Møteinnkalling Sakliste
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Fellesnemnda (Nye Sogndal kommune) Møteinnkalling Utval: FELLESNEMNDA Møtestad: Kommunestyresalen - Leikanger kommune Møtedato: 03.11.2017 Tid: 10:00 - 00:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Dagsorden 10:00 – 10:30 Sogn næring 10:40 – 11:15 Visit Sognefjord 11:25 Ordinært møte Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 13/17 17/2779-3 Fellesnemnda 2017 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar 08.09.2017 14/17 17/3229-1 Partsamansett utval 15/17 17/3312-1 Budsjett Fellesnemnda Nye Sogndal kommune 16/17 17/3386-2 Samordning av eigedomsskatt i nye Sogndal kommune - søknad om utsetjing 17/17 17/2799-6 Samanslåing Sogndal - Leikanger - Balestrand - søknad om økonomisk støtte til kyrkjeleg fellesnemnd 18/17 17/3388-6 Søknad om fritak for politiske verv i Fellesnemnda Sakene er offentleg utlagde i Tenestetorget, Sogndal bibliotek og busenteret i Fjærland. Informasjon på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no Sogndal, dato (leiar) Sak 13/17 Fellesnemnda Saksh.: Maj Britt Brendstuen Arkiv: 033 Arkivsak: 17/2779 Saksnr.: Utval Møtedato 13/17 Fellesnemnda 03.11.2017 Sak 13/17 Fellesnemnda 2017 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar 08.09.2017 1. A. Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med 19 representantar til stades Margrete Haug (Krf) møter for Senea Sanovic (AP) Sogndal Magne B. Selseng (Sp) møter for Vibeke Johnsen (SV) Sogndal Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Jarle Aarvoll Ope møte Framlegg: Representantane Margrete Haug og Jon Håkon Odd vert valde til å underteikne møteprotokollen. B. Protokoll frå møtet 08.09.2017. Godkjenning. 2. Innspel frå medlemmane 3. Orientering frå Balestrand v/ordførar 4. Orientering frå Leikanger v/ordførar 1. Byregionprogrammet v/Jon Håkon Odd 5. Orientering frå Sogndal v/ordførar 6. Orienteringar og drøftingar 1. Prosjektplan for Nye Sogndal kommune fram til tilsetjing av prosjektleiar/ny rådmann 1.1.2018 7. Skriv og meldingar 1. Innspel til Fellesnemnda, Venstre i Fellesnemnda (arkvisak 17/3416) Vedlegg: Punkt 6.1, 7.1, Maj Britt Brendstuen -politisk sekretær- Side 3 av 11 Sak 13/17 Side 4 av 11 Sak 14/17 Fellesnemnda Saksh.: Kjellaug Ekse Brekkhus Arkiv: 009 Arkivsak: 17/3229 Saksnr.: Utval Møtedato 14/17 Fellesnemnda 03.11.2017 Sak 14/17 Partsamansett utval Tilråding: Prosjektleiar vil tilrå at partsamansett utval vert samansett slik: 4 representantar frå dei tillitsvalde,med personleg vara og 6 politiske deltakarar,med personleg vara. Leiar for fellesnemda vert leiar av Partsamansett utval,med nestleiar som vara. Politiske deltakarar Sogndal Faste medlemmar Personleg vara ……………….. ……………….. ……………….. ……………….. Leikanger Faste medlemmer Personleg vara ………………. ………………… ………………. ………………… Balestrand Faste medlemmar Personleg vara …………………….. …………………. ……………………. …………………. Tilsettes representantar i det partsamansette utvalet: Vedlegg: Saksutgreiing Det vert etablert eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen etter inndelingslova §26.2.ledd med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane.Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemda sine medlemmar,og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i utvalet.Tilsettrepresentantar vert valt av tillitsvalde i kommunane.Ein representant for vernetenesta i kommunane møter med tale-og forslagsrett.Utvalet skal handsame saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og tilsette,jamfør Kommunelova § 25,inndelingslova §26 og Hovudavtalen. Side 5 av 11 Sak 14/17 Utvalet skal gi uttale i saker som vedkjem overordna personalpolitiske spørsmål,retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga. Bakgrunn: I vedteke reglement for fellesnemda- for samanslåing av kommunane Balestrand,Leikanger og Sogndal ,skal det vere 4 tillitsvalde representert i partsamansett utval. PSU skal lage eit omstillingsdokument som: Harmoniserer reglementa(tilsettingsreglement,permisjonsreglement,m.m) i kommunane Utarbeider ein felles lønspolitikk for alle tilsette som harmoniserer lønsskildnader over tid. Vurdering: Det er gjort vedtak om 4 tillitsvalde i PSU ,i dokumentet- reglement for fellesnemda. Det er frå tillitsvalde framsett ynskje om å delta med 6 representantar ……dei meinar at brei deltaking er ein styrke,då det i prosessen vil verte kravd at dei i større grad deltek på kurs,møter,arbeidsgrupper og utval m.m.Ein skal setje seg inn i dokument,kartleggje andre kommunar,byggje nettverk. Dette er ei verksomheit overdragning og tillitsvalde skal inkluderast,dei ynskjer å bidra positivt inn i prosessen. Prosjektleiar vil tilrå, å innstille på val av 4 tillitsvalde i PSU,slik det framgår av vedteke reglement.Arbeidsgjevar sine representantar skal vere i fleirtal og ein tilrår at fellesnemda vel 2 medlemmar frå kvar kommune, 6 i talet. Det må og veljast leiar og nestleiar for partsamansett utval Arbeidsgjevar må deretter drøfta frikjøpsressurs for dei tillitsvalde. Side 6 av 11 Sak 15/17 Fellesnemnda Saksh.: Kjellaug Ekse Brekkhus Arkiv: 151 Arkivsak: 17/3312 Saksnr.: Utval Møtedato 15/17 Fellesnemnda 03.11.2017 Sak 15/17 Budsjett Fellesnemnda Nye Sogndal kommune Tilråding: Budsjett for Fellesnemnda Nye Sogndal kommune vert vedteke slik det ligg føre, jf. inndelingslova § 26. Fellesnemnda Nye Sogndal kommune delegerer til prosjektleiar mynde til å tilvisa i samsvar med vedteke budsjett/vedtak. Vedlegg: Saksutgreiing: Bakgrunn: Stortinget har gjort vedtak om å slå saman kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal frå 01.01.2020. Kommunestyra i dei tre kommunane har vedtek ein plattform for samanslåinga av kommunane og eit reglement for Fellesnemnda. Fellesnemnda har det politiske ansvaret for samanslåinga. Arbeidet med kommunesamanslåinga vert organisert som eit prosjekt fram til den formelle samanslåinga. Budsjett for kommunesamanslåinga for prosjektperioden 2017 – 2019 vert no lagt fram for drøfting og godkjenning av fellesnemnda. Prosjektet har samla motteke 34,8 mill. kroner. Etter søknad er det motteke 4,0 mill. kroner i infrastrukturmidlar og 30,8 mill. kroner i tilskot til eingongskostander ved kommunesamanslåinga. I tråd med avgjerd i styringsgruppa vert prosjektrekneskapen ført av Balestrand kommune. Det er oppretta ansvar 900 Nye Sogndal kommune i rekneskapen der inntekter og utgifter knytt til kommunesamanslåinga blir registrert. Sogndal kommune har ansvar for arkiv. Sogn og Fjordane revisjon IKS vil vere revisor for fellesnemda. Vurdering: Administrativ styringsgruppe vil tilrå budsjett 2017 slik det ligg føre. Side 7 av 11 Sak 15/17 Budsjett Fellesnemnda Nye Sogndal kommune Budsjettpostar Sum B 2017 B 2018 B 2019 Godtgjersle og andre utgifter folkevagte 90 000 90 000 Tapt arrbeidsforteneste - Revisjon og kontrollorgan - Prosjekttilsette, x årsverk - Prosjektgruppeleiarar, x årsverk - Tillitsvalgte/frikjøp, x årsverk - Andre adm.kostander ( Arkiv, rekneskap m.m) 300 000 300 000 Konsulentbistand prosjektarbeid - Servering, møte, kurs, samlingar 20 000 20 000 Leiarutvikling - Kommunikasjon, informasjon, annonsar 50 000 50 000 Programvare, lisensar - Ekstern kulturbygging - Konsulentbistand digitalisering, implementering - Planarbeid ( utvikling , samfunnsdel m.m. ) 20 000 20 000 Tilskot fellesrådet Balestrand, Leikanger og Sogndal 150 000 150 000 Konsulent for ekstern rekruttering 250 000 250 000 Prosjektleiar 75 000 75 000 - - - - - - Reserve / ikkje disponert - Delsum kr 30.800.000 955 000 955 000 - - Prosjekt Digital kommune 2 000 000 2 000 000 Planlegging/reguleringsplan ny rassikringsbru Esefjorden 1 000 000 1 000 000 Hangar på Sogndal lufthamn 1 000 000 1 000 000 Totalt kr 34.800.000 4 955 000 4 955 000 - - Side 8 av 11 Sak 16/17 Fellesnemnda Saksh.: Johannes Sjøtun Arkiv: 232 Arkivsak: 17/3386 Saksnr.: Utval Møtedato 16/17 Fellesnemnda 03.11.2017 Sak 16/17 Samordning av eigedomsskatt i nye Sogndal kommune - søknad om utsetjing Tilråding: Fellesnemnda søkjer Fylkesmannen om utsett frist for harmonisering av eigedomsskatten i nye Sogndal kommune for 2020 og 2021. Saksutgreiing: Det vert vist til brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet av 30.06.2017 om korleis departementet vurderer den vidare kommunereformprosessen for kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal. I dette brevet skriv departementet m.a. at kommunane bør vurdere om det er naudsynt med unntak frå lover og reglar for å kunne gjennomføre samanslåinga. Eksempel på slikt unntak kan vere unntak frå fristane m.v. for å krevje inn eigedomsskatt. Dei tre kommunane har ulike regime for innkrevjing av eigedomsskatt. Takstgrunnlag, skattenivå m.m. er ulikt. I den nye kommunen må ein etablere eit felles takstgrunnlag (rammer og retningsliner) som skal vere grunnlag for utrekninga av skatten. Også skattesatsane må gjelde felles for den nye kommunen. For å få til eit nytt system for eigedomsskatten, må ein etablere eit eige prosjekt som del av kommunereform-prosessen. Truleg kan dette først skje når nytt kommunestyre er på plass og ein har felles system og prinsipp for taksering. Fram til dette nye regimet er etablert, må den nye kommunen nytte dei takstane og prinsippa som i dag gjeld i dei kommunane. Det trengs derfor ein overgangsperiode etter at den nye kommunen er etablert, til å få på plass nytt, felles eigedomsskatteregime. Ny ordning for eigedomsskatt i den nye kommunen bør vere på plass i løpet av to år etter at kommunen er eit faktum. Sjølv om dei tre kommunane har ulike reglar på dette området, kan det nye kommunestyret likevel justere skattesatsane («promillen») i samband med budsjetthandsaminga.