Historikk og Organisering Stigruppa er eit underbruk av Dale Idrettslag, og vart etablert i 2009 for mellom anna å ta del i Kystarvstiprosjektet i HAFS, eit prosjekt som består av ca. 100 stiar i dei 4 HAFS- kommunane.

Stigruppa har i 2017 bestått av følgjande medlemer: Sigvard Skaar, Irene Øen, Vegard Strand (leiar), Veronica Myklebust, Rolf Kleiven og Ivar Sætenes.

Det har vore helde eit styremøte innandørs, og ei røys med møte ute. I tillegg har det vore jamnleg kontakt på e-post i samband med handtering av VÅRT MEST POPULÆRE TURMÅL. KANSKJE IKKJE SÅ RART ? ulike saker; koordinering av dugnader, kontakt mot offentleg myndigheiter m.m.

Stian våre- utvikling og aktivitet Østenstad Rundt Løypa vart ferdig merkt i løpet 2011, medan siste del av tilrettelegginga vart utført i 2015. Av vedlikehald og utbetringstiltak i 2018 kan nemnast m a; diverse dreneringsarbeid, oppfrisking av merke, rydding av skog, stordugnad rydding skogsbilveg, plankar på myra før Grøneholten, ny benk utkikspunkt bratt granskog, steinsetting frå start Dalsåsen m.m. I tillegg er der merka ein avstikkar til Høgefjellet (blå løype) og derifrå varda løype til Havreheia der vi og har lagt ut boks m/ bok. I tillegg ein avstikkar til Norddalen (Blå løype). Den mest populære sidestien er til Jyttilshogjen. Noko nedgang i trafikktala for 2019. Dette skyldast nok ein varm sommar og særdeles våt haust. Østenstad Rundt er nok den mest brukte løypa vår. Er lett DUGNAD SKOGSBILVEG VED BROKABAKKANE. tilgjengeleg og godt tilrettelagt for folk i alle aldrar.

Tal innskrivne turgåarar, statistikk:

• 2018: 2800 Grøneholten og 1222 Østenstad. Jyttilshogjen 1110, Høgefjellet 500, Havreheia 163. • 2017: 3446 Grøneholten og 1311 Østenstad. Jyttilshogjen 1618. • 2016: 3200 Grøneholten og 1150 Østenstad. Jyttilshogjen 1350, Høgefjellet 263, Havreheia 100. • 2015: 3400 Grøneholten og 1000 Østenstad. • 2014: 3650 Grøneholten og 1260 Østenstad. • 2013: 2500 Grøneholten og 900 Østenstad.

I tillegg til vanleg vedlikehaldsarbeid, har vi følgjande utviklingsplan for 2019; drenering av sti enkelte parti, helikopterløft med stein til nokre blaute parti, fullføre plankar myr mm. Steiestølen Løypa vart ferdig merkt 2011, med unnatak av Dyttinga-Taket, som vart merka og delvis steinsett i 2015. Vidare har ein steinsett store parti frå Slettelandsstølen og innover langs stølsvatnet. Ein flott dagstur på om lag 12 km tur- sommar som vinter (ikkje vintermerka).

Ein er også i gang med å reetablere Dyttinga med steinbru. Dette arbeidet er det kommunen som utfører i lag med grunneigar og stigruppa yter dugnadstimar etter behov. Arbeidet er godt påbegynt og vi vonar at dette vert ferdig i løpet av sommaren 2019. På denne stien har den nye rodeordninga når det gjeld vedlikehald fungert glimrande.

Av vedlikehald og utbetringstiltak i 2017 kan nemnast m.a.; oppfrisking av merker m.m. Vi syslar også med tankar om å få bygd ein rasteplass (gapahuk) om lag halvvegs i løypa, men dette er enno på eit tidleg stadium og vil krevje avklaringar mot grunneigarar, kommune m.m. Tal innskrivne turgåarar, statistikk:

• 2018: 280 Taket, 200 Styggeheia • 2017: 320 Taket, 230 Styggeheia • 2016: 280 Taket, 200 Styggeheia • 2015: 200 Taket, 200 Styggeheia. • 2014: ca. 200 Taket. TAKET. EIT BLINKSKOT, OGSÅ SOM TURMÅL.

Rakneberg- Jarstadheia Ferdig merka i 2011. Har ingen spesielle utviklingstiltak for denne stien i 2019, utover normalt vedlikehald. Tal innskrivne, statistikk:

• 2018: XXX • 2017: XXX • 2016: 750 • 2015: 400

Fossevikja- Heileberget

Var ferdig merka i 2011. Har i 2018 utført ein del vedlikehald av merker, samt steinsett parti mellom Fossevikja og Rimma med «flyboren» stein.

Har registrert ein monaleg auke i trafikken etter at Dalsfjordbrua gjorde det mogleg å nytte denne stien utan å trenge båtskyss.

På Heileberget er det fantastisk utsikt både undervegs og ikkje minst på toppen. Stien Otterstein-Fossevikja har opna eit fantastisk turlandskap; «Fossedalen og fjella rundt».

Vi har ingen spesifikke utviklingstiltak for denne stien i 2019, anna enn førefallande vedlikehald. Vi ser av innskrivne i boka at dette nok er den mest besøkte stien for folk utanbygds frå. Ikkje så rart med ei spektakulær utsikt i fire himmelretningar.

Tal innskrivne, statistikk:

• 2018: 600 Heileberget • 2017: 600 Heileberget • 2016: 600 Heileberget • 2015: 600 Heileberget • 2014: 858 Heileberget. • Normalår før brua: ca. 150.

PÅ VEG TIL HEILEBERGET. EI FANTASTISK UTSIKT OVER EI FANTASTISK BYGD.

Otterstein- Fossevikja

Det vart i løpet av 2013-2014 lagt ned ein formidabel innsats med å oppgraderte sti frå parkeringsplass på Otterstein til Fossevikja. Stien var klar våren 2014, og det har til tider vore reine folkevandringa til Fossedalen. 31. mai 2015 var det offisiell opning av stien. Stien er opparbeidd i eit samarbeid mellom Kystarvstiprosjektet i Hafs og Indre Turlag. Det vart ei høgtideleg opning med snorklypping av 90 år gamle Borghild Otterstein. Ho flytta hit til den einaste busetnaden på Otterstein i 1945. Ein flott augneblink

I tillegg til generelt vedlikehaldsarbeid, her ein utbetra eit glatt og farleg berg like før Fossevikja. Patenten på dette er unik og det kjem stadig utanbygds delegasjonar for å sjå og lære korleis vi har utført dette.

Elvestien Dette er ein særs populær sti som er mykje nytta. Stor dagleg trafikk med folk i alle aldrar. Stien er sentrumsnær og lyssett, noko som gjer at den kan nyttast heile året. Av alle stiane er dette «lågterskeltibodet». Denne stien vart til i eit samarbeid med kommune. Fram til 2017 har STEINSETTING 2018. UNDER RIMMA. stigruppa hatt eit mindre vedlikehaldsansvar for denne, som kommunen no har overteke.

Utviklingstiltak- vidare arbeid Vedlikehald- fadderordning Stigruppa etablerte i 2015-/16 ei «fadderordning» for vedlikehald av turstiane no når ein har fått desse opparbeid på eit tilfredstillande nivå. Vi ha delt dei ulike stiane inn i «rodar» der kvar rode får sin ansvarlege. Ved å etablere ei slik ordning vil ein både få fleire engasjert, mindre slitasje på enkeltpersonar og styret får frigjort tid til å bruke på utvikling/ nye tiltak. Og viktigast av alt; ein sikrar fokus på at stiane lever vidare med eit godt vedlikehald.

Rekruttering- Stilling ledig Stigruppa får mykje lovord og skryt frå ulike hald- noko vi set stor pris på! Lovorda og positiviteten gjev energi til å ta nye tunge bører med stein. Samstundes er det til tider mange dugnadstimar som går med både til vedlikehald av eksisterande- og opparbeiding av nye stiar. Vi er difor oppteken av komme i kontakt med personar som kunne tenke seg å vere med å «ta eit tak». Har du ein viss praktisk sans og eit godt lynne, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt.

TYPISK STIARBEIDAR SOM UTFØRER ÅRLEG MERKEKONTROLL. Ti-Tur Inspirert av Titur Indre Sunnfjord vart det i 2017 for første gong arrangert Titur Dalsfjorden. Ein tok utgangspunkt i merka stiar langs fjorden, og plukka ut fem toppar i kvar av kommunane og Fjaler. Målsettinga har vore at både tilreisande og fastbuande skal oppdaga fleire av dei fine toppane og fjella vi har langs Dalsfjorden.

Turane har vore lette til middels krevjande og passar for dei aller fleste. Alle stiane er merka med startpunkt og undervegs av dei lokale stigruppene i dei to kommunane. Mange av dei er ein del av prosjektet Kystarven der ein merka 20 stiar i kvar kommune i Hyllestad, Solund, Gulen, Askvoll og Fjaler. 121 leverte inn turkort i TiTur Dalsfjorden 2018. I alt vart det registrert 5307 besøk på dei ti toppane frå 1. juni til 1. oktober. Totalt leverte nokre færre inn turkort i 2018 enn i 2017, men det var fleire på tur. Den litt våte hausten må nok ta skulda for at mange enda på 8-9 turar, og ikkje kom i mål med alle 10.

Arrangørane (Fjaler kommune/ Askvoll kommune/stigruppene/Barnas Turlag) er godt nøgde med gjennomføringa av årets TiTur Dalsfjorden. Ein er allereie godt i gang med planlegginga av neste års turar, som vert lanserte i løpet av april 2019. Det som allereie er klart, er at det vert 10 heilt nye turar. TiTur Dalsfjorden vil også neste år starte 1. juni, og gå fram til 1. oktober. I 2018 lukkast ein med å få med fleire barnefamiliar, og dette vil vere fokus også i 2019.

Andre utviklingstiltak Vi har ein del andre prosjekt/ idear som vi vil vurdere i 2019, m a:

• Vidareutvikle og oppdatere Facebook-sida vår som informasjonskanal til turgåarar. • Sjå på nye trasear for merking og opparbeiding evt i samarbeid med andre. • Vurdere opprusting med t d gapahuk, benkar, skilting m.m.

Gode bidragsytarar Arbeidet har også gjennom dette året løyst ut store mengder dugnadstimar- takk til alle dei som har bidrege!

Takk til; Sparebankstiftinga Fjaler for kroner til innkjøp av materiell, MK Myklebust AS for stein og transport, Kjell Magne Eldevik for transport, DNT Ung for maling av merkepinnar og ikkje minst mange takk til fotballgruppa som gav oss tilgang på råsterke gutelagsspelarar til bæring av plankar.

Ein spesiell takk også til Jonn Helle, som har vore ein viktig dugnadsarbeidar i idrettslaget gjennom mange ti-år. I anledning feiring av sin 75-års dag oppfordra han gjestane til, istadenfor gåve, heller yte ein skjerv til stigruppa. Dette gjorde at vi fekk inn omlag 10 000 kroner som vi kan nytte til gode tiltak på stinettet vårt. Mange takk til Jonn (og gjestane)!

Siste ord Sidan gruppa vart etablert i 2009, har det meste av arbeidet vore prega av opparbeiding av stiane; merking, steinlegging, rydding, brubygging m.m. Størstedelen av dette arbeidet er vi no i mål med, og vi er no inne i ein «driftsfase» der vi kan JONN PÅ BRUDUGNAD- STEIESTØLEN 2012. konsentrere oss om vedlikehald, forbetringar og tiltak som vil auke bruken av stiane.

Turgruppa sitt engasjement har heilt sidan starten vore å få fleire av «sofaslitarane» til å komme seg ut. Grunntanken var at dette ville vi klare ved å merke og legge til rette på ein slik måte at «alle» kunne føle seg trygge- terskelen for å gå tur blir minst muleg. Dette har også synt seg å virke. Spesielt for dei sentrumsnære stiane Østenstad og Elvestien. På begge desse stiane er trafikken betydeleg over det vi såg føre oss.

BENKEN VÅR PÅ JYTTELSHOGJEN, SOM KOM PÅ PLASS I 2017. SÆRS MYKJE NYTTA. HERFRÅ HAR EIN UTSIKT OVER DALE OG DALSFJORDEN. Mange av dei som no nyttar stiane, som ikkje gjorde det før, trur vi gjer det nettopp fordi det er «lågterskel» og ikkje forbunde med konkurranse eller «pes». Soleis kan prosjektet seiast å ha vore ein stor suksess både med omsyn til å få fleire ut i naturen og ikkje minst med tanke på folkehelsa. Etter vårt skjøn er tilrettelegging av stiar kanskje det viktigaste folkehelsetiltaket i Fjaler dei siste åra. Billegare tilrettelegging for folkehelsa finnast knapt nok!

Oppsummert er styret godt nøgd med aktiviteten i 2018. Vi ser fram til 2019 og kan ikkje skjøne anna enn at også dette blir eit fantastisk år for stiane våre og friluftslivet generelt.

Siste ordet går til Erling og Julie Haugsbø (og Hippokrates). I intervju med Firda etter å ha gått på Heileberget (på 4 timar!) i ein alder av hhv. 84 og 86 år, gjev Erling og Julie følgjande folkehelse- tips: - i staden for å sitte i ein stol og sjå på fjernsyn heile dagen, kan ein heller komme seg ut.

Dei er beviset på det legekunsten sin far, Hippokrates, sa om lag 400 år f kr.: å gå tur er mennesket sin beste medisin.

Turgruppa Dale Idrettslag

Vegard Strand (leiar) Rolf Kleiven Sigvard Skaar Veronika Myklebust Ivar Sætenes Irene Øen