Olaug Hilde, Hildanausta, 6793 Jens Magnus Hilde, Leitet 13, 6817 Naustdal

Stryn kommune og kommunestyre Tonningsgata 4 6783 STRYN Innvik, 05.11.2019

Utset slutthandsaming av reguleringsplanforslag Fv.60 Hildestranda - Innvik.

Vi har blitt kjende med at Statens vegvesen har oversendt reguleringsplanforslaget til handsaming i Stryn kommunestyre. Vi ber med dette om at kommunestyret ikkje tek planen opp til vedtak før det er halde synfaring i hove den avtale som vart gjort med oss og vedteke av Stryn kommune i 1998. Viser også til aksept i brev frå Statens vegvesen dagsett 03.04.1998.

I tillegg til denne avtalen frå 1998 er det etter vår vurdering direkte feil framstilling i plandokumentet. Mellom anna vert det hevda at fv. 60 ikkje er no kon hovudveg. Fv. 60 er heilt klart ein av fylkeskommune/ fylkeskommune og Møre og Romsdal sine viktigaste hovudvegar som dei 2 fylkeskommunane får det fulle og heile ansvar for frå 01.01.2020.

Påstanden om at det ikkje kan nyttast dråpeauge på sekundærvegen i kryss SKV2 er direkte feil. Det er heller ikkje avvikshandtert å legge gang- og sykkelvegen mellom fv. 60 og vår grindløe, etter eventuell ombygging som fastsett i avtalen frå 1998. Dette vil heilt klart gje ein langt mindre utbyggings- og erstatningskostnad for fylkeskommunen.

Som opplyst i vår merknad har grindløa /påbygget også funksjon som garasje. Det går ikkje fram av planen kva areal eventuelt tilsvarande bygningsmasse kan plasserast på. Andre negative element for opphald på vår eigedom som følgje av vedteken plan tek vi atterhald om å korne attende til.

I investeringsprogrammet 2018-2021 til Regional Transportplan Sogn og Fjordane 2018-2027 er ikkje denne strekninga prioritert, og det haster difor ikkje for Stryn kommunestyre å gjere planvedtak i år. Det vil etter vårt syn vere langt meir naturleg at den nye avdelinga: Infrastruktur og veg i sentraladministrasjonen til Vestland fylkeskommune på fritt grunnlag får vurdere kva vilkår og standard både fv. 60 og gang- sykkelvegen skal planleggast og utbyggast etter i Innvik. I plandokumentet side 12 er det opplyst: "Prosyektet vart kostnadsberekna til 96mill.(prisniv% 2015)." Etter vårt syn tilseier også dette at prosjektet trengst bli gjennomgått på nytt.

Vi ber om at det nye Stryn kommunestyre utset slutthandsa ming av denne reguleringsplanen og gjennomfører synfaring for det som gjeld våre eigedomar.

For eigarane av Gnr.122, bnr. 19, 23 og 92.

I Olaug Hilde og Jens Magnus Hilde