BOKÅRET 2019 HORDALAND PROGRAM Innhald

2 Klimaturne på bokbussane, Adele Duus 4 The Urban Legend, Josef Tzegay Yohannes 5 Barnebokbad med Maria Parr 6 Oldefars ulveskinnspels, Sommarles turneoversikt, Adele Duus 8 Klovnar på bokbussen! Kristin Trætteberg og Sigrid Trætteberg Fahl 10 Fløgstad verk og musikk, Kjartan Fløgstad, Heming H. Gujord og Gabriel Fliflet 12 Å finne seg sjølv, Vigdis Hjorth 14 Kva skjer etter siste side? Stian Hole 15 Pling vaken! Irene Ahnell og Mette Scarth Tønseth 16 Historie og krim med 17 Sprut - historia om kroppsvæskane våre, Åsmund H. Eikenes 18 Slåttekarar i himmelen og jordmødre på jorda, Edvard Hoem

Dette er eit oversyn over Hordaland fylkeskommune sine turnear i samband med Bokåret 2019. Programmet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Spørsmål kan rettast til Hordaland Fylkesbibliotek: [email protected]

Frå klimaskurk til klimadultar? KLIMATURNE PÅ BOKBUSSANE 2. APRIL - 16. MAI

2 Saman med fem bokbusskommunar tilbyr Hordaland fylkeskommune eit program som skal løfte fram kva den enkelte kan gjere for å få eit betre klima.

Skodespelar og forfattar Adele Duus kjem på besøk til skulane i Meland, Lindås, Voss , Osterøy og Kvinnherad. Ho har med seg eit program der ho gjennom samtale, improvisasjon og rollespel prøver å engasjere borna til å bli "klimadultarar". Slik kan dei bli deltakarar i arbeidet med å skape eit Prima Klima!

Kva kan borna gjere for å gje ein dult for klimaet, og kva kan dei påverke foreldra og skulen til å gjere? Det er vanskeleg å flytte fjell, men det kvar og ein kan bidra med tel med i den store klimarekne- skapen.

I programmet får borna ta del i rollespel som illustrerer og levande- gjer korleis ein går frå å vere ein klimaskurk til ein klimadultar.

Programmet er tilpassa 5. og 6. trinn, men ved små skular vil Adele tilpasse programmet til alders- gruppa som kjem på programmet.

Vi har laga ein faldar som vert BOKBUSSANE delt ut til borna. Han inneheld informasjon om klima og om pro- KØYRER HIT: grammet, lesetips og tips til gode nettstader borna kan besøkje. Osterøy Lesetipsa er høvelege bøker for born på mellom- Tys. 2. april Haus skule trinnet, og vi vil så langt det er Hjellvik Monts. råd prøve ha bøkene tilgjengeleg Hamre på bokbussane. Ons. 3. april Valestrand skule Tors. 4. april Hosanger Monts. Fotlandvåg Adele Lærum Duus er Lonevåg skule skodespelar, figurspelar, forfattar Voss og litteraturformidlar frå Bergen. Ho er cand.philol. i Tys. 23. april Palmafossen litteraturvitskap og driv sitt eige Ons. 24. april Bjørgum vesle teater- og litteratur- Tors. 25 april Gjernes Fre. 26 april Evanger el. Bulken formidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særlig har barn Lindås som målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør- Mån. 13. mai Seim skule Norge med framsyningane og Kløvheim formidlingsopplegga sine sidan Myking Tys. 14. mai Grasdal 2005. Vestbygd skule Rossland Ons. 15. mai Eikanger skule Ostereidet Leiknes Tors. 16. mai Alversund

Adele har også ein annan turne i Hordaland i 2019, les meir om den på side 6 og 7.

3 THE URBAN LEGEND

I 2010 fekk Josef Tzegai Yohannes Måndag 8 april: idéen til ein ny og moderne superhelt: The Bømlo kl. 10.30 Urban Legend. Læraren Malcolm bur til å byrje med i den fiktive byen Capital City. Når kriminelle Tysdag 9. april: ein dag tar livet av fetteren hans, sverjar Malcolm å Øygarden kl 09.30 og kjempe mot kriminalitet. 10.30 Han blir superhelten The Urban Legend, som kjempar Fjell kl. 13.00 mot kriminalitet og for sosial rettferd over alt i verda. Askøy kl.17.00 Etter kvart vitjar Malcolm til og med , og møter mellom anna B-gjengen. Onsdag 10. april: Sund kl 09.30 Teikneserien har hatt internasjonal suksess, til dømes i USA. Teikneserien handlar ikkje berre om å kjempe mot skurkar, men tar heile tida opp samfunnsrelevante tema. Yohannes vil fokusere på mobbing, og vise korleis teikneseriar kan kaste lys over dei alvorlige konsekvensane mobbing kan ha. Han vil vise korleis ein tekneserieskapt helt kan være ei støtte for born og unge i ynskje deira om å følgje draumane sine.

Det er ope for spørsmål, og det heile blir avslutta med ein digital quiz. Foto: Ola Eggen 4 BARNEBOKBAD MED MARIA PARR

Foto: Agnete Brun

Torsdag 6. juni: Austrheim kl. 08.30 Masfjorden kl. 12.30

Fredag 7. juni: Os - Barnebokbad med elevar på 6. trinn, 10:00-11:00 - Barnebokbad med elevar på 5. trinn, 12:00-13:00

I februar 2019 blei Maria Parr tildelt Sult-prisen frå Gyldendal norsk forlag. Det var første gong ein barnebokforfattar fekk prisen. Parr fekk prisen for dei tre bøkene Vaffelhjarte (2005), Tonje Glimmer- dal (2009) og Keeperen og havet (2017). Den første og tredje boka handlar om venene Lena og Trille frå den vesle staden Knert-Matilde. Den andre handlar om den eigenrådige villstyringen Tonje frå Glimmerdalen, som lever etter mottoet «fart og sjølvtillit».

Felles for alle bøkene er at borna og deira opplevingar av verda står i sentrum med sprelske og underfundige påfunn. Alle bøkene har eit friskt og leikande språk, og dei tar opp både humoristiske og alvor- lege tema på ein måte som born lett kan kjenne seg igjen i. I bøkene sine har Parr skapt barnekarakterar som har blitt samanlikna med klassikarar som Pippi Langstrømpe og Ronja Røvardatter.

Det har blitt sagt at Parr tar borna på alvor og møter dei på deira premissar. Det er nettopp dette som skal skje på dette arrange- mentet. Forfattaren møter skuleelevar til bokbad der ho svarer på alt dei måtte vere interesserte i å vite om bøkene hennar, spesielt Keeperen og havet! 5 OLDEFARS ULVESKINNSPELS TURNÉ SOMMARLES 2.-14. SEPTEMBER med Adele Lærum Duus

Oldefars ulveskinnspels er ei solo figurteaterframsyning basert på biletboka med same namn, der vi følgjer forfattaren Adele Lærum Duus inn i det store gamle huset på leiting etter historia om oldefar som var doktor i gamle dagar.

"Då eg var lita, elska eg å høyre farfar fortelje historier frå gamle dagar, og spesielt dei om oldefar som var doktor på Voss. Vi kikka på gamle, gulna bilete i familiealbuma, der alvorlege fjes stirra på oss, og verka skumle og langt borte. Men når farfar fortalde vart menneska levande for meg, og eg vart aldri lei av å høyre om kven dei var og korleis dei levde. Historiene var dramatiske, dei var spennande, dei var lattervekkande og av og til triste."

Gjennom skyggespel, figurteater, luker som vert opna, film, musikk og forteljing, vert vi kjende med oldefar og den myndige kona hans Olly.

Frå framsyninga "Oldefars ulveskinnspels". Regi: Annicke Gill Musikk: Hallvard Lærum

6 TURNEOVERSIKT Oldefars ulveskinnspels

STAD DATO TIDSPUNKT Osterøy bibliotek Måndag 2. sept 17.00 Samnanger bibliotek Tysdag 3. sept 10.00 Ullensvang bibliotek Tysdag 3. sept 17.30 Kinsarvik Odda bibliotek Onsdag 4. sept 10.00 Kvinnherad bibliotek Onsdag 4. sept 18.00 Jondal bibliotek Torsdag 5. sept 11.00 Etne bibliotek Torsdag 5. sept 17.00 Fusa folkebibliotek Fredag 6. sept 11.00 Os folkebibliotek Fredag 6. sept 17.00 Kvam bibliotek Laurdag 7. sept 14.00 Granvin bibliotek Måndag 9. sept 17.00 Voss bibliotek Tysdag 10. sept 17.00 Vaksdal folkebibliotek Onsdag 11. sept 17.30 Masfjorden folkebibliotek Torsdag 12. sept 12.00 Meland bibliotek Torsdag 12. sept 17.00 Bergen off. bibliotek Laurdag 14. sept 17.00 Bømlo folkebibliotek Måndag 16. sept 17.00 Eidfjord bibliotek Tysdag. 17. sept 10.00

Adele Lærum Duus (f.1974) er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar frå Bergen. Ho er cand.philol. i litteraturvitskap og driv sitt eige vesle teater- og lit- teraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der Foto: ho særlig har barn som Jonas Duus målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør-Norge med framsyningar og formidlingsopplegg sidan 2005.

Våren 2012 kom biletboka "Oldefars ul- veskinnspels" ut, med il- lustrasjoner av Elisabeth Moseng. I 2015 kom "Farfars bombekrater", som er ei fritt- ståande fortsetjing av "Oldefars ulveskinnspels".

7 KLOVNAR PÅ BOKBUSSEN!

Veke 38 16.-20. september: Meland, Lindås og Osterøy Veke 40 30. sept.-4. oktober: Voss

Kva skjer når ein klovn vert med bokbussen på tur? Kva bøker lånar ein klovn, og kva er klovnar opptekne av? Er det mogleg å bli skikkeleg bokgal!?

Til hausten kan de få besøk på skulen av klovnen Tipp eller klovnen Topp når dei legg ut på turne med bokbussen. Gjennom ei lita framsyning vert bøker som er både moro- same, alvorlege og spennande, presentert på ein kreativ og annleis måte.

Målet med framsyninga er at elevane skal få lyst til å lese bøker; å auke elevane si leselyst og motivere til eit besøk på biblioteket.

Målgruppa er elevar på 3.trinn, og bøkene tek utgangspunkt i Leseland-serien.

Førestillinga er eit bra utgangspunkt for eit bibliotekbesøk og/eller leseaksjon for elevane.

8 Foto:

Kristin Trætteberg

Magni Håland Sigrid Trætteberg Fahl

Av og med:

g o 9 FLØGSTAD VERK O G MUSIKK

Tysdag 1. oktober: Stord Onsdag 2. oktober: Voss

Kjartan Fløgstad har gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Si- dan har han prega både den lit- Foto: terære og politiske debatten i Noreg. Julie Pike I bøkene har han ofte kombinert marx- istisk samfunnsanalyse med ein litterær «magisk realisme».

Særeige for Fløgstad er kombinasjonen av det seriøse og alvorlege med det humor- istiske og folkelege, til dømes satire, ordspel og blødmer, overdrivingar og parodi. Han nyttar også ofte forteljargrep frå krimsjangeren.

På dette arrangementet presenterer Fløgstad den nye boka si som kjem ut hausten 2019. Foto: Sara Berntsen

Ein får også høve til å møte litteraturforskaren og Fløgstadekspert Heming H. Gujord. I 2018 gav han ut boka Fløgstad verk. Boka gjev ei samla framstilling av Fløgstads bøker, og er den mest omfattande analysen som er gjort av det mangfaldige forfattarskapet. Få, om nokon, her til lands har like god oversikt over forfattarskapet til Fløgstad som Gujord. Han presenterer boka si, og samtaler med Fløgstad.

Sist, men slettes ikkje minst, skal musikaren Gabriel Fliflet og Fløgstad presentere dikt og songar frå boka Sandharpesongar, (2018), ei samling av songtekstane til Fløgstad. Songane vi får høyra denne kvelden, er det Fliflet som har tonesett.

Foto: Hans Jørgen Brun Mange kjenner Gabriel Fliflet frå sam arbeidet med perkusjonist Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre. Trekkspel er hovudinstrumentet, men han spelar også piano og syng. Fliflet har laga verk tinga av m. a. Festspela i Bergen og Vossajazz. Han har tid- legare samarbeidd med fleire forfattarar, til dømes Jon Fosse, Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland og Einar Økland. 10 Kjartan Fløgstad (f. 1944). Forfattar. Utvalde titlar: Dalen Portland (1977), U3 (1983), Kron og mynt (1998), Grense Ja- kobselv (2009).

Heming Gujord (f. 1968). Førsteamanuensis i nordisk fagdi- daktikk/litteratur ved UiB. Bøker: Olav Duun (2007), Fløgstad verk (2018).

Gabriel Fliflet (f. 1958). Musikar. Medlem av musikkgruppene Rimfakse, Fri flyt, SALT og Fliflet/Hamre, i tillegg til ei rekkje samarbeid med andre musikarar nasjonalt og internasjonalt. Han har gjeve ut fire soloplater, sist: Sevje (2017).

11 Å FINNE SEG SJØLV

Måndag 18. november kl. 19:00 : Fitjar Tysdag 19. november kl. 18:30 : Fedje Onsdag 16. november kl.19:30 : Etne Torsdag 21. november kl. 19:00 : Fjell

Med boka Fransk åpning (1992) fekk Vigdis Hjorth rykte på seg som ein erotisk forfattar. Etter kvart har bøkene hennar vist at ho er mykje meir enn det. Minst like mykje handlar bøkene om grunnleggjande eksistensielle spørsmål.

Dei fleste hovudpersonane hennar føler seg framandgjorte i høve til verda og andre menneske. Hovudpersonen i Et norsk hus (2014) lir til og med av «menneskefobi». Hovudpersonane hennar må ikkje berre freiste å finne tilbake til andre menneske, men å finne tilbake til seg sjølve. Det handlar om å finne fram til noko som kan gje livet meining igjen. I bøker som Død sheriff (1995) Om bare (2001), Fordeler og ulemper ved å være til (2005), Hjulskift (2007), Snakk til meg (2010), er hovudpersonene på ei op- pdagingsreise for å «finne seg sjølve» og meining i tilveret, anten det inneber å reise til Røros for å vere med på dra- makurs, innleie stormfulle for- hold til litteraturprofessorar, drive pensjonat, inngå forhold til menn som har mykje mindre utdanning og sosial kapital enn dei sjølve, eller reise til Cuba og få seg kjærast.

Ofte blir det eksistensielle alvoret kombinert med både humor og konkrete politiske spørsmål i norsk samtid. Boka Leve posthornet! (2012) han- dlar til dømes om motstanden mot å innføre det tredje post- direktivet til EU i Noreg. Den livstrøytte Ellinor finn ny meining i tilveret gjennom eit ekte, folkeleg politisk engasjement.

Hjorth har aldri lagt skjul på

12 Foto: Agnete Brun

Vigdis Hjorth (f. 1959). Forfattar. Utvalde titlar som ikkje allereie er nemnt: Hva er det med mor? at ho aktivt nyttar (2000), eigne 17.15 til Tønsberg (2004), opplevingar som stoff i bøkene sine, Tredje person entall som i Tredve dager i Sandefjord (2011) (2008). der hovudpersonen sonar ein promille- dom, noko Hjorth sjølv har vore open om at ho har gjort. Med boka Arv og miljø (2016), som handlar om prob- lematiske familieforhold, oppstod det ein stor diskusjon om kor tett på eige liv ein forfattar kan gå før det blir eit problem. Likevel har ho alltid insistert på at ein først og fremst må lese bøkene som fiksjon og romanar.

På dette arrangementet skal Hjorth presentere forfattarskapet sitt med hovudfokus på Arv og miljø og Lærerinnens sang (2018). Ho skal snakke om likskapar og ulikskapar mel- lom desse to bøkene.

13 KVA SKJER ETTER SISTE SIDE?

Måndag 21. okt. kl. 09:00: Radøy Måndag 21. okt kl. 12:00: Meland, Rossland bibl. Tysdag 22. okt. kl. 09:00: Kvam Tysdag 22. okt. kl.11:30 og kl.12:45: Fusa Onsdag 23. okt. kl. 10:00: Granvin Onsdag 23. okt. kl. 12:00: Eidfjord Torsdag 24. okt. kl. 10:00: Ullensvang Torsdag 24. okt. kl. 12:00: Odda Fredag 24. okt. kl. 09:30: Modalen Fredag 24. okt kl. 12:00: Vaksdal

Eit lysteleg møte om gleda med å lese og lage bilete og forteljingar, med eit program som høver best for 4. klasse og oppover.

Kunstnaren og forfattaren Stian Hole er internasjonalt kjent og pris- løna for sine grafiske arbeid og barnebøker. Med teknikken digital fotomontasje har han skapt ein heilt særeigen visuell stil. I barnebøkene hans blir dette visuelle uttrykket kombinert med eit poetisk språkleg uttrykk. Verda sett frå barneperspektiv blir mystisk og magisk, eller ho får eit draumeaktig preg. Hole lar mykje vere usagt i tekstane. Dei er dermed opne for tolking, dvs. at meining oppstår i møte mellom lesaren og boka.

Stian Hole vil her presentere grepa han nyttar som forfat- tar og biletskapar: kontrastar, rytme, synsvinkel, samspel mellom bilete, tekst og – ikkje minst – fantasien til lesaren. Han vil ta oss med på oppdagingsreiser i fantasien. Han vil lære oss å vere Foto: André nysgjerrige, bruke sansane våre, Løyning og få oss til å uvide måten vi ser ting på.

Til slutt vil han lese ei bildebok saman med publikum.

Stian Hole (f. 1969). Illustratør. Forfattar.

Utvalde titlar: Den gamle mannen og hvalen (2005), Garmanns sommer (2006), Morkels alfabet (2015)

14 PLING VAKEN!

Måndag 29.april kl.10:30 og 11:00: Bømlo Måndag 28. okt kl. 09:00 og 10:15: Fusa Måndag 28. okt. kl. 13:00: Tysnes Tysdag 29. okt. kl. 09:30: Fitjar Tysdag 29. okt. kl. 12:30: Austevoll Onsdag 30. okt. kl. 10:00: Modalen Onsdag 30. okt. kl. 12:30: Vaksdal Torsdag 31. okt. kl. 10:00: Ulvik Torsdag 31. okt. kl. 13:00: Ullensvang, Utne bibl. Fredag 1. november kl. 10:00: Lindås Fredag 1. november kl. 12:30: Austrheim

Vesle Klara får rett og slett ikkje til å sove, uansett kor mykje mora masar på henne om å gjere det. Ho gjer alt for å få sove, men ingenting hjelper. Uansett kva ho gjer, er ho like Pling vaken! Heller ikkje monsteret i skåpet hennar får sove, og det gjer det heller ikkje enkelt for Klara å få sove!

Irene Ahnéll har med seg Mette Scarth Tønseth for å lage framsyning for borna av boka som Ahnéll har skrive saman med Elisabeth Moseng.Programmet passar for born i barnehagen og 1. og 2. klasse i grunnskulen.

Irene Ahnéll (f. 1971). Fofattar. Skodespelar. Re- gissør. Elisabeth Moseng (f. 1967). Illustratør. Mette Scarth Tønseth (f. 1975). Skodespelar.

15 HISTORIE OG KRIM MED LAHLUM

Måndag 4. nov. kl. 19:00: Ulvik Tysdag 5. nov. kl. 19:00: Sund Foto: Onsdag 6. nov. kl.19:00: Austevoll Agnete Torsdag 7. nov. kl. 12:00: Kvinnherad Brun Torsdag 7. nov. kl. 18:00: Stord

Mykje kan seiast om Hans Olav Lahlum, til dømes at han er sjakk- entusiast og politikar. Først og fremst er han likevel mest kjend som krimforfattar og historikar. På dette todelte arrangementet får ein høve til å bli kjent med både krimforfattaren og historikaren Lahlum.

Som historikar har Lahlum primært konsentrert seg om politikk med bi- ografiar om norske politikarar som og . I tillegg har han skrive om amerikanske presidentar og britiske statsministrar. No er det , den tidlegare partiformannen i Arbeidar- partiet, som er tema for ein ny biografi hausten 2019. Steen var i mange år med på å prege norsk politikk og samfunnsdebatt. Lahlum skal her presentere boka si om Steen.

Som krimforfattar har Lahlum skrive 8 bøker om detektivparet Kolbjørn «K2» Kristiansen og Patricia Borchmann. Dette er ein historisk krim- serie der handlinga går føre seg på 1960-70-talet. Som krimforfattar tilhøyrer Lahlum ein «fransk-britisk» tradisjon á la Georges Simenon og Agatha Christie. Boka De fems tegn (2017) skil seg ut. Det er ein annan hovudperson, den danske etterforskaren Pernille Frederikke Andersen, og det er meir ein psykologisk spaningsroman med 2. verdskrig som tema.

Samstundes som Lahlum kjem med ny biografi, kjem han med ny spaningsroman. På den andre delen av arrangementet presenterer han denne romanen.

Hans Olav Lahlum (f. 1973). Forfattar og historikar.

Utvalde titlar: Presidentene. Fra George Washington til George W. Bush (2008), Menneskefluene (2010), De fem fyrstikkene (2012), Britiske statsministre 1900-2015. Fra Lord Salisbury til David Cameron (2015), Sjakkgeniene. Historien om verdens- mesterne (2018).

16 SPRUT - historia om kroppsvæskene våre

Måndag 4.nov. kl.10:00: Nordbygdo ungdomsskule, Stord Tysdag 5. nov. kl.11:00: Tysnes Onsdag 6.nov. kl.09:30: Lindåshallen/Lindås ungdomsskule kl.12:00: Radøy Torsdag 7.nov. kl.10:00: Jondal

Blod, sveitte og tårer skjuler spektakulære historier om mat, sex, død og evig liv. Biolog og forfattar av boka Sprut, Åsmund H. Eikenes fortel i dette føredraget eit utval historier om eigne og andre forskarar sine kroppsvæsker, og deler ny kunnskap om alt som flyt på innsida av kroppen. Her. får du vite alt du vil (eller helst ikkje vil) vite om kroppsvæskene våre. Visste du at vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv, at slimet i Foto: Tove Breistein livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget, og at ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys?

Biolog og forfattar Åsmund H. Eikenes har ein doktorgrad i cellebiologi og er ein engasjert forskingsformidlar.

Denne framsyninga høver for elevar i ungdomsskule og på vidaregåande skuler.

Åsmund H. Eikenes (f. 1986). Førstelektor UiO. Forfattar av bøkene Handboka (2016), Sprut (2018) og Håkon (2019). 17 SLÅTTEKARAR I HIMMELEN OG JORDMØDRE PÅ JORDA

Måndag 18.nov.kl.17:30: Sveio Tysdag 19.nov. kl. 11:00: Øygarden Tysdag 19.nov. kl. 18:30: Askøy Onsdag 20.nov. kl. 19:00 Kvinnherad Torsdag.21.nov. kl. 18:00: Osterøy Fredag 22.nov. kl. 18:00: Kvam mållag

Lite er meir myteomspunne enn nybyggjarlivet i Nord-Amerika, som for mange europearar var eit moderne «Kanaan», det lova landet. I slekta til Edvard Hoem var det fleire som gav seg ut på denne eventyrreisa. Hoems interesse for desse forfedrane har resultert i fire kritikarrosa bøker: Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd.

I tillegg skriv han, som i Mor og fars historie, om dei som ikkje reiste ut, men likevel levde liv som fortel oss svært mykje om utfordringane og den krevjande kvardagen for det norske folket i ei brytingstid i den norske historia.

I Jordmor på jorda fortel han om den viljesterke tippolde- mora Martha Kristine, som blei ein pionér for jordmoryrket i Noreg.

Edvard Hoem (f. 1949). Forfattar. Utvalde titlar: Kjærleikens ferjereiser (1974), Ave Eva (1987), Tid for klage, tid for Foto: dans (1996), Paal Audestad Mor og fars historie (2005). 18

Med imponerande historisk presisjon gjev Hoem oss innsikt i den menneskelege eksistensen her på jorda og inn i himmelen. Reli- gionen har vore sentral i Hoem-slekta som viktig trøyst i eit hardt til- vere, men også grunnlag for mykje eksistensiell grubling og uro.

Hoem skal fortelje om bøkene sine og alt arbeidet som ligg til grunn for å kunne skrive så truverdig om "liv andre har levd" som han har gjort.

19 Agnes Mowinckels gate 5 Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands- Postboks 7900 samfunnet.Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og 5020 Bergen kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for Telefon: 55 23 90 00 vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, E-post: [email protected] fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt www.hordaland.no samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.