Vår dato: Vår ref: 14.10.2020 2020/13792

Dykkar dato: Dykkar ref:

Mottakarar etter liste Saksbehandlar, innvalstelefon Jorunn Fosse Fidjestøl, 5764 3156

Vedtak i klagesak som gjeld detaljregulering for fv. 60 Hildestranda – , gang og sykkelveg, kommune

Vi viser til oversending frå Stryn kommune 10.09.2020, som gjeld klage på vedtak frå kommunestyret 26.11.2019, sak 109/19. Det er klaga innan fristen, og vilkåra for å handsame saka er oppfylte.

Vedtak Fylkesmannen opphevar vedtaket frå Stryn kommunestyre 26.11.2019, sak 109/19, der detaljreguleringsplanen for fv. 60 Hildestranda – Innvik, gang og sykkelveg, plan-ID 2012010, vart godkjent.

Bakgrunn for saka Kommunestyret i Stryn vedtok detaljreguleringsplanen for fv. 60 Hildestranda – Innvik, gang og sykkelveg, i sak 109/19 den 26.11.2019. Planframlegget vart sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 03.10.2017 til 14.11.2017. Melding om planvedtaket vart sendt til aktuelle grunneigarar i eige brev den 11.06.20, og kunngjort på Stryn kommune sine nettsider og i lokalavis den 16.06.20.

Målet med planarbeidet er å regulere ein ny gang- og sykkelveg frå krysset med Viking camping til Innvik sentrum. Det er viktig at gang- og sykkelvegen vert plassert og utforma slik at den vert eit naturleg val for alle dei gåande og syklande. Tiltaket skal legge til rette for trygg ferdsel til og frå barneskulen i Innvik og for brukarane elles langs vegstrekninga. For ikkje å gjere det vanskeleg for ei seinare utviding av fv.60, regulerer ein no også for utviding av fv.60.

Frå før gjeld kommunedelplan for Innvik frå 2006, og fleire reguleringsplanar. Det går fram av planomtalen at det er teke utgangspunkt i dei eksisterande planane for å plassere gangvegen mest mogleg i samsvar med desse. Der det ikkje er gjeldande reguleringsplan, har ein regulert i samsvar med kommunedelplanen.

De har som eigarar av gbnr. 122/19 klaga på reguleringsplanvedtaket 04.07.2020. De hevdar det er gjort sakshandsamingsfeil ved at det vart gjort endringar i planframlegget etter offentleg ettersyn som slår negativt ut for dykk, utan at de fekk uttale dykk om endringa. De meiner det er feil at

E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 57 64 30 00 [email protected] Njøsavegen 2 Njøsavegen 2, www.fylkesmannen.no/vl Sikker melding: 6863 Leikanger Statens hus, Kaigaten 9, www.fylkesmannen.no/melding Fjellvegen 11, Førde Org.nr. 974 760 665

Side: 2/5

dykkar grindløe vert omtala som uthus. De har også bede om synfaring og utsetjing av slutthandsaming av planen. Merknaden vart ikkje lagt fram for kommunestyret.

Stryn kommune ved sektorutval for tekniske tenester handsama klagen i møte 03.09.2020, sak 091/20, men fann ikkje grunn til å ta klagen til følgje. Saka vart deretter oversendt hit for endeleg klagehandsaming.

Regelverk Fylkesmannen er delegert mynde til å avgjere klager som gjeld enkeltvedtak etter plan- og bygningslova, sjå plan- og bygningslova § 1-9 femte ledd og rundskriv T-2/09 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fylkesmannen kan under klagehandsaminga prøve alle sider ved vedtaket, også dei skjønnsmessige vurderingane som kommunen har gjort, jf. forvaltningslova § 34. Ved prøving av det kommunale skjønnet skal Fylkesmannen leggje stor vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret.

Etter plan- og bygningslova § 3-3 er det kommunestyret som er planstyresmakt og som har ansvaret for arbeidet med reguleringsplanar. Det er kommunestyret som etter ei omfattande vurdering av dei ulike omsyna i planområdet, avgjer kva areal som skal inngå i planen, og kva desse areala skal nyttast til, jf. plan- og bygningslova § 12-12.

Reguleringsplanar vert til gjennom ein omfattande avgjerdsprosess. Plan- og bygningslova §§ 12-8 til 12-10, jf. kap. 4, har nærare føresegner om korleis framlegg til reguleringsplanar skal handsamast. Sakshandsamingsreglane skal sikre demokratiske omsyn som medverknad, offentlegheit og samråd med dei planen får følgjer for. I planleggingsprosessen må ulike interesser, fordelar og ulemper vegast mot kvarandre. Dette vil regelmessig føre til at planane får negative konsekvensar for enkelte.

Forvaltningslova gjeld elles ved handsaming av saker etter plan- og bygningslova der det ikkje er bestemt noko anna, jf. plan- og bygningslova § 1-9.

Fylkesmannen si vurdering Oversending av klagesaker Innleiingsvis minner vi kommunen, som får kopi av dette brevet, om at ved oversending av klagesaker til Fylkesmannen, skal de leggje dei relevante saksdokumenta ved oversendinga, jf. forvaltningslova § 33 fjerde ledd. Det vil seie fullstendig sakstilfang, både dokumenta til planvedtaket og dokumenta i klagesaka. Det er ikkje tilstrekkeleg at det ligg ved lenke til dokumentet som gjeld den politiske handsaminga av klagesaka. Kravet til saksopplysing i klagesaker er like strengt som då kommunen gjorde det første vedtaket.

Synfaring De hevdar at det burde ha vore gjennomført synfaring. Forvaltninga har plikt til å syte for at saka er godt nok opplyst før vedtak vert gjort, jf. forvaltningslova § 17. Det er likevel inga alminneleg plikt til å gjennomføre synfaring, sjå Sivilombodsmannens sak 2008/985:

«Spørsmålet om befaring er påkrevd ved behandling av en byggesak, er ikke særskilt regulert i loven, men må avgjøres på bakgrunn av forvaltningens alminnelige plikt til å sørge for at saken er tilstrekkelig opplyst før vedtak treffes jf. forvaltningsloven § 17».

Det same gjeld i saker om reguleringsplanar. Fylkesmannen finn saka godt nok opplyst gjennom saksdokumenta, som vi har innhenta via kommunen si innsynsløysing, og tilgjengelege kart- og Side: 3/5

bildeverktøy, og vi kan ikkje sjå at det er ein sakshandsamingsfeil at kommunen ikkje har vore på synfaring i saka.

Generelt Planarbeidet skal i samsvar med pbl. § 1-1 fremje lova si målsetjing om berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Det er kommunestyret som er ansvarleg for planarbeidet i kommunen og som skal ta stilling til om eit område skal regulerast og til kva formål. Det er eit spørsmål som er underlagt kommunen sitt frie skjøn.

Ved utarbeiding av reguleringsplanar vil det ofte vere motstridande omsyn. Spørsmålet vert då om dei vurderingane som ligg til grunn for valet av reguleringsformål og utforming av reguleringsføresegner har vore tilstrekkeleg grundige og byggjer på lovlege reguleringsmessige omsyn. Fylkesmannen må ved handsaminga av klagesaka også vurdere om det er gjort sakshandsamingsfeil i reguleringsprosessen.

Tidlegare avtale med kommunen De viser til at planen bryt med tidlegare avtale mellom dykk og kommunen om at eigedomane bnr. 153 og 188 skulle ha vegtilkomst frå kommunal veg bakanfor. Sjølve avtalen ligg ikkje i saka, og det går, utover dykkar klagepunkt, heller ikkje klart fram av saka når avtalen vart gjort, og kva innhaldet i avtalen er. Kommunen har heller ikkje gjort greie for det, og det er uklart om klagegrunnen er vurdert i det heile, herunder eventuelt kva vekt tidlegare avtalar og tilsegner skal ha.

Ein reguleringsplan stiftar ikkje nokon rett for utbyggarar til å gjennomføre tiltak i strid med private rettigheiter. Reguleringsplanen har ingen verknad for etablerte eigedoms- og bruksrettar, og det blir utbyggjaren sjølv som får risikoen for at han eller ho har rett til å gjennomføre eit tiltak. Reguleringsplanen gjev samstundes heimel for oreigning, jf. plan- og bygningslova §§ 12-4 fjerde ledd og 16-2 første ledd, og rett til innløysing eller erstatning etter plan- og bygningslova kap. 15. Den som eventuelt får rettane sine krenka, lyt altså tole at kommunen styrer arealbruken gjennom ein lovleg vedteken reguleringsplan, men kan ha krav på erstatning dersom vilkåra for dette er oppfylte. Dette betyr derimot ikkje at kommunen kan sjå bort frå klagegrunnen som eit innspel om framtidig arealbruk.

Grindløa Når det gjeld grindløa, så går det fram av kommunen si klagehandsaming at grindløa ikkje er notert som verneverdig ut frå verken matrikkel, verneplan for bygningar eller kulturminnesøk. Kommunen viser til at dei har endra teksten frå uthus til grindløe. Vi ser av saksframstillinga til planvedtaket at og Fjordane fylkeskommune har uttala seg til oppstartsvarslet og ved offentleg ettersyn, der hovudinnhaldet av deira merknader er attgjevne i saksframstillinga. Fylkeskommunen har såleis medverka i saka, og ikkje hatt merknader i samband med grindløa. Fylkesmannen kan ikkje sjå at nemning av grindløa som uthus utgjer nokon sakshandsamingsfeil frå kommunen si side.

Medverknad De viser til at det er gjort endring i planen som er inngripande for dykk, og som de ikkje er varsla om. Endringa gjeld avkøyrsle f_SKV4, som er komen til i plankartet etter høyringa, og som opnar for trafikk langs dykkar eigedom, heilt inn mot dykkar hage og stille sone. De meiner at manglande varsling av endringa er ein sakshandsamingsfeil som medfører at planvedtaket skal opphevast.

Det går fram av saka at avkøyrsla f_SK4 er ein eksisterande veg, som planframlegget la opp til at skulle stengjast. Slik Fylkesmannen forstår det, ut frå saka og frå flyfoto frå eigedomen, er avkøyrsla i Side: 4/5

bruk i dag for eigedomen gbnr. 122/153 og 122/188, dvs. at gbnr. 122/188 har avkøyrsle frå både oversida og frå f_SK4. Samanlikna med i dag ville det opphavlege planframlegget med stenging av vegen vere til gunst for dykk, samstundes som det ville vere inngripande for bnr. 153 og 188.

Merknader etter offentleg ettersyn frå eigedomen gbnr. 122/188 gjekk ut på at denne avkøyrsla til eigedomane gbnr. 122/153 og 122/188 ikkje måtte stengast, fordi det er bratt å komme til desse eigedomane frå den kommunale vegen ovanfrå byggefeltet. Kommunen tok merknaden til følgje og la vegen inn i planen, slik at vegen likevel ikkje vert stengd, og framleis kan brukast som tilkomst til eigedomane.

De viser til at det i juridisk teori1 er krav om at de skulle ha vore varsla i slike tilfelle. Fylkesmannen er samd i at det er gjort ei endring som er uheldig for dykk, og at vegstyresmakta og grunneigarane som var omfatta av endringa skulle ha vore varsla. Vi har kome til at dette var ein sakshandsamingsfeil.

Spørsmålet vert då om feilen «kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold», jf. forvaltningslova § 41.

I og med at planframlegget i utgangspunktet var innretta slik de ønskte, legg vi til grunn at også dykkar ønskje for arealbruken representerer eit realistisk alternativ. Vi kan difor ikkje utelukke at det kunne hatt innverknad på saka dersom de hadde fått høve til å uttale dykk. Det vil truleg også vere ein planmessig fordel å avgrense talet avkøyrsler frå Fv 60, i tråd med planutkastet. Vi har difor konkludert med at vi ikkje kan utelukke at feilen «kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold».

Sivilombodsmannen har uttala2 at eit vedtak ikkje nødvendigvis er ugyldig, sjølv om feilen kan ha verka inn på vedtaket, og at vurderinga må gjerast konkret:

«Det må foretas en interesseavveining hvor relevante momenter vil være feilens art og omfang, hvorvidt ugyldighet er til gunst eller skade for parten, hvor lang tid som har gått, partens innrettelse og om parten selv er å bebreide for feilen.»

Sakshandsamingsreglane for planprosessar skal som nemnt over sikre demokratiske omsyn som medverknad, offentlegheit og samråd med dei planen får følgjer for. Reglane om medverknad er såleis sentrale i plansaker, og råka partar i reguleringssaker må kunne forvente å bli varsla om innhald i planen som får verknad for deira eigedom.

Ugyldigheit vil i dette tilfellet verke til gunst for parten, sjølv om det vil vere er opp til kommunen ved ny handsaming av plansaka å bestemme arealbruken ut frå avveging av saklege og planfagleg relevante omsyn. Her er det kommunen som kan klandrast for feilen, og vi kan ikkje sjå at tida som har gått kan ha noko avgjerande vekt i vurderinga.

Fylkesmannen har etter dette kome til at vedtaket er ugyldig, og vedtaket vert derfor oppheva. Saka vert sendt attende for ny handsaming i kommunen.

Oppsummering Vi har kome til at det at kommunen ved ikkje varsla om endring i reguleringsplanframlegget er ein sakshandsamingsfeil, og vi kan ikkje sjå bort frå at feilen kan ha verka inn på vedtaket, jf.

1 O. J. Pedersen m. fl. Plan og bygningsrett, del 1, 3. utg. s. 308-309. 2 SOM-2018-4232, punkt 3. Side: 5/5

forvaltningslova § 41. Vi har etter dette kome til at vedtaket er ugyldig. Planvedtaket frå Stryn kommune vert difor oppheva. Klagen har ført fram.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.

Med helsing

Anne Kjersti Sande Arnt Erik Nordheim fagdirektør seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi til: Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN

Mottakerliste: Olaug Hilde Fjordvegen 3324 6793 Innvik Jens Magnus Hilde Ospeteigen 53 6817