Årsmelding hundeklubb 2009

Styret 2009 Leiar: Tone Søgaard Kasserar: Lars Torbjørn Horge Skrivar : Hilde Nielsen Styremedlem: Marianne Byrkjeland Styremedlem: Marianne Brurok

Styremøte i meldingstida: 2 Styret har arbeidd etter årsplan for klubben (01.04.09 - 01.04.10). Aktivitetane er lista opp under. Oppgåvene i høve til planen vart fordelte og planen vart revidert etter behov.

I 2009 var inntekter og kostnader om lag på same nivå. Dette medfører at eigenkapital er på nivå med fjoråret, omlag kr.153.000. Plan for for lys og inngjerding av grusbanen bak yrkesskulen i Steinsdalen er førebels lagt på vent.

Klubbmedlemer skal også i år gratulerast med gode innsatsar og resultat i høve til prøvar, konkurransar og utstillingar !

Til slutt vil eg takka gode ambassadørar for eit sunt og positivt hundehald i Kvam !

Tone Søgaard Leiar

FASTE AKTIVITETAR

Sosial og konkurranse trening, lydnad

Tid og stad: Kvar måndag, store deler av året, grusbanen og Vikøy Aksnes skule Ansvarleg: Heidi Milje Påmelde: 15

Aktivitet der 2 og 4-beinte kan koma og sosialisera seg sjølv og hundane. Ansvarleg syter for at trening vert gjennomført og hjelper til ved behov. Vidare har ansvarleg sytt for at der stundom vert sett opp ”ring” slik at dei som ynskjer det har fått høve til å trena mest mogleg likt ein reell konkurranse.

Sportrening

Tid og stad: Tysdagar gjennom store deler av sommarhalvåret, Kvamskogen Ansvarleg: Hilde Nielsen Påmelde: 13

Ansvarleg organiserer sportreningar i supert terreng ! Dei som møter hjelper kvarandre og ansvarleg syter for at dei som ikkje har kunnskap om spor frå før får den opplæringa dei treng.

Rundering

Tid og stad: Torsdagar gjennom store deler av sommarhalvåret, Soldal Ansvarleg : Tone Søgaard Påmelde: 8

Ansvarleg syter for at kvar einskild ekvipasje får den hjelpa dei treng i høve til det nivået dei er på.

Agility

Tid og stad: Anna kvar onsdag gjennom store deler av året, grusbanen bak ”yrken” i Steinsdalen Ansvarleg: Kristin Bergan Påmelde: 10

Ansvarleg planlegg og syter for at der vert sett opp treningsbane på plassen bak ”yrken”. Kvar einskild ekvipasje får hjelp på det nivået dei er.

KURS 2009

 Kvalpekurs: Kvam hundeklubb har halde 4 kvalpekurs, 23 deltakarar

 Grunnkurs: Det har vore halde 5 grunnkurs, 30 deltakarar

 Diverse kurs: o Innkalling, 1 kurs 5 deltakarar o Agility, 1 kurs, 5 deltakarar o Brukslydnad, 1 kurs, 5 deltakarar o Klikkerkurs / appellmerke, 1 kurs, 8 deltakarar

Instruktørar på kursa har vore Marianne Byrkjeland, Hilde Nielsen og Tone Søgaard Hjelpeinstruktør har vore Kari Gregersen, Heidi Milje og Ann Kristin Håland

KONKURRANSAR 2009

 Offisiell lydnadskonkurranse Marianne Byrkjeland hadde hovudansvar for konkurranse i lydnad 05. april, 2009.

 Offisielle sporkonkurransar Marianne Brurok / Tone Søgaard hadde hovudansvar for dobbel spor konkurranse 10. og 11. oktober. Dommar: Audun Gudbrandstuen

YMSE

 Klubbtur med konkurransar I november reiste ein glad gjeng frå Kvam hundeklubb til på utstilling og for å konkurrera i lydnad. Andre var med som heiagjeng ! Takk til reiseleiar, Kari Gregersen.