Nord- og jordskifterett

Rettsbok

Sak: 1200-2013-0024 Skraamestø, gnr. 37

Gnr. 37 i Askøy kommune

Oppstarta: 31.10.2013

Avslutta: 15.11.2013

RETTSMØTE

Møtedag: 31.10.2013 Stad: Bekkeneset i Askøy kommune Sak nr.: 1200-2013-0024 Skraamestø, gnr. 37, Askøy kommune

Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova § 88

Jordskiftedommar: Cathrine Liss Hoddevik, som einedommar etter jordskiftelova § 9 andre ledd

Protokollførar: Cathrine Liss Hoddevik

Saka er kravd av: Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen

Til handsaming: Inngåing av rettsforlik

Partar: Eigar av gnr. 37/171, Terje Knutsen Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen

Eigedomane ligg i Askøy kommune.

Til stades: Terje Knutsen og Stein Erik Hansen

På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var sett saman på.

Ingen kjende til noko som kunne tilseia at jordskiftedommaren var ugild.

Følgjande dokument vart framlagde: 1. Krav om sak for jordskifteretten fra Stein Erik Hansen, datert 24.06.2013 Vedlegg 1. Målebrevskart for gnr. 37 bnr. 139 og kart av 17.08.2011 Vedlegg 2. Fire bilder over området Vedlegg 3. Tre situasjonskart over området 2. Forkynning av ny sak til Terje Knutsen, datert 19.07.2013 3. Innkalling til rettsmekling, datert 02.09.2013 4. E-post fra Stein Erik Hansen, datert 03.09.2013 Vedlegg 1. Beskrivelse av sakens historie Vedlegg 2. Kart datert 17.08.2011 Vedlegg 3. Målebrevkart på gnr. 37 bnr. 139 Vedlegg 4. 4 foto Vedlegg 5. Norkart 2012 Vedlegg 6. Kart målestokk 1:500 Vedlegg 7. Foto/Kart Vedlegg 8. Mareono kart Vedlegg 9. Foto Vedlegg 10. Forhåndsvarsel om pålegg om retting Vedlegg 11. Foto 5. Innkalling til rettsmekling, datert 17.10.2013

1200-2013-0024 SKRAAMESTØ, gnr. 37Nord- og Midhordland jordskifterett 1

Ingen nye dokument vart lagt fram.

Eigar av gnr. 37/171, Terje Knutsen og eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen var samde om at forhandlingar om forlik skulle førast. Partane vart gjort merksame på verknaden av eit rettsforlik, under dette at eit rettsforlik har same verknad som ein rettskraftig dom. Det blei etter dette inngått slik:

Rettsforlik: Mellom eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen og eigar av gnr. 37/171, Terje Knutsen er det i rettsmøte i dag inngått følgjande rettsforlik vedrørande eigedomsgrensa mellom våre eigedomar:

1. Grensa på land mellom gnr. 37/139 og gnr. 37/171 går innom punkta 1, 2, 3 og 4 og vidare til sjø. Denne grensa er merkt og målt inn i rettsmøtet i dag og Nord- og Midhordland jordskifterett utformar grenseskildring. 2. Grensa i sjø mellom gnr. 37/139 og gnr. 37/171 går slik som innteikna på vedlagte kart, datert 31.10.2013, til dette rettsforliket. Denne grensa går utover i sjø, så langt grensa er felles for desse eigedomane. 3. Dette rettsforliket er ikkje rettsleg bindande for naboeigedomar. 4. Nord- og Midhordland jordskifterett kartfester grensa på land og i sjø. Jordskiftekartet inngår som ein del av dette rettsforliket. 5. Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen skal betale jordskiftekostnadane. 6. Vi er merksame på verknaden av eit rettsforlik, under dette at rettsforliket har same verknad som ein rettskraftig dom.

Forliket er opplest og vedtatt. Bekkeneset, Askøy kommune 31.10.2013 (sign.) Eigar av gnr. 37/139 Stein Erik Hansen

(sign.) Eigar av gnr. 37/171 Terje Knutsen

(sign.) Jordskiftedommar Cathrine Liss Hoddevik

Jordskiftedommaren orienterte kort om fordeling av kostnader og vidare sakshandsaming og erklærte rettsmøtet for avslutta og saka utsett inntil vidare.

Retten heva. Bekkeneset, 31.10.2013

Cathrine Liss Hoddevik (sign.)

1200-2013-0024 SKRAAMESTØ, gnr. 37Nord- og Midhordland jordskifterett 2

RETTSMØTE

Møtedag: 15.11.2013 Stad: Statens hus i Sak nr.: 1200-2013-0024 Skraamestø, gnr. 37, i Askøy kommune

Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova § 88

Jordskiftedommar: Cathrine Liss Hoddevik, som einedommar etter jordskiftelova § 9 andre ledd

Protokollførar: Cathrine Liss Hoddevik

Saka er kravd av: Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen

Til handsaming: Grenseskildring, fordeling av jordskiftekostnadar og avslutning av saka.

Partar: Eigar av gnr. 37/171, Terje Knutsen Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen

Eigedomane ligg i Askøy kommune.

Til stades: Ingen av partane var innkalla til dette møtet.

Følgjande nye dokument vart framlagde: 6. Rettsforlik mellom eigar av gnr. 37/171, Terje Knutsen og eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen, datert 31. oktober 2013. Vedlegg 1. Kart, datert 31.10.2013.

1 Grenser

1.1 Grenseforklaring og målegrunnlag

GRENSESKILDRING

Jordskiftesak nr. : 1200-2013-0024 Kommune: Askøy Vedteken av: Nord- og Midhordland jordskifterett Koordinatsystem: Euref89(WGS84) Sone 32

I den etterfølgjande grenseskildringa er dei oppgitte retningane i henhold til sant nord med 400 gon inndeling av sirkelen. Dei oppgitte avstandane er horisontalmålt og koordinatane refererer seg til Euref89(WGS84) akse 32. Grensa og grensemerka er teikna på kart i målestokk 1:500, kartnr. 125220. Det er berre brukt godkjente grensemerke av aluminium påstempla jordskifteretten sitt merke.

1200-2013-0024 SKRAAMESTØ, gnr. 37Nord- og Midhordland jordskifterett 3

Ved måling av grensepunkt er det brukt GPS (Topcon) med krav til kvalitet i samsvar med jordskifterettens prosedyre for utføring av RTK måling i områdetype 3a, sprettbygd/dyrka mark med kartkvalitet FKB-C. Maksimal tillat punktdeformasjon for områdetype 3a er på 0,1 meter. Målte grensemerke skal ha en målenøyaktighet som skal ligge på 1/3 og mindre av overståande feilgrense.

Grense 1 Eigedom til venstre: Gnr. 37 bnr. 171 Eigedom til høyre: Gnr. 37 bnr. 139

Grensa tek til i felles nabogrense og går vidare i retning 124 gon til punkt 1.

Punktnr Beskrivelse Retning Avstand X-koordinat Y-koordinat

1 Umerket grensepunkt 6716666,61 280615,77

124,22 1,50

2 Off. godkj. grensemerke i stein 6716666,05 280617,16

124,21 9,68

3 Off. godkj. grensemerke i 6716662,46 280626,15

124,21 2,00

4 Umerket grensepunkt 6716661,71 280628,01

138

Grensa fortsetter vidare ut i sjø i retning 138 gon frå umerket punkt 4. Denne grensa går utover i sjø, så langt grensa er felles for desse eigedomane, jf. punkt 2 i rettsforliket.

2. Andre avgjerder

2.1 Jordskiftekostnader Jordskifteretten har valt å redusera sakskostnadene med eit partsgebyr som følgje av den avgrensa arbeidsmengda, jf. jordskiftelova § 74, åttande ledd.

På bakgrunn av dette vert kostnadene slik:

Registreringsgebyr kr 4.300.- Partsgebyr (1,8 × 860,- × 1) kr 1.548.- Grenselengdegebyr (2 × 860,-) kr 1.720.- Grensemerker (2 × 75,-) kr 150.- Sum kr 7.718.-

Eigar av gnr. 37/139, Stein Erik Hansen skal dekke kostnadene i saken, jf. punkt 6 i forliket, datert 31. oktober 2013. Kostnadene er som følgjer:

Gnr./bnr. Eigar skal betale har betalt skuldar har til gode kr kr kr kr 37/139, Stein Erik Hansen 7.718,00 4.300,00 3.418,00 0,00

SUM 3.418,00

1200-2013-0024 SKRAAMESTØ, gnr. 37Nord- og Midhordland jordskifterett 4

Dei pålagde beløpa forfell til betaling 15 dagar frå forkynningsdatoen. Dersom du skuldar pengar vil dette bli krevd inn av Domstoladministrasjonen i eige brev.

2.2 Avslutting av saka Saka blir avslutta i dette møtet.

2.3 Forkynning og mogelegheit for anke Forkynning skjer etter reglane for postforkynning. Fristen for anke er ein månad frå forkynning. Reglane om anke er lagt ved forkynninga.

2.4 Iverksetjing Saka trer i kraft når den er rettskraftig. Saka er rettskraftig når ankefristen er ute. Dersom saka blir anka, blir saka rettskraftig når ankesaka ikkje lenger kan ankast.

2.5 Matrikkelføring Jordskifteretten vil setja fram krav om matrikkelføring av saka, når saka er rettskraftig.

2.6 Tinglysing Saka vil bli tinglyst på følgjande eigedomar i Askøy kommune: gnr. 37/171 og gnr. 37/139.

Retten heva. Bergen, 15.11.2013.

Cathrine Liss Hoddevik (sign.)

1200-2013-0024 SKRAAMESTØ, gnr. 37Nord- og Midhordland jordskifterett 5