og kan auke tilbod for lågterskel aktivitetar innan handball, volleyball, badminton, futsal mv.

Kapasitetsauke på anleggssida er eit særs viktig tiltak for å auke aktiviteten for aldersgruppa 13-25 år, der fråfallet er stort. Dette er også eit av delmåla i kommuneplan for idrett, fysisk aktivitet og helse 2017-2021:

Arbeide for at ungdom mellom 13 og 25 år framleis er fysisk aktive. Strategi: Hindre fråfall i den organiserte idretten og ha gode alternativ for dei som likevel vel å ikkje vera med.

Vi meiner ein kaldhall som er open for uorganisert aktivitet vil kunne trekke ungdommar til uorganisert aktivitet. Vi ser det er slik aktivitet allereie på kunstgraset i dag, men då spesielt i helgar og på finversdagar. Dette ser ein også som ein effekt andre stader der slik open hall er etablert. Utviding av kapasiteten vil også kunne gje rom for «uorganiserte timar» i Fjalerhallen der ungdommen sjølv bestemmer kva dei ønskjer å nytte hallen til. Eit anna moment som bør vurderast ved auka kapasitet er t.d. cup`ar, samlingar og liknande der idrettslag/folkehelsekoordinator/ flyktningkonsulent m.v. samarbeider om aktivitetsprosjekt spesielt retta inn mot denne gruppa.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 10(25)

Sluttrapport forprosjekt

3.3 Fotball- eit lagspel i integrering og folkehelsetiltak Fotball er lågterskeltilbod når det gjeld utstyr. For alle alderstrinn er standardutstyr sko (frå kr 200,-), leggskinn (frå kr 70) og generelt treningstøy. Siste er kle det uansett er krav til i skulen. Rimeleg utstyr blir opplevd som spesielt positivt for småbarnsforeldre samanlikna med ein del andre idrettar. I tillegg kjem treningsavgift og reiser til kamp o.l. for den organiserte aktiviteten.

Fotball er veleigna som integrering. Det er universelt og vert spelt i alle verdens land. Alle ungar forstår spelet og kan delta, utan å snakke norsk. Dette bidreg til fellesskap med innvandrarar (barn og foreldre) og eksisterande befolkning. Fotball blir ein arena for integrering og fellesskap. Ein har i Dale lange tradisjonar for fotballen som arena for integrering. I tillegg er det også eit viktig fritidstilbod for elevar ved den vidaregåande skulen og UWC.

4. Dingemoen Idrettspark

4.1 Anlegg Dingemoen Idrettspark består i dag av grasbane (gamle Dingemoen Stadion), kunstgrasbane for 11`ar fotball og Fjalerhallen. Kunstgrasbana er i dag einaste bane der det blir spela seriekampar, men ved behov så har ein i nokre tilfelle nytta grasbana til treningar når veret tillèt det.

I tillegg vart det bygd ny tribune ved kunstgrasbana i 2017. Denne vart realisert med dugnad frå Dale IL fotball utan offentleg finansiering eller kommunal medverknad.

Dale idrettslag disponerar anlegget på ettermiddag og kveldstid. Dale vidaregåande skule, Fjaler ungdomsskule og Dingemoen barneskule disponerer anlegget på dagtid.

Dale IL sine aktivitetar i Fjalerhallen er; Fjalerhallen fotball (også for utviklingshemma), handball, volleyball, barneidrett, badminton, vektløfting, klatring/ buldring, spinning og sykkel. I tillegg ligg Fjaler Motorsportklubb sitt anlegg nært knytt til området med sin aktivitet, og ny skytearena er truleg på plass i løpet av 2019. Friidretten trenar med Svint IL.

4.2 Eigarskap og organisering drift Fjaler kommune står som eigar av anlegga og drifta er organisert i eit driftsselskap, der det er 3 medlemer frå Dale IL og 2 medlemer som blir valt av formannskapet. Dale IL har leiar av driftsselskapet og leiar i Dale IL er medlem av driftsselskapet.

Sidan Fjalerhallen vart opna i 1990 har Dale IL gjennom den driftsmodellen som ein nyttar teke seg av drifta av idrettsanlegga og på den måten spart Fjaler kommune for årlege utgifter på 1,5-2 mill. Drift av kaldhall kan tenkast inngå i same eller ein liknande driftsmodell som såleis medføre låge driftsutgifter.

Det er også tilsett vaktmeister som har tilsyn og vedlikehald med anlegga.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 11(25)

Sluttrapport forprosjekt

5. Kaldhall

5.1 Lokalisering prosess I starten av arbeidet gjekk arbeidsgruppa bredt ut for å sjå på moglege lokaliseringsalternativ. Det har også i prosessen vore tett dialog med administrasjonen i kommunen for å sjå moglege lokaliseringssynergiar i samband med bygging av ny skule på Dingemoen, samt sikre omforeint prosess med eventuelle andre planar og kommuneplanen sin arealdel, m.a. koordinering med skyteanlegget. I tillegg har det vore møter med Fjaler Motorsportklubb ift. ATV- bana.

Følgjande alternativ har vore vurdert: a. Ved Dingemoen Idrettspark/ Fjalerhallen b. Ved Dingemoen skule/samlokalisering ny 1-10 skule

I møter med kommunen har det etter kvart blitt klart at det ikkje er tilrådeleg å legge ein ny hall i samband med ny 1-10 skule. Kort oppsummert vil ein slik hall vere ein ressurs for skulen, men vil samstundes ikkje kunne stette skulen sitt primærbehov knytt til fysisk aktivitet/samlingsrom, samt at det truleg vil vere designmessige og estetiske utfordringar. Likevel oppfattar vi skuleeigar som positive til å nytte Dingemoen Idrettspark sine noverande- og framtidige anlegg i si skuledrift der dette er tenleg. Ein kaldhall vil også vere med å dimensjonere behovet for kapasitet på den nye 1-10 skulen.

I møte med kommunen den 25.08.2017 beslutta ein difor å konsentrere seg om å utrede lokalisering knytt til eksisterande anlegg ved Dingemoen Idrettspark.

5.2 Vurdering lokalisering- Dingemoen Idrettspark

5.2.1 Historikk I samtalar med personar som var sentrale i idrettsmiljøet då ein bygde Fjalerhallen/ Idrettsparken har det frå starten vore ein langsiktig tanke om at anlegget skulle kunne utviklast vidare med både 7`ar-bane (og andre anlegg) i tilknyting til eksisterande anlegg. Dette følgjer også av avtale mellom kommunen og Dale IL frå 2001, der kommunen har forplikta seg til å bygge m.a. 7`ar bane som oppgjer for kjøpet av Dingemoen av Dale IL.

5.2.2 Plassering og logistikk Hallen vil bli liggande på ein akse mellom der 11`ar bana ligg i dag og Dingemoen skule, rett under grasbana. Ny 1-10 skule vil bli knutepunkt i eine enden og eksisterande Idrettspark/ Dale VGS i andre enden.

Anlegget er planlagt å harmonere med ny tribune som vart ferdigstilt i 2017, samt seinare planar Dale IL har for bygging av ny kiosk/klubbhus i området. Dette framgår av foreløpige skisser.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 12(25)

Sluttrapport forprosjekt

I tillegg til ATV-bana som er i området (som truleg blir lite berørt) er det etablert ein midlertidig brakkerigg/bustad i området som iflg kommunen skal fjernast. Fotballgruppa har også fire brakker som var tiltenkt klubbhus, som skal fjernast. Området er elles nytta som lagringsplass for ein god del «skrot» og framstår som lite presentabel i dag, og soleis vil eit nytt Situasjonsplan Dingemoen Idrettspark m/kaldhall anlegg tilføre området «eit løft». Hallen blir tilrettelagt for heilårsbruk og vil vere med å styrke det allereie etablerte miljøet som er i idrettsparken. Hallen vil også vere eit aktivum for skuleidretten, samt ein møteplass også utanom skuletid med utgangspunkt i dagens aktivitet for barn og unge. At hallen blir open for uorganisert aktivitet utanfor laget sine treningstider/ utleigetider, er eit særs viktig moment, spesielt sett i folkehelseperspektivet og for å forsterke det sosiale møtepunktet idrettsparken allereie er.

Anlegget vil logistikkmessig knyte seg naturleg til dagens anlegg ift internvegar, parkering og garderobeløysingar, på same måte som 11`ar bana gjer det i dag. Det er under utgreiing/planlegging ny gangveg frå ny 1-10 skule. Dette vil vere særs viktig for å knyte skulen endå tettare til Idrettsparken.

Følgjande har vore retningsgjevande for val av lokasjon/plassering:

• Eksisterande anlegg. Ein ser det som fornuftig å samle all idrettsleg aktivitet på ein stad, i lag med skulane. Miljøskapande samlingspunkt for mange. Campus-tankegang. • Estetisk: Hallen vil harmonisere godt med omgjevnadane. Sjølv om den ruvar noko i terrenget vil den bli dempa av store grusskjeringar på to sider. • Er kort veg til ny 1-10 skule og Dale VGS og kan nyttast av skulane til aktivitetar. • Utnyttar eksisterande infrastruktur på området slik som m.a. garderobar, vegar, parkering mv. • Kort veg til kor «folk bur» slik at ein lett kan gå og sykle til anlegget. • ATV- bane. Klarer truleg å bevare ATV- bana med mindre omlegging av køyrebane. • Kommunalt eigd tomt.

5.2.3 Tomt Fjaler kommune er eigar av tomta. Vi har utført masseberekningar og det ligg an til relativt mykje overskotsmasse, noko avhengig av kva høgde ein vel å plassere hallen på. Ved plassering på kote 25 (topp tribune), vil det vere eit overskot på anslagsvis 7000-8000 kubikk.

Det bør også vurderast å ta bort noko masse bak eksisterande hall. Dette er ikkje avgjerande for prosjektet, men vil gjere området noko meir «rommeleg».

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 13(25)

Sluttrapport forprosjekt

Det bør sjåast på om ein vil kunne få positive synergiar ved å nytte overskotsmasse til oppfylling av ny gravplass. Dette føreset at massane er brukande til føremålet, samt at prosjekta vert realisert nokolunde samstundes.

Det bør vidare sjåast på om det bør leggast ned nytt va-anlegg til området i samband med utbygging av skyteanlegget.

5.3 Planverk

5.3.1 Utgangspunkt Eksisterande idrettsanlegg på Dingemoen ligg geografisk samla, tett opp mot dei viktigaste offentlege funksjonar og møteplassar i Dale. Dingemoen skule (ny 1- 10), Dale Vidaregåande skule, ungdomshus, matvarebutikk og for så vidt også sentrum. I tillegg går Elvestein innom området. Denne er realisert i samarbeid mellom Dale IL og kommunen og er særs mykje nytta både til trenings- og mosjonsføremål.

Utbygging av mindre handelspark ved ungdomshuset, samling av barne- og ungdomskule på Dingemoen og opprusting av innkøyrsel frå FV57 bidreg til vekst og «urbanisering» av området så vel som ein heilheitleg tanke som gjev satsinga positivitet og ein ordna og heilheitleg tanke der ein profitterer på allereie etablert infrastruktur og dreg synergiar av kvarandre.

Dingemoen Idrettspark med utviding med skyteanlegg og 7`ar hall blir ein del av stadutviklinga og må dra i same retning. Idretten er i seg sjølv ein samfunnsbyggjar, men utbygging av enkeltanlegg bidreg ikkje nødvendigvis til god stadutvikling isolert sett. Det er difor lagt opp til at anlegget blir integrert slik at det blir skapt sosiale møteplassar og at bygg og omgjevnadar heng romleg saman på ein god måte. Stikkord i planlegginga har m a vore:

• Integrert framfor adskilt • gevinstar av samlokalisering • gode forbindelsar til omgjevnadane • idrettslege fortrinn i Dale/ Fjaler • nye møteplassar • urbanitet • trafikksikkerheit • kraftsamling i og rundt Idrettsparken Eit integrert miljø der enkeltaktørar forsterkar kvarandre, • Tett dialog med og saman aukar den totale attraktiviten for folk i Fjaler. planmyndigheiter, driftsselskap, Fjaler kommune, Skyttarlaget, undergruppene i Dale IL og Fjaler Motorsportklubb.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 14(25)

Sluttrapport forprosjekt

5.3.2 Parkering og trafikksikkerheit Hallen sin plassering vil ikkje rokere på dagens situasjon når det gjeld logistikk og trafikk/ parkering på Dingemoen Idrettspark. Brukarar av anlegget vil nytte eksisterande internvegar, parkeringsareal og garderobar, sanitæranlegg, kafé/kiosk mv.

Veg som er bak Fjalerhallen er viktig å oppretthalde med omsyn til tilkøyring av varer til kioskanlegg og ATV-bane, men bør vurderast stengt med bom og låssystem.

5.3.3 Kommuneplan- arealdel Området er i kommuneplanen avsett til føremålet og soleis innanfor planen, med unntak av ein liten «flik» i sør som ligg i LNF-området. Det må vurderast dispensasjon for mindre del som vil bli liggande i LNF-område. Vidare vurdering med behov for regulering vil bli tatt i samråd med Fjaler kommune ved eventuelt positivt investeringsvedtak.

5.3.4 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Kommuneplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv legg opp til; å sikre innbyggjarane i Fjaler kommune får gode tilhøve for friluftsliv og fysisk aktivitet slik at dei kan utvikle seg ut frå eigne interesser og føresetnader, samt å motivere til å vere fysisk aktiv.

Hallen står i dag som nr 7. på prioritert liste.

Nærverande rapport vil vere grunnlag for å få førehandsgodkjenning og å få planen høgare opp på prioritert liste ved rullering haust 2018.

5.3.5 Regionen Dale er i 2018 utpeika av fylkesutvalet som regionalt bu,- arbeids,- og servicesenter i HAFS. Bygging av hall vil føre vidare det gode arbeidet med å utvikle Dale som regionsenter. Idretten i Fjaler har alltid vore tidleg framme med gode tankar og idear for å styrke Dale som regionsenter. Vi kan nemne at Fjaler- idretten allereie samarbeider utover regionnivå med aktive både frå Førde, Hyllestad, Askvoll, Høyanger og lag i både i fotballen og handballen og at dette gir resultat både som lag og på spelarutviklingssida. Vi peikar også på at ein var først med å bygge idrettshall, først med kunstgras og først med treningssenter drive av idrettslaget sjølve. No er det fleire stadar i S&F som planlegg hall med kunstgras og difor er det viktig at vi er med i utviklinga- for å syne at vi satsar.

6. Ulike hallkonsept Som tidlegare gjort greie for i behovsanalysen er hallkapasiteten for idretten utfordrande både sommar og vinter, men spesielt vinterhalvåret. I dag blir det trent i gymsalar i tillegg til noko treningstid i Fjalerhallen. Dette gjev ikkje same effekt som trening på «riktig» dekke, kunstgras. For land som Norge har fotballhallar blitt viktige supplement for vintertrening. Det finnast tre hovudtypar hallar:

• Dukhallar. Desse har ingen oppvarming. • Isolerte hallar utan ventilasjon. Desse held varmegrader gjennom vinteren, men ikkje normal hustemperatur. • Isolerte hallar med ventilasjonssystem som held god inne-temperatur uavhengig av utever.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 15(25)

Sluttrapport forprosjekt

Illustrasjon av kaldhallen. Ved 11`ar bane og tribune.

Nokre klubbar har også satsa på utandørsbaner med undervarme. Slike anlegg vil vere eit dårleg alternativ spesielt for barn og unge, ha relativt store driftskostnader og ikkje hjelpe særleg på kapasiteten generelt. Nemnda har difor konkludert med at det er hall som best stettar behovet Dale IL har.

6.1 Halltypar

6.1.1 Uisolerte hallar/dukhallar

Her snakkar ein ofte om overtrykkshallar både med og utan stålkonstruksjon som er kledd med duk.

Dette blir av kulturdepartementet ikkje rekna som eit permanent bygg som er ein av forutsetningane for å få tilskot. Derfor vil ikkje ein uisolert hall utløyse tippemidlar lenger. På desse bygga må duken skiftast oftare enn kvart 30. år.

Desse hallane har hatt store utfordringar dei siste åra der fleire av hallane har kollapsa på grunn av snø. Raufosshallen er den siste i rekka av mange hallar som har kollapsa, seinhaustes 2017 på grunn av snø. Dette var ein overtrykkshall utan stål. I tillegg kan ein nemne hall i Brønnøysund og hallen til Stålkameratene – Mo i Rana, samt Rosenborg Ballklubb sin hall som kollapsa fleire gonger før ein vedtok å bygge ny hall og skrote den gamle.

Ein får og levert desse overtrykkshallane med litt bæresystem i stål. Desse hallane vil ha betre bereevne, men ein vil fortsatt vere avhengig av å skifte duken oftare enn kvar 30. år, og derfor vil dei ikkje bli rekna som permanente bygg og heller ikkje gjev rett på tippemidlar.

På bakgrunn av dette vil vi ikkje tilrå eit slikt bygg.

6.1.2 Isolerte hallar- kaldhall/sandwichhall Dei fleste idretts- og fotballhallar som vert bygd i Noreg blir definert som kaldhallar. Vanleg temperatur inne i ein slik hall når det forgår trening/turnering/kamp vil vere +/- 10 grader.

Det er ingen krav til ventilasjonsanlegg/ oppvarming i ein slik fotballhall. Ein får ventilasjonsanlegg/varmepumpesystem (t.d. Frøyahallen), som tilsvara balansert ventilasjon utan at det utgjer store kostnader. Det er og ein del hallar som nyttar gass til oppvarming. Til samanlikning kan ein nemne at Rosenborg i 2016 brukte

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 16(25)

Sluttrapport forprosjekt

ca 55 000 kr til oppvarming av sin hall, som er ein storhall på 80*120 meter speleflate. Dei har ein fast temperatur på 9 grader heile året.

Dersom det er ønskjeleg kan ein auke opp temperaturen i hallen til ca 18-20 grader på vinterstid. Dette er det mange som gjer når dei har messer eller tilsvarande arrangement.

Konstruksjonen av desse hallane består i dag som oftast av bærande konstruksjon i stål, der hallen er kledd med Sandwichplater. Desse platene består av to stålplater med isolasjon i mellom. Dette gjer til at hallane toler mykje, om ein samanliknar med dukhall som ein kan skjere hol i med Kaldhall 7`ar Ørsta kniv eller raspe opp med flygande objekt ved vind m.v.

Det finst og eksempel der hallane er kledd med treverk på innsida kombinert med sandwich-element på utsida.

Bygg utan ventilasjon vil ikkje vere innanfor Tec-10 (tec-17), men det er heller ikkje eit krav.

Kondens var eit vanleg problem på dei første hallane som kom. Ved stor varmeforskjell frå dag til dag vil det danne seg store mengder kondens og føre til fuktig klima om ein ikkje har eit ventilasjonsanlegg. Enkelt ventilasjonssystem er å tilrå, der effekten vil auke i takt med kondensen inne i bygget.

6.2 Andre hallar i regionen I Sogn og Fjordane er det i dag tre hallar med kunstgrasdekke. Den største og eldste er Sognehallen i . Sognehallen er ein storhall med innandørs fotballbane med internasjonale mål, handball-, badminton-, basket- og volleyballbaner, pluss bandy. Vidare er det friidrettsanlegg for sprintdistansar, kule, tresteg og lengde – og klatreanlegg med mange løyper, der den høgste er 18 meter høg. Anlegget innehelder òg buldrevegg.

Nordfjordhallen i Måløy består blant anna av fotballbane med speleflate på 60*40 meter i tillegg til vanleg fleirbrukshall med parkett der speleflata er 40*20 meter.

Florø har også fotballhall med kunstgrasdekke på 4000 m2. Speleflata er på 40*60 meter med sikkerheitssoner. Hallen er ein del av Florø idrettssenter som rommar fleirbrukshall på 20*40 med fast dekke, fem sprintbaner a 115 meter, lengdegrop, stavspranggrop, klatrevegg, buldrerom og tilhøyrande garderobeanlegg mm.

Av andre prosjekt som er i same fasen som oss kan vi nemne Arena som kjem til å ha same speleflate som den vi har under planlegging (40*60). I tillegg har dei prosjekt i Florø og på Skei der dei tek sikte på å bygge hallar med full 11- ar bane. kommune har og lagt planar om hall i Bygstad med mål om 9`ar bane i 2018/2019.

6.3 Eksterne anbefalingar/ erfaringar Vi har gjennom arbeidet hatt dialog både med potensielle utbyggar/ leverandørar og ei rekke andre lag som held på og har fullført liknande utbyggingar.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 17(25)

Sluttrapport forprosjekt

Generell tilbakemelding frå ferdige prosjekt er at aktivitetsnivået i klubbane har auka. Dei stadane der hallane har stått opne heile døgnet ser dei at det er mykje uorganisert aktivitet. Sjølv om desse hallane har stått opne utan tilsyn har det og vert minimalt med hærverk og slitasje utover det som er normalt.

6.4 Tilråding halltype Nemnda har tidleg i prosessen fokusert på kaldhall som løysing på laget sine utfordringar, som fornuftig ift drifts- og investeringskostnader.

Den største utfordringa med bygging av ny hall kjem truleg til å vere finansiering. For å få realisert prosjektet trur vi derfor ein er avhengig av å få MVA- kompensasjon og tippemidlar, samtidig som vi får inn andre eksterne bidragsytarar. For å få tippemidlar til ny hall står det følgande i kulturdepartementet si handbok:

«Treningshall, speleflate 40*60 og aktivitetsflate 46*66 meter, maksimalt tilskot 5 000 000. Tilskot inkluderer lager for fotballmål og idrettsmateriell, og to sett garderobar. Det forutset at hallen er isolert»

Med bakgrunn i dette tilrår vi difor å bygge ein sandwich-hall med speleflate på 40*60 meter utan garderobar.

Lager for fotballmål og idrettsmateriell vil ein kunne løyse i ytterkant av hallen mellom søylene for bærande konstruksjon.

6.5 Garderobar- vurdering behov I utgangspunktet har nemnda vore klare på at hallen ikkje vil utløyse behov for garderobar, her under at kapasiteten på området er god nok. Ein har derimot fått forståing av at det var eit minimumskrav til to sett, med moglegheit for dispensasjon for eit sett, for å få spelemidlar. I samråd med Fylkeskommunen fekk ein difor ein førehandsuttale frå kulturdepartementet hausten 2019 at det var greitt å bygge færre sett, ut frå lokale behov. Ut frå svaret frå departementet, fekk ein også forståing av at det og var greitt å ikkje bygge garderobar om ein meiner behovet ikkje er til stades. På bakgrunn av ovannemnde, tidlegare vurderingar og spørsmål frå Fylkeskommunen er vår klare vurdering at behovet ikkje er til stades og såleis samfunnsøkonomisk feil å byggje dette no. Vi har likevel tatt høgde for at dette kan byggjast til seinare, om behovet skulle endre seg.

Fotballhallen sin plassering vil ikkje rokere på dagens situasjon når det gjeld logistikk og trafikk/ parkering på Dingemoen Idrettspark, ei heller når det gjeld garderobekapasitet på ein snittdag. I treningshallen er det i dag 2 sett med garderobar, samt to instruktørgarderobar.

I samband med større arrangement/ konkuransar som pågår samstundes i Fjalerhallen og ny fotballhall ser ein likevel at det kan bli kapasitetsutfordringar. Dette vil kanskje oppstår 2-3 gonger årleg og ein kan då enkelt løyse dette ved å nytte garderobar i skulen som ligg like ved. Dette anlegget har fotballgruppa nytta gjennom fleire ti-år. Her er det interne gangvegar og god kapasitet. I tillegg planlegg ein ny 1-10 skule, med større garderobeanlegg og enno betre internvegar til idrettsparken.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 18(25)

Sluttrapport forprosjekt

I det arbeidet er det tatt høgde for god samhandling med eksisterande anlegg: Fjalerhallen med eksisterande garderobeanlegg, kunstgrasbana og ny tribune mv. Den nye hallen vil «sy i hop» desse fasilitetane. Vidareføring av eksisterande køyreveg, etablerte stiar og planlagd ny gangveg vil sørge for god kommunikasjon internt, samt til og frå, Dingemoen idrettspark. Utover dagens parkering ved Fjalerhallen vil det bli opparbeidd 2 HC-plassar rett ved inngangen til den nye hallen, i tilknyting til tribuneanlegget frå 2017.

6.6 Leverandørar Erfaringar frå andre stader er at det normalt er nytta leverandørar som i stor grad har spesialisert seg på hallar.

Med bakgrunn i ulike hallkonsept frå ulike leverandørar har nemnda gjort vurderingar knytt til kvalitet, pris, referansar mv. Nokre av leverandørane som er sjekka ut er m.a. MSO/Haukaas, Hallmaker m.f.

6.7 Kunstgrastype Dei fleste kunstgrastypar som er på marknaden i Norge i dag, har bruksmessige eigenskapar som er tilnærma lik ei god grasbane, både i tørr og våt tilstand.

Norges fotballforbund har innført ulike krav til kunstgras for topp- og breiddefotball. For toppfotball gjeld UEFA sine funksjonskrav medan breiddefotballen skal tilfredsstille NFF sine krav. Skilnaden er at UEFA stiller strengare krav til støtdemping, ballrefleksjon og ballrulle på ferdig lagt dekke.

NFF stiller svært strenge krav til kvalitet på kunstgrasdekke. Intens bruk og krav om lang levetid med gode idrettsfunksjonelle eigenskapar, stiller store krav til slitestyrke på kunstfiber.

6.7.1 Sandfylt kunstgras Sandfylt kunstgras har vore på marknaden sidan 1989 og er same type som vart lagt på Dingemoen første gong, men som ein no stort sett har gått bort frå etter at gummifylt system kom på marknaden.

6.7.2 Gummifylte system Gummifylte system kom på marknaden i 1999, og har i det store å heile vore nytta på nye anlegg og rehabiliteringar sidan det kom på marknaden. Er slikt system som ligg på Dingemoen i dag. For breiddefotball kan systemet leggast direkte på eit avretta grusunderlag utan støtdempingssjikt, og blir difor rimelegare enn t.d. toppfotball-dekke.

Kunstfiberen for gummifylte system er mykje lenger enn i sandfylte system (55- 65 mm, mot 30-35 mm i sandfylte system). I kunstgraset vert det først lagt eit lag med sand i varierande tjukkleik (7-15 mm) slik at kunstgraset vert stabilt. Deretter blir det fylt med 20-30 mm laus gummigranulat. For breiddefotballanlegg utan støtdempingssjikt, må hele systemet skiftast ved rehabilitering. Om ein nyttar støtdempande sjikt under kunstgraset, kan dette behaldast ved rehabilitering.

Gummifylt system har vore ein del fokus på m.o.t. miljøproblematikk, og det skjer stadig ei utvikling av både nye produkt og oppsamlingssystem (av granulat).

Ved evt endeleg val av system, vil ein gjere dette i samråd med NFF som har eigne utredningar på gang knytt til dette.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 19(25)

Sluttrapport forprosjekt

7. Økonomi/ finansiering

7.1 Driftsbudsjett Analyse er gjort på grunnlag av kjente forhold og nøkterne vurderingar av potensial. Utgifter er berekna med utgangspunkt i andre liknande hallar og reelle tilbakemeldingar på kostnader.

Årlige stipulerte inntekter Leige Dale IL kr 116 600 Sponsorinntekter kr 90 000 Andre arrangement kr 40 000 Dugnadsarbeid kr 52 000

Sum inntekter kr 298 600

I tillegg vil ein kunne skape ein del stordriftsfordelar ved ny hall. Sidan noko av aktiviteten på vintertid vil bli flytta inn vil ein kunne redusere kostander til lys, slodding, snømåking, vaktmeister mm. Her har vi rekna at ein kan spare 30- 50 000 i året. Denne besparinga er ikkje tatt med som ei inntekt her.

Årlige stipulerte utgifter Dagleg tilsyn – dugnadsbasert kr 52 000 Kosting/Slodding – innleigd teneste kr 41 600 Forsikring kr 20 000 Straum kr 150 000 Vedlikehaldsfond kr 20 000 Rens, etterfylling granulat – innleigd teneste kr 15 000

Sum kostnader kr 298 600

Nokre kommentarar til driftsbudsjettet: • Vi har tatt utgangspunkt i at ein legg drifta av hallen under dagens driftsselskap eller i ein tilsvarande modell. • Dagleg tilsyn blir lagt under eksisterande dugnadsbaserte vaktordning. • Det er ikkje sett av store kostnader til vask. Fellesareal skal vaskast i samband med turnering og større arrangement, i slike tilfelle er det leigetakar som skal sørge for vask og reinhald. Utanom slike arrangement vil løpande vask og vedlikehald bli lagt under gjeremåla i vaktordninga. • På inntektssida ser ein for seg ei auke med 116 600 kr frå Idrettslaget, noko av dette beløpet kan kome frå naboklubbane. I tillegg har ein potensiell auke frå Dale VGS, Fjaler ungdomsskule og tilskot frå Fjaler Kommune, dette har vi ikkje rekna med, men kan kome på toppen. • Det er stort potensiale ved å arrangere diverse cupar både i feriar og i helgar, dette viser og årets Extra-cupar som fotballgruppa arrangerte i hallen. Fotballgruppa har og avslått fleire KM og futsal-turneringar dei siste åra som følgje av at hallen ikkje har vore ledig. Andre potensielle leigeinntekter, t.d.: teaterfestival, messer, konsertar, fotballskule, næringsliv, utleige skular mv. • På sponsorsida vil det vere potensiale både i form av vanlege skilt og ved sal av namneretten til hallen. Tilsvarande avtalar kring namnet til hallen har gitt kr. 500 000 – 1 000 000 kr over ti år andre stader i landet. Her har vi lagt oss på ei nøktern linje på kr. 90 000. Det må også prinsipielt

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 20(25)

Sluttrapport forprosjekt

avklarast om namneretten til hallen skal seljast, som kan gje ei ytterlegare inntekt.

7.2 Anleggskostnader Nemnda har innhenta prisar på grunnarbeid frå lokal entreprenør og elles for hallen av nasjonale aktørar. For grunnarbeid vil prisen variere ut frå kva høgde ein skal plassere hallen på. Vi har i kostnadskalkylen lagt inn worst-case. Ein føresetnad for den prisen som er gitt er at entreprenøren får overskotsmassen frå prosjektet.

Pris utan garderobe og klubbhus Grunnarbeid kr. 1 400 000 Hall inkl. kunstgrasdekke kr. 15 000 000 Vestibyle/ HC toalett/ lager kr. 1 000 000 Meirverdiavgift 25% av investering kr. 4 350 000 Administrasjon 5% Kr. 1 087 500 Totalt inkl. mva kr. 22 837 500

Nokre føresetnader: • Ferdig planert tomt med grøft rundt(ca 60-80 cm djup og 2 m brei). • Det er levert ein anbodspris på 1,5 MNOK +mva. Noko usikkerheit m.o.t høgdeplassering og bortkøyring av massar. Dette føresett og at det er lagt opp tilkomst til v/a på oppsida av skyteanlegget. • Grunnarbeid (planering tomt, grøfting og tilkopling v/a og el.). • Kunstgras komplett levert og installert. Komplett sandwich-hall, (levert og montert ringmur/fundament), ringmur, lys 500 lux m.v. varmeanlegg/ ventilasjonssystem. • Ingen tribuner er inkl. i prisen. Heller ikkje vatningsanlegg og skiljeveggar, alle desse har ein opsjonsprisar på om det skulle la seg løyse.

7.3 Finansiering Under følgjer finansieringsplan fordelt på ulike finansieringskjelder.

Finansieringsplan Inkl mva. Tippemidlar, hall+ lager 50kvm (forsk Fjaler Kommune) kr. 4 300 000 MVA-refusjon (forskottering Fjaler kommune) kr. 4 350 000 Privatpersonar/sponsorar (garanti Fjaler kommune) kr. 4 100 000 Stiftingar 2018 (innvilga) kr. 2 850 000 Stiftingar 2019-2021 (jf garanti Fjaler kommune) kr. 2 150 000 Fjaler Kommune (utkjøp avtale Dingemoen, kostnad kr. 4 000 000 sjuarbane- innvilga) Administrasjon/Dugnad kr. 1 087 500 Totalt kr. 22 837 500

7.1 Driftsplan Hallen vil verte drifta i eiga dugnadsordning (vakt) av Dale IL med dagleg tilsyn på kveldstid der ein følgjer eigen instruks. Dette er ei ordninga som laget allereie har for Fjalerhallen (fleirbrukshall) og som har fungert på ein god måte heilt sidan 1991. Fotballhallen vil inngå i denne dugnadsbaserte ordninga.

Selskapet legg også opp til å kjøpe tenester frå Driftsselskapet til løpande vedlikehald, samt serviceavtalar knytt til ventilasjonsanlegg mv.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 21(25)

Sluttrapport forprosjekt

Ut frå eigne erfaringar, erfaringar frå andre klubbar og etter råd frå Sogn og Fjordane fotballkrins, må drift- og vedlikehald av kunstgrasbaner takast på alvor. Dersom driftsopplegget vert optimalt, kan levetida til ei kunstgrasbane forlengast frå 10 – 15 år til 20 år. Vi har difor gjort ei grundig vurdering av dette som ein del av denne planen.

Sidan ein del av aktiviteten blir flytta inn på vinterstid vil ein få ein positiv miljømessig effekt i form av mindre kosting/slodding i vintermånadane. Sjølv om Dingemoen Idrettspark ligg langt framme når det gjeld å redusere svinn av gummigranulat ut av anlegget vil den nye hallen ytterlegare redusere utslepp til omliggande areal i form av at det blir mindre bortkøyring av snø og svinn via maskiner knytt til dette. Denne effekten er vanskeleg å måle, men er viktig i eit miljøperspektiv.

• Dagleg tilsyn. Blir gjennomført i eigen dugnadsordning av Dale IL i tråd med allereie etablert ordning, jf ovanfor • Kosting/ slodding: Må gjerast 1 - 2 gonger pr veke eller ved behov. Avtale med driftsselskapet for Dingemoen Idrettspark. Føremålet er å jamne ut gummikorna og å reise opp fibrane i kunstgraset. • Rensing av bana, samt etterfylling av gummikorn. Må gjerast punktvis ved behov særleg på dei mest brukte områda. Vedlikehaldsavtale med leverandør av kunstgras. • Kontrollere skøytar. Avtale med driftsselskapet. • Gå nøye over alle skøyter to gonger i sesongen og evt bestille reparasjon hos kunstgrasleverandør.

8. Organisering

8.1 Bakgrunn

I vurdering av ulike alternative organisasjonsformer er det lagt vekt på kva som er mest eigna løysing med omsyn til finansiering herunder sponsorstøtte, mva- refusjon og spelemidlar. I tillegg til dette kva som er primære bruksområde, byggherre ansvar og eigarskap. I vurderingane er dei meste vanlege organisasjonsformene med fordelar og ulemper nemnt.

8.2 Organisasjonsform Det er fleire måtar å organisere eigarskapen. • Kommunen som eigar • Idrettslag som eigar • Aksjeselskap • Stifting

Dei mest vanlege eigarformene er at kommunen eller idrettslag står som eigar av anlegg. Kommunar og idrettslag og andre organisasjonsledd i NIF er generelt godkjent som søkjarar. AS, stiftelsar og andre må for å kunne søkje om tilskot ha vedtekter som er godkjent av Kulturdepartementet. Mellom anna må vedtektene innehalde føresetnader om at det ikkje skal føretakast økonomisk utdeling til eigarane og at det skal vere 50% representasjon frå idrettslag eller andre organisasjonsledd i NIF og/eller av kommunar og fylkeskommunar.

8.2.1 Kommunen som eigar Kommunen som eigar er den mest vanlege modellen og har samanheng med at idrettshallar er i bruk til undervisning/skulebruk på dagtid og for idrettsaktivitetar på kveldstid. For at kommunen skal kunne få mva-kompensasjon føreset det at

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 22(25)

Sluttrapport forprosjekt

kommunen låner ut anlegget vederlagsfritt til bruk for idrettslaget. Kommunen vil kunne ta imot gåver, men vil ikkje kunne krevje inntekter frå brukarane til drift med unntak av å dekke kostnader til reinhald. Fordelane med kommune som eigar er at dei er eigar av øvrige anlegg (Fjalerhallen, kunstgrasbana, ny skytebane) pr i dag. Kommune vil og kunne ha føresetnader for gunstig finansering (låg lånerente) og ha kompetanse til planlegging av utbygging og drift. Utfordringar ved kommunen som eigar er at kommunen sjølv vil ha avgrensa behov for bruk av kaldhallen som mellom anna gjer det utfordrande ift mva-kompensasjon ved at det vil vere høg grad av utleige til andre.. Dersom kommunen skal vere byggherre vil anlegget måtte leggast ut i Doffin. Dette tar tid, sikrar ein god prosess, men kan og vere fordyrande. Omsyn til anbodsregelverk vil og kunne avgrensa moglegheita til styre eller påverke val av løysing/hallkonsept. Ein vil heller ikkje kunne bruke dugnad som innsats/finansiering i prosjektet. Moglegheiter for sponsorstøtte vil vere avgrensa. I samtalar med kommunen er det gitt tilbakemelding om at det er lite ynskjeleg for kommunen å stå som eigar og byggherre for prosjektet. Av desse grunnane/ulempene ser ein ikkje kommunalt eigarskap som ynskjeleg eller eigna organisasjonsform.

8.2.2 Idrettslag som eigar Dersom idrettslaget skal eige og drive ein idrettshall, må medlemmane vere merksam på at anlegget er eit aktivum som kreditorane kan krevje dekning i både gjennom utlegg og konkurs. Sjølv om det er ei gruppe i idrettslaget som står som initiativtakarar vil det vere hovudlaget som er den juridisk eigar av anlegget. Bygging av ein kaldhall vil innebere ei stor økonomisk satsing med dertil høyrande risiko. I tillegg vil det stille krav til eksplisitte vedtekter med omsyn til belåning, sal, vedlikehald mv. Det vil auke kompleksitet med omsyn til rekneskapsføring (mva og skatteplikt) Fordel med å la idrettslaget stå som eigar er at eventuelt overskot av drifta i hallen neppe vil bli skattelagt. Idrettslaget vil kome inn under ordning for mva-kompensasjon for friviljuge organisasjonar. I og med at eit så stort anlegg vil redusere idrettslaget sitt fokus på idrettsaktivitetar og samtidig kunne vere ein økonomisk risikofaktor, er idrettslag som «direkte» eigar ikkje å føretrekke som aktuell organisasjonsform. Alternativet løysing for idrettslaget som eigar, er at idrettslaget opprettar eit AS.

8.2.3 Aksjeselskap (eigd av idrettslaget) som eigar AS opnar for fleire eigarar, t.d. fleire idrettslag, kommunen som medeigar. Det som er aktuelt her er at idrettslaget opprettar eit heileigd AS. Representantar for idrettslaget skal sitte i styret for selskapet. Etablering av AS må godkjennast av departementet. Eit AS kan ta opp lån ved å sette selskapets faste eigedom i pant, eller med sikkerheit i ein kommunal garanti eller frå eigarane. Eventuelt overskot frå drifta kan vere skattepliktig. Utforming av vedtektene vil i den samanheng vere vesentleg. Eit AS vil ha avgrensa gjeldsansvar i og med at ansvaret avgrensa til selskapet aksjekapital som skal vere minimum kr 30.000,-. Det betyr mellom anna at idrettslagets midlar er skjerma frå eventuelle krav frå kreditorar i motsetnad til om idrettslaget skulle stå som «direkte» eigar. Når det gjelder finansiering vil etter gitte krav kunne søke å motta spelemidlar. Her vil ein vere avhengig av kommunale garantiar til anlegg med tilskotsmidlar over kr 4 mill. I tillegg vil ein kunne søkje momskompensasjon (etter ordning for momskompensasjon for idrettsanlegg). Løysinga vil krevje meir innsats frå idrettslaget si side, , men vil gje betre kontroll på framdrift og val av hallkonsept og kostnader. Det vil vidare opne for bruk av dugnadsinnsats og kunne auke føresetnadane for lykkast med sponsorfinansieringa. Tilsvarande organisasjonsform er seinast nytte i ved etablering av arena. Dette betyr at AS eigd av idrettslaget vil vere ei eigna organisasjonsform.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 23(25)

Sluttrapport forprosjekt

8.2.4 Stifting som eigar Ei stifting eig seg sjølv, dvs. at styret er øvste organ og som på sjølvstendig grunnlag forvaltar drift, eigedelar og gjeld. For at ei stifting skal kunne søkje om spelemidlar vil eitt vilkår vere at styrets medlemmer er valt av organisasjonar som sjølv kan søkje spelemidlar, t.d. kommunen, idrettslaget el. Med vedtekter godkjent for formålet. Stifting som eig seg sjølv kan vere krevjande og gir lite styring for eigarane (idrettslaget og kommunen) og er ikkje å vurdere som aktuell organiseringsform.

8.2.5 Vurdering

I møter med kommunen, gjennomgang av mellom anna regelverk for mva- kompensasjon, prioritering og framdrift i gjennomføring av prosjektet, moglegheit for å lykkast med finansieringsplan og krav til anbodsprosessar ser vi at ei organisasjonsform der idrettslaget opprettar eit heileigd AS (aksjeselskap), vil vere det føretrukne alternativet, jf pkt 8.2.3. Dette betyr at Idrettslaget opprettar eit AS som blir ansvarleg eigar av bygget og byggherre for prosjektet. Pr i dag er drifta av Dingemoen idrettspark organisert gjennom avtale mellom Driftsselskapet og Fjaler kommune. Sjølv om driftsselskapet ikkje vil kunne få mva-kompensasjon har organisering vist seg såpass fordelaktig, at det vil kunne vere eit godt alternativ å inngå avtale om drift med driftsselskapet eller ei tilsvarande ordning, jf og pkt 7.1.

8.2.6 Konklusjon Nemnda rår til at Idrettslaget: - utarbeider framlegg til vedtekter for etablering av eit heileigd AS som blir eigar av anlegget og byggeherre for prosjektet. - forhandlar avtale med Driftsselskapet om avtale om drift av anlegget.

9. Oppsummering og konklusjon Behov og forankring Initiativet til bygging av kaldhall for fotball har vore nemnt i ulike samanhengar dei siste ti åra, spesielt i fotballmiljøet. Bakgrunnen for at dette har kome opp med jamne mellomrom er tiltakande kapasitetsutfordringar, men også behov å «henge med» i den sportslege utviklinga.

Prosess Forprosjektet for kaldhall er utarbeidd som følgje av samrøystes vedtak av årsmøte i Dale il 2016. Som følgje av vedtaket vart det satt ned ei plannemnd for arbeidet med realisering av kaldhall. Rapporten var sluttført med oppsummering og ein klar konklusjon som grunnlag for årsmøtet sitt vedtak 18. april 2018 (jf vedlegg). Ein har etter årsmøtevedtaket jobba vidare etter med særleg fokus på forankring av planane i Fjaler kommune, avklaring av byggherreansvar, økonomi- /finanisering utifrå val av halløysing, organisering og plan for vidare framdrift.

Hall I val av lokalisering er det lagt til grunn nærleik til eksisterande anlegg, infrastruktur og aktivitetar, dvs Campus tankegang og at hallen estetisk sett skal harmonere best mogeleg med omgjevnadane. Det vil vere kort veg til skulane og der folke bur slik at det for dei fleste skal vere mogeleg å gå eller sykle til anlegget.

I samsvar med offentlege (kulturdepartementet) krav samt erfaring frå andre kommunar blir det tilrådd å bygge ein isolert hall inkludert varmeanlegg/ ventilasjonssystem med speleflate på 40*60 meter.

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 24(25)

Sluttrapport forprosjekt

Finansiering Det er lagt til grunn ei finansiering der ein får maksimal/100% tildeling av tippemidlar/spelemidlar og mva refusjon. Utover dette kjem støtte frå stiftingar, private sponsorar og avtale med Fjaler kommune om kompensasjon for sal av Dingemoen. I tillegg har Fjaler kommune gjev garantiar for manglande finansiering (private/sponsorar og stiftingar), samt forskottering av mva- kompensasjon og spelemiidlar.

Organisering I årsmøtevedtaket til Dale IL var det lagt til grunn at Fjaler kommune skulle stå som eigar og byggherre. I møter med kommunen, gjennomgang av mellom anna regelverk for mva-kompensasjon, prioritering og framdrift i gjennomføring av prosjektet, moglegheit for å lykkast med finansieringsplan (støtte frå stiftingar og sponsorar) og krav til anbodsprosessar/fridom i val av halløysing ser vi at ei organisasjonsform der idrettslaget opprettar eit heileigd AS (aksjeselskap), vil vere det føretrukne alternativet. Selskapet er oppretta og fått namnet Dingemoen Arena AS.

Dale, 07.01.2019/vs

DALE IL- hallnemnd- oppdatert 07.01.2019/vs Side 25(25)