Arne Garborg

Dagbok 1905–1923 Band 5: 2. janaur 1917 - 25. juni 1920

Aschehoug Kristiania 1926

Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum www.aasentunet.no

Føreord Arne Garborgs dagbøker frå 1905 til 1923 vart redigerte og utgjevne av Hulda Garborg i seks band 1924–1927. I 2000 vart denne bokutgåva digitalisert (skanna og korrekturlesen) av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i , og det er desse filene som her er gjorde tilgjengelege. Det er gjort overslag som tyder på at Hulda Garborg utelet kring 25% av den opphavlege dagboksteksten til Garborg då ho gav ut dagbøkene, og dei utelatne delane er heller ikkje med i denne utgåva.

Ein del tekniske kodar er framleis synlege i teksten. Det gjeld hovudsakleg markering av sideinndeling og fotnotar. Vi har late dette stå slik at det skal vere samsvar mellom bokutgåva og denne elektroniske utgåva. Det er dessutan brukt manuelt lineskift i teksten, og det er ikkje lagt vekt på utforminga i denne elektroniske utgåva. Nynorsk kultursentrum har likevel valt å gjere dagbøkene tilgjengeleg i ei førebels elektronisk utgåve, til glede for forskarar og andre spesielt interesserte som her får eit langt betre høve til å søkje og finne fram i dagbøkene.

Nynorsk kultursentrum, desember 2002 Oddmund L. Hoel

Band 5 2. janaur 1917 - 25. juni 1920

1917. 2. 1. 17. Det prøyssiske Fredssnakke avvist. Svare – klaart og greidt og med Upplysningar som alle Ikkje- prøyssarar maa forstaa – er forma i Paris, og alle Ring-Landi vil – etter det som fraa alle Hovudstader vert meldt, og etter det som skulde vera sjølvsagt – skrive under. Præsident Wil- son fær sitt Svar nokre Dagar seinare; det vert same Innhalde i ein arman Tone. Me gjeng daa inn i eit nytt Aar av Blodfløy- ming og Brand, – av Svelting og Naud vel òg til Slutt. Men etter ein Skuletime som denne skulde Verdi ha lært aa forstaa eitt og anna?? Det fær vise seg. – Eg hev vore i Ustand eit Par Dagar, og hev nytta Tidi til aa gjera fraa meg ein Flokk Julebøker. I Dag gjer eg ifraa meg dei Brev- Lepparne som trengst; og so er det siste Aalvors- take med Homer, – hyggjelege Gamlingen, som det likevel er so vanskelegt aa faa Skikk paa. – Joli vart heilt igjenom roleg. Eg skulde ha vore ute ein Kveld; men Dagen fyrr havde eg vel gjort meg skyldig i ei "Mat-Synd": Magekrampen kom og gjorde Ende paa all Joleturing, Og no er eg so gamall og ut-av-Dansen-komen, at her- etter slepp eg vel. 8. 1. 17. Den 3die eller 4de vart eg i Ustand att; og so lenge varde dette, at ikkje fyrr no er eg – noko-so-nær – ferdig med "Joleflaumen" (aa, gjev eg kunde bli heilt spara for den!) – Og i Veg att med Homer ber det. – Ufred hev me som fyrr: so og so mange Skip vert søkkte kvar Dag; og i Staden for bri- tisk Hjelp, som det eit Bil vart ørska um, so hjelper Briten Tyskland med aa a u k e Vanskarne vaare (Kol- og Koksforbòd). Regjeringi hev daa sendt ein ny Note, som skal ha "gjort eit godt Inntrykk" i England; men høgre-norsk Krig mot Regjeringi styrkjer Norigs Uvener der burte, so det vil vel ikkje gaa fort aa koma i Orden att. Me er eit Rike i Split med seg sjølv; det er eit reint Raam, kor lenge det kann klara seg. No fær me sjaa, um Tinge kann gjera nokon Ting. – Knakande kaldt hev det vore ei Tid, – ned til 20 Gr. No hev det gjeve seg att og kann vera reint godt (¸ 8° i Dag); og vilde "Vaar- herre" halde seg so vidt rimeleg framigjenom, so var det nok godt, – ettersom Folk gjer alt det dei kann til aa gjera det so r a n g t for Smaafolki som Raad er. Dessverre hev me ingen Ting aa stole paa, – anna enn Dauden, som visst kjem til aa gjera seg ein rik Haust i Aar, i Freds- som i Ufreds-Landi; det vert, aa slite paa Taalmode som fyrr. Men etter det som hev vore aa høyre t. d. nordanfraa, vert det meir enn van- skelegt mange Stader. D'er nok langt ifraa som det skal vera an- nanstad heller; i Bladi i Dag høyrest det t. d. uhugleg Rummel fraa Moskvakanten. Men Rus- sen hev Politie aa hjelpe seg med, han; Tilstandi kann vera so fæle dei vera vil, – so berre stengjer Politie Dørerne og læt Folke daudsvelte. Det fær vera Vaarherre si Sak det, meiner han, – lik- som Tsaren, Keisar Wilhelm, Kong Georg læt Vaarherre bera Skuldi for Krigen. – Aah! dette "Menneskje"-Herk.

13. 1. 17. Forkjølelsen held paa og held paa, so no duger eg snart ikkje til anna enn til aa liggje burtslengd paa Sofaen som ei gamall Kufte. Hev likevel fenge fraa meg ein Bladstubb i Dag, "Bondevil- kaar", som "lntelligenssedler" hev vilja ha (fraa meg o. fl.); det er Ingenting; men – godt det er undangjort lell. No er det Homer att; og Ho- mer for Aalvor – – – Hulda held Joleselskap i Dag; der er ymist godt og gildt Folk, mest Askerfolk (Valstad- og Holtsmark-kjenningar), Asker- Byfolk (millom deim for fysste Gong Advokat Meyer og den engelske Frua hans, som spelar fyssterangs Fele) og eit Par Bymenneskje (Fernanda Nissen, ein russisk Legasjonsmann Sawitsky, som Tuften les "Norskt" med; ei utenkjeleg Blanding, som likevel høyrest ut til aa gama seg svært godt. Men eg sìt her uppe og kavar med Hosterider som eg lyt freiste aa døyve – – – Umframt Homer fær eg no mi eigi Bok aa tenkje paa ("12 Aar, Dagboksstubbar fraa 1905 – 17"); den fær elles vera til Hausten. Men "Paa Fantestien" (av gamle Kjenningen min M. J. Mathiassen (-Schou!) hev eg alt spurt Ny- gaard um; svarar han Nei, fær eg freiste Norli.

66 Aar. 25. 1. 17. – Med Aari gjeng det daa fram-yvi, kva som elles gjeng hin Vegen eller stend stilt. Og tegja skal eg, so lenge eg kann arbeide – so vidt at Tidi ikkje vert altfor lang. Arbeide er elles ikkje lenger det det fyrr var. Og det er ikkje berre Alderen som her gjer Skilnad, men vel mest Tidsvilkaari. Det er Uraad no um Dagen aa "vona visst, at Aand skal vinne paa Troll til sist og Vit paa den Varge Villskap"; alt hev vorte ein einaste Vase av Tvil og av Spursmaal. Grunnspursmaale er elles eitt: er Framgangs-Tanken b e r r e Tøv; er det Uraad jamvel for Kulturfolk aa halde – so i det store og heile – Leidi framyvi; driv me reint verje- laust med Storm og Straum? Og med Tanken serskilt paa det Spursmaale som no er det fysste: k a n n Mannheimen vinne seg inn-under ein aalmenn lovbunden Skipnad, som tryggjer Freden millom Folki, eller er Anar- kie med sine Krigar (dvs. Neveretten) millomfolke- leg Naturlov? "Nevtrala Konferencen" i Stockholm hev forma Spursmaale paa rimelegaste Maate (etter Synsmaa- tane her uppe) og sendt det rundt um til tenkjande Folk i Landi til Svar; 1ste Svarhefte (det skandi- naviske) er utkome. Mange hev svara (um der ikkje nettupp er so mange kjende Namn), og dei fleste trur, at ein Fredsskipnad er tenkjeleg. Ein og annan hev godt Mod: "Havde man i Næve rettens Tid sendt ud Spørsmaal om . . . at faa d e n afskaffet, saa vilde de fleste ha svaret: det nytter ikke; Menneskene e r Rovdyr! Og dog var det de t r o e n d e som fik Ret. Saa vil det ogsaa gaa nu." Sume vonar paa dei "europæiske Sambandsstatarne," um dei ikkje kann segja noko um Vegen dit. Men dette vanskelege Spursmaale um Vegen spøkjer for mange; ein segjer: "lige- saalidt som et Frankfurter Parlament kunde samle Tyskland, ligesaa lidt vil en international Kongres kunne skabe et Verdensforbund." Og "Utformning af et Program, ja selv international Anerkjendelse af det samme Program, er bare et lidet Skridt fremover paa en lang og vanskelig Vei." Men rett mange vaagar ikkje aa tru paa Freden. Prof. Geelmuyden (som er Lagsmann i "Conciliation Internationale") finn, at alt "synes mere og mere at pege i Retning af at la b Í t e h u m a i n e e s t u n e b Í t e f e r o c e. " Provst Hesselberg, Ø. Gaus- dal, meiner at "Varig fred er en Umulighed ifølge Jesu Ord i Mth. 24" (Spaadomar um Tiderne fyre Messiasrike); og mindre enn noko-sinne trur han paa,"Traktater og Løfter mellem Folkene." Ein svensk Heradshøfding segjer med altfor stor Rett: "öfverenskommelser att underkasta alle tvi- ster mellem stater ett fredligt avgörande komme att bli bindande för de små och svaga, men i viktiga, att ej søga vitala, frågor icke för vørlds- makterna." Like eins: "en överenskommelse om avvøpning skulle sannolikt kunna strafflöst kring- gås eller brytas av de stora staterna." Provst Kobro, Lillesand, meiner at alt vil vera faafengt utan "en intens Kristendomstilegnelse." Og Prof. N. Wille, Xia, held det vonlaust at "forsøge at paavirke Mskene med sund Fornuft"; homo sapi- ens er, etter hans Tru, kome inn paa "en Bane som vil føre til Artens Undergang" (so hev det gjenge med "saa mange Arter i de geologiske Perioder"); "Krig og Overkultur" – eller um so berre ein av desse "ødelæggende Faktorer" – "Vil være tilstrækkelig til at fuldbyrde Ødelæg- gelsen i Løbet af 10–20,000 Aar, saa Jorden bare faar fossile Mennesker." Denne Prof. Wille segjer um Lag det som eg sjølv plar tenkje i modlause Stunder. Og der er syrgjeleg mykje sant i svært mykje av det som vert sagt imot Fredstrui og – arbeide. At dei smaae Folki alltid vil faa berre eit Minstemaal av Rett, og at Stormagterne, naarsomhelst dei finn aa kunna tena noko paa det, vil gje Fanden i alle Freds Lover og Vedtekter, det stend fast, – alt til dess Folki fær skipa seg paa rette Maaten innanriks. Men gjeva upp alt, som denne (medicinske?) Professoren [han vil Inkje gjera, av di han trur at øtti vil døy ut um 10–20,000 Aar!], det er meg f o r modlaust; eg fær – so til vanlegt – vera "troende", um Verdsfreden aldri so mykje er – likso utruleg no som Borgarfreden i gamle Dagar. Og dei sambundne (Europa- eller vel helst) Verds-statarne bør vera Framtidsvoni, kor grense- laust mykje der so er aa vinne yvi, fyrr den Draumen kann bli meir enn Draum.. – Men Herregud; skulde Wille faa Rett i, at heile øtti – ved all denne veksande "Overkul- turen" – døyr ut um 10–20 000 Aar . . . der vil ikkje vera noko sers mykje tapt ved det, naar ein daa ikkje nettupp trur paa eit komande "Over- menneskje". – Skattespursmaale er uppe att: vil ein sleppe ei Bot paa 100–5000 Kr., so maa ein sende inn ei Uppgaave yvi alt det ein hev tent i det Aare som gjekk; ein fær elles Lov til aa nemne Utgifterne sine med, trur eg. Og eg kann trygt gaa ut fraa at Skattarne vert endaa større i Aar enn ifjor (daa var dei i alt Kr. 621,52; d. v. s.: Sti- pendie paa 2 400 Kr. vart i Røyndi minka til um- lag 1 780 Kr.). Men ein fær nok Ingenting segja, so lenge ein kann slaa seg igjenom. Kor lenge d e t kann vara er langtifraa visst; Dyrtidi vert verre og verre, og Tyskland og England er etter oss kvar paa sin Kant, og kvar med sine Vaapn. Og Krigen kann vara endaa eit Aar, etter som eg saag i eit Blad igaar fraa England. Hutte- megtu! 27. 1. 17. Ernst Sars daaen. Han er vel ein av dei siste fraa den Tidi som eg plar kalle "mi." Han var ein gjæv Kar, um han ikkje alltid var paa mi Side. Staten vil koste Gravferdi, og det er rett og vel. – Ja, ja. I Ungdomen gjeng ein og grav- legg si Fortid; di eldre ein vert, di meir er det si Samtid, ein fylgjer til Gravi. Til dess ein naar dit fram sjølv.

9. 2. 17. Vaarstemning: ljos, mild Luft; bleikblaa Him- mel med kvite lette Strimeskyer; blaae Aasar langt burte, myrk Skog, snøkvit Mark; sjøblaa Fjord, der han. er open; eg lengta til Jærs, daa eg var ute og gjekk i Dag. Og etter den lange harde Kalderidi me hev havt er denne Linna ein rein Lette. Gjev ho kunde halde seg eit Bil: – det er her vel elles lite Von um. – Krigen kann vera god for eitkvart den med; det vonde han hev gjort i fredelege Land ved aa skapa Dyrtid paa Kòl (og Ved), gjer no, at eg slepp aa preike i "Hjemmenes Vel" den 19de (um George); og det kjem stakkars gjæve Odys- sevs til aa tena ein Dags Tid paa. Eit Grand Krigsnytt hev me elles havt i sei- nare Tid; Sambandsstatarne er fornærma paa den tyske Villmannsmaaten aa føre Sjøkrig paa og hev løyst det diplomatiske Sambande med Prøyssen; det er halv Krigslysing, og Ufred skulde daa vera ventande naarsomhelst, ettersom Tyskland Inkje hev gjort til Utjamning. Og det er svært til Væp- ningsstaak burte i U. S. A., ser det ut til. Eg hev ikkje trutt noko paa heile Braake og trur ikkje enno; Jankien morskar seg og freistar aa skræma Prøyssaren; men denne tek det med Ro; og i Dag saag eg alt i eit Blad, at ein og annan tek til aa klunke paa Fredsharpa i U. S. A. att. For Ufreden vilde koste mykje meir enn jamvel den Halvfreden som dei nøytrale no lyt nøgje seg med. Ein Dag held Wilhelm og Wilson Sonings- fest att; og Prøyssen driv paa med Skipssøkkjing som det hev gjort; U. S. A. vil tena Milliardar endaa. Myk alt ihop. Elles er alt ved det gamle. Frankrike "held Ut", men vinn ikkje eit Stìg fram; Russland "held Ut" og glid rett som det er eit Stìg atterut; Eng- land held gilde Talur um det som maa og skal bli gjort, og hev sterke Ord um den "vonlause Stellingi" i Tyskland, men kjem ikkje lenger si- dan enn fyrr. Einaste Fredsvoni skulde liggje i det, at Tysken tek til aa svelte noko mykje no ("Folke" hev ikkje Jordeple eingong), og at det vel i Røyndi paa baae Sidur vert mindre og mindre Tru paa, at nokon av Partarne kann "vinne"; men . . . naa-ja; sume trur, at no til Vaaren vert det Aalvor av med, England, og at Tyskland daa ikkje vil kunne halde ut noko lenge. For oss nøytrale vert det verre og verre; ingen veit kor lenge det kann gaa som det gjeng, og kor lenge Folk kann finne seg i all denne prøyssiske Sjørøvarferdi; men so lenge det heng og sleng, so lenge fær det nok hengje og slengje; kven skal faa Bjølle paa Katten av desse stak- kars smaa Myserne? – Fraa Ivar Mortensson gjeng det Ord, at han i denne ovkalde Vinteren ikkje kann halde dei umaateleg store Prestegardsromi i "Lauten" varme, og at heile Huse ligg sjukt av Kjøld og Fylgjur av Kjøld; Presten sjølv hev fenge att sine gamle "Hekseskòt" og skal vera reint upp- raadd. Og det hjelper vel ikkje aa beda um ein tidleg Vaar eller linnare Vinter heller. At Ivar ikkje er sterk, er visst; gale i Veg kann det daa visst altfor snart bera. Men kunde det halde paa som no i Dag – til dess Soli fekk full Magt!

19. 2. 17. "Paa Fantestien" send til Forleggjaren; det hev kosta meg ikkje so reint lite Arbeid aa faa ho i Stand. No er det Homer att. Fantar og Gudar; Variatio delectat; – elles er det Handel og Slavehandel eg driv med der no (15de Song), so Skilnaden er kje nettupp so stor i alle Maatar. Men gjev eg kunde faa litt Fart i Arbeide no; det gjeng so altfor mykje seinare enn Tidi. – Med Engelskmannen er me nok endaa meir i Uvenskap no enn med Tysken; Kòl-forbòde, som er avteke for Sverig og Danmark, skal gjelde for Norig enno eit Bil; etter seinare Melding er Kòl-forbòde for Norig no avteke, men paa eit Vil- kaar, som vil gjera den tyske Veideferd etter Han- delsflaaten vaar endaa villare enn ho er. Og Eng- land, "Herren paa Have", – kann den Herren meir enn fyrr hjelpe? Og no tek det til aa knipe alt; me lyt spara paa baade Banetog, Teater og onnor Kveldsmoro, Skulehald osfr. So gjeng det; naar ein vil vera Vener med baae, vert ein Uve- ner med baae, og naar det kjem til Stykke er nok Briten likso god "Barbar" som Prøyssaren. Krigen gjeng elles sin gamle Gang; Amerika er ikkje kome lenger – og England gjer ikkje meir av seg – no enn fyrr; det einaste ein høy- rer um er tysk Framgang i Europa og (no og daa) engelsk Framgang i Mesopotamia (eller kor det er helst – "utanfor Verdi") og so um søkkte og sprengde Farty. Naa-ja, og so hev Grev An- drassy skrive ein Fredsartikel i eit franskt Tids- skrift. Der viser han at um England no døvver Prøyssen, so vert det sidan Strid millom England og Russland; England bør daa likso godt – lik- som Tyskland – slaa seg til Ro med status quo, eller so paa Lag daa. Mannen skriv godt og klokt og segjer mange sanne Ting; men so lenge han berre hev Vìt og ikkje Krut aa fara med, vert han visst ikkje høyrt i nokon av dei store barbariske "Kulturnasjonarne".

23. 2. 17. Igaar gjekk Hulda inn i sitt 56de, liksom eg er inne i det 67de. Det er ein knapp Maanad (+ 11 Aar) imillom oss; men me glid smaatt um Senn inn i den Alderen no, daa "alle er jam- gamle." Det er no elles – som alle gamle San- ningar – berre halvsant; ho vert visst alle Da- gar mykje meir enn 11 1/12 Aar yngre enn eg. Aarmaalsdags Kvelden vart hyggjeleg; det var fleire gamle Kjenningar (som Harriet Backer, Fer- nanda Nissen og Schjøtts) og dertil ein heil Flokk nyare og nyaste (millom dei siste Peter Egge og Frue); og daa me her i Huse aldri røder um Li- teratur eller Politik, og daa me fekk god Mat og godt Mønchen-Øl (fraa Frydenlund Bryggjeverk) so gjekk alt rolegt og hyggjelegt. Og ved Borde fekk Hulda mange hyggjelege Ord fraa snartsagt alle Kantar, endaa me godt og vel slapp ifraa all høgtidsam Stortaling. Eg hadde – som vel Gamlingar flest – ingen serskilt aa røda med, men var med litegrand snart her og snart der, vel mest milloffi "Her- rarne" (tvo gamle og tvo midaldrande, som rett snart glid inn i den vanlege "ældre Herre"- Moro: aa fortelja "vaaglege" Rispur; og det kann paa sin Maate vera løglegt for ei Stund, um elles desse Rispurne sjeldan er so skjemtsame at det ureinslege ved deim kann heilt bli "lætt burt". Meir og meir kjem eg etter, at eg ingen hev aa tala med lenger um "aalvorsame Spursmaal" dvs. at Strids Tiderne er til Endes; i min Alder hev ein i alle Hovudspursmaal sine Meiningar upp- gjorde og veit at det er like eins i so Maate med dei andre; ein kan daa med fullgodt Samvit "halde Fred". (Soleis t. D. i det religiøse, der eg lenge var "krigførande Magt"; no er eg hjarte fornøgd, at eg sjølv hev greidt dei Spurs- maali, og veit, at naar det gjeld deim, maa kvar staa – nettupp der han stend. I det heile drøy- mer eg ikkje lenger um aa faa "Folke", dvs. "dei beste i Folke", med her; det er som alltid, naar det gjeld dei høgste Ting: berre faae som er ut- valde.") Eg smiler elles med meg sjølv, naar eg merkar, at eg er likso nøgd med aa høyre til "dei gamle" no som eg ei Tid var ved aa kunne "rekne meg til Ungdomen"; kvar Alder hev sine Ideal. – Med Odyssevs er eg no i 16de Songen. Men kann taka det noko rolegare enn fyrr; For- leggjaren skriv, at no vert det for seint i Vaar korsom er; no fær Boki koma i Septbr. Men Arbeide er stort, so Prenting (med Prentretting) vil taka Tid; di fyrr di betre bør daa Mskr. bli ferdugt; men eg tarv ikkje nettupp sprengje meg. Glad er eg. Verre er det med, at Papire vert so dyrt; Staten hev hjelpt til fyrr, naar det galdt Vitskaps- og Folkeskrifter og vil gjera sitt beste enno; men det skal endaa vera vanskelegt aa hindre Prisuppgang. Fanden ta Prøyssen!

7. 3. 17. Marts alt; huff. Men eg fær drive paa, drive paa so seint som det gjeng; no er 16de Songen ferdug. – Nygaard hev fyrebutt oss paa, at "Paa Fantestien" kann bli utsett til Hausten (Papir- vanskar, veit eg? – det segjer han Inkje um). So hev daa eg fyrebutt Forfattaren att. Han tok det rolegare enn eg hadde tenkt, la alt "i min Haand" (dvs. "din"). Han hev late Sønerne sine faa Huse og Hagen; sjølv tok han "paa Fante- stien" att (so halvt: vert Skreppehandlar), um han elles jamrar ille yvi Gikti. Men eg kunde misunne ‘n hans lette "Fantenatur"; som Spon paa Sjø greier han alle Vanskar. – Fraa Hulda høyrer eg Inkje, men trøyster meg som vanleg: det kom nok Kort eller Tele- gram, um der var noko i Vegen. Olav Midttun ("Syn og Segn") skreiv igaar og vilde ha meg med i noko som heiter "Bjørn- sonforbundet", og som er so provinsdanskt som det kann bli (i Røyndi vel eit nytt Riksmaalslag, med Fridtjof Nansen og Otto Anderssen i Fyre- enden, som med full "Kraft og mykje Pengar vil arbeide for s i t t "nationale", serleg millom all Skuleungdom). Men baade han sjølv og Løv- land og Koht er med – i god Tru, veit eg. For min Part svara eg berre godslegt: det kunde kje taka seg ut for meg aa vera med, sa eg, som gjeld so halvt for ein Førar i Maalstriden; men de andre kann sjølvsagt fylgje desse norsk- danskarne, so lenge til de ser um det ligg noko anna under enn de no tenkjer. – Aa, me "norske"! Eg hev aldri trutt noko Svært mykje paa oss, og Trui vil helst veikne; men sjølv fær eg staa fast der eg høyrer til; gjeng so Skuta vaar paa Grunn, so er det daa kje mi Skuld. – Og so i Veg med 17de! 13. 3. 17. Revolusjon i Russland – stor Revolusjon, som er i Gang yvi alt Lande (Byarne)! – fortel Dagbl. i Kveld. Og Russestyre driv Krigen mot Folke med mykje meir Kraft enn Krigen mot Tyskland. Men denne Revolusjonen er noko reint for seg sjølv: Høgre er òg med. Og det synest fysst og fremst aa vera ein nasjonal Revolusjon: Reisning mot den halvdulde Tyskdomen i Riksstyre; for Prøyssaren hev lurt seg fram her som i Amerika (og vel meir og meir allstad), – Prøyssarjøden. og mot honom nyttar vel ingen Revolusjon. Men hev Russen gjort lite av seg i Ufreden fyrr (Re- gjeringi var tysk, i Løynd men i Røynd), – so vert det vel endaa mindre no, veit eg? Irland er like eins urolegt; trur kje paa As- quith, Lloyd George o. s. fr. og deira "Rettferd" lenger; det er berre Snakk, etter det dei no for- stend. Ufreden vil dei likevel vera med i, til Siger er vunnen; dei trur nok endaa mindre paa Prøyssaren enn paa Engelskmannen. Men um den irske Soldaten ikkje vert noko meir kald- voren av seg heretter? Det er den gamle Tragikomedia; alle ropar paa Fridom og Rett, og alle driv Urett og held paa Ufridom dvs. "Rett" og Fridom for sjølve seg, det motsette for andre. England hev sitt Irland liksom Russland og Tyskland sitt Polen o. s. fr. Og no er det "frie" England i Lag med Russ- land (som det "revolusjonære" Frankrike lenge hev vore), og den hoch-kultivierte Tysken blan- dar Blod med Tyrken o. s. fr. So at naar alt kjem ihop, – so vilde det vera best at ingen av deim "vann", dersom det ikkje berre førde til Framhald av Toll- og Diplomatkrigen, som vil føre til ny Blodkrig, so snart nye Herar er framvaksne. Det vert daa vel sliks Slag, koss det gjeng; heretter som fyrr fær det store Fleir- tale slite og stræve til Bate for eit meir eller mindre innknìpe Faatal. – England synest elles aa vinne seg fram- yvi no med Krigsførsla si; held seg godt, ja gjeng so smaatt fram, mot Tysken i Nordfrank- rike og hev nettupp no teke Bagdad fraa Tyr- ken. (Eg likar elles ikkje Europafolk i Asia; men Herregud, likso godt Europæarar som Tyr- kar!) Men Tysken vert verre og verre Løynmor- dar paa Sjøen; og mot den Dævelskapen synest den engelske "Herren paa Have" aa staa likso hjelpelaus som han hev gjort. Og Europa synest i det heile aa kunne vente Sveltihel snarare enn Fred. – I Natt (med det nye Midnattstoge) kjem Hulda endeleg. Men det er vel ikkje so beint aa koma fram no: færre Tog, og dertil ein Snø- vinter, so det vel vert ymis Seinking (liksom Is- sprengjarbaatarne frys fast ned i Øresund og derikring).

16. 3. 17. Hulda hev havt det berre gildt upp i Trysil – men stridt; hev køyrt i alt 22 Miler, og so fraa Sleden inn paa Katedre Dag etter Dag –; i den endelause Skogheimen der uppe lìver Folke utanfor Verdi enno – dvs. utanfor Strid og Kav og Braak i rolegt Arbeid og Heime Hyggje, so- leis som alt Folk i Norderlandi lìvde, fyrr "In- dustrialismen" kom upp. Velstand er der i det heile, ofte stor Velstand; og Folk er norske: (les Aftenposten og bannar Landsmaale, men) talar Trysilmaal fraa øvst til nedst. Dette kann ein gaa ut fraa vil vara, til dess Jønnvegen kjem; men den maa – dessverre! – koma noko- so-nær fort no, um ikkje Trysil med alle sine Skogar skal glide meir og meir inn i Sve- rig (som hev Bane heilt upp til Riksgrensa, so at til Stockholm kann Tryslingen koma paa ein Dag, med’ han treng tvo Dagar, fyrr han naar Xania). Men um den norske Riksstyrar-Visdomen kjem etter dette fyrr det er for seint ... – I Sverig (og Danmark) er det Ordskifte i Gang um ein skandinavisk Økonomi-Union, til Hjelp for desse Landi naar Blodkrigen fær Ende og Tollkrigen for Aalvor tek til. Spursmaale er alt framme for Riksdagen; og der vil George- istarne no taka eit Slag for heil Tollfridom ("Mo- tion av herr Bengtson i Gøteborg m. fl. . . . an- gaaende en överenskommelse mellan de nordiska staterna om gemensam tillømpning av frihandels- principen"). Johan Hansson hev sendt denne Motionen (saman med ein annan – från herr Palmstierna – um gjenomførd skandinavisk Til- lemping av Tollvernskipnaden) til meg med Spurs- maal um eg vil skrive noko um Saki. Visst vil eg. Men vilja og kunna . . . Og so Tid . . . Dessutan: Odyssevs og Belarne paa den eine Sida og skandinavisk Tollpolitik paa den andre – Naa; ein Freistnad fær eg gjera, vel. Men det er den tridje Rykkjingi etter Uttal eg fær paa det nye Aare; og no hadde eg forsvore meg paa, at Odyssevs skulde vera det einaste. – Og det som verre er: eg vert so gamall. Ser meir og meir det lovbundne i Samfundslive dvs. ser at det vonde hev og maa hava Magti. (Ov- rett mot eit Faatal og Urett mot Fleirtale). For Faatale er dei forsvorne Egoistarne, som for det fysste alltid ser sin eigen Bate og for det andre er nærsynte nok til aa tru at deira Bate er Samfundsbaten. Dei fær daa og alltid det halv- blinde Fleirtale med seg i sin Strid (for "Sam- fundets Interesse"), – liksom eit Faatal av Over- klasse-Officerar fær heile Folke med seg i Blod- krigen for same Faatalsbaten ("Fædrelandets Vel- færd"). Men sin eigen Bate kan same Fleirtale aldri forstaa; gjeng paa tvert imot den og fylgjer Faatale, som alltid hev einkvar Kjøtknoken aa lokke det med. Det andre Faatale – det som ser, at Rett mot alle er det einaste som duger og det einaste som kann halde ut –, det vert daa alltid Faatal (naar det ikkje er stuttsynt nok til aa lokke med Revolusjonar); det frelser sitt eige Samvìt, men fær aldri Skikk paa Samfunde. (Og skulde det einkvan Gongen hende, so varer det aldri lenge, fyrr Magt-Faatale med sitt Muge- Fleirtal fær det som var retta rengt att). No skulde ein vente, at sjølve Mugen maatte lære av ill Røynd etterkvart; og det trur me, so lenge me er unge. Men til Slutt ser me, at Mugen aldri hugsar so lenge at han kann lære, og aldri ser so klaart at han kann hugse; same Narredan- sen gjeng daa – med eitt og anna lite Form- skifte – gjenom alle øvur; og det vituge Faa- tale vert alltid "den vesle Flokken". I denne vesle Flokken vil sjøvsagt alle vi- tuge Folk vera med, so lenge dei elles hev Kraft nok til aa "gaa etter Vite"; men naar ein vert so gamall at ein ser korleis Samanhenge i Røyndi er og vel alltid maa bli, so minkar det med Ar- beidskrafti. Mange gjev upp au, – kannhende dei fleste. For Trui var og er og vert "den Magti som vinn paa Verdi"; det er den, maa tru, som held Viljen sterk. Og veiknar Viljen, so veiknar Armen. – Revolusjonen i Russland held paa. Det er ein Borgar-Umstøyt, som hev til Maal aa føre Russland so politisk langt som Europa-Statar flest er komne; og det vil ikkje segja so lite der inne. Det gamle Styre (som hadde fenge alt i Ustand, ikkje minst Krigsprovianteringi) er sett fast, og ei duma-vald Nemnd styrer Revolusjo- nen, hev Folke (og Garnisonen, 30,000 Mann) i Hovudstaden med seg, og alt hev roa seg der; det kann sjaa ut til, at der skal koma Skikk paa den politiske Daarekista der inne. Stakkars halv- tullute Tsaren er der ingen som spør etter; han er nok halvt vitlaus av Rædsle, han. Og det spørst um, kven som kann skræme ‘n mest; for han kann visst bli baade "konstitutionel Monark" og (Namn-) Førar for Atterslagsrevolusjonen. Dei som no hev Magti synest vera ærlege og vituge Folk; ein fær ynskje, at dei maa ha Lukka med seg framleides.

22. 3. 17. Enno gjeng alt godt i Russland. Og Finnland og Polen fær att Sjølvstyre sitt. At Keisaren og Keisarfrua er sette fast er vel berre vitugt; til Trygd baade for deim og Lande. Men ein ting gjer meg utrygg; det er meir og meir Socialdemokratarne som tek Styre. Kann det gaa lenge godt? Er dei kloke nok til aa stelle seg so, at dei ikkje eggjer og samlar reak- sjonen?

25. 3. 17. Meldingarne motsegjer kvarandre rett som det er, so ein kann ikkje so vel vìta kva ein skal tru; men ettersom det i dei siste Par Dagarne høyrest er Socialdemokratarne rimelege. Noko utrygt vart det igaar: Keisaren skulde ha rømt. Men det skal ikkje vera sant, etter det eit Blad i Dag vil vìta. Og so "fær me no berre sjaa daa". Med Ufreden synest det gaa fram-yvi med "Ringmagterne"; men so vert det sagt, at den tyske Attergangen skal berre vera eit Schakkdrag av Hindenburg, som er lei av aa liggje i Laup- graver og vil ha eit Storslag eller tvo, noko "av- gjerande". Me fær sjaa, ja. Vaar Stelling er "vanskelig og kann bli kri- tisk", ser eg i Bladi Gong etter Gong. Og no skal me ha ei skjerpa Nøytralitetslov, som Bladi hev skrike svært upp imot, men som skal vera berre burt-i-mot so streng som t. D. den danske og den sveitsiske. Men um det nyttar med Lo- ver av det Slage for oss, som hev det med aa vera sterke i Ord – – – – I eit av dei siste Hefti av "Syn og Segn" skreiv tvo av dei norske Professorarne vaare um Fredsspursmaale, den eine (Koht) um "Fredstan- kar og Fredskrav", den andre (Gjelsvik) um "Forliksfred". Koht talar berre vent og vonfullt; Gjelsvik er ikkje vonlaus, han heller, men synest vera meir Realist: djupaste Grunnen til at den tyske "Fredsforhandlingi vart avvist ser han i dei engelske, amerikanske (Rooseveltpartie) og rus- siske Storimperium-draumarne: dei tri vil skifte Verdi millom seg (etter det som fraa engelsk Side er kome fram) og vil ikkje ha nokon Fjordemann med um Rove; Tyskland maa bli knekkt. For 4 Overstormagter vil betre halde kvarandre i Schakk enn 3, meiner han (med den amerikan- ske til Herre paa Have), og so kann me Smaa- folk au faa liva. Men ikkje meir han enn andre vanlege Freds- vener slepp fraa det utan ein samfolkeleg Flòte (og Hér). Og hev me den, so vil det kje vara lenge, fyrr me hev ein Verds-Cæsar (-Napoleon); og etter honom vil Verdi falle fraa kvarandre i so og so mange rimelege Cæsardøme; og so er det Krigshelvite som fyrr, berre heitare, av di "Vitskapen" vil finne nye Helvitmaskinar og Mi litarismen nye Djevlemetodar. Og so gjeng det som Prof. Wille skreiv; um 10-20,000 (eller 5-10,000) Aar hev homo sapiens gjort Ende paa seg. Einaste Voni for meg er no som fyrr: gje- nomført Samstyre og Grunnskyldskipnad. Daa fær me i alle Land eit F o l k som greier seg godt, og som daa vil hava og hev Magt til aa halde uppe Fred; og daa kann kvart Land hjelpe seg med ein liten Politihér. (Og skulde ein Napo- leon her eller der drive det til aa gjera Folk magt- og blodgalne, so fekk Politi-hérar fraa fleire Land slaa Lag og døyve den Spiren). Gjeng det ikkje paa den Maaten, so gjeng det ikkje. Utan kannhende Russland no – daa visst naar det fær "400 Millionar Menneskje" – kunde bli Overherre yvi alle og (med Minne li- vande um sine fælslege Røynslur fraa dei seinare Tsarvelde-Tider) halde eit rimelegt Styre uppe, til dess Folki fekk Syn for, kva rett Styre og rett Økonomi hev aa segja? – Kannhende. – Men um det kunde bli, fyrr dei 5-10-20,000 Aari var gjengne . . . – Tryggaste Trøysti er til Slutt den eine og kalde: i Røyndi hev det lite paa seg um øtti er til eller ei, – naar ho daa ikkje kann faa likare Livskaar enn ho no hev.

29. 3. 17. Ein Russ innsett til Generalguvernør i Finn- land, tvert imot den Grunnlovi som no skulde vera komi til Magt att; Russland er russiskt enno. – Tysken søkkjer fraa 2 til 8 norske Skip um Dagen; det gjeng Millionverd til Botnar kvar Dag, og rett som det er øydest Mannaliv med – all den grenselause Liding unemnd, som elles høyrer heime i dette Helvite –; me Nordmenn sìt her raadlause og tagalle og tek imot; det gjeld aa vera nøytrale, maa tru. Og daa det erd et same anten me lær eller græt, so berre tegjer me og privatbannar. Ringmagterne gjer Framstìg og kjem ingen Veg; den tyske Storrøvaren vinn seg fram jam- vel naar han "dreg seg tilbake". Alt rikkar att og Fram og stend stilt som fyrr; alle spaar ende- laus Krig, og Hungersnaudi snikjer seg nærare og nærare. Det er Fanden som er slóppen laus; og til Helvite bér det.

31. 3. 17. Den vanlege Budda med Søknader um Forfat- tar-Stipend. Av norske er der rett mange etter Maaten (9 Stykke, um ein kann rekne Oskar Braaten med lenger), og alle so vidt gode eller vongjevande – og "trengjande" (mest alle) –, at det er lite Moro aa velja ut eit Par og vise dei andre Døri. Men det er det som maa til, – for oss som hev den sure øra aa "sitja i Nemndi". Av nye (dvs.: som ikkje hev havt Hjelp fyrr) er der tri: Lauritz Fjørtoft, Halvor Floden, Olav Aukrust; av desse er der ein som synest kunne bli, Speldiktar (Fjørtoft) ; honom fær eg stydja det beste eg kann; me hev nok ikkje for mange av det Slage. Floden og Aukrust skulde og vera sjølvskrivne; men um dei kann vinne upp i Aar – –Me hev elles heile 4 Smaakassur aa ause av no: Staten, Schaffer, Forf.-lage, W. Ny- Budda er (etter Hans Ross) ei "Dynge av skivefor- mige, horisontalt paa hinanden liggende Gjenstande." Ei Budda med Bøker, Brev, Papir, o. 1. (Ryfylke, Jæren, Da- larne). H. G. gaard; men det hjelper ikkje stort; Søkjarflokken veks fortare. Og um Hjelpeskillingarne vert mindre og mindre Aar for Aar (samstundes med at Pengeverde minkar!), – det me hev aa gjera med er og vert for lite. – Huff ja; naar skal eg sleppe ut or den Nemndi, tru? – Det N. Teatre gjer det som vanleg godt i dei andre Byarne. – Drabløs fér ikring og spe- lar Norskt og Norsk-Danskt um kvartanna. Men naar Heiberg kjem burt, gjeng han vel inn i D. N. T. att (og kunde taka Styre der, med god literær Hjelp?) – um det elles orkar aa halde seg uppe. – GraavÍr og Snø Dag etter Dag, men mildt. –Eg arbeider med 17de Songen no, det hev gjenge smaatt nokre Dagar; men no tek eg i att.

1. 4. 17. I Russland ser det godt ut enno. Der er in- gen Strid enno millom dei ymse Flokkarne, so vidt ein kann sjaa; og i Dag fortél Bladi at Po- len endeleg er frigjeve. Kann det vera sant? Eller kann det vera aa tru paa? Eg trur det beste av all Magt; men– – Fraa Finnland ser eg Ingenting um den rus- siske Guvernøren; er Finnarne alt so langt paa Nedvegen komne at dei tek imot? Eller er det kje sant, det um den russiske Guvernøren?– Tru det beste, men drygje og sjaa . . . Den republikanske Tanken synest sterk i russi- ske Storbyar; derifraa kann ein endaa høyre det store Orde um del europæiske Sambandsstatarne. Men Stormengdi, Landsfolke, er nok ikkje med. Og der lurer den verste Faaren: Prest og Bonde kann slaa Lag og faa reist Tsarvelde upp att.– Prest og Bonde er Millomalderen allstad, men i Russland mest og verst. Var det ikkje det, kunde ein vel no – etter som det ser ut – vente, større Framstig fraa Russland enn fraa Vestmagterne (+ Amerika), der dei no, attaat den gamle Mammon, vel fær seg ein ny Reaksjonsgud: Mars; me kann daa berre vente Svevn eller Daude fraa den Kanten. Elles er det for snart aa spaa; me "fær sjaa", –dei som lìver so lenge

5. 4. 17. Amerika gjeng inn i Krigen – etter ein her- leg Tale av Wilson – "til Forsvar for Menn- skje- og Folkerett" (og til Sjølvforsvar). Noko større Kraft i Krigen vert det vel elles ikkje fraa amerikansk Side – Sambandsstatarne hev ikkje Krigsfolk, og maa, liksom England, men endaa meir "for seint", innføre "Vernepligt" –; men det kann hjelpe Ringmagterne med Pengar o. a. Det vert daa berre me Smaafolk, sorn vert "nøytrale" dvs.: maa lata oss plyndre og slagte av Prøyssarkulturen utan minste Motstand, ja utan ein Sukk, me er Sauer i Ulvestova. Og det er det villaste. Rovdyre som er det sterkaste; dei andre – som kannhende vilde lata oss lìva paa noko-so-nær rimelege Vilkaar – fær nok aa gjera med aa verja kvar sitt eige Skinn, Liv. Den engelske "Havdronningi" magtar ikkje so mykje som aa skaffe sine eigne Siglarar trygg Veg paa Have lenger. Verds-Freden viser seg paa nytt aa vera ein Draum. Dei som hev vore inne paa den, trutt paa Traktatar og Haag-Møte, dei ser, at Traktatar er Papir og Haag-Møte Talemaatar no som fyrr; Magti raar; eit Land som hev Krute turrt kann kva Dag som helst tvinge heile Verdi til aa danse. Og det ikkje berre i Dag, men langt fram igje- nom; den engelske Verdi, som var so byrg av aa vera fri for Verne - P I i k t lyt no bøygje seg for den barbariske prøyssiske Skipnaden – so fort og so godt som dei kann. For den som vil vera trygg i ein Røvarskog, maa alltid vera væpna til Tennerne. Me lìver i ein Villmanns- heim: Traktatar er Papir; det er Granatar som gjeld, eller Neve mot Neve. Og trass i alle vene Talemaatar: hev Uretten betre Vaapen enn Ret- ten, so er det ikkje Retten som vinn. "Den sene Retferd" kann vinne seg upp att sidan – Uretten vekkjer alltid Mothug mot seg –; men til daa kann mangt vera spillt eller øydt, som ikkje læt seg rette upp att. Eg trudde lenge paa Vitskapen; den vilde finne upp Mordmaskinar so fæle, at jamvel den raaaste Villskapen fekk meir enn nok. Men det var eit Mistak. Villskapen vert berre dess blodtyrstare di meir Blod han fær; di større Blodflaumar han fær, di større vil han hava. Ingen sann Prøyssar hev enno fenge ein Dròpe Blod for mykje. Og noko aa slaast um vert det all Tid; no slæst Magterne av berre Fredsvenskap. Det er "for Freden", Prøyssen-Austrike fører Krig. Men Freds Dryftingar vil dei ikkje vìta av; annan- kvar Maanad fortél dei Europa, at i Grunnen vil dei helst halde paa aa slaast. Men vil Ringmak- terne bøygja seg straks, og bøygja seg heilt, so Herregud, so kann dei faa Fred likevel, av di det no ein Gong er rett mange som kunde finne Freden nyttig. Betre Maate til aa døyve alle Freds- Tankar paa vert endaa aldri uppfunnen. Tingen er, at ender og daa treng Menneskje- Villdyre eit Blodlaug. Hev det daa noko aa slaast um, so er det godt; men h e v det kje noko, so finn det paa noko. For no maa det faa lukte Blod. Faa stikke og hogge og brenne og øyde- leggje, vera heilt og av Hjartans Grunn villt. Difor m a a me ha Krig, enno lenge fram-gjenom; Officerar o. a. segjer alltid. Me fær daa berre takke til, at Blod-Villskapen er ein Rus som "går òfver", so at det daa stun- dom er Fred. Godt er det òg, at der iminsto er eit Faatal som hev vunne heilt yvi denne Vill- skapen. Dette Faatal veks og minkar med dei skiftande Tiderne; men i det heile kann ein vel tru det veks. Ikkje minst i Tider.naar Krigen vert altfor prøyssisk; naar Villskapen slær heilt ut. Men eg trur ikkje lenger paa noko fredsven- legt Fleirtal. Villskapen er det djupaste Grunn- lage i det Dyre som kallar seg h o m o s a p i e n s; og naar ein høyrer Folk flest vedkjennast si Tru paa Krigen, og paa at den aldri vil halde upp, so vil ein oftast merke, at der brenn ein heitare Eld under den Trui enn under Trui paa Augs- burg-Konfessjonen. For i Krigstrui lìver der Ur- mensch. Og for Upphavsmenneskje er det den høgste og dyraste Menneskjerett aa kunna "slaa ihel" ; og den Retten hev vorte endaa mykje dy- rare no, daa han er so sterkt innknìpen. Men den som ser, at Krigen høyrer med til den Villskapen Menneskje bør vekse ifraa, han kann ikkje vera serskilt glad ved aa lìva i ei Tid, som hev lagt snart sagt heile Mannheimen inn under Krigsmolok. Einaste Voni er, at Folk vel snart kjem til aa lide so mykje reint prosaiskt Vondt av Krigen, at dei ikkje vil kunne vera med paa aa syngje Krigssongar att – so paa dei fysste fjortan Dagarne? 11. 4. 17 Engelskmannen kjem seg i det siste, ser det ut til. Med Russen gjeng det skralt framleides. Men enno ingen russisk Motrevolusjon. Og daa det ser ut til aa gaa rette p o l i t i s k e Vegen enno – Øystersjølandi skal faa Sjølvstende dei med, segjer Bladi –, so maa ein vel snart kunne kjenne seg so burt-imot trygg? Eit Merke i same Leid er det vel, at Keisar Wilhelm og tek til med politisk Reformering; gjeng det etter det siste Breve hans, so vil Jun- kervelde der nede snart ha sét sine beste Dagar. Er dette Breve utsendt for noko anna enn berre for aa friske Folke upp til dei siste Blod- og Pen- geofringer mot England, – so kann der vera Von for det prøyssiske Folke med, kannhende. Den tridje Bakstræv-Festningi i Europa, Austrike, vil Russland – og daa vel Ringmagtene i det heile – ha sprengt sund; og ein tzechisk-slova- kisk Forbundsstat vil vera eit godt Gjerde mot tysk Landrøvarhug. – Den Ovmengd av tyske Forretningsmenn o. s. fr., som er utviste fraa Russ- land, viser, at Revolusjonen visst ikkje kom for tidleg. – Maa til Aas no Laurdag, med Foredrage um George. Mykje Umskrivingsarbeid.

16. 4. 17. I Fyrrdags (Laurdag) um Kvelden heldt eg (etter Innbjoding) George-Foredrage mitt i Elev- Lage paa Aas: der, paa Jordbruks-Høgskulen skulde det Emne just høyre heime. Etter det vesle Ordskifte etter Foredrage (der tvo av Ele- varne kom fram med dei vanlegaste Modkasti mot Grunnskyld-tanken, som eg vart aaleine um aa svara paa) saag det elles ikkje ut til det; og naar alt kjem ihop, so var nok det svært rime- legt. Er all Skule utestengd fraa Verdi – fraa Luft og Sol –, so er nok den det framifraa. Men det var modigt gjort, at dei vaaga seg til aa høyre eit Foredrag um den Ting; um det hadde vore ein Georgemann i Flokken, so hadde det vel ikkje vore klokt av 'n aa heise Flagg der. Hans (Eivindsson) Hognestad – som visst er Upphave til Innbjodingi, og som tok imot meg og fylgde meg paa Stasjonen att, er ein stillsleg og hyggjeleg Kar, som helst rødde um Hognest' og Jæren, og som eg lika, so langt som eg i det heile kom innpaa 'n; han tala godt Jærbumaal au. Og det er Farsgarden (eller sin P a r t av Farsgarden), han tenkjer paa so vidt eg kunde skyna. Eg laut liggje der nede um Notti; og igaar kom eg kje til By'n att fyrr Klokka 1/2 12 eller so – gjekk i og utikring Byen og dreiv ei Tid; kom so til aa mistaka meg paa eit Klokkeslætt og kom ikkje heim fyrr i Gaarkveld kl. 9; hadde spillt mykje meir Tid enn eg hadde gjort Nytte fyre. – Hulda strider enno med Bunad-Boki. Det er Illustrasjonarne det gjeld. Hjelparane, skulde vera, ligg sjuke skiftevis og hjelper med aa faa alt i Ugreie; Hulda maa der inn Gong paa Gong; men det dreg ut og dreg ut –.

19. 4. 17. Nettupp ferdug med "Det store Fremstød" av Mac Gill. Denne reint objektive Krigsskildringi les ein halvt fælen og halvt flirande; eit Samfund som segjer: du skal ikkje slaa ihel, og samstundes segjer: di fleire du kann slaa ihel, di betre Kar er du, – eit slikt Samfund er ikkje til aa taka aalvorsamt. Men aa vasse rundt i desse rotnande Likhaugarne og millom alle desse sundsprengde Kropparne og avrivne Lìmerne – huff fy Fan; ein trur seg paa Daarekista. Men alle desse stakkars Patrick'arne og kva dei heiter, – dei tek det rolegt og drep det. beste dei kann og hev Inkje imot aa bli drepne, naar det berre kann gaa fort og greit; men det dei likar best er aa faa høveleg . smaa-store Saar, so dei for ei Tid kann sleppe ut or dette Eld og Kjøthelvìte og heim; for der kann dei paa nytt faa kjenne seg Menne- skje. – Men um ei øtt som finn seg i slikt læt seg "frelse" – ha, ha; lat oss heller høyra paa den engelske Bispen som forkynner at denne Krigen er heilag (um han elles ikkje sjølv aspirerar til den Heilagmanns-Kruna). – Sven Moren var her ute igaar; han var narra til Byen ved eit Brev fraa Hans Aanrud, som spaadde Møte i Sak-Kunne Utvale den 14de. Han fortalde mill. a. um, at det meir og meir "beinar seg til Krig" for Norig med; Tinge held Møte for stengde Dører Dag etter Dag, og det er færre og færre som Finn det forsvarlegt aa lata Sjømennerne aaleine lide for Prøyssarvillskapen. Ein maa òg tenkje paa alle dei Millionarne som kvar Dag vert søkkte. Ja ja. Der er noko i det, maa ein tru. Og ein Blodflaum til Umbyte med den endelause Ord- og Blekkflaumen kunde friske upp, vel. Skapa meir Aalvor og meir Mannsvilje. Helvìte med all sin Eld og all si Svaavelstank maa alltid vera likare enn Rotning – – –

22. 4. 17. Det var nok berre Drøsur, at me skulde med i Ufreden. Og det er nok i mange Maatar vel D. v. s. det er vel det einaste; at Hérstelle vaart skulde vera kome i brukelegt Stand er sjølvsagt berre Folkedikt. Og so er det daa det gamle "me fær sjaa" att. –Syttande Songen ferdug. No masar eg med den 24de. – Hev arbeidt meg igjenom ei diger Bok.av Thorleif Homme: "Norsk Folkelagnad i 3-4000 Aar". Der er utruleg mykje godt i Boki, av ei Teologbok aa vera; det er Historie i Nytidsmei- ning. Og Mannen ser godt Samanhenge millom Historia og Økonomien. Men til Grunnen, til Jordspursmaale, naar denne Bondestudenten i k k j e. Saklegt gjev daa ikkje Boki anna enn det gamle, d. v. s. han hev naatt so langt som til Grundtvig og Folkehøgskulen. – Russland klarar seg enno, ser det ut til, um der elles ikkje lenger er berre Fred millom dei styrande. I Tyskland – som i Sverige o. a. St. – tek Socialdemokratarne til aa røre paa seg; aa ja; Folki i det heile. Men kor mykje det vert til?

26. 4. 17. Vart i Fyrregaar ferdug med Prentrettingi paa 8de Upplag av "Haugtussa". Enno finn eg dei fleste av Dikti gode. – Th. Homme arbeidar med ein Søknad til Tinge um Gjenomføring av Krave um norsk Skule; den Blandingsskipnaden me no hev fører til eit norskdansk Babel; læt seg elles ikkje skikkeleg gjenomføre. Han vil samle Underskrifter i Mengd (upp etter Bygderne fysst og fremst) paa denne Søknaden, og han meiner eg bør vera med. Han hev sendt meg Framlegge; og det inneheld mykje som er baade sant og godt. Spursmaale er berre, kor langt ein kann bruke Lovmagt her, og kor langt Lovmagti – u m me bruka ho – kunde hjelpe. Og so er det den Ting, at alt som sma- kar av Tvang er usmakelegt. Bryr kje Folke seg so vidt um Norskdomen sin, at det nyttar den Retten, det hev fenge til norske Skular – og det er berre nokre faae Landsbolkar som synest bry seg um denne Retten –, so er her ingjor Raad: me fær finne oss i den Domen som Historia feller yvi alle Folk, som ikkje hev Sjølvkjensle nok, eller Samkjensle og Samhaldsvilje. Men paa den andre Sida er det sant, at eit Folk treng Førarar. Og den vesle Flokken som skulde vera folkeførande i denne Sak, me burde vel sjølve kunne samle oss no snart – um eit Krav som kunde føre til ei Avgjerd. For skal det halde fram som det no gjeng, so vert den nasjonale Samlingssaki til ei Kløyvings- og Kvak- lingssak. – Eg hev arbeidt nokre Dagar med aa "finne ei Form"; men eg er so visst ingen Førar- natur, og enno stend eg uppraadd. – Den skjerpa Nøytralitetslovi gjekk ikkje heilt igjenom i Tinge, og vedkomande Statsraad er gjengen. Men Riksraadformannen – som sjølv i Tinge forsvara dei Paragrafarne som fall – vert standande. Og dei tvo forande Vinstrebladi (dvs.: Gunnar Knudsen og Johan Castberg) stend imot kvarandre, so det maa vera Hugnad aa sjaa for alle Høgremenn og Socialdemokratar. Men snart er her berre eit Spursmaal: Korleis skal me sleppe igjenom Krigshelvìte utan for mykje Svelting og Arbeidsstansing? – Og fraa tvo til nie Farty misser me kvar Dag. – 17de og 24de Odyssevs-songen er ferdug. Men enno er det seks Songar att. Og noko høgt med Arbeidsmodei er det i k k j e. 30. 4. 17. Hulda held paa med eit Arbeid (Drama), der Hiawatha, den indianske Messias, er Helten. Ho hev daa samla det som er aa faa Tak paa her (og serleg i Stockholm; for her er mest ingenting)av Bøker um honom og um det indianske Live f y r r Europæarane kom til Amerika, og fyrr Indi- anfolki vart velsigna med europæisk Kristendom: Mord og Brand, Jordrøving og Brennevin, i det heile fraa den Tidi daa dei indianske Folki enno var – so i det store set – seg sjølve. Eg lés i desse Bøkerne, naar eg no og daa kann taka meg Tid; i Dag hev eg halde paa med D. G. Brinton, M. D.: Library of Aboriginal American Literature No. II" (Filadelfia 1883). Og her – som i Bibelen og andre gamle Skrifter – fær eg ei uhugleg Kjensle av, kva den "euro- pæiske Kulturen" er for syrgjeleg etisk Deka- dence; dei Indianfolki, me no hev moral-forpesta ihel, stod so uendeleg mykje høgre – etisk – enn me, daa dei fysst kom ut for oss, at ein reint maa skjemmast, naar ein les um det. No ligg dei burt-i "Reservationarne" sine og drikk seg ihel; dei "kristne" hev forgifta Folke som dei hev røva Landet; men at ein og annan av desse kristne fær eit lite Fyresviv um det Hel- vitverke dei her hev gjort – det same som dei driv paa med Verdi rundt, um ikkje alltid og allstad fullt so villt som her –, det er visst ikkje for mykje. I visse Maatar var Indianfolki halvville, dei med; Krigen var komen upp millom deim med, og Blodtorste og Vaapnvillskap var veksande. Mykje av den historiske Indianar-literaturen var utseld i Amerika den gongen, soleis baade Morgans: "The league of the Iroquois" og Horatio Hale: The Iro- quois Book of Rites, dei tvo hovudverki um "The five Nations." H. G. Men so vidt etisk Kultur var der i Folke like- vel, at ein Hiawatha kunde staa fram, og at han etter ymse Vanskar med god Hjelp fekk reist dei fysste "sambundne Statarne" der burte, og det paa ein uendeleg mykje reinare etisk Grunn enn den dei "kristne" Sambandsstatarne sidan vart bygde paa. Det gjekk med den indianske som med den galilæiske Messias; han vart umdikta til Gud; paa den Umdiktingi hev Longfellow bygt sitt Hia- watha-Kvæde. Men den historiske Hiawatha kom ikkje so heilt burt som den historiske Jesus; og no er han funnen noko-so-nær fram att, so eit i all Hovudsak historisk Hiawatha-bilæte vil lata seg teikne. Eg er ikkje langt ifraa aa misunne Hulda dette Emne; men, naar alt kjem ihop: Kva nyttar det aa reise ideale Bilæte i eit Hel- vìte som dette europæiske? – I "D. 17de" er der no um Dagen litegrand Ordskifte um "Haugtussa"., "Trætte Mænd" og meg dvs. Trui mi. Ola Raknes meiner, at "Reli- gionen", "Kristendomen", etter mi Meining er ei Hamn for Skipbrotne, "god nok" for einfalduge, ei "faarleg Hovudpute" for lettlynde, og "for dei aalvorlege Dauden." Men Torstein Høverstad tek det noko djupare og fær meir fram av det som eg kann vera med paa. Han talar og varmare um "Jesus Messias" og det Kristendomssyne som der er lagt fram enn visst nokon hev gjort; og det er eg glad fyre. Men serleg godt er det i denne Tid for meg, at han talar aalment og ikkje segjer noko som tvin- gar m e g ut i Ordskifte; enno ei god Stund vil Odyssevs gjeva meg meir enn nok aa gjera. 6. 5. 17. Song XXIII ferdug. – Homme hev lempa noko paa Maalsøknaden sin – som elles ikkje skal til Tings no, men til Ungdomslag etc. og samle Underskrifter –, so vidt at eg hev meint eg kunde gaa med. Det vert elles Braak nok um, "Tvangspolitik"; dei norsk- danske tenkjer som alle Magthavande: naar eg brukar Magt mot deg, so er det rett; men naar du brukar Magt mot meg, – so er det Tukthus. Men det kunde vera Moro aa faa svara paa det Snakke att – endaa ein Gong; for det er lenge sidan sist no. – Det vil elles ikkje "nytte" aa svara; for denne Moralen: rett mot deg er urett mot meg, det er aalmenn Moral no for Tidi; aalmenn kri- steleg Moral endaa til; serleg er det kristeleg Statsmoral. Naar t. D. Tyskland herjar det Belgia, det paa ein "Papirlapp" hadde lova aa forsvara, so er det god tysk-kristeleg Rett; men vilde Dan- mark taka att Sør-Slesvig, so vart det Tukthus eller Avretting. Og dette finn Folk flest er god Moral. Og naar England o. a. av "Retts"-grunnar for- svarar Belgia – naa! England hev svært gode Grunnar til aa tenkje paa seg sjølv au her. Frank- rike like eins; det drøyrner dessutan um Elsass- Lothringen. Og Amerika? – heldt seg i Ro, alt til dess det vart aalvorsamt redd for Handelen sin. Russland – hev all Grunn til aa ynskje den urolege prøyssiske Grannen døyvd. Men Prøyssen hev f r a m i f r a a "Rett": denne Over- Røvaren "fiktar for sitt eige Liv," Stakkar. Og er det nokon som for Aalvor preikar Fred for desse Bandittarne –i Tyskland hev Socialdemokra- tarne teke til med det, mill.a. av Rædsle for den veksande Dyrtid og Sveltetid –, so hev alle Bandit- tarne kvar sine Motbandittar aa skulde paa. Fraa alle Kantar vert det tala med knakande Logik um, at Skuldi er Fanden ta oss ikkje paa vaar Sida; ein kjem rett som det er til aa minnast Fante- kjerringi hjaa Ibsen: "Kan jeg hjælpe jeg, for Fanden, at jeg blev til den jeg er?" Den "kristelege" "Kultur"-Verdi er, med all sin Tragik, i Grunnen berre til aa læ aat.

12. 5. 17. Endeleg tek det til aa vaare. Snøen er burte, og det er burtimot mildt jamvel um Kvelden. Men det kann vera paa Tidi au. – Bladi fortel meg, at Johannes Haarklou er 70 Aar. Tenk! so gamall! var min fysste Tanke; men min andre var: um halvtridje Aar er eg likso gamall. Ja – ja. Skal eg elles døme etter Bilæti i Bladi er han minst likso kry og kraftig no som i den forhistoriske Tidi, daa han ein Gong imillom var med i min "Bande" – i den Tid Skeibrok, Johan Selmer o. a. –, um han elles aldri vart nokon rett Banditt. – Sidan hev han vore reint som burtkomen; men ein Hende Gong kom Namne hans i Bladi, so eg visste han var til; og daa visste eg au, at han arbeidde. For ei Tid sidan kunde dei endaa fortelja at han hadde halde ein Konsert i Tyskland og gjort det godt der; eg kunde daa skyna at han ikkje hadde "vakse nedetter". Men han arbeider i dei store Formerne, som der ikkje er noko Publikum for her, dessverre. No ser eg elles at dei vil freiste aa faa ihop Pengar til aa faa dei beste Verki hans prenta for; gjev det maatte lukkast. Haarklou er den fysste Komponisten av m i t t Folk, som hev naatt Høgderne. Men fort gjeng det ikkje med oss, og kann det ikkje gaa; me fær freiste aa tru paa ei lang Framtid. – I Verdi er alt likso uvisst som det hev vore, eller verre helst: Russland synest ikkje kunne koma i Orden att, og det vert beint sagt, høgt og i sjølve Dumaen, at Russland stend paa ytste Stupe. Det vil vekkje Glede og nytt Mod i . Vestmagterne . . . dei gjer sitt beste og klarar seg rett fint; men nokor Vending hev dei ikkje kunna gjera. Amerika høyrer ein ikkje stort til, – anna enn at dei held dundrande Krigs- . . . F e s t a r der burte. Socialistarne baskar med Fredsmøte; men Møte i Stockholm vert mis- tenkt for aa vera tyskvenlegt, so no skal det att- aat bli eit Vestmagt-Socialistmøte. Røre og Ugreie uppe og nede og rundt ikringum og allstad. – Tuften hev nyreist Krystalpalatse ; den nye ramsvarte Katt-ungen hev halde si Innferd; eg held paa med Songarne XVIII og XXII; i Over- morgo skal eg til By'n og – huff! – ha Sti- pendiemøte; elles er eg so smaatt med i Hagen ...

16. 5. 17. Eg kom i k k j e med i Stipendiemøte. Eg fekk berre ei Minning um, at eg ikkje er ung lenger. Kl. 1/2 11 var eg i By'n. Skulde millom anna – og ikkje minst – faa stelt med Øyro. Men eg hadde ikkje kunna tinga Time; eg visste kje Namn og Adresse paa ein einaste Dokter der inne (hadde i alle Fall gløymt det eg visste). Og daa eg kom til det Gatehyrna der den fysste Øyredokteren min hadde butt, so var det ingen annan Ting der aa finna enn ein stor ny "For- retningsgaard". Men Øyro maatte eg ha Greie med, naar eg skulde vera med i eit Møte; eg gjekk til den eine Øyrelækjaren etter den andre; men all Stad Eit lite drivhus ("Kaldhus"). var der "fullt Hus". Berre hjaa ein var det so vidt rimelegt, at eg tenkte der kunde vera Von; der sat eg daa ein Times Tid og venta. Men so saag eg paa Klokka; Tidi var ute. Og endaa sat det nokre att, som var komne fyre meg. Eg gjekk att. Fekk sjaa um eg kunde finne nokon som hadde Ettermiddagstimar. Men det fann eg ikkje. Det hadde vorte fælt til Traakk, dette, gjenom alle desse braakande kjeidsame Gaturne. Dertil kom ein annan Ting; alt lenge hadde eg merka Fyrekjenslur til Magekrampen min, og hadde daa agta meg vel for Mat. Og trygg var eg ikkje enno; det vart soleis heiltupp Fastedag, aa kalle. Dette gjorde, at eg trøytna reint burt; laut finne meg ein Benk og sitja og kvile, rett som det var. Men paa Møte fekk eg no gaa, kor som var. Kunde eg raake Sven Moren fysst og høyre kva Krav han meinte me norske burde setja, so kunde det bli ei Rettleiding; ei Stund fyre 6 gjekk eg upp i "Industrien" og vilde sjaa, um han kunde vera komen, eller um eg kunde faa spyrja han (og i Tilfelle Tvedt) upp. Men eg fann ingen av dei "sak-kunnige" der; og daa eg so kom til aa sjaa paa Restaurasjonsklokka, so viste det seg, at eg var ein god Time for tidlegt ute. Dermed stabba eg ut att. Eg var for trøytt til aa gaa paa Dokterleiting; hev vel helst tenkt paa aa finne meg ein Benk upp-i Parken att. Men eg veit ingen Ting; for no sovna Minne. Daa eg vakna att, var eg langt ifraa baade Oslo og Valstad: i einkvan "Stasjonsbyen" uppaa Lande ein Stad; og eg drøymde minst av alt um Literatur eller Stipendiemøte. Eg hev ei heil Rad av "Minne" fraa den Stasjonen og Lande der ikring; soleis gjekk eg lenge og kava paa ein endelaus Veg yvi Bakkar og Berg so trøytt at eg vilde sige, og sette meg kor eg fann ein Stein; like eins var der Vanskar ved sjølve Sta- sjonen: han var, so inneringa paa alle Kantar med høge Staaltraadvevgjerde, at eg ikkje kunde sleppe ut. Men Samanheng i Bilæti kjem det ikkje, fyrr eg sistpaa likevel er komen ut-i denne Stasjonsbyen. Den v e i t eg ligg so langt av Leid, at eg kann ikkje koma heim til Kvelds; det gjeld berre aa finne eit Hotel eller sliktnoko. Og eg slæpar meg fraa Hotel til Hotel; men allstad er der fullt, overfullt; kannhende hev dei kje nokor Til- tru heller til ein Fyr som ikkje hev so mykje som ein Vadsekk. Sistpaa freistar eg aa finne ein Stad, der eg kann "liggje ute". Men den einaste Staden eg kan finne er so ulagleg, at det er Uraad aa faa lagt seg der; og den Plan- ken eg sit paa er so smal og ligg so skakt og ustødt, at eg, som verkjer av Trøyttleik i kvar Led og Lém, eg k a n n ikkje slaa meg til der. So spør eg meg fram til Lensmannen; vil lata meg setja som Lausgangar; der fær eg daa Tak yvi Hovude og ein Benk. Men Lensmannen "er i Byn og kommer ikke hjem før med Nattoget." Eg tek daa Storvegen ut-yvi og tenkjer eg maa kunne finne meg ei betre Utelæge der ein- kvar Stad. Men so møter eg ein Fyr – ein Arbeidar var det visst – som kanskje kunde vita um eitkvart Smaa-Logi . . . Eg gjev meg i Drøs med Fyren um dette. Men han kann for- telja meg, at alle Hus er yvi-fyllte; sjølv held han Hus i "en av desse Bordstaplann her." Eg slær paa, at eg kanskje for i Natt fær bruka same Utvegen. Han smiler til dette og svarar ikkje noko beintfram; men av det han segjer skynar eg, at han i alle Fall ikkje vil raade meg til det (han trudde vel ikkje eg greidde lenge aa "liggje" der). Men det gjeng Tog til Byn Klokka det og det. Ja, men eg skal paa ein annan Kant, svarar eg. Snart hadde han Greie paa, at eg skulde til Valstad i Asker – det høyrdest som han skulde vera godt kjend der ned-over; men rett som det var kom han til aa segja noko slikt som "her i Sandvika"; og straks etter: "det er da ikke lang Stubben fra Sandvika til Valstad, vet Dere"; og no tek eg til aa faa ein Mistanke: det kann hende eg e r ‘kje tilfjells! – Mannen var i det heile pratsam (eit Grand druk- ken); han gissa paa um eg kunde vera i øtt med ein Mann han hadde set eit Portræt av "en som hetter Garborg"; eg svara at eg v a r Garborg. Han lova daa aa fylgje meg til ein Mann, "som hadde betre Greie paa meg," og som kanskje kunde "ha en Loftkrok aa avse" eg merka elles fleire Gonger sidan, at han trudde berre so halvt paa at eg hadde gjeve meg rett Namn. Men han førde meg til Mannen sin, Vaktmeister Jensen; og dette viste seg aa vera ein greid Kar. Men Huse var fullt baade uppe og nede; og daa eg sa, at eg gjerne laag paa Golve, svara han at dei laag snart paa Golve sjølve. Etterkvart kom Kvinnfolki med i Drøse, fysst og fremst Dotteri, ei væn Gjente, som tyk- test kjenne meg att fraa det Aare ho tente hjaa Erik Lie; og Kona tok etterkvart til aa tenkje paa, um ho ikkje likevel kunde skaffe meg ei Seng; men so kom den Tanken upp, at kunde eg faa Tak paa ein Auto, so kunde eg vera paa Hvalstad um ei lita Stund . . . Snart etter sat eg i Automobilen. Der sat eg godt og fekk endeleg Kvile. Og no, daa eg visste kor eg var, fann eg meg sjøl au att, – hugsa daa og med ein Gong, at no skulde eg ha vore i Stipendie-Møte. Heile Dagen spillt! Men daa eg hadde harma meg ei Stund yvi dette, sa eg til meg sjølv: ja no maa eg vel endeleg vera ferdug i det "sagkyndige Udvalg". – Snart var eg heime og fortalde at eg hadde vore paa Vegen til Daarekista. Folke mitt tok det rett rolegt, og Tuften sa: "du har gaat i Søvne, Far." Me antrast litt um dette; men han fekk meg sistpaa so halvt til aa tru det. Og eg v i l tru det; det er den mest lempelege Forklaa- ring som eg veit aa finne. Til Formannen hev eg skrive og greidt ut Saki, so godt som det lét seg gjera i eit Brev, og slutta med, at no bør eg vera ferdug i Utvale. Det burde eg elles ha vore ute or for lenge sidan; for eg orkar ikkje lenger aa fylgje med i alt som vert skrive. – Idag kom 8de Upplag av "Haugtussa".

26. 5. 17. Full Sumar og fint VÍr; storfagert. Fugle- kvitter og Gaukegjeling. Men stridt varmt, og vel snart – som vanleg um Vaaren her – for turrt; reint audt for Regn. – Var i Byn igaar att og fekk stellt paa Øyro mine. Og kom heim att utan Vanskar, – naar eg daa ikkje vil rekne den, at der knapt nok var so mykje som ein Staaplass paa Toge. Det gamle Smalspore er nok utlivt paa Vestbanen med no. – I Dag er Tuften hjaa Tannlækjaren; hev elles vore der eit Par Gonger fyrr, men fekk ikkje Hjelp; Dokteren er rædd at det ikkje berre er ei Tonn, men sjølve Beine som er i Ustand. Det skulde sjaa ut! No maa der vel i alle Fall bli ei Avgjerdsle; det hev vore stride Dagar for Guten dette. Og det no midt i "Vaarvinna"! – Igaar var han elles 29 Aar; Dagarne gjeng og Aari rullar. – Brev fraa Hans Aanrud, Formannen i For- fattarlage; han meiner eg bør halde ut i Nemndi til det vert nytt Val dvs. enno eit Aar. Og lat skure; d’er daa kje meir enn eitt Møte til. – Brev fraa Ludvig Møller, Teaterstyraren; han skal gjeva ut Brevi etter Mor si (Amalie Møller – Skram) og bed um aa faa dei Brevi fraa henne som me hev. Desse Brevi hev me daa funne fram; men det var so faae, eg for min Part kunde finne, at anten maa sume av deim vera komne burt under all mi Flytjing og Flakk- ing i so mange Aar, eller dei er for vel burt- gøymde. Det vart elles eit lite Repetisjonskursus i "Gamalt", dette med, um mindre i Amalie Møller- enn i Amalie Skram-Kapitle. – Krigen sjanglar i Veg som fyrr; og med den russiske Revolusjonen stend det utrygt – som fyrr; det siste eg hev merkt meg er tyrkisk- tysk Villmannsferd i Palæstina – av same Slage um vel enno ikkje so vidt drivi som den tyrkisk- tyske Villmannsferdi – "den store Jammer" – i Armenia. For Norig vert 2–7 Farty no som fyrr søkkte kvar Dag; samstundes freistar Tysken alt aa faa i Gang "norske" Eimbaatsrutur med tyske Skip; um me kann vera samstellte nok til aa hindre det – naa ja; me "fær no sjaa daa." At Tysken tek til aa søkkje svenske Skip au no -– daa Sverig endeleg hev fenge ein Handels- skipnad med England –, det vekkjer Harme mot Tyskland jamvel hjaa Tysk-Vénerne der inne; dette bør kunna stydja Arbeide for ei sterkare s k a n d i n a v i s k Handels-semje. Men i det heile gjeng Skuta "i Aakeren" som ho hev gjort.

3. 6. 17. Russland synest meir og meir aa losne i Sau- marne (Soldat-Upprør i Kronstadt er siste Nytt); Vestmagterne magtar ingenting; Tyskland stend stødt som fyrr, men elles med eit Grand Knur- ring her og der, av Arbeidarar eller Polakkar. Utsyner: Krigen held paa, til Europa smaatt um Senn sig ihop av Svolt og Armod og Trøytt- leik. So "Fred" dvs. Vaapnkvile, til dess Folki fær slite ihop nokre Milliardar att og avla nokre nye Herar, og til dess nokre endaa fælare nye Mord- maskinar er uppfunne. Daa ber det laust paa nytt, og held paa, til dess Prøyssen hev lagt Europa under seg. Aalmenn Reaksjon; ny "Mil- lomalder." Sæle me, som daa ligg i Jordi. Amerika, som er uttært av Mammonsdyrking og Trældom, kjem knapt til aa gjera noko av seg; det er daa visst ingenting, det som enno hev vore aa høyre. Meir og meir gjev daa den ikkje-tyske Verdi upp; det meir og meir mod- lause og sveltande Folke reiser seg snart her og snart der; Dyrtidi vert mindre og mindre til aa greie, og ingenstad er der ein Mann som nokon fullt ut trur paa; ettersom det no ser meg ut kan desse siste Krampedraattar ikkje halde lenge paa; "Freden", Vaapnkvila, kjem vel utetter Su- maren eller Hausten. Hjaa oss samlar alt seg no i eit veksande Rop paa Lønsauking og Stats-Vedhogging og i det heile Statshjelp. Socialdemokratarne hotar alt so smaatt med Upprør; og Embættsverke vert meir og meir kraftlaust: alle Lønsaukingar vert for smaae og fleire og fleire av dei som duger noko bergar seg ut or Statskontori og inn i For- retningslive paa ein eller annan Kant. Eit godt Aar vil hjelpe oss ut-yvi mykje, og alt ser i so Maate godt ut; men Mode er ikkje høgt, i By- arne daa visst, etter alt ein les eller høyrer. Ein fær daa berre slaa si Lit til, at koss det gjeng og ikkje gjeng, so gjeng det daa eileis, etter eit garnalt Visdomsord. – Nygaard hev sendt ut "Paa Fantestien" Um Odyssevskvæde høyrer eg Inkje; det kjem vel knapt ut i Aar daa, kann eg tru. Sjølv "sét eg Eple" mest no um Dagen. Naturi held si gildaste Høgtid, reint likesæl um all den Møda og Helvìt Pina me kloke Men- neskjeborni lagar ihop aat oss. Og var der nokon Vaarherre, so vilde han med god Grunn Finne, at me fær liggje som me sjølve reider upp. Endaa Grunnen vilde ikkje vera so god likevel: dei fleste lyt liggje som andre reider upp. Men kva er der aa segja; kvi l æ t dei desse andre reide upp aat seg? Lite Vit? Og endaa mindre Ettertanke? Og minst av alt: Mod og Plan og Samhald? I alle Fall: det gjeng som det gjeng. Og den einaste paalitelege Frelsaren heiter Dauden.

7. 6. 17. 7de Juni skulde vera Festdag, og er det offi- cielt; at eg inga Flagg ser her i Valstaddalen hev vel inkje paa seg. Folk er Høgre eller So- cialdemokratar her – eller upolitiske. – Fraa han Johan (Matiassen Skau) kom det Brev i Dag med Kvitting for Honorare; Boki synest han ikkje ha fenge. Han vil knapt bli noko glad i det nye Titelbilæte, Nygaard hev sett paa ho; visst er det, at eg sjølv er misnøgd med det; det er eit Mjøltraavarbilæte av argaste Slag og reint stemningslaust. – Tysken øydelegg tri-fire Skip for oss kvar Dag (og drep Folk fort vekk); samstundes krev han med strenge Ord at me skal vera fornøgde, um vel ikkje nettupp takksame. Og me bøygjer oss visst; Magt er Rett, veit me. Danske Georgefolk ("Ret" – "Den lige Vei") synest tru paa, at Krigen vil tvinge Folki inn paa ein vitugare Politik og Økonomi enn den dei til dessa hev greidt seg med; gjev det var so, vel. Men eg trur ikkje svært mykje paa det; i Røyndi stend Folke raadlaust. Det veit for lite, og hev daa ikkje Mod til aa vaage seg inn paa nye Vegar. Og nokon Mann som kann faa Folki til aa "tru" paa seg hev dei danske Georgefolki knapt meir enn me norske. Lenger enn me er Danskarne likevel komne, so eg skal visst ingen Ting forsverja. Det ser òg ut til, at Georgefolk og Socialdemokratar held paa med aa arbeide seg saman der nede; og kunde det bli Tilfelle, der og her og Verdi rundt, so maatte Framvegen bli tryggare. – Igaar hadde Oslo-Socialistarne stor Uppvis- ning "mot Dyrtidi" og lagde fram – for Stor- tingspræsidenten – sine Krav um Raadbøter mot den; eit Par tingsocialistiske Talarar klunka elles paa Revolusjonsstrengen. Kva Riksmagterne elles skal kunna gjera meir enn dei hev gjort og gjer, det fekk me lite Greie paa; Socialistarne i By- styre synest ikkje heller aa vìta nokon Veg. Meir enn Uppvisningar og store Ord fær me vel i det heile ikkje fraa den Sida. – Voss-Tidsskrifte "Norsk Ungdom" skriv um Ungsocialistarne, som tek til aa leggje seg aat Soldatarne vaare og ved "aktiv Antimilitarisme gjennemsyre dem med revolusjonær Aand", d. v. s. med Forsvarsnihilisme. Og "N. U." er mod- laust; mot slik Agitasjon vert det fraa norsk Side Inkje gjort; "dei nasjonalhuga er somna so av i si Likesæle, at dei vaknar visst aldri meir." Der er i det heile mykje Modløyse der vestpaa, ser det ut til; det er visst ikkje høgt med den norske Ungdomen der heller. Rimelegt nok, dessverre. Ungdomen veit altfor vel, kor lite me hev aa fara med, um noko skulde koma paa; for honom vert det Daude eller Skam, og for Lande lite Hjelp, av di han er for laakt upplærd og væpna. Og hev me daa nokon Rett til aa preike for Ung- domen? Eller vil me kunna segja noko, um han gjeng med paa "aktiv(!) Antimilitarisme"? Me hev i det heile lite aa segja. Det einaste me kann er: vone, og "vente og sjaa." Men Freds-Tanken vinn meir og meir Magt allstad no, i Tyskland med; "Voni" synest daa aa hava so vidt Grunn, at ho ikkje vert berre til aa læ aat. Kjem so den Dagen, at Verdi skipar seg i Sambandsstatar med Samstyre, og innfører heil Frihandel og ein vitug Skipnad med Jord og Grunn, so vil Freden staa trygg; Kulturen vil – endeleg! – ha vunne paa Villskapen. – Men dette er ein Draum ? – um Lag som den gamle um Tusundaarsrike? – Naa ja. So fær vel me Smaafolk drøyme, til dess me hev drøymt oss inn i den siste Svevnen. "Fylgje med" i Væpningsvillska vert meir og meir raad- laust kor som er.

28. 6. 17. At det prøyssiske Barbarie ikkje minst hev lagt seg etter Norig – som òg etter Sverig – er i det siste korne upp paa ein serskilt uhyggjeleg Maate; me hev havt (eg hev) Upplag av Bombur og annan berlinsk Develskap i By etter By, fysst og fremst i Oslo, og tyske Spionar og Løynmor- darar (med leigde finske og, Gudbetredet, norske Hjelparar) baade her og der. Og at den prøys- siske kristliche und hochkultivierte Riksstyring stend attum er tydeleg uppkome og fastslege. Samstundes ligg Over-Gudshædaren Keisar Wil- helm og slær um seg med Bøner so det berre luktar. Og at Nordsjøen–Belgia–Holland, Skan- dinavia o. s. v. fr. – skal inn under prøyssisk Velde, iminsto Overtilsyn, vert sagt beint ut. So no veit me heilt, kor me hev den Røvaren. Men kor mykje me kann vente av dei Magterne som vil vera Rettsforsvararar, det veit me i k k j e. Det me kann vente er endaa eit Aars Krig og verre og verre Dyrtid med alt som deretter maa fylgje. Samstundes fær me høyre av ein fransk Tol- stoi-Svein (den store Diktaren Rolland) at me ikkje skal hata. Men den same som sa: elsk dine Fiendar, skjellte Skrymtarar og Røvarar so lystigt ut, at heitare Harm glødde vel aldri paa Jordi. Skjelling nyttar elles ikkje meir enn Bøner.

30. 6. 17. Kom til aa sjaa paa eit Stortingsreferat i Dag, fraa Tolldebatten. Og so mykje Tull som eg der saag er det ikkje ofte ein finn paa ei Spalte eller tvo. Det var eit Par Talarar som heldt fram Kravi fraa Smaafolksida; dei vart avviste med, at dei var Socialdemokratar. Vinstre vilde sjølv tenkje paa Smaafolke; men galdt det ei Vare, som gav Statskassa gode Tollintektar – som Sukker –, l naah! so fekk ein gløyme Smaafolke. [Ein kann heller leggje mindre Toll paa Silke og Vin og slikt, som serleg Pengeherrarne brukar.] Dei som hadde Bruk for Vernetoll skulde faa Vernetoll; Smaafolk fekk faa Fatighjelp – Statshjelp –, naar det kneip, av det som denne Vernetollen gav inn; det var Statsøkonomi; ja det var Vinstre- Statsøkonomi. Eg slengde Blade. Og tenkte med meg sjølv: faa Vit inn i slikt Flesk er raadlaust. Det fær gaa til det gjeng sundt. Krut og Staal var dei einaste Grunnarne som her kunde bite; men Krut og Staal er dei Grunnarne som Storborgarsam- funde sjølv held seg uppe med, og av deim hev det daa likso mykje som det av vituge Grunnar hev lite; Smaafolke kann daa ikkje tevle der heller. Dei maa bruka Kunster paa sin Kant. Arbeids- folke driv det lenger og lenger i den Kunsten aa berre l a a t s t arbeide (liksom Lønerne oftest er berre Liksomløner), og so i den Kunsten aa streike. Men Bonden rømer til Fabrikar etc. og lærer same Kunsterne. So veks Millionærvelde og Herkemugen; men for Millomstandsfolke veks Tyngslurne, til dess dei vert for store ein Dag.

1. 7. 17. Enno hender det, at eg fær Hug til aa skrive i Bladi; det kann alltid vera eitkvart som ein- kvar kann ha godt av aa høyre, – kor vel eg veit at det ingenting hjelper. Men eg bør ikkje gjeva etter for den Hugen; det einaste eg vinn er, – at eg fær nokre Mis- prentingar aa harme meg yvi (som t. D. "Over- mod" for Ov-armod o. dl.). Harme seg yvi Misprentingar er elles likso meiningslaust som aa prente: Folk les ikkje lenger. Rimelegt nok! Den som vilde lesa no fekk ikkje anna gjera. Ein greier seg daa med aa "kikke igjenom" det ein skulde lesa, so vidt ein ser "kva det handlar um" eller kva Forfattaren "vil" ; so hiver ein det og hev gløymt det. Bladi er snartsagt einaste Lesnaden no; og Bladi er i det aandelege Forretningslive det same som Telegraf og Telefon i det økonomiske. Naah; Bøker vert og lesne stundom, – til Tidkort, eller av di ein skal "fylgje med." Men det gjeng ikkje stort betre med deim; dei vert gjenomhasta, sette i Hylla (eller sende paa Bok- auksjon) og gløymde. Laga Blad og Bøker, – det hev daa vorte Massefabrikasjon no, som mest alt Arbeid. Ei Bok varde sin Mann ut fyrr liksom ein Bunad; no er Bunaden utsliten paa eit Aar og Boki paa ein Dag, og so maa det Masseproduksjon til; Forfattaren vert mindre og mindre Kunstnar og meir og meir Fabrikant, – so i det heile. Men Fabrikantar maa til; Folk treng deim. Og so kjem det no og daa ein med ei ny Uppfinn- ing som friskar upp; og dei literære Motarne skifter mest likso jamt og stødt som dei parisiske Klædemotarne. Det greier seg daa svært godt. Og for det Faatale som likar Poesi i større Stil hev me Høgskaldarne fraa eldre Tider.

Oslo, 1. juli 1917. Gode Garborg! Takk for brevet. Jau, det var sannt: eg vilde vera glad um eg kunde vera med aa faa Odys- seen prenta og utgjeven paa norsk! Du veit det var Vinjes von og draum som han sjukna fraa, og naar Du no med hjelp av Schjøtt hev løyst uppgaava med Od., vøre det synd og skam, um me inkje fekk verket fram. Send meg so snart Du kann ein plan og utreikning um ut- gaava. Med helsingar J. Løvland.

8. 7. 17. Henrik Rytter var her i Gaarkveld og las upp eit Spelstykke, han hev skrìve (dvs. er so burtimot ferdug med), og som skal upp paa D. n. Teatre, (og sidan ut). I dramatisk Formkunst hev han enno ymist aa lære; men Stykke vil greie seg, trur eg, med nokre Avkortingar. Og Tanken i Stykke tok meg; altfor mykje Sanning e r der i den: det norske Folke vert – med alt det det "lærer" og med all "Framgang" – meir og meir Aalmuge. Fysstemannen i Stykke tek Livet sitt, daa han er komen etter det; og hadde han heilt Rett, so var her lite aa liva etter for Drøymarar av mitt Slag. Det stend visst all Stad, eller mest all Stad, – med eit og anna halvt Undantak, vil eg tru – i Hovudsaki soleis til, som Stykke – Helten – forkynner. Men me Drøymarar – som òg hev ein Repræsentant i Stykke – gjeng ut fraa, at anna ikkje er ventande, slike Vilkaar som Folke hev havt i seinare Tider – ikkje minst sidan 1813 og 14, daa Danmark flutte heilt inn i Lande –, og at der skal eit langt og tòlmod- samt Arbeid til – ikkje minst eit socialøkono- misk Arbeid, som kann gjera Bonden til meir enn Slæpar og Bønekrok –, fyrr Vilkaari vil kunne rette seg att. Alt no er der Framgangs- merke – ikkje mange eller store, men dei er der –; og dermed maa me kunne tru, at me skal vinne lenger. Men visst er det, at Vanskarne vert større, di meir Bonden vert Fant eller Spekulant, so at Trui no hev vorte veik hjaa mange. Hjaa meg – som alltid hev arbeidt med ein liten Tvil inst inne – ikkje minst. Det kann daa vera godt, at dette Ord vert sagt – og det sterkt og ærlegt som Rytter fær det sagt –, um Folk paa den Maaten kunde bli vakte til "Aalvor og Ettertanke." –Etter eit Brev fraa Kyrkjestatsraaden – eit Brev som viser at Mannen er betre med enn eg i Grunnen trudde – hev eg sendt inn Søknad um Statshjelp til Odyssevs. Men skal der bli noko H j el p i Hjelpi, maa ho bli so stor, – at det vel skal knipe, um me kann faa ho. 11. 7. 17. Hulda attkomi fraa Ungdomsmøte paa Voss. Der gjekk alt godt; Folk i Mengd, og svært mykje gild og ven Ungdom. Millom Talarar var der – umframt henne sjølv (som vann sterkt Samtykke, um Maalbladi ikkje nemner dette – ho er mill. a. Bymenneskje –) – serleg tvo, det vart lagt Merke til; den eine var Lars Eskeland, som i ein Tale um Bonden gjorde so sterke Krav, at ein kann skyna han er uroleg (det "underdeilige Hardanger" vert daa au meir og meir eit Fabrikhelvite): den Talen vert prenta og send til Ungdomslag og andre, som vel er; den andre var Prof. Gjelsvik. Han nytta denne norske Ungdomsfesten til eit Tyskar-Defensorat, som vakte ymis Undring, her og der Sinne, og maatelegt Samtykke. Men at ein Mann fær Lov til offentleg aa lovprise ein openberr Fiende – og det endaa til millom Ung- dom, og paa ein Fest –, det er av dei Ting som berre kann hende i Norig. – Krigen gjeng sin skeive Gang. Og me – svarar paa den tyske Sjørøvarkrigen med ein Protest no og daa, men lyt elles ta alt for godt og takke til at me fær halde oss rolege. Vest- magterne – greier seg, og ikkje stort meir. Kva Amerika kann gjera – anna enn auke Dyr- tidsvanskarne for dei nøytrale –, det veit me ikkje enno. Russland høgg i det siste betre i med Krigen att. Men kóss det sjølv greier seg er uvisst; Spursmaale vert meir og meir: losnar det upp (sist hev Ukraine skilt seg ut), eller skal Reaksjonen vinne? – Sumaren straalande fin. Den blodige, bren- nande, angesttyngde Verdi ser ut som eit Paradis . . 13. 7. 17. N o k o godt ser det ut til, at Krigen skal gjera: dei heilt og halvt mìd-alderlege Magterne i Aust- og Millom-Europa vert piska fram-yvi so langt som til "Parlamentarisme" med "aalmenn Røyste- rett". Russland kom fysst (og me fær vone, det klarar seg); no kjem Prøyssen: Keisaren "inn- fører" den nye Skìpnaden, med' Bakstræve jamrar (og 5 av Junker-Riksraadarne gjeng). I Austrike er der like eins gode Framgangsvoner. Og Par- lamentarisme er iminsto eit Stìg fram paa Upp- gangsvegen, um det elles i den tyske Verdi vil vara lenge, fyrr "Sjølvstyre" vert meir enn Form. Um Fred utan Landrov vert det au meir og meir Tale i den tyske Verdi. Men Magti er paa den andre Sida, so Blodelvarne kjem til aa strøyme lenge enno, fyrr Freden vert meir enn eit Folke- ynskje. Og eit Folkeynskje er ikkje mykje meir enn Null. Me Smaafolk hev elles "Fred", so lenge me rolegt finn oss i tysk Sjørøving. Men meir og meir Stræv fær me med aa verja oss mot tyske Spæjarar; det hev vorte utrygt endaa til her i Valstaddalen no. – Iaar skal eg ut med Kr. 730.50 + 265.30 i Skatt; det er 1000 Kronur aa kalle for. Soleis skulde eg endaa bli rik eingong fyrr eg døydde, – um elles berre paa Skattesetelen. – Ein Ting er elles som ei Trøyst: naar eg dreg Skatten fraa Stipendie mitt, so vert det kje att meir enn godt 1400 Kr.; og drog eg alle Toll-utgifterne mine derifraa att, vart det visst mindre att enn nokon skulde tenkje. – Godt Nytt fraa Tinge: det kjem upp ein Fyrespurnad der no snart um kva der er gjort til aa hindre (slikt som det Sam. Eyde i det seinste hev gjort:) at halve Kyrkjesokner vert lagde inn under ein einaste Spekulant. Det skal bli snodigt aa sjaa, um det vaagar seg fram noko framsynt Ord i den Saki. – Elles hev Totalistane vunni eit stort Slag no; der er kje anna Drikkand' aa faa etter denne Dag enn Landsøl og Vin (for dei rike; for dei fatige Laddevin etc.). Det er godt at Freistnaden vert gjord; Tvang er ei umen- neskjeleg Raad; men kann ho, som Operasjonar, vera forsvarleg, nyttig?

18. 7. 17. TorevÍr og godt Regn (som elles tok til med Hagl) i Ettermiddag. – Tyskland hev fenge ny Rikskanslar. Og det for fysste Gongen ein borgarleg ein. Med same gjekk det Ord um, at han skulde vera liberal av seg: han hadde vist Samhug med Arbeidarane, eller kva det var. Men straks kom det upp, at han er stødare og stramare Reaksjonær enn B. H. var. Det er vel so rimelegt.

24. 7. 17. Savalguten, var, er 60 Aar i Dag, og me hev sendt Helsing. – Han kom til aa gaa ein annan Veg enn eg hadde venta; men ein "Framifraa- Kar" er han i fleire Maatar; og fyrr eller sidan maa eg lesa 'n i Samanheng og sjaa aa faa "greidt 'n ut". –Ei Umvendingsbok vart (paa vanleg anonym Vis) sendt meg eit Bìl sidan: "Tro og Tvivl" (av ein dansk Teolog, Martensen-Larsen, – visseleg ein av dei Danskarne me var saman med ned-paa Sicilia). Boki er ymist betre enn dei vanlege; Mannen hev vori ein rett vìtug og aalvorsam Bethmann Holweg(?) H. G. Tvilar; han var berre ikkje vìtug og aalvorsam nok; med all Tvil driv han paa med Bøner og Teologi, og tok eit Preste-Embætte som han – alltid tvilande og alltid bedande – heldt ut i. Og han fann "Fred" gjenom Nerveveikskap og ei kroppsleg-aandeleg Tilfriskning, som gav'n Kraft til aa samle seg um det som for honom hadde vorti det "Væsentlige" i Kyrkjelæra: Paulusdomen. No trur han seg aa vera Kristen, endaa han korkje hev funni Faderen eller Syskjendi; det er Krossen og Blode og ikkje Brorkjærleiken som er hans Kristendom; det er Gud og ikkje Rikmannen (me), som hev Skuldi for at Lasarus ligg millom Hun- darne. Men han skriv so vidt godt – og stykkjom- til so vidt intelligent (gjev Vitskapen mykje Rett og krev ikkje heil Kyrkjetru – til aa byrja med daa –), so han er visst ein av Byggmeistrarne for alle desse "kristelege" Studenterlagi. – Fraa Løvland høyrer eg ingenting. Og no lid det so langt, at – med Vilkaari i denne Halv- Krigstid (halve Setjarstyrken er ute "paa Vakt", eller kva dei kallar det) – vert det raadlaust no aa faa Boki ut i rimeleg Tid i alle Fall, etter det eg i Dag fekk vìta fraa Forlage. Dermed fær me drygje med Prentingi til ut-i Fysstningi av næste Aar; no pakkar eg Kufferten og dreg til Knudaheibakken. Og Hulda – som treng Hav- bad – vert med;. ho vil freiste aa faa Husvære paa Ogna eller derikring. Det er fint VÍr; og det skal vera godt aa faa anda Havluft att.

Knudaheibakken 29.7. 17. Endeleg i Orden. Sjølve Ferdi vart drjugare i Aar enn vanlegt: Hulda var med; vilde freiste Havlaug eit Bìl, og hadde Von um aa faa Hus paa Ogna. (D a g 1: Pakking etc. og Ferd fraa Valstad til Hønefoss – hyggjeleg By: ligg enno paa Lande – D a g 2: til , og um Notti til Stavanger – betre Baatar der no –, D a g 3: til Bryne og Køyretur til Hognestad; i Stavanger hadde Hulda fenge Greie paa, at der ikkje var Husvon paa Ogna, der ho hadde tenkt, og no vilde ho høyre um Hognestadfolke kunde vìta Raad; og Eivind var grei; gjorde sitt beste; – D a g 4: til Ogna, der Hussorgi vart sløkkt). No hev ho eit lite Rom i den gamle Hjorth-garden – ute or d e n øtti –; der likar ho seg og hev dei beste Voner. Eg daa aaleine til Thime att, og so med Karjol til Knudaheio. Men der tok Vanskarne til for meg. Det fysste eg saag var at han Jónnas i Mær- lio (Merdlidi) Inkje hadde gjort med Huse; det stod som daa eg reiste ifjor, etter alt det eg utanpaa kunde sjaa. Daa eg so kom til Mærlio etter Lykelen, var ingen der heime. So gjekk eg inn-um til 'enna Inger (som er attkomi fraa "Mat- og Lossi"-Freistnaden paa Thime og er berre glad for det) og vilde høyre kor Jonnasfolke kunde vera aa finne; jau, dei var ute og arbeidde hjaa Folk, Mannen her og Kona der; men det var Laurdagskveld, so dei var ventande heim, Kona vel so um Lag ved 8-Tidi. Lykelen hadde dei ikkje hengt inn her. Og at Jónnas Inkje hadde gjort paa Knudaheio – anna enn rive ned Stove- omnen og teki 'n heim til seg –: men sumla burt Tidi til dess han ingjor Hjelp kunde faa, og so sidan inkje brytt seg, – det fekk eg lange Ut- greidingar um. Meir fekk eg au vìta; det hadde vore "Innbròt" i Knudaheio, i Aar som so ofte fyrr, men verre enn fyrr; Dotteri hadde vore der uppe ein Gong og hadde set, korleis Kalk og Leir fraa den ille medfarne Omnsmuren var traakka ut yvi heile Golve av Ungdom som hadde brote seg inn der – og dansa visst. So det var paa Voni, um eg kunde faa Hus paa Knudaheibakken i Aar. Sistpaa hugsa Inger, at ho enno hadde eit Bròt att av den gamle Lykelen – den som hadde vorte sundbroten den og den Tidi – tok eg den og dertil fekk laane meg ei dugeleg Klypetong (som eg kunde bruka til Handtak), so kom eg nok inn, meinte ho. Men kneip det, so kunde eg faa Hus til i Morgo her; Sengjerom var her, og loppefritt med, lo Inger. Eg sa Takk for alle Tilfelle, tok so Lyklebròte og gjekk heim til den "Garden min", som meir og meir vart Fantebøle, kunde eg forstaa; for at det vart mindre og mindre av Folkeskikk i Grendi her, det var altfor tydelegt. Med Lyklebròte kom eg i k k j e inn. Men eg kom etter, at ei Rute i Kammersvindauga var utslegi, og at ein gjenom det lett kunde faa heile Glase upp; og kvi skulde eg kje vera Innbrots- tjuv, eg som andre? – inne var eg um ei litor Stund. Og um her ikkje saag so villt ut som eg hadde tenkt etter det som var meg fortalt, – omnslaus, med halve Muren naken og heile Golve fælt lite reint (tilsulka av nedfallen Kalk og av skitne (Dansar-?) Føter, dertil Restar etter Mat paa Borde og etter Cigarettar og 2-Øres Cigarar baade her og der, viste Stova Eigaren sin Døri so godt som ho kunde. Eg vart daa liggjande i Merdlidi i Nott; og der sov eg godt nok, i ei ærleg Jærbu-Seng (med Kvitlar, um ikkje nettupp med Aaklæ), som var fullt ut "loppefri" [det vesle Huse der uppe er i det heile i rett god Stand no]. Igaar flutte eg daa inn – og fekk Dotter hennar Inger til aa vaske upp "Uppvasken fraa i fjor"; sjølv sopa eg Golvi og stellte elles det vesle eg kunde, so at no fær det greie seg; og i Nott hev eg endeleg sove "under eigjo Tòga" att. Men dette at Ungdomen fantegjengst paa denne Maaten, – alle eg talar med klagar seg ille for det. Ein vìtug Mann eg raaka igaar sa beint ut, at Skulen løyser den gamle Hei- men upp; og kven kann undrast paa det; Skulen tek Baani fraa Heimen, og Heimen meiner daa, at Skulen (Samfunde) fær taka h e i l e Arbeide; Foreldri er avsette kor som er, og kann ingenting gjera. Men Skulen k a n n ikkje taka heile Arbeide, – mill. a. av den Grunn at det langt ifraa er alle Foreldre som vil finne seg i det; Læraren stend daa alltid meir eller mindre raadlaus. Og ned-yvi bér det, smaatt men jamt. – Det er fint og varmt paa Jæren au i Aar, og i turraste Lage. Men i det siste hev det lik- som "gjort under seg" til Regn. I Nott kom det litegrand au; men det hjelpte nok lite. Likevel er baade Eng og Aaker (og Epleaaker) so vidt langt komne, at det greier seg; for, um det ikkje er so mykje, so er det dess meir godt i slike turre Aar; det er daa ingen som klagar. Dess- utan er det desse Dyrtiderne; so gode Tider hev Bonden aldri havt. At "gode Tider" av sovore Slag ikkje paa Lengdi kann bli gode for Bonden heller, ' det vil der vel enno vera berre eit Faatal som skynar. – Martin Johan Mathiassen ("Schou") var inn- um her igaar; han hev havt ein god Sømar og hev flakka vidt, med Kramkista og Fiskestongi; no saag han godt ut og var i serskilt godt Lag. Meg vilde han takke for den nye Utgaava av "Paa Fantestien" ; det gjorde han med sterke Ord, som vanlegt hjaa hans Folk; men eg saag at han var i Godlag (han kunde au fortelja eitt og anna som tyder paa at Boki "gjeng"); og daa kann eg gaa ut fraa at det vesle Arbeide ikkje er heilt spillt, – som eg nok helst var rædd for. – Og so i Veg att med den gjæve Odyssevs! Han s k a l bli ferdug paa Knudaheibakken i Aar, so sant som det ikkje kjem eitkvart reint uven- ande i Vegen. Knhb. 3. 8. 17. Varmt, og helst turrvore; ein Dag imillom graavore og blaasande; no og daa, helst um Næ- terne, litegrand Regn.– – Hulda likar seg godt paa Ogna; ho "held seg sjølv Kosten" og hev det soleis rett billegt (so lenge ho klarar det); og med Laugingi gjeng det godt. Sundag 12te skal ho tala i Ungdomslage paa "Figgen" (Spinneverk upp-ved Aalgaard); dit vert eg med. (Fer til Ogna Fredag og ser koss bo hev det; so Figgjo Sundag; paa Heimvegen derifraa tek eg Tu, Hognest, Salte, Garborg, Tjensvoll; det fær greie seg for i Aar. Paa some av desse Staderne burde Hulda vera med; fær sjaa, um det kann laga seg. Til Fredag skal eg vera ferdug med 20de Songen; daa hev eg berre att 2/3 av 2 1 de. Sidan vert det aa gaa i Gong med "Upplysningar" – og Rettingar. Eg fær nok aa gjera; men eg skal kunna byrja med Prentingi ein Gong i September lell (som Nygaard skreiv her ein Dag), og til Vaaren bør daa Odyssevs vera utkomen paa Norskt – endeleg. Sidan fær eg tenkje paa 1lioskvæde, – um ingen annan løyser meg av. Men fysst fær eg faa ut eitkvart sjølv: altfor "langt millom Dram- marne" maa det kje bli for ein Mann som sìt. med Statsløn. – Helge Væringsaasen er nok meir til Mann enn eg hev tenkt: han hev skìpa eit Fond med norske Fyremaal og eit rett norskt Styre; det er nok Folkehøgskulen han hev tenkt mest paa. Men den norske Saki er ikkje nettupp utestengd; dette Fonde hev endaa gjeve Hulda "ei lita Von for det norske Teatre og Folkevise-Dansen". Gjev ho fekk Rett! Men ... i Styre sìt det for mange Folkehøgskulestyrarar og Lækprestar; eg trur daa ikkje meir enn eg ser. 6. 8. 17. Ferdug med 20de Song; no berre att 3/4 av 21de. Og so er det siste Gjenomsyn .... stridt Arbeid, som eg fær ta etterkvart. Naa-ja, og so Upplysningarne; dei tek eg til med, so snart 21de er ferdug. – Ei uventa Melding kom i Dag: Tuften er trulova. Eg hadde gjeve upp den Tanken; tenkte med meg, at Guten var "fødd Sveinkall" og at "mi Line" av Garborgsætti ikkje vart lenger. At eg mistek meg her, iminsto eit Stykke paa Veg, viser seg no; og at eg ikkje kann hava noko imot det er sjølvsagt. Verdotteri, skal bli, kjenner eg ikkje. Men alt høyrest so vìtugt og klokt som det skulde vera ein klok gamaldags Far som hadde vore Meister for det; og attaat er der Kjærleik med i Leiken, so alt er so godt som det kann vera; daa han dertil no er trygg for Lìvemaaten, kann ein gamall Far Inkje segja; eg skriv og ynskjer til Lykke straks; "all right; stakkars Gut, – maatte det nu arte sig lidt rimeligt for ham !" – som Hulda segjer i sitt Brev. Eg fær ned til Ogna ein av Dagarne, so me kann faa samraade oss um dette. Ei Raad maa det bli, veit eg. Med sjølve øgteskape spaar alt godt, ikkje rettare eg kann skyna.

12. 8. 17 (Knhb.) Hev vore paa Ogna nokre Dagar, paa Gjesting hjaa Hulda Ho budde i det gamle Hjorth-huse – bygt paa den gamle Jær-maaten, men større, romlegare, meir velstelt enn jamvel paa Storgardar av det vanlege Slage –; Utsyn hadde ho millom nokre gamle Tre ned til Strandi og Have. Sunnan um Husi er der noko som ein liten Park – eller no fær ein segja Leivingarne av ‘n – med sine rare smaae Bergknausar – og Vegen ned til Elvi millom Gjerde av Smaaberg – er han noko reint for seg sjølv liksom Naturen i det heile her paa Ogna, der Havstrand (med Skjeljesandmoar) og ein Bergheim ned- og sundskura av Istid-Magter ein Gong i Verdi skapar eit Landskap som ein elles ikkje ser Maken til. Storgarden paa Ogna hev i ei 2-300 Aar havt ei dansk øtt Hjorth til Eigar; siste Mannen av øtti laut selja (no sìt han i eit Hus der attved og driv litegrand "Pensionat"); den nye Eigaren er ein Bonde-Handelsmann, som hev skrapa seg ihop nokre Pengar og driv paa med det enno (er Landhandlar),. han hev pakta Garden burt til ein jærsk Agronom (fraa Lea), som er ein grei og gild Mann ; gift med ei jærsk Gardmannsdotter – grei og gild og tekkjeleg – lìver han paa van- leg (nyare) Bondevis paa den veldige Garden, den han driv med Maskinar og det vesle av Handkraft som er aa faa; Hulda lika seg godt der (og eg med, desse tvo-tri Dagarne). Lenge hadde me elles ikkje klara det, nokon av oss, no i Sumar- tidi, daa det ligg so mykje Bypøbel der paa Ogna (der var eit Leven i "Parken" rett som det var, og serleg um Kvelden og ut-etter Notti; so der var kje lìvande for Folk med vaart Arbeid og vaar Turft til Nattefred); dei nye Fabrikk- og Jobbetider skal i det heile ha skapa ein "Bykul- tur" av eit serskilt Slag; og at den ét seg ut yvi Lande med – det lægste og verste av 'n – kann ein vel ikkje undrast paa; eg høyrde, og høyrer, so mykje um det, at eg meir og meir sét mi Von til ei Framtid, som eg mindre og mindre trur paa. Hulda hadde vore paa Ogna i 14 Dagar no, og "tilsneget sig et Bad" kvar Dag (VÍre hev vore meir skiftande der enn her); og 14 Dagar til hadde. ho gjort seg Von um; for Badi som Lufti hadde vore henne gagnlege. No skulde ho berre inn til "Figgen" (sic) med eit Foredrag; so skulde me teke oss ei liti Jær-Ferd, og ho skulde daa slege seg til paa Ogna att, var Tan- ken. Men D. n. Teatret kom i Vegen; ho laut til Oslo og setja upp "Sovande Sorg" straks (den fyrre Instruktøren er burte, og fleire av dei likaste, Spelarane er burte, som ille er, um elles Drabløs er komen att; det vert daa færre Stykke dei greier no av dei som dei no ei Tid hev livt paa). Labraaten-hagen venter nok au sterkt paa henne. I Dag er ho vel i Bergen – eller paa Bergens- banen? Eg sit daa etter "aaleine" og fær sjaa aa koma i Land med Homer. Jær-Turen min fær eg skifte i tvo; Tidi vert det i alle Tilfelle knapt med. Og det er heldig, for eg hev raaka baade ein og annan, som eg gjerne vilde tala noko meir med.

16. 8. 17. Ferdug med 21de Songen,– og soleis med heile Odyssevs-Kvæde. Den Dagen skulde daa au koma ein Gong. No er det berre att noko Etterarbeid: 1) Ikkje so reint lite Reinskrift; 2) dei siste 6 (?) Songarne maa eg gjenomgaa med Schjøtt; 3) det heile treng eit Gjenomsyn (etterkvart som det gjeng i Prentesmia); 4 Upp- lysningar – og Ordtydingar –, som vel kjem til aa fylle eit halvt Ark (Petit). – Men Pren- tingi maa kunne byrja i Septbr. –Brev fraa Tuften; han hev rett godt Mod no. Kann han faa Lølandshuse (og den gamle Hagen aa stelle i) og me elles kann kome til Lags, – "daa vert det Stormannskaar for meg i alle Maatar", skriv han; dvs. han vilde "truleg sleppe aa dragast med Skuld ut-etter Aari"; og det kann nok turvast: han hev berre halvtridje Tusund Kronur um Aare aa greie seg med. (Um 18 Aar vert det 4 500 ¸ 10 0/o Innskot til Etter- løn og Enkje- og Barnetrygding). Det vert Smaa- kaar heile Tidi, – og endaa "Stormannskaar", naar han fær vera heime og stelle med den Hagen, der han hev "rusla heile Tidi og planta mange Tre", det vil vera "Hugnad aa sjaa det veks til," meiner han. Ja; gjev alt kunde laga seg. – Eg svarar, so snart eg høyrer fraa Hulda (som eg skriv til idag). Det eg stolar paa er, at Tuften (og Aagot visst med) er baade smaakrevjande og arbeidsglad; eg trur daa godt at han kann faa sine Smaakaar til aa bli "Stormannskaar i alle Maatar." Og for oss "gamle" bør denne Skipnaden kunne bli reint gild.

Knhb. 18. 8. 17. Det er "Haustparten". Og rett haustlegt. Ikkje kaldt. Mest skytung Himmel og Regn rett som det er, og strid Regnvind Dagen lang (um Næ- terne oftast stilt) – fraa Sudvest eller -aust helst. Det er svært godt VÍr for Tøo. Men Smalen søkjer attunder Gjerdi helst, og Buje gjev seg yvi: vender Bakenden mot Regne og læt det gaa som det kann. Og enno kann me faa ein fin Septem- ber. "Me", – um eg held ut so lenge. Jau; fysste Helvti av Septbr. tek eg med, so sant VÍre fjelgar seg. – Idag ferdug med Reinskrifti av 20de Songen. So er det berre Reinskrifti av 21de att; den greier eg Vika som kjem; i Morgo og Maandag fær eg gjera fraa meg den eine av dei tvo Jær-Ferderne eg tenkjer paa. Og naar Umsetnaden er "fer- dug", tek eg til med "Upplysningar". – Millom det eg hev lese no utetter er ei Umsetjing til Norsk av Sallusts "Catilina" (ved ). Godt Arbeid, so vidt eg kann sjaa, sjølvsagt rett mange Smaating aa setja Kryss ved; men det vert færre av deim utetter mot Slutten; so Mannen synest kunne lære, (og ny Mann; Son av Skuledirektøren?); og sjølve Grunnskrifti er forvitneleg nok: eit rett objektivt Bilæte paa den Tidi daa Rom tok til aa rotne, – av ein tru- skyldig Mann, som ikkje ser, at der er noko sers i Vegen. – Siste Hefte av "Edda" inneheld millom anna rett forvitnelegt eit Stykke um "Nietzche og La Rochefoucauld" (av Hans Berg), som er rett upp- lysande (fyrr hev eg nok ikkje lese stort anna biografisk-kritiskt um N. enn den – i mange Maatar gode – Boki av Lou Andreas-Salomé). Det er merkelegt, so mykje som N. – i Kriti- ken av Samtidi – skylder ikkje minst La R–cauld. Baade Domen yvi das Mitleid og Læra um det sant-menneskjelege jenseits von Gut u. Bøse hev han heilt ut fraa R-cauld. Den fine og djupe Kritiken yvi Faafengdi er like eins fransk – fysst og fremst –, som rimelegt kann vera (N. hev elles sagt straalande Ting um den ikkje minst; han er ingen Etterliknar i vanleg Meining). Sjølve den (psychologiske) Grunntanken, at Egoismen er Grunnlage for baade Liv og Tanke hjaa Menne- skje, høyrer R–cauld til. Aforisme-formi med er hans. I det heile: La Rochefoucauld og Cham- bord er Grunnsteinarne under Nietzschefilosofien i den "positivistiske" Tidi hans. (I den fysste, "romantiske", var det Schopenhauer; i den siste er han "Nietzscheanar" og Religionsstiftar, men hev tydeleg Franskmennerne til Underlag daa med). Baade dei store franske Moralistarne og N. (i Tidbolkarne II og III) tenkjer aristokratisk og in- dividualistisk. Dei hatar (som Schopenhauer) Des- potie og Herkemugen like mykje. Men her vert dei ofte uklaare, N. ikkje minst; blindt Hat til "Mobben" fører Fanden i Vald liksom blind Folke- dyrking. Aa vera heilt (men braakfritt) personleg Aristokrat og samstundes vera i rette Meining Demokrat, sjaa det menneskjelege hjaa Mobben, og hjelpe til at det kann faa betre Lìvevilkaar og dermed vinne seg meir og meir upp- og fram- etter –, det er det sanne (Over-)menneskjelege, – det som eg meir og meir finn mest heilt og klaart framvakse hjaa Goethe. At Faafengdi er ei Framgangsmagt – som desse franske Moralistarne og Nietzsche held fram – er visst nok; hjaa (Born og) Smaafolk er det rein og smaabygd Faafengd som er til aa læ aat helst (kan elles bli so "tjukk" at ein vert lei ho), sidan veks ho: fær vidare Syn og høgre og høgre Maal, og daa gjev me ho gildare Namn; men fraa fysst til sist, og i smaatt som i stort, er ho Framdrifti i oss. Me spottar ho, preikar for ho – og ligg til Slutt paa Kne for ho. Der som elles gjeld det aa sjaa so klaart, at me kann døme rett: læ aat Utvokstrane og godkjenne – og stydja – Framviljen, den gode og sanne i denne livsviktige Grunnkjensla, som so ofte krengjer seg um til Komedie og Karikatur. Filosofar maa til, liksom Prestar, Juristar, Læ- kjarar og mangt rart; men di eldre ein blir, di mindre bryr ein seg um deim; ein ser berre dette, at dei maa til, og kann kvar paa sin Kant gjera meir og mindre Gagn – i det heile noko meir Gagn enn alt det Ugagn dei gjer – dei er kvar paa sin Kant Hjul under den veldige Arbeids- vogni, som Smaatt um Senn skal hjelpe Verdi fram-yvi. – Med' eg sìt her og skriv hev VÍre skift tvo Gonger; fysst klaara det upp dvs. Soli braut seg fram; men no, for eit Par Minutt sidan svartna det til att, verre enn fyrr, tok so til med Lyneld og Torebrak og eit Regn so Verdi myrknar burt i berre døkk-graatt; sant jærsk Seinsumar-vÍr er dette; sjeldan kjende eg meg so "heme" som no. Eit Sekund daudstilt; i næste Sekund heile Til- være eit dundrande Sinai; Tora rullar rundt alle Himlar, men synest stundom berre vera ein hard, villt stigande Storm – – stundom Braakast so harde at det høyrest som Huse skulde velte – –

Knhb. 23. 8. 17. Sol. Men Storm so det skakar i Huse. – Ferdug med Odyssevs. No er det berre siste Gjenomgang att, og so "Upplysningarne". Men endaa kjenner eg meg som Øyken som vert beitt ifraa Lasse; det siste halve Aare hev eg ar- beidt hardt, kunde det no berre bli noko Gagn i Arbeide! – Brev fraa Hulda. Ho hadde ei strid Ferd austetter: tvo Vakenæter o. s. fr. Og so var det "Sovande Sorg"; um det Stræve hev bo berre eitt Ord: "Fælt!" – Dei skal spela det paa Kongsvinger i Overmorgo. – Verdotteri hev ho no teke imot. Og mykje Stræv, og Drøyming. Men ingenting avgjort med Huse (og Schjøtt); og dei unge vil setja Hus til Paaske. Det kann bli nok av Leidur og Vanskar der; men dei er for- nøgde, og det er Saki. – Eg fær skrive til Schjøtt no. Og paa eikor Vis fyrebu Saki.

Brev fraa Hulda Garborg.

Labraatan 25/18 1917. Kjære dig! Tak for Brev idag og for alle Brevene, som jeg saa daarlig kan svare paa! Men nu kan jeg puste, for igaar blev jeg fær- dig med Teatret. Idag reiser de til Kongsvinger og spiller Geijerstams "Lars Anders og Jan An- ders" i kveld og "S. S." imorgen. Det blev selv- følgelig altfor kort Tid. 5 prøver til hadde vi mindst trængt. Men det gaar vel paa en Maate. Jeg tror ialfald vi fik noksaa fint Maal tilsidst, men ellers er det et vanskelig Stykke at sætte op. Jeg hadde nok engang Lyst til at omarbeide det lidt. – Du nævnte lidt i et Brev om muligens at faa solgt Knudaheio. Det kan du sikkert for gode Penge hvis du gjør det n u. Averter i Tilfælde i "Gula" – – – Det var vist Seland, som spurgte om du ikke skulde oversætte I l i a d e n ogsaa. Jeg sa, at da vilde ialfald jeg skilles fra dig; bare t æ n k e p a a a t d u s k u l d e g j ør e det vilde ta Resten af Livskraft fra m i g, og hvordan maatte det saa ikke gaa d i g? Havde du vært her skulde du faat dig en liten Rangel paa Bringebær og gam- mel Ribsvin i Anledning Storværket. Nu kan jeg bare haabe og ønske at du ikke maa faa altfor mye Tull og ørgrelse med det som er igjen. Ak ja – kunde dere faa lidt Honorar, saa var det nok godt baade for Schjøtt og dig! Han faar da ta det fornuftig, o m det kommer. Jeg vil nu se det først forresten – Nu er der tusind Ting i Haven jeg maa ta igjen. Din Hulda. Odyssevskvædet. Knhb. 25. 8. 17. Um Sundag var eg paa Garborg; alt vel der dvs. alt som fyrr. Berre "betre Tider". Hjaa Tomas var eg inn-um – den nye Mannen paa "Svennaparten" – og vart der, no som eit Par Gonger fyrr, vel mot-teken. Men i Aar hadde eg ørend; Sergeant Mossige (Son hans Gabriel fraa mi Tid) – som eg raaka paa Ogna-Ferdi – hadde sagt meg, at eg burde faa Tomas Garborg (som er Timbremann) til aa sjaa paa Huse mitt i Knudaheibakken og i det heile høyre um han vilde hjelpe meg med eitt og anna som kunde hindre Innbròt, som t. D. Vindaugs-Lukur. Eg tala med Tomas um dette, og han var bein- sam: lova aa koma upp-um med det snaraste. Og i Dag kom han. Og revidera Huse fraa Kjellar til Tak. Det stod seg saa maateleg for Kritiken. Grun- nen var god og Byggevyrkje godt; men det saag ut til at Byggmeister og Murarar hadde havt Hast eller vore mindre kunnige. Golve var sìge skakt (difor gjeng Dørerne so traadt); Skorsteinen var der mangt aa segja paa, og like eins paa Tòka (serleg Øvresida, der det – nedst – flatnar av); og so var det Spursmaale um Vindaugo, og um sumt anna. Han tok paa seg aa gjera ved det som mest og fysst trongst; men sumt, som Skorstei- nen, vilde det bli for urimeleg dyrt aa stelle paa i desse Tider, um eg daa ikkje var altfor rik. Han dytta litegrand upp-ikring Skorsteinen, der Arbeide var serleg skralt gjort, og der det daa dryp reint urimeleg; det som elles var gjerande no skulde bli gjort i Haust, naar eg var faren. Og glad er eg, at her daa kann bli lempa paa sumt av det som verst er. Vindaugo meinte han kunde klara seg so lenge, naar me berre fekk gjort nokre Kunster paa Innsida, so dei ikkje var so lette aa faa upp; og elles meinte han det vilde gjera godt, at det nettupp hadde stade eit skarpt stykke i Stav. Aftenbl. um desse Garpe- Innbroti paa Knudaheio; det vilde bli Snakk um Tingen no millom Folk, og han smilte og meinte at det vilde hjelpe; iminsto kunde me "drygja og sjaa"; og det hadde eg Inkje imot. Me skildest paa, at eg skal koma innum Garborg fyrr eg reiser, so me kann gjera grei Avtale. Den Sorgi er daa for det fysste sløkkt. – Til Kvilelesnad hev eg i det seinste havt nokre Hefte av det amerikanske Maanadsskrift "The national geographic Magazine" (som Hulda held, men desse Hefti naadde henne ikkje fyrr ho reiste); dei inneheld mykje forvitnelegt og hev ma- kalause Bilæte. No sist hev eg lese April-Hefte, som – rart nok – inneheld krigspolitiske Ting, soleis Talur fraa det franske Deputertkammers og det amerikanske Senate fraa – og vedko- mande – den fransk-engelske Sendeferdi til U.S.A., daa den amerikanske Ufredslysingi var komi; det er herlege Prøvur av Talekunst, som fløymer med fagre Ord. Og gode Ord, Ord som visst kann vel faa jamvel Socialdemokratar til aa lyde. Grunn- tanken er, at Verdskrigen er "a struggle between the liberal spirit of modern societies and the spirit of oppression of societies still enslaved to military despotism." Det er Ord som synest ringje inn ein ny Heimsalder. Men ser ein seg til, so er det berre Ord. Store glimande Ordblaasur – Fridom, Rettferd o. s. fr. –, som ikkje inneheld nokon Ting, er berre Rhetorik og Luft. Og fell det her og der cit Ord som synest innehalde noko, – naah, so er d e t vel: vil lokke Folk til aa tru, og til viljugt aa ofre Pengar og Blod; naar den Dagen kjem, daa det innhaldsrike Orde skulde bli halde, – daa vert han, som sa det, paa ein pynteleg Maate lempa ut av det Styre han sat i, og ein annan Mann vil forklaare, at dette Orde av den framifraa Statsmannen "hev,som me ser, vorte mistydt." Og Folki lyt til aa træle paa nytt for den "Fridom, Rettferd o.s.fr.", som enno er Halvsanningar og knapt nok det, Halvsanningar, som i visse Maatar er verre enn dei gamle ærlege Lygnerne: mindre lette aa koma til Livs.

Knhb. 29. 8. 17. Andre Jær-Ferdi mi gjorde eg i Fyrregaar og -Gaar, fysst til Tu (Gamlevegen ovan-um Mossig til Fosse, so nedum Grøteim, Haugland, Re, Bryne); der vart eg vel fagna som alltid. Men mangt hadde hendt. Moro var det for meg aa sjaa paa den nye Torvdrifti som no kjem meir og meir i Gang; Mossige'n hev selt ei Myr til eit Lutlag som driv i stort, og eg fekk god Greie paa Maaten. Det beste Torve kann bli 0,7 so godt som Kol; del kann òg no nytte Myrarne vel so godt ut som fyrr; det eine trengst vel og det andre fullt so vel. Elles er det planta ikkje lite Skog no, paa rett mange Stader; det vert etterkvart til Hjelp i Brenslevegen med, og er sume Stader til Hjelp alt. Ein ny Mann som eg lærde aa kjenne var Stortingsmann Braut (lærarlærd; Bonde paa Sør- braud, ein stor og gild Gard, godt gamaljærsk bygd, med udyrka Vidder so han kan bli "te saa stor"); Mannen er grei og klok og ikkje det Grand "stortingsk". Det er Bondespursmaale han tenkjer mest paa – um han elles ikkje er ko- men djupare i Emne enn Folk flest, so vidt eg tyktest forstaa –; men um det i desse Tider læt seg gjera aa vera baade Tingmann og Gardmann (uten god Hjelp heime), det er nok eit stort Spursmaal; Mossige meinte han kom til aa segja fraa seg Val no. Heimvegen la' eg um Salte: helsa paa Rebekka og Mannen hennar. Der paa Garden og der i Huse er alt gildt og i god Stand; og der møter eg ikkje "Spursmaal", men det gode gamle Jæren (attaat det agronomiskt nye); og det er gildt aa røda med Rebekka um Minne fraa det Jæren som me vaks upp i; ho og Syster hennar paa Gar- borg er snart det einaste eg hev att fraa mi Tid. Ein ny Kjenning kann eg elles au segja eg denne Gongen fekk: Banemeister Skjerpe, ein grei Kar, ein Millomting av "Firmenning" og "Femmenning" (ettersom Torkell Mauland hev rekna ut – gjenom Bøfolke heng han ihop med Farfarsfolke mitt fraa "Søra-Grødei"); og i Huse hans var det like eins hyggjelegt og gildt (Gamle- kona der var rett godt inne i jærsk "Historie"); og Dotteri var folkehøgskulelærd og grei, so der var nok av "ny Tid" med; eg kjem til aa sjaa innum der fleire Gonger. Enno hev eg tri Stader att aa sjaa innum : paa Tjensvoll (hjaa Eivind), paa Fotland og paa Sno- restad (der det er komen ein ny Mann: ein Son hans Kristian Skaarland; greid Kar, so vidt eg kann skyna). Og so ein Gong til maa eg til Gar- borg og til Hognestad; det vert ikkje meir enn so vidt eg greier det. – Idag stormar det (fraa Sudaust), so Huse skakar. Men eg hev nytta Dagen godt; er ferdug med Gjenomsyne av Tridje Songen. Men no kjem 4de Songen; den vil nok taka meir enn ein Dag.

Brev fraa Arne Garborg.

Knhb. 29. 8. 1917. Kjære Hulda. Brevet i Dag (Tak!) har befriet mig for øng- stelsen i Anledning "Sovande Sorg"; sidst hørtes det rent umuligt. Nu greier det sig vist fint. Men jeg har ingen Ide om Selskabets Kræfter længer, saa nogen Mening kan jeg ikke gjøre mig. – Og for Hagen og Huset er det nok godt at Du er færdig. – Dere har nok rumsteret ordentligt op-paa mit Rum, saa nu blir der nok endda adskilligt gildere. – Naar jeg kommer er ikke netop bestemt; det kommer bl. a. an paa, om vi faar nogen Sep- tember. For Øieblikket ser det ikke rart ud; i- de sidste Dage har vi (for det meste) havt rent Ruskeveir: Sol, Storregn, Tordenveir, Storm, "omman-i-dom" dvs.. om-hinanden i størst mulig Ustadighed. For Øieblikket stormer det, saa Huset af og til ryster, og svære, men nu noksaa korte, Regnbyger gaar ret som det er. Men af og til gaar der i dag Hul paa Skydækket, saa jeg gjennem Gluggen kan kikke op til den egentlige Himmel; og den er saa blaa og solrig som nogensinde, med her og der en langstrakt kvit Sommersky; kan Graaveirsdjævlene bli fordrevne for Alvor, saa blir her nok Sommer igjen. Og en 3–4 vakre Septemberdage skulde jeg ikke ha noget imod her op paa "Vaglet" mit. Desuden har jeg – foruden Hænderne fulde af Arbeide – et Par Besøg igjen, som jeg vanskelig kan forsømme. Men besøge Folk nu, da de gaar og værker over de fuldmodne Aakrer, som de ikke faar legge fuld Kraft paa at skjære . . .; i Stedet besørger Vorherre "Tærskningen": Stormen banker det modne Korn ud af Aksene, saa der snart blir bare Halmen igjen; – jeg snakket med en Und- heimsbonde om det i Dag, og han var rent mis- modig. Det blir dobbelt Dyrtid! mente han – det er ikke morsomt. – – – Saa sidder jeg da her med Homer-Gjennem- gaaelsen. Og nu og da er der Form-Vanskelig- heder som er leie nok, saa hare Moro er Arbeidet ikke. Imidlertid ser jeg, at Trykningen vil kunne begynde om en 3 Ugers Tid eller saa, – siden en vel altsaa maa kunne stole paa Deptet. Iliaden lader jeg naturligvis foreløbig hvile. Gaar det godt med Odysseen, og tager ingen anden fat paa Iliaden, saa kan jeg ha den til "Fri- stundsarbeide" ud gjennem Aarene, – om vi ellers tror det kan nytte – og ikke blir kjed af det – eller faar andet Arbeide som presser mer paa. Men nu paa mine gamle Dage, da Ungdommens "Tvile"-syge dukker op igjen og vel mer og mer kommer til at døyve min Produktionstrang, kan det være ganske bra at have et saadant Arbeide til at "drive Tiden med" ; ialfald vil det være godt i de 3 Aar Krigen endnu – efter hvad der menes i Amerika – vil vare. For saa længe den staar paa, forekommer det mig at vi lever i en Art kulturel Fimbulvinter, som meget godt kan være Indledningen til "den europæiske Kulturs" Ragnarok. – Sælge Knudaheibakken ogsaa? Huff nei; jeg ærgrer mig i al Hemmelighed nok over at jeg har solgt Kolbotnen. Desuden, lidt Jærbu- Trass er der i mig: denne Undheimsrampen skal sgu ikke kunne fordrive mig! Jeg har faat fat paa min forrige Gang omtalte Tømmermand; og han har været her og revideret Huset fra øverst til nederst samt sagt mig, hvad der nu bør gjøres og hvad der kan udsættes til (mulige) bedre Tider; med hans Hjælp vil jeg paa rimelig Maade kunne klare Affærerne, saavidt jeg skjønner. Desuden vokser "Skogen" min ganske modigt nu; jeg vil se paa den i nogle Aar endnu, før jeg gi'r mig. For jamenn har jeg havt Møie nok med at faa den saa langt. – Og nu til Lakedaimon! Med Helsingar – til Dig og til tout Labraaten Din G. eg vert sjølv honorarlaus. So fær me daa sjaa. –No hev eg set igjenom aatte av dei um- sette Songarne, det fær vera nok til aa "byrja med". Ymis Reinskrift trengst det; den tek eg til med her –i Fristunderne fraa "Skog"-arbeide mitt (Umplantning o. a.).– Og so austyvi, so um ei 8 Dags Tid.

Knudaheibakken 11. 9. 17. I Dag bér det austyvi att. September hev narra meg i Aar; berre ein av desse 10 Dagarne hev vore regnfri. Men klaga skal eg ikkje; ein og annan StygvÍrsdag fraarekna – og ein og annan serlegt strid av deim hev her vore –hev Sumaren vore god; fin og mild, ofte varm, ein framifraa Jær-Sumar. Stova mi hev eg lært rett godt aa kjenne i desse Regn-dagarne og ikkje minst Næterne; du Verdi som det dryp, dryp, dryp, og ved Skorstei- nen mest regner, fraa Take, naar det kjem Haust- skurar av rette Slage. Og endaa ei Umtekkjing –hev eg visst ikkje Raad til i desse Tider. Kannhende sidan? Meir og meir uvisst. Eg fær trøyste meg som fyrr. Stova held vel meg ut, eller eg held den ut. At Myser og Rottur tek til aa stordanse uppaa Lofte no er ikkje heller gildt; men det er ikkje so rart; i Røyndi maa dei kjenne seg Huseigarar her; eg er berre noko Uty, som er til eit Grand Bry nokre Vikur um Sumaren. Ein hev ikkje anna med Verdi aa gjera enn sjaa aa koma til Rettes med ho, – til dess ein vert kvitt ho. –Med Arbeidssumaren fær eg vera nøgd; Homer er "ferdug og dei fysste 8 Songarne "gjenomsedde"; dei 4 fysste ferduge til Setjing– og Korrekturlesing. Det vert vel stridaste Vin- teren dette, men den siste, som vel er, – endaa eg sjølvsagt vert dess meir glad med gamle Homer di meir eg vert kjend med 'n. Eg fær ha Ilios- kvæde til Hyggje og "Fristunds-"arbeid i dei Aari som kjem,– um det daa ikkje skulde vera nokon av dei unge (ein "klassisk Filolog"), som vaagar seg paa Arbeide. Takk for i Aar daa Heimlande –itaka – mitt.

Labraaten 20.9. 17. Lang Heimferd; eg var so mange Stader "inn- um paa Vegen": hjaa G. F., Nybyggjaren, grei, praktisk Kar; fortalde meg koss (og kva Dato og Aar) han vart umvend, hjaa Eivind Hognestad – som eg ikkje raaka heime –; paa Njaa, hjaa Enkja etter Endre; der gjeng alt vel; andre Sonen, ein Gut paa 20, hjelper henne med Gardsstyre og Gardsdrifti, til dess den eldste kann faa realisera alt sitt i Amerika og koma heim, – kor snart no det kann bli, daa U. S. A. er i Ufredstilstand! hjaa Furér Mossige paa Bystykke paa Eiganese, med ei hyg- gjeleg Kone av kjent Folk. So var eg inn-um i Haugesund; der raaka eg ikkje dei eg vilde – dei var i København – men av eit Slumpehøve kom eg i Lag med Olav Dagestad, Aktiemeklar no, ein av dei som slær Pengar i stort; men Maalmann er han enno og held Lag med gamle Kjenningar; saman med nokre av deim aat eg til Middags hjaa 'n; og so tok me ein Biltur inn- igjenom eit Par Mil til ein av dei innste og nørdste Armarne av Ryfylkefjorden; hyggjeleg Dag. Og i Bergen helsa eg paa Rusti-folke; dei er sine same, greie og hyggjelege og gilde paa all Viss. Og nok av Arbeid hev dei no um, Dagen; men det gjeng med Portrætmaaling, og Rusti drøymer um større Ting; no laut Tidi snart vera komi, meinte 'n; og det same meinte eg. M i t t Por- træt fekk eg "sitja" aat til Aars att, med di det no ikkje vart Tid. Um Ettermiddagen køyrde eg til Voss; der kunde eg nattkvile billegt paa "Mis- sjonshotelle", hadde det vorte meg sagt. Det var i alle Fall einaste Staden der det var Rom; elles viste det seg der som so ofte, at norske – og serleg landsnorske – lite duger til Hotelfolk. Dagen etter skulde eg vore framme; men daa me kom til Gulsvik kunde Konduktøren upplyse meg um, at Tòge ikkje kom til Xia so tidleg, at eg kunde naa Askertoge; endaa ei Nott laut eg daa liggje paa Hotel. Laurdag vann eg daa sistpaa fram; 6 Dagar hadde Ferdi kosta meg. Hit var det berre gildt aa koma. Hulda hadde endaa nytta Tidi til aa faa sett inn eit Par Tak- vindaugo, eit ut i Gangen, so den hev vorte ljos, og eit inn i Sengkoven hjaa meg, so no vert det ikkje for myrkt her heller nokon Gong,– utan naar Snjofonni vert for diger. Sundag gjekk me (me gamle køyrde) til Drengsrudskogen og henta Sopp; der raaka eg fysste Gongen Aagot – Gar- borg skal bli; ho saag grei og tekkjeleg ut, so med henne – som attaat er hagekunnig – maa Tuften kunne koma vel ut av det. Men med ein Gong kjende eg meg so trøytt, at eg var rædd eg vart til lite Hugnad i det glade Ungdomslage; eg melde meg ut og sa, at eg laut heim att og slaa meg til Ro for i Dag. Eg saag nok so vidt skral ut, at mitt Folk forstod eg hadde Rett; Tuften fekk Fru Fougner) som er grei og beint- fram med baade Millionar og Herregard, til aa skaffe meg Hest og Vogn, endaa eg totte det vart aa gjera vel mykje Braak for den vesle Trøyttleiken Skuld; likevel fekk eg Grunn til aa gleda meg for at eg kom snart heim; eg krabba Eigar av Drengsrud og versyster til William Ny- gaard, Aschehougs forlag. H.G. meg aat Sengi snøggast eg kunde – og vart liggjande mine 3 Dagar som vanlegt, naar dei Uriderne kjem. No er eg uppe att og fær sjaa aa stelle meg til Rettes fortast eg kann; eg hev for det fysste eit Brev aa skrive til Forleggjaren – som hev sagt Hulda, at det vert vanskelegt aa gaa i Gang med Homer no i verste Julesjauen; kann han lova meg Boki ut til Vaars, so sparar eg honom gjerne til den Sjauen er yvistridd.

29. 9. 17. Forleggjaren hev lova aa gaa i Gang med Odyssevs naar verste Julesjauen er yvi dvs.: Slutten Novbr. Eg tek det daa rolegt so lenge : ber inn Ved og fær vel snart til med Jordepli. Og det er det likaste, eg kann gjera; for um VÍre for det meste er fint – med raudnande og gulnande Lauv –, so er her so kaldvore, at eg berre frys, naar eg skal sitja inne. Dessverre vert eg yn- keleg snart jammerleg trøytt, naar eg skal arbeide; og det ser ikkje ut til at eg "kjem meg med Tidi" som fyrr. – Fraa Hulda høyrer me ingen Ting; ho er vel komi i Arbeid der uppe, veit eg. Og vil – og bør – gjera seg ferdug, fyrr ho kjem bit ned att; her fær ho ikkje Fred. – Tysdag fær eg til Byn; Iver Holter hev sendt meg Billettar til ein Konsert han vil halde (og der han mill. a. vil føre fram ei Par Haug- tussa-Songar; – kann slikt liggje for honom, tru?)

3. 10. 17. Konserten var ein Songkonsert (Handelsstandens Sangforening heldt med den 70-Aars Fest); og der var mykje gild Song aa høyre. Og "Mot Soleglad" og "Killingdans" gjorde seg godt; so i Dag kunde eg med godt Samvìt skrive og segja Takk for Innbjodingi. Fullt Hus og god Stem- ning; av Kjenningar raaka eg Rosenkrantz John- sen og den nye Kona hans; han er sin same. – Paa Heimvegen raaka eg Advokat L. Meyer; han er rett godt kjend med engelske Tilstand, som òg med tyske; hev endaa nyleg vore i Russ- land. Det han sa meg styrkte mi Vantru. Det "Europa" me hev trutt paa er eit Faatal Fram- gangsmenn som stod i O p p o s i s j o n til det Eu- ropa som raadde. I Røyndi er det lite aa vente jamvel av "Framgangs"-magterne (U. S. A. med); "me fær sjaa"; men det me fær sjaa kann i alle Tilfelle bli Nedgang og Attergang. – I Morgo kjem Hulda att. Ho synest vera nøgd med Ferdi, endaa det hev vore vanskelegt for henne aa halde seg i Ro – noko so nær i Ro – der som andre Stader; Brev og "Heimen" forfylgjer henne, og eit og anna skal ho sjaa og vera med paa. Heime vert det nok ikkje likare i so Maate (kannhende fær ho eitgrand Blad- krangling med, – men endaa maa ho kunne faa "Hiawatha" ut til Vaaren; og det vert eit forvitnelegt Arbeid, so vidt som eg kann sjaa (og noko nytt for Teatri). Med Wentzel gjeng det godt der uppe; han hev endaa kunna hjelpt Son sin so han hev fenge seg ein lite større Gard (um elles Jordbrukaren Jørgen Wentzel ikkje vil inn i mit Hovud. –I Dag hev eg teke til med jordepli.

7. 10. 17. I Dag hev "Fedraheimen" 40-Aarsfest – paa ei Vis. J. W. hev kunstnar-givnad etter foreldri sine, men er likevel vortin ein framifrå jordbrukar. H. G. Paa ei Vis, ja. For det hev misst Live 2 Gon- ger paa dei 40 Aari: "gjekk som Soli ned i Blod" i Skien fysst, og gjorde ein jammerleg borgarleg Bankerot – under Namne "D. 17de Mai" – seinare. Men var ingen Gong daudare enn at det vakna upp att; ein fær daa ha Lov til aa kalle det same Blade enno. Eit Par gode Tider hev det au havt: 9de Juni- og Riksrettstidi under mitt Styre og Unionsupp- løysnings- og den fylgjande Tidi under Steins- vik. Daa spela det ein ikkje so reint liten Rolle millom Vinstrebladi; var i det heile eit av dei Bladi ein laut "r e k n e med." Men "lidne ero lange, laake Tider"; og det vart dei som kom mest paa Tale i Gjærkveld, daa Arne Falk var ber ute og skulde halde "ut- spyrjing" yvi meg um den fysste Fedraheims Tidi. Og mot mi Tru: at Vilkaari er heilt betre no enn i mine Aar, heldt han fram, at i Hovud- saki er Vilkaari dei same: Danskepressa hev gjenge minst likso mykje fram som Norskepressa. Dessutan: ikkje eit av Bladi vaare er beilt ovan- paa enno. No i det seinste er dei dertil so lite i Lag, at dei ikkje alltid magtar aa halda Fred seg-imillom, dessmeir;, det hev soleis nettupp vore noko Smaakrangel millom "D. 17de" og "Gula", som hev gjenge rundt i mange Blad, til stor Moro for Uvenerne vaare. Der er Ufred millom "D. 17de" og Klaus Sletten (med "Møre Tidend" o. a. Vestlandssmaablad) au; so at Flok- ken er ikkje berre liten – mot den provins- danske Héren, – men i full Borgarkrig. Noko større "Jubilæumsstemning" kunde eg soleis skyna at der var eller er ikkje i "D. 17de Mai", – kva Veg det so sidan skal bera. Samstellte vart me elles um, at med B o k heimen vaar hev det Som anarkistblad. Siste nummere vart prenta på raudt papir. Rasmus Steinsvik var dengongen bladstyrar. H. G.

15. 1O. 17. Etter Jordepli held Vedsjauen paa; og den vert burtimot endelaus. Um Sundagarne hev det vore Gjesting hjaa – eller av – Folke vaart; det vert ein og annan "Middag" for dei unge au no. Men no stillnar det vel av – so til Jol att. – Lieng arbeider med Smaabrukarann sine, som han fær meir og meir yvi paa George-sida; heilt klaar synest han elles ikkje vera; eit Upp- kast til Program, som han hev late meg sjaa igjenom, smakar her og der ikkje so lite av So- cialdemokratisme attaat. Men paa Veg til aa faa eit lite georgistisk Parti synest me daa endeleg aa vera. – Han hev òg late meg sjaa igjenom eit Par Utgreidingar (um Ivar Aasen og um "Det engelske og norske Maalstræv") av ein ung Lærar, Eirik Hille, som baade skriv og tenkjer greidt og lett, og som visst kunde bli ein god Arbeidsmann (Maale hans er elles enno dansknorskt – ofte ille uppblanda –, som hjaa dei fleste unge; Raad med dette er her vel ikkje, so halvdanske – eller halvnorske – som alle Skular og Skule- bøker og det meste av Bok- og Bladbeimen er), – no spyrst det um aa faa desse Utgreidingarne ut. – Ein annan ung Lærar, som hev vore sinns- sjuk i nokre Aar (han vedgjeng elles ikkje det; hev med Fantekunster vorte sett paa "Asyl"; men der synest han alt ha vore rett lenge); no vil han søkje Stortinge um Hjelp til aa faa noko Jord; og so skal eg hjelpe 'n med nokre "varm- hjarta" dvs.: hjartevarme Ord – eit Vitnemaal – eg, som aldri hev høyrt Mannen nemne. Ja, ja. Men ein ung Mann, som vil noko, v a a g a r noko, v i n n noko ... er det nok gildare aa raaka paa. Naar det ein Gong imillom, so tju- gande-kvart Aar, kann hende! –Verdi held paa med sitt same: med aa rive seg sjølv sund. Ein og annan tysk Minister held no og daa ein "Freds"-Tale til Styrkjing for den tyske Krigshugen; han talar alltid so, at han veit, Vestmagterne ikkje kann høyre paa det. I Bladi gjeng det stundom Fraasegner um, at baade det tyske Folke og dei tyske Soldatarne trøytnar av den endelause Blodtappingi; men kor mykje der kann vera i det fær ein sjølvsagt ikkje Greie paa Engelland og Frankrike "held ut" – og hev Framgang her og der; men alt held seg med det same. I Russland vippar det som fyrr millom Revolusjon og Bakstrævar-Statskupp; Tysken gjeng fram, og Kerenski skriv Proklamasjonar; Amerika skal "koma til Vaars". Eg fylgjer berre so maate- leg med; undrast eit Grand paa Japan, som held seg so stilt; ventar det, til dess Europa-Amerika hev forblødt seg? –Det er "Reformationsjubilæum" i Aar: 400 Aar sidan Munken Luther slo upp sine Teses paa Kyrkjedøri i Wittenberg; no strøymer det daa Heil- og Halvteologar fraa alle Land fram paa Talarstolar og i Bøker og Blad og læt oss sjaa, at dei ikkje er komne stort lenger enn denne Munken fraa det 16de Aarhundrade. Og stort lenger er Verdi i det heile ikkje komi, so nær som i Mekanik og Myrdekunst; serleg i Tenkjing og Etik er det berre det "utvalde" Faatale som hev naatt nye Høgder. Men er ber i søme Maatar Framgang, so er her i andre Maatar nok av Atter- gang; og det er vel ikkje so svært mange, som er med paa "Festen", veit eg. – Eit svært Opus av den hollandsk-belgiske Prof. Dr. H. Logeman um Per Gynt (kritisk Gje- nomgaaing av Grunnteksti og dei utanlandske Umsetjingarne) hev eg arbeidt meg igjenom; Ar- beide er paa sin Maate forvitnelegt. Og det viser, at Ibsen meir og meir vert aalmenn Klassiker. Eg er ikkje med Logeman i alt; Per Gynt er for mykje "Nordmannen" som skal ha Pryl til at han rett kan bli Menneskje – soleis i Samhøve med Solveig –; men der er svært mykje godt i Arbeide. Og paa sin Maate løglegt er det aa sjaa, kor lite det vesle norskdanske "Folke" hev kunna greie den Tanken, at her hadde Norig skapt ein europæisk Klassikar; dei hev kje so mykje som kunna lesa skikkeleg Korrektur paa denne Klassikeren sin, minst dei danske For- leggjar-Korrektørarne; sjølve Gyldendal dvs. i sei- nare Tid Peter Nansen, hev teke det rett rolegt med den Ting (Danskarne hev vel i det heile ikkje lika, at det vart den norske Provinsen, som kom til aa skapa ein europæisk Klassiker); sjølve Prof. Joh. Storm hev ikkje greidt Korrekturen som han burde: hev freista aa "rette" paa Ibsens Rettskriving, men hev ikkje gjenomført denne Rettingi heller. No krev Europæaren Logeman ei Ibsen-Utgaave med Ibsens eigi – ofte feil- fulle, mangeleis skiftande – Rettskriving; for det Europa bryr seg um er I b s e n og h a n s Maalform, ikkje skandinaviske eller norskdanske Rettskrivingsreformer; me fær daa sjaa, kva dei norskdanske vil gjera med det. – Same Dr. Logeman held no um Dagen paa med aa setja um "Fred"; rett som det er lyt eg hjelpe med Maal-Upplysningar. Men no hev han arbeidt seg inn i Boki, skriv han, og han segjer meg svært hyggjelege Ord um dette Arbeide, som elles – for honom med –lenge var stridt "myrkt". 2. 11. 17. Endeleg er me ferduge med Lutherfestingi. Millom alt det vanlege teologiske Luther-tulle hev elles eitt og anna vìtugt vore sagt; Edv. Bull var soleis rett modig i ein Dagbladskjellar. Og Fr. Paasche hev i ei lita "Luther"-Bok skrìve godt og fint um baade det store og det tidsbundne ved denne Mannen, og um det hyggjelege med. Og ved Universitetsfesten igaar kunde jamvel ein Prof. teol. vedgaa, at Luther var Menneskje. – Med Russland ser det ikkje rart ut; desse Marxistarne ser ut til aa vilja sigle Skuta i Aake- ren med ein ny Revolusjon; og i Ufreden greier Lande seg berre so maateleg. Og Parlaments- møte hev vorte utsett endaa ein Gong. Men ein fær "tru" eit Bil enno. – Med Italia gjeng det reint skralt. Den tyske Luftkrigen mot England (London) held paa; men Engelskmannen greier seg; noko større Framgang i Belgia gjer han ikkje. Og Franskmannen vinn seg ikkje ut yvi Defensiven. At Tysken lyt sende store Hérar til Russland og Italia (og hev fenge "Krigstilstand" med Brasilia med dvs. snart sagt heile Verdi) synest ikkje vera Vestmagterne til noko større Hjelp; d’er oftast "stilt paa Vestfronten". Amerika hev enno ikkje gjort noko av seg. Men Vilkaari for dei nøytrale versnar. Me vert sette meir og meir paa Rasjon i Norig med; og fyrr eller sidan kjem Hungertidi. Men noko aa gjera for oss Smaafolk? Anna enn "protestera", kvar Gong Tysken for altfor barbarisk aat? – Kva i Verdi skal eit Smaafolk gjera? – Inga Nalbandian, som for eit Par Aar sidan gav ut "Den store Jammer", hev i Aar, gjenom "De Hjemsøgte" gjeve Bilæte fraa den endelege Nedslagting av det armeniske Folke; Slagtaren er Tyrken, studd av den "kristne" Tysken, som hev samansvore seg med Tyrken mot dei "kristne" "Brørarne" sine i det heile. Og no kunde ikkje Russland heller hjelpe Armenia. Eg hev lese meg sjuk paa den Boki; men der er Inkje aa gjera. Og segja noko er faafengt. Men jagu kann det stundom vera vondt aa vìta, at der ingen hemnande Gud eller Djevel finst. Der er Inkje i Vegen for, at Tysken-Tyrken vinn i den Storstriden som no stend; og daa vil desse Ban- ditarne faa den Løni dei sjølve ynskjer seg – um dei elles kann bli samstellte um Utbytingi – for dette Folkemorde. Og um Tysken-Tyrken i k k j e vinn, – naar det eingong kjem til Freds- uppgjerd, so hev alle gløymt Armenia. – No fær eg i Veg med Homer att.

6. 11. 17. November. Regn og Skodde, myrkt og sturt; mest Uraad aa arbeide. Og Verdi gjeng paa Skakke, i smaatt som i stort, so at den som no ikkje kann slaa seg like sæl, han er ille faren. Og slaa seg like sæl, naar det gjeng smaatt med Arbeide, det er ikkje lett; men for meg er her endaa ei Hjelp: i slikt VÍr, og serleg, no, daa Helios er si meste Tid i Underverdi, vil eg helst berre sove. Berre um Kvelden, naar Ljose er kveikt og Verdi heilt utestengd, kann eg halde meg vaken; men det er ikkje lenger som fyrr, at Kvelden og Natti er mi beste Arbeidstid. Med Ufreden er det som vanleg; Tysken gjer Ugagn kvar han kjem, og Vestmagterne vinn ikkje meir enn verja seg, og det um so Tysken samlar si meste Kraft i Aust eller Sør (det er Italia som no vert nedtrampa). Minst magtar England aa verja oss nøytrale; det siste tyske Sjørøvarverke i Nordsjøen hadde slik Framgang, av di dei engelske Konvoiskipi var so smaae og so skrale. Ned i Litle-Asia er det ikkje stort meir enn at England klarar seg mot Tyrken, dess meir; og Russland, Stakkar, greier seg so vidt mot seg sjølv (det Marxist-upprøre som ikkje kom den Dagen dei venta, det kjem sjølvsagt ein Dag naar dei i k k j e ventar det). Her heime vert det verre og verre med Dyr- tidi og meir og meir Kniping med Mat: dertil aukar det med Uppskrike um at dei Styrande hev teke det for rolegt: me skulde havt Knipepolitiken fyrr. Korleis det daa skal gaa, um Krigen held paa i endaa nokre Aar, det er der visst ingen som kann gjera seg nokon Tanke um. Dessverre hev Aare vorte rett skralt – nordpaa so laakt, at det der kann vera av Meiravling sørpaa vil turvast berre til lempeleg Utjamning –; andre Stader i Verdi er det kje heller noko rart; og det der er av Mat maa fysst og fremst gaa til dei Millionarne, som er utkommandera til Myr- ding; men di lenger Myrdingi held paa, di færre Jordbrukarar vert det; Fanden er laus, og nokon Peder Dass Finst det kje lenger. Det lyt daa berre "gaa som det kann" eller "gaa til dess det gjeng sund"; meir er her ikkje aa segja. I Danmark og Sverig er der elles Folk som enno hev Framgangsmod: Samstyre-Menn og Rettsdemokratar; det plar eg trøyste meg med, naar Svartsyne vil taka Magti. Men Tvilen vil vakne her med: det Gode ligg vel under no som det plar gjera?

10. 11. 17. Ny Revolusjon i Russland. D. v. s. alt der inne stend so laust no, at kven som vil kann faa det til aa ramle. Det fyrre Revolusjonsstyre er sett fast og Kerenski rømt; dei nye "Magthavarann" kallar seg "Maksimalistar" (eit socialistisk Parti, som styd seg til Arbeidarar og Soldatar), og den nye Føraren heiter Lenin. Program: 1) ein de- mokratisk og rettferdig Fred utan Anneksjonar eller Skadebøter – straks; 2) Jordi til Bønderne; 3) Arbeidarane skal føre Kontrol med Produksjo- nen. Ei Arbeidar- og Bonderegjering er alt skipa og ein (Arbeidar- og Soldat-)Kongress fraa heile Russland (?) opna. Programe ser godt nok ut. Men ein demo- kratisk og rettferdig Fred straks, naar Tysken stend langt inn-i Russland og Russeheren er heilt demoralisera (og dei nye Herrarne g j e n o m- f ø r e r Demoralisasjonen), – det kann ikkje bli anna enn Snakk. Det er vel "Russlands Sjølv- mord" som er i Gang (Dagbl.) – dessverre. (Um det daa ikkje kjem ein Kontra-Kontrarevolu- sjon i Morgo att?) – Russland var nok likevel ikkje "mogje for Fridomen". – Den Rasjoneringspolitiken, som er komen so braatt, og so beint i Strid med Statsraad Viks Politik alt til langt ut paa Hausten, – er, etter- som det no fraa snartsagt alle Kantar lydest – komen so mykje for seint, at det svært lite Hjelp vert i ‘n. Samstundes hev det vorte sagt – av ein som bør vìta det –, at Verdi "gaar en al- mindelig Hungersnød i Møde". Dette siste hev eg lenge ræddast fyre. Og det vert ikkje berre Hungersnaud. For naar d e n kjem – for Aalvor kjem –, so gløymer Folki alt anna, og so vinn Reaksjonen, – kannhende meir enn han paa hundrad Aar hev tapt. Hev Pessimistarne Rett i, at alle Folk er "umogne for Fridomen" – og vil so bli? – Det siste kann eg i alle Fall ikkje "faa meg med paa". Men det vesle fatige Norig, som snart kjem paa Sveltekur sjølv, lyt likevel hjelpe til med aa brødføde dei store Krigsmagterne. Z(entral) E(in- kaufs) G(esellschaft) ligg kringum i dei norske Byarne og hjelper til med, at Tyskland fær det d e t skal hava av Norigs Fiskefengd (15 pro- sent), og B(ritish) P(urchase) A(gency) syter like- eins for at England fær sitt. (I eit Blad fortél ZEG-chefarne, at d e i er under streng norsk Kon- troll og at BPA er kontrollfritt?" – Det er slikt som smaae Folk kallar Sjølvstyre. Men – noko maa dei betala, Stakkar, um dei vil faa Lov av Stor-Folki aa vera til. Skulde det no bli aalmenn Sveltihel, so fær me i alle Fall same Retten – ja kannhende større Rett – til aa s v e l t e enn StormagtsfolkÌ, – um det kann trøyste oss. – Eg driv paa med Odyssevs. Arbeidet vert meir og meir "tusun-djøfla", di gløggare eg vert. Men like gagnlaust; kven bryr seg um Homer no for Tidi?

22. 11. 17. Var inn paa "Vor Frue Hospital" i Dag og saag um Hulda. Noko likare er det med henne no; men ho er svært veik. Og harde Pinslur hev ho kvar Dag aa greie. Operasjonen burde vore gjort for eit Par Aar sidan. No vert ho visst liggjande lenge der inne; og einaste Voni er, at ho etterkvart kann venia seg til baade Gatestaak og Operasjonssal-Uro. Væl er det, at ho hev ei hyggjeleg "Syster" (Fraa Savoyen) til Diakonisse. – Brevskrivingi hennar fær eg greie so lenge. – Fraa Politiken utan- som innanlands lite anna enn leidt aa høyre. Russland riv seg meir og meir sundt (og Monarki-Tanken tek til aa vakne att); Italia er der lite ved, og i Frankrike veks Modløysa (og Ministerskifti; siste Minister- chefen, Clemenceau, ser elles modig ut); i Eng- land klarar Lloyd George seg so vidt; og Ame- rika er ikkje kome med det enno. Noko svært rart er det nok ikkje i Tyskland heller; men der er Hervelde so sterkt, at Folkemeiningi spør ingen etter. – Her heime hev dei diskutera Regjerings- spursmaale so ei 8 Dags Tid; einaste Resultat: Gunnar Knudsen hev ofra Oddmund Vik (etter at han fysst hadde lyst heile Regjeringi skyldig i den Syndi som skulde vera Viks største). – I "Gula" hev Johs. Lavik eit langt Foredrag, som viser, at Bonden held paa og søkk (det hev han visst Rett i), og at Vinstre er eit Byparti; men det Møte der Foredrage vart halde, heldt seg like fullt til Vinstre. Andre Maal- og Vinstreblad nemner ikkje Spursmaale. – Kristofer Janson er slóppen. Denne fysste og fremste By-Maalmannen – ei fin, rak, nobel Personlegheit – lìvde sine siste Aar og døydde i Kjøpenhamn; si Ungdoms Von um eit heil- norskt Norig hadde han ikkje lenger. Men me fekk sjaa aa vinne so langt som me kunde, hev han meint. Og meir er her vel ikkje aa segja, veit eg. – Gunnar Heiberg hev havt 60-Aarsfest. Eg skulde ha sendt Helsing, eg òg, men kom ikkje med i rett Tid; og um eg enno kann faa Stunder til eit Brev veit eg ikkje. Der er aldri Tid; kvar Stundi hev eg minst tri Ting aa gjera; og Ar- beids Kraft og Mod – – –

27. 11. 17. Fredstanken vert nedkuva Gong paa Gong. Men han vaknar og vaknar paa nytt, som rime- legt er, og vert sterkare og meir aalmenn etter- som Krigstyngsla vert hardare; no skal han vera aat aa faa Magt i sjølve Tyskland. Med Michaelis skal Krigspartie der vera fellt; den nye Riks- kanslaren, Bayraren Grev Hertling, skal vera Fredsmann. Og det er Riksdagsfleirtale, som hev tvinga det siste Kanslarskifte fram; "Berliner Tageblatt" ser difor i dette Skifte Dagningi av ei ny (parlamentarisk) Tid. (Andre er mindre stor- drøymde). Men i alle Fall er der eit stort Riks- dagsfleirtal, som krev Fred utan Landvinningar eller Skadebotskrav; og naar Kanslaren er med paa dette, so maa Keisaren au ha gjeve seg. – Kor sætande dette kann vera er eit stort Spurs- maal; men at Folke trøytnar av aa vasse i den ævelege Blodflaumen og dertil halvsvelte, naar Vonerne um aa "vinne Verdi" ikkje lenger er noko sers trygge, det kann ein forstaa. Og Verdi i det heile – som vrid seg under Dyrtid, villt aukande Statsgjeld og Halv- og vel snart Heil- hunger – den tok vel snart Fred paa kva Vil- kaar som helst. Men so er det England (som vinn eit og anna Slag no) og Amerika (som enno ikkje er kome skikkeleg med); dei vil vel ha Prøyssaren betre gjenomprylt, fyrr dei slepper ‘n. – I Gaarkveld kom eg til aa kikke igjenom eit Nummer av noko som kallar seg "Stjernebla- det" (sendt til Hulda); og eg tenkte med meg sjølv: sjuke Draumar i sjuke Tider. Det er "Østens Stjerne" og ein ny Kristus som skal koma, o. s. b.; attum stend den udøyelege Annie Besant. Men sidan tenkte eg: Kven veit? "Stjer- nen i Øst" hev til Motto: "Tankefrihed – i Reli- gion, i Videnskab, i Kunst; selvstændig Tænk- ning sammen med den høieste Tolerance er Frem- tidens Løsen"; det er ikkje ille. Annie Besant maa vera meir til Kvinnfolk enn eg hev tenkt; og ho er engelsk og praktisk (no ligg ho t. D. ned i India og held paa aa reise Folke der baade religiøst og politisk; hev vore i Hòle eit Fjor- dungaar eller so for dette, men held paa like godt). Ho veit, at Folke (l a n g t upp-etter), – det treng Mystik. So driv ho paa med Profet- Fakter og Talemaatar og Bilæte og fær paa den Maaten Magt; nyttar so den Magti til aa inn-øve Folke i evangelisk Kristendom; for berre paa den Maaten kann me fyrebu oss – segjer ho – til den herlege Tidi daa den nye Messias kjem (dvs. den gamle som kjem paa nytt); og ved aa suggerere Folk dette fær ho dei til aa gjera det dei kann til aa fylgje Evangeliekravi. Og det i Samfundslive med, der ho er til Hjelp for ymist – ikkje minst økonomiskt – Framgangsarbeid. Fær ho daa Folke so langt, at Vilkaari ein Dag tek til aa ljosne for det, so segjer ho vel: ja no er Kristus komen, ikkje nettupp synleg, men . . . (Ein synleg "Store Meister", "Verdslærar", "Herre Maitvega" kann vel elles au lata seg arrangera). Og Folke trur; for Vilkaari besnar Dag for Dag. Soleis greier kanskje ho det, som me kloke stend fast med: aa faa F o l k e inn paa etisk og øko- nomisk Framveg! Ho er "Protektor" (ikkje – trice) for "Ordenen Stjernen i Øst" o. fl. slike religiøst-sosialistiske Lag (soleis "Rosenkorstem- plet", som – merkeleg nok – hev "Høitemplet" i Kristiania og "Provinsialtempel" i Kjøpenhamn og Stockholm); i India gjev ho ut tvo Blad, o. s. fr. – Lars Eskeland hev umsett eit indisk Dik- tarverk (fraa engelskt) til Norskt: "Hagemannen" av Rabindranath Tagore (som i 1913 fekk Nobel- prisen). Arbeide synest betre gjort (dvs. paa betre Norskt) enn eg hadde venta; men mange vert det ikkje av oss Halvbarbarar, som fær Tak paa denne fine Poesien fraa ein Kultur so gamall som den indiske.

28. 11. 17. I sjølve Tyskland tek det endeleg so smaatt til aa vakne Reaksjon mot Nietzsche-Sjukdomen; i eit elles kav prøyssisk Tidskrift dernede hev det nyleg vore sagt, at Magt er i k k j e det høgste, ja at Magt utan Rett er Dyrehaatt: Villskap, "Brutalitet". Det er godt, at slike gamle San- ningar vaagar seg fram att; men den prøyssiske Stuten vil ikkje forstaa ei slik Sanning, fyrr han fær ho banka inn i Skolten sin, – og knapt nok daa heller. Noko sant er der elles hjaa Nietzsche med: Retten treng Magt, um han skal staa trygg – i ei Verd som enno er halvvill. Og til alle Tider trengst det K r a f t, Livskraft, Arbeidskraft. Me Smaafolk kann koma til aa visne burt av denne prøyssiske Trui, at Kraft = Magt, Bøffelmagt til aa stange ned andre. Dei tri nordiske Kongarne var samla i Oslo igaar; og heile Byen skal ha stade paa Ende, – som rimelegt var; det er nok fysste Gongen han heilt hev kunna kjenne seg Jamnlikar med Stock- holm og Kjøpenhamn. Men den "Norden"-Poli- tiken som no tek til, den spaar ikkje godt, – utan (kannhende) i det Tilfelle at det vert Ende paa das Preusserthum. Og um d e t er ven- tande –?? – "Lærebog i Retsmoral" (ved Axel Dam) heiter ei lita Bok (paa 1 1/2 Ark), som burde kunna bli "den nye Katekisma", um ho klaart nok heldt fram, at dei nye 5 Bòdi er naturgjevne, og at Bròt paa kvart eit av deim straffar seg sjølve. Eg vil elles sjaa aa faa meldt ho.

"Vore Fruers" Hospital 30. 11. 17. Det gjeng betre med Hulda no, men svært smaatt. – Den "romerske Kyrkja" i Norig hev nok ikkje so mykje aa gjera med som eg hev tenkt. Hospi- talet hev for faa "Systrar" no; dei hev altfor urime- leg mykje aa gjera; det er Overarbeid stødt, og aldri Kvile, aldri Fritid. (Upp Kl. 5; Morgonstellet krev kvar Sekund til Kl. 9; Operasjonstimar fraa 9–1 og 5–7 paa alle 3 Operasjonssalarne, som stødt er fulle av Patientar; endelaust Arbeid med aa halde Operasjons-greiur og -salar og alle Rom reine o.s.fr.). Men glade og alltid venlege og huglege gjeng dei der stødt, – til dei stuper. Serleg i desse Ufredstider er det knapt med Tilgangen; der er meir enn nok aa gjera baade i Frankrike og Tysk- land no. – At elles franske og tyske Systrar kann samarbeide no er merkelegt og hadde ei Tid sine Vanskar; men Abbedissa hev forbòdet deim aa tala anna Maal enn "Norskt"; og det hjelper, – kóss det no kann ha seg. Hjarteleg snilde og sant kristne er desse Sy- strarne med all sin Katholicisme; Hulda er reint glad i si. Men gjev det maatte gaa noko raskare framyver med Helsa!

4. 12. 17. Siste "Edda" inneheld eit Stykke um Joseph Bédier, som endeleg gjev meg Greie paa Mannen: han held paa aa slaa fast det eg lenge hev tenkt: at "Folkedikt" som andre Dikt hev kvar sin For- fattar, og at "Folke" ikkje hev havt anna med desse Diktingarne enn at det song (og fortalde) deim – og blanda deim ihop og gjorde Tildik- tingar og Umdiktingar, som var meir eller mindre gode (eller laake), og etterkvart halvgløymde og sistpaa heilgløymde deim. So maa det vera. Og denne gløgge franske Granskaren hev i Tilfelle etter Tilfelle paavist, eller daa gjort det til det einaste rimelege, at so e r det; dermed kann ein daa vel gaa ut fraa, at d e n Draumskodda snart vil vera sprengd og burtblaasi. – Paa sin Maate forvitnelegt er det aa lesa um, korleis dei gamle Klostri var reine Forretningshus i Reliquia, hei- lage Lik, Segn-"historie"-dikting o. a. som kunde draga Gjester til Klostre, og koss dei og konkur- rera med kvarandre i so Maate, som all Forret- ningsdrift gjer og hev gjort. Og naar i vaar Tid romantisk Gransking hev vilja gjeva Folkediktingi historisk Innhald, so paaviser Bédier i Tilfelle etter Tilfelle, at det der er av Historie i det høgste kann vera eit Namn; det Diktarane hev nytta er Folkesegner og Munkekonstruksjonar og so sin eigen Fantasi. Men sjølvsagt gjev desse Diktingarne – som poetisk kann staa høgt – Tidsbilæte: i mange Maatar lærerike Bilæte, av Live i dei Tiderne dei var dikta. – Prof. Logeman hev fenge ut fysste Bande af "Scandinavische Bibliotheek" ("Arne en Hulda Garborg: Buiten in de Bergen" dvs. "ute (uppe vilde me segja) i Fjelli"). "Biblioteke" skal bli ei Samling av danske, svenske, norske, islandske Verk av snartsagt alle kjende Diktarar fraa sei- nare Tider, og dertil "Studies" yvi mange av deim og literære og Maal-utgreidingar (soleis yvi "de nieuw-Noorsche taalbeweging (Maalstræv) van Aasen tot Garborg"). Det maa bli eit stort Verk; og greier det seg, so er der meir literær Interesse i Holland enn eg tenkte. – Fredsforhandlingar millom det nye (social- demokratiske) Russland og Tyskland ser det ut til at det skal bli, – kva Veg no det kann bera. I Russland er elles alt so ugreidt, at ein ikkje kann "tru" lenger enn fraa Dag til Dag. Og det store Spursmaale er i alle Tilfelle: um Amerika snart kann koma med i Ufreden. Enno er alt berre Skodde og Spursmaal. 13. 12. 17. – Engelskmennerne hev teke Jerusalem. Der- med skulde jødarne ha Von um aa faa att Lande sitt (under engelsk Overhøgd, sjølvsagt, – liksom fyrr under romersk, babylonisk o. s. fr.). Ja; um Vestmagterne greier seg mot Tysken daa; – det orkar eg mindre og mindre aa tru paa. Russland er sprengt (og alt der inne reint villt; Soldatar røvar og Bønder brenner og alle er i Slagsmaal). Italia er døyvt; Frankrike veiknar; Amerika ligg for langt or Vegen; det spyrst daa, kor lenge England kann halde ut; for Prøyssaren hev 2 Millionar Mann no paa Vestfronten. Enno talar Asquith modig; men ingen kann tru lenger enn fraa Dag til Dag i desse Tider. Noko med det uhuglegaste er, at Berlin hev Studnad i Rom; og Kyrkja er lur og langfingra som sin Herre og Meister Fanden. Men Berlin hev Studnad i Rom, av di "Centrum", Katholi- cismen, er sterkare i Tyskland enn me taapne Lutherske hev Greie paa. Naar daa den berlinske Sabelen og Politistokken slær Lag med det ro- merske Krucifikse – til den Sida vil Mammon- kyrkja òg søkja, daa visst Tyngdi av ho –, so er Helvitmagterne samla og daa visseleg allmeg- tige. (Rom hev mykje Magt i England med; og der er meir enn nok av baade Katolikar og Ty- skarar i Amerika). Di meir eg tenkjer paa dette, di mindre veit eg elles kva eg skal segja um det. I Vestheimen med sine Bankar og Børsmatadorar er Folke ikkje betre fare enn i den romerske Verdi; ja paa ein Maate er det verre fare; for attaat Ban- karne og Børsherrarne hev Rom-Verdi Kyrkjur og Munkar, som med gamle Kunster og Tale- maatar kann "trøyste" Folke; ho hev og det Vìtet at ho held Folke faakunnigt, so det finn seg i alt, i Svelting med, og finn seg rolegt i det, med Folke stundom gjer Staak i Vestheimsby- arne, – faafengt Staak som gjer Vondt verre helst. Er det daa kje likso godt, at Verdi som- nar heilt av att? Anna enn Fuske-"Fridom og Rett" fær ikkje Folke kor-som-er. Ikkje i "det frie Amerika" heller. Og i det "kristelege Eng- land" minst. Vestheimen hev nok havt sin Henry George; men han vert nedlògen og nedtagd. Eller nedkjøpt, um han her og der kann koma upp for ei Tid; Folke hev aldri kunna halde Retten sin uppe i det lange Drag; dertil er det for stutt-tenkt og for smaatenkt. – Naa-ja; "me fær sjaa." "Korleis det gjeng og ikkje gjeng, so gjeng det daa eileis"; og um det so gjeng verst,– me vinn oss i alle Fall fram til Gravi.

15. 12. 17. Kr. Bing, Formannen i Olsok-Nemndi i Bergen, spør i eit "aabent Brev til D'hrr. Stortingsrepræ- sentanter", um "Olavsdagen" skal "tvinges ind- paa os"; sjølve dei historisk-nasjonale Minni vert Stridsspursmaal i Norig. Naa-ja; det er som med Maale. I andre Land er det "det Rosenbaand, som store og smaa omslynger"; hjaa oss slæst me um det. D. v. s. me hev tvo Maal 3: inkje-noko. Fleirtale Fiktar for sitt Provinsdanske (som elles kvar skriv paa sin Maate); og Faatale hev i 60–70 Aar ført Krig for sitt Norske (som like eins kvar skriv paa sin Maate); og Ufreden kjem til aa vara 1 60– 70 Aar til minst, – um elles Norig "stend" so lenge. Paa same Maaten med Flagge. Det vart av- gløymt i Dansketidi; og likesæle tok me Dane- brog i Staden; i 1821 laga me oss eit nytt, av Fargarne i den franske Trikoloren (som dei vel hev meint skulde gjera. Charles 14 Jean blid). Me "fekk" daa det Flagge, um ikkje paa den Maaten me sjølve vilde; og sidan fikta me (dvs. ser- leg dei Norskdanske) med Svensken um aa faa det "frigjeve", so det kunde gjelde paa alle Havi. Sidan kom Oskar I med sitt Unionsmerke (som gøymde paa ei djupare Sanning enn me gauma etter: det var ihopsett av b e r r e d a n s k e o g s v e n s k e Fargar); det forte til "Flaggstriden", som vel var den forgiftigaste Borgarkrigen me hadde i Svensketidi. 1 1905 vart den norske Trikoloren heilt fri. Men dette rare, at Norig fraa eldre historisk Tid skulde vera flagglaust meir enn t. D. Sverig og Dan- mark,– det viste seg ein god Dag aa vera Tull: raudt med gul Kross var det gamle norske Flagge. Det var daa søme som tok dette gamle Flagge upp; serleg var det eit og anna Ung- domslag som tok raudt og gult til Merkefargar. Men dette syntest det elles aa somne av att; men so friska Hulda upp Minne hjaa Ungdomslagi att, og der kom noko meir Liv i Leiken. Snart vart det likevel eitgrand Flaggstrid. att; eit norskt Ungdomsblad protestera brandraudt imot ein Tanke, Hulda hadde nemnt: at eingong maatte det gamle norske Flagge bli Riksflagg att. Mot den Protesten protestera so eg; og det vart so vidt Strid, at det vart lagt Merke til. Straks kom daa Vinstreblad etter Vinstreblad, og alle Maalbladi med so nær som "Gula Tidend", og forsvara Tri- koloren med Nebb og Klo; norske Fargar vilde me ikkje vìta av her til Lands. (Serleg fanatisk var H. E. Berner, som ein alltid kann forstaa). Ikkje minst song Anders Hovden upp (i "Olsok"): det rette norske Flagge var fraa gamall Tid og dermed reaksjonært! Elles var dette med Flagg og Fargar- noko som var lite aa bry seg med; "eg hev aldri lagt større Vegt paa slikt." Eit lite Serhogg til Hulda hev han elles òg: "alt det som kjem fraa Vevstolen og Fargaren, anten det er Flagg eller B u n a d e r, det er det kje so nøgje med." – Nei nei; Anders Hovden er nok so gild ein Flosshatt-Herre som nokon! Me hadde nok, meinte han, med aa arbeide for Maale. Der stend me. Eit Mindretal for norskt Maal, og snartsagt ingen for norske Fargar; me er nok ikkje for ingenting ein 500-Aars Heil- og Halv- provins. –No ser eg, at me snart kann vente For- slage fraa Rettskrivings-Nemndi: Forslag um sams Rettskrivingsreglar for Norsk og Norskdansk. Kann bli Moro aa sjaa, koss det ser ut. – Ein dansk Prest, Carl Koch, hev skrive ei Bok um "Verdensfred", som ikkje er berre Teo- logi, og ikkje berre Politik heller; det er den fysste Fredsboki eg hev lese, som ser so vidt djupt, at ho er verd aa merke seg; bo hev soleis Syn for det økonomiske Hovudspursmaale (Jord- og Grunnskipnaden). Kann eg faa Tid til aa melde ho, skal eg gjera det. – Med Dagsspursmaale um Fred vert det arbeidt jamt og samt, men med smaae Voner; i desse Dager er det Bolschevi- karne – eller kva dei heiter – som hev fenge eit "Fredsrnøte i Stockholm" i Stand: men Bran- tings Blad er skarpt etter deim, so det er klaart, at dei hev ikkje Tiltru millom" sine eigne" (Soc. dem.) heller. Og i England hev Lloyd George: i ein Tale paavist, at "Fred" no vilde vera berre til Bate for Tyskland, og vilde leggje Grunnen til ein ny Krig. Vonerne er daa no som fyrr: meir Blodflaum og aukande Halvsvelting – og det store, tvilande Spursmaale: Kven skal vinne? Men ei Magt vil vinne utan Spursmaal, og vinn meir og meir for kvar Dag som gjeng: Kyrkia, Aandsreaksjonen; det er Kyrkje- og Bispe- møte rett som det er. Sjølve Bokheimen legg seg meir og meir til Rettes for ei ny "Romantik"-Tid; eg hev nettup pløygt igjenom ei Bok – "Euro- pæerens Livsteknik – Racen som Grunnlag for Kultur" av Thorleif Schirmer –, der det reli- giøs-romantiske Programme vert framlagt paa Filosofmaal og paa fullt tydeleg Maate. Hellas og Rom er for dagklaare, Frankrike og England like eins, paa sin Maate; jødarne fær like eins sitt Pass paaskrive (med serleg Adresse til Georg Brandes); det er tysk Aand som maa upp att. Og religiøs Aand. Det vil vel helst segja katolsk; for Protestantismen er berre Teologi; det hev Schirmer Rett i. Og at Verdi hev fenge nok av Tankekulturen for denne Gongen er greidt nok; Spursmaale vert daa berre, korleis Reaksjonen – "den nye Romantiken" – vil forme seg.

21. 12. 17. Gjelsvik skriv i Dag, at han er korkje tysk- eller engelsk-venleg, og at det er det, me Smaa- folk bør vera: oss sjølve, korkje mindre eller meir. Ja visst. Det heiter so; det er Formelen. Det bør ein Professor vìta. Dessverre er det ikkje meir heller; det hev me i seinare Tid lært ved "Anskuelsesundervisning", ikkje minst av Prof. Gjelsvik. – Eg driv paa med Rettingar og Reinskrivin- gar i Odyssevskvæde. Dei vert meir og meir hyggjelege, desse gamle Hellenann, di meir kjend eg vert med deim. Og dei lærer meg ikkje so lite heller, soleis Teologi-historie. Heile den gamle truskyldige Folkemytologien lìver enno; der er endelaust med Naturgudar og Faggudar av ymse Slag. Men eit Gudearistokrati hev skilt seg ut; og millom Aristokratie er det ein som er len- Eintal: ein Hellén. ger komen enn alle: Zevs er tydeleg Overgud. Og paa Veg til aa bli einveldig, Eineherre, Eine- gud. Sjølve Lagnaden, som fyrr var ei upersonleg Over-Gudemagt, er noko-so-nær vaksen saman med Zevs, er den høgste, (halv)mystiske Zevs~ viljen. Hadde Hellenarne vore mindre republi- kanske, mindre aristokratiske, meir Semitar, so hadde Zevs vorte ein Jahve um ikkje so svært lenge. Nok er det; desse Gudarne er so hjarte hyg- gjelege og menneskjelege. Og dei "forklaarar Til- være" (og Live) so lettvint for desse hellenske Barnenaturane. Er det aldri so lite som synest ugreidt eller underlegt, – naah, so er det den og den Guden – eller "einkvar Guddomen" – som stend attum, og dermed er Vansken greidd. Tanken deira er kje lenger komen endaa, enn at han heilt og trygt stansar ved denne Forklaaringi: ein Gud hev stelt det so; "vil det". Me vaksne smiler: den som kunde slaa seg so lett til Ro! Me kann ikkje klara oss med sjølve den uende- lege Jahve, me; segjer nokon no: Gud vil det, – so spør me : kor veit du det? og: kvifor vil han det? o. s. fr.; og rett som det er ser me, at denne Guddomen, som skulde forklaare alt, ingenting forklaarar, men berre er ei ny og endaa større Gaate umframt og ovanpaa dei andre. Det er daa langt ifraa so, at me "treng denne Hypo- tesen" ; me turvte heller eit Hestelass med nye Hypotesar til aa "forklaare" Guds-Hypotesen med; og so gjer rne daa med den som St. Olav gjorde med Thorsbilæte paa Hundorp. At alt soleis til Slutt er uforklaarlegt kann me Ingenting gjera med, dessverre. Me sét berre upp ei formell For- klaaring: alt hev alltid vore til og skal alltid vera til, i ævelegt Formskifte og endaa ubrigdelegt.- I Røyndi forklaarar den Setningen ikkje meir enn Ordet "Gud"; men han treng daa ikkje Forklaa- ring sjølv; 'han stend der som eit Punktum, og det er ikkje meir han skal vera, av di me ikkje kann koma lenger og daa ikkje bør narre oss sjølve med Innbillningar. For me veit endeleg det no, at det berre er det formale me kann "for- klaare", sjaa Samanheng i. Og me les, kved, fortél Homer, Folkesongar, Folkesogur, Folketruer med same Hugnad som den gamle hev av Barne- og Ungdomsminne. Men Teologien, som vil vera Barn enno, men ikkje kann, strævar med aa "forklaare det ufor- klaarlege", – naa, den hev s i t t Publikum: den endelause Mengdi som ikkje er – og aldri vert? – meir enn halv-, kvart- eller endaa mindre vaksi. Eller kannhende rettare: som lìver sitt Liv paa eit anna Plan enn me tenkjande Folk: paa det. praktiske Planet. – Paa den nye norske "Flaggstriden" hev no Finnland gjort Ende: hev teke det gamle norske Flagge til finsk Handelsflagg (R i k s flagge hev andre Fargar). Historiskt Flaggsamanheng kann daa vel Norig ikkje faa (um daa ikkje det finske Sjølvstende skulde ramle att – som me ikkje kann ynskje –; og me vert daa sitjande med den norsk-danske Kross-Trikoloren fraa 1821 – til Glede ikkje minst for Maalmennerne! (Fleir- tale av deim). Eg hev sendt ein liten Stubb (lempelegt gjønande) til "Gula" um dette, med eit lite Ord um, at me bør kje bli modlause ("G. T." var ikkje lite i Likferds-Lag sist; men um Stubben kjem inn er vel eit Spursmaal. Det vart ikkje so. Den finske legation i Oslo gjev meg 20. 6. 25 denne upplysning: "– de rødgula førgerne plus blått och vitt interimistiskt anvøndes under en kor- tare tid våren 1918, men de blåvita førgerne er genom lag utførdad i maj samma år, definitivt antagit til Fin- lands førger". H. G.

Brev fra Sven Løvborg 22. 12. 17.

Gøteborg, Adeliebergsgatan 34, 22. 12. 17. Køre Herr Arne Garborg, jag har för en tid sedan låtit binda inn Arne Garborgs skriftir i samling och så kommit att øn en gång løsa om alltsammans och lefva om igjen mycket af min egen ungdom, och jag kunde dør- för ej låta bli att skrifva till Eder och søga Eder ett tack. jag skulle önska att hela vårt folk finge göra bekantskap med Fred – Heimkomin Son. Det ør jo den enda bok dår vår religions historia ør skrifven. Något finns jo översatt, men för litet køndt. Jag tror ej att jag tackat för Edra vønliga ord om Samskolan i Samtiden. Förlåt mig om jag ej gjort det. Det beror i så fall ej på otacksam- het utan nøstan på uförmåga. jag har haft ett par røtt besvørliga år. – Och så har vi haft en mörk höst. Men i dag ljusnar det. Skal man våga vønta att det blir ljusare nøsta år? Jag sønder en liten bok som trycktes redan 1916, men kom först i år. Den berör något en sak som fru Hulda Garborg nømner om i sin vackra uppsats om Hiawatha, för hvilken jag hjørtligt tackar. Hjørtligt tack och en hjørtlig hølsning til Eder och fru Garborg. God jul och godt nytt år. Eder tillgifne Sven Lønborg.

22. 12. 17. Tuften fér til Mandal i Kveld; skal gjeste Ny- voldfolket. Han fær fint Vér, ser det ut til; det er eit Grand kaldt, men stilt og rett klaart(trygt for Frostskodde er her elles ikkje). – Sjølv er "Skulereformation", Samtiden 1915. S. 551 og 622. Nr. 9 og 10. han (av Blod) halvt Austlending og halvt Vest- lending; med Gifte fraa Mandalen (som Jærbuen reknar til Austlande og Austlendingen til Vest- lande, og som ein vel daa kann segja er mid- landsk) vert Huse hans soleis rett aalment sør- landsnorskt. Men i Maale norskdanskar ho endaa verre enn han; kjem det daa Baan, vert det fullkomne norsk-danskar. Det gjeng oftast den Vegen med Baani vaare; me fær gjerne provins- danske Gifte. – Forslage fraa Rettskrivingsnemndi er kome. Men sjølvsagt er der attaat kome eit Forslag fraa ei privat (norsk-dansk og austlandsk-norsk) Rett- skrivingsnemnd (der mill. a. Trysil-Kararne er med, og Olav Midtbø m. fl., ja og so sjølvsagt Koht), umframt eit trøndsk-austlandsk Framlegg paa Prent av Jørgen Reitan, – so her vert visst Strid nok. Framlegge fraa den officielle Nemndi ser elles ikkje verst ut (og det er vedteke av Riksstyre igaar og skal bli gjeldande fraa lste Juli). Det gjeng ut fraa dei tvo Maali og nærmar dei inn- til kvarandre paa beste Maate. (Det er aa segja: Midlandsmaale bryr det seg ikkje um); men me fær heile 4 officielle Former: lett tillempa og meir tillempa baade Landsmaal og Riksmaal (Riksmaale lyt lempe seg mest), – so Zevs maa vita kóss Skule- meistrarne skal greie seg. (I Landsmaale vert daude dar strokne; millom dei valfrie Formerne er "je" og "vi". I tillempa Lm. er det vel ofra ymse Difton- ger; den vesle Prøva i "D. 17de" hev soleis "høre" – huff). Men for oss Bokfolk vert det seks nye Former aa velja i, – umframt alle dei gamle, og umframt dei Kombinasjonarne som dei nye Framleggi kann gjeva Tilhøve til; einaste Trøysti er, at meir Formtull enn me alt hev kann det vel ikkje letteleg verte. 30. 12. 17. Hulda endeleg heime att. Ho er enno veik, og ikkje heilt i Stand; men det hev gjenge mykje raskare og betre enn Doktoren hadde venta, so ho slapp heim "14 Dagar for tidleg" og ser ut til aa kunna koma i Orden rett snart. Ho hadde det elles bra paa "Vor(e) Frue(r)s Hospital" med; men 12 Kr. Dagen er ikkje for Smaafolk, og heime er no heime likevel. Kann ho berre halde seg roleg nok, i det heile vera vør nok, so vil denne Basken snart vera yvistridd, og so vil ho vera heilt rask att. – Sjølv sìt eg nedgraven i Jolebøker og Brev- skriving og ynskjer at "denne søde Juletid" snart var til Endes. Naar so Dagarne tek til aa ljosne og lengjast att, vil alt gaa lettare, – so sant som daa ikkje "Rasjoneringi" vert for strid.

31. 12. 17. Farvel, 1917; gakk til dine Fedrar; og legg deg og sov godt! – Eg kann ikkje tru, at nokon vil sakne deg. 1918. 1.1. Rasjoneringi er Dagsteksti no. Spursmaale er, um me, det gode Folke, au skal faa kjenne kva Svelting hev paa seg; – for at Fatigfolk svelt er me vane med. At Dauden kjem til aa gjera ein god Haust i Aar – serleg millom Gamle og Baan (liksom Krigen og Krigssjukdomar herjar millom dei Vaksne) –, det er noko me veit. Og so er det Fredsspursmaale. Kor lenge tru Berlin-Fanden kann halde ut, "med Guds Hjelp"? Eller rettare: kor lenge held den ikkje-tyske Verdi ut, m e d Guds Hjelp eller utan? Det russiske Fredsstræve, er det anna enn tysk Komedie? Og det amerikanske Krigsmase, er eller vert det anna enn b l u f f? – Kor ein snur og vender seg: berre Spursmaal og Tvil og ingen Ting aa halde seg til; det einaste som synest visst er, at Prøys- saren maa ha Rett, naar han – med Gud paa Tunga – gjeng ut fraa, at "Rett" er berre ein gamall Talemaate. Einaste Voni er vel, at Verdi, som meir og meir "kjem paa Vatn og Brød," etterkvart s v e l- t e r Blodvillskapen av seg? For denne Gongen iminsto? Og so fær me – um eit halvt eller heilt Aars Tid – ein "Fred" som for det fysste er berre ei Vaapnkvile. Men baade Folk og Re- gjeringar vil daa ha lært so mykje, at Trui paa Mord og Brand hev minka, so at sjølve Prøyssen finn det klokt aa fylgja den Retten som "ikkje er til"? – so langt, at Vaapnkvila kann b l i Fred? – ein Fred, som sistpaa, gjenom vitugare Sam funds- og Riksskipnad, kann bli varig? Det er paa desse og dilike Spursmaal, det nye Aare kjem til aa arbeide med aa finne Svar. Svelting og Sveltrædsle vil vera strenge og gode Lærarar for Folki; og Herrarne vert nøydde til aa høyre paa Folki, naar dei ikkje lenger kann stoppe Munnarne paa deim med Mat eller Mat- voner. 1918 vert eit hardt Aar. Men til ei halvvill Verd trengst det hard Skule. Ein hardare og hardare Skule, di lenger upp i Klassurne ho kjem. Og endaa er det vel uvisst, um ein nokon Gong trygt vil kunne segja, at no hev øtti sveitta Villskapen heilt ut.

12. 1. 18. I Byen igaar. Raaka Bergens-Utsendingen for det gamle norske Flagge – Bugge (Rusti er sjukleg) – og var med honom upp til dei finske Ministrarne (paa Grand). Dei tok væl imot oss, og fortalde oss ymist um Tilstandi i Finnland. Det stend ikkje godt til der; Hunger og russiske Røvarar ("Soldatar"), – som dei ikkje kann verja seg mot, daa Tsar-Russland hev vore so "fredsvenlegt" der i Lande. Men endaa held Folke ut; dei tvo Ministrarne, me raaka, synest hava gode Voner, – mill. a. um aa faa Ende paa Russerøvingi med. Gjev det var so vel! – Um Flagge fekk me vita, at det berre er Riksmerke som er vedteke; um Handelsflagge er dei ikkje sameinte enno. Men det var rimelegt, at dei stri- dande Partarne kom til aa semjast um eit firfarga Handelsflagg. Og daa Gripenberg høvrde at Raudt og Gull var dei gamle norske Fargarne, vart han forundra (den "norske" Regjeringi hev soleis Ingenting sagt) og lova aa halde det fram, naar han kom heim, um det skulde turvast. Um Ettermiddagen var eg med i "mitt" Møte (eit privat Georgelag-Møte, som Lieng hadde fenge i Stand). Det vart upplyst, at det gamle George- Lage heldt paa aa leggje upp ("Retfærd" og i Røyndi alt skulde stanse, av di Lage korkje hev Arbeidsmenn eller noko vidare Lagsmenn); Grav- preika var alt prenta i siste Nummere av "Ret- færd" (enno ikkje utsendt, som vel var). Men no kunde Lieng fortelja, at Smaabrukarlage endeleg (her som i Danmark) hev teke upp Grunnskyld- tanken; og det er no eit stort Lag; fleire tok òg til no aa koma med: so no var det i k k j e Tid til aa leggje ned Arbeide. Som vel var, fekk han etter eit Grand Ordskifte Møte med paa dette (derimillom Lagsformannen); sjølve den gamle Bladstyraren (Wielgolaski, som elles er mindre helsesterk no) var nøgd med den nye Skipnaden, og me kunde skiljast med rett gode Voner. Eg trur der er meir Tak i Lieng enn det saag meg ut til i den fysste Tidi; og det Programe som Smaabrukarlage hev sett upp er, etter alt eg kann sjaa, eit godt Overgangsprogram, i Grunnen heilt bygt paa Grunnskyld-Tanken. Gjev eg kunde arbeide noko meir med! Men no hev eg Brev fraa Nygaard, at me skal i Gang med Homer – endeleg. So no fær eg meir enn Arbeid nok for dei fysste tri Maa- narne. – Ei Melding som Tuften hev sét i eit Blad i Dag: at Tinget alt skulde ha gjeve 5 500 Kr. til Utgjeving av Odyssevskvæde, er sjølv- sagt ei "Avisand". Brev fraa Peter Hognestad.

Minne ved Bergen 25/1 1918. Kjære Garborg! Det er idag fødselsdagen din, og daa vil eg faa senda deg ei helsing um ho enn kjem fram seinare enn ho skulde. Eg vil ynskje deg lukka med dagen og framtidi og med same nytta høvet til aa takka deg for det som du hev gjort og skrive for det gamle gulraude norske flagget. Eg tykkjer som du det er saart at ikkje nordmen- nerne visste betre daa dei slo fast flagget. Og tenk um me hadde nytta 1905 til aa slaa fast det gamle flagget! Det vilde vore svært leidt um Finnland tok upp dette flagget, difor var det godt at du var med og gjorde ditt til aa hindra det. Eg hev havt høve til aa sjaa det gulraude flagget i Bondeungdomslaget i Bergen, og no i festen i Vestmannalaget, og baade kona mi og eg tykkjer at det er venare enn det trifarga flagget, so friskt som det enn er. – Eg hev høyrt at fru Garborg hev vore sjuk, og daa lyt eg beda deg helsa til henne og ynskje henne god batning. Ho skreiv i si tid so godt og vitugt um "austlandsk reising", at eg tenkte paa aa senda henne eit takkebrev for det, men det vart ikkje av. So vil eg daa takka henne no baade for det og for det ho hev skrive um flagget. Med hjarteleg helsing til dykk baae tvo fraa kona mi og meg. Peter Hognestad.

26. 1. 18. Igaar fyllte eg det 67de. Med rett raske Stig ber det no framyvi mot den store Kvila. Sjølve Dagen rett gild. Ymse kjærkomne Hel- singar, og um Kvelden Fest i Oslo Maallag – ikkje serskilt for meg nettup – der rett mange var møtte upp – og millom deim fleire Ting- menn enn eg hadde venta, um elles sjølvsagt ingen av dei førande; for meg tala Halvdan Koht (og seinare utpaa Kvelden Torkell Mauland), og for Hulda H. E. Berner. Sjølv svara eg med ei Utgreiding av "Fedraheims"-Soga, der eg gav rette Mannen, Rasmus Steinsvik, øra; eg fekk òg sagt nokre Ord um det som eg held for Bon- depolitik no, og som eg tenkjer er Hovudvilkaare for ei norsk Framtid. Fleire gilde Karar raaka eg der ut-etter Kvelden, – mill. a. H. E. Berner, som held godt ut, um elles Aari no tek til aa tyngje. – "Kjøkemeister" i Lage var Kapt. Os, som eg raaka for fysste Gong; han greidde det Embætte godt (er av ei gamall Kjøkemeister-øtt, som han fortalde meg, og hadde i Arv etter deim ymse gamle Helsingsformer, Talar og Songar (Halvsalmar), som han nytta godt, med ikkje lite Bergenshumor). Lage var elles i det heile mykje mindre norskt enn dei Møti eg hugsar fraa Oslo Gilde: der var t. D. knapt ein Bygdebunad aa sjaa, og ikkje altfor mykje norsk Tale aa høyre; nokon norsk Framgang kann "Norges Hovedstad" ikkje rose seg av i dei seinste Aari, etter den Tokken eg der fekk. Hulda (som enno ikkje er fullsterk, men vaaga seg til Byen likevel, og klara det rett godt), – ho og eg vart verande der inne til i Dag; greidde so vaare ørend og kom heim att til "Middag" (Kl. 1/2 5) – baae tvo trøytte. Eg, Skam aa segja, ikkje minst; det fær vera til i Morgo med Svar paa Brev- og Telegram-Helsingar. Attaat Trøytleiken kjem òg denne Kjensla av, at det i k k j e er sterke eller store Tider no; i alle Fall kjennest det for meg som der ikkje er mykje aa tru paa. Men det besnar vel, naar Ti- derne vert betre, – um dei vert betre daa. Ikkje ein av dei norske Statsraadarne eller Statsraads- emni. møtte upp, i dette einaste norske Gilde som er halde i Oslo paa mange Aar no; alle ihop hadde dei so mykje anna aa gjera som var vigti- gare. Naah; me fær tru, som sagt, – at Tiderne vert betre. – Igaar hadde eg med meg til Byen (Prente- verke) Korrekturen paa 1ste Songen av Odys- sevskvæde; no er eg endeleg komen so langt. Men um Arbeide kann bli ferdugt fyrr til Hau- sten, – og um det vert noko av det med Stats- hjelp og rimeleg Pris, – det veit kannhende Gudarne.

5. 2. 18. Hev havt ei av mine vanlege Urider – "Mat- Rædsle" med Kraftløyse – og er sett ille tilbake med Arbeide mitt; i Fyregaar kunde eg ikkje koma med paa Løvlandsfesten heller. No tek det til aa koma seg: men aa koma etter med Arbei- de . . . Eg fær fuske med Homer. No maa eg greie Mauland. – I Verdi saag det ut til aa ljosne her ein Dag: den tyske Arbeidaren reiste seg, med Krav av same Slage som dei den russiske freistar gjenomføre. Og Tysken kan rekne: naar han reiste seg no, var det av di han saag, at no kunde det nytte. Men det viser seg, at han ingen rett Reknemeister hev vore likevel; Reisningi skal vera noko-so-nær døyvd alt, – um ein daa elles i desse Tider kann tru noko av det som kjem i Bladi um slike Emne. Men Fredskravi veks. Wilson meiner han skal (saman med dei europæiske Vestmagterne) kunna skapa forsvarleg Fred i dette Aarstale; Lord Lansdowne krev Fred snart – ved Koali- sjon av a l l e Magterne og paa Grunnlag av Sjølv- styreretten for alle Folk –, men med sterke Avslag i Territorialkravi (ei Semje som "ikkje g r o v t krenkjar Rettferd og Fridom"; det er ein Talemaate som kann tyde nettupp so lite som ein vil leggia i 'n). Og Lansdowne og Lloyd George plar vera i Samanheng. Einaste Voni skulde liggje i, at det fraa tysk Sida au no læt seg skrive um "Tysklands Opstandelse til Fred og Frihed fra Krigens Rædsler og trykkende Forhold" som eit aalment Ynskje. Men Inkje er aa tru. Berre eitt er visst; heile Europa ligg for lenge sidan i Lómma aat Penge- jøden.

2. 18. Bolsjevikarne – eller kva dei kallar seg – hev nok endeleg gjort fraa seg i Russland no. Og vel er det; dei er Revolusjonistar og Blod- tapparar som berre kann gjera Ugagn. No ligg snart heile Russland paa Kne for Prøyssarmatado- ren og bed um "Orden" Fanden i Vald med Rett; lat oss faa so mykje Urett det skal vera; berre me fær Orden, so me veit, kva me hev aa halde oss til! Og til Slutt sk"nar ein det. Til Slutt kann Menneskje greie alt, so nær som endelaus Uor- den. Og i Prøyssen er der Ordensmagter nok, fraa Wilhelm ned-yvi til den minste Konstabel; leve Prøyssen med sitt Politi! Russland rapar meir og meir ihop; Frankrike og England deklarnerar og proklamerar og stend der; Amerika proklamerar og deklarnerar og "kjem um eit Aar"; berre ei Magt er her i Verdi som vinn noko, kann noko: Prøyssen. Heile Verdi er prøyssisk – i Overmorgo eller ein av Dagarne. Snart stend Prøyssarhéren i Petrograd; so er Wilhelm baade Kaiser og Tsar; alt anna er Skodde og Skuggar. For det fysste vert det vel Prøyssen og Japan, som skifter denne vesle Kloten imillom seg? Me Smaafolk kann "taka Teneste i Kongsgarden" kva Dag me vil; Rett utan Magt er eit Sverd utan Neve. Orden! Ned med Rett og Talemaatar og Tøv og lat oss faa Orden!

27. 2. 18. Det hev teke til aa røre seg so smaatt inn i Prenteverke att; i Dag sende eg 2dre Korr. paa 3die Arke (til IV, 389). Og no kann eg snart – med Hjelp av Tuften – sende inn betre Mskr., so det kann bli noko mindre ravgali Set- jing. (Elles tenar dei Socialdemokratarne so villt no paa Korrektur-retting, at dei vel sét so gale som dei berre kann. So ser det ut daa; for fyrr greidde dei Landsmaale mykje betre!) – Fraa Sven Lønborg Brev; han driv med hellensk Gransking no: fraa Sokratestidi ("en bok om Sokrates, en motsvarighet i behandlingssøttet til Jesu från Nazara"; og i den tidi "fins ju alla våra problem i mycket klarare och enklare for- mer"). Ei grei Framstelling av dette vil vera serskilt forvitneleg. Men – naa-ja; den "histo- riske Framgangen": for 2300 Aar sidan hev Verdi dryft – og ikkje løyst – dei Spursmaali me dryfter – og løyser??? – no; det heile er vel berre eit Spel til Moro for historiske Granskarar? – Han slær elles paa, at etter Homer burde eg freiste med noko dramatisk fraa Aten-tidi (Evri- pides); det hadde eg nok Inkje imot. Men kor mykje meir eg rekk –? Eit Spursmaal som elles paa nvtt dukkar upp att for meg er det: um det kunde bli Tale um aa faa "Jesu från Nazara" ut paa Norskt; vanskelegt vart det vel. – Vestmagterne er rett djerve mot Tysken i Ord; elles synes alt staa stilt; d. v. s. me fær vel snart ein liten hyggjeleg Borgarkrig millom Asquith og Lloyd George, so til eit Umbyte. – Eg hev havt ei av Uriderne mine att; duger til Ingenting enno. Men no tenkjer eg snart det kjem seg.

10. 3. 18. Kaldt, friskt, klaart, blankt; fin, ægte Marts; det skulde berre vera gildt aa vera til i slike Tider. Men alt er utrygt; og ein kann ikkje koma til Ro, um ein aldri so mykje "gjev alt Fanden i Vald". Verdi vert vel prøyssisk. Men um ho mot all Utrekning endaa skulde sleppe – med aa bli amerikansk – eller japansk? So lenge det ikkje er avgjort, veit ein ikkje "kva Side ein skal leggje seg paa". Meir og meir glad maa eg vera for, at eg daa hev Homer; naar han fær Tak paa meg, kjem eg heilt burt fraa baade Spursmaal og Preusserthum. Elles er Rettsdemokratarne etter meg no um Dagen: eg skal skipa eit rettsdemokratiskt Lag i Norig, so at "S k a n d i n a v i a" kann vende seg til Europa med den rettsdemokratiske Fredstryg- dings- – eller den fredstryggjande rettsdemokra- tiske – Tanken. Det gjorde eg gjerne. Men 1) er Nordmennerne ikkje med; "Rettsdemokrati: kva er det for Slag?" – og 2) kann eg mindre og mindre med Lag og Lagskiping, vert meir og meir aaleine, hev mindre og mindre Barnetru . . . Einaste Raadi eg visste var aa vende meg til ein meir politisk Mann; men han gjer kje so mykje som svarar. Ikkje heime, veit eg. Kva skal eg so finne paa? – Lyt vel til Byen og sjaa, um eg der kann faa Tak paa einkvar. – Her paa Labraaten lid det til stor Revolu- sjon: me skal ha Bryllaup. Og Schjøtts skal burt; og der dei bur skal "unge Garborgs" flytja inn; "gamle Garborgs" vert daa aaleine. Naa-ja; me fær sjaa aa finne oss til rettes i det; men for meg vert det ulaglegt at Schjøtt kjem so langt av Leid. Dessutan kann han i det heile ikkje vera so mykje med som han hev vore; den "grøne Staren" i Augo hans tek til lìvne paa att, dessverre; huff!

21. 3. 18. I Byen fekk eg Tak paa Myrvang; og han lika Tanken og var meg til god Hjelp; dertil fekk eg Adressa til Formannen (Ingeniør Lyng) og skreiv til honom (det vart ikkje Tid fil aa finne 'n i Byen); han hev òg hjelpt godt til. Og det retts- demokratiske Møte kom istand igaar, og gjekk godt. Dei førande Georgistarne i Byen møtte upp, og alle – so nær som Wielgolaski – gjekk med paa Tanken, meir og mindre heilt, og med meir og mindre Mod. Alle (~W – ski) var like eins med paa, at me ikkje burde skipa noko ser- skilt Lag, men vera den "rettsdemokratiske Gruppe" i Grunnskyldlage. Til (skandinavisk Forhandlings-)Nemnd vart Myrvang, Overlærar Møller og eg (dessverre) valde (og Advokat Sol- nørdal vil hjelpa til, men er so yverlesst med Arbeid – og ikkje noko frisk –, at han kunde ikkje gaa heilt inn i Nemndi). Denne Nemndi skal dryfte Programe; Møte, der Svar til dei Svenske og Danske skal bli sett upp, vert halde straks yver Paaske. Idag hev eg skrive til N. av Ekenstam um dette; det klarar seg, fær eg tru. – Aagot Nyvold og Foreldri hennar kom til Byen i Dag, trass i Skodda; um eit Par Dagar vert det Bryllaup daa, og "ny Tid" tek til paa Labraaten. Men i Huse sitt (paa Stabekk hev dei kaupt eit) kann ikkje Schjøttfolket faa flytja inn fyrr ut-ikring 20de April, so for det fysste vert det ei "Overgangstid"; dei unge bur i vaart Hus so lenge (dei nede og me "ovanpaa"). Hulda dreg elles upp til det nye Huse sitt (det gamle paa Vangen) i Straalsjøaasen, 3/4 Time fraa Kol- botnen – so snart ho kann; og eg – naa-ja; Homer vil vel ikkje kunne hindre meg fraa aa flytja til Knudaheidbakken, naar det lid paa. – Elles vert eg sitjande her enno eit Bìl, – til burtimot Jonsok visst – Sette Songen legg eg i Posten i Morgo.

24. 3. 18. Igaar var det bryllaup i Huse. Med so mange Gjester som her var Rom til, og Gjester av alle Slag: fraa Kunstnarar til Kontorfolk; Skaanes repræsentera Handverkstande. Dei eg mest lagde Merke til var Nyvoldfolke; det er heilt igjenom godt Folk. Og "Mandalitar" – jamvel i øtt med Holmelands-(Jaabæk-)folke, um dei talar norsk-dansk utan den minste Mandalstone. Tuften hev all Grunn til aa vera nøgd baade med Kona si og Folke hennar; og me "Gamle" er ikkje mindre fornøgde, skulde eg tru. Det vesle Huse vaart er endeleg i full Orden. – I dag hev det norske Samlage 50-Aars- fest. Eg hadde tenkt aa vera med der, men kjenner meg for trøytt; m a a dertil faa fraa meg noko Brevskriving og Korrekturlesing, so eg kann Venen vår, snikkar Joh. E. Skaanes frå Levanger, som i tjuge år og meir hev vore fast hjelpesmann i alt praktisk arbeid på Kolbotn, Labråten og Vangen. klemme paa med Song VII i Morgo med all den Krafti eg eig; til Samlage fær me daa berre telegrafere. – Det Festhefte av "Syn og Segn" som kom i Dag, sét meg elles ikkje i noko serlegt Fest- lag; tenk: so mykje Slurvemaal i eit Festhefte etter 50 Aars Arbeid! – "Hans Andlìt"; "hans Augo"; "Draumens Sorgglans"; "hans Person- legheits (!!) uttrykk" o. s. b.; o. s. b. – Meir og meir lyt eg sjaa aa koma til Lags med den Tanken at me vinn aldri so langt som til Norskt; det høgste me vinn vert daa aa faa bytt um Norsk-danskt med Dansk-norskt. Og um me vinn so mykje?? – Me hev havt ei Dansketid og kann faa ei Tysketid . . .

30. 3. 18. Hosten vart so strid igaar Natt – og Halsen hev i det heile synst vera so vidt i Ustand, – at i Dag gjekk eg likso godt upp til Borgen – den nye Dokteren her, som skal vera Specialist i Halsspursmaal – og vilde høyre korleis det i Grunnen var med meg. Dokteren – som viste seg aa vera ein vìtug og grei Kar (Nordlending) – granska meg væl (Bryste, Halsen, Nasegan- garne) og kunde sistpaa fortelja, at alt er i god Stand, – so nær som Nasen; eg hev Nase- katarrh! – Aa "kurere" den Ugreia vilde taka so mykje – og so lang – Tid, at for meg i mine Aar og mine Arbeidskaar vart det det einaste rimelege aa berre halde Sjukdomen i Age, so han ikkje vart for brysam; og Hovudraadi var: Luft; vera ute alt det eg kunde. Ja, ja. Som eg sa Dokteren, og som han for- stod: Arbeidet t v i n g a r meg til aa sitja for mykje inne. Men eg fær tvinge meg til aa vera ute alt det eg kann; og so fær det gaa so lenge det greier seg. Det eg er glad for er, at Halsen klarar det betre enn eg hadde tenkt; eg tok til aa ræddast for, at den kunde kverke meg fyrr eg vardest. – Noko med det verste ved slike Halvsjuk- domar – "Fillesjukdomar" – er, at dei øyde- legg Humøre; eg er so gretten no um Dagen, at det vilde vera Skam aa fortelja det. Eg veit, at det er Sjukdomen, og sparkar imot det beste eg kann; men eg er langtifraa "meg sjølv", og vinn meg visst ikkje upp att, fyrr det vert Sumar. – I Ettermiddag gjekk Schjøtt igjenom 24de Songen av Odyssevskvæde – Umsetnads-"Klad- den" – med meg; det eg no hev att er daa "Reinskrifti" (dvs. siste Gjenomarbeidingi og ende- lege Formingi) av dei siste 18 Songarne. Det vert ein strid Bask, attaat all Korrekturen; eg vert ferdug med Song VII no i Paaskehelgi. Fraa Ting eller Departement er Inkje aa høyre. – Krigshelvite brenn, villare enn villt, verre enn nokon Gong. Vestmagterne "held seg"; men Tysken er sterkast; og ingen veit, um det vert so svært mykje anna enn store Ord med Ame- rika. Igaar gjekk det eit Ord gjenom alle Tele- fonar, at Franskmennerne skulde ha vunne eit veldigt, kannhende heilt-upp avgjerande Slag; i Dag viser det seg, at det var noko-so-nær ingen- ting; ei god Tid for Draumar og Gysjur er det som no tek til. Men det som det gjeld um er aa vera budd paa aa taka det som kjem. Det fysste me hev aa vente er veksande Hunger.

Haugesund 13. 4. 18. Kjære dig! Inat Kl. 2 kom eg hit. Og naa sitter jeg i en velsignet rolig Stue og har Ferie – til imorgen. Dei fire Kveldane i Bergen var eg i Elden til Midnatt og vel so det, trass i Krim og det som dermed fylgjer. Men Ervingane var flinke, friske og gilde, og eg raaka mange gamle Vener. Dei gav meg og ei Mengd med Pengar – 200 Kr. og fritt Hotelvivre. Jeg faar trøste mig med, at jeg før har havt Høve til aa hjelpe dei utan større Betaling. Jeg har foreslaat for dem at be- gynde med nogen historiske Kvelder, f. Ex. en Islands-Kveld med Sagalesning, Dans til islandsk Vise og et Par Tablaaer. Saa en Færøkveld, en Norgeskveld, en Hellaskveld (bl. a. med Oples- ning av Vinjes Overs. av Byrons "Hellas", og Stykket om Sokrates' Død paa Landsmaal efter Lønborgs udmærkede Bog for "Samskolan"), o. s. b. Likesaa literære Kvelder med én Forfatter hver Gang og, sidst men ikke mindst B a r n e- k v e l d e r. Der drives altfor uendelig og evig med Foredrag og Foredrag og ikke noe andet i alle Lagene. Ervingerne var tilsyneladende opglødd for disse Tankene og sa de vilde koste paa en Del for at realisere dem. Me fær daa sjaa. Alvisst hev eg lova aa vera der ein Kveld att paa Heimtur. Eg trur du vilde gle deg over Dansen deira; naa be- gynder det at bli en fast Grund i Sangdansen her – en norsk Grund. For det er som jeg har haabet, blit til det, at vi naa danser paa v a a r Maate. Altsaa en Færødans i Utvikling. Hos Rustis, d. v. s. hos Frida i Urdi, var jeg et Par Gange (han ligg paa Sjukehus, veit du). – Jeg saa paa hans to Billeder av dig – interes- sante Arbeider, men saa rent u-Rustisk Male- maate. Næsten brutalt. Han siger, at slik malte han i Ungdommen. Fridas Billede av dig som ligner udmærket, men er lidt ufriskt i Farven, rent motsat af Ru- stis, det er i disse Dage kjøpt af Ervingen, og naar jeg nu kommer tilbake skal du hænge i "Gimle" – ja huf, Ervingens prægtige Sal heter saa – og se paa os. Det glæder jeg mig til, for godt er Billedet paa Sæt og Vis. Særlig er Blikket truffet paa en Prik, naar du anstrenger dig for at være utenom dig sjølv et Øieblik, m. a. O. naar du er oppesen og opmerksom, f. Ex. i Samtale. Rusti har derimot tat dine Øine, naar de holder paa at springe fulde af Taarer og "Sor- gine dine er tunge som Bly". – Nu haaber jeg at du har faat Flagget fra Vestmennerne; det var ei gild Gaave, som jeg ogsaa glæder mig til. Det er det vakreste Flag i Verden – – – Ja nei, ja nei – nu m a a jeg arbeide – Fik Kort fra Tuften ogsaa idag; du faar hilse dem alle og si tak for alt, og saa faar du og de leve herligt og i Glede til jeg kommer igjen. Nils Sund mødte mig paa Bryggen inat; han ber mig hilse. Godt Veir og Helsa bedre efterhvert. Helsing fraa Gamla di. "Kortet" var fra Selma Lagerløf om "Norsk Klædebunad", som hun synes er "vacker och interessant".

Bergen 12. 4. 18. Hr. Arne Garborg, Hvalstad. Til Fødedagen Dykkar, 25de Januar iaar, var Vestmannalaget og Bondeungdomslaget i Bergen meinte paa senda Dykk eit norskt Flag. Diverre vart det Uraad faa det ferdugt til Da- gen, so no kjem me post festum. Det raude og gule krossflagge. Likevel vil me beda Dykk gjera so vel aa taka imot det Flaget, som me no sender Dykk med vyrdsam Helsing og Takk fraa Vestmannalaget og Bondeungdomslaget i Bergen. I Høgvyrdnad C. B. Bugge, Eirik Hirth, Formann i Vestmannalaget. Formann i Bondeungdoms- laget i Bergen.

16. 4. 18. Brev fraa Hulda, som den 13de var i Hauge- sund og i Dag fér til Stavanger. Derifraa ei Snøggferd sør-yvi, og so til Bjørgvin att, – endaa ein Dag hjaa "Ervingarne". Helsa i Framgang. Ho hev havt det gildt i Ervinglage. Og nokre gode Raader ho gav deim til Slutt um Arbeids- maaten: noko meir Umbyte ("historiske Kveldar", t. D. ein Islands-, ein Færøy-, ein Norigs-, ein Hellas-Kveld, o. dl.; dertil "literære Kveldar" – med ein Forfattar kvar Gong –, og ikkje minst Barnekveldar – endeleg kjem den Tanken upp, at Baani maa med! –) lika Ervingarne og lova aa freiste; gjev det vart noko av. Med Songdan- sen gjeng det godt der burte: "det begynder at bli en fast Grund i Dansen her, – en norsk Grund; det er, som jeg haabet, blit til det, at vi danser paa v o r Maate". I Urdi var ho, og paa Sjukehuse hjaa Rusti; han saag ikkje godt ut (det er Nyre-ugreiur, som i hans Alder ikkje er greie). Men han er uppe no og ute litt kvar Dag; snart skal han heim att. Han hev teke til att med Maalemaaten fraa sine unge Aar; ein meir djerv, "næsten brutal"; eit Framstig, vel? – Men so er det Spursmaale um Arbeidskrafti. I Bergen straalande VÍr som her; i Haugesund (og vel lenger søretter) "Sol, men sur Vind". – Fraa andre Kantar høyrer eg, at Jærbuen snart er ferdug med Vaarvinna alt. – Igaarkveld nytt Rettsstat-møte. Færre møtte, og det var meir Tvil og Tvihug enn sist; men Overlærar Møller, "Sekretæren", var god; og Enden vart, at me samla oss (noko-so-nær) um "det centrale" i Programe, og eg fekk Fullmagt til aa skrive til Sverig, at me vil vera med. I Ordskifte kom det upp, at der er mykje uklaart og uheilt hjaa dei fleste av jamvel desse beste Georgeistarne vaare. Og inst inne kjende eg med meg sjølv – som so ofte eller vel i Grunnen alltid og det langt-ifraa berre i seinare Tid –, at i Grunnen er eg gamall: trur ikkje. Hev berre meir og mindre Voner. Og kjenner at eg maa hava noko aa arbeide med, um eg skal halde ut dette "Live". Og det eg kann segja og trur er, at det vesle ein kann gjera vil alltid vera til Gagn eller Framhjelp for ein og annan, iminsto paa eit og anna Framgangs-stig. Men Verdi i det heile, – den gjeng si skeive Gonge, um det so kjem den eine Idealisten, ja Storingen, gildare enn den andre; i Verdi styrer Riksstellaren, Spe- kulanten, Militaristen; og dei Folk hev kje Bruk for Idear utan no og daa til Taleprydnad. Berre for det vesle Faatale av fødde Idealistar hev Tan- kar o. s. fr. noko Livsverde. Og so kann det alltid – Herregud! – falle av ein liten Smule her og der, som kann bli til eit Grand Framhjelp for Mugen – so i mindre Ting. Men um alle Stormenner og Stortankar kann frelse – t. D. no Europakulturen fraa aa gaa til Havs... – Ufreden rasar like vitlaust; og vinn gjer vel no som alltid den digraste Brutaliteten. Men dei store, fagre Tankarne, Synerne o. s. fr., – dei hev eit Verde likevel; gjer Live lìvande for Idealistar og Drøymarar. – Den danske Severin Christensen er mykje til Arbeidskraft: driv paa med Rettsstaten og "Retsstaten" og med Filosofi attpaa, serleg Etik; siste Boki hans heiter "Indad". Den er tidhøve- leg heilt og fullt: gjeng ut fraa det me no endaa ein Gong er komne etter: at me inkje veit, og brøyter Rom for "Livsanskuelser": Etik og Reli- gion ("Vurderingsfilosofi" jamsides "objektiv Vit- skap"; Rasmus Nielsens "Tro og Viden" paa ein ny – og enno betre – Maate). Det er ei god Bok, og i fleire Maatar forvitneleg; sjølv vitskap- leg opnar ho Vegar og legg Grunnar for den Nyromantiken som alt hev Magti – "i denne kulturfiendske Tid". Det kunde vera Moro aa skrive um ho; men Stunder . . . – Me skal faa eit skandinaviskt Literatur-tid- skrift no; Redaktøren for Noreg er ein for meg ny Mann: Ronald Fangen. No bed han meg skrive um den nynorske (Landsmaals-)literaturen. Det burde eg vel svara ja til; men – Stunder. . . . Og dessutan: eg hev fylgt for lite med. Og med for lite Interesse; kor det kann ha seg. Det er vel det gamle: liksom "Sønerne" sjeldan bryr seg um "Fedrarne", men heller søkjer lenger til- bake, soleis finn "Fedrarne" mindre hjaa "Sø- nerne", men set heller sine Voner lenger fram. Dertil hev eg med Aari vorte meir og meir lite- raturtrøytt. Herregud; dette her at kvar øtt maa skrive – i Hovudsaki – det same upp att, kvar paa sitt Maal . . . det maa sjølvsagt so vera; men – naah. Forfattarar burde aldri bli meir enn 50 Aar gamle. Av same forfattaren er på "Bokförlaget Natur och Kultur" i Stockholm utkome eit forvitnelegt verk med tittelen "Ett Kungarike för en Livsåskådning." (1926). H. G. 23. 4. 18. Stort Umskifte paa Labraaten att: Schjøtt-Folke, som me helst hadde tenkt skulde slaa seg til Ro her for godt – det same hadde dei nok sjølv tenkt –, hev flutt ifraa Labraaten – til det vesle Huse (med 3 Maal Jord) som dei hev kaupt seg paa Stabekk. Det vert ein stor Saknad, ikkje minst for meg – og for Odyssevs. Men Ungdomen veks til og krev større Rom, og det gjeng daa som vanlegt ut yvi oss gamle. Dei unge hev alt flutt inn i det tømde Huse, – so halvt daa. For fullt Innbu hev dei ikkje enno. Men det lempar seg nok til Rettes snart; og so sìt me "gamle" etter her – aaleine, som gamle skal sitja. Verst vert det daa ikkje like- vel; det er berre som paa ein god Austlandsgard: tvert-yver Tune millom dei tvo øttlekkarne. Klaga skal me daa ikkje. – Hulda held 2dre (og siste) Foredrage i Flekkefjord i Kveld; ho hev daa berre att eit i Eikersund og eit i Stavanger – og so ein Danse- dag i Bergen –; so kjem ho heimatt – til "tomt Hus", – korleis no det vil smaka. Men so er det ikkje so lenge, fyrr ho skal til Vangen – upp i Straalsjø-aasen; og so jamnar det seg etter- kvart. Med Helsa er det no so langt paa Fram- veg, at det visst er trygt.

29. 4. 18. Endaa meir Umskifte. Tuften er flutt heilt ut or "Fedrahuse"; Hulda og eg er dermed "de ensomme gamle". Ja-ja; det gjeng so; men dei einslege gamle fær trøyste seg med, at det er kje langt tvert-yvi Tune. – Lærar Lødøen driv med ei Lesebok og skal ha ein Biografi; eg svara at den fekk han skrive sjølv og lata meg rette 'n; det er no fraa baae Sidur gjort. Men ein Biografi paa 1/2 Side . . . – No skriv han elles og undrast paa, um han skal taka med noko um det Samfundssyne eg hev vunne meg fram til; det fær eg daa i Tilfelle sjølv skrive, for Greie paa meg hev Mannen ikkje.

2. 5. 18. Hulda kom att i Gaarkveld. Er i alle Maatar væl nøgd med Ferdi. VÍre var godt (paa Jæren so storfint, at ho fekk Hug til aa gaa i Sjøen, daa ho fór framum Ogna), og Folk snilde og greie all Stad. Tent rett godt hev ho òg. Men det var rart aa koma heim no, daa Tuften er utflutt. Huse er so tomt! – Brev fraa Johan Pedersen. Han finn, at det er meiningslaust aa sitja og laga Literatur no; det gjeld aa faa Skikk paa Samfunde, og han vil ha meg med paa Samstyre-Arbeide. Ja. Eg var nok gjerne med. Men eg kjenner meir og meir, at eg "vert gamall". Det hev alltid vore eit Mindretal, som vilde frelse Verdi. Men Verdi bryr seg ikkje um aa bli frelst. Dyre homo sapiens skìl seg i tri Slag: eit lite Faatal, Idealistarne; dei kjem aldri lenger enn til aa skapa Sekter; eit større Mindretal, "Herrenaturarne"; dei hev no skilt seg i tvo: politiske og økonomiske Herrar (og Strævarar); og so Fleirtale, den store Mengdi, som dyrkar og fylgjer – eller bannar og bøygjer seg for – Her- rarne og i baae Fall berre hev e i n Tanke: greie seg ("Mat og Moro", panis et circenses) og kann- hende – hjaa eit noko lenger kome Faatal – På nokre fyredrag som Stavanger forelæsningsfor- ening ordna med. H. G. e i n Draum: aa vinne seg upp millom Herrarne (eller for det fysste upp i den høgre Tenar- klassa). Naar me Idealistar i Ungdoms (og rett ofte Manndoms) Aar vil frelse denne Verdi, og trur at det kann lata seg gjera, so kjem det av, at me ikkje kjenner eller vil kjenne ho, men diktar ho um og lìver paa ei sjølvskapt Tru: at Verdi i det heile er idealistisk, i Grunnen daa. Søme av oss magtar aa halde uppe den Trui, um me so vert gamle. Og eg hadde visst – med all min Tvile- sjuke – greidt det. Men Krigen kom. Og heldt paa Aar etter Aar. Og tvinga meg til Gong paa Gong, og meir og meir strengt, aa revidere Idealist-Rekneskapen min. No sìt eg her so gjenom-eten av Tvil og Vantru, at Arbeidskrafti er um Lag upptærd. Livet er "Wille zur Macht". Vinn Tyskland, so vert Verdi halvtysk – med no og daa ein Upp- reist som druknar i Blod –; vinn Vestmagterne, so finn Prøyssen seg i dette, til dess det hev laga seg endaa fleire Mordmaskinar (paa Føter og paa Hjul); daa tek Magtstriden og Maskinslagtingi til att. Og held paa, til dess den europæiske Soga er til Endes. I alle Tilfelle: Vernetvangen, Militarismen, vil halde seg og meir og meir vekse; d. e.: Herre- magti veks. No og daa skriv Bladi um Uppreist- Voner i baade Prøyssen og Austerrike; med deim vil det gaa som med den veldige Folkereising i Russland – variatis variandis. Alle Kulturar naar so høgt at del vert sjuke, dvs. at det sjølvmotseg- jande i all politisk og social Rangskipnad stig heilt og fullt fram; daa vil det gjerne vera ein og annan Lækjar som ser og sk"nar Sjukdomen og finn ut – meir eller mindre fullkome – dei Raaderne som kunde hjelpe, um dei vart nytta i rett Tid; men Samfundsheilen er for seintenkt og Samfundsviljen for sjølvstridig til at rette Tidi kann bli nytta, og so døyr den sjuke Kulturen. Alt Henry George skyna, at so vilde det – vel helst – gaa. Og no, med Ufreden 1914– 18, er Baneriderne tekne til; den veike Voni mi sloknar meir og meir av i den veksande Vissa, at Sjukingen i k k j e greier det. Og um daa Ar- beidsviljen kunde vera god nok, – det minkar og minkar med Arbeidskrafti; eller rettare: eg finn meir Grunn til aa spotte denne Tosken til Sjuking enn til aa preike um dei Raaderne han mindre og mindre kann faa noko Hjelp av.

6. 5. 18. Herleg, straalande, solblank Vaar; for det meste so stilt, at ikkje ei Lauvblokke rører seg; so vidt kjøle (naar ikkje Soli stend paa), at det ikkje vert for mykje Uty, – ein kann ikkje ynskje seg det likare. Um det daa elles ikkje vert alt- for turt snart. Dei Unge driv paa i Hagen av all Magt og er langt komne. Me gamle sìt inne kvar med sitt. I Dag kann eg endeleg sende 9de Songen; og Prentingi, som lenge stod still ("Setjaren vart sjuk"), hev so smaatt teke til att. – Fraa Johan Pedersen Brev; han hev arbeidt seg igjenom tvo-tri av Bøkerne mine og finn eit og anna der, men vil "opfordre" meg til "at op- høre med Bogmageriet", um eg elles "vil Men- neskene godt". For det ein soleis skriv (naar det elles er "godt"), vert ikkje anna enn "hellige Bøger", som kvar Lesar – serleg naar Forfattaren er gamall eller daud – lempar til rettes etter sitt Hovud og nyttar til Hjelp for sine eigne Mei- ningar (Ynskje), um Forfattaren aldri so mykje hev vilja og meint noko reint anna. "Min skumle Hensigt er", slutter han, "at lokke Dem til paany at tage aktivt og personlig Del i Arbeidet i D.(et) u.(niverselle) S.(amstyre)"; "Høsten er stor og Arbeiderne faa, og vi kan ikke undvære Dem længere." Ein Mann med mykje godt, men og med mykje rart i Hovude sitt. Det han skriv um Bøker er rett nok; men eg er meir og meir komen etter, at ein kann segja det same um det "personlege Arbeide" med; det fører ingen Veg, kor "helligt" det kann vera. Ein kan taka personlege Sannin- gar – som dei Jesus forkynte; dei vert um- stelte, so Prestarne kann byggje seg ei Kyrkje paa deim – eller Samfundstankar – som dei fraa Revolusjonstidi – som Storborgarne hev stelt um og bygt sitt Bourgeois-samfund paa –; prak- tiskt Arbeid og Tanke-(Diktings-)arbeid fører like langt: lærer Folk aa tenkje noko gløggare (so dei kann faa vride seg undan dei nye moralske eller sociale Kravi) og hev elles lite aa segja, utan for dei som lìver for deim (Meistrarne og deira større eller mindre Faatal av Sveinar). Johan Pedersen fær ikkje sin politiske – eller George sin social- økonomiske Tanke gjenomførd, fyrr dei Magt- havande hev funne ein "Gjenomførings"-maate som læt d e i m vinne – eller daa ikkje tapa – ved den nye Skipnaden. Det "løner" nok endaa Umaken aa arbeide for gode nye Tankar; ein "vert driven" til det og kjenner seg glad i sjølve Arbeide; og eitkvart godt vil gjerne fylgje med, um "Gjenomføringi" sistpaa vert nokso skral. Men paa dilik Maate er det med den literære "Arbeidaren"; han "hev si Glede i Arbeide" og hjelper alltid ein og annan til aa sjaa n o k o djupare eller vidare og tenkje n o k o meir klaart. Det som gjer, at eg ikkje vert nokon god Ar- beidar etter J. P.s Uppskrift, – det er berre den Ting at eg er ein meir literær enn praktisk Natur. – Me hadde nokre Gjester igaar, millom deim Fernanda (Holst og seinare) Nissen og Son hen- nar, Helge Holst. Sistnemnde hev vore eit Par Aar i Siberia (ved eit norskt Handelshus der) og vil dit upp att so snart han kann; som andre Euro- pæarar hadde han lote røme for Bolsjevikarne. Han hadde mangt aa fortelja, mill. a. den (u-) hyggjelege Ting, at det er Lygn det meste av det Bladi fortél um bolsjevikisk Villskap i Krigsførsla (det er Motstandarar som fyller Bladi med Ten- denslygner). – Det nyaste Krigskapitle er vel so blod- fløymt som dei fyrre; men Prøyssaren hev ikkje vunne so langt som han vilde no heller; Vest- magterne er ved godt Mod, og den vesle ameri- kanske Styrken som enno er komen med i Stri- den lovar godt; der er daa kannhende Von enno, – so for denne Gongen. Men dei som taper no, Midmagter eller Vestmagter, – dei kjem att sidan, veit eg. Einaste Voni kunde vera, at Austerrike gjeng upp i dei skrale Limingarne sine (som det meir og meir skal sjaa ut til); den germanske Magti vart daa ikkje større enn at ho vel paa rimeleg Maate lét seg halde i Schack. Men aa tenkje fram i desse Spursmaali vil enno lenge vera faa- fengt.

13. 5. 18. Igaar var Ivar Mortensson (med Kona og eldste Sonen her); det er ein Mann eg svært lite hev baade set og høyrt fraa i mange Aar no (fraa den Tidi han vart gift). Og noko Samarbeid oss imillom hev det kje vore sidan "Fedraheims"- dagarne (naar eg reknar ifraa, at eg sette um, eit Par Dikt til Edda - Umsetnaden hans – for lange Tider sidan). Prestesoga hans er alt rett lang; med ikkje faae Kapitel: 1) Stiftskapellan i Hamar; 2) Prest i Telemarki; 3) Stiftskapellan i Xania Stift; 4) Sokneprest til Løten ("Løyten"). No hev han – med Hjelp av den næstsiste Hamarbispen (som vart glad i denne sermerkte – og paa eit Par Kantar lærde – Prestemannen) vorte fri fraa Embætts-yrke og skal drive paa med Bibelum- setjing (for det fysste eit Par Profetar); og etter- som det no ser ut hev han Von um aa faa halde paa med dette Arbeide (jamsides Seippel). Han var glad for dette, so vidt eg kunde forstaa; han er daa og meir Diktar (og Granskar) enn Prest. Men alt er nok ikkje fullgreidt paa den nye Vegen hans heller. Det er ein Kyrkjebibel, dei skal laga; og so vil Statskyrkja – dvs. Staten som betalar – ha som eit Overtilsyn med Arbeide, ved ein Professor i Hebraisk og ein Norsk-Kun- nig. Den hebraisk Sak-kunnige er Ivar nøgd med; men so spurde han um eg i Tilfelle vilde taka det andre paa meg. Eg svara, at fraa mi Side skulde det ikkje vera noko i Vegen; gjeng daa Dep.te med paa dette (som eg ikkje trur), so kjem me endaa ein Gong i Samarbeid, me tvo Motsetnin- garne (Nord-Austlendingen og Sør-Vestlendingen, den religiøse Diktar-Granskaren og den "friten- kjande" Diktar-Tenkjaren), som endaa plar koma so godt til Lags. – Me er elles rett graae baae tvo no, – mest han, men Karen hev stelt godt med Mannen sin, so det hev gjenge godt no i mange Aar, – so godt, at no er Savalguten (eller Einabugubben, som Kjenningsnamne heretter skal vera) – ikkje heilt fri for "Prestemage"! – Men Teolog er han, og samstundes Teosof, – visst den utrulegaste Prestemannen som nokon Gong stod paa ein norsk Preikestol. – Med Vaarvinna driv me hardt paa (eg er med litegrand, eg òg, um det er aldri so knapt med Tidi); store Jordepleaakrar fær me i Aar etter Maaten, og det er daa der, eg, Bonden, hjelper til. Elles er heile Huse med no og daa, um Hulda elles – serleg i Aar – ikkje tòler mykje Arbeid av det Slage. Det er Aagot, som er beste Medhjelpi for Mannen sin; og dei tvo er so godt eit Arbeidslag at det reint ut er "Hug- nad aa sjaa". – Med Schjøtt, som no bur paa sin eigen Gard: "Villa Granholt" ved Stabæk, samarbeider eg paa Odyssevskvæde (Korrektur etc.). Det gjeng smaatt; "Fanden tage Trykkeriet!" skriv S. med altfor god Grunn; eg undrast paa, um det ikkje er Syndikalistar som regjerar der no um Dagarne. I all Fall hev Setjararne fenge "sett" igjenom ein Skipnad, so dei tener godt paa Kor- rekturarbeide; – Naar so dertil kjem større Set- jarløner i det heile og meningslaust høge Papir- prisar, so vert det berre Upplagsgrossistar som kann lìva av Bokskriving. Hadde kje Stortinge hjelpt oss so godt denne Gongen, so kann eg kje rettare skyna, enn at eg hadde lote Odyssevs liggja a d g r æ c a s c a l e n d a s, – S. er elles ikkje i Godlag, ser det ut til; siste Breve er under- skrìve "Din ulykkelige å." – kva det no helst kann vera som er i Vegen. (Augo?).

18. 5. 18. Straalande Vaar. Men i turraste Lage, – endaa nokre Regnskvetter hev me fenge. Og her um Dagen hadde me eit TorevÍr som minte meg um Jæren (i gamle Dagar); det varte elles berre ein Times Tid eller so, dessverre er det nok i tur- raste Lage yver heile Sørlande, um det elles ikkje lenger er so gale som det ei Tid saag ut. – Denne Indiamannen min, SrÓ Ananda Acharya (som vel er nemnd fyrr, daa han hev sendt meg tvo Brev), – han driv paa og sender meg Dikti sine (i Manuskript); fysst fekk eg heile Samlingi paa Engelsk, og no fær eg Smaasen- dingar av same Samlingi paa Landsmaal. Men det indisk-engelske Maale hans er vanskelegt; og han som er Landsmaals-Umsetjar for 'n hev ikkje altfor mykje Greie paa Norsk; berre Hug- nad fær eg daa nok ikkje av dette uventa Møte. Men ein merkeleg Kar er han, denne SrÓ Ananda; han ligg der uppaa "Gaurisankar-Sætra" i Vesl' Elvdal [Alvdal] enno og synest trivast der, um han aldri so mykje er fraa det gamle Sol- (og eldste Kultur-) lande. – Overlærar Møller hev til Gjenomsyn sendt meg det Stykke han hev skrìve (til eit Blad og til ei Foredragsferd) um "Retsdemokratisk For- bund" og Tankarne som det byggjer paa. Han hev arbeidt mykje med Emne og Formingi, og i all Hovudsak er Foredrage godt; men han hev masa seg trøytt, ser eg, so Formi er ikkje so grei og god som i det vesle Stykke han las upp i Møte. No hev eg etter Uppmaning sendt honom Merknader til Stykke; dei vert noko fleire enn eg hadde tenkt; men eg gjer meg den Voni at han tek det rolegt. – I Blad etter Blad les eg eit Upprop til For- svar for Riksmaale – stakkars Riksmaal! – med visst so ikr. 100 Underskrifter: Knut Hamsun, Johan Bojer, Nils og Nils Collett Vogt, Hans Aanrud (og visst fleire) og minst 90 ukjende Namn; det er ei heil Krossferd: det gjeld aa berge den heilage Gravi! – Naa-ja; Pengar og gode Ord fær dei visst nok av. Og me norske – vert verande dei Armingarne me hev vore. – I Morgo fær eg i Veg med 11te Songen; hev alt set paa Utkaste ... det vil gjeva meg Stræv nok, ser eg. Gjev eg var noko mindre trøytt og noko meir gaapaa-modig!

24. 5. 18. Igaar i Byen – Møte i Stipendienemndi. Der gjekk det rett rimelegt; det hev vorte meir Pen- gar (og fleire Legat) enn fyrr, so det vart noko – meir eller mindre til dei fleste av deim som det kunde vera noko Meining i aa gjeva. Men for Fleirtale vart det berre Heimestipend (fraa 1000 til 500 Kr.), – som rimelegt i denne Tid. – Noko stornytt var der: ein norsk Rikmann (Mohr) hev sett ut elt literært Stipend som ikkje er berre Sveltihel: Kr. 4 500,oo. Men for dei Pengarne skal Stipendiaten halde seg ute eit heilt Aar (og det er rett; kortare Ferder er der lite Meining i); men i dei Tiderne som no er komne er kr. 4 000 ikkje meir enn kr. 2 000 fyrr; so Sømen er kje so stor som han ser ut til. – Det var elles vanskelegt aa finne nokon aa innstelle til dette Stipende; innstelt vart ein Versemakar som eg ikkje veit um eg hev lese ei Line av. Og til No. 2 Hjalmar Christensen, som mill. a. no (i Tilfelle) vert ein heller aldrande Stipendiat. Dei tvo Suppleantarne (Mohr vil ha noko aa velja i) er meg like eins ukjende. – Men der er i det beile ikkje stort "uppe" i Bokheimen no – anna enn Reaksjon daa –, so eg var i Grunnen berre so halvt med i heile Møte. Og var inst inne glad for den eine Ting, at dette var siste Gongen eg var med i det "sagkyndige Udvalg". – Fraa Sverig er det kome Brev um Retts- samfundsspursmaale. Etter det er dei baade der og i Danmark nøgde med det vesle som her er gjort, so no gjeld det berre aa faa valt – eller gjeve Fullmagt til – ein (eller fleire) Med-under- skrivar(ar) til Utanlandsbreve. Eg hev bede Møller greie med aa faa Møte i Stand; vonar paa Fort- gang. – Eg kavar med Song XI – og med Gull- bosten, som veks slik som berre Ugras kann vekse. Dei er nok glupe, baade Tuften og Aagot; men um det nokon Gong kann finnast Raad mot Ugrase ... Lenge kann ikkje mi vesle Fikting heller halde paa. Altfor smaatt gjeng det med Odyssevskvæ- de; og no maa eg til med Foredrage til Høne- foss-møte – –

4. 6. 18. "Dagboki", som meir og meir vert den einaste, eg "hev aa tala med", kann ikkje faa mange Stunderne, den heller – og aldri anna enn meir og mindre trøytte Stunder –; "Tid" til slikt er det mest aldri. Og endaa fær eg kje gjort noko anna heller, vidare; Homer tek meste Tidi; og med honom gjeng det meir og meir smaatt, di meir eg fær Tak paa, kor vanskeleg han er. Andre Bøker legst det òg til stundom; soleis hev Torstein Høverstad gjort væl og sendt meg den "Norske Skulesoga" si (dvs. 1ste Bolken: "Det store Inter- regnum 1739–1827"), – eit svært Verk, som eg m a a faa lese eingong; men naar skal det bli? – Her um Dagen tok eg til med Th. Roo- sevelts Autobiografi: brydde meg ikkje stort um Roosevelt, men meinte at han maatte kunna setja meg godt inn i amerikanske Tilstand; kor langt eg rekk med den digre Boki veit eg ikkje. Og noko større Greie paa Amerika fær eg knapt; han er Patriot og hev so mange og so mykje, han skal vera snild eller daa rettvis imot. Men han sjølv ser meg ut til aa vera noko meir til Mann enn eg hev tenkt: driv ikkje med Jenki-Kyting – noko nemnande daa –, det eg enno hev sét. Ja han vedgjeng beint ut, at han ikkje er noko tipp-topp, korkje i Skule- eller Gymnastikkvegen (berre i Politiken vil han vera noko framifraa: ærleg!) og ein engelsk-amerikansk Serhaatt, som eg Nordmannen legg Merke til, synest han taka som noko reint kvardagsleg og sjølvsagt: at han fører Krig mot Astmaen sin med Gymnastikk; ein norsk Gutunge med ein slik Sjukdom hadde berre lagt seg til aa drikke seg ihel paa Medicin – eller til aa døy utan Medicin: hadde vore ein serleg gudforfylgd eller gud-naada. Eller det var Gud, som i sin urandsakelege Visdom o. s. fr.,– som Presten vilde segja. Men Jenkien med all si Kyrkjetru, han gav ikkje Gud Skuldi for denne Astmaen: gymnasticera og boksa og skaut etc.; naadde ikkje upp millom dei fysste i nokon av desse Kunsterne, men heldt paa og heldt paa – og greidde seg: klara til Slutt baade amerikansk Politikk og afrikansk Løvejagt; her kunde me hava svært godt av aa gaa i amerikansk Skule. – "Vaarvinna" mi held paa; noko-so-nær ferdug med Gullbosten – som ein aldri vert heilt ferdug med – lyt eg no til med Jordeplehyp- ping (det er sett so mykje Jordeple i Aar, at me treng "all vaar Kraft" til aa halde ."Aakrarne" istand). Men eg vert jammerleg snart trøytt; og dei austlandske Epleaakrarne aat Tuften er noko reint anna enn dei Epleaakrarne, eg kjenner heimanfraa, og som me greidde paa eit Par Dagar med ein Hyppeplog. Alderen og mange Aars Still- sitjing gjer dertil sitt; stor Hjelp er det ikkje i meg. At eg daa ikkje vert noko glad i Arbeide heller segjer seg sjølv. Og korleis eg i desse Tider skal faa i Stand Hønefoss-foredrage mitt – huttetu. – I Gaarkveld Møte i "den rettsdemokratiske Gruppe" av Grunnskyld-Lage. Overlærar Møller las upp Stykke sitt (som han no hadde fenge heilt god Form paa); og etter eit lite Ordskifte um Sidespursmaal vart det godkjent. Møller upp- lyste, at "Dagbl." hadde havt Stykke til Gjenom- syn og funne det "interessant", men for langt for eit Dagblad; det vart vedteke aa freiste "Sam- tiden " (som eg daa skriv til i Dag). – Møller vil i Sumar-fritidi halde Foredrag i Ungdoms- o. a. Lag um Saki, og Th. Myrvang vil halde Saki fram i Val-Fyredrag i Aar; soleis skal Flok- ken vaar no til med praktiskt Arbeid. Og arbeide fær ein. Men .., eg er Bonde. Høyrer "Folke" til. Og veit av Røynd, at inst inne bryr Folke seg i k k j e um praktiske Spurs- maal. Folke "vil" ein einaste Ting: vil ha "Ar- beidsfred". Politiske "Princip" o. s. fr. gjev det ein god Dag; det vil helst ha ein rimeleg Ein- valdsherre, som greidde alle desse Landsspurs- maali sjølv, so at me kunde faa samle oss heilt paa vaare eigne Fyrelogur. No veit han, at Ein- valdsherrar er lite aa stole paa; er e i n av 10 rimeleg, so vil dei n i e vera meir og mindre galne; det kann daa vera godt, at Folke fær velia Tingmenn og soleis verja seg mot den verste Herremannsgalskap. Men meir bryr det seg ikkje um: det det gjeld um er, at me kann fikte oss gjenom Verdi paa rimeleg Vis og so sidan berge oss til Himmels. Og um Lag so er det med h e i l e Folke; ikkje berre med Bonden. Det bryr seg ikkje um Statsvitskap; takkar til, at der er nokre Embætts- og andre Herremenn som vil ha dette Brye med aa setja seg inn i Statssaker og Styre. For seg sjølv krev det berre Lìvemaaten, slik han kann bli; og fær det kje den heller skikkeleg, so er her kje noko større aa gjera; det er "Vaarherre som straffar oss". Men vert Vilkaari altfor stride, so er det godt aa ha Styrarar – eit Storting t. D. –, som ein kann klaga seg for, skjella paa, og, naar det knip altfor hardt, tukte litegrand paa Valdagen, t. D. med aa gjera eit av dei gamle Faatali til Fleirtal. Men Folke veit altfor vel, at det nye Fleirtale vil snart vera likso gale som det gamle. At der er Naturlover i Samfundslive som i alt anna Tilvære, det lærer Folke kannhende aldri aa forstaa. Av Skulen sin krev det ikkje anna enn Upplæring i Pontoppidan og Skriving og Rekning og anna som kann vera kvardagsnyttigt; Kunnskap i Samfundsøkonomi, i det heile i Sam- fundsspursmaal, – slikt kann i det høgste vera for Juristar. Eller um det no og daa kann vakne ein Jaabæk eller Ueland; men han fær daa sjølv lære slikt, um han tykkjest turve det. Til Folke-Sjølvstyre er det i det heile so langt fram at "endelaust" vel er rettaste Orde. Men endaa .. – naa-ja; di fleire det kann vera som fær ein Tanke um, at her er Samfunds- "Natur" lover, og at me kann (maa) lìva etter deim, di betre maa det vera, veit eg.

9. 6. 18. Bryllaup i Garborgætti igaar; ei Brordotter gift med ein Erling Wendt fraa Bærum – ein Bank- funksjonær; fint Folk i alle Meiningar av Orde. Eg lika meg godt i Lage; sat likevel no og daa og tenkte paa, at no er heile øtti forbya og for- danska – provinsfordanska fraa inst til yst. Og den Vegen &mdash: "upp" – eller "ned"etter – gjeng det i desse Tider med Bonden meir og meir. Og endaa ... k a n n her vera Voner, liksom det, kva Dag som helst, kann vise seg, at det er von- laust; det er kje nok med, at ein ingenting veit; i Tider som desse veit ein ikkje ein, Gong kva ein fraa Dag til Dag kann vaage seg til aa tru; ein fær daa berre "lata det drive". I alle Fall: so lenge Folk hev Mod til aa gifte seg og Raad til aa halde Bryllaup, so lenge er det enno – langtifraa so ille som det kann bli.

16. 6. 18. Igaarkveld hadde D. n. Teatre si fysste Fram- syning paa Bygdøy. Og det gjekk so mykje betre enn me hadde vaaga aa vente, at me drog rett modige heim. Fysst var det VÍre; det hadde heile Dagen vore utrygt (Smaa-skurer) og saag helst ut vilja sløkkje all Friluftsteaterhug hjaa Folke. Og so var det Stykke: vilde "Friarar" vera noko for Austlendingen? Men fysst og sist: vilde Kristia- niapubliken tòla aa høyre Norskt? – I desse Dagar, daa "Aftenp" hev fenge Knut Hamsun til aa kveda upp mot "Maale", kunde ein vente altslag. Men alt jamna seg. VÍre klaarna upp; av Folk var der ikkje lite; Stykke gjekk godt, og Lyden var i berre Godlag; gama seg og fylgde godt med. So det kann endaa greie seg for D. n. T. paa Bygdøy. Stykke kann det vera ymist aa segja paa; men det hev rett mykje Moro og ikkje lite Humør. Romantikk er det fritt for. Men ein og annan grei og rak Natur inn-imillom alt det mindre gjæve gjer, at ein ikkje vert modlaus av Skil- dringi likevel. – Som nemnt hev Knut Hamsun skrive mot Norskdomen og oss norske i "Aftenp." – 12–- 14 Spaltur –, og gjort dette so, at Motstrævar- bladi helsar han som ein ny (Gamall-) Bjørnson. Han nemnde meg òg, so vidt at der var Grunn til eit lite Svar; det skreiv eg paa Norskt og sende "Aftenp." i den Trui at det ikkje kom inn; hev daa òg sendt Stubben til "D. 17de". Igaar fekk eg elles Korrektur fraa Aftenp., so det kjem kannhende likevel; men nokon "Krig" kann eg ikkje gjeva meg inn i. – Trettande Songen (Od.kv.) driv eg paa med no; han er visst ikkje mindre brysam enn dei fyrre. Dertil er det Hønefoss-foredrage (um Retts- demokratie), som eg maa faa (rimeleg kort) Form paa; Tidi vert ille knapp.

22. 6. 18. Igaar rett godt Regn, som gjorde veldigt godt, og enno skyutt, so det kann bli meir, kann- hende. – Fyresømaren heilt til Endes; burte er alle dei kvite Skyerne av Kirseber- og Apalblom, og burte all den herlege "Gullregn" her paa baae Sidur av Altanen min; me ét alt Kirseber no. Dermed er Flytjetidi komi: i Dag fér eg – yver Hønefoss, der eg skal preike – vest-yver.Og um 2–3 Dagar skal Hulda til Vangen.

K n u d a h e i b a k k e n 26. 6. 18. Etter tvo Næter og ein Dag paa Hønefoss (Hyrnefoss?) – den vene vesle "Hovudstaden" paa Ringerike, nedgrodd i veldige Skogar, med vene Herregards Bygningar i romlege Hagar og berre nokre faae keidsame "nymotens" "Gate"- stubbar, med Foss og ei breid roleg Elv med Timberfløyting –, der eg raaka gildt Folk og heldt Foredrage mitt og var med i eit av Forhand- lingsmøti aat "Bonde- og Smaabrukarlaget" (vart etter Foredrage utnemnd til "øresmedlem" av dette Lage; det fortenar eg no mindre) – drog eg vestyvi den 24de, naadde Bergen um Kvel- den, og so umbord paa Stavangerbaaten og av- stad Kvelden 101/ – 11. Det viste seg, at Baaten 2 alt var overfyllt, at det ikkje fanst Køy eller So- verom og knapt nok ein Sitjestad, so det vart ei lang og lite hugleg Natt, – med stri Vind og utruleg Kalde attpaa. I Stavang 8 –9 Tidi den 25de, gjorde meg i Stand der og skrangla sør- yvi halvsovande Kl. 2; fraa Thime ved 5-Tidi (Tilhøve-skyss: med Sikvaland'en paa Undheim paa eit Bordlass); i Knudaheibakken ved 7-Tidi; fekk stelt meg so halvveges til Rettes og lagt meg; sov 13 Timar i eitt og var endeleg "i Orden. " Men Jæren tok ikkje godt imot meg i Aar; det var Nordvest (heller strid) og graatt og kaldt og er so enno. Men det hadde regnt so vidt, at den verste Turk-faaren var yvi og Folk i rett godt Lag; i Natt hev det òg regnt, og slit og smaaregner no og daa i Dag med, so Aakervo- nerne no er gode og Høyvonerne ikkje reint verst; Vinden er kje fullt so strid heller i Dag, – um me kannhende kann vente likare VÍr i det heile no snart? – Stova mi etter Maaten rett godt i Stand i Aar: Golvi drevne og Golv med Veggjer og "Rod" skurde, so no er det berre Muren (med Omn), som treng Vedgjering. "Skogen" min stend etter Maaten rett godt. No spørst det, kóss eg i desse Halvhungers-Tider kjem til aa greie meg med Mat; det fær eg no ut og sjaa aa faa Vitring um. Og so i Morgo til Itaka att, – um alt vil laga seg. –– E. M. Kl. 5: Sol og halvklaar Himmel i Vest; tru han tenkjer paa aa skìpa seg?

Knhb. 30. 6. 18. Fysste Sumarmerke: ei Fluge paa Kjøkglase. Elles kaldt som fyrr; eg maa upp og slaa Flokar rett som det er. Men stillare er det; berre eit lite Drag av Nordvest; og i Dag er Himmelen klaar, med berre ein Graabakke ut i Have. Og det b u r d e sumrast snart no! – Fysste Korrekturark: 4de Korr. paa 11te Songen (fraa Schjøtt). Sjølv driv eg paa med 14de; men Kalde, Matsuter o. a. hefter: døyver Arbeidshugen. – "D. 17de" for 26de fortÍl Stornytt: Ung- domslage i Oslo hev teke Luter for 100 000 Kr. i D. n. Teatre. Det er ei god Hjelp. Gjev fleire kom etter! – Men Maalmann er mest = Fant i Pengevegen; og vert ein Maalmann rik, so vert han provinsdansk. – Telegram fraa Susanne og Nils Sund (Hau- gesund) med Helsing til "øre-lagsmannen i Smaa- brukarlaget". Det var sendt meg til Valstad; soleis fekk eg samstundes eit Par Ord fraa Tuf- ten med: Hulda var (25de) i Skien (Foredrag); Per og Harriet var flutte inn i Huse vaart; fraa Jonsokkvelden av hadde det regnt, so det var "vel mykje av det gode". Kven skulde no ha tenkt det ? – Men det er som vanleg: for mykje eller for lite; det er nok ikkje etter vaare Turv- ter, Naturen rettar seg, som Folk i gamle Dagar (og dei som enno lìver i gamle Dagar) trudde (og trur). – Huff! gjev det kunde bli mildare snart! Knhb. 3. 7. 18. Inger i Mærlio (som hadde ein strid Lunge- brand i Vinter og enno ikkje er fullsterk) hadde lova aa baka meg Flatbrød, um eg sjølv kunde skaffe Mjøl og Jordeple; no hev eg fenge (1 kgr. Mjøl paa Bui og) 2 kgr. Mjøl og ein rett gild Pose Jordeple paa Tunheim (hjaa Anna Svens- dotter Garborg, g. m. Nils Aarrestad; eg er eit Grand kjend der); det vil daa snart laga seg paa den Kanten. – Petroleum hev eg fenge (1 Liter), so vidt at eg kann koke Egg, – so lenge det varer. Men enno ei Stund fær eg nok takke til, at Hulda gav meg med eit og anna smaatt (Spe- kemat, Ost o. a.) heimanfraa; utan det hadde eg i det heile ikkje greidt meg. – Godt var det elles, at eg fekk fraa meg den Tunheims-Matferdi igaar; i Dag regner det, so eg tenkjer heile Jæren ligg paa Kne av Glede; alt som enno er bergande av Eng og Aaker vert berga no. Som vel er; altfor vel turvtest det. For meg hev elles dette Regne ikkje b e r r e vore til Glede; det viser seg, at Tòka lék som ho fyrr hev gjort; Lofte er snart fullsett av Dròpekjerald. Gudarne maa vita um det nokon Gong kann bli Skikk paa den Ting. Eg fær røda med Thomas, naar eg kjem ned til Garborg. – Brev fraa Hulda, som nok igaar (i Dag?) kom til Veslelvdalen (Alvdal). Med nokre Fore- drag (sist i Skien) hadde ho fenge Budgette litt styrkt; no skal Fernanda og ho halde Hus paa Vangen ei Stund (Marit er med); det spørst daa berre um VÍr og Varme. (Ja og so um det kann koma heilt i Skikk med Vangen-Stova). Men til Hugnad for oss baae kunde ho fortelja, at i Aar, daa eg ingenting tenar serskilt, og daa Dyrtidi halvt um halvt et oss ut or Huse, skal eg ut med Kr. 854,18 i Bygde- og 302,10 i Statsskatt. Reknar eg dertil Tjuveskatten ("Toll"), so vert det gode 2000 Kr. eg vert plundra fyre, eller minst likso mykje som Stipendie. Naar eg ut ifraa dette skal freiste aa gjera meg ein Tanke um Landsøkonomien i det heile i desse Tider,– naa-ja; Gudskelov at eg ikkje er Vaarherre. – Fraa Cock-jensen Brev med 100 Kr. for Foredrage. Eg hadde kje vaaga aa vente meg noko Honorar fraa Smaabrukarlags-kassa; den skulde vel ikkje ha meir enn ho turvte sjølv. Men i desse. Tider vaagar eg ikkje anna enn takka og ta imot; gjev Takkebreve var skrìve! – l Stavanger vil dei halde Olsokfest; det er eit Livsteikn. Eg er innbeden; men um eg fær Tid er paa Voni. Dei bad meg um nokre Vers med; dei hev eg sendt; men eg hev inga Tru paa at dei vert bruka. – Fjortande Songen ferdug. Gjev det var den fire-og-tjugande!

Kveld. Regne heldt paa til so Kl. 6. Daa var det ei Stund det syntest vilja letne; eg saag endaa ei Stripe blaa Himmel paa Sudvestkanten. Men eit Bìl etter – heile Jæren burte i Skodd. Sam- stundes auka Nordvesten att; strid, men flagut dreiv han paa heile Kvelden utetter, um alltid noko spakare etterkvart. Men Skodda heldt seg like godt; Huse mitt laag som inni ei Sky.– Det er ægte Jær-VÍr; men det minner meir um Oktober enn um Jonsok; eg undrast meir og meir paa um det vert Sømar i Aar.

Knhb. 8. 7. 18. Det som vart "innført" i 1814 var ikkje "Fri- Domen"; det var nokre (meir og mindre ufull- komne) Fridomsformer; det danske Byraakratie raadde som fyrr. Det som vart grunnlagt i Norig i 1814 – som i alle Land ved Revolusjonen – var Borgar- (Storborgar-, Penge-) velde. No viser. dette seg tydelegt all Stad, i Norig med. Bonden var noko sjølvstendigt fyrr; no er han Banktiggar, Træl under Pengemagti. Og daa Pen- gemagti fysst og fremst er Bymagt, so er han komen heilt inn-under Byen. Der er for honom alt som gildt er; dit søkjer Baani hans, so fort dei veks til; og der søkjer han alle sine Myn- ster: for Livemaate, Husbyggjing, Klædebunad, Tale o. s. fr.; "Bondelande" Norig e r alt By- land, um me elles vrid oss for aa vedkjennast dette. At Knot av alle Slag daa breider seg ut yver Lande med veksande Kraft, trass i alt det vesle Maalstræve me kann drive, segjer seg sjølv; eg røder kje mange Ord med eit ungt Menneskje (og eg kann rekne mange eldre med), fyrr eg høyrer By- og Halvbyformer som me i min Ung- dom berre hadde flirt aat. Fyrr hev eg trøysta meg med alle dei "gode norske Bygderne"; dei skulde greie dei fysste Vanskarne, og sidan vilde dei mindre gode au koma med; ikkje minst stola eg her paa Upplands- bygderne; der var Bonden meir ved Magt øko- nomiskt, og heldt seg daa betre uppe i det heile. Men vesle "Bonden" paa Veslhamar fær finne korleis Tilstandi er i Røyndi; og av honom lærer eg meir og meir aa forstaa, at det nok er lite betre der burte; Smaabonden er kraftlaus og modlaus som Vestlandsbonden, og Storbønderne – kappast med Byherrarne i Norskdomshat. Paa Midlande hadde eg lenge Telemarki aa lite paa; og det er ikkje verst der. Men av "Norig" ser eg, at det langtifraa er so langt kome der burte heller som eg tenkte. Her er nok òg den djupaste Grunnen til alle desse Lempingarne og Firingarne i Maalformi med; det gamle maa burt, kor godt det er. Og kva skal ein segja eller gjera? Slikt m a a gaa som det k a n n gaa. Og um "det norske Maale" tilslutt vert anna enn proletarisera Norskdanskt, –det vil ingen kunna segja. Spursmaale vert vel "standande ope" mi Tid ut. Einaste Voni skulde vera, at Bonden kom paa tryggare Grunn att, vart mindre Bank- og Bytræl; det er det, som der no endeleg synest opne seg Voner til. Skulde dei Vonerne au svikte, eller gjeng det for seint fram, so ender det nok – som Vinje spaadde – med, at "vaar Norskdom vert ein Runestein paa gamle Norigs Grav"; det er svært smaatt med det, som me i yngre Aar so modigt kalla "det norske Folke". – I Dag hadde eg ein Mann av øtti til Gjest: Ola(v) (Ola(v)son) Aase, Son av "Faster Aase", som døydde for nokre Aar sidan; sjølv driv han Maalaryrkje (og Handel) paa Sandnes og sìt godt i det. Han bad meg til Gjest paa "Landstedet" sitt innpaa Vatne-Kanten, paa Grensa av Høyland og Hetland (Riskakvervo); der kunde eg faa eit lite Hus for meg sjølv til aa skrive i, og Mat og Sellskap i hans Hus. – Det er vent der inne; og eg kunde ha god Hug til aa sjaa att Riska- kvervo. Eg vil sjaa, um det kann lata seg gjera. – – K v e l d. VÍre hev vore betre eit Par Dagar, og storfint i Dag, so fint, at eg ikkje rett hev vaaga aa "tru han". Nordvesten murka nok enno so smaatt, men der var kje noko Magt i 'n, og paa Ettermiddagen sovna han reint av; no er det eit VÍr til aa gjera Vers um. Sjøen ligg bleik og blank som eit stort Vatn; og um Top- par og Ryggjer og "Kulur" til Fjells er det so tindrande klaart – reint September-klaart –, at eg kann kje so mykje som hugse Skodd og Skyer lenger. – Men so vaknar det eit nytt Spursmaal: skal her bli for mykje TurrvÍr att? Haugesund 11. 7. 18. Herr Arne Garborg. Her hev nett no vore ei stemna av "Norsk studerende ungdoms avholdslag". Ein sonen til bisp S(tøylen) budde hjaa meg. Han studerar jus og fortalde at dei iaar til prakticum fekk i uppgaava: "Giv en fremstilling og kritik av Henry Geor- ges lære om jordrenten." Det synte seg daa, at mest ikkje nokon hadde greide paa dette, daa læreboki i statsøkonomi inneheld so lite um Henry George. Men det var daa so mykje kandidatane vart nøydde til aa ten- kja paa Henry George. Ein kandidat var Henry George-mann, og han fekk "indstilling" for sitt svar. Eg tenkte De kunde ha hug til aa høyra dette, og difor hefter eg Dokke burt i dag. Eg vonar De faar tid til aa stogga nokre dagar her, naar De fer paa heimveg. De er hjarte- leg velkomen. Med dei besste helsingar Dykkar Nils Sund.

Knbb. 14. 7. 18. Det er eikorleis kome ut eit Ord um, at eg skal vilja selja Knudaheibakken. Og tri Mann hev spurt meg, um dette er sant, og meir eller mindre greidt sagt, at dei kunde vilja kaupe. Med ein av deim hev eg endaa ein halv Avtale; eg skal kunna bu her um Sumrarne so lenge eg vil, og han skal seinare halde Huse ved Lag og like eins "Skogen". Prisen skal me tala meir um, naar eg hev fenge Greie paa, kor mykje "Garden" med Hus kostar meg. Eg hev funne, at han kunde vera ein rimeleg Kaupar; han er Son til den Mannen som eig Marki der Knuda- heibakken ligg, og han er Erving til Garden. Men kva der kann verte av dette er uvisst. Eg er komen til aa tenkje paa, at Pengar no knapt er Helvti verde mot for ti–tjuge Aar sidan; selja no for det Eigedomen kosta meg daa vart aa selja for halv Pris; og det hev eg nok ikkje Raad til. – Til Ola Aase hev eg skrive og sagt fraa, at eg kjem Tysdag. Fær daa vera inn paa Gar- den hans til Laurdag eller so; det kann vera eit lite Umskifte. Med VÍre skifter det ustanseleg; Sudaust med Regn hev det vore no eit Bìl, med heile og halve GodvÍrsdagar inn-imillom. – Igaar (og idag) eit Par Brev; ein Advokat skriv og vil ha eit Responsum um Namneformerne "Bruu" og "Bru" (som der er Høgsterettssak um!); Luthersk Bokmission – der er noko som heiter so òg – vil ha meg til Medlem; Nils Sund skriv og fortél noko som er rett lystigt fraa den siste juridiske Eksamen ved Fredrikshøgsku- len. For fysste Gong var der til Praktikum ei Stiluppgaave um George-Læra; ingen hadde Greie paa den (Aschehoug og Morgenstierne hev vel um Lag like lite um ho i Lærebøkerne sine); berre ein Sinding (som er George-Mann) visste noko; men han skreiv daa òg so han fekk "Ind- stilling". – Elles utrulegt, at den gamle mose- grodde Juristskulen der inne fylgjer so vidt med: veit, at George-Spursmaale enno er lìvande. – Fraa Hulda Brevkort; det hev vore kaldt og regnlegt paa Tynnsetkanten med. Fraa Bergen hev ho havt Brev: Rusti ikkje operera, men betre, kor lenge det kann vara. Eg fær skrive og høyre, kóss det gjeng. – I Prøyssen skifter dei Rikskanslar no og daa, liksom d e t skulde vera godt for noko. I Kri- gen hev det i dei siste Par Dagarne vore eit- grand + paa Vestmagtsida (Amerikanarne høyrer ein svært lite til). Den russiske Revolusjonen vert meir og meir Sky og Skodd; "alt flyt"; "fylgje med" løner seg ikkje. I "D. 17de Mai" er der ein lang og harsk Strid um ein Lærar- høgskule.

Knhb. 22. 7. 18. Kjære Hulda! Da jeg fik den vesle Pakken, tænkte jeg: dette maa være Manuskript; aassen kan nu det hænge sammen ? Men saa var det solidere Ting: Lefse. øgte Østerdalslefse. Lidt tør var den blit paa Veien, saa den virket noksaa solid; men den var for Øieblikket ubetinget mere "tidsmæssig" end selv det mest udmærkede Manuskript. Og til næste Middag blev Hovedretten: Lefse fra Kolbotnen, Honning fra Labraaten og Smør og Tykmelk fra Undheim; det var Mad fra mine samlede Hjem- steder, og Mad som sa seks, og som smagte ud- mærket, om end Tænderne fik ikke saa ganske, let Arbeide. Og jeg takkede Dig oprigtig for Maden. (Hvad jeg forresten hver Dag gjør; jeg har endnu god Støtte af det jeg fik med mig. – N u har forresten Ungfolket sendt mig baade Mo- reller og mer Honningkake (= brød); det meste af Morellerne hadde klaret sig godt; og Honning- brødet blir – som Dessert til Middagen – en værdig Efterfølger til det som Du gav mig med, og som netop nu var "afsluttet"). Efter al denne Mat kommer der ogsaa lidt Penge; der er kommet 40 Kr. til os hver fra "Jolehelg". De 40 sender jeg til Straalberg; saa kan Du vel hæve dem ned-paa Skole- og Post- huset – og kvittere? Jeg er netop hjemkommen fra Vatne, og har nu ogsaa aflagt min Garborg-Visit (hvor jeg slap med en Udgift for Husreparation – Gulv-Istand- sætning m. m. – paa 120 Kr.); skal hilse fra Anna, Konen paa "min" Gaard, hun med de daarlige Undersaatter, som Du kanske husker. Alt der nede uforandret. Men ned-paa Taarland er der et Dødsfald: Lensmand Gausland (som jeg bodde hos i "Haugtussa"-Tiden); men han var 80 Aar, og hans Død var en ganske rolig Falden- i-Søvn, saa der er Intet at sige. Og han har gjort godt Arbeid: dyrket op og bebygget to Gaarde der ned-i Lyngheia, en til hver av sine to agro- nomiske Sønner. Jeg befinder mig for Tiden i 17de Sang, – begynder smaatt om Senn at "se Land" altsaa. Med Levernaaden hænger det ihop endda en Stund, saavidt jeg kan se; og opstaar der Umu- ligheder, saa skriver jeg, og saa faar vi slaa vore Pjalter sammen igjen. Skjønt nu blir du vel alene og har begyndt at arbeide? Det har været noksaa bra – tildels godt – Veir en Stund, saa det meste Høy er vel snart inde; p. t. braaker Vinden fra Sydost eller -vest, til Forberedelse af en ny Regntid antageligvis. Maatte det være tryggere op hos Dig! Hils Fernanda! Bra at hun har likt sig der oppe. Din G. Hils Presten – Ivar Ikkje-Matlaus – og alt hans Hus!

Knhb. 22. 7. 18. Attkomen fraa Vatne, der eg i 4 Dagar hev vore Gjest hjaa 0. Aase og Kona hans (Dotter av fysste Thime-Klokkaren, eg minnest, og fysste seminarlærde Klokkaren, Sven Mauland, av Nedre- Maulands-øtti). I ei Fjeld-Li innanfor Vatne hev han (og eit Par andre Sandnesborgarar – Halv- Jærbuar –) bygt seg Hus (det er gamle smaae Sandneshus som er uppflutte); der bur dei um, Sumaren og trivst godt, som rimelegt kann vera; der er venare der uppe enn eg hugsa: Fjell, Lier, Sjø, og vene Gardar nedan- (gamle Vatne) og ovanfyre (Lóssi- – skrive Lutzi-!) Garden; serleg upp- (nordaust-) yver er det fin Utsyn. Sonen i Huset (dvs. den eldste) hev sett seg upp eit lite Ungkarshus ned-mot Vatne; der sat eg og arbeidde med Song XVI likso fredelegt som eg skulde sìte her (vart ferdug med Songen au); hadde det i det heile godt og gildt paa alle Maa- tar (naar eg reknar ifraa, at eg laut høyre paa Sandnesmaal). Ein Kveld var me ned-um A a d n e Aase (som hev eit lite Hus paa sjølve Vatnegar- den); han hadde havt "Spanskaa", men var uppe og noko-nær i Stand no. Noko sterk er han nok elles ikkje i det heile; hev slutta med Handelen no som med Sjømannslive fyrr; driv med litt Spekulasjon og er Bankdirektør (i ein liten Sand- nesbank) og hev rolege Dagar. Rart aa raakast att; han hugsa mangt fraa vaare yngre Aar som eg hadde gløymt; og me er haae tvo so vidt gamle no, at Syni meir og meir vender seg att- yver. Fredag Ettermiddag gjekk eg til Riska- kvervo, der eg var Skulemeister for 50 Aar sidan; paa dei 50 Aari var alt vorte nytt, Gardarne ut- flutte og alle Hus bystykkefine – som paa Jæren. Sjølve det gamle Huse paa Hau(g)aland, der eg hadde fast Skule (med alt skìpa paa Umgangs- skule-Vis), var umbygt (med Kvist) og kringbygt, so ingenting var attkjennande. – Igaar Natt ved 12–1 Tidi kom eg heim (til Fots ifraa Thime); mild Luft, Himmelen lett- skoddut; straalande Solnedgang; blìkstill Natt; gamle Minne og Stemningar fekk Magti. – Igaar Ettermiddag var eg paa Garborg, der alt er med det gamle; med Thomas fekk eg gjort upp for det Arbeide han hev gjort her uppe; etter Tidsvil- kaari var han svært billeg. Han er i det heile ein av dei "gode gamle", som eg er glad for at eg hev lært aa kjenne. – No bér det i Veg med Song XVll. Fraa Deptet endeleg Skriv um Bevilgningi til Odyssevs- kvæde; det er gjeve 5500 Kr. til "A. G.'s og Overlærer S. S.'s Ovs. av Odysseen til Lands- Maal", "derav til Oversættelseshonorar til Hr. G. 2000 Kr. og Resten til Utgivelsen paa Betingelse av, at Oversættelsens Bokladepris ikke sættes høiere end til Kr. 3,75 pr. Expl." – Eg er rædd at det meste av Honorare (alt?) gjeng til Pren- tar og Forleggjar, slik som Tiderne no er og vert; men eg lyt nok berre vera glad endaa.

Knhb. 29. 7. 18. Kjære Hulda! Tak for Kort 22de. Alt vel her med. Hunde- dagene begynder graatt og smaasurt, men stilt, saa jeg bør ikke klage over Veiret heller. Fra Matbua ingen nye Vanskeligheder at melde, men ingen nye Forhaabninger heller; "me fær sjaa" – fra Dag til Dag omtrent. Idag gaar jeg paa med 18de Sang – sidste Revision; har altsaa nu bare den sidste og korteste Fjerdepart tilbage. Gildt at høre at Du har hvilt godt, og at Hvi- len har virket; efter Hospitalshistorien og mang- foldigt Stræv kunde det vist behøves. Men nu er altsaa Fernanda borte, og saa begynder vel "Arbeidsdagen" igjen. – Ja; Knudaheibakken har to Feil: det er fælt langt dit (og i disse Tider umuligt dyr Reise); og saa ligger den paa Vestlandet. D. v. s. : det kommer ikke Jernbane did før allersidst, før alle de andre først er nogenlunde tilfredsstillede. Og det blir ikke i vor Tid. Saa det var nok bedst, om det kunde ordne sig med Vangen-Stua, dvs. at den kunde faa staa hvor den staar, indtil den ramler. Men derom ser det ikke ud til at Du har talt med 'n Olav – endnu da. Fra Hognestad skal jeg hilse; var der igaar. Alt i Orden der; Aakeren staar gild paa de fleste Steder; og Jærbuen begynder mere almindeligt med Kveitedyrking nu; den. trives udmærket og lønner sig bedre end selve Havren. (I min Tid var det bare en og anden Experimentator, som f. Ex. Far, som havde en liden Kveiteaaker jevn- sides Rugen). Men saa blir der jo mindre av Mjølk og Smør nu. Og der blir strengere og strengere Kontrol med Meierierne – at de ikke lader sig plyndre av Byfolk (som strømmer hit helt ifra Bergen efter Smør; Vorherre maa snart vide, om jeg kan faa med mig noget til La- braaten !). Lev vel! Og Veiret lysne! Din G.

29. 7. 18. Igaar paa Hognestad. Alt stend vel til; og den unge øtti, Baani hans Eivind, fager og gild Ung- dom, veks meir og meir til; 2-3 av deim er alt aa rekne for vaksne. Og gamle Hans, 86 Aar, greier seg utrulegt enno; han høyrer nok noko lite, men fylgjer godt med; mykje baade gamalt og nytt hadde han aa røda og spyrja um. Eivind, som er Formann i Rasjoneringsraadet, fortalde ymist um Vanskarne og Raadgjerderne der; mangt hev det vore aa staa i. Men det hev greidt seg og greier seg rett godt enno. Anna han nemnde var Mauland og hans Rogalandssoge; Forleggjar er funnen (Dreier) og alt i Stand; men med Mauland er det den gamle Vansken; han vert aldri ferdug, og aldri er der Greie aa faa; kor mykje der kann bli av det er no som fyrr reint paa det uvisse. Eivind sjølv hev elles fenge Tak paa ymse gamle Brevskap vedkomande Hog- nestad og øtti hans der; etter deim hev han sett upp ei øttetavle, som fører rett høgt upp, – til ein øttehovding paa Overgangen millom det 15de og 16de Aarhundrade, Svein Hognestad, som daa hev vore noko som ein Herse paa Jæren; fraa honom spann det seg ut ei heil Rad av øtter millom deim baade (Torkell) Maulandsætti og mi øtt; det som enno vantar er øttetraaden fraa honom og uppetter til den store Gamletidi; den vert nok aldri funnen. Men at eg var so vidt i øtt med baade Maulands- og Hognestadfolke hadde eg ikkje drøymt um; laakt hev me fylgt med, og ille veik hev øttekjensla og øttetanken vore. Forstod eg Hognestad rett, tenkjer han paa aa gjera ferdugt det Kapitle av Jær-Soga sjølv, um Mauland skulde svikte; no spørst det um h a n fær Stunder nokon Gong; d'er visst um Lag all hans Tid som gjeng med til altslag offent- legt Smaa-Arbeid. Men ymist Emne til ei slik Bok hev han; nokre gamle Rettsdokument fraa 1700-Tale las han upp Prøvur av, som var sers forvitnelege. Og han held Orden paa sine Ting, so at fær ikkje han deim ut, so vil dei sidan kunna koma. Og mykje gamal Soge ligg visseleg gøymd og unytta i Riksens Brevsamlingar, naar der kann vera so vidt mykje fraa ei einaste øtt berre paa Jæren; ein Gong maa ho vel bli fram- funni og utnytta, um elles Norig fær staa – og lìva i Ro nokre Tider frametter. Min Far kom ymist paa Tale; det var han som var Lærar i "det vestre Distrikt" daa Hans Hognestad vaks upp; og denne stille, flinke, tenk- same Guten var han Far baade glad i og byrg av, liksom han meir og meir nytta han til Hjelpe- lærar. Presten (Frost) lagde daa òg Merke til Guten; og Hans vart nytta til Lærar heilt ut (i ein lærarlaus Krins) jamvel fyrr han var konfir- mera. Far og han vart meir og meir Kjenningar; og den Venskapen heldt ut. Ja sistpaa vart det Læraren, som søkte Hjelp hjaa Eleven; siste Gongen Far var paa Hognestad – eit Par Vikur fyrr han døydde – bad han endaa han Hans "hjelpa 'n Aadne" (som daa var paa Holt, og som han vel hadde høyrt so ymist um). Hans sk"na ikkje Meiningi; trudde at Far tenkte paa økono- misk Hjelp, og meinte at Far greidde den Ting betre enn han vilde kunna. Men Far berre tok upp att sitt, utan meir Forklaaring; og ikkje fyrr det vonde var hendt tok Hans til aa forstaa, kva Meiningi maatte ha vore. Men det vart ikkje sidan Spursmaal um Hjelp til han Aadne; han siglde sin eigen Kos, han, og det saag lenge ut til, at eg heilt og i alle Maatar hadde sagt Far- vel til Jæren. – Fraa Tuften Brev; Hagen gjev mykje av seg; han kallar Morelltréi "Gullgruva" si. Med Blomar og Frukt gjeng det i det heile godt, um det vert skralt med Kjøkenhagen; det kann vera godt aa ikkje vera altfor mykje Specialist. – Fraa Hulda Brevkort; skralt med VÍre framleies, men endaa hev dei trivest berre godt. Fraa igaar av er ho aaleine og vil daa til aa ar- beide; og Ro hev ho der uppe, og Helsa er fullt i Stand, so Vonerne skulde vera sers gode. Fraa Stvgr. Aftbl. (som eg skreiv til for henne) kom det Melding i Dag um, at Dagboksuppskrifterne hennar fraa 1905-Tidi kjem, "saa snart Somme- rens døde Tid er over". – Tomas (Kverneland) Garborg (ein Jærbu av det g o d e gamle Slage) var her i Fyrrgaar og stelte noko paa Tòka (serleg det verste Hòle paa Øvresida Skorsteinen); det vert ei god Hjelp. Sidan er det Von um, at han kann faa gjera meir; men alle dei Smaadroparne paa Austsida av Take er det vanskelegt aa faa Tak paa; god Tid vil det turvast i alle Fall.

Knudaheibakken 8. 8. 18. Kjære Hulda! Takk for Brev 1/8; og tænk, idag er det alt 8/8 ; Tiden galopperer. Du har ogsaa havt herligt Veir, hører jeg; og da var det nok gildt at ligge i Fjeldet. Men saa kom altsaa denne Grisungen i Veien. Naa-ja, og saa m a a det indrømmes at være fornuftigt, at det bor nogen paa Gaarden i denne Tid. Men jeg kan ikke andet end beklage Dig, skjønt Val- staddalen jo ogsaa er vakker. Forresten, baade Fjeld- og Hav-Herlighed er vel lidet at stole paa i Aar; jeg har havt Paradis her længe nu: men i Dag skodder og blæser det op igjen, saa Gu- derne ved om det ikke snart bærer hin Veien. Med Matstellet greier det sig fremdeles ganske bra, trods Ensformigheden; god Mjølk og godt Smør og god Ost – god Graut ogsaa forresten – hjælper utrulig længe. Brød er det noget værre med; men saa har jeg Inger, dvs. udmærket Fladbrød og meget godt "Kakbrø". Have har jeg jo ikke; men en anden av mine Koner – hun paa Tunheim – har (foruden Havremjøl og Fat- ost) ogsaa skaffet mig Bær i Overflødighed. Ind- til videre har det saaledes ingen Fare; og i det hele blir det vel Parafin-Spørsmaalet, som blir det avgjørende. – Ja gid det kunde ordne sig med Vangen- Stua. Herregud, det kunde ikke koste noget for- skrækkeligt at faa fat i nogen nye Stokker og faa indsat, om det her og der skulde trænges; og at h e l e Stuen skulde være raatten naar Taget er bra, det kan jeg ikke tro. Men Greie paa det faar du vel engang! – Ja nu maa jeg i Vei, skal jeg naa Posten! Lev og hils! – ja nu er Du forresten paa La- braaten (dvs. naar dette naar østover); jeg faar adressere did nu altsaa. Din G. Befinder mig midtveis i 20de Sang; de 4 siste skulde jeg ønske at faa fra mig i ett Kjør; faar nu se da.

Knhb. 8. 8. 18. RuskvÍr i Dag – etter ein rett lang God- vÍrsbolk. – Brev fraa Hulda; enno Inkje avgjort um Vangen-Stova. Men Andreas (Trøan) skal forfara Veggjerne no ein Dag, – um det kann vera Mei- ning i aa tenkje paa nokon Handel. – I Over- morgo flytjer ho til Labraaten att. Og ho ventar "Gjensyn snart". Eg vilde nok gjerne bli ferdug med Odyssevs her (sìt midt i Song XIX no); men ingenting er visst; Parafin-Naudi kann drive meg aust-yver fyrr eg tenkjer. – I "Den 17de" er ein "Lærar" ute og spør etter ei Samling av Bladstykki mine (o. dl.) att. Men i Tider som desse er det visst raadlaust aa tenkje paa den Ting. Fær vel elles spyrja Ny- gaard, og so svara. – "Han Johan, Son hans Fanta-Mattias", eller no M. J. Mathiassen Schou, ligg og skal døy no, etter eit Brev eg fekk idag. Eg gjekk nettupp og venta paa aa sjaa han stige inn i Stova mi naarsomhelst; Sumar Tid og storfint VÍr, – no k u n d e han ikkje halde seg i Ro lenger, tenkte eg. Men "langt fremskreden Mavekræft", som Dokteren kallar det, vil nok tvinge han i Ro for godt no. Og underleg nok: det er liksom noko av meg sjølv sloknar med honom, noko av det ein vel sist gløymer: Overgangen millom dei siste Smaagut- og dei fysste Ungdomsaari. Med honom døyr vel ein av dei alra siste av det gamle "Fante"-slage (han er Halv- eller Kvart-? – Zigøynar); han skulde daa helst vera glad med aa faa "sleppe". Men i den vesle Brevstubben sin segjer han Inkje um det; han berre takkar for det vesle eg kann ha vore 'n til Hjelp og ynskjer eit Par Ord til Svar; det skal han òg faa, um det ikkje vert stort eg kann skrive.

Knhb. 12. 8. 18. Igaar var det Hundadag: so varmt, at det var mest vel mykje. Men i Dag er det svalt att. Og Lufti – som vanlegt i Sumar – graa-eimut. Elles so godt VÍr i det seinste, at det var Synd aa klaga; Høye inne all Stad, og her og der – som hjaa Nils Aarrestad paa Tunheim, der eg var til Middags igaar – tek dei i Dag til med (Bygg-) Skurden. Men eg tek til med Song XX. Siste Ufredsmeldingarne gjeng Tyskland so vidt imot, at det mest kunde sjaa ut som ei Vending. Og Amerika fortél, at det enno kann skaffe 12 1/2 – eller var det 22 1/2? – Millionar Soldatar. Naa-ja; dei kunde ikkje slagte for mange Millio- nar, um dei dermed fekk tynt Ufreden for all Framtid; men dertil krevst det meir enn Ame- rika enno tenkjer paa; ein ny politisk og økono- misk Samfundsskipnad (og Nyskipnad i Tyskland, Republik eller iminsto Klave paa den prøyssiske Junkerdomen). Her er daa kje anna aa segja enn det gamle: "me fær no sjaa daa".

Knhb. 15. 8. 18. BøyevÍr; hyljande Regn, so det fossar ned-yver Ruturne, og so Upphald att, – i jamt og raskt Umskifte. Og so kaldvore; det er verst for meg. Men eg driv paa best eg kann; tek i Dag til med XXI. – Brev fraa Hulda (11. 8); ho er paa La- braaten no; det var nok litt hardt aa rive seg laus der uppe, skriv ho (og same Dagen ho drog, døydde det endaa ein av dei gamle der uppe (Simen Trøan)); men paa Labraaten "er ogsaa nu et Paradis, og vi har det udmerket i alle Maader." "Barna" er farne til Fjells (men "lengta heimatt" fyrr dei reiste); dei hev slite svært med Hagen; men det løner seg au; "alt bærer vidunderligt." Vangen-stova er kjøpt (og betala); Kr. 330 for den og 2 Maal Grunn til "Tuft" – litt lenger uppe (i Skogen); det er svært rimelegt, og ho er "meget taknemmelig" mot Olav Straalberg – med god Grunn. Men um ho no kjem til Jærs oftare – –. "Hiawatha" kann det vera Von um aa faa upp i Sverige; no gjeld det aa faa det umsett. Og kven veit? Det vilde gjera seg godt, etter mi Tru; ille at D. n. T. ingen hev som kann spela Hiawatha. – Sjølv hev ho ei Komedie og ei Bok aa skrive; men no er det berre Kirsebær og Tomatar aa tenkje paa; Breve sluttar med "paa snarligt Gjensyn"; men eg hev mine 4 Son- gar og dertil "Skogen" aa tenkje paa. Det spørst um VÍre – ja og so denne stakkars Parafinen. – I Klepp "Vinstrelag" hev dei sett upp Korn- toll paa Valprograme sitt. Og dei nye Ting- mannsemni – Kleppe og Norheim – er Korn- toll-menn. Reaksjonen vert sterk paa all Vis no her paa Jæren. Men Herregud; det vert visst berre Reaksjon allstad.

Knhb. 24. 8. 18. Brevkort fraa Tuften; dei hev det regnlegt i Lom med. Og Aakeren stend svært grøn. Berre det ikkje altfor mange Stader vert til det, at dei lyt slaa Aakeren ned til Grønfòr? – Naa; enno er det for tidlegt aa spaa. Fraa Hulda Brev; ho hev det "travlt som Mus i Barselseng"; men i Hagen stend alt vel til. Og meg hev ho sendt ei gild Forsyning av det eine betre enn det andre, Frukt, Bakverk, Spikje- flesk, slikt som nettupp no kom serskilt vel med. So det er nok godt aa ha Labraaten au, attaat Knudaheibakken! – og ha godt Folk paa La- braaten, um eg her gjeng aaleine. – 2 Ark Korrektur med ein Gong igaar; dei set i. Og eg fær spenne i, eg med, so godt eg kann; enno hev eg att 2 1/2 av dei 24 Songarne. Men eg "ser daa Land" no. Gjev det kunde slutte med dette Regne! Ho Inger i Mærlio spaadde godt igaar; "for no slutta' Hundada'ene"; jau takk! Det vart spaatt GodvÍr, daa Hunde- dagarne byrja med; men Spaadomar sæter kje meir enn dei hev gjort. Elles er det gode Stun- der millom Bygjurne; og stilt millom Stormda- garne; men alt er usætande, – so nær som (Halv-)Kalden; den er stø. – Ein "Lærar", og no sist tvo, hev i "Den 17de" teke upp att det gamle Spursmaale: um eg ikkje vil gjeva ut Bladstykki mine og andre Prosa- stykke i Samling. Eg svara, at Tiderne ikkje er laglege for slikt; men dei meiner at her alltid vart so vidt Kjøparar at det greidde seg. Eg sva- rar, at eg vil raadspyrja Forleggjaren, og at det i det heile ikkje skal staa paa meg; men sant aa segja trur eg lite paa heile Tanken. Dessutan: skulde der bli Meining i det, maatte eg faa med eit og anna som vilde gjera Samlingi dyr, og for mange "tabu" (soleis "D. n.-n. Sprog- og Natio- nalitetsbevægelse" og "Jesus Messias"). Eit fælt Rote-arbeid vart det og – hu, enn alle dei gamle Avishaugarne eg maatte kava meg igjenom! –; men . . . naa-ja; fær sjaa. Nygaard vil i k k j e bry seg um det. Men Norli kannhende?

28. 8. 18. Det minkar med Pappere. Liksom med Mat og med snartsagt alt. Men so minkar det med Arbeide òg: eg er midt i næstsiste Songen. So eg er rett nære Land. Og eg fær draga, so snart eg fær sett punctum finale til 24de; "Upplysnin- garne" set eg upp paa Labraaten. Det er elles paa Tidi at eg fær segja Odyssevs Farvel. Eg hev masa med 'n for lenge; set eg meg til med 'n no, so vil eg helst sovne. VÍre er kje heller noko rart. Det var godt, stundom storfint, fysste Helvti av Hundedagarne; so vart det graatt og regnlegt og stundom rett svalt; mest jamt uklaar Luft; fraa Halvdimme til Tettskodde. Etter Hundedagarne hev det halde paa mest sameleis; men det hev vore lite og inkje Regn, so i Dag laut eg aat Tjønni etter Vatn att. No "snur" han visst paa nytt; det er Sol og klaart (men dimmut i Have) og ein Nord- vest so kald, at Soli greidde ikkje aa faa han varm i sjølve Middagstidi. Vil han halde soleis paa, vert det berre godt aa faa reise. – Fraa Indiamannen min Brev (paa norsk- danskt i Dag); han skriv, kva Tid eg "vil være saa elskværdig" aa gaa igjenom "Snøfuglar"-ne hans; det er vel same Diktsamlingi, som endeleg hev fenge (ein god) Titel. Eg svarar, at fraa midt i Septbr. . . . Daa lyt eg nok i Veg med den politiske Kannestøyparen; men eg klarar det vel. – – Kom i Dag til aa sjaa paa "D. 17de" for 20de d. M.; las der eit nytt lite astronomisk Stykke av S. Enebo; han skriv godt Norskt, attaat det at han er ein glup Himmelgranskar. Fyrr hev han fortalt um den "Verdi" som no hev "Domedag" ("brenn", forgasar seg) uppe i eit av "Himmelteikni"; der og i det siste Stykke ("Fiksstjernehimmelen") gjev han so full og klaar Greie paa Stjerneheimen, at ein kunde vente Prestarne vilde skrike upp,; men dei skynar vel, at her gjer dei best i aa tegja. Men for mange maa det vera rett revolusjonerande aa faa Greie paa, at me lìver i øveheimen, og at det er "Skapingsdagar" og "Domedag" kvar Dag rundt um i denne Endeløysa, som er utan Grensur i Tid som i Rom. – Det som elles hjelper det store Fleirtale er, at det slettikkje tenkjer. Og kor mange promille kann det vera, som i det heile les slikt som dette um Stjernehimmelen? – Er det so mykje som ein av tusund, so er det vel Høgdi. Prestarne kan ta det med Ro. – Fraa Krigen melder Bladi, at Vestmagterne held paa aa gange fram; gjev det maatte vara. Det vart Reaksjon (dvs. meir Reaksjon) daa med; men ikkje fullt so vonlaus Reaksjon, trur eg.

Knhb. 4. 9. 18. Det lid med' det skrid. Men September ser ut til aa vilja lure oss i Aar; det er strid, sur Nordvest jamt og eit svært urolegt BygjevÍr. Endaa høyrer eg elles (og ser), at Folk lurer inn i Tylvtevis med Kornlass; og kann Maten koma i Hus, fær det vera det same um ein Penne- slikkar frys litegrand. – Fraa Overlærar Møller Brev; han hadde tenkt paa ei Foredragsferd um Grunnskyldsaki, men vart sitjande med noko Skulearbeid, so dei Møte som vart tillyste laut bli avlyste att. Men han vil taka det att sidan; det er ein av dei faae utvalde, denne Møller. – Brev fraa Nygaard um Stubbsamlingi; han meiner me bør gjera som med Gunnar Heibergs: gjeva ut Samlingi i serskilde Bøker, so kvar kann kjøpe det han bryr seg mest um og ikkje er bunden til heile det lange og dyre og seint ko- mande Verke; det høyrest vitugt, og eg hev svara Ja. Fysste Bande kann koma til Hausten; eg fær byrja med Politik og Samfundsarbeid fysst, trur eg. – Paa Labraaten er alle heime no att, so nær som Gamlen daa. Og dei er i fullt Mas med Hausting. Hulda hev sendt meg ein ny Post- pakke med Eple, Pylse, Ost; det kom vel med, sjølvsagt, og er meg til god Hjelp desse siste Dagarne. No er eg midveges i siste Songen og vil kunne pakke inn um eit Par Dagar. Og eg tek til aa lengte austyver. Kalde Dagar, lenger og lenger Kveldar utan Parafin, og eg sjølv meir og meir trøytt av Heksameterfiling, – det vil vera best aa "koma i Hus" att.

Knhb. 8. 9. 18. Husa Storm. Og Graaskodde langt innyver Lande; eg kann nettup skilja Garborgsaasen. So eg fær segja at Jæren tek ublidt Avskil med meg i Aar. 24de Song gjeng endeleg i Posten. No hev eg berre Fyreorde og "Upplysningar" att. Og so er det Stræve yverstade, – eit Stræv eg visst fær lite Hugnad av. – Takk for i Aar, Jæren!

Labraaten 3o. 9. 18. Eg fekk sjaa inn-um paa Garborg og Hogne- stad; Tu laut vera. For tvo Ark Korrektur hadde eg aa greie, og nokre Brev attpaa. Til Haugesund naadde eg Kl. 12 um Natti; som vel var, tok Nils Sund og Olav Dagestad imot meg, og eg vart berga i Hus. Men daa eg sa, at eg laut avstad att i Morgo, so fekk eg vita at i Overmorgo Kveld vilde Kjenningarne mine møtast med meg her, so at no slapp eg ikkje avstad, fyrr det Møte var fraa-seg-gjort. Eg kjende, at ein Kvil kunde gjera godt, og slog meg til Ro; og um VÍre ikkje var som det skulde, – hjaa Sund hadde eg det godt nok. Det var nok ille, at eg laut taka meg ein Dag i Bjørgvin med (sjaa um Olav Rusti); men so fekk eg taka Resten i ein Jufs; daa naadde eg endaa fram til Fredag (og ny Korrektur); og "Fyreord" og "Upplysningar" skulde eg vel greie paa ei 3 –4 Dagar. Dei Par Dagarne gjekk snart. Og "Møte" – eit heilt lìte Gilde – vart gildt nok : mykje godt Folk fann eg der, og mange huglege Ord vart meg sagde. Sistpaa kom ei Gaave paa 10 000 Kr. regnande nedyver meg . . . Med same stod eg der rett uppraadd; slikt hadde ikke hendt meg fyrr. Kva skulde eg gjera; kva skulde eg segja? Eg fann ut, at for i Kveld laut det bli med Takk og Glede og Von um, at eg skulde faa Pengarne nytta paa ein Maate, so at baade Gjevarann og eg kunde vera fornøgde med det. Fraa Gjevar-Sida kom det nokre Ord um, at Pengarne var til meg p e r s o n l e g t – no i desse vanskelege Tider – servanskelege for alle Forfattarar, men ikkje minst for oss norske –; og det norske Haugesund hadde daa fysst og fremst tenkt paa meg, ein Ryger, og ein norsk Ryger, som dei sjølve. Eg takka paa nytt og meinte at eg skulde nok bruka Pengarne, so dei vart meg sjølv til Hugnad. Me skildest sistpaa i beste Lag; og eg krabba meg i Regn og Rusk umbord i Baaten. I Bergen helsa eg paa Olav Rusti, som var heimkomen fraa Sjukehuse att – utan Opera- sjon –, og var etter Maaten i rett god Stand. Men for meg – som ikkje hadde sétt han paa eit Par Aar – hadde han folna rett mykje av, so eg visste kje rett kva eg skulde tru eller ten- kje. Han var med godt Mod og vilde til med Arbeide att, ja var nok alt so smaatt i Veg. Og no var det, at hans rette, store Arbeid skulde byrja; for no kjende han seg Herre yver sin Kunst – heilt-ut. Eg vil tru det beste. Men det hender nok, at naar me endeleg kjenner oss ferduge med Skulegang og Fyrebuing, – so hev det veikna for mykje med Krafti; gjev det ikkje var so i dette Tilfelle. – Resten av Ferdi tok eg i eitt. Og alt gjekk godt; i Kristiania raaka eg ein Kjenning og Skyl- ding fraa Sandnes, som eg likar godt (Son hans Ola Aase; han som eg hadde "butt hjaa" dei 8 Vatnedagarne i Sumar); han hadde vore sjuk, men hadde friska seg upp paa "eit Kvil'stelle" upp i Hallingdal og var no full Kar att. Fraa Dramnsbanen kom eg med siste Toge; daa eg kom der ut, var det full Haustnatt; det var so svart, at eg "ikkje saag Neven for Tennerne". Og daa eg var komen til Labraaten, var det meg raadlaust aa finne Porten, – Inngangen til mitt eige Hus. Lange Tider gjekk eg att og fram og upp og ned, men fann berre Gjerde med Staal- traadbandi øvst; endeleg, daa det so smaatt tok til aa graane av Dag, berga eg meg ned til Steins- vikporten og inn den Vegen; baska meg upp Bakken, til dess eg fann Vegen paa den Sida; kom so sistpaa til Hus so ved 3–4 Tidi. Men daa var eg so trøytt, at eg orka knapt halde meg uppe. Dagen etter vann eg meg ikkje upp. Og sidan kom det ei av mine vanlege halvt Trøyttleiks- og halvt Sjukdomstider, som eg enno ikkje heilt hev vunne yver; og Upplysningarne til stakkars Odyssevs er eg kje heller ferdug med. Eit Grand Avismas fekk eg, av di ein Bladutspyrjar i Haugesund hadde mistydt ein Setning eg hadde sagt. Men med September er eg ferdug i Dag. Og atterutsigld i det heile. Fraa Indiamannen hev eg alt fenge ny "Uppringjing" ; og fraa D. n. Teatre kann eg kvar Dag vente Rykkjing etter Kanne- støyparen. Men med Arbeidskraft og Arbeidshug og Nattesvevn er det so skralt, at eg er ikkje meir enn halv Arbeidskar. – Dei 10 000 fraa Haugesund hadde eg sist- paa tenkt aa gjeva til D. n. Teatre. Men fraa Haugesund kom det meir um, at det var til meg og Huse mitt, Pengarne i desse Tiderne var gjevne; og um Tiderne kunde Hulda fortelja meg, at ho alt lenge hadde lote bruka av Bankskillin- garne sine til Huse, – dei Skillingarne, som nok ein god Dag kann turvast vel til Framtidstrygd for henne. Teaterdraumen gjeng daa i Kaos, den med. Og no vert det – fysst aa faa gjort Ende paa Odyssevs, og so i Veg med indisk Lyrik og dansk Komik; hu, gjev eg kunde setja full Steam paa! 8. 10. 18. Hulda, som igaar skulde reist til Notodden paa Ungdomsmøte, ligg sengfast og maa ha Tak i Dokteren; det er, trass i Uppskurd og endelaus Diæt og all Ting, dei gamle Ugreiurne. Eg trur ikkje paa, at ho kann koma avstad; det vil taka Tid enno, dessverre, fyrr bo vert heilt frisk att. – Det "store" tyske Fredstilbode (gjenom den nye Rikskanslaren, den badenske Hohenzollern- prinsen Max) syntest med det same aa gjeva Von; no, nokre faa Dagar etter, kjem det meir og meir upp, at det berre var ein ny Freistnad paa aa vinne Tid; Keisar Wilhelm hev i eit Bòd til Heren endefram sagt, at det i k k j e er Meiningi aa slutte med Ufreden. Og etter Meldingar fraa Frankrike fér Prøyssardomen fram med same full- komne Villskapen som fyrr mot jamvel dei Byarne og Landstròki dei vert drivne burt ifraa og Folke der. Kravi vert daa berre strengare paa, at Tysk- land maa faa si Straff – og Folkestyre koma istadenfor Keisar- og Junkerstyre –, fyrr det kann bli nokon Fred som er litande paa. Svar fraa Wilson – som Tyskland denne Gongen vende seg til – er vel snart ventande. – GodvÍr fraa Morgonen no um Dagarne, men Regn til Kvelds; skrale Haustvoner. – Ar- beidskrafti mi i Framgang; i Dag eller Morgo maa eg vera heilt ferdug med Mskr. til Odyssevs- kvæde – "Upplysningarne".

10. 10. 18. Dokteren var her igaar; og han sette so vidt Mod i Hulda (som elles alt kjende seg i Fram- gang), – at i Dag stod ho upp. Og i Kveld er ho paa Veg til Notodden. Ho var nok ikkje sterk enno. Men ho fekk Telefonbòd um, at det vart raadlaust for dei der uppe no, um ho ikkje kom; og so ligg ho i (hjaa Dalsfolke) i Natt, og paa Kongsberg (hjaa Mortensonfolke) i Morgo Natt, og trur daa ho skal klara seg ifraa det. – Meg gav Dokteren Kort paa finare Brød; det vonar eg skal tryggje meg mot dei Vanskarne som det vanlege, urimelegt grove og tunge "Stats- brøde" veld meg. – Ferdug med "Upplysningarne" ; no er det berre Misprentingarne att; dei skal eg vel greie i Morgo. Og so bér det i Veg med India-Ma- nuskripte og "Kannestøyparen". Eg kann rekne meg noko-so-nær arbeidsfør att. – Svare fraa Wilson er kome; og det er godt. Ikkje avvisande, um det elles er eitt og anna han vil ha nærmare upplyst; men det han segjer greidt er, at der kan kje bli Tale um Fredsforhandlin- gar, so lenge det stend tyske Hermenn paa fra- mand Grunn. Svaret hans vinn fullt Samtykkje hjaa Vestmagterne. – Hev lese siste Hefte av "Det 20de Aar- hundrede"– med eit Ordskifte millom Emil Stang og Ludv. Meyer um "Socialistisk Beskat- ning og Samfundsordning". Eitt og anna kjem fram der, som er godt. Men meir og meir kjen- ner eg, at Socialdemokratiet med si Samfunds- allmagt ber meg imot; Rettsstaten – med Kravet um Rett for alle,men samstundes med greidt og fulltrygt Rom for Individualiteten – er det eina- ste, eg kann vera heilt med paa.

15. 10. 18. Kort fraa Hulda. Ho hev kvilt seg fram – i

Drammen, paa Kongsberg, paa Bane og Bil(1 1/ 2 Time yver Meheia; i mi Tid kosta den ein Dag) – og greidt det rett godt; til Notodden kom ho Laurdag. Der "dansa ho med Ungdomslagsfolk 8–10 og greidde det so vidt"; Dagen etter i Ro til 7 Etterm. Noko rart er det nok ikkje. Og "botnalaus Surpe og endelaust GraavÍr". Men "Ungdomen ser gild ut". Fredag Foredrag, – "um Reidskapen held daa". Ja, det vert vel Spursmaale. Ho vaaga seg svært snart ut. – Ferdug med den indiske Metafysiken. Ulik den europæisk. i mangt er han lik ‘n i Hovud- saki; so og so mange Skular med so og so mange System og større og mindre Tilheng; dei ligg meir eller mindre i Strid; formar ut sine System meir og meir gløgt, og Skule- og Systemtale veks; Kviletider kann koma, daa eit Motesystem fær Magti; men so tek ny Strid til; og soleis vil det gaa, so lenge Folke er unge nok til aa tru, at eit "aalmennsamt" (dvs.: alle samlande) System læt seg finne. Og daa Filosofien er tankekvessande Aandsgymnastik – og stundom, gjenom vitug Etik, kann vera samfundsgagnleg –, so er det godt, at han held seg med Mod og Arbeidskraft dvs.: held uppe Draumen um, at Livs- og Tilvære- gaata er løysande. – Fraa Nils av Ekenstam Brev um eit samla rettsdemokratisk Møte (i Lund 26de ds.); Freds- vonerne, segjer han, krev, at me no gjer noko; i eit Møte i Kaupenhamn hev dei svenske og danske vorte samde um det. Eg hev mine store Tvil, 1) um Fredsvonerne (Vestmagterne hev alt- for gode Grunnar til aa ikkje tru paa den prøys- siske Fredsviljen), 2) um Europa vil høyre paa Smaamagter, som ligg utanfor Krigen, det er (no um Dagen): utanfor Verdi; men Møte vil vera hyggjelegt og kann bli gagnlegt for oss sjølve, so me fær gjera det me kann til aa koma med. Men eg hev so lite Tid, at kunde eg draga meg undan, so gjorde eg det. 22. 10. 18. Hulda heime att og i god Stand. Ho hev havt det godt der uppe; og den Ungdomen, ho hadde med aa gjera var svært gild. – Ja. "Me hev mykje gild Ungdom". Men han veks til; og so høyrer me kje meir til ‘n; han fær nok aa gjera berre med aa livnære seg. Og Mengdi dreg til Byarne; der vert dei i det høgste Socialdemokratar. So dei "store Vonerne", me plar setja til den "gilde Ungdomen", – dei er ikkje rart underbygde. – Serleg paa Austlande gjeng det nok helst atterut med Ungdomen, daa visst i Norskdom; det maskerte Motstræve, som kallar seg Austlandsmaalstræv, men er Danske- maalstræv, gjev slikt eit godt Paaskot til aa draga seg undanfraa, d. v. s. gjera Vending i m o t Norsk domen. Fraa Valstriden høyrest det fraa mange Kantar um Framgang for Høgre. Ein av Grunnarne til dette er, at Høgreblad (og mest Høgre-Valtalarar) lovar Folk Brennevinsfridom att, um dei vil gjeva Høgre Magti.Og daa fær dei mill. a. Stormengdi av "Ungdomen" med. For me hev vore "demo- kratiske" og havt "Tru paa Ungdomen" og sekkt Røysterettsgrensa heilt ned til – er det kje 21 - Aarsalderen? –; til Takk for det kann me snart faa sjaa Ting som me minst hadde venta. Og daa kjem Bakstræve til aa syngje upp: var det kje det me sa, kanskje? – Me paa Vinstresida vil daa lite kunna svara; me hev altfor lite tenkt paa, at det k a n n vera faarlegt aa innføre bor- garleg Rett fortare enn økonomisk Rett i Sam- funde. I det heile kann me faa lære mangt og mykje i dei Tiderne som no kjem. Um daa ikkje Ufre- den held paa, til dess han hev gjort Ende paa alt; det ser helst ut til aa myrkne att med Freds- vonerne. – Eg for min Part driv no um Dagarne paa med indisk Draumlyrik (SrÓ Ananda Acharya).

24. 10. 18. "Snøfuglar" av den indiske Diktaren paa "Gau- risankar Sæter" i Alvdal (Vesl’-Elvdal) kann – etter Brev fraa Forleggjaren (Nygaard) ikkje koma til Jol (for Skuld den Streiking paa Prenteverki, som snart vert sett i Gang). So ille som dette i mange Maatar er, so er det paa ein Maate godt for meg; eg tarv ikkje sprengje so hardt paa len- ger. Og kann gaa paa med Holberg, so snart eg vert fullferdug med Homer; D. n. Teatre bør ikkje turve vente. – Det hev vore ein og annan liten Freistnad med GodvÍr; men nei ; rett som det er trafsreg- ner det att. For turr Vaar og for vaat Haust, – det er nettup som det i k k j e skal vera; men alt vondt skal vel samle seg no: Krig, Pest, Dyrtid, Halvsvolt. For meg er ikkje minst dette ende- lause Regne – med tung og myrk og ofte skod- dut Luft - til Mein; eg lyt stundom plaage Augo med Ravljos mest heile Dagen. Og so all den gode Bjørkeveden, som me sette upp ute til Tur- king – jau Takk! han rotnar vel snart burt. Kjem det so ein dugeleg Frostvinter, so kann det bli Moro, skulde eg tru! – Tuften ligg alt – "Spanskesjuke", um ikkje (enno) noko sers hard –; og skal det halde paa som det no ser ut, vert Verdi vel meir og meir eit Sjukehus og eit Likhus. – Vali lovar oss kje heller noko Gjestebod. Høgre arbeider seg fram-yver (serleg ved aa lova Folk Brennevin – at det hev ein Hop Lækjarar med seg her kann vera rimelegt nok; di meir Sjukdom, di betre for Dokteren –); Vinstre og Socialdemokratar veiknar; og Smaabrukarar og Arbeidardemokratar med sine i Sanning gode Program, dei kjem mest ikkje med. Det er elles rimelegt paa ei Vis: di meir raadlaust alt ser ut, di meir gjev Folke Vonerne upp og samlar seg um det eine store Krave Brennevin. Ingenting nyttar; lat oss drikke oss ihel! – Brev fraa Ekenstam; Lund-Møte (etter Ynskje herifraa, som kom sterkt fram i det Møte me heldt) utsett til 16de Novbr. Daa maa det vel bli lettare for oss alle her.

3. 11.18. Den store Ufreden fraa 1914, som i Fysstningi saag ut til berre Menneskjeslagting og Reaksjon – det syntest sjølvsagt, at Prøyssen–Austerrik– Tyskland maatte vinne – ser meir og meir ut til aa bli ein veldig historisk Operasjon, som med alt Blodtap endaa vil kunna bli til Framhjelp for øttehelsa. Det fæle Stykke ramsvart Millomalder, som kalla seg Russland, ser verkeleg ut til aa ha fenge operera burt – for godt – Tsardøme; og Bol- sjevikarne – som lenge saag ut til leigde Prøys- sen-Tenarar – skal, etter det som meir og meir synest visst, vera ærlege Framgangsmenn, som baade vil og synest vera i Stand til aa gjenom føre verkeleg ny Tid i Russland. Og Valdsrike skìl seg sund i nasjonale Rike; sjølve Polen sy- nest nyreise seg. Det andre Stykke – noko mindre svart – Millomalder, Austerrike, er sprengt sund og i fullt Arbeid med aa skipa seg i Nasjo- nalrike: Ungarn, Bøhmen, Serbia o. s. fr. Sjølve Prøyssen –seinare Millomalder – baskar i alle Fall med aa skipa "konstitusjonelt Styre"; ja Tanken um Republik er uppe der med; og So- cialdemokratarne held iminsto uppe K r a v e paa økonomisk Nyskipnad. Alt er enno meir og mindre uklaart. Og So- cialdemokratarne er for mykje berre By- og Fa- brikkfolk til aa kunna gjenomføre ein naturleg Samfundsøkonomi og dermed ein full og trygg Fridomsskipnad. Men berre dette, at det gamle ramlar i Røys og tvingar Folk til aa taka Sam- fundsspursmaali upp att til ny Gransking, berre det er ein stor Ting. So langt skulde nok "den europæiske Kulturen" kunna koma utan aa spille eit Hav av Blod; men den europæiske Kulturen var ei Lygn, og Blodhave og Milliard-Øydsla hev dermed nok turvst, um ei Vending skulde koma. Og kann me stole paa, at Vendingi – etter so grenselause Offer e r komi, – so maa vel den endelaust tunglærde Verdi sidan kunne vinne seg lenger fram utan nye Blod- og Brandhelvite. – Eg held paa med " Kannestøyparen"; ferdug um eit Par Dagar. Men um D. n. Teatre hev Folk til aa spela det? Og um det i det heile klarar seg, so umogelege Tider det hev fenge til aa baske seg fram gjenom? – Der er nok ein Bondemillionær, som (gjenom Hulda) hev lova det 10000 Kr.; og ein og annan Smaasum elles er komen eller ventande ; men kva er Tusundkronur i denne Tid ? – Brev fraa den indiske Diktaren er kome med nytt Krav; Chr. Dybwad vil forleggja, so no maa Manuskripte bli i Stand . . . Mange Bøner les eg no um Dagen yver Chr. Dybwad; men kva eg skal gjera, korleis eg paa rimeleg Vis skal koma ifraa det – – – – Meldingi um det utsette Lund-Møte vart vel motteki med same; men no kjem det Brev fraa Møller um nye Vanskar (det er so ille ugreidt og uvisst med Skularne i desse Tider), so no stend alt i same Skòra att. Eg fær freiste paa aa faa Myrvang (og kannhende Lyng) med; eller so fær eg – med lite Hug – reise aaleine.

4. 11. 18. Siste Odyssevs-Korrekturen send, – endeleg. – Av Nytt fraa Verdi: Austerrike heilt ut- gjenge or Ufreden; Ungarn heilt skilt fraa Auster rike (som vel i det heile løyser seg upp); Keisar Wilhelm vert sitjande, men vil vera "Diener des Volkes" (ein slik Talemaate kann vel alltid Tyska- rar taka god); Jødarne hev fenge att sitt Kanaan, Palæstina, og festar Verdi rundt med varm Takk til England for dette. Og for mange Jødar (som dei russiske o. a.) vil det visseleg vera godt aa faa eit Heimland; elles vil det gaa no som etter den fyrre Babylon-Tidi: Fleirtale av Jødar vert verande Utlendingar. Dei vil leggje Verdi under seg, ikkje med Staal, men med Gull; og dei er visst lenger paa Veg med dette enn me tenkjer. – Det n. Teatre hev havt Aarsmøte. Hulda, som var der, fortÍl at Mode i Aar var serleg skralt; sjølve Teaterstyraren rødde berre um Van- skar. Eg kunde kannhende ha spart meg Brye med"Kannestøyparen" (som nettupp er ferdug); visst er dette likevel ikkje, so det er best Arbei- de er gjort.

12. 11. 18. Fred – endeleg. Tyskland hev bøygt seg for Vestmagt-Kravi, og siste Skòte er gjort. No hev Tyskland dertil gjort Revolusjon, – det eg minst hadde venta. Keisar Wilhelm er rømd (til Holland) og avsett (med heile sitt Hus) – det er den 3die Keisaren, som Krigen hev blaase burt, attaat nokre (tyske) Kongar og Smaafyrstar, – og Socialdemokratarne hev teke Styre allstad. I Staden for Fyrstar og Prinsar hev ein gamall S'lmakar vorte Rikskanslar; og dei gamle og dei "uavhengige" Socialdemokratarne hev skift Riks- raadspostarne likt imillom seg. Og alt hev gjenge fredelegt og rolegt. Folk hev endeleg misst Trui paa det gamle; og um Fleirtale vel knapt trur stort paa Socialdemokratie heller, so er dei so trøytte av Blodfløyming og so utarma av Halv- svelting, at dei tok Revolusjonen med Ro. Van- skarne kjem nok. Men dei kjem visst ikkje, fyrr Grunnlovstinge – som alt er innkalla – skal til med aa slaa den nye Skipnaden fast. Det vilde elles vera godt, um det socialdemo- Kratiske Styre heldt seg so lenge, at det kunde faa røyne seg ut; Socialdemokratarne hev enno mykje aa lære. Det kann bli lærerike Tider i det heile, dei som no kjem. – Dei Freds-(Vaapenkvile-)Vilkaari, som vart sette, er stride (Vestmagterne hadde med Keisaren og Militaristarne aa gjera daa), men vert vel no lempa paa, – liksom der alt er tenkt paa aa syte for, at det tyske Folke ikkje tarv svelte alt- for hardt, fordi det so truskyldigt fylgde si "gud- gjevne Styresmagt". – Slutt paa dei dyre Tiderne vert det elles ikkje paa lenge. – I Overmorgo lyt eg nok til Lund. Men heilt aaleine vert eg daa ikkje; Lieng kjem til aa vera med, ettersom Lyng i Dag telefonerar.

20. 11. 18. Til Lund kom me. Men der var ikkje noko skandinaviskt Møte. Det var Spanskesjuken, som var komen i Vegen; me raaka Nils av Ekenstam, som var oss ein hyggjeleg Vert, tok oss med paa Aarsmøte aat dei svenske Rettsdemokratarne og fekk gjenom 1. 12. 18. Millom deim som eg ikkje kom til aa helse paa i Kbhvn.– av di Tidi var knapp, og av di eg ikkje var meg sjølv, men Repræsentant for Rettsdemokratie – var Augusta Finne (Syster til Gabriel F.) og Mannen hennar ("Bellman"), tvo sermerkte Menneskje og Kunstnarnaturar heilt ut. No skriv ho og segjer meg Sanningi for dette (ho hadde sét Namne mitt i "Politiken"), og eg fær svara. So lenge som ho hev livt der nede vert ho nok aldri dansk; ho lengtar svært etter Fjellhytta si upp-ved Einunda; "Gud ved, naar jeg igjen kommer der op!" – og "savner sine egne der nede." Eg hugsa henne siste Dagen der nede; men daa var det for seint; dertil bur dei no ut-i Lyngby, ser eg. Og det hadde eg ingen av dei 2–3 Dagarne kunna naa. – I Dag var Hulda og eg paa Stabekk og helsa paa Schjøtt-Folke. Me (i Lag med Ivar Mortensson, som enno held seg paa Stabekk med Bibelumsetjingsarbeide sitt) vart væl fagna og hadde det svært hyggjelegt; og Schjøtt var i godt Lag; men noko rart med 'n er det nok ikkje. Ivar kvitnar og sterkt, og han treng sin Middags- svevn. Men sitt gode Humør hev han, og det vil halde 'n uppe lenge. At eg sjølv – som i Alder stend nokonlunde midt imillom desse tvo – tek til aa eldast kjenner eg tydeleg nok; eg vonar daa, at eg ikkje vert noko sers garnall, eg heller, – at eg slepp aa "yverleva meg sjølv". For det er det verste som kann hende eit Menneskje.

Urdi, Solhov 1918. Kjære Garborg! Takk og æra fyre Odyssevskvædet! No heve eg leset boki ut; men eg les henne uppatter. Eg skynar daa betre baade kvædet i seg sjølv, kor fagert det er, og kvat det vil segja aa faa eit langframandt storverk som detta ljoslivande paa norskt maal. Eg sit byrg heime i den norske stova mi liksom og slepp aa lesa Homer i dansk elder tysk umskrift. Maalet vaart heve visseleg ogso ein fyremun i detta, at me segja alt meir endeframt og utan altfor mange umgrip, slo som dei gjera i tysk og dansk. Sidan sist me var saman fekk me liva den store dagen, at gledesbodet kom, no verd det fred. Det var ei ugløymande Stund, daa Frida og eg stod ute paa svali og høyrde alle kyrkje- klokkorna ringia freden inn og alle skipi paa hamni gav liod med sine fløytor. Den nya tidi var det som sagde seg til. Ho heve kostat myket blod og myki utukka; men ho var vel ikkje aa faa fyre mindre. "Den store freden" han kjem ifraa Amerika. No er det andre gongen, og boki aat fru Hulda fær eit eiget verde, ei eigi ærend ved det, at ho kjem radt no og minner oss um, at det gode ikkje kann døy, men fær framgong eingong, naar tidi er mogi. Elles er det nog likt til, me fær tronge tider framleides, allvisst i aaret som no kjem. Frida var i byen igaar og skulde kaupa inn mat til jol; men ho sagde det var reint skræmelegt aa sjaa, kor husmøderne var utor seg og stridde som fyre livet. Mange slag matvaror var ikkje aa faa ein- gong, flesk til dømes, og litet nog var det av kjøt ogso. Naar det so jamvel skal vera smaatt um fiskemat, kvat skal daa ei stakars mor setja pa jolebordet? Bror min er nett komen heim fraa Berlin, der han heve voret fleire maanader med huslyden sin. Han segjer tyskarne taka det tolegt etter Erik Rusten. maaten og stunda berre etter aa koma i full verksemd atter. Bror min eig hus og hage i Grønewald utanfyre Berlin, og han laut gjeva herberge aat mange heimkomne herfolk. Men dei var greide og snille. "Wenn wir nur wøssten, warum wir in allen diesen Jahren gekømpft haben!" sagde dei med honom. Du lyt helsa fru Hulda myket baade fraa Frida og meg. Ho var gild og lyddest um meg tvo gonger i sumar, eg var iaak. No kjem eg meg atter myket godt og kann faa gjera nokot; men full kar er eg enno ikkje. Me vona det stend vel til hjaa dykk paa La- braaten, og me ynskja baade deg og dine av hjartat ei gledeleg jol og eit godt nyaar! Med mange helsingar fraa Frida og Olav Rusti. Du er gjerna gild og helsar Valstad og kona fraa oss!

Fjellvang, Holmestrand 2. 12. 18. Høgvyrde meister! Ein hjartans takk for Odysseen! Gildare ting kunde De ikkje gi det norske folk no. Nokon dom om arbeide kan eg ikkje felle; eg veit berre det er så godt gjort som det kan bli. Dykkar takksame Olav Duun.

Sumarro-gata 11. 12. 18. Kjære Garborg! Ikveld er eg ferdug med "fyrste lesing" av "Odyssevskvædet". Eg hev lese høgt for kona mi, og me tvo gamlingar hev vore hugtekne. Er inkje det ei prøve paa at umsetnaden er god? Ingen av oss hadde lese Wilster, og me var soleis nokso frie for forutsetnader. Takk, hjarteleg takk til Deg og til Schjøtt for den gaava De gjev det norske folket og den nor- ske bokheimen til jol 1918. Og serskilt takk, at De sende meg boki med paaskriv. God jol og mange godnader til Deg og kona! Din J. Løvland.

7. 12. 18. Skodde, Skodde, Skodde, tett, tettare, tettast, og no og daa ein Regndag, eller ei Snø-Natt med etterfylgjande Dropling og Tining, til dess Marker og Vegar er berre Leirbløyte ... og soleis held det paa og held paa og held paa, so me hugsar snart ikkje korleis Soli ser ut. Og det er ikkje Natt og Dag lenger, men Natt og Halvnatt; sét eg meg daa til og vil arbeide, so veit eg kje Ord av, fyrr eg sìt og dubbar og halvsøv eller heil- sovnar; for i all denne Graaskodda og Halv- og Heilnatti dovnar all Arbeidshug og Arbeidskraft burt. Og endaa er det 4 Vikur att, fyrr det tek til aa dagast. – Ute i Verdi er det like eins graatt. Ikkje Ufred og ikkje Fred; ikkje Fredsforhandling dess- meir; berre her og der noko graa Halvrevolusjon eller noko meir eller mindre blodig Bolsjevik- tummel. Og um baade Blad og "Rosta-Bulletin" er fulde av lange Telegram, so hender det i Grun- nen ingen Ting. At baade Keisar Wilhelm og Son hans hev fraasagt seg Trona hev visst Inkje paa seg; at England vil krevja Ende paa all "Verne"-Tvang, naar Fredskongressen ein Gong vert anna enn ei Von, – det vil ein gjerne tru maa vera meir enn Snakk; men kva veit ein? Det einaste visse synest vera, at Vestmagterne vil slaa ned den ryske (og tyske) Revolusjonen; men um det vil vera godt gjort eller laakt gjort, – kven veit det, so lenge det er Uraad aa faa Greie paa, kva Bolsjevikbraake er for Slag? Nansen driv paa med noko som skal bli ein "Freds-Liga". Men ettersom det ser ut, vert den Ligaen berre eit nytt Stormagt-Velde, som vil vara nettupp so lenge som Stormagterne er for- likte. Og ikkje ein av dei ordførande i Blad- og Politikkskravle hev ein Tanke som gjev Trygd for, at Poetsnakke um "ny Tid", som elles alt tek til aa bli gamalt, e r anna enn Snakk. Skodde, Skodde, Skodde, tett, tettare, tettast i Politikkverdi med. Det einaste som melder seg tydeleg no og daa, er den komande nye romantiske Tidi. Og den bør koma; Realist-Tidi hev vorte berre Mekanik og Matvisdom.

17. 12. 18. Dei siste Par Dagarne full Snøvinter. I Dag endeleg ein SolvÍrsdag; men det er kaldt; den lange RegnvÍrs- og Graaskodde-Hausten er me daa vel ferduge med. Og snart tek Soli til aa stige og Arbeidskrafti til aa auke att; i dei siste Par Maanarne hev eg helst vilja somne, naar eg sat ved Skriveborde. Det er Aari, maa-tru! –No og daa ser eg eit Par Ord i eit Blad eller fær eg ein Brevstubb som inneheld, at "Odyssevskvæde" vert lika. Og det gjer meg godt; grunntrøytt som eg var etter det lange (og paa Slutten rett stride) Arbeide hev eg havt lite Mod: Arbeide saag meg reint skralt ut. Heilt-upp glad vart eg ved ein slik Brevstubb fraa Løvland, Kyrkjeministeren; eg kann daa gaa ut fraa, at han ikkje tregar paa Rikshjelpi til Umsetnaden. – Nokor sak-kunnig Melding er elles enno ikkje komi. –Fraa ein (meg ukjend) Franskmann, ein "confrére", Lagsmann "de la Société des Gens de Lettres de France", fekk eg i Dag Fyrespurnad etter "Haugtussa" ; han vil ha eit Eksplar av "l'édition norvégienne". Det maa vera reint ny Tid der nede; ikkje nok med, at "det utlivde Frankrike" klarar seg mot les Prussiens: det "innestengde franske Aandslive" hev fenge Augo som ser heilt upp til ultima Thule. – Kunde no Franskmennerne dertil gjera seg frie fraa den keid- same Millionær-Republiken sin! – som nettupp i desse Dagar fraterniserar villt med den nordameri- kanske Milliardær-Republiken og – gjenom sjølve Præsidenten – fraasegjer seg all Tru paa Verds- freden. – I Russland og Tyskland ser enno alt ugreidt ut. Engelske Tilstand er meg paa ei Vis likso uklaare: Lloyd George er "Toryførar", og Asquith er med paa den Ting. Men kannhende hev To- ryarne vorte Framgangsmenn? Aa langt ifraa; England vil vera Herre paa Have som fyrr, meir enn fyrr; aukar av all Magt Krigsflòten. Lloyd George trur daa vel ikkje meir paa Freden enn Poincaré? Og Amerika? Fell vel for den repu- blikanske Reaksjonen til næste Val, veit eg!

26. 12. 18. Klaart; knakande kaldt; full Vinter. Men for lite Snø. – Odyssevskvæde ( 1 ste Upplage, som eg no høyrer var meint paa aa vara i 10 Aar!) er utselt i Xania, kor mykje der no kann vera att i dei andre Byarne. Det bør daa bli Spursmaal um nytt Upplag (endaa det fell ille ulaglegt for meg av di det vert so lite Stunder til Gjenomsyn); fær til aa elte Nygaard att, Stakkar. – Joli hev gjenge med Brevskriving – Takke- brev (for Takk-Helsingar for O.kvæde), som stun- dom er vrange nok aa faa Skikk paa, mill. a. av di eg stundom hev aa takke for Friekspl. av ny- komne Bøker med –; og enno hev eg dei fleste att, huff. Serleg vanskelegt vert det aa svara SrÓ Ananda (som skriv paa Vers endaa-til), – av di eg enno ikkje er komen i Gang med "Snø- fuglar". (Og vert det ny Odyssevs-Sjau, kóss skal det daa gaa ?) – Elles Joli svært still, som vel er; einaste Gjesten (umframt Ungfolke hin- sides Tune): Ivar Garborg (som i det seinste ligg upp-ved Kongsvinger og er ,Myrmann" – styrer med Torvmyrdrift – og snart skal bli Skogmann); han blir meir og meir lik "han Far- bror Ola" aa sjaa til. Han er daa no den einaste i øtti, som minner meg litegrand um Gamleheimen. – Brev fraa A. M. St. Arctander; han driv paa med Faust II (som skulde vore ute til Jol, men vart seinka ved Setjarstreiken). Og no, daa Folk synest faa Hug for klassisk Lesnad att, tenkjer han paa aa fornorske "sumt av Hesiodos og dei græske Tragikarar", – "um berre Liv er meg lage ei Stund frametter". Liv trur eg er honom lage ei god Stund enno; og Arbeide hans trengst, – um eg elles trur mindre paa Hesiodos.

31. 12. 18. Me slutta det gamle og byrja det nye Aare med ein Kveldsmat og eit Glas ned-hjaa Advokat Meyer; livleg Samtale – Ufreden; Freden; Bol- sjevisme etc. –; hyggjelegt. No er den fysste Timen av 1919 gjengen.

4. 1. 19. Dagblade held 50-Aars Jubilæum og prentar daa upp ymse Stykke fraa gamalt; eg er repræ- paa so lenge, at eg tenkte det laut vera kome eitkvart i Vegen; kunde eg ha sagt noko i Bio- grafien i "N. Folkekultur", som han mislika? – Men so sende han meg "Lye-Prestarne" her eit Bìl sidan (eit Ark Serprent or "Stavangeren"); det takka eg fyre; og i Dag fekk eg eit langt og hyggjelegt Brev (med nokre Rettingar til Stykke i "N. F."), so eg kann gaa ut fraa at alt er i Orden att. – Han er 71 Aar no; og skal eg døma etter Handskrifti i Breve, so hev han vorte m y k j e eldre enn daa han sist skreiv. Og um Arbeide sitt nemner han ikkje eit Ord. Gjev det daa ikkje maa gaa som eg lenge hev ræd- dast: at han somnar ifraa Arbeide sitt, fyrr det er halvferdugt! – Eg fær sjaa ut til Sætre, so snart som eg kann taka meg Tid.

9. 1. 19. I Dagmorgo hadde eg ei av Uriderne mine. Hadde sove mindre godt og drøymt tungt og vakna hugmyrk og i verste Svartsyn-Lag; vart so ligg- jande der og saag ut-yver Live mitt, og fann, som vanlegt naar dei Riderne kjem, at alt var Tøv og Ingenting; Tøv, Tull, tomt; "saa usige- lig fattig kan en Sjæl da gaa tilbage i Intet, i det taagede graa", hermde eg etter Peer Gynt; og eg vann meg ikkje yver att, fyrr eg var upp- komen og hadde gymnastisera og stelt meg og fenge Morgonmaten og Kaffien. Daa var eg i mitt vanlege Lag og smilte for meg sjølv: Live er som ein ser det til; og ein ser det som ein er i Lag til. Det viser seg for oss i endelaus Skif- ting; i dei "store Stunderne" er det berre Høg- tid og Jubel og Mod, og i Svartstunderne er det Tøv og Tull og Inkjevetta. Til vanlegt er det baae Slagi i endelaust skiftande Blanding. Men i "Svartstunderne" hev Religionen vorte til og fenge Magt, og daa hev han sin Rett: er til Hjelp for den store Mengdi, som elles knapt greider det. Mengd-Menneskje gjeng nok ikkje fri av dei svarte Stunderne; ofte nok høyrde eg i Ungdoms aari Preikebøker og Prestar skildre "de store An- fægtelser"; men Fanden (og Vaarherre) fær Skuldi, og Trøysti er, at det er Prøvingar, og at alt vert uppretta til slutt, naar Himmelen opnar seg. Me andre hev Mage og Nervur aa skulde paa og ret- tar oss upp att med naturlege Hjelperaader. Og naar "Anfægtelsen" er yver segjer ein som so: er Live tomt, so er i alle Fall det ikkje mi Skuld; eg fær nytte Live paa beste Maaten etter Mitt skyn og med mine Gaavur og Vilkaar; daa er eg meg sjølv og andre til so mykje Hugnad og so lite Plaage som eg kann, og etter nokre fleire eller færre Aar gjeng eg rolegt inn til den store Kvila. I Røyndi hev Live sin Rikdom i det mangfelde Skifte av Stemningar, fraa stor mande Jubel til Modløyse og Sjukdom; ein tek det alt med godt Mod eller Tolmod som best ein kann og finn seg i, at alt er og vert Gaate, med alle vaare religiøse eller filosofiske Freistingar paa Forklaaring. – Rider av dette Slage vert elles sjeldfengdare og lettare med Aari. – Hev pløgt igjenom ei krigs- og samfunds- Filosofisk engelsk Bok paa Norskdansk: " Det fjerde Aar" av H. G. Wells. Denne Wells er ein rimeleg Mann, som dømer vitugt um baade Vest- magter og Midmagter, um Folki i det heile; han skynar, at so langt som Verdi er komi i Øydings- og Myrdingskunst no, so maa ho anten paa ein eller annan Maate skipa Verdsfred: sam- bundne Statar (eller ein Romarstat) Verdi rundt; eller so vil Kulturen vaar gaa under; godt og greidt og rolegt og engelsk legg han dette fram so tydeleg, at noko større aa segja til det er her knapt. Og til Tryggjing av Freden krev han sjølv- sagt Folkestyre. Men han hev ikkje anna aa fara med enn Tilmaats-Valmaaten. Den danske Fri- valsmaaten, som er mykje baade enklare og full- komnare, hev han ingen Draum um. Og Jydarne, stakar, dei synest ikkje ha minste Lag med aa gjera sine Tankar kjende; etter mange Aars Ar- beid er Frivalsmaaten lite kjend i Skandinavia og lenger ute heilt ukjend. Det er berre den engel- ske og tyske Verdi som forstend seg paa Reklame.

16. 1. 19. SrÓ Ananda – som hev gaatt den vesle Stub- ben min i "Intelligensen" um "Snøfuglar" – hev sendt meg den svenske Umsetnaden, som i ymse Maatar vil bli meg til Hjelp. – Den tyske Revolusjonen tek til aa bruka den gamle Héren til Hjelp mot Spartakus-Flok- karne. Dermed er Tyskland vel inne paa Reak- sjonsveg att: Héren med sine Junkar-Officerar vil snart taka Magti. Men Ententen – som paa sin Maate er reaksjonær – sét Krav til Tysk- land, som snart maa føre til ny Ufred. Og til Wilson høyrer me Inkje meir. Lite aa vone og Inkje aa stole paa, det er nok Sanningi. – Laakt Nytt fraa "Villa Granholt" ved Sta- bekk: Dokteren hev sagt fraa, at Schjøtt ikkje hev noko lengje att. Eg fær sjaa inn-um der burte, so snart eg kann; er det so skralt som det høyrest no, so, er eg snart heilt aaleine.

25. 1. 19. 68 aar. – Preika i Gjærkveld "Retts-Stat" i Bonde- ungdomslage inn-i Byen. Fullt Hus; og endaa skal det ha stade "Kø" heilt ned til Grand, for- talte Sæland, som me raaka der inne i Dag, og som ikkje hadde kunna sleppe inn, – rart nok. Det gjekk elles som vanleg; litegrand Ordskifte vart der med, der serleg Møller og Lieng var i Elden; av dei 2–3 Røysterne or Publikum var 1 paa den "rette Sida". Men at det so smaatt tek til aa glide millom meir tilkomen Ungdom der inne kunde Møller fortelja um. Den 28de skal me ha Møte um det skandinaviske Tids- skrifte og "Retfærd". "Bondeungdomen" klappa livlegare til Talen for 68-Aaringen enn eg hadde venta; kor lite slikt hev aa segja veit eg no. Men Herregud, det vesle ein kann hava av Namn er vel alltid til litegrand Studnad for det ein ar- beider med. Elles er det berre øtti, som hev hugsa meg i Aar; ein av Skyldingarne – Brordotteri Sigrid – hev kunna helsa meg fraa Berlin (der ho sìt paa Ministerkontore, av di ho er serskilt glup i Franskt); det er kje so urolegt der nede som me trur, fortél ho; held ein seg utanfor visse Gatur og Stròk, so er Byen som han plar vera. – Ei "Niece", Olga Rønneberg (Systerdotter) helsar meg fraa Amerika paa Engelsk (det einaste Maale som ho kann); eg er i Aar nettupp "fifty years older",enn ho, fortél ho. – Torkell Mau- land hev telefonera; han skal til Jærs no – paa Granskarferd, etter som han fortalde. – Schjøtt gratulerar og lovar aa halde Festmaaltid paa eit Eple fraa Labraatenhagen; lovar Resten av Odys- sevsmerknader til Slutten av Maanaden – den Trufaste! Lærarar og Elevar paa 1 – ein – Folkehøgskule "helsar i meg Føraren for dei Unge" (me hev ikkje mange unge daa!) – og Ungdomslage i Oslo sender ein herleg Tulipan- bundel (som i denne Tid vil koste so mykje, at eg, Bonden, kunde ynskje Sømen "betre nytta"); den skulde segja, at Arbeide mitt hev eit Fleir- tal med seg der. I alle Fall det norske Arbeide. Og det var nok ikkje so lite. I Takkebreve fær eg daa visst "nytte Gaava ut" best eg kann. Men Festgaavur talar sjeldan um anna enn "Fest- stemningar": Folk finn Grunn til aa sjaa fest- stemte ut. Og um det kann vera gildt nok i seg sjølv, so er der Ingenting aa byggje paa det. – Ungdomen, ja; det var den siste Trudoms- Artikelen; Ungdomen maatte me tru paa; den skulde gjera det; Ungdomen var Framtidi, maatru. Men kor hev det vorte av den Ungdomen, me no i snart eit halvt hundrad Aar hev "trutt paa"? Naar Ungdomen naar Manndomsalderen, so viser det seg alltid paa nytt: det var berre eit Faatal som kunde "halde fast paa sin Ungdoms Ideal", – eit Faatal so lite, at det oftast maa ei heil Rad av øttlekkar til, fyrr det kann bli gjort eit Stìg paa den Vegen, som "Ungdomen" for 50 Aar siden kalla sin. Og so kjem det Stansingar ' Sovetider eller Atterslag. Det er daa ikkje "Ung- domen", ein kann stole paa, men det vesle Faa- tale, som magtar aa gjera Ungdoms-Draumarne til Manndoms Vilje. – Eg kom til aa sjaa ein Føljetong av Vilh. Krag i eit Blad um Homer (med nokre rett gode Ord um "Odyssevskvæde") og den halvkultivera høgre Skulen vaar; det var sterke Ord. Og det e r n o k altfor visst, at me er komne ned i "Sin- keleksa". Tru me finn utav dette Uføre att? Eg hev tenkt mykje paa Spursmaale, men er dess- verre i k k j e Mannen til aa greie det. – Brev fraa Forleggjaren um eit "Supplerings- Oplag" av "Bondestudentar", "som nu delvis bru- kes som Læsebok i Gymnasiet" og vert selt for Skulebokpris; mine 20 Procent hev òg vorte ein liten Skilling. Og det tarvst nok; ingen kann enno spaa, naar Dyrtidi fær Ende. –Vonerne um "den ævuge Freden" er visst uppgjevne i alle Blad no. Og Vali i Tyskland gjev Socialistarne Faatal, liksom det ber meir og meir ned-yver Bakke for Bolsjevikarne i Russ- land. Det me no hev i Vente er vel berre Reak- sjon. Gudarne gjeve oss Tòlmod! – Eg gjeng i Veg med Inderen min att, som – etter Upplysningar eg Finn i Innleidingi hans til Indisk Filosofi (Xia. 1915) – berre heiter Ananda ("Srî" og "Acharya" er Titlar; Mannen hev naatt so høgt, at han hev Rett til aa skrive seg: "D e n h e i l a g e A n a n d a , L æ r a r e n ").

30. 1. 19. Møte i Grunnskyld- og Rettsstatslags-Styri i Gaarkveid – til Fyrebuing av Aarsmøte i Grunn- skyldslage. Der kom det – endeleg! – upp, at "Retfærd" i Røyndi i k k j e hev Tingarar. For 2–3 Aar sidan vart det gjort ein Freistnad paa aa faa inn Aarspengar – ein aalvorsam Freistnad, med eit Brev fullt av Grunnar –; paa det svara ikr. 30 med Kontingent; no er det ikkje høyrande meir fra deim heller. Og um Blade kjem eller ikkje kjem: Ingen spør etter det. Es ist die alte Geschichte. Dei som vil det rette er 1) alltid i Faatal, og 2) kløyvde i tri: dei som er "med i Principet" (og i Røyndi like glade) dvs. Fleirtalet; dei som er heilt med (i Teorien og i alt som kann bli gjort), men i det høgste betalar sine Aarspengar: Faatale; 3) dei 2 eller 3 eller 5, som gjer noko; av desse vil 1 eller 2 eller 3–5 hava saa mykje anna aa gjera, at det i det høgste vert 1 eller 2, som kann leggje litegrand – eller noko meir Kraft i Arbeide. Den store Mengdi fylgjer alltid Fleirtale: dvs. Urettsflokken, som daa alltid hev Magti Rett- færds-Faatale kann – pa a Yvervitnings- og stundom paa Revolusjonsveg – stundom faa lempa paa dei verste Uretts F o r m e r n e; merke- lege Ting maa hende, um det nokon Gong skal bli meir.

7. 2. 19. Brev fraa Abel (22. 11. 18. – det hev vorte langt til Amerika att!) som no er "Resident Agent for State Bank of Conway", Wash. og greier seg "bra"; han bur i Byen um Sumaren og i "Sæter- stova" – med "Peis"! dvs. ein Millomting av Peis og Kamin – burtved Seattle(?). Han vedlegg eit Brev fraa Son sin, som er med i Ufreden – ein Arne Garborg fraa U. S. A. i Krig i Frankrike- Belgia! –; og der hev nok Guten ikkje havt berre Moro. Han fortél serskilt um eit Basketak paa 20 Dagar ved Chateau Thierry, der det var "Bombespektakel" jamt, so han "kunde mest ikkje tenkje, tumla berre i Veg som i Halvørske" (Guten skriv Engelsk). Den Brigaden han var med i (23de) var sidan i fleire – harde, men hepne – Strider (soleis ved Montblanc-aasen, "ein av dei vanskelegaste Staderne i Hindenburg-lina"); men han slapp fraa Leiken med heilt Skinn mot alle Voner; vart so flutt yver til Hovudkvartere for Brigaden (den 2dre). Sidan var han med Okku- pasjonshéren paa Marsen inn i Tyskland; dei drog gjenom Belgia ("nedre Hyrna") og Luxembourg og vart allstad festlegt mottekne. (Ein Stad i Belgia fekk han endaa "sova millom kvite Lakan" – for fysste Gong siden han var i Nyork.) – No er han vel heime att. –Den lange Skoddetidi er visst endeleg yver- stridd; me hev den eine sol- og snøblanke Dagen etter den andre. Og um det er kaldt, so er det roleg og stilt; me kann daa vel tru, at "han er litande paa". Annarleis er det i den vesle Mannaverdi; der er alt utrygt. Eller snarare trygt den galne Vegen. Den store "Nasjon-ligaen"' – det vert nok berre ein ny Tvangsskipnad: Stormagterne tvingar Mindremagterne inn under sin Vilje med økono- miske i Staden for militære Tvangsraader: vil me kje dansa etter Englands Pipe, vert me sette paa Sveltekur. For Handelskrig vert billegare enn Vaapnkrig no. Og kva anna enn Magtstyre skal me vente av Magterne? Elles vert Handelskrigen Vaapnkrig att, naar Stormagterne vert usamde seg imillom. Og soleis vil Verdi glide nedi den gamle Blodsøyla att, fyrr ho veit Ord av. Det er den gamle Soga som alltid vert ny: naar Magterne skal skapa Fred, so berre legg dei Grunnen til ny Ufred. S k a l det bli Fred i Verdi, so maa Folki taka Magti, og alt maa bli snutt um. Me maa faa full Fridom for Arbeid og Handel (Grunnskyld i Staden for Skattar og Toll) og fullt Sjølvstyre (Samstyre i Staden for Diplomatkunster og Militærbraak og Borgar- eller Partikrig). Men Folki k a n n ikkje taka Magti. Folki kann tvo Ting: gjera Revolusjon og setja nye Herrar yver seg eller drive Partikrig med fleire og fleire dvs. mindre og mindre Parti og dermed større og større Partiførarmagt dvs. ny Herremagt. Lenger kann ikkje Folke koma, av di det hev anna aa gjera enn studere Politik. Og so vert det æveleg same Dansen: fraa skiftande Former av Storherre- styre gjenom skiftande Former av Smaaherrestyre til nytt Storherrestyre ("Cæsardøme"), og gjenom det til Undergang. Og so "næste Par upp!" o.s.fr. – Fysste Helvti av,"Snøfuglar" send SrÓ Ananda til Gjenomsyn. Korrektur paa 2dre Arke av 2dre Upplag av Odyssevskvæde lese og sendt. No i Veg med 2dre Helvti av "Snøfuglar"; og soleis fær eg Tidi til aa glide.

11. 2. 19. Gjester i Kveld: tvo av dei beste Rettsdemo- kratarne vaare (Møller og Lieng) og ein svensk Mann: August Schvan, Kammerherre og Attaché og Samfundstenkjar. Ein Kammerherre reint for seg sjølv: heil Georgist og i Grunnen heil Anarkist (um ikkje nettupp i Teorien), og ein uvanlegt kunn- skapsrik og tankeklaar – og taleklaar – Mann, som eg er glad ved aa ha lært aa kjenne. Han hev sét mykje av Verdi – serleg av "Stats"- verdi – og talar dei 4 europeiske "Verdsmaali" (dei gamle 3 + Russisk) likso godt som Svensk; like eins kann han mykje og hev – etter alt eg kunde forstaa – tenkt det igjenom, og det meir heilt ut enn Folk plar tenkje sine Meiningar igjenom; han er Fritenkjar i sann og full Meining. Og mykje sagde han – um snart sagt alle vaare "store Spursmaal" (Samfunds-, Kyrkje-, Skule-), som var so klaare og modige at dei friska meg reint upp. Eg kjende han paa ein Maate fraa fyrr – veit um ei av Bøkerne hans : "Les Bases d'une paix durable", og hev i danske Georgeistblad lese um eit Foredrag, han hev halde i Kjøpen- hamn –; no er her Von um aa faa 'n til aa tala her med (i Bondeungdomslage for det fysste). Og det skulde kunna hjelpe i ein By som Xania: ein svensk Kammerherre, som er Georgemann og "villt radikal"! – Tala kann han i alle Fall; og han veit og kann meir, tenkjer eg, enn Storting og Regjering ihoplagde. Kor som er vil han koma i Folkemunn, og dermed Tankarne hans med; skulde nokon kunna setja eit Grand Fart i oss, maatte det vera ein Kammerherre som denne. – Song Vll Xll av Od.kv. gjenomgjengne og sende; no fær eg taka meg eit Par Dagar "Snø-fuglar".

16. 2. 19. Me var paa Stabekk (Granholt) i Dag, Hulda og eg, i Middag hjaa Schjøttfolke. Det var, som alltid, hyggjelegt der; men ... med Schjøtt ber det nedyver Bakke. Det er tydelegt aa sjaa no; og det var vondt aa sjaa. Enno klarar han seg. Men rett som det er kjem det Urider, daa det er reint skralt – han fell i Uvit rett som det er (anna leidt er der med) –, og Dokteren hev sagt, at meir enn eit Aars Tid vil han vanskeleg kunne greie seg. Han er daa 75 Aar òg. Men so sterk og kry som han hev vore alt til det siste, – eg hev alltid i Grunnen tenkt, at han maatte minst bli otti.

19. 2. 19. Igaar kom endeleg "Kannestoyparen" upp paa D. n. Teatre. Og det gjekk rett godt: burt-imot fullt Hus og mykje Fagnad. Og um der kunde vera ymist aa segia – det hev vore for lite (iminsto for lite kunnig) Instruksjon –, so m a a Teatre freiste seg paa store Fyrelogur no og daa. Men Kritiken er – i det heile – sur; og at me vaagar aa fornorske den "norske" Holberg til- gjev dei oss ikkje. Og Spursmaale um skikkelegt Husrom for Teatre vert eit Livsspursmaal meir og meir; det er mill. a. ikkje mange som kann klara aa flakke Land og Strand paa Spelferder lenger enn so i 2-3 Ungdomsaar. Noko-so-nær heile Flokken skal ha sagt upp, eller skal vilja segja upp, um Teatre ikkje fær bygt skikkelegt Hus aat seg i Oslo paa eit-Par Aar; men med det ser det smaatt ut. Kristiania-Kulturen hev fenge uventa Hjelp no: Sjuke Hestar og Hundar "kann kje faa Husrom" utan nettupp i det Huse som stend paa den Tufti der D. n. Teatre skulde byggje. Og di meir Teatre upplyser um, at det ikkje kann klara seg utan aa faa Rett yver den Tufti det hev kjøpt, di gladare segjer Xaniakul- turen Nei, av Hjarta lovprisande sine sjuke Hestar og Hundar. Med Framvonerne er det daa berre smaatt. Og kor det kann gaa med den nye Lut- teikning i, Teaterstyre byd inn til, det er paa Uvissa reint, veit eg. For Pengar vert meir og meir alt; og eit Teater, serleg eit norskt Teater, gjev mindre Rentur enn snartsagt nokon Speku- lasjon; kven kann daa ofre anna enn i det høgste ein Smaaskilling til sovore? – Mi einaste Trøyst fær daa vera den gamle, at di meir Geiti vert banna, di meir trivst ho; men kor lenge den Trøysti kan halde ut – – – – Kammerherre Schvan held Foredrag (um "Individet, Staten og Nationenes Forbund") i "Industripaladset" i Morgo Kveld; eg fær inn og sjaa, um eit slikt Emne kann samle Publikum.

4. 3. 19. Ei heil Rekkje Foredrag (um Jordsak og ny Samfundsskipnad hev me havt i denne siste Tidi; og det gjekk so godt som det kunde gaa, slik som det enno er stellt her. Baade Aug. Schvan og Sofus Berthelsen hadde me til Talarar; og dei tala godt, og vann mykje Samtykke, um dei elles fekk ein sterk Tokke av, at me ligg atterut her, og at Arbeidsvilkaari er tunge. Schvan, den svenske Kammerherren – ein rett rar Herre: fin og skjemtesam Hoffmann, men samstundes, etter alt eg kann skyna og sjaa, ein aalvorsam Radikalar – hev nok snart misst Trui paa oss som paa Landsmennerne sine eigne; no vonar han berre paa Danmark og vil fylgje Berthelsen der ned. Men misser han Trui der med, so vil han fara til India og "finna sig en bajadere och gi fan i altsammans", som han sa, – so halvt skjemtande. Dei tvo Framande saman med Lieng var her ute i Dag, og me hadde ei hyggjeleg Stund, um det "saklege" Mode ikkje nettupp var so høgt (Berthelsen var fyrebudd paa ymis Reaksjon i Danmark, etter som eg tottest forstaa; det nye Styre der vert der nok endaa mindre Framtak i enn i vaart nye Knudsen-styre); og so "fær me no sjaa daa". Hulda skal til Byen i Morgo og vil gjera endaa ein Freistnad med Bondeungdomslage og Stud.samf., – um ho kann faa Schvan inn der (Berthelsen reiser i Morgo); lét det seg gjera, kunde det vel friske litt paa Mode hans; og det kunde ein so uvanleg Kam- merherre fortena. – Igaar hadde Sør-Austlands Maallage (For- mann: Prof. Koht) eit lite Samlingsmøte (det fysste) her i Asker; der var ikkje so reint lite Folk, og det gjekk rett godt. Av aalvorsame Ting var der, umframt nokre Inngangsord av meg (dvs. eit lite Foredrag um det norske Arbeide fyrr og no og heretter) eit Foredrag um den nye (norske og norskdanske) Rettskrivningsskipnaden av Prof. Liestøl (som talar svært greidt og godt), og nokre gode Ord av Koht um Austlandsmaal- stræv; ymist anna gildt var der og ymse gode Folk (eg raaka Dr. Høverstad der, endeleg; det er visst ei god Kraft); og sistpaa vart der Moro: Hans Seland var der og fortalde Skjemtestubbar; og det gjorde han etter mitt Skyn betre enn nokon Gong fyrr; me lo oss glade alle, trur eg. – Det hev vorte ein Stans i "Odyssevskvæde"- prentingi att, kor det kann ha seg; for meg er det elles godt; eg er noko trøyttvoren. Fraa Øysterdals-Hinduen min høyrer eg no og daa: han arbeider med aa faa Forleggjar, og er rett godt paa Veg med Norli; eit Stykke paa Veg med Gyldendal òg; men . . . naa ja-ja; kven veit? – Men um eit Par Dagar lyt eg daa heilt i Selen att. – Med Odyssevs-Gjenomsyne hev eg naatt til 16de Songen og kann paa nytt segja at eg ser Land. – Men den Haugen av Brev som ligg her . . . Det gjeng seint for trøytt Mann aa faa Brev av Garde.

8. 3. 19. Ein Lærar (H. K. Busland) hev sendt meg "Smaastubber av Alf Buestreng" ("Tillægshefte til "Lærerstandens Avis", Tvedestrand 1873; Trykt av I. Isaksen") til Gjenomsyn, – um der kunde vera noko aa finne der, som burde med i Prosa-skriftsamlingi. Det er der no ikkje, etter di "Smaastubberne" er paa Vers. Og der hadde ikkje vore noko til ei Verssamling heller; det er berre Skulegutarbeid. Skuleguten hev elles vore rett flink: skrive Ibsen- Vers, som ikkje er verst, ja som her og der kann klinge; ein skynar òg, at der arbeider eitkvart i Heilen hans; men alt er uklaart, og han hev reint for lite aa gjera med. – Som rimelegt kann vera med det eg daa hadde av "Skule". – Nygaard hev fenge Tak paa John Flaxmans Alf Buestreng var det namne Garborg mest skreiv under i "Lærerstandens Avis". H. G. Odyssevsbilæte fraa London (det som Universitets- bibl. hadde: Pope's Odyssé-umskrift med Illustra- tionar etter Flaxman var ubrukande til ny Re- produksjon), og er no meint paa aa faa deim inn alle i ein Del av Upplage (til høgre Pris). Dette kann eg ikkje ha noko imot, um eg elles ikkje er like vel nøgd med alle Bilæte. Eg vil elles raadføre meg med Schjøtt. – Politiken innan- som utanlands ventar eg meg mindre og mindre av; det kjem daa til aa gaa som i alle Revolusjonstider: villare og villare, til dess det endar i Reaksjon. (Um Bolsjevikarne, som eg aldri hev kunna faa Greie paa, les eg i Dag eit greidt Ord av ein Russ: Revolusjonen deira er "eit asiatisk Despoti med kommunistisk Etikette". Og den "store Freden" – vert vel til eit nytt Stormagt-styre, som tvingar fram andre Magt-samlingar og Magtstyre; Enden paa Visa: nye Verdskrigar – og finis Europiæ.

12. 3. 19. Eitt og anna gamalt dukkar upp rett som det er; i Dag kom det Brev fraa ein Mann, som eg kjende i 80-Aari, og som i det heile var kjend daa: var Vinstremann (endaa han var Løytnant!) og hjelpte til med "Folkevæpningi": Dietrichson var Namne. Sidan hev han vore i Australia, fortél han – kva han no hev drive med der – men no er han komen heim og vil lìva sine siste Aar i Norig. Men dei er vel burte no, dei fleste som han var kjend med; og so vender han seg til ein Halvkjenning som meg med Spursmaal etter ein av deim, som enno er til, men som han ikkje veit aa finne (Jakob B. Bull, som skal vera i København). Eg fær skrive og rettleide Mannen best eg kann; det er nok ikkje greidt aa "koma heim att" i sine aldrande Aar og finne at ein er meir framand "heime" enn ute. Men Breve hans dreg dei fysste 80-Aari fram-for Minne mitt att; der er mangt fraa den Tidi aa hugse, som lenge hev vore forunderleg "burte" for meg. Tingen er vel, at eg aldri hev vore heilt med i Politiken vaar, um eg aldri so vel kunde sjaa, at vigtige Spursmaal var uppe; det Norig som no raadde (og i Røyndi enno raar), det var ikkje mitt, – og kunde det nokon Gong bli mitt? – Enno hev eg ikkje anna Svar paa det Spurs- maale enn ei Von, som i det store og heile hev vakse, men langt-ifraa jamt; og det eg veit er berre det, at e g ikkje fær sjaa "den nye Dagen". – Endaa noko gamalt: Sofus Berthelsen hev sendt meg nokre Stykke, som han (under Laane- namne Esben i "Ret" 1910–11) skreiv um Bjørnson og hans "Daglannet", eller rettare: um ei Samtale, han hadde med B. B. (paa Aulestad) vedkomande Jordspursmaale, og korleis noko av det han daa fekk gjeve den store Skalden inn, kom att i "Daglannet". Det er rett forvitnelegt, dette, og eg bør eingong sjaa aa faa nemnt det; visst er det, likevel, at B. B. aldri kom so vidt med her, at Folk forstod det; han hev aldri kunna vera heilt med paa noko, utan naar han hadde eit ikkje altfor lite Tal i Ryggen. Men Folk av det Slage trengst ikkje minst; og ved aa halde seg "der hvor han trodde Fremtiden grodde" kom han til aa gjera eit Arbeid som var baade stort og naudsynlegt. Men naar han tala med ein Danske, so var det – i dei Aari – rett naturlegt, at han kom inn paa Maalsaki; og her sleppte han seg heilt laus, som rimelegt kunde vera. Og han bruka eit Bilæte um oss norske, som var endaa meir raa-lystigt enn dei han stundom bruka, naar han skreiv til meg ("disse Huleboere", "disse endnu lodne Mennesker", "disse Dyr"); men so ufyse som Bilæte var, so hadde han – altfor rimelegt – Dansken heilt med seg; ja Dansken refererar det offentleg – til Pris for den store Skalden og Nordmannen. Nasjonaliteten skulde vera det same for Folke som Sjølvkjensla er for Kultur- mannen; men med Kulturen er det smaatt Stell. "Nasjonaliteten" kann daa og føre til Menneskje- slagting i Millionvis, liksom han innanlands fører til "Krig hvor der dræbes med Ord"; det er enno langt fram, fyrr Folk kann taka ein slik Strid paa menneskjeleg Maate. – Fraa Paris hev det vore meldt, at Wilhelm av Hohenzollern skal for Retten, og at han ved Meldingi um det hev fenge eit Nervechokk og lagt seg. Noko er der vel i dette, etter som det ikkje er kome Avsannings-telegram; men meir enn eit Skræmeskòt hev det visst ikkje vore. Elles fær ein vel kalle det eit Tidteikn, at Stor- magter kann tenkje paa slikt som aa draga Chefen for eit gamalt Kongehus for Retten.

23. 3. 19. Dei unge held Aars-jubilæum i Dag; – tenk! Det er alt eit Aar sidan Bryllaupe. Gjev dei maa faa mange likso gode Aar som dette fysste hev vore! – Eg sìt med Fyreorde til "Snøfuglar". Og det kann ikkje bli reint stutt; SrÓ Ananda hev sendt meg Material til ein heil liten Biografi; den bør daa kunne bli rett forvitneleg. Men du store Tid, som desse Snøfuglarne seinkar meg! Og so reint uforvarande som eg kom uppi dette Arbeide! – Men no sìt eg der. – 12te Ark af Korrekturen til "Odyssevs- kvæde" send i Dag; det er godt og vel Helvti. Men. kann Prenteverke greie Resten paa 8 Dagar?? – Inga Nalbandian: "Den hvide Mark" (siste Band av "Armeniens store Jammer") hev eg nettupp lese; eit godt Arbeid. Og Tonen merke- leg roleg til so villt uhuglegt eit Emne: eit reint tryntyrkisk, reint djevledyrisk Folkemord. Ein vert skamfull ved aa vera Menneskje, naar ein soleis ser kva Menneskje kann vera for ein galen Hund; men det gjer godt aa sjaa eit Folk bera ein so grenselaus Vanlagnad so verdigt. – Men politisk vil dette store og aalvorsfulle Verke Ingenting hjelpe. For dei kristne Kulturmagterne hev nok anna aa tenkje paa enn ein stakkars liten Flokk Armeniar; Tysken, Der hochcivilisirte, er endaa i Samband med Tryntyrken. Og Armenia ligg so velsigna avsides; ingen tarv vita kva som der gjeng for seg. Aa, desse Menneskjebeisti, som aldri vinn lenger enn til aa gaa og traakke kvarandre ned! Elles er der Grader i Villskapen; sjølve Bolsje- vikarne er ikkje so djevelske som Tryntyrken – etter ein Bladkjellar fraa Sibiria, som eg las i Dag. Dei kann nok stengja Officerar inne og brenne deim upp; og det er stridt av "kristne" Folk i det 20de Aarhundrade. Men det er lite mot den tryntyrkiske Rekorden: aa stengje inne og brenne upp Kvende og Baan; berre gakk heim og legg dykk, de Bolsjevikar. – Med Vonerne um Verdsfreden fær ein vel helst segja at det myrknar. Franskmennerne driv paa med aa eggja Tysken ved aa gaa for braadt paa i Elsass-Lothringen; millom Polen og Prøys- sen er det vel snart Ufred; Italia vil ut or Freds- dryftingarne, um det ikkje fær Fiume; og kor langt den amerikanske Agitasjonen mot Wilson kann vinne er i k k j e visst. – Dei nordiske Utsendingarne kom ein halv Dag for seint til Paris, og paa deim kunde daa Fredsmøte ikkje vente; men det vart daa stelt so, at dei i eit Privatmøte fekk lagt sine Tankar fram for ein av dei franske Herrarne i Fredsmøte; han lova daa aa leggja dei nordiske Spursmaali fram for Freds- nemndi, so me kann segja me alt hev fenge ein Fyresmak paa, kva den engelsk-amerikanske Verdsfreden vert for Smaastatarne. Og i Bladi ser eg, at baade Fredstrui og Fredstanken tek til aa veikna. Naah; eit "Fredsforbund" fær me nok. Men um me skulde faa tvo! Det vilde vera fysste Stìge paa Vegen til – næste Verdsufreden. "Tru det beste og vera budd paa det verste" – – – –

6. 4. 19. Fyreorde til "Snøfuglar" sendt. No er det berre Ordlista att. Og so det vigtigaste: aa faa Forleggjar. Med den Ting ser det uvisst ut, dess- verre. – Homer-mskr. til 2dre Utg. ferdugt (berre ein Revisjon av "Upplysningar" att); – og so skulde eg endeleg kunna gaa i Veg med Bladstubb-Samlingi mi. Det er meir enn "paa Tidi." – Hadde ein fransk Gjest i Ettermiddag, – M. Sauvageot, ein 21 Aars Gut, som hev Post i det franske Gesandtskape i Stockholm, men i Vinter hev vore ved Folkehøgskulen paa Voss, mill. a. til aa studere den norske Folke-Ung- domsskulen (som det franske Styre tenkjer paa aa faa umsett til Franskt, d. v. s. den skandinaviske Folkehøgskulen); den hadde han fenge eit svært godt Inntrykk av. (Hadde jamvel lært aa tala Norskt der; Landsmaalsbokheimen kjende han alt fraa Frankrike.) Han fortalde mykje som var forvitnelegt, fraa Frankrike (og Krigen, der han hev vore med) og fraa Sverige. Fraa-Ufreden kunde han fortelja fælare (tyske) Ting enn ein fær sjaa i Bladi, og samstundes villt-lystige Ting fraa Skyttargraverne; han hadde kje vore lenge med, men meinte endaa at han i visse Maatar vilde ha Skade av det for heile Live. Men endaa meinte han, at det vilde vera best aa halde fram med Krigen nokre Maanar til med same, til dess Tysken var heilt døyvd; daa kunde Europa faa Fred so ei 60-80 Aar; elles vart det snart berre 1914–18 upp att. Og naar eg meinte, at Verdi no maatte kunna lære aa skipa seg so, at ho kunde sleppe den syrgjelegt uløn- same Ufreden for ei lenger Framtid, so trudde han visst ikkje meir paa det enn den franske Ministerchefen gjer. Um Wilson sa han: "Han gjeld meir og meir for ein Professor med ein og annan god Tanke; men mindre og mindre for Statsmann"; berre det ikkje er altfor sant òg. Men mi Vantru paa den "Freden" me no fær, den fekk han styrkt; og so fær me no sjaa daa." – Med sine 21 Aar er M. Sauvageot ein ikkje lite lærd og dertil en vidfaren Mand; fødd (av franske Foreldre) i Konstantinopel voks han upp der og i Litleasia (Smyrna, Lesbos og kva det elles var for Namn han nemnde), til han var 14 Aar; og han og Syskeni hans tala Nygræsk (og held paa med det enno seg imillom); og Ny- græsk ligg det gamle so nære, at han med den græske Huslæraren sin las Homer i Upphavs- maale; der er kje større Skilnad paa Homers Græsk og Nygræsk enn millom Gamalnorsk og Landsmaal, – sa den unge Grækar-Franskmann. (Eg tenkte med meg: me skulde bjode norsk Ungdom aa lesa Gamalnorsk!) – Daa eg spurde, um den franske Republikken ikkje altfor mykje er ein Kapitaliststat, svara han ikkje noko vidare so beintfram; men han fortalde, at der er ein yngre og meir demokratisk Republikanisme uppe, som vil kunna vera sterk nok um so ei 10–12 Aar eller derikring; og daa vilde den franske Republikken bli noko anna enn han no er. Sjølv var han Katolik og forsikra at heile det franske Folke var ærlegt og varmt katolskt; men paa noko franskt Prestevelde trudde han ikkje. Gjev han maa ha Rett. Visst er det, at me vart reint glade i den unge, stillfarande Guten, som alt hadde sett seg inn i so mykje og i det heile tenkte so klaart og so mannslegt. Men eit og anna av det han fortalde – t. D. um Svenske- politikken i denne herlege "Nyskandinavisme"-Tid – gjorde meg lite glad.

Brev fraa Einar Strand.

M·løy, P·lsmessetidir 1919. Herr Arne Garborg. Eg er ein gamall heidning og barbar, arbeids- træl og forsytar, som aldri hev havt tid til · lesa bøkr. Men no d· Odyssevskvædet kom p· norskt m·l vart eg so forvitin at eg laut stela den tidi som trongst til · lesa det. Og det vart nokre herlege nattetimar ilag med den sløge stor- skrøytaren og dei andre gamlekarane, som eg nog høyrde gjetit medan eg var skulegut, men som eg ikkje hev havt høve til · gjera meg nær- mare kjend med. – Innhaldit var morosamt, men den største njotingi havde eg av det skire norske m·lit, alle dei gode norske ord og ordlag, som er kjende for oss bøndr (men som byfolkit og dei "konsenerte", stakar, ikkje kjenner), den støde rytmin og ikkje · gløyma bokstavrimit. – Inkje undr at boki gikk som varmt braud. Og no med det same eg ynskjer Dykk til lukka med ·rm·lsdagen vil eg òg ynskja at De m·tte f· helsa og livedagar til · setja um Ilios- kvædet og andre gamle bokverk, som vi kjenner so altfor litit til, dei fleste av oss nordmenn. Og so hev eg ei liti von um at vi skulde narra by- folkit til · læra norskt med hjelp av desse bøkrne og den nye utg·vo av Aasens ordbok. Takk, d·, for Odyssevskvædet! Eit godt ·r det 69de! Med vyrdsam helsing. Einar Strand.

14. 4. 19. Igaar paa Stabekk (hjaa I. M. og Schjøtt). Fint VÍr og gild Tur (trass i "Ryggmatisme" – i Ryggen); raaka mill. a. den sjeldsynte Olav Midttun ("Syn og Segn") og Frua hans (tysk); hyggjelegt Folk. Mortensson var endaa ikkje kvitt all Skrivingi som skal til for aa bli fri eit Prestekall som Løten; hev elles mykje mindre aa røda um no enn i gamle Dagar. – Schjøtt greier seg rett godt no; men fraa Depte høyrer han ingenting; Ordboks-manuskripte ligg der. – Fredskonferansen hev endeleg fenge ut Framlegge sitt. Det hev nok av Paragrafar; elles fær ein vel helst segja lite Ull etter so mykje Skrik. – Eit danskt Tidsskrift ("Det nye Nord") finn endaa at det nye Folkesambande minner sterkt um Den heilage Alliance. Det er England, U. S. A., Frankrike, Italia og Japan som slær Lag, til aa tryggje den Magti dei no hev vunne, "tryggje Freden ved Trugsmaal um Krig". For Avvæpning er der ikkje Tale um; Verdi skal berre faa "Reduksjon i Væpningarne". Og (dei 5 Stormagterne skal vera "Forsyn for Folki": halde deim i Fred eller drive deim i Krig, – "til Fredsforsvar" som vanleg. Det "ut-øvande Raade" (der dei 5 Magterne hev 1 Røyst kvar og alle dei andre Magterne 4 Røyster) skal setja upp Forskrifterne for den nye Krigsmagti – i det heile og i kvart av dei Landi som er med –; aa vera med vert daa aa gjeva upp Sjølvstyre i det Stykke (og i alt som dermed kann hange ihop). O. s. fr. Fraa norsk Side er der protestera i eit Par Punkt; fleire kjem vel òg til aa protestere; Smaa- ting (Former) læt seg vel rette paa; Sveits hev alt sagt seg ut av det paatenkte Folke-Sambande. Enden paa Visa vert vel fyrr eller sidan tvo Folkesamband (det eine med Tyskland og Russ- land til Hovudmagter?); Ufreden (med Toll o. s. fr. eller med Vaapen) kjem daa til aa staa, til dess det eine av deim fær Verdi under seg; og siden vert det den ævuge romerske Ufreden mot Folk som slær seg saman um aa rive seg lause. Den store Verds "freden" vert siste, Kapitle av den gamle Ufredssoga. Einaste Raaderne mot Uraad (heilt Folkestyre (Samstyre) og rett økonomisk Skìpnad) vil Mag- terne endaa mindre enn fyrr kunna tenkje paa no, daa dei heilt maa samle seg um aa halde uppe Magtretten. Dess meir burde alle tenkjande samle seg um Retts-Tankarne; men kóss det vil gaa med den Ting, so for det fysste daa, er vel meir enn uvisst. Eitt og anna av Wilsons fagre Ord er kome med i Framlegge; deim vil Fleir- tale i det lengste tru paa.

19. 4. 19. Den gamle Stoveklokka, som Hulda for nokre Aar sidan fekk Tak paa hjaa ein Antikvitets- handlar, og som sidan hev stade for det meste, hev me endeleg fenge skikkeleg Dokter paa (ein gamall Bygde-Klokkemeister her), so no gjeng ho; og Huse vert meg reint heimslegt ved det. No spørst det, kor lenge det varer. – Med Odyssevs hev Korrekturen naatt ut-i 21de Songen, so no er snart den Soga slutt. So spørst det, kóss det gjeng med "Snøfuglar" (som Ananda trur at Norli tek); men den Korrekturen vert ikkje so seig. Eg fær daa i Veg, best eg vinn, med Bladstubbsamlingi. (Fanden er elles laus att; det spørst etter eit Foredrag um Retts- staten i Ullensaker; med det fysste; og so lite Arbeidsfolk me hev er det mest Uraad aa segja Nei.) – Freds-Framlegge er ikkje fullt so like sælt um Smaafolki som ein skulde tru etter "D. n. Nord"; Smaafolki kjem nok med, skal me sjaa. Men so spørst det, um det kann bli Skikk paa Indrepolitikken, fyrr alt vert Upprør, og paa Sam- fundsøkonomien, fyrr det vert Ufred att, trass i all Fredsplaastring; alt er ugreidt. Og Verdi eig ikkje ein einaste Mann. – Og at ho i Grunnen er den same som fyrr, det er nok visst; no um Dagen les me, at Sverig i Utlande spelar "Skan- Dinavia" no liksom Danmark spela Norden fyrr. Det er det gamle: Magti kann vera so liti ho vil, – ho vert straks Rett mot den endaa mindre Magti. Um Menneskjedyre vinn lenger nokon- Gong – – – –? – "Vaarknipa" som hev vore svært lempeleg dei siste Aari, er eit Grand stridare att denne Gongen, og dertil er det "Ryggmatisma" aa fikte med. Det gjeng elles ikkje verst; men Arbeids- krafti . . . . Og Augo; serleg det eine . . . . Noko stormodig er eg ikkje. 22. 4. 19. Tyskland kranglar: vil ikkje gaa med paa Freds- tinging paa dei Vilkaari Vestmagterne hev sett upp. Og Vestmagterne gjeng ikkje med paa Tysklands Krav; no spørst det daa, kóss det vil gange. I England vaknar Vinstre att: Folket held paa (relativ) Frihandel mot Vernetoll-Partie (som hev fanga Lloyd George), og krev heil Rett for Irland. Tyskland og Russland (Sovjet-) gjeng i Sam- band, vert det meldt (fraa Warschau). Verdskri- gen upp att? Revolusjonsbraake held paa.

27. 4. 19. Det lid med Odyssevskvæde II; eg las i Dag næstsiste Korrekturen paa dei siste Arki. No trengst det berre ein Setning eller tvo i Tillegg til Fyreorde (um Flaxmans Teikningar – og um Prisen?), og so siste Korrekturen paa dei 3 siste Arki; so kann eg – taka til med Bladstubb- samlingi. Ja og so skal der Underskrifter (Titlar) til Bilæti (som eg fekk ei Avprenting av i Dag). Men det er snart gjort. Tuften skaffar meg Popes Odyssevsutg. i Morgo. Noko meir ugreidt ser det ut med Statshjelp-spursmaale. Forlage (ein ny Kontorfyr) spør, um e g veit naar Spursmaale skal upp i Tinge; det hev sjølv, denne som fyrre Gongen, tinga med Depte, men veit ingen Ting, og veit ingen aa spyrja, anna enn ein Mann ut-i Asker! – Og Løvland? – han hev havt so mykje "Krise"-staak aa staa i, at han vel helst hev g l ø y m t "dios Odyssevs". (Eller dei styrande i Vinstre finn, at det fær vera nok med slike Ut- gifter no? – Eg hev korkje høyrt eller sét so mykje som eit Ord fraa den Kanten.) Me "fær no berre sjaa daa", maa-tru. – Prof. Kraus fraa Prag heldt Foredrag i Ung- domslage i Oslo Fredagskvelden um den böhmiske (og tzeckiske) Maalstriden. Den hev havt endaa fleire Vanskar enn vaar aa stride med; men i mangt hev det vore det same: "Bønder" (og Smaafolk) mot "Kulturen". Han tala paa Dansk, som han kann rett godt; men paa dette framande Maale kunde han sjølvsagt ikkje vera so fri (var sterkt papir- bunden, med' han elles, som han sidan sa, er van til aa tala fritt); og Uttalen hans var i sume Stykke mindre fullkomen, so mykje kom burt for oss, naar han stundom tala noko fort (eller gløyrnde aa agte paa Uttale-vanskarne). Men i det heile var Foredrage svært forvitnelegt; og han fekk sterkt Samtykke. Etterpaa tala me med 'n (serleg Hulda; for mitt Tyskemaal vert meir og meir ubrukande), og me kom godt til Lags. Igaar var han (og Frue i Lag med Kapt. Os og Frue) ut-hjaa Arc- tander her og kom daa paa Attervegen inn-um hjaa oss, og me hadde ei hyggjeleg Kveldstund. (Elles ikkje berre Hyggje; det vart vist fram nokre Fotografi fraa Svelteheimer ned-i Sør-Tyskland, som var til aa faa vondt av: Smaaborn som kom reint burt paa Jordi der dei laag; var berre som ei tunn Skinnstrime med ein liten Hovudskalle: eg orka ikkje sjaa paa dei.) No skal Kraus ut- yver Lande og tala, i Bonde-Ungdomslagi helst; og etterkvart som han "lærer" Foredrage sitt og kjem meir inn i vaar Maate aa tala paa, vil han kunna faa den norske Ungdomen godt med seg. – Kóss det gjeng med "Verdsfreden" er enno svært uvisst; Italia ser, at det kann truge seg fram og vert daa berre stridare: so lyt vel Magti bøygje seg, og det gjeng paa nytt Lag ut-yver dei smaae. Tysken skynar òg, at det berre gjeld aa halde Nakken stiv; Enden paa Visa vert daa vel ein Fred av det vanlege Slage: ein som det veks nye Ufredar etter. Sjølve det nye Rom-rike, Britannia, som skulde vera slik ein Meister til aa styre framande Folk, hev Upprør aa slaa ned baade ber og der; onnor Raad enn eit langt og lenger enn langt Tòlmod er ber nok ikkje enno paa ei god Stund. Hu, den som berre ikkje vart so hjarte trøytt! – Apropos Trøyttleik: Eit og anna Forfattar- blad vert sendt meg (Innbjoding til Tinging); og eg ser paa dei lange Raderne av nye Forfattar- namn, som der kann vera upprekna, Namn som eg ikkje kjenner, og som eg er utruleg like glad um; altfor vel veit eg, at det nye dei kjem med – og som Ungdomen gled seg ved –, det er i Hovudsaki gamalt nytt: "det same paa ein annan Maate". Liksom det som var nytt i mine Ung- domsaar, og som det nye til alle Tider. At alt dette "nye" trengst er visst nok; kvar ny øtt vil ha det gamle servera paa sin Maate; og paa si Vis er det "nye" nytt. Men naar ein hev pløgt igjenom det nye fraa nokre Tider, so vert det like nytt og like gamalt alt; ein "kann" det. D. e: med all Hamskifting er Livsens Grunnvil- kaar og Grunnspursmaal dei same, og dei ende- lause Forandringar berre Variasjonar av dei same Motivi. Det ser ein klaarare og klaarare med dei veksande Aari: vert meir og meir "trøytt". Det beste ved Live er daa likevel det, at det ikkje er for langt; og naar Gamlingen stundom ynskjer aa lìva ein Mannsalder til, so han kunde faa sjaa ein eller annan av Draumarne sine um- sett i Liv, so burde han nok berre takke Gudarne for, at dei segjer Nei til det Ynskje. 30. 4. 19. Slutt paa April – og paa Snøen; men det er rett kaldt enno, naar ikkje Soli stend paa. Og Marki er graa mest jamt; berre her og der legg det seg grøn-"Skuggar" eller kva eg skal kalle det, yver Grunnen. No spørst det, um Mai vert mildare enn han plar vera. – "Fredskonferansen" er endeleg ferdug. Og Enden var, at Verdi er kløyvd. Paa den eine Sida Vestmagterne og Japan og rett mange Smaa- statar, dei fleste (alle?) meir eller mindre mis- nøgde; paa den andre Italia, Tyskland, Russland og kven elles det kann vera som ikkje er komne med. (32 Statar er med, og 13, millom deim dei 3 nordiske, er "innbòdne".) Fyrr ein ser, koss det lagar seg med dette nyttar det lite aa "tru" noko; enno kann ein visst likso godt segja at det bryggjast paa ny Verdskrig som at det lagar seg til Fred. Det einaste ein kann segja er, at det klaarnar vel eingong, – um det ikkje myrknar. – I Dag hev eg lese siste Korrekturen paa dei siste 3 Arki. No er det Misprentingsliste att, og so Fororde (som ikkje kann koma i Stand, fyrr me fær Greie paa Statshjelp-spursmaale); i Dag steller eg dessutan med Bilæti hans John Flaxman: kor dei skal bli innsette, og kva dei skal "heite" paa Norskt. Dertil hev eg nokre "Upplysningar" aa skrive heilferduge til "Snø- fuglar" (som endeleg skal under Prenting no, – i Kommisjon? eller Forlag? – hjaa Norli). Um eit Par Dagar er eg vel "fri" nok til aa byrja paa Universitetsbiblioteke. – Eit og anna Tilfelle av indisk Religiøsitet ser ein um i Bladi ender og daa; og Brahmatru etc. var alltid betre enn den europæiske Kyrkje- læra, – um ho kunde naa ned i Folke. Men utan Fanden og Helvìte kann dei europæiske Barbararne ikkje greie seg, Stakkar. 5. 5. 19. Fraa W. Nygaard (som hev vore burte eit Bìl) høyrer eg, at Regjeringi (Løvland med) er "blit enig om, at det vil være forsigtigst ikke at æske denne bevilgning". Og dette hev Løvland ikkje funne det Umaken verdt aa lata Nygaard faa Greie paa, – fyrr no, daa Nygaard pr. Telefon granska etter i Depte, kor det hadde vorte av Eldhugen hjaa den norske Skuleministeren. Ja-ja. Løvland vert visst lett "enig" um, at det er "forsigtigst" aa ikkje gaa paa. Men no vert Boki (utan Bilæte) dyrare enn fysste Utgaava. Og Utgaava m e d Bilæte vert mykje dyrare. Homer fær daa greie seg sjølv som han best kann. At eg ikkje fær ein Skilling for det lange og rett mødesame Arbeide med 2dre "Upplage" fær vera det same. – Storfint VÍr; kann dette halda paa, vert det ikkje lenge fyrr Sømaren kjem. For Hulda (som er paa Heidmarki og vil pumpe ut ein gamall Kjenning av Far hennar um Live paa Upplande (og paa Saastad) i Overretssakførar Bergersens Dagar, med' det enno er Tid, vil det vera her- legt med dette VÍre; aa for Glans yver Sjø og Land! – Eg hev teke til so smaatt med Bladstubb- samlingi; sìt inne paa Univ.bibl. um Fyremiddagen og rotar – for det fyrste i "Lærarst. Avis" (fraa 1871–72), der eg hev funne eit Par brukande Ting; og so fær eg freista "Dagbl.". "Fedrh." fær eg rett mykje av hjaa I. M.; Resten fær eg tru, at eg finn paa Jæren. – I Paris skal dei snart til aa tinge med Tysken, som er svært kry og vil krevja baade eitt og hitt, ettersom det høyrest. Og millom Frankrike og Italia er det so halvt Krig (um Fiume), liksom det ser ut til Ufred millom Ukraine og Rumenia; Gudarne maa vìta um Europa ikkje snart stend i Brand att, trass i alle desse ende- lause Fredsforhandlingarne. – I Stortinge er der so halvt Borgarkrig millom Byar og Bygder um Fossarne. Og utan- for Stortinge sprengjer Tranmæl-Socialismen meir og meir paa; dei førande Vinstrebladi kappast alt um, kven som kann vera blidast imot deim. (Berre i "Intelligensen" litegrand Kritik.) Men i Maalbladi raar Halvteologi og Halvkultur.

11. 6. 19. Ny øttled: me er aat aa bli "Besteforældre" Det hadde eg no mest gjeve upp; men Vonerne er nok dei beste. Og gjev daa alt maa gaa som det skal! – Gamle Erik Straalberg er Gjest hjaa oss i Dag; det er vondt aa sjaa 'n med den Armen, som vart avskoren i Maskinsagi. Men no skal han faa "Kunsthand"; og dei Henderne skal vera so kunstrike no, at ein kann bruka deim mest som dei var lìvande. Erik er eit godt Stykke uppi Aari no; men Haare er like svart, og um han ikkje nettupp er so kvik som fyrr, eller høyrer fullt so godt, so gjev han nok ikkje upp enno paa ei Stund. Me skynar berre at han er vorten svært aaleine. – (Tor-)kjell Steinsvik, yngste Sonen hans Rasmus, stend til Konfirmasjon i Dag. Og ein av dei fysste Dagarne skal beile Steinsvikshuse flytja – til ein Gard dei hev kaupt ut-ved Ljan. Veslelia er burtleigd – til ein Ingeniør, var det visst. – Frau Alfhild Erfurt (Systerdotter til Hulda) var her med Mannen sin i Dag; han hev etter ymist Mas sloppe ut fraa Heimlandet. Det er ein Tyskar av den gode Typen, hyggjeleg og grei; um Tilstandi der nede hadde han lite godt aa fortelja. Um Freden og Framtidi . . . . var ikkje han klokare enn me. Og ikkje svært modig. – Straalande VÍr, grønkande Mark og Skog; herleg Fyresømar. Og den fær eg godt av paa ein Maate no um Dagen: fÍr att og fram millom Labraaten og Høgskuleboksamlingi kvar Dag. Elles bunden til Skrivepulten som vanleg, ikkje minst med Korrektur; knapt ferdug med Homer lyt eg no i Veg med SrÓ Ananda, – veit eg? – Alle tyske Blad protesterar av all Magt mot Entente-Fredsvilkaari. Og det er likso rimelegt som at Frankrike og Belgia held paa deim. Men Wilson (og L1. George) fær ein tru hev gjenge med paa deim i den Tanken, at det kunde vera nyttigt aa ha "noko aa slaa av paa"? – Men um dei tyske Sendemennerne paa det fysste Møte var aldri so stive, – dei hev nok ikkje anna aa gjera enn aa bøygje seg – no; Spursmaale er, um Vestmagterne kann bli so vìtuge, at Tysk- land gjeng inn i Freds-sambande f o r A a l v o r, Det trur eg ikkje.

Brev fraa Arne Garborg.

Knudaheibakken 15. 6. 19. Kjære Hulda! Endelig fremme – og foreløbig installeret og "etableret". Og Veiret er bra. De Veirkyndige – hvori- blandt fhv. Stationsmester Jens Lende – spaar fortsat Godveir, om end med Beklagelse af, at endnu er der blit for lite "Dogg"; og Vinden, som igaar var fra Syd og altsaa skulde spaa Regn, er i Dag svinget om paa Nordvest, saa tørt og kjøligt er det sandsynlige. Der har ingen Spektakler været ved Huset her i aar; det eneste Inger hadde at fortælle var, at det ene Kjøkkenvindu en vakker Dag (Nat) var faldt ut, men uden ellers at lide nogen Overlast: det laa ganske helt der udpaa den vesle Veien, Og lod sig altsaa uden Vanskeligheder sætte ind igjen. Men noget Spor til at nogen hadde været inde fandtes ikke. Det Hele altsaa ubegribeligt men faktisk. Blandt Reisens Viderværdigheder kan noteres, at jeg efterhaanden opdagede henved 10 Ting, som jeg hadde glemt og nu maatte kjøbe, for det var Ting som jeg behøvede ret som det var (Ex. Barberkost og -Saape), og som der altsaa ikke kunde skrives efter. Heldigvis var jo altsammen Smaating; men det ærgerlige ved Sagen er jo denne tiltagende Glemskhed. Aber Mensch, ørgere dich nicht; hvad skulde det føre til? I Stavanger traf jeg Jens Tvedt, som jeg havde haabet skulde paa en eller anden Maade kunnet hjælpe mig med ialfald en Del Aarganger af "D. 17. Mai". Men desværre. Saa nu kan det hende jeg blir ret snart færdig her le – skjønt der er et Par Fedraheimsaargange som vistnok indeholder adskilligt. Af Nyt forøvrigt fortalte han om "Spanska"s Herjinger i Stvgr. – Stavangerbaaden var overfyldt og jeg spurgte forgjæves efter Køi; det hadde altsaa blit en stri Tur, hvis jeg ikke hadde faaet ganske uformodent- lig og utrolig Hjælp – af Bergens Biskop. Men han kjendte Kapteinen, og han fulgte mig ombord i sidste Øieblik (jeg havde spist Middag hos Bispen – naa! Aften – Kl. 8) og la et godt Ord ind for mig, hvad der til min Forbauselse virke- lig kom til at hjælpe. Jeg blev puttet ind i en Køi med 3 Senge, hvoraf en var blit ledig; der havde jeg da sovet udmærket, hvis ikke en af de 2 andre havde snorket saa torden-mæssigt, at selv jeg vaagnede deraf, – vaagnede Gang paa Gang hele Natten udigjennem. Men enda var jo Køi bedre end Ikke - Køi. Ellers er Turen gaaet bare bra. Men jeg har havt mye at bestille i Dag og mærker at jeg er træt; altsaa "mere siden". Hils og vær hilset! Din G.

17. 5. 19. Ein fager, um alltid noko kaldvoren 17. Blø- mande Kirsebærtre og grønkande Lauvskog. Men stilt paa Labraaten. Hulda i Kjøpenhavn (Forfattarmøte), Tuften hjaa Dokteren (med ei Hand som vart uppskori igaar), og eg bunden til Skriveborde som vanleg. Og det skal knipe, um eg klarar alt det eg hev paa meg. Meir og meir skynar eg, at Alderdomen – altfor tidleg – tek til; Arbeidskraft (og Arbeidshug, -mod, -tru) minkar, so eg ikkje kann dylja det for meg sjølv lenger. Men som vel er aukar det og med Alder- doms Ro. Me er innbodne til Festen i Bondeungdomslage ikveld (der Løvland skal tala); men eg lyt berre segja Nei Takk.

Brev fraa Arne Garborg.

Knudaheibakken Jønsokaftan 19. Kjære Hulda! Mange Tak For Brev af 21de. Jeg havde elles ophørt at vente, gik ud fra, at Teaterstrævet gav Dig andet end Brevskrivning at tænke paa. Men Du klember paa altsaa. Og s k a l være færdig den 1Ode. Det er da extra storartet, at Du har kunnet faa et langt Brev afsted; extra- ordinær Tak! – Forresten bør der jo kunne gjøres en Del paa saadan opimod et Snes Dage, hvis Menneskene ikke er altfor umulige, og Trætheden ikke blir Dig f o r svær (det er vel ikke sagt, hvor længe det kan gaa med at "komme halvdau hjem hver Aften"). Jeg tager lidt Trøst af, at Du ikke synes rent modløs med hensyn til Liti Kersti; og den mu- sikalske Hjælpen tør bli ganske bra – stemnings- fuld Frilufts- (Fjeldtrold-)musik; hvem ved? Og at der kommer n o g e t i Stedet for alt som maa ofres er ialfald heldigt. Harpeakkompagnement bak Scenen høres ganske oplivende, og stilfuldt med. Og en graa Ganger maa der vel bli Raad til? Faar Du ikke røvet nogen fra den konge- lige Stald, saa er der jo nok af "beredne Løit- nanter" etc. i Byen nu? – Det vilde jo være gildt for alle Parter, om det gik lidt ordentlig bra med Liti Kersti. – At alle er oplagte er ud- mærket. Men der skal jo ikke lidet til for at overvinde 100 000 Vanskeligheder! Det er godt at Du har Harriet og Per nu, saa Du kan "lægge Dig helt fra Dig", naar Du kommer segnefærdig hjem. Tuften kan vel ogsaa være til bra Hjælp nu da den værste Hage – og Bisjauen vel er over. – – Hvad mig angaar sidder jeg nedstuet i Fedraheimar og skriver Afskrift efter Bog i lange Baner; er netop færdig med 1878. Saa er der et Par lidt slemme Aar (1880; 1882), men saa minker det vist pent; lange Tider Ingenting visst. Andet end D. 17de faar jeg ikke her, saa jeg blir visst færdig medio Juli eller saa; faar saa i Vei paa Biblioteket igjen. Jeg har det forresten travlere end beregnet; ikke nok med diverse Besøg paa denne Tid, og saa Afskriverarbeidet da; men i Dag fik jeg hele to Rykninger efter Avisstubber, jeg skal ha lovet. Saa der er nok af Kjas og Mas, og noget svært oplagt er jeg ikke. Veiret har ogsaa været – som der aust omtrent: mest Godveir, men ret som det er en Regndag; og saa jevnlig denne halvkalde Blaasten – fra Nordvest eller Sydvest, men omtrent like kold. Imidlertid klær jeg mig godt og klemmer paa; "bankar Flokar" av og til, men greier det noksaa bra. Med Madstellet er jeg i Orden (Fladbrød, Mjølk, Smør og alting), og Honningkrukka er mig en extra Velsignelse i al denne Dyrtiden. Efter Dig spør alle; men i Aar kan jeg med extra god Virkning tale om den urimelig dyre Reise etc., og saa at Du har noget Extraarbeide og siden skal til Fjelds og bygge. Tak for Barbergreierne; de Sager jeg havde kjøbt viste sig naturligvis at være noe Skrap. Nu klarer jeg mig. I Anledning af et af de ovennævnte Rykkerbreve maa jeg til Hognestad med det aller snareste og faa Tak i ei Bok; haaber, at de snart er hjem- komne. Jeg maa ogsaa til Garborg – og høre om jeg kan faa lidt Tømmermandshjelp igjen. Og jeg frygter endnu en Invasjon fra Byen – gilde Folk; men Tia, Tia! Endvidere maa jeg ind og se om Graven til Mor (Fars har jeg be- søgt og fundet i Orden); men det faar vel bli med det samme jeg reiser. Gamle Inger klarer sig enda, skjønt Beina er skrale; hun er komplet Bager (ogsaa udmærket Fladbrødbager) og er forsaavidt til god Hjælp. Nu hører jeg vel fra Dig ialfald naar Du er kommen til Vangen? Eller helst før? Helsingar til alle, Gjæster og Husfolk; først og sist til Dig. Din G. 21. 5. 19. Eit Par Blad hev meldt, at Hulda hev vore med i Ordskifte paa Forfattarstemna i Kaupen- hamn; i eit Brev i D. 17de stend det at det er eg, som hev vore med, – korleis det no kann ha seg. Det maa bli retta. Fraa Hulda Brev (Dato: 19de). Ho hev det gildt nok der nede (um det elles er "surt og koldt" der enno); ho er svært vel fornøgd med "Jeppe" paa Kgl. Teater. Til meg hev ho ei Helsing eg sét Pris paa: fraa Karl Larsen. Elles gjeng ho mest og tenkjer paa Tuften og Handi hans (Breve mitt hadde endaa ikkje naatt henne). – Eit Helsingskort (tysk: "Bier"- eller no fær me vel segja Kafékort) fraa nokre norske der- nede kom samstundes (mill. a. fraa "Rosenschwanz, f. Johnsen", "Elias Kræmmer"; naa-ja; nokre fleire Namn med, som eg gjerne saag); dei hev det visst gildt der nede. Og det kjem vel alltid n o k o meir ut av denne Forfattar- enn av den gamle Studenterskandinavismen? – – Paa Biblioteke hev eg i Dag arbeidt med Dagbl. 1881; det var daa Striden stod um Tala- ren ved Wergelandsstøtta. Eg var ikkje so lite med daa; trudde elles at eg hadde skrìve meir. Det er nokso rart aa lìva dei ville Stridstiderne eit Grand upp att. – Det var òg det Aare, at eg heldt Foredrage i Stud.samf. um "Den reli- giøse Erkjendelses Princip"; etterpaa kom eit Ordskifte paa eit Par Kveldar; der hadde eg heile det filosofiske Fakultet (Lyng og Monrad) og dertil Prof. teol. Petersen imot meg; men etter Dagbladsreferate ser det ut til, at eg klara meg ikkje verst. Og det hev nok nettupp daa vore Tidi til aa faa upp det Ordskifte. – Eg hev i Hovudsaki vore rett klaar alt daa; men eg gjekk med Draumar um aa faa sjølve Folke inn paa friare religiøse Synsmaatar, og dei hev eg nok etterkvart fenge "vekse ifraa". Det er ei brutal Sanning, at "Folke" ikkje kann koma med her (det store Fleirtale kann ikkje "tenkje" i slike Spursmaal og tek daa med Takk imot dog- matiske Lærebøker, kor urimelege dei kann vera; Paulus og seinare dei romerske (og tyske) Teo- logarne hev elles laga ihop ein rett "praktisk" Folkereligion); men ei Sanning er det likevel; og jamvel den seinare Draumen min: at det skulde vera Raad aa faa upp – og det millom sjølve Folke – J e s u Kristendom, den kunde ikkje bli til meir enn Draum, den heller. N o k o meir er alltid Jesus komen upp att i seinare Tid; men det er meir i S"ndi enn i Røyndi; for Teo- logarne, og endaa meir for Folke, er det Offere, Blode, "Soningi", med eit Ord Heidendomen, som er og som vert Hovudsaki; Antikristendomen hev vunne og vil hava Magti langt fram-igjenom. Eller alltid, kannhende? – dei aandelegt frigjorde vert vel aldri meir enn eit Faatal, eit noko større eller eit noko mindre; knapt nokon Gong eit Fleir- tal sterkt nok til aa taka Styringi og g j e n o m - f ø r e Tanken um fri Tru. Som det no er kann det i k k j e bli anna enn Villskap, naar Fleirtale slær seg paa "Fritenkjing". Det einaste som maa vera vinnande, og som me alt er eit godt Stykke paa Veg til aa vinne, er ytre Fridom: at Folk fær L o v til aa halda seg til det som kvar for seg finn rimelegt, – og Mengdi daa til sine Majoritetssetningar, sine "Kyrkjetruer".

25. 5. 19. Tuften 31 Aar. Men for meg ser han enno ut som ein Ungdom. Og eg sjølv – kjenner meg ikkje stort meir enn vaksen, naar Sanningi skal upp. Men naar eg tenkjer paa, at eg hev ein so vaksen Son, so skynar eg nok, at eg tek til aa "skòra paa Honni". – Hulda kom heimatt i Dag. Ho hev i mange Maatar havt det gildt der nede, og hev raaka mykje godt Folk (mill. a. Jeppe Aakjær, som ho hadde Helsingar ifraa); men alt var nok ikkje som det skulde vera. Det hadde ho fenge Greie paa heller snart. Dei 200 Kronurne til Reise- hjelp, som ho – og nokre andre – hadde fenge av Forfattarlage, gav ikkje Aatkjøme til Møti (um dei nok alltid kunde "beda seg inn", som Hulda gjorde); det vart snarast som ei Fatighjelp; dette kom dertil paa ein keiveleg Maate fram paa Prent (gjenom "Skand. Forf.tidende") og vakte ymis Uhugnad – – Noko anna leidt er der og; det n o r s k e Bok- manns-lage, som Danskarne vel ikkje hev visst um og som daa ikkje var serskilt bede med til Festen, hev ikkje visst, korleis dei skulde greie denne Vansken. Dei telegrafera; og Telegrame vart upplese; men dei Danske stod uppraadde: skyna ingenting. No vert det vel ein Uppvask imillom Norske og Norskdanske um dette; og den kann vel bli mindre hugleg; men um det er noko aa gjera ved det – – –

3. 6. 19. Um Sundag var me paa Jesseim; alt gjekk godt. Eit lite Ordskifte var der etterpaa, der sume av dei vanlege Spursmaali kom upp; men Tidi vart for knapp til at det kunde bli noko mykje av det. Og Overlærar Møller er ein grei og god Debattant. Hulda var og uppe. Um Notti vart me liggjande i Byen; det er med norsk Tankeløyse so stelt, at der i k k j e er Samanheng millom Togi paa Aust- og Vestbanen, So sat eg paa Boksamlingi til Kvelds og kom heim ved 9–10-Tidi. – I Verdi held det paa og kokar med Upprør og Ufred; at Reaksjonen vinn til Slutt kann ein vel altfor trygt gaa ut fraa. – I Fredsmøte hev Tyskland Orde no; og det talar so godt, at fleire og fleire høyrer paa det, og Trui paa Vestheims- Imperalismen veiknar. Men vinn Reaktionen Magti i Grunnspursmaale – det økonomiske –, so kann dei byggje so gild ei Fredsborg, dei vil: bo er bygd paa Sand og maa falle. – Det er kaldt og skyut, men kann ikkje vinne seg yver til Regn.

6. 6. 19. Der er kje meir paa Universitetsbibl. aa gjera for det fysste, og so ber det til Jærs. So snart eg kann bli ferdug. – Eg fekk her um Dagen sjaa noko av den Korrespondancen, Hulda hev havt med "National- teatret" (der eit Par av hennar eigne Stykke og eit umsett – av Gerh. Hauptmann – hev legi 10–12 Aar eller kor lengi det er); det er for- underlegt, at ho hev kunna halde det ut. Men ho hev ikkje halde det ut heller, segjer ho; det hev tyngt og tat paa Humøre, so no kjenner ho seg reint "gamal" av det: trøytt og likeglad. Og det kann eg forstaa, – so lenge som ho – med "høflege" Band, gudbevars – hev vore bundi til den Pinebenken. – I eit Blad i Dag kom eg til aa sjaa ei Melding fraa det siste Aarsmøte i dette same Teatre; eg trudde det berre var Pengemenn og Professorar, som der hadde Sæte. Men Bokfolk "Liti Kersti" og "Sigmund Bresteson". "Fuhr- mann Henschel", som enno ikkje er spela. H. G. og Bladfolk er der òg; Nils Kjær og Sigurd Bødtker var ikkje minst med i Ordskifte; og det i full Fanden gale meg-Stil. So litegrand Moro er det nok enno i Xania. – Ute fraa Verdi er der alltid Nytt, som all- tid er det same: Revolusjonar og Motrevolusjonar og ein Fredskonferens som av all Magt jamnar Grunnen for ein ny Krig. Eg er so trøytt av denne Daarekista, at eg orkar snart ikkje aa lesa Telegramsida heller. At ein Cæsar ikkje hev reist seg alt – dvs. for lenge sidan –, det viser berre, at Verdi vaar ikkje lenger orkar aa skapa noko stort, korkje av det vonde eller av det gode Slage. – Eg lengtar til Knudaheibakken.

11. 6. 19. Johan Mathiassen (Skou) er daaen. Han naadde nettupp dei 70 (at han var eit Aar eldre enn eg hev eg aldri kunna halde fast paa); men so spræk som han var dei siste Gongerne eg saag han, tenkte eg at han maatte vinne mykje lenger upp. Noko større meir aa gjera hadde han vel elles ikkje no, daa Baani er komne so langt at dei greier seg; han hev daa vel kunna segja Verdi Farvæl med all Ro. Ei lita venleg Livsskildring fekk han av ein Theodor Dahl i "Stavangeren"; der var elles Orde "Fant" nytta so mykje, at det hev gjort Baani hans Vondt; ei av deim (som elles berre skriv seg S c h a u sende meg daa eit Brev og bad meg skrive ein "penere Artikel"; eg hev daa sendt nokre Ord til "Stvgeren"; glad for at eg iminsto fekk segja n o k o yver Gravi aat denne min fysste Ungdomsvén. – Eit Par andre Ungdomsvener hev eg i desse Dagarne sét inn-um: Torkell Mauland (72 Aar) og Steinar Sehjøtt (75). Mauland klarar seg rett godt (um der elles, etter det Eivind Hognestad segjer, ikkje er so mykje meir ventande av Bygde- skildringarne hans: han vert aldri ferdug med deim); men Schjøtt er det skralt med. Han held seg uppe for det meste; men det er so lite Mat han kann greie, at han reint ut "svelt ihel". Dertil er det vanskelegt med Svevnen; han tòler ofte korkje aa liggje eller aa sitja, men lyt s t a a – so lenge han paa nokon Maate klarar det, og so leggje seg nedpaa og "kvile" – so lenge han klarar d e t. Og um det i hans Aar kann vera nokor Raad for dette er vel svært uvisst. Han tek elles Dauden med same rolege Mod som han hev teke Live; men hu! at det so ofte skal vera so reint ille vanskelegt aa koma laus fraa denne Jammerdalen! – Um eit Par Dagar skal eg vel kunna fara vest-yver. – – E. M. I Dag endeleg Regn, so vidt at det kann vera litt Hjelp i det dvs. Hjelp for mange, mange Millionar!

Knudaheibakken 15. 6. 19. Rett fin Ferd hit-yver: fraa Valstad til upp-imot Tyrifjord i RegnvÍr; sidan GraavÍr (med Notti i Hønefoss og) til øvst i Hallingdal, men so berre GodvÍr heilt til hit; og i Dag hev det teke til med Nordvest, so Folk ventar berre TurrvÍr att. Og det er ikkje berre godt; for enno hev det regnt for lite. I Bergen stogga eg ein Dag og var burtum Urdi. Rusti er skral; held Sengi for det meste, um han gjerne er uppe eit Bìl midt paa Dagen og i GodvÍr sìt ute – attum Huse, i fullgodt Live. Rett modig er han òg; han saag etter Maaten godt ut med, um han alltid hev teke dugeleg av; dei drøymde endaa so smaatt um ei Sumarferd til Søgne, Heimbygdi hans, um det vilde laga seg med VÍre. Dei heldt i det heile Mode rett godt uppe, og Fru Frida er visst ei god "Diakonisse"; men eg hadde ei Kjensle av, at i Grunnen er Mode ikke høgt; sjølv tala han ikkje lenger um sine Kunstnar-Framtidsdraumar. Elles var dei glade ved, at Folk ofte ser innum hjaa deim; daa eg var der, kom t. D. Bispen og sat der ei Stund og var berre hyggjeleg; av Sam- talen hugsar eg serleg noko som vedkom eit Ar- beid som er i Gang i Bergen no: aa faa i Stand ein norsk Kyrkjelyd i Bergen; den skulde vera heilt sjølvstendig dvs. gjenomførd norsk i heile sitt Stell; Tanken var endaa at han so snart Raad var skulde faa si eigi Kyrkje. – Det var fysste Gongen, eg raaka Peter Hognestad, sidan han var vorten Bisp, og – soleis reint privat – var han som fyrr (um elles Andlete tek til aa bli meir bispelegt); me var Kjenningar som fyrr, og han bad meg til seg til Kvelds (hev endeleg fenge Hus i Byen, i Korsgata 2 – det høver godt, men – 4de Høgdi); der hadde eg det berre hyggjeleg, og han sette meg inn i eitt og anna vedkomande meir ytre Spursmaal, Ting som eg heilt kunde vera med paa; me var i det helle berre Sambygdingar. Dette gjekk sistpaa noko vel langt etter mi Meining; eg hadde kome til aa fortelja, at eg hadde vore umbord og spurt etter Køi og fenge det Svare, at Baaten var "overfyllt", so eg fekk greie meg no som so mang ein Gong fyrr, meinte eg; daa fylgde Bispen sjølv Fritenkjaren umbord, og tala med Kapteinen, som han kjende, og lagde eit godt Ord inn for meg, so Kapteinen lova aa gjera sitt beste; eg var meir takksam enn eg kunde faa sagt, men i Grunnen litt brydd med, og takka best eg kunde; dermed skildest me. Og eg drøymde ikkje um at det kunde bli meir av dette enn fagre Ord; Skìpe syntest svært fullt; Gudarne maatte vìta, um eg etterkvart skulde kunna finne meg so mykje som ein Sitjeplass. Men Bispe- ord hev nok enno Magt; so ikr. Kl. halv tie viste Kapteinen meg ei Køi for 3, der det berre var 2 Passagerar (eit Par rett fjonge Namn nemn- de han, som eg straks gløymde); eg takka av heil Hug og kraup til Køis straks og sov godt, – til dess eg vart vekkt av ein av Herrarne med dei fjonge Namni, d. v. s. av Snorkingi hans; slikt Troll til aa storsnorke hev eg aldri korkje høyrt eller tenkt meg. Det vart soleis ei rett uroleg Natt; men Herregud, Seng var alltid betre enn Ikkje-Seng. I Stavanger fann eg Jens Tvedt (paa Boksam- lingi); um han kannhende kunde hava nokre Aargangar av "D. 17de Mai"? – Det hadde han ikkje; men gild aa raaka var han som alltid, og var meg til Hjelp paa ein annan Kant: skaffa meg ein "Provianthandlar" i Staden for han eg fyrr hev havt (og som no – rett braatt – var daaen); og denne nye var i alle Maatar ein grei Kar og godt forsynt. Men "Spanska" hadde herja i Huse hjaa Tvedt; Kona hans hadde vore ille ute og var enno veik; dei sette si Von til ei Hardangerferd no i Sømar. Fælt leid hev denneSotti vore i Sta- vanger, etter det han fortalde; men der som elles "var det berre ungt Folk, han var etter" ; "dei som det hadde vore mindre Saknad etter, dei vartgangande". Timebyen er noko-so-nær som fyrr; men han held paa og veks. Paa Line fekk eg fat paa "Fedrh". Jon hev eldst mykje og er sjukleg; Gamlemor er burte og ingjor ung Mor er komi til; ei (ven og tekkjeleg) Syster steller for dei tvo Brørarne. Av det gamle Line er ingenting att no lenger (so nær som ei gamal ramleferdug Husmannsbytte med Fjøler for Vindaugo; Steins- land er like eins utflutt (nordanum Bakken) og umbygt; sjeldan (som paa Tjensvoll) ser ein eit av Husi fraa mi Tid, men daa helst paabygde eller umbygde. D' er snart likso framandt her som andre Stader; men Naturen stend; og det er til Slutt Hovudsaki – Huse i Knudaheibakken stend; det einaste, ho Inger hadde aa fortelja derifraa i Aar var um eit Vindauga (det i Kjøken), som ein Morgo vart funne liggjande paa Vegen utanfyre, men heilt- ikkje so mykje som ein Brest i ei Ruta. Eit anna Vindauga (i Indrestova) held paa og "sig ut", men vert vel sitjande eller hengjande i Aar, veit eg. No spørst det, um eg kann koma i Arbeidslag. Enno er eg ubrukeleg, – urimeleg trøvtt etter den vesle Ferdi.

Knhb. 22. 6. 19. Sundag og fint VÍr – og rett mange "Gjester" fysst ein Kjenning og Skylding (fraa Sandnes) med ein av sine Kjenningar, sidan eit heilt lite Lag fraa Stavanger (Formann: Einride Tveito), og sistpaa ein Undheimsmann med eit Par unge Bønder fraa Jarlsberg; dei skulde sjaa Utsyne – og meg med; gilde Folk var det visseleg alle. Og Selskap no og daa gjer godt. Med Arbeide fær eg klemme dess hardare paa i Morgo. – Eit Stykke, "Statssocialisme", som eg ein Gong i Vaar skreiv og sende til "Rettsstaten", hev eg no fenge Korrektur paa; dei tek det, endaa det er paa Norskt. Men dei kjem knapt til aa spyrja etter fleire Stykke; og no frametter vil det vera best for meg, med alt det Arbeid av reint anna Slag som eg sìt burtbunden med. – Eg driv paa med Fedrh. 1878; der er eit og anna, meir enn eg hadde tenkt. Og Rett- skrivingi mi daa var meir gamaldags enn eg visste (hev soleis alle daude Ende -t'ar (i Subst., Adj., Particip). Eg hev snart so mykje Mskr., at Setjingi naarsomhelst kann taka til. – Fraa Hulda høyrde eg for eit Par Dagar sidan; ho hev teke til med Innøvingi av "Liti Kersti". Modig er ho ikkje nettupp; Stykke høver i k k j e til Utestykke; men Teatre kann ikkje finne noko anna (det vert ikkje skrive Folke- stykke no); og so lyt daa ho staa for Støyten. Ho tek det rolegt som elles; men det veiknar med Mode hjaa henne med, etter alt eg kann skyna. Og det skal so visst ikkje eg undrast paa, som veit baade kva ho hev gjort, og kva Takk ho hev fenge. – Stykke skal upp 10de Juli, og so tek ho til Fjells. Ho hev elles fenge Brev fraa Aschehoug & Co,, som vil ha ut eit nytt og mykje større Upplag av Dansevisur; det hadde ho minst venta no, – og eg med. Men det er "godt Nytt" i alle Tilfelle. – Freden skal bli underskriven no; Tysken gjev seg. Men med Hat i Hjarta, kann eg tru, og med berre ein Ting aa trøyste seg med: Voni um den komande Hemnkrigen. Kva skal ein segja? Vestmagt-Folki greier det ikkje betre, blinde av ein Harm som er altfor naturleg; men av Hat og Harm kann ikkje anna vekse enn nettupp den nye Blodflaumen, som Tyskland ynskjer (det Tyskland som nok er det sterkaste enno), – den, som Europa kannhende skal drukne i. Forunderlegt skulde det gaa til, um dette Helvite som no er kveikt, kann slokne.

Knhb. 30. 6. 19. Det blæs um Dagarne – mest Nordvest, i Dag Sudvest – men stillnar av mot Kvelden. Storfint no; fraa Skriveborde ser eg langt til Havs; uppetter Vesthimmelen rolegt kvilande Langskyer. – Igaar tok eg ein "Jær-tur"; nord um Aarest(ad), Lende, Fotland til Foss-bruno; so vest yver Omabakkarne til Hognestad; der raaka eg Folke heime (dei var komne eit Par Dagar seinare enn eg), og dei hadde Gjester; fin Mid- dag (med nokre Smaabitar Flatbrød) og hyggje- legt; "Folkelege Grunntankar" fekk eg laane, og Høverstad-Kristviks er det Von til at eg kann faa (fraa Byen); so bar det søryver Markerne til Garborg. Der var det Bryllaup (hjaa Thomas); men eg kjende meg for trøytt til aa bli med inn; fær raake Thomas "næste Gongen". Hjaa han Jon (fyrr Eivind) gjekk eg innum og kvilte eit Grand og saag paa gamle Tufter (Jon i godt Lag; han gjer det godt, Huse hev han kjøpt no); so bar det ned til henne Anna; ho er si same (Føterne vel alltid noko meir skrale enn ifjor) og var i godt Lag som vanleg; Framandfolk der med. Sidan køyrde Jon meg til ovanum Risa; der tok eg av og fann meg fram til Tjensvoll, til han Eivind; Stova full av Husættingar og andre Gjester; Eivind og Kona friske og for- nøgde som fyrr. Sist innum paa Tunheim, hjaa Aarest'en g. m. Anna Garborg; dei hev ein spræk liten 2-Aars Gut som heldt oss med Moro; elles gjekk det um Freds-(mis-)vonerne og anna utrygt; i høveleg Kveldstid kom eg heim, paa ein Maate trøytt, men i Grunnen godt utkvild. Idag hev eg halde paa med Artikelen til Bruun- boki (paa ein annan Maate trøytt); i Morgo skal Mskr. i Posten. "Folkelege Grunntankar" hev eg kikka igjenom; ho held seg rett godt, endaa det er gode 30 Aar sidan eg las ho; og han hev Rett i mykje. Eg fær sjaa aa faa nemnt Boki til Slutt; men det er noko ugreidt med Maaten, ettersom eg ikkje er heilt med, men ikkje kann segja dette noko beintfram i eit Festskrift. Naa; ei Raad fær det bli. – Korrektur paa "Snøfuglar" tek til aa koma. Flus Tilbunad; SrÓ Ananda maa ha god Penge- hjelp i Ryggen. Men um eg fær noko for alt det Arbeide, eg hev havt – og enno fær –; naah! – Skapt til aa bli rik er eg ikkje. Og eit endaa verre Spursmaal er det, kóss eg skal faa T i d til dette Attpaa-Arbeide. Eivind Hognestad lova meg nok igaar aa freiste aa Finne ein Av- skrivar aat meg; men um han fær det til, og kor mykje det vil kunne hjelpe – – –

Knhb. 3. 7. 19. Finare og finare VÍr; klaart (eller halvdisut), stilt (med no og daa ein Vindgufs midt paa Dagen), og mildt, ja varmt: – og so fær eg Brev paa Brev fraa Hulda um Regn, Regn, Regn burtpaa Oslo-Kanten! Det ser reint ille ut for Teatre, dette, og for "Liti Kersti" med, – um det ikkje skulde snu seg. – Den 10de skal Stykke upp. So bér det til Einabu (Sylvbryllaupe), og sidan til Vangen; derifraa er det gode Meldingar; Huse er betre enn ventande, skriv Skaanes, og skal snart koma upp. Det er hyggjelegt aa høyre.

Knhb. 7. 7. 19. Igaar var det so stilt og fint at eg maatte ut. Eitt og anna hadde eg aa gjera ute med, og av- stad bar det – Gamlevegen fraa Tunheim og nordyver um Mossige og Fosse, men fraa "Foss- bruno" upp Omabakken til Løgje; so til Bryne (der eg fekk lagt eit Par forseinka Brev i Post- kassa); derifraa bar det til Salte (der eg i k k j e raaka Folk heime), og so til Havstrandi, som ikkje minst hadde drege meg i Dag. Eg kann vel òg trygt gaa ut fraa, at det ikkje vert so mange Gonger til, at eg fær gjeste Saltestrandi. Men GodvÍrsdagen var nok ikkje berre for meg: kor eg kom og gjekk raaka eg Hjularar og paa sjølve Strandi Laugarar, – ikkje minst Ungar, som "tok Luftbad" millom Sandhaugarne og paa Strandi. Eg fann meg endeleg sjølv ei trygg Kraa millom Sandhaugarne.og sat lenge og saag paa den lette Baareleiken i Solglansen. Men millom Barneminni fraa Havstrandi blanda det seg no – som elles ofte i seinare Aar – Ung- domsminne fraa den Tidi daa eg drøymde um Kloster- og Einbue-Liv; eg skynar no, at dei Draumarne ei Tid hev havt ikkje lite Magt med meg. (Endaa so seint som i 22–23 Aars Alde- ren tenkte eg stundom rett aalvorsamt paa aa melde meg hjaa den katolske Presten i Oslo og "umvende meg" og freiste aa sleppe inn i eit Kloster. Men "Live" drog paa sin Kant; dess- utan – Munkekutte og -tvang baud meg alltid imot; det var Einbue-Live som i Grunnen drog meg.) Sidan dreiv eg "Salte-strondo" sørgjenom – noko-so-nær i Fred for Luftbadar-Ungdom –; fager og kvit laag ho der langt sør-igjenom, med dei rolege solblinkande GodvÍrsbaarurne glidande stilt og blidt liksom kjælande inn mot den fine Sandstrandi. Yver Salteaabrui bar det so den gamle, men no lite attkjennande Nærlandsvegen – framum den nye Lufttelegrafstasjonen med alle sine sky-stigande "Telegrafstenger" – og sidan upp um Nesheim (no kløyvd i tvo Stor- gardar, um elles den gamle "Kyller"-garden ligg der likso lang og rar som fyrr) og upp gjenom Bøbygdi til Malhaugarne; daa var eg i "mine Grender" att. Lett paa Foten som fyrr er eg ikkje og laut kvile Gong etter Gong; og eg tok det meir og meir rolegt no uppetter dei kjende Vegarne, der mest alt er liksom fyrr. Noko var likevæl nytt: alle dei Cyklistarne som fór Vegen att eller fram, og no og daa ei Køyrevogn, som i k k j e var nokor gamaldags "Sædekjerra": det var Vitnemaal um meir Vælstand enn fyrr, som vel òg um meir Snobbeskap. Noko anna nytt kom eg ut for: ovanum Gaus- land møtte eg ei Ungdomsferd (paa Køyrevogner og Cyklar); det kunde sjaa ut som eit Ungdoms- lag, som kom fraa ei Skogferd; for Køyrarar som Køyregreiur var pynta med Bjørkelauv og Kjervar av Bjørkekvist; det saag godt ut. Og um den unge Bjørki i Risaskogen vel ikkje hadde godt av aa bli plundra paa slik Vis, so var nok dette betre Ungdomsmoro enn baade den gamle med Fyll og Nevebruk og ymis av den nyare med Bøner og Syndedyrking. Med sviktande Føter naadde eg Undheim og var innum hjaa Sikvalanden etter Post; fekk der vìta, at den Ferdi, eg hadde møtt, var eit Ung- domslag, som hadde vore upp-i Knudaheio og sét seg um, so som oftare hender desse Aarsens Tider. Daa hugsa eg, at for gode 8 Dagar sidan hadde det vore Spursmaal fraa eit Ungdomslag ned-i Haakallet (gjenom ein Undheimsmann), um eg var heime um Sundagarne no utetter og um eg i Tilfelle vilde tala til eit Ungdomslag fraa Nærbø, som venta seg upp-yver no snart; til det hadde eg sagt som sant var, at eg Inkje visst kunde segja; og no var eg i Grunnen glad for, at eg ikkje hadde vore heime i Dag. For tala i Lægprædikant- (og "Kinamissjons"-)stil korkje kann eller vil eg; og tala um det som e g kunde vilja halde fram; – naa, det vilde ingen Veg føre. I det heile: eg duger ikkje i "Ungdoms- arbeide". Eg hugsar altfor vel korleis eg sjølv hadde det i unge Aar og langt upp-igjenom: lìvde paa den og den Læraren og stod uppraadd med alt som han ikkje hadde forklaara meg, eller seinare paa den og den Boki (Forfattaren), men alltid med den utrygge Kjensla av, at eg sjølv Ingenting kunde greie for meg; og langt uppi Aari kom eg, fyrr eg greidde den Ting aa vera min eigen Lærar: lære av alle og alt og sjølv finne Grunnar og Samanheng. Sidan hev eg berre smaae Tankar um "Aandslive" i Ung- domen: ein er Læregut; m a a hava nokon aa "lìva paa". Folkehøgskulen er visst for mange ei god Hjelp paa Vegen fram til aa bli vaksen, og Ungdoms-Lagi med sine Foredrag og Ordskifte maa like eins vera til Gagn; men Ungdomen lìver paa Autoritetar, og for det meste paa Auto- ritetar som eg er ferdug med eller forstend paa ein annan Maate enn den, som gjeld millom Ung- doms-Autoritetarne; i eit Foredrag kunde eg daa ikkje koma inn paa noko djupare, og dei klingande Talemaatarne ligg ikkje for meg; paa Katetre hev eg daa ingenting aa gjera. Og naar eg skriv, so vert det mest for Folk av mi eigi Aldersklasse. Dessutan er eg nok vorten meir Einbue enn det kann sjaa ut til. Hev mindre og mindre i Samlag aa gjera, og hev færre og færre Theses som er til aa slaa upp paa ei Kyrkjedør og bjode til "Forhandling" um. Sjølve det "religiøse Spurs- maale" skifter Karakter for meg; meir og meir ser eg, at det er med Religionarne som med FilosoFiarne: dei er alle "sanne" – relativt dvs. for deim som treng deim – so lenge som dei treng deim. Og daa det vel alltid vil vera Folk som treng deim (eller dei fleste av deim – kvart Folk sine), so vert Religionarne og Filosofiarne all- tid relativt sanne. Det vert alltid berre eit Faatal som hev Mod til aa sjaa den objektive Sanningi rolegt i Augo, Mod til aa "tenkje fritt".

Knhb. 14. 7. 19. I Dag fekk eg avstad fysste Sendingi Manu- skript til Bladskrift-boki. Men aa faa ho ferdug til Hausten vert eit hardt Mas. Igaar var eg til Jærs att. Det var nok ein strid og heller kald Nordanvind; men eg tenkte som so: sitja heime ein Sundag nyttar ikkje; det kjem for mykje Hjulmenner som skal sjaa paa Utsyni (og kannhende sjaa innum til Knudahei- mannen), at det vert lite Arbeidsro. Og ørend hev eg baade her og der; dessutan sìt eg til Kvardags so bunden no, at ender og daa b ø r eg ut aa "røre paa meg". Eg hadde so halvt tenkt paa Tu. Men eg kom noko seint ut, og Nordanvinden var ikkje lett til aa taka seg fram imot; eg "kvilte meg fram" til Hognestad. Der var det hyggjelegt som vanlegt. Og so var der noko nytt: tvo tyske Baan, av dei som er hitsende til Helsestyrkjing og betre Lìve- maate. Desse saag elles ikkje ut til aa ha lìde noko Naud; det var vakre og snilde Baan (Syster og Bror) paa 8–10 Aar; og um det gjekk som det kunde med Forstaaingi paa baae Sidur (lite- grand tysk Kunnskap er der elles i Huse), – so greier det seg, – med Fingermaal og kva som helst; litegrand Jær-Norsk lærer dei òg snart. Um Ettermiddagen var det dessutan Ungdoms- møte (paa den vesle Bergknausen austum Jordi, der Eivind hev planta ein Furulund; Tréi er no paa 1 1/2–2 Mannshøgder); der var eg med ei Stund. Og saag paa den nye jærske Ungdomen. Hm; bleik, byklædd, skuleklok visst; men eg kjende meg ikkje nettupp paa Jæren i det Lage. Naa; det hadde vorte betre, vil eg tru, um eg hadde kunna koma meir i Lag med 'n (dvs.: um det ikkje hadde vore so stengt millom unge og gamle). Eivind opna med ein liten Tale, der han tok denne Furulunden (fyrr Leikestad for honom og Brørne hans) til Emne, og han sagde mykje som var godt. Han slutta med nokre Helsingsord til meg –"ein gamall Jærbu som no søkte heimatt"– eg sagde nokre Ord til Takk og Svar; so laut eg rusle. So bar det til Garborg att (heile vaar eigi gamle Mark sør- igjenom, og so upp "Træe" der eg kjende att kvar Stein og kvar Røys, og dei gamle Ku- stigarne, og Helleren ikkje minst (endaa der ingjo' "Stove'" no var innunder den vesle "Berg"- veggen); var so inn-um hjaa Tomas og fekk greidt det eg der skulde; og det er hyggjelege Folk; me vart sitjande og drøsa ei god Stund. Men det kvelda og eg tok heim-yver. Ovanfor Tunheim raaka eg ein Ungdom, som kom og helsa so kjent og var i alle Maatar hyggjeleg; han hadde vore paa Knudaheio og skulde beda meg til Middags i Morgo hjaa Far og Mor; eg kjende ikkje Guten, og kunde ikkje finne eit einaste Drag i Andlite hans, som minte meg um noko kjent Folk; ikkje kom han til aa segja nokon Ting heller, som kunde gjera meg vis paa iminsto kor han var ifraa; men so hjarte trygg som han var paa aa vera kjend, kunde eg kje spyrja kven han var heller; berga meg daa med aa segja som sant var: at no sat eg so bunden – og laut snart reise –, so eg nok berre fekk segja Nei Takk. Han kunde daa kje segja noko til det, og me skildest Vener og vel forlikt, – eg like klok um Guten som fyrr. Fyrr han gjekk fortalde han elles, at han hadde lagt etter seg nokre Blad upp i "Byslagje" mitt, der det stod um det Stykke som Kona mi hadde fenge fram paa Friluftsteatre; det takka eg ikkje minst fyre. Heimkomen las eg Bladi og saag, at det hadde gjenge godt: fint VÍr, fullt "Hus", Samtykke og Framropingar. Kritiken var ikkje verst, den heller; "Aftp." var, sur, og søme rett kritiske; alle hadde noko aa segja; men Tonen i det heile var rime- leg – det ser ut til at D. n. Teatre endeleg er godkjend no–, og søme hadde mest berre godt aa segja. I det heile var Slage so vidt vunne som Raad var med so mange Vanskar og so lite Tid; glad kunde eg skrive og gratulere. Og for meg sjølv sende. eg ein Takk til den ukjende Guten med. I Dag (dvs.: Ettermiddag) er det fint VÍr. Og mot all rimeleg Von hev det i Natt rignt, – til stor Hjelp for "Tøo", som det no tok til aa bli turt fyre. I Fyremiddag gjekk det òg ei Skur no og daa. Og fysst paa Ettermiddagen, daa eg venta berre godt VÍr, drog det seg ei Graaning yver Himmelen – slettikkje noko Skylag – og tok til aa braake med Toreslag so kvasse og harde, at Hestar og Sauer sette paa Sprang, slik kvakk dei; og eg trur ikkje eg hev høyrt Maken til Toreslaatt, utan kanskje her paa Jæren i Barne- aari stundom. Saman med Toreslaatten. kom det eit svært Regn, som blanda seg meir og meir med Hagl, til dess det var Hagl alt, – no kunde eg forstaa Kulden desse siste Par Dagarne. Men snart drog UvÍre burt og det vart storfint att, reint straalande; og stilt er det enno, so no fær me tru at den Basken er til Endes.

Knhb. 19. 7. 19. I Dag er det ein av dei faae Dagarne, daa det kann vera stridt varmt paa Jæren – so midt paa Dagen. Ute greier det seg elles betre: blæs lite- grand (fraa Sudvest so det er vel Regn i Vente). "Slaatten" er Folk snart ferduge med – han tek langtifraa so mange Dagar no som fyrr Vikur), so det vilde vera væl, um GodvÍre heldt seg enno eit Bìl. –Brev fraa Nygaard; han er nøgd med, at der kom Mskr. so tidleg og vil med det fysste sende "Budgett". Men eg, som enno ikkje sjølv veit, kor stor Boki kann bli, fær svara og gissa paa 12 Ark eller derikring; det k a n n vel noko so-nær slumpe til aa høve. –Brev fraa Tuft; alt i Orden. Jordepli i Jordi; "Slaatten" skal snart taka til; "Grisen og Kjuklingflokken trivst storveges, og Høna kom med 4de Egge sitt i Dag."– I Sømar kjem dei baae til aa vera heime,– av ein Grunn som er god nok. – Um Skattesaki upplyser han, at eg er heller lint medfaren, so der er ikkje Grunn til Klage; i det heile er eg ikkje fullt so fatig som eg trur, skriv han. Ja-ja. Men ikr. 1000 Kr. i Herads- og Statsskatt for eitt Aar, og det for ein Maalstrævar – – –; Verdi hev snutt seg reint. Ho fær daa staa eller velte, ettersom falle kann; Statsbankerott maa det daa visst bli Verdi rundt fyrr eller sidan. Herlege Morellar fraa Hagen og fin Brødvare hitsend; det kom sers vel med no. –Fraa Fernanda Nissen Brevkort um "Liti Kersti"; det gjekk godt, segjer ho, og mange, millom deim ho sjølv, var sterkt tekne. Fraa Hulda hev eg fenge Bladkritikken i Utklipp; han er mykje betre enn ho hadde venta, og det eg ikkje hev lese fyrr skal eg lesa, so snart eg kann ta meg ei Stund. Eg er av alle Grunnar glad, for det greidde seg so vidt godt med dette. –Um Ekskeiser Wilhelm fortél D. 17de i Dag fysst at han er sjuk og so at han er fraa- fallen. Kva som er sant, eller um noko er sant, vil vel næste No. kunna fortelja.

Knhb. 22. 7. 19. Wilhelm av Hohenzollern er ikkje daaen, men sjuk. Kor det vert med Frammøte hans (for Retten!) i London hev eg ikkje sét eit Ord um sidan Breve fraa Hindenburg stod i Bladi. – I Paris er det Fredsfest i stor Stil. Og Fransk- mennerne k a n n feste. Tyskland hev gjeve seg heilt – so lenge. – Norig skal til aa laane i Utlande att. – Det vert spaatt Nedgangstider jamt og samt, og ein og annan Fabrik stoggar Arbeide, ser eg: men Dyrtidi held seg. – Ferdug med D. 17de for 1880, som gav mykje Arbeid. 1881 ser ikkje lettvinn ut, den heller, men kann knapt vera so strid. Og so b u r d e eg greie 1882 her. Ventar paa Brev fraa Hulda (som vel snart skal til Voss); fyrr det kjem, kann eg Ingenting avgjera um, naar eg skal aust-yver att. – Unge Lensmann Norheim (og ein Bror hans med Kòne) var innum i Dag; dei var ute og skulde "sjaa Jæren". Lensmannen (utantil ei tydeleg Blanding av Mossige- og Aasland-Andléti) synest vera ein grei Kar; og eg vil gjera som han bad meg: sjaa innum paa Vatsbø (ved Særekst- vatnet nære Stasjonen); d'er mangt, Lensmannen kann gjeva Greie paa. – VÍre meir urolegt att: regnlegt um Næterne, bygjutt og blaasande paa Fyremiddagen, Sol um Ettermiddagen og still fin Kveld; kann godt hende det vert fint HaustvÍr. I Knudaheibakken er det kome so vidt i Skikk no som ventande kann vera etter Vilkaari; det som var Myr er turt, og det som var Lyngbakke grønkar meir og meir: "Skogen" tek seg ikkje verst upp –.og skal bli heilt bra næste Haust, naar eg fær skìpa paa'n–; Erle og Sporv trivst her no, og i Markerne ikringum beiter det Smale og Kyr og eit Par Øykjer her og der som fyrr; men gjenom Vindaugo hev eg den meir og meir grønkande Jæren og i GodvÍr det blaanande og blenkjande Have. So det er ikkje mykje eg er so nøgd med i Verdi som Jær-"Fjellstova" mi. Men rett rart er det aa sitja her og "lìva upp Att" Bladmannslive sitt ut gjenom Tiderne; serleg er 80-Aars-Striden forvitneleg. Og uhugleg. Det er med Forfatningar som med diplomatiske Trygde- brev: i seg sjølve er dei berre "Papirlappar" ; det dei skulde vera er dei berre naar dei er lìvande Liv i Aalmennhugen. Det som berga Syttande- mai-Grunnlovi i den fysste Svensketidi var det Danskevelde me endaa hadde; i den siste Svenske- tidi var det den Ting, at Mengdi av Folke ende- leg hadde fenge Syn for kva Sjølvstyre var. Mengdi av Embættsstande og Byfolke og svært mykje av Storbønderne var politisk mest likso forsvenska no som fyrr fordanska; og det er lærerikt aa sjaa, korleis dei tvo Partarne av Folke fær kvar sine Meiningar og Ynskje inn i –og ut av den eine og same Grunnlovi, som dei baae hev svore til og baae krev etterlivd. Gjenom det som kjem fram er det alt i 1880– 81 fullt klaart, at Grunnlovi er paa ein Gong det store Fridomsbreve (for Vinstre og Folk flest) og den gjenomførde Einveldelovi (for (dei Framande og for Snobben). Eg hadde mest gløymt no, kor djupe Motsetningarne var, so det var godt eg fekk friska det upp att.

Knhb. 28. 7. l9. Det var so storfint igaar, at eg maatte ut. Var fyrst innum paa Garborg og sagde Takk for i Aar, strauk so Markerne ned- og nordyver um Haugland til Line (der eg var innum hjaa Jon og fekk Lov til aa taka Fedrabeimsaar- gangarne med meg austyver); og so til Bryne (Stasjonen) med eit Par Brev (millom deim eit til Hulda, som hasta; for no gjeld det um eg skal reise i Overmorgo eller kann drygje ei 14 Dags Tid enno); var paa Vestly hjaa Tomas, Kyrkjetenaren og fekk Greie paa Gravsteinen hans Far (som stend godt no) og paa Gravi (som er trygg enno i 12 – eller 8? – Aar, og lenger no, med di Sokni hev fenge ny Kyrkjegard). Men eg var komen for seint til Bryne til aa koma inn paa Posthuse (som er uppe ein halv Times Tid um Sundagen!); laut daa liggje yver til Dagen etter (det galdt aa faa sendt Resten av Løtpengarne til "D. 17de": 500 Kr. av dei 1000 eg hev teikna meg for no sist); Tidi var so langt Iédi, at det var siste Dagen alt. Soleis gjekk Tidi. Men fint og godt var det aa vera ute; væl varmt eit Bìl; men so tok det til aa guste fraa Nord- vest, og daa kunde det ikkje betre GangevÍr vera. Morgonen etter greidde eg Postsendingi og tok paa Heimveg; var innum paa Fotland (den nye Garden ved Foss-brui) og rødde elt Bìl med Mannen der, som er ein uvanleg pratsam Jærbu; han fortalde meg mykje um alt det Stræve det hadde kosta aa faa gjort Lyngheidi her til Gard; eit veldigt Arbeid er her gjort. No vonar han paa Tilskòt av Statsbevilgningi, og den hev han ærleg fortent. Kona hans er eit greidt og visse- leg duglegt Menneskje; Mor hans var det beste og hyggjelegaste "gamle Jæren", so henne skulde eg gjerne rødt meir med. – Ikkje mindre enn tvo av "Lesarkameratarne" mine raaka eg paa denne Ferdi: fyrst Kyrkjetenaren, og so (paa Lende) ei Gjente fraa Mauland (nedre), halv- gamal Kone no; reint kløkt var ho ved Minne um gamle Dagar. –No gjeng eg her og ventar paa Telegram fraa Hulda; Spursmaale er, um ho ser seg Raad med ein Jær-Tur; fær eg kje Telegram i Over- morgo, eller fær eg Nei-Telegram, so vert det berre aa pakke inn.

Brev fraa Arne Garborg.

Knhb. 26/7 1919. Kjære Hulda! Tak for Kortene af 22de. Ja, over Fjeldet til Stryn er mye morsommere end alle disse uudholdelige Jernbaner. Og Du "kommer tidsnok frem". At Du vil faa Stova i Stand i Høst er rime- ligt. Men der er aldrig vakrere der oppe end i September, saa derfor kan Du nok faa Jæren med – og et 14 Dages Sjøbad paa Ogna ogsaa. Og saa fint Veir som det er her nu faar Du knapt en anden Gang. Desuden, – nu, da Du blir "fastboende" paa Vangen, kommer Du knapt til at tænke paa slike Galskaber som Jæderfærder mere. Men nu, da Du altsaa er paa Vestlandet lel – – Jeg finder altsaa, at jeg bør afvente Din tele- grafiske endelige Bestemmelse. Selv vilde jeg forfærdelig gjerne bli med til Vangen; og fik jeg brugt de næste 14 Dage godt her, saa er det ikke umuligt at jeg kunde vove det. lalfald saadan Slutningen af August eller Um sumaren. saa, – des formedelst at der mangler mig en Aargang af Fedrh. her (1883), som jeg faar faa fat paa hos Ivar eller paa Universitetet og gjen- nemgaa saa snart jeg kommer østover. Du faar telegrafere. Skal jeg naa Dig paa Voss (eller i Bergen kanske? Du stikker vel der indom og hilser paa Rusti's?), saa maa jeg afsted om 3-4 Dage, og da maa jeg benytte Timerne godt, skal jeg kunne bli "færdig". Helsingar! Din G.

Knbb. 1. 8. 19. Regn og Regnskodd; Sudvest og Nordvest, baae like kalde; d'er reint som det var Sein- haustes. Men so vert eg ikkje gamall i Knhbakken heller no. Telegram og Kort fraa Hulda melder, at ho gjev upp Jæren for i Aar, mill. a. av di det vert. meir og meir Bruk for henne paa La- braaten. Eg fær daa avstad, eg med. Vil berre bli "ferdug med 1881" fysst; men den Aargangen er seigare enn eg tenkte. Utruleg langt hev eg soleis skrive um den "Fakultetets Betænkning" (um Vetospursmaale), som no er so godt gløymd; heile "Betænkningen" hev vore Tøv upp og Tull i mente; men Bernadottarne og Svensken stod attum, so den Gongen var det sgu Aalvor nok. –A. M. St. Arctander daaen. Han skulde daa ikkje upplìva aa faa ut Faust II, som han so visst hadde vona. Men han hev arbeidt med Goethe- Umsetjingar (Lyrik) til det siste; Dauden "tok honom Pennen or Handi", skriv Bladmeldaren. Hadde me mange so trufaste Arbeidsmenner! –Fraa Schjøtt ein liten Brevstubb igaar (Svar paa noko eg hadde skrive um ei samla Utgaave av Fedraheimsartiklarne hans). Han takkar for Tanken, men trur ikkje paa 'n. Og sjølv er han heilt ufør; Sømaren synest ikkje ha vore 'n til nemnande Hjelp: "Bedring udelukket", skriv han. Det er elles ei god Stund att av Sømaren endaa, so me "fær sjaa" endaa ei Stund. Men det maa bli ei Vending snart no, skal det bli; mykje Kraft er der kje att etter den lange Sveltekuren. Eg fær sjaa burtum til 'n, so snart eg vinn heim. –Ute i Verdi synest det endeleg roa seg. Socialdemokratisme og Bolsehevisme braakar enno her og der, serleg i Russland og Ungarn; men lenge kann vel ikkje det heller halde paa; og so vert det vel "Fred" og Reaksjon, til Sjukdomen paa nytt Lag bryt ut att.

Knhb. 7. 8. 19. RuskevÍre held paa. No fær eg draga. Fedrh. 1881 hev gjeve Mskr. for ei god Stund. Og endaa er det ikkje kome Prenteretting paa det fysste eg sende, so no er eg trygg for ei Stund. I Overmorgo vil Huse mitt vera stelt; og so Takk for i Aar, Knudaheibakken!

10. 8. 19. Det er Kl. 10 um Kvelden umbord paa Kyst- rutebaaten "Kr..ania", som nettupp no sét seg i Gang – nordyver. Farvæl, Jæren! Det hev vore ein lang Dag. Han byrja paa Bryne med GraavÍr og Smaaregn og heldt fram paa Sandnes og derikring (1) paa Skeiane-Kyrkje- garden, der eg faafengt leita etter Gravi hennar Mor, 2) paa Vatne, hjaa Ola Aase, der eg hadde ei hyggjeleg Kvilestund og sidan fekk Friskjuss til Sandnes og Fylgje – med Son hans – til Stvgr; men Tid til aa gjeste Maavréss Kartavodl vart der ikkje, dessverre. Eg fær skrive til 'n, sø snart eg kjem i Ro att.

11. 8. 19. Hev gjesta Rusti-folke; Mannen sjølv – er uppe att, og ute i Hagen um Dagarne og pìlar Bér, og so modig, at eg mest trur han greier det, trass i alle myrke Lækjar-Spaadomar. – Og so Takk for i Aar, Vestland!

Labraaten 15. 8. 19. So her att. Og VÍre fint (etter ein lang Regnbask, høyrer eg) og alt i god Stand. Eg fær ikkje "flytja, inn til meg sjølv" enno (Simen- sens vert verande August ut); men Rom hev eg, so eg greier meg lell; og um eg alltid fær eit Grand Slaatte-arbeid no, so sparar eg enno Tid: slepp Matstelle. – Med "Liti Kersti" hev det gjenge rett godt heile Tidi, um RegnvÍre alltid hev vore noko i Vegen. No fær Hulda litt meir Innstruksjons- arbeid, av di Rydland skal taka den Rolla, Haa- land hev havt; men alt ser godt ut no som fyrr. Eg maa i Veg med "Slaatten" fortast eg kann; og so gjeld det aa faa fri ein Dag til ei Stabekkferd.

17. 8. 19. Igaarkveld saag eg "Liti Kersti". Stykke "gjorde Seg" godt, trass i alle Vanskar: gjekk so godt som ein Opera utan Musik (og med ymse Minus i Spel og Uppsetnad og Utstyr) kann gaa. Folk – visseleg for det meste rett vanlegt Xaniafolk – hadde møtt mannsterkt fram og var utrulegt "med"; i alle Fall var det lydande stilt- yver heile Folkesveimen, so lenge det gjekk noko for seg paa Tile. Ikkje minst var det vel Songen, Stevleiken, Dansen, som tok Folk; men i det heile var "Liti Kersti" noko reint nytt, noko som eikorleis naadde djupare inn, fekk meir Magt med Hugleik og Kjensle, skapte ei meir intim Stem- ning enn det, som til vanlegt gjeng yver Hovud- stads-Teatri. Spele var der òg mykje godt ved. Men ofte hadde eg ei Kjenning av, kor vanskeleg det maa vera for Realistar fraa i Dag aa gjeva seg heilt og fullt yver i Folkeviseromantiken. Og Stykke held seg ikkje sjølv heilt innan dei folkevise- romantiske Grensurne – Operaen var i Hast umgjord til Talespel, og eit Par meir moderne Motiv hadde daa trengt seg inn –; det hev gjort sitt, veit eg. Eit Rollebyte var der òg igaar: Rydland hadde teke Gullsmeden i Staden for Haaland. Og det gjekk som det plar gaa ved det norske Teatre: det hadde vorte for lite Tid til Innstudering. Men av ein serskild Grunn: daa dei – ein Sun- dag – skulde til med 4de – vanskelegaste – Akti, vart Hulda arbeidsufør: stupa i Koll og braut Armen or Led – ut or Aksle-Leden. Ei lang og fæl Lidingssoge fylgde: ingen Dokter aa faa Tak paa, og lenge ingen Hest heller; sist- paa vart det ei Marterferd over Lag – med Armen strakt ende ut og halden uppe av ein av Spelarane – til ei Lækjevakt inne i Byen, og det nettupp i Austkanten av Byen; mest livlaus kom ho dit. Med Magt og utan Kloroformering vart so Armen bròten i Led att og lagd i- For- binding, tett inn til Kroppen, med hard Surring um Bryst og Rygg; um Armbeine var bròte kunde dei kloke Medicinmennerne ikkje segja. Og alt som var sundrive upp-ikring Aksle-leden, det glødde og verkte, glødde og brann; men Armen døydde burt: kjendest ikkje; var heilt urørleg. Langt um lenge vann ho seg heim. Her laag ho og talmast i 2–3 Dagar, urørleg, med Brand og ustanseleg Pine i Armen og tyngd yver Bringa av den harde Forbindingi – den me laut lempe paa, so godt me kunde –; likblaa og kjenslelaus var Armen og Handi som daud; at Beine i Over- armen var brote syntest vera visst, etter den fæle Verken. Daa Tròten hadde gjeve seg so vidt at der kunde vera Von um aa faa Greie paa Tilstande med Armbeine fekk me hit Bygdedokteren; han fann ut, at Beinet visst hadde klara seg (fullvisst var det ikkje), og nya upp att Forbindingi. No er ho uppe rett mykje, og hjelper seg med ei Hand som best det læt seg gjera; smaatt um Senn tek det òg til aa koma Livskjensle i Armen. Men Verken er snarare verre enn fyrr, og ho treng alt det ho hev av Kraft til aa halde Mode uppe. Svevnen er det ikkje heller rart med. Gjev det seg ikkje med Verken i Morgo, maa me faa Dokteren hit att, – eller um det knip, ein Dokter fraa Byen.

22. 8. 19. Det gav seg med Verken, so vidt at det ikkje turvtest serleg Dokterhjelp; og no er det so vidt, at ho kann vera uppe att no og daa; men det er smaatt med Krefterne. Og ei lang Historie kann me stole paa at det vert. – Fysste Korrekturark paa Bladstykke-samlingi endeleg kome, so no fær eg visst Arbeid nok. –Men det gjeng svært smaatt med "Snøfuglar". – Ingeniør Simensen kom att fraa Tyskland i Kveld, og han hev mykje aa fortelja. Det stend so smaatt til der nede, at Folk er reint modlause; Statsbankerott er ventande um eit Par Maanader, og kva som daa kjem kann ingen gisse seg til. Og det skal ikkje staa stort betre til i Frankrike og England heller. Er det nye Romarrike like- væl dømt?

28. 8. 19. Endeleg er eg flutt "inn til meg sjølv" att (Simensen-folke reiste i Dag), og skal daa snart vera fullt i Arbeid. Eg driv paa med 1882 no – siste Bladstyrar- aare mitt –; i dei Aari som daa kom skreiv eg nok ikkje stort Politik; so daa kjem det til aa gaa raskare. Sidan (i Slutten av 80-Aari) kjem Tunn- set-Tidi, daa eg var noko meir med, og so "Syt- tandemai"-Tidi og seinare eit grand Dagblads- arbeid; men største Vansken heretter vert vel aa faa noko-so-nær Samanheng. Her og der vert det visst naudsynt aa fylle ut med korte Utsyn, som kann binde Stubbarne – eller Arbeids- tiderne ihop. Med Hulda gjeng det framyver, men ille smaatt, og det skal ikkje stort til, fyrr det bér attyver att. Og um Armen tek til aa besna eit Grand, so hev det kome noko nytt: ein Øyreverk, som piner henne syrgjeleg. Med Svevnen gjeng det daa òg skralt, trass i Pulver og Dropar. I Dag ser det elles ut til, at det verste av den Pina òg er yverstridt; er det so, so vert det heretter mest Tòlmod det vil spyrjast um, og av det hev Hulda ikkje rett mykje. – Ingen Korrektur. So eg hev gode Stunder til aa fara til Byen og "sitja" hjaa Tannlækjaren; det hev eg endeleg teke til med, men nokre Aar for seint, segjer Lækjaren (Julius Breck). – Sjølv trøystar eg meg med, at vert eg tannlaus fyrr eg vert livlaus, so fær eg lìva av Graut; det greier seg nok. – Det er Snakk um Nobel-Prisen att, og denne Gongen i eit Par Blad; Sømen skulde bli skift millom Hamsun og meg, er det ein og annan som meiner. Eg tenkjer det gjeng no som fyrre Gongen – for mange Aar sidan, daa ein av dei som sat i Nemndi fortalde meg, at Tanken hadde vore framme –; eg svara den Gongen, at det var fleire som maatte gaa fyre meg; og no er Vonerne visst ikkje betre for meg, det eg kann tru.

3. 9. 19. Gjelsvik er ute og fører Krig mot England att. Og han hev nok dessverre Rett: England er det nye Romarrike (som det no paa nytt hev vist i Persia); og noko meir vert der knapt av det, etter som ein no kann sjaa. Sjølve det store Folke-Sambande, som ei Tid syntest gjeva Voner, – d' er nok berre Rom- Tanken, Verdsrike-Tanken, i ny Skapnad. Og det kjenner alle Folk paa seg; dei gjeng nok inn i Sambande – av di dei ikkje vaagar anna – ; men fraa Sambandsstatarne til vaare eigne skan- dinaviske Smaarike, – dei tenkjer seg vel um, fyrr dei vaagar det, og gjer Krav og sét Vilkaar, ope eller meir og mindre løynt; serleg Tyskland og Austerrike – som daa òg vert serleg ille medfarne – læt tydeleg forstaa, at dei i k k j e trur paa den engelske "Verdsfreden". Anna enn Humbug vert denne Freden ikkje heller. Ikkje berre fordi England vil vera Rom –den Ting vil, serleg i Tyskland, veldigt hjelpe Fyrste- og Militær-reaksjonen –, men endaa meir fordi "Magterne" vil skapa Fred utan aa skapa Freds Vilkaar, vil "lækja Sjukdomen" utan aa gjera noko ved Sjukdoms Orsaki: den falske Samfundsøkonomien. Heile Braake vil daa føre til alt anna enn "ny Tid". Det burde dei ikkje minst sjaa i England, der "Freden" gjev veksande Dyrtid og ustanselegt Arbeidarbraak. Men i Tyskland og Russland held Socialdemo- kratarne paa med aa sigle s i Skute paa Grunn; hev ikkje minste Greie paa korkje dei politiske eller dei økonomiske Samfundsloverne. Dei gamle Herrarne hev rømt utanlands og ligg no der og ventar i Ro paa, at desse halvkultivera Halv- bandittarne skal kollsigle heilt; daa kjem dei att og tek Magti, og vert det ikkje verre enn fyrr, so vert det visst ikkje betre. Etter all Revolu- sjonering kjem Reaksjonen som vanleg, og Sam- fundi sjuknar meir og meir burt i all denne militær-politisk-økonomiske Feberen; so vil det gaa i det engelske "Romarrike" med. For so vidt ein kann sjaa hev alt (økonomisk) Framgangsarbeid stogga, i England som andre Stader. Berre i Danmark held det fram, ser det ut til (iminsto held "Den lige Vei" seg uppe); men um dei flinke Danskarne nokon Gong kjem lenger enn til Ord, Ord, Ord – – – – Her uppe vert Dyrtidi stridare og stridare. Den hev elles ikkje minst Bonden havt godt av; og det turvtest nok. (Det viser seg mill. a. i, at me fær norsk Skule i fleire og fleire Bygder.) Men Dyrtid er ei syrgjeleg Velstandskielde, og lenge varer det ikkje, fyrr ho gjev det motsette av Velstand. 10. 9. 19. Fager September; Himmelen klaar eller lett kvitskya; VÍre heilt rolegt, mildt, midt paa Dagenvarmt. Eit Par Timar um Kveldykti er eg ute og "tek upp Eple" (Jord-), og i slikt VÍr er det hyggjelegt Arbeid. Eller v i l d e vera hyggjelegt, – um det ikkje kvar Dag sat ein Fyr paa ei Tropp ned- hjaa Jørgensen eller Slagtaren og drog og drog paa eit "Trekkspel" Time etter Time – uh! – eg ynskjer eg Var inne att og kunde stengje alt eg hev av Dører og Vindaugo. Men skal eg koma nokon Veg med Epli, lyt eg gjera meg hard og halde ut. –Eit Par Smaabøker hev eg lese desse siste Par Dagarne: 1) " Væ Victis! Meine Erlebnisse in Spanien u. Frankreich wøhrend des Welt- krieges" av Paul Madsach, – ein Mann, som knapt er av tyskt Blod; for det fysste klingar Namne svært undeutsch, og for det andre skriv han meir objektivt og mindre "ich"iskt enn ein rett Tysker kunde gjera; av Boki lærer ein, at i Ufredstider bryt Villmannen fram, meir og mindre grovt, hjaa Franske som hjaa Tyske; – 2) Arvid G. Hansen: "H i s t o r i s k R e l i g i o n s u n d e r v i s - n i n g" (Xania 1919), ei Framstelling, mest etter Sven Lönborg, av Religionslæremaaten ved Göte- borgs Högre Samskola. Det er eit godt Arbeid; men her i den norske Skoddeheimen vert det vel knapt lagt Merke til. Hadde eg Stunder, skulde eg melde Boki; eg hev elles tenkt aa skrive um Emne sjølv. Eg "fær sjaa", "fær sjaa" – – I "Finsk Tidskrift" for Juli – August skriv Arthur Travers- Borgström – i eit Stykke um "Mutual- ism" – mykje forvitnelegt um samfundsøko- nomiske Tilstand og Framtankar i Europa no etter Krigen. Etter ein Kritik av dei gilde, men uklaare og stundom sjølvmotsegjande Talemaatarne fraa den "store" Revolusjonen som hev skapt denne Tidi med alle hennar Vanskar, liksom òg av Adam Smith og hans Økonomi, av Malthus og hans "Pseudofilosofi", av Industrialismen, Socialdemokratie o. a., sét Forf. fram sin "Mu- tualisme", som ikkje nettupp er so klaar. I Hovud- saki byggjer han paa Krapotkin, og Tanken er aa faa fram Jordbruke jamsides Industrien, soleis at kvart Folk kann vera sjølvberga; dette vil daa vera baade ei økonomisk Trygd og ei Fredstrygd. Og Spursmaale er vigtigt; "nationens og racens framtid står på spel"; serleg vigtig – "livsvigtig" – og aktuel er "jordfrågan". Um den kapital- istiske Skipnaden, soleis som denne i det siste Hundradaare hev vakse seg fram, skriv han ser- skilt forvitnelegt. Merkande er det òg, at Jord- spursmaale – den sociale "Sjølvhjelps"-tanken – no etter Ufreden tek til aa arbeide seg fram i Storlandi, ikkje minst i England. Like eins er der Tankar uppe um ein ny Skipnad med Bank- og Pengestell; at den Samfundsøkonomien som no hev vakse seg fram er samfundsfaarleg tek jamvel tenkjande Ortodokse til aa skyna. George- læra synest denne Finnen ikkje aa kjenna til; med Fotfeste i den kunde han ha fenge klaarare fram det han i Grunnen synest meina og vilja; men Georgelæra er ikkje heller klaar nok for Byfolke, som meir og meir fær den politiske Magti; Socialdemokratie, som gjer heile Sam- funde til ein Fabrikk, og som berre hev det eine enkle Ideale Likskap, – det vil meir og meir faa Mengdi med seg. Og so fær me den gamle Leksa: Revolusjonar med etterfylgjande Reaksjonar, til dess den europæisk-amerikanske Halvkulturen er upptærd og Austheimen (Japan) rykkjer fram. Det er daa visst i den Leidi det no peikar. – Fraa "Retsstaten" (Blade og Lagi) hev eg lenge Ingenting høyrt – kann Blade vera av- somna? – Men i Dag kom det, gjenom N. af Ekenstam, ei Sending som viser, at der nok enno er eit Grand "Liv i Lage". Det danske Retts- statlage hev – ved Dr. Axel Dam – sendt ein Søknad til Bureau International de la Paix i Bern um, at det danske Rettstat-Lage maa bli membre actif av Freds-samnøyte; og no vil det hava dei svenske og norske Lagi òg med paa dette. Me er nok ikkje Fredslag i Namne, men "nous répresen- tons en realité le pacifisme le plus radicale", heiter det i den danske Søknaden til Freds- "byraae" – Fraa Sekretæren i dette Byraae, Mr. H. Golay, hev daa Danskelage fenge Lovi for Fredslage – Statutes de l'Union internationale des Sociétés de la Paix", vedtekne i Marts 1 9 1 4 ! –som Dr. Dam hev sendt til Ekenstam og denne no sender til meg med Spursmaal um me vil gjera Fylgje. Eg fær daa faa eit Møte i Stand. I ei Tid som korkje trur paa Rett eller paa Fred, men berre paa Magt og paa Mynt, kjem ein nok ingen Veg med korkje Retts- eller Fredslag; men Herregud, "ropande Røyster i Audni" treng ikkje minst slike Tider. – Andre Upplag av Odyssevskvæde er ende- leg kome i Bokhandelen.

23. 9. 19. Altfor mykje Regn no nokre Dagar; det kjem i Utid, liksom det var burte i Utid; varer det for lenge, vert det ille for baade Aaker og Jord- eple. – Elles er det den fagraste Haust-tid; Lauvliderne er reine Eventyr av rikt men linnt skiftande, paa ein Gong mjuke og sterke Fargar; men yver Eventyre ligg Haust-tonen: Melankolien av folnande Sumar, av sloknande Liv. – I Dag hev me ein Minnedag att, ein ny 80-aars-fest: Christofer Bruun er òg so langt paa Fjorden faren. Og dette: aa sjaa denne aande- lege Hausten i den Tidi som var mi: det eine Trée etter det andre som gulnar, den eine Blomen etter den andre som fell, – det gjev si Stem- ning. Bruun hev elles aldri vore meg heilt klaar, eller heilt vore "min Mann"; men noko stort og serskilt var der meg alltid ved 'n; og naar eg no les um, at han kannhende er den, som nærast eller mest hev stade Modell for "Brand", so fell det meg ikkje urimelegt. Og det som no vaknar av " Nyromantik ", maa for Bruun vera som Morgon- roden for den Dagen han hev arbeidt for og venta. – Dessverre er der svære realistiske Knutar aa løyse, fyrr Live kann bli den Sundagen, som Romantiken – meir og mindre lìver han i oss alle – vonar paa; men dei som tek Sundagen paa Forskòt er kannhende dei klokaste; for um han i Røyndi kjem nokon Gong, – kven kann staa inne for det, serleg i Tider som desse? – Fraa Herman Wildenvey – den sanne Diktaren med det lògne (og løglege) tyskdanske Namne – er det kome eit Brev som handlar um Henrik Rytter (honom kann W. ikkje med) og um Nobelprisen, som Hamsun vil avvise(?) og som eg i Tilfelle òg bør avvise. Han brukar so mykje store Ord, at eg maatte smile. – Nobelpris-spursmaale kann eg elles taka med Ro;. at eit Par Maalblad nemner meg i Saman- heng med den, det segjer vel helst mindre enn Ingenting. Det einaste er, at eg tok snart sagt kva-som-helst, um eg kunde segia ifraa meg Stats- stipendie; det baade tyngjer og bind meg. I det heile: lìva paa Naadeløn – uh. Eg hev nok ikkje so lenge att, fær eg tru; men endaa – – – No er det elles Tider som gjev lite Rom for "fine Fornemmelser". Midt i den aukande Dyrtidi fær me meir og meir Streiking i Land etter Land; og hjaa oss med vert det spaatt Stor- streik naarsomhelst, d.v.s. endaa hardare Dyr- tid, og endaa mindre Von til aa berga oss igjenom ho. Og det harmelegaste av alt: Skuldi er vaar eigi; med tankelaus økonomisk Politik hev me ført oss sjølve ut i Ulukka. Og hev endaa ikkje lært; ikkje ser det ut til at me kann lære no heller; det vert daa berre aa "krysse seg fram" og sjaa kor langt Baaten kann bera. – Fraa Overlærar J. E. Møller Svar um det Rettstatslagsmøte eg skreiv til 'n um, Det vil Vera raadlaust no aa gjera noko, meiner han; Lage hev ikkje vakse, og med Arbeide gjeng det smaatt; Lyng er sjuk og han sjølv yverlesst med Arbeid – paa Skulen, der han mill. a. hev fenge eit nytt Fag, og elles privat: Dyrtidi krev det. Men i Oktober.vonar han aa kunna gjera meir. (Eit lite "praktisk Framstig" er der òg Tale um: ei Nemnd som arbeider med ein Banestubb Drø- bak–Nesodden vil freiste med Økonomien ved Bygningi av Slangerupbanen ved Kjøpenhamn; eit Foredrag av Lyng hev sett deim paa Tanken). – "Rettstaten" i Kphmn hev kravt sine 500 Kr.; i Kassa var berre 250, som er sende; no spørst det etter Resten. Og Raad lyt det bli, um eg so sjølv skal "laane" "Lage" dei 250 Kr. Ja, ja. Det gjeng so visst ikkje "fram so det d-nar", nei. – –Fraa Heinrich Erfurt hev Hulda fenge eit Par Nummer av det Elberfeld-Barmen'ske Blade "Freie Presse", der ein les baade løglegt-ville og uhuglegt-ville Meldingar fraa den Halvfreds-Tidi dei kavar med der nede. Soleis er der "ein Kulturdokument" fraa den franske Brigaden i München-Gladbach, der den kommanderande Ge- neralen gjev Forskrifter for, korleis Soldatarne skal stelle seg, so dei kann forlikast um det einaste H-huse der er (med berre tvo Frauen- zimmer); kvar Bataljon fær sin Dag i Vika (fraa 6–9 E. M.); berre Sundag er Huse stengt – o. s. fr.; same Generalen gjev vel og For- skrifter for Messe o. s. fr. um Sundagen. Eit anna Stykke fortél um Mordprocessen i Mønchen; alt oser og luktar av Raaskap og Villskap, so ein reint fæler for den "Framtidi", som "Re- volusjonarne" der synest spaa um. Csfr.; osfr. Er det slik som det her ser ut, so m a a Re- aksjonen koma; men fæl vert han. – Hu; Menneskjedyr!

27. 9. 19. I Natt vart eg Bestefar; Ungfolke fekk ei Dotter. Alt gjekk godt; og alt stend væl til. – Foreldri hjarteglade. Ein "Prins" hadde vel vore serleg velkomen; men Prinsessa er nok meir enn gild nok, ho med. Og ho er i god Stand, so ho kjem visst til aa trivast. Men ille er det for "Bestemor" med den ubrukelege Armen; ho kann so lite hjelpe til. Ikkje hev dei fenge seg Gjente heller; og aa faa ei no er ikkje snart gjort; i desse Tiderne vert det kannhende raadlaust. Det kann bli ei van- skeleg Tid, desse 8–14 Dagarne til Aagot kjem upp att; Hulda hev sagt fraa um det Gong paa Gong; men aa faa Folk i denne Tid, naar ein ikkje kann vega dei upp med Gull – – – – Hulda hev vore i Byen og fenge Armen röntgen-fotografert; det ser ut til, at ei Beinsplint hev sprunge laus, og no lyt ho til Byen og faa nærare Greie paa den Ting (Bygdedokteren hev teke seg Ferie). Det kann daa vara lenge enno, fyrr ho vert arbeidsfør att; – og dette skulde koma nettupp no, daa ho kunde havt Bruk for 2 Par Armar! Og so syrgjeleg dyr som denne Historia vert! Ho burde kunna faa Skadebot. Men kven skal ho søkje? Det vilde nok vise seg, at "ingen hadde Andsvare" for det meinings- lause Staaltraad-"gjerde", – ingen, eller kann- hende "D. n. Teatre"? – Norig hev – ved vestmagtvenleg Nøytralitet – vunne Svalbard og Bjørnøy (dvs. p o l i t i s k Suverænitet); det fær ein kalle Nytt! – um det òg i Røyndi berre er Uppfrisking av Gamalt. Elles hev me god Rett no med, betre enn eg visste: av dei vel 1000 Menneski som bur der uppe er um Lag dei 850 norske. Og norske Selskap hev baade Kol-felti (som skal kunne skaffe oss so mykje Kol som me treng) og det meste av Gruvedrifti. Kol er der paa Bjørnøy med; det er eit Stavangerlag som der hev teke til aa drive. – Det vil venteleg taka eit Aars Tid, fyrr alt kjem i Orden. Men um me kann faa uppatt det norske Namne Svalbard? Det norske "17de Mai" held konsekvent paa det tyske Spitzbergen; berre Dagbl. og Gula er norske. Anna godt Nytt er, at fast Luftferd kjem i Gang i Haust. Der er skipa ein "Pool" for Luftferd- trygding. Naar alt kjem rett i Stand, skal ein kunna tru paa det som nyleg er sagt i Parla- mente (fraa Regjeringsside): at Luftferd vert likso trygg som Sjøferd. – Godt Nytt b ø r det vera, at Norig trur paa Folkesamhande og paa den millomfolkelege Domstolen; den Tidi maa vel snart koma, daa me fær sjaa kóss det gjeng. Nytt av serleg Vikt er ei Melding um den nye Atomlæra og ein kann segja den nye Fysiken, som no er komen upp, og som endevender mange gamle "Sanningar". Alle Atom ser det no ut til er bygde av dei positive og negative Partiklar som Vatsto-Atome inneheld. Og Atome er ikkje ei kompakt, men ei "praktisk tala tom" Kule: inne- held berre øther og inst inne ein Partikel positiv Elektricitet: kring den sviv i fast Bane ein eller fleire Partiklar negativ Elektricitet. Ein skulde daa kunne segja, at ein materiell Likam er: øther med eit stort Tal elektriske Kraftcentra; ein Likam skulde soleis vera likso ætherisk som Verdsrome! – Og Tyngdkrafti, som fyrr galdt for rett stor, er i Røyndi ørende liti mot dei andre Krafterne i, Atome (som skal vera utruleg store). Det er Universitetsdocenten i Fysik, Dr. Wereide, som fortél um dette (utspurd) etter det skandi- naviske Fysik-Møte i Lund; og han trur, "at den moderne Fysik efterhaanden kommer til at tangere eller muligens løpe over i Psychofysik"; i Saman- heng med det nemner han noko anna nytt som han trur vil faa mykje aa segja for Fysiken: Dr. Crawfords Granskingar av psykiske ("spiritistiske") Ovringar. Det er tvo Forklaaringar, segjer Dr. C., av desse Ovringarne: ei som vil finne Upphave til dei i Under-Medvìte hjaa "Medie", og ei som trur paa Aander. Dr. C. finn det etter sine For- søk raadlaust aa greie seg med Undermedvìt- hypotesen; ein er "nøydd til aa halda Operatørarne for sjølvstendige Være" ; "sjølve gjev dei seg ut for aa vera burtdøydde Personar". Han hev arbeidt med strengaste vitskaplege Kontrol (mill. a. Foto- grafering) og hev funne ut Ting som er likso merkelege som uventande; um dette gjev Dr. W. snart ut eit Hefte (Referat av eit Foredrag i Psykisk Forening), som maa bli verdt aa lesa. Spiritismen er soleis endeleg komen under vit- skapleg Gransking – og ser ut til aa klara seg! Skulde det vera Raad, so vil utenkjeleg mykje nytt vera ventande. Det gjeld aa fylgje med i denne. nye "Fysiken"!

9. 10. 19. Klaart og Sol; men det tek til aa haust-storme; og Lauvskogen med sin herlege Hauststas vert meir og meir ribba, um han enno ikkje gjev heilt upp. Men so er me og alt inn i siste Fjordungen. Ei sterk Kjensle av aandeleg Haust hadde eg òg i Dag, daa eg las i Blade um Dr. Wereide og hans nye "Fysik" (Spiritisme); fysste Fore- drage hans var so yverfløymt med Folk, at det var berre eit Faatal som kunde koma inn; han kunde daa berre tillyse nytt Foredrag. – Naa ja: det er Haust. Og etter 4–5 Aars Menneskje- slagting kann det vera rimelegt, um Folk gjerne vil høyra um Livsvon atturn Mordarkniven med; helst naar Evangelisten er Dr. og hev eit Par engelske Doktorar aa halde seg til. Godt er det òg, at Presten ikkje dreg av med den feite Steiki aaleine. – Med meg sjølv hev det vore upp og ned; so lenge det stod paa med Streiking, og eg inkje Ord høyrde fraa Forleggjaren, gjekk eg ut fraa, at Jolevonerne var smaae og stod i Potetaakeren alt med' eg orka. Men so kom det ein Dag, daa eg vart forkjøla eller kva det var; sidan hev eg – i 5–6 Dagar visst – lege her og sove og halvsveitta. No i det siste er eg uppe se haalve- stundo; eg tek jamvel til aa faa i meg eitgrand Mat; kann daa vel tru, at eg er paa Framgangs- veg. Og baade "Snøfuglar" og "Politik" er korne att i Korrektur, so no spørst det for Aalvor, um eg greier baade all den Korrekturen og so alt som visst enno vert aa gjera med aa rote fram Mskr.; eg fær nok sparke i og vera frisk, anten det gjeng so eller so; det kann bli ein knaken Maanad. Til ei Innbjoding fraa Ungdomslage i Oslo um aa vera med paa Tjugeaarsfesten hev daa eg berre kunna svara at eg skal sjaa. Hulda er so langt paa Framveg komi, at der er Von for henne; men enno er der eit Spursmaal som ikkje er greidt, og som Massøsa med finn uklaart; – alt er likevel gjort som gjerande skulde vera, so at anna aa gjera enn aa halda fram som fyrr er her knapt; me trur daa i det lengste at det maa laga seg. Men ei strid Tòlmodsprøve for henne baade hev det vore og vert det.

11. 10. 19. Snø. Snø og kaldt, so ein tek til aa tenkje paa Vinter. Men det folkar seg vel? – – Eg er noko-so-nær ferdug til Ministerie Sverdrup. So er det hans Nedgangstid, daa, og Uppgangsvonerne 1905. Det er kje so langt att no, som væl er. Men Helsa berre so maateleg.

27. 10. 19. Boki vart for stor; eg laut slutte ved Riksretten. Og fekk endaa eit Attpaa-arbeid med aa gaa igjenom og strjuka alt som strjukande var av det som endaa ikkje (midt i Maanaden) var sett. I Dag endeleg "ferdug" – med eit Arbeid som bokstaveleg vart "korkje halvt eller alt". – Men eg fær vera glad endaa. I Overmorgo ber det til Helsebeimen paa Modum, der ein Dr. Haavik skal prøve den Olsvigske Naturlækje- maaten paa meg. Og etter det Hulda no hev fortalt meg fraa dei siste Sjuke- – "Ustands"- – tiderne mine, serleg d e n siste (Ting som eg ikkje hugsar, men som er av det Slage at eg aldri hadde gløymt deim um eg ikkje hadde vore reint sløv), so trengst det nok. Og for tid- leg er det visst ikkje. "Løne seg" kann det vel òg, ettersom Hovude enno er i rett god Stand, etter Alderen; det kann berre spyrjast, um det ikkje er for seint alt. Men ein Freistnad bør eg gjera, um eg nok elles for min eigen Part kunde vera like sæl: som Verdi no ser meg ut minkar det stygt med Arbeidsmode mitt. Bolsjevik- Barbarie og alt som dermed heng meir og mindre ihop kann ikkje føre til anna enn til hard og langvarig Reaksjon; og dei Framgangstankarne, der er Vìt i, hev eit utrulegt lite Faatal med seg, so at um eg lìvde i 10 Aar til, fekk eg knapt sjaa anna enn Nedgang. Og i Aandslive ser det ikkje so mykje ljosare ut. Var eg tie Aar yngre, gjekk eg med Hugnad i Strid mot Atter- gangsmagterne i Tidi; no fær Resignasjonen alt- for mykje Magt: eg ser den Skoddeheimen, som Milliardarne lìver i og ræddast meir og meir for at det er som det so ofte hev vore sagt: at Ljose berre er for det Faatale som vinn seg uppaa Høgderne.

Modum Helseheim 28. 10. 19. Kom hit igaar, etter ei framifraa "Rusleferd". (Eit Godstog hadde køyrt eit Par Vogner i Velten ved Lier; me laut daa fysst sitja og vente i 7 Kvarter; so krabba me oss fram til Fots eit Stykke Veg, og fekk nytt Tog ved Lier; me kom daa til Drammen 1 Time etter Ruta, men slapp dermed aa vente den Timen der; Bana hev Tid paa desse Kantar som ho hev havt). No er eg daa paa eit Sanatorium; det hadde eg elles forsvore. Men eit Sanatorium paa Aust- lande med eit norskt Namn og etter Olsviks Maate (utan Medisin), – det er noko so heilt for seg sjølv, at eg enno kjenner Eiden min ubròten. Og Dokteren, upplærd i Naturlækje- maaten ved Olsvik, ser meg ut til aa vera ein greid Kar. Eg. hev so vidt teke til baade med Laugingi og med Levemaaten og fær daa sjaa; Lufti er dertil so "sterk" her, at eg enno gjeng og berre halvsøv; det maa der daa i alle Fall vera Kvile i. Mest hev eg elles lese Korrektur: er komen eit Ark lenger fram i "Politik" og endeleg til Endes (med 2dre Korr.) paa "Snøfuglar". So no fær eg endeleg segja at det dagast. – Til Namngjevings- ("Daaps"-) Lage aat vesle Sonedotter vaar, "Kari", hev eg sendt eit Par Ord, so vidt at eg paa ein Maate "er med"; so fær eg friske paa meg sjølv, best eg kann – Gongur upp til Tyrifjorden burde kunna bli gode, um Føre ikkje vert altfor fælt (det hev vore Vinterføre eit Par Dagar, men kjennest ut som det vil mildnast atø; i det heile fær eg nytte Tidi best eg kann, naar eg fysst er ut komen.

2. 11. 19. I Dag skulde eg vore "hjaa Tuften", – vore med i Namngjevingshøgtidi aat vesle Kari (upp- kalla etter Farmor si: Karen Hulda G). Men um eg er med berre skriftlegt, so er eg nok med lell; og at Kari kjem til aa greie seg, kjenner eg meg trygg paa, – korleis so dei Tiderne vert, som ho skal baske seg igjenom. For fraa For- eldri sine erver ho Ro og Mod, dei Gaavur som alle Tider, og visst ikkje minst no, trengst for kvar den som paa rimeleg Maate skal "klara Verdi". – Her er eg komen ut for ein Socialdemo- krat; gild og grei Kar, ser det ut for, men knapt meir djuptenkt i Samfunds-Spursmaal enn Social- demokratar plar vera. Og eg er lite i Lag no til aa røda um slike Ting; det er so smaatt med Trui. At Folke er "fritt", vert det nokon Gong meir enn det eine, at Folke no og daa paa fyre- skriven Maate vÍl seg parti-fyreskrivne Styrarar? Kann Folke, Folkefleirtale, noko-sinn vinne sjølv- stendigt Syn paa slikt som samfundsøkonomiske Spursmaal? – By-Halvkulturen vinn kann hende so langt som til Socialdemokrati. Men lenger?? Eg er komen i Gang med Driving: tvo Gonger um Dagen, ein Gong upp Ringeriks- og ein Gong upp Hallingdalsvegen. Føre fær eg taka som det er, til dess det kann bli betre; VÍre er fint nok, um det alltid kunde vera mildare.

Modum 5. 11. 19. Straalande VÍr, men Vinter. – Eg hev vore arbeids- – og badeufør i 3–4 Dagar – so reint i Utid! –; men det vart daa ikkje av dei lange Uriderne, og so fær det greie seg. – Fraa Tuften Brev; alt gjekk som det skulde paa Namnedagen; Kari var jamvel snild, trass i alle framande Andliti. – Hulda hev vore hjaa Schjøtt og skal helse. Men det er skralt. Han hadde freista i fire Dagar med aa svara paa den Brevstubben, eg sende 'n, fyrr eg reiste, men ikkje greidt det. No vann han seg ikkje heilt upp av Sofaen: laag og sette seg upp av og til; sovna so halvt inn- imillom. Han hev skrive fleire Gonger til Løvland um Ordboksmanuskripte; men inkje Svar er kome og Inkje gjort; Løvland hev kje Bruk for Maal- stræv, so lenge dette Tinge styrer. Men Tuften hev endeleg fenge Telefonbòd fraa Sigghvat Hegg- stad (paa 1ste Skulekontore), at han skal hente Mskr. og forvara det paa Biblioteke "so lenge" dvs. til det vert ufaarlegt aa drive med Norskdom att for det norske Styre, – Ja, ja. Me finn oss nok i aa vera Styvbaan me norske; det er det me er vane med, maatru. Tvo nye Ark Korrektur til "Politik" komne. Men enno altfor mykje att. Det skal ikkje undre meg, um Utgjevingi vert utsett til Vaaren.

Brev fraa Arne Garborg.

Modum Helseheim 8. 11. 19. Kjære Hulda! I Dag vovet jeg mig endelig ud igjen, saa koldt som her var; og ved Henvendelse paa Stasjonen fik jeg Tag paa Pelsen; Tak! Den er godt sat i Stand og ser bra ud, saa nu er jeg vel bergja; – det kan bli saa koldt det vil, saa behøver ikke jeg sidde inde længer for Veirets Skyld. Jeg føler mig rent ovenpaa. Og i Eftermiddag er jeg begyndt med Bad- ningen igjen. Den driver jeg da paa med, til det viser sig, om der kan bli Udvei med Hals- katarrhen. Med Hjertet har det ingen Nød, mener Haavik Dette Snakket om "Hjerteslag" er noget gammelt Tull; alle "Slagtilfælde" (eller omtrent alle) er Hjernetilfælde: Hovedaaren springer der oppe, og da er alt afgjort i et Moment (og det er den ab- solut letteste Dødsmaade), eller det er en af de mindre Aarer – Hovedaaren for det eller det specielle H j e r n e p a r t i – som springer, og da blir der større eller mindre Lammelser, som er mere eller mindre uhelbredelige, ialfald langsomt helbredelige, – kjedsommelige Affærer. Saa Vibra- tionerne i Hjerteregionen kan jeg tage med Ro, – om det naturligvis vil lette Arbeidet for Hjertet ogsaa, at Halspartiet kommer Orden. Men b l i r Hjertet overanstrengt, saa kurerer man ikke med Gift (Digitalis eller hvad de kaldte det), men – paa ganske naturlig Maade – med Hvile. Den hjælper, hvis virkelig Hjælp er mulig dvs. hvis "Livskraften" (dvs. Legemet) ikke er altfor med- taget. – "Hvad Doktoren mener" om det enkelte Tilfælde, f. Ex. nu min Doktor om mit, – det har han nok ikke altid saa let for at uttale sig om; han gjør sig til en Begyndelse kanske bare en Hypotese og prøver sig frem efter den: om Vanskelighederne paa d e n Maate lettest kunde angribes. Lidt mere Kjendskab til Tilfældet og Patienten kan let føre til øndringer i Opfatning og Behandlingsmaade; saa er det gaaet mig før, og saa gaar det nu: efter disse "Syge"-dage – da Haavik næsten daglig var indom hos mig og slog af en Passiar – er der gjort ganske be- tydelige Forandringer med Badningen min; han har da rimeligvis – hvad han ogsaa tildels lod forstaa – fundet Grund til at "omlægge Metoden". Nu faar vi se. Den nye Maade er enklere og anstrenger mindre; samtidig er det nye – Eine- vands-bad – paa én Maade kraftigere; og saa "faar vi forsøge" da. Gamall Sjuke og gamall. Kropp, – og ikke saa svært mye Tid aa gjøre paa, – det kan nok gi Spørsmaal. øldre Patienter reiser og nye rykker ind, fort- væk. I Juletider er her naturligvis stille; men siden vokser det raskere og raskere. Hid op bør Du ikke i Din nuværende Forfat- ning komme nu; Vinteren er rigtig sur, saa den Affære kunde blive Dig lei nok. Og jeg er jo nu saa vidt "indordnet", at jeg bærer mit Kors i Forvisningen om, at alt faar en Ende. I alle ydre Henseender har jeg det saa godt som jeg kan ønske det; Fru Haavik kan jeg bare sige godt om (ikke mindst nu i Febertiden var hun mig til den største Hjælp); og hendes Kjøkken er udmærket. Honning vanker det ogsaa ofte paa hendes Frokostborde, saa jeg endnu har igjen af den (endnu bedre), jeg hadde med fra La- braaten. Det var kjækt at Tuften fik hjælpe Schjøtt med det uhorvelige Manuskriptet; og at det "foreløpig" skal deponeres paa Univ.bibl., – naa, "foreløpig" kan bli ganske længe,– En Bog eller et Par kunde nok være gode at have; og Du har vist flere som jeg burde ha læst. Dig ønsker jeg – næst den fortsatte Lykke som Bestemor – snarest mulig under Fru Ur- dahls Hænder igjen. Helsing til alle. Din G.

Brev fraa Arne Garborg.

Vikersund 9. 11. 19.. Kjære Hulda! Netop læst "Hjemligt Hedenskab"; fælt mye rart, som efterhaanden klarer sig op; det skulde være Moro at læse Bogen. Selve Anmeldelsen er saa interessant, at Du ikke i mindste Maade behøver at gjøre Dig Bekymringer. Blandt de Ting jeg sidst glemte var at takke for Tøiskoene; de er virkelig varme, hvad jeg skulde have forsvoret (det pleier at være Humbug, alt slikt). Endelig har jeg da faaet noget som der er Hjælp i; Tak og Pris! Jeg selv er i forholdsvis Orden og i Gang med Massøse. Badningen igjen; og den nye Methode (Damp-Hovedbad) synes absolut at virke paa Halshisto- rien. Gaar det frem som i de sidste Par Dage, kan jeg absolut komme hjem næste Søndag. Her er knakende kaldt, men ud paa Tur! Med Helsing. Din G.

Modum 7. 11. 19. Etter ein liten Ettersmekk er eg no rett kry og skal ut – um VÍre er rett graasurt –, so snart Pelsen min kjem (eller fyrr; Hulda skriv, at Pelsen er send; men norske Banar forhastar seg nok ikkje, minst Drammensbanen). Med Badi tek eg til att i Dag. – Med Hulda gjeng det rette Vegen, men smaatt. – Tuften hev fenge berga Manuskripte aat Schjøtt inn paa Biblioteke; so er daa den fysste Suti sløkt. Med S. sjølv ber det nok jamt ned-yver. Men igaar kom det ein liten Brev- stubb likevæl. Og so fær me no sjaa daa. At han er ein Trassigbukk, det vil visst sjølve Dauden faa finne. – Fraa "Olsok", Stakkar, kjem det Naudrop: i dei Tiderne som no er komne er det aat og søkk. Og bed daa um ny Hjelp, – paa eit Norskt som er lite lokkande. (Naa; Former som "meininga" – med hard g attpaa – kunde vel lokke mange "Nyast-Norske", naar dei ikkje stod skrikande mot Former som "byggja"; og eit Ord som "hittil" og ei Form som "innbetale" kunde gjeva sjølve dei Seip-norske Mod.) Men Meiningi er god, maa ein tru; og so fær ein vise Godvilje med, – so langt som ein orkar. (Dyrtidi vert stridare i Staden for aa lettne; Hulda reint gled seg yver den Inntekt-auken ho – saman med Tuften – skal faa, naar ho fraa Nyaar tek heile Styre i "For Bygd og By" – Ja Dyrtidi, ja. Og Tiderne. Det vert spaatt ymist serleg um Tiderne her: heile det siste Aare hev det mest ikkje regnt; og um det ikkje var godt for Jordbruke, so vert det verre for Verks- drifti: Maskinarne gjeng. med Vatn, og Vatne tek alt til aa minke. Stoggar so Verki, so vert det gangande ei Mengd med Arbeidsfolk utan Arbeid; og daa vert det svære Vanskar for Bygderne. Kann Vere enno snu seg? Vonerne er meir enn smaae, høyrer eg. – I Europa er alt i endaa meir Ugreie enn det var fyre Ufreden, – liksom det er Ufred enno sumstad (i Aust-Europa) og Halvfred søm- stad (i Tyskland-Austrike-Italia). Og dei økono- miske Vonerne er meir enn smaae her uppe med, kann dei Vise fortelja oss, so gildt som mangt glimer enno. Kor lenge me skal gaa her og "vente og sjaa" – eller, um me er Socialdemo- kratar, halv- eller heil-revolusjonere og sjaa –, det er alle Blad og Tidskrifter fulle av meir og mindre halvkloke eller meiningslause Gissingar og Utleggjingar um, og like vise er me; berre det at me hev vondt i Vente er visst, kor langt det no kann koma til aa bera i den galne Leidi. Det gjeld daa berre aa gjera seg hard – huff.

Modum 11. 11.. 19. Vinje: Skrifter i Samling er no – med 30te Hefte – ferdug. Ymist er vel kome med ber, som Samlags-Utgaava – ved Halvorsen – ikkje tok med; i det heile kann det verte Moro aa samanlikne. Titelvignetten – Høgfjell, med ei Eg hadde i mange år styrt ein liten lut av dette bladet. H.G. Ørn som stig liksom fram fraa Fjelle –(av Otto Valstad) er god. Verke er paa 3 Band, med 3 Bilæte av Vinje. – Det er 50 Aar, aa kalle, sidan han fall ifraa; kannhende han no fær Lesarar?

Labraaten 13. 11. 19.. Sist eg hadde Korrektur, kravde eg hitsend alle reinprenta Arki, so eg kunde laga paa ei Innhaldsliste. I Staden fekk eg Korrektur paa ei Innhaldsliste, som Prenteverke sjølv hadde laga, og som eg daa laut inn straks og rette; det vart soleis endaa kortare Kur-Tid her enn eg hadde tenkt. Men eg er betre; sjølve Halsen hev kome seg. Og so fekk eg Dokteren til aa setja upp dei Reglarne for "Hovud"- (Hals-) bad heime, som han hadde tala um der uppe ein Gong (han var inn-um kvar Dag i dei 4–5 Sjuke- (og Halvsjuke-) dagarne mine og rødde um mykje og mangt); og so fær eg freiste med deim naar eg er komen i Skikk her heime. Her stend alt godt til, naar eg reknar ifraa Armen hennar Hulda (som det elles ynkeleg smaatt gjeng framyver med) – og so Massøsa, som enno er sengfast. I Dag var eg i Byen og fekk retta Innhalds- lista, so vidt at ho greier seg. Dermed er eg ferdug med "Politikk", – liksom eg der uppe vart ferdug med "Snøfuglar". – Paa Heimvegen var eg innum hjaa Schjøtt, som hadde 75-Aars "Jubilæum" i Dag. Han hadde kome seg att; saag rett godt ut: greier seg visst enno ei god Stund. 17. 11. 19. Straalande Vinter framleides, blankt og fint og stilt (eller stundom ein rett kald Nordanblaastr); yver den frosne Jordskorpa eit tunt Lag Snø. Det ser ut til berre Vinter; og berre godt er det i k kj e. – Med meg gjeng det rett godt; det er berre smaatt med Arbeidshugen. Og kóss i Verdi skal ein faa Tidi til aa gaa, naar ein ikkje kann finne paa noko til aa gjera? – Eg sìt helst og heng yver ei Bok; men naar ein er so boktrøytt som eg er vorten og meir og meir vert – – – Naa-ja; Gudmund Schøttes "Hjemligt Heden- skab" er rett forvitneleg; ho gjev mykje nytt. Eg ser der klaarare enn eg hev drøymt um det fyrr, korleis det, som me kallar den gamle Gudelæra vaar, er berre siste – og stuttaste – Kapitle av det religiøse Live i Gamaltidi vaar; dei Bolkarne som fyre gjekk – og av deim hev serleg den fysste vore endelaust lang – hev me lite og inkje havt Tanke um. Og dette fær me no vìta fraa Danmark, der dei hev um Lag Ingenting uppskrive av religiøse Minne fraa gamle Dagar! Det er ikkje so reint lite som læt seg finne fram ved aa granske gamle Folketradisjonar – og der hev Danskarne paa all Vis vore so m y k j e glupare enn me – og so samanlikne det med det som i gamle Dagar kann vera upp- skrìve (soleis t. D. ved Saxe), naar ein endeleg er komen so langt at ein kann tyde det paa rimeleg Maate. Utruleg mykje er der aa lære hjaa Gudmund Schøtte; eg tregar i k k j e paa den Tidi som "Hjemligt Hedenskab" hev kosta meg. – Fraa Karen Mortensson paa Stabekk fekk eg Telefonbòd i Dag um, at Ivar er komen ned- yver att; eg trudde han hadde slege seg til Ro paa Einabu for Vinteren. Han tenkjer endaa paa aa koma her ut, og Moro skal det vera; mill. a. maa han kunna segja meg eitt og anna um, kóss det gjeng med dette endelause Bibelumsetjings- arbeide. – Hulda laut inn i Styre for Det norske Teatre " att. Teatre er noko-so-nær skuldfritt 6g b u r d e daa med rimeleg Styring kunna greie seg. Med sjølve Spélarflokken er det so som so; det vert meir og meir Byfolk, som ikkje fær Plass ved By-teatri; og daa dreg Landsfolk seg meir og meir ifraa: trivst ikkje rett i dette Lage. No som fleire Gonger fyrr ventar eg daa Enden paa Visa; maatte eg so sant faa Urett paa nytt!

23. 11. 19. Eg arbeider med ei Melding av "Marseille- Bataljonen" (ved Felix Gras), som nettupp er komi paa Norskt; det er eit Kapitel Revolusjons- historie, som denne Revolusjonstidi vaar burde kunna lære av. Men um Folk kann lære? Av anna enn ill Røynd dvs.: naar det er for seint? – Til Slutt skriv ein for seg sjølv: til Klaaring av sine eigne Tankar. Fristunderne mine nyttar eg til Vedhogging og til Lesing; det siste vert det minst med. Men Tagore's Barnelivsskildring "Nymaanen" er mer- keleg god – heilt realistisk, med eit fint Humor, som her og der stig rett sterkt fram, og endaa so hjarte fager –; og Anders Hovden gjev – i "Rudningsrnerm" – enno ei rett frisk Skildring av norskt Bondeliv fraa denne Tid – og fraa Sunnmøre, der Bondeungdomen synest klara seg best – um han alltid versar stridt mykje, og um die Absicht stundom stig stridt sterkt fram. I – Spelarane ved D. n. Teatre hev fenge Løns- tillegg (dei mest, som hadde mest fyrr, endaa Hulda og eit Par andre freista aa lempe paa Vanskarne for Teatre ved mindre Tillegg til dei som hadde mest); og so fær det daa. gaa til det gjeng sund, eller til eitkvart uventa Hende kann berge Baaten endaa ein Gong. Merkeleg nok hadde me enno ein Rikmann som ofra nokre Skillingar (5000 Kr. var det visst) til Hjelp for Teatre i denne verste Dyrtidi. –Det hev vore mildare VÍr dei siste Dagarne, og stundom reint mildt med Regn. Men med Regne vart det for lite, og i Dag er Lufti reint tett av fallande Snø; det er daa paa Voni um me fær meir Væte, og det me fekk var reint for lite.

26. 11. 19. Hoprekstads nye Stykke "Bjørgedal" gjekk paa D. n. Teatre igaar og gjekk godt. Og for godt Hus. Det vil visst halde seg eit Bìl med; det er nok aalvorsamt, men livfullt; det beste Stykke Hoprekstad hev skrìve, trur eg. Ein Kvinnefigur er der (Mildrid) som er baade god og ny, og eit og anna er der som bør kunna "draga Publi- kurn" med; nokre gode Kveldar maa det visst kunna skaffe Teatre. Og ein Debutant var der, som gav serskilt gode Voner (Nordlund), ein Trønder, som dertil tala fullgodt Landsmaal; det er òg ein vigtig Ting, um Teatre elles held ut, og um han held ut ved Teatre. – "Politik" er endeleg komi, um ho elles ikkje hev naatt meg; ho hev endaa vore nemnd i "D. 17de"; no fær me daa sjaa, kva Lagnad den fær. Og i Dag kom "Snøfuglar" fraa Norli Men tru det finst nokon, som kann og vil slaa til Ljod for den? – Det er mildt og graatt, skiftande med Snø- fall, so Lufti er tett av fallande Flagur, og Regn so det driv og renn; noko maa det hjelpe, veit eg. Men stuslegt og myrkt er her som i Naa- strand. – Fraa Utheimen fortél Bladi, at Wilhelm, Keisaren var, likevæl skal under Forhøyr; at der er store Vanskar i Amerika for Wilson og hans Fredsstræv, um visst enno ikkje heilt vonlaust; at dei russiske Bolsjevikarne ynskjer Fred; at det franske Deputertkammere hev fenge eit moralskt Parti; at dei franske Socialdemokratarne er sterke i Lande, men ved rangt Valstell faae i Tinge; at Arbeidarspursmaale er ugreidt i England med; at Reaktionen med stort Mod reiser Hovude i Tyskland; det meste er vel Bladfyll, veit eg. Det einaste som er visst er, at det vert meir og meir Dyrtid.

30. 11. 19. D`er Aars Nattetidi; ein burde berre sova. Lufti er ei einaste Graavelling av Snøskodde og Hugen er daud og lat og likesæl, – svevnug; det vesle eg no og daa arbeider med "kann eg ikkje faa til". – Fraa SrÓ Ananda er det kome Brev med Takk for Arbeide med "Snøfuglar". Men i Staden for Honorar fær eg ei Innbjoding til Gaurisankar Sæter. Og Boki er til denne Dag berre nemnd i ein Petit-notis i "D. 17de Mai". – I Tinge er dei endeleg ferduge med den nye Valskìpnaden. Vedteke er "Hovedalterna- tivet A IV", som læt Byar og Bygder velja kvar for seg, soleis at Byarne fær 50 og Bygderne 100 Repræsentantar. Av Byarne fær Oslo 7 og Bergen 5; elles er Byarne samla i Bundlar paa fraa 5 til 8, som fær fraa 3 til 5 Repræsentantar kvar. Av Landbygderne fær Austlande 56, Sør- lande 30, Vestlande 28, Trøndelag 16, Nord- Norig 20. Ein kann vel trygt gaa ut fraa, at det vert ikkje mindre Misnøgje no enn fyrr; men Meiningi skal daa òg vera, at den nye Skipnaden berre er ein Millombìlsskìpnad. Kor lenge det Millombìle elles kann koma til aa vara – –? At elles Austland og Trøndelag er so mykje sterkare enn Vestland og Sørland (72 mot 58) hadde eg ikkje tenkt; og held det fram som no, so vert det vel ikkje lenge, fyrr Byarne kann krevja meir enn Tridjungen av Landsrepræsenta- sjonen.

5. 12. 19. Det lid med dette Aare òg. Det hev falle meg langt, so kort som det var i Grunnen; Tingen er vel, at me gjekk og venta paa ... baade eitt og anna som ikkje kom. Det skulde me no elles vera vane med. Og noko fær me kann- hende sistpaa: ein Fred, som ikkje vert altfor stutt? – Med den russiske Bolsjevik-Revolusjonen skal det lide no; den veksande Motrevolusjonen sterknar, og Revolusjonen bélar til Vestmagterne etter Fred, – vil Bladi vìta. Fraa Tyskland hev det vore Segner um ei Nyreising av Keisar- døme (ein Militær-Reaksjon); men Folk flest der nede skal ikkje bry seg um den Keisaren som rømde, daa det kneip, so store er nok Vonerne ikkje. Paa den andre Sida skal Ententen ha kravt, at Holland skal utlevere Keisar Wilhelm h. v. til Krigsdomstolen i Paris; det stod i Bladi for nokre Dagar sidan. Men sidan hev det vore stilt att. Kóss det no heng ihop. Fraa England hev det danske "Ret" ein Samtale med Red- aktøren av "Land and Liberty" (fyrr Land Values); han fortél, at Lloyd Georges Grunnskyld-Agitasjon fyre Ufreden var berre "Val-flesk". Ved dei siste Vali svikta han og hev no "brote alle Bruer millom seg og det engelske Demokratie"; "Teppe gjeng snart ned for den politiske Teaterhelten Lloyd George". Og Asquith . . . . er veik; av honom er nok Inkje aa vente. "Tidbolken aat Social-Radikalismen hev byrja; men den kjem ikkje utanum Jordspursmaale." I Amerika er der ein Gruvestreik, som gjer "Situasjonen aalvor- sam". Det peikar den Vegen, at Arbeidsherrarne legg ned Drifti; daa vilde ikr. 1 Million Arbeidarar bli arbeidslause. Og daa vart der vel Uppstyr! – 0. s. fr. Og Dyrtidi tyngjer i alle Land. Vanskarne vert større og større, og Mennerne er nok all Stad altfor smaae. Utsynerne er dei gamle, berre i større Maal: Revolusjonar som vert kvavde ved Valdsreaksjonar, som skaper nye Revolusjonar, som avlar nye Reaksjonar . . . . Vìt er der nok ikkje stort meir av i Verdi enn der hev vore. – Melding fraa Forleggjaren i Dag, at "Haug- tussa" kjem i 9de Upplag. Den er nok den einaste av Bøkerne mine som gjeng. Naa-ja; "Bondestudentar" gjeng vel so smaatt den med, ettersom ho er i Bruk i (fleire eller færre) høgre Skular.

15. 12. 19. Regnskodde og Snøskodde; Nivlheim, Naa- strond; men so lid det daa og til Solkverv. – Boklesing og Brevskriving og Ingenting. Upp og ned med Helsa; i det heile ikkje verst. Med Tuften hev det vore skralt ei 8 Dagars Tid no: Tannverk og Tannbulle og fæl Verk; endeleg betre att. Hulda driv paa med Massage for den endelause Armen sin; det "ber fram- yver", men syrgjeleg seint. – Fraa Amerika Brev um "D. b. Faderen"; det gjeng no; men det er Forfattar og Umsetjar som maa betala Forleggjaren Honorar; for eg er ukjend der burte. Naa; me fær sjaa! – Men Pengarne ser eg aldri att (og med Dollarkursen no for Tidi vart 200 Dollars meiningslaust mange Kronur!), – so eg kunde alltid ha fare mindre tankelaust, serleg i Tider som dei me no hev. – "Kristendom og Norskdom, Festskrift til Christopher Bruun" er kome; der er eg komen i rart Lag. Men Bruun hev – med alt det uklaare som der alltid var ved 'n – vore ein so god Norskdomsmann og Bondesaksmann, at eg elles gjerne skreiv det Stykke (som elles minst handlar um Bruun). Og naar eg vart beden nettupp u eit Jordsaks-Stykke, so bør eg vel tru, at desse Lærarhøgskulefolk tek til aa faa eit Grand Syn for George-Tanken. Elles er eg ikkje noko heilt med paa det som Høverstad skriv um den nye Skuletanken. Kri- tiken yver den gamle Skulen er god – um eg elles kunde leggje eit og anna til der –; men det som skal vera dei nye Tankarne (og som inneheld ymist godt), – er ikkje klaart; ja her og der synest det spaa meir Attergang enn Fram- gang. No fær me sjaa. Det er visst paa høg Tid, at noko nytt av det Slage kjem; og øm Høverstad var ei klaarare Aand enn han visst er, so vilde han vera nøydd til aa bruka Skoddestil her og der, naar han hev med seg Folk av so ymist Slag som dei som her skriv (mill. a. Bispen Hognestad); men ... Naa; me fær vente, til dess dei Skulebøkerne kjem, som han lovar, –um dei kjem. For Vestlendingarne (med Hop- rekstad til Førar) arbeider for ein Lærarhøgskule i Bergen; og at den vinn er ventande: han vert heilt og greidt reaksjonær. – I eit nytt Skrift: "Den retfærdige Revolu- tion" manar Aug. Schvan Danmark til aa straks innføre Rettsstaten. "Tiden har Hast. Uveirs- skyerne trækker sammen fra Dag til Dag." Og "Danmark kan, ved at handle straks, frelse ikke blot sig selv, men ogsaa Civilisationen". Han segjer mykje, som er godt og sant og altfor sant. Men Danmark, med eit Faatal av Georgeistar og ei Mengd med Jordherrar, dertil med Tvokammer- system og eit Minimum av Handlingskraft .... beda Danmark handle straks i ei slik Sak klingar som Spott helst. I det heile: kor er Handlings- kraft og Handlingsvìt?

22. 12. 19. So; no er Soli i Stigande att. Og dermed Arbeidskrafti, – vil eg vone? – Elles er der eitt og anna som er i Sigande. Soleis hev Landsens Forretningsdrift eit Under- skòt paa 620 Millionar Kronur; det er stridt. Og det vert sagt, at "Stillingen er egnet til at vække de alvorligste Betænkeligheter". Me er enno Halvvillmenn; kann ikkje styre Pengar. Di meir me tenar, di meir sumlar me burt; og so vert me Fant etter "gode Tider" som etter laake. – Fraa Utheimen ikkje noko serskilt. Det skal vel snart lide til den Tidi, daa det aalmenne Folke-Sambande skal bli født; men me Smaafolk veit, at me daa vert Underbruk under England. Og um det alltid er likare enn um Prøyssen hadde vorte Overmagt, so kann me so lite vìta. Me fær "tru det beste" og elles "drygje og sjaa". Um Amerika gjeng med er enno ikkje avgjort. –Overlærar Møller og Lieng var her i Aftes, og det var hyggjelegt, endaa den Saki, det serleg galdt um, var leid nok: det vert for dyrt for det vesle me hev av Grunnskyld- og Rettsstats-"Lag" aa halde "Retsstaten". Kvar av oss som vil fær halde Bladet sjølv; – men det vert nok ikkje mange. Einaste norske Voni no er Smaabrukar- lage; det, ser òg endeleg ut til aa faa Vest- lande med, og so kunde det bli rett sterkt.– Naa-ja; i andre Lag er der òg Voner, – hadde me berre noko fleire Foredragshaldarar. – Eg fekk ei liti Bok av ein ny dansk Prest aa melde; den er god. Og det er nok godt aa faa Prestar med; det kunde faa Bonden, Stakkar, til aa for- staa, at Rettsstaten iminsto ikkje er noko Fri- tenkjarpaafund. – Fraa Byen vert det fortalt ymist um den aandelege Nedgangen som dei "flotte Pengetider" med alt sitt Moroliv hev ført med seg; i det heile vert der meir av Storby Vanskar og Sjukdomar; Ungdomen syng berre "Røde Lygte"-visur no og søkjer si Aandsnæring paa Kinematografar osfr. So ille som i større Land (no serleg Tyskland) er det ikkje her; men det bér ned-yver. Og fraa Byen sig Daarleg- domen ut yver Lande. – Huff ja; Storbyar var alltid Pestholur, og dei "gode Kommunikasjonarne", me no hev, gjev Lande mindre og mindre Mot- standskraft. Raad mot Uraad maa vel vera ein Samfundsskipnad som gjev meir Arbeidshug, med Framgangsvoner for alle? – Heilt ukjend kann eg ikkje vera i Amerika lell, iminsto ikkje i Minnesota; det er ein Mann der, som skriv etter eit Fotogram av meg "to a Collection for our Public Library". Men der er kannhende mange norske i New Ulm, Minn.? Aa, um eg snart kunde vinne yver all denne Trøyttleiken, som tyngjer meg mest jamt!

26. 12. 19. Ei dansk Bok um E. G. G e i j e r – utkomi hjaa "H. Aschehoug & Co., K j ø b e n h a v n " – gjev Eit godt Bilæte av denne gjæve Mannen og Skalden; og for oss norske (og dei danske med, vel), som kjenner so lite til den svenske Bok- heimen, er det godt, at slike Bøker tek til aa koma. Noko av det eg mest hefte meg ved hjaa Geijer (i den konservative Tidi hans), var den Tanken, at Folkeupplysning er faarleg f o r F o l k e. Denne Tanken kom han nok burt fraa i sine eldre – liberale – Aar; men eg, som i mine fysste Tider heldt Folkeupplysningi for det politiske Grunnkrave, hev i m i n e eldre Aar stundom kjent ein Tvil dukke upp i meg: e r det so, at Folkeupplysning er ein god Ting? Folkeupplysning vert aldri anna enn Halvupp- lysning; og kann Halvupplysning gjera anna enn Ugagn? Halvupplysning gjev Arbeids-uhug og driv Folk inn i Tanketull av ymist Slag; gjer deim serleg verjelause mot socialt Tull og Re- volusjonsørske; hjaa oss er det ikkje minst denne Halvupplysningi som driv Folk burt fraa Jordi og gjer deim til eit lett Rov for Tòketankar og Ørske- draumar? – Eg svarar meg nok, at Folke maa faa meir og betre Upplysning; men .... di meir Skuleliv og Bok-Upplysning, di mindre Arbeidshug vel? – Det er Tankar, som eg driv fraa meg. Men um eg s l e p p fraa deim? – Ein rettvis Samfundsskipnad med gode Arbeidsvilkaar vil greie Vanskarne. – Ja men kor skal me faa ein rettvis Samfundsskipnad ifraa, so lenge Halvkul- turen gjer Mengdi økonomisk ukunnig og politisk umyndig? Slepp eg nokongong ut or den Tanke- kreppa?

31. 12. 19. Korrektur paa 1ste Ark av 9de Upplag av "Haugtussa". Der er enno eitkvart smaatt, eg kunde ha Hug til aa rette; men no fær det staasom det stend. – I Fyregaar var me paa Stabekk. Med Schjøtter det skralt; der er lite meir att enn ein Skugge;men aandsfrisk er han; han kann skjemte og spotte enno, naar han stundom kviknar til. – Hjaa Ivar hadde me ein hyggjeleg Kveld. Han driv paa med Jobs Bok no; um eit Par Dagar skal han til Einabu att. – I Gaarkveld hadde me eit lite Jolelag; millom Gjesterne hadde me den tyske Maagen vaar, Fabrikkherren Erfurt (med Frua, Alfhild Frenning, og Sonen som tenar si Verkstad-tid her uppe til Ingeniøreksamen); han hadde lite godt aa melde fraa Tyskland. Han tala ikkje stort um Tilstandi der nede, sjølvsagt; men av det vesle han sagde – og av det som han i k k j e sagde – var det tydelegt, at Mode der nede ikkje er høgt. Men Folke, det dansar, dansar, dansar, held Gilde mest dei kann, ikkje minst for aa gløyme, eller døyve ned Uroi; Teikn til, at den tyske Arbeidshugen vinn seg uppatt er der elles òg. Men Vanskarne er svære og alt uvisst; "ein fær vone det beste og vera budd paa alt" (han talar rett godt Norskdansk). I tysk Austerrike er Tilstandi syrgjelege; den Hjelpi som vert send er som ein Dròpe paa ein heit Stein det gjeld berre um, kor lenge Folke orkar aa vente. – Aa! for ei Villmannstid! – Enno hev eg eit Par Bøker aa lesa og eit Par Brev aa skrive; so fær eg sjaa aa koma i Arbeid att. Men 1919 segjer eg Farvæl utan ein Sukk; me venta mykje av det; men det vart eit Uaar. 1920. 7.1. Ei kald Joletid, men linnare Skoddedagar inn- imillom; sterkare og sterkare Varsl um komande laake Tider, som lett kann bli ei uhugleg øko- nomisk Krise; ei og onnor ropande Røyst i Audni som peikar paa Framvegen, men Allverdi blind for andre Vegar enn den gamle, um den bér aldri so beint paa Søkkjemyri, – det er i dei store Drag det som hev merkt Nyaare 1920. Og kva Aare i Røyndi fører i sin Skjold, det fær me nok vìta; dei som styrer Lande talar Aalvor og bed Folke passe sin Økonomi; men Staten plar nok ikkje bli høyrd, naar han talar i den Tonen; er ikkje Staten allmegtig? Hev han ikkje sjølve Statskassa og ved Statslaan all Verd- sens Statskassur – aa ause or? – Sjølv hev eg vore noko-so-nær i Stand, um ikkje nettupp i Arbeidslag; no skal eg i Lag med eit Grand Bokmelding. Hulda hev vore paa Gjesting 2–3 Dagar uppaa Tjerne og kann for- telja ymist fraa Konowfolket der uppe: Korleis dei no hev det, og mangt og mykje av deira Røynslur – ofte grunnløglege, ikkje minst naar Bamsen B. B. var ute – fraa vaare seinare politiske Tider. Men dei tek til aa bli gamle og skrale no; han lite korkje høyrer eller ser, um han elles er aandsvaken nok; og ho, som visst ikkje er mindre aandskvik, hev sine Alderdoms- vanskar aa dragast med. Men ut-i Tenargarden hev dei ein Gardsdreng paa 102 Aar liggjande; han er ikkje minder aandsfrisk og fortalde mykje og mangt, mill. a. fraa si Soldat-Tid (under Karl Johan), og um denne framifraa Landsfaderen; paa Tjerne hev han tent i 80 Aar. Og ei Gjente hev tent der i 20 og ei onnor i 11 Aar; det er Beste- og Oldefartidi som lìver enno der upp-i Ringsak'. – Millom det eg hev havt aa stelle med dei siste Par Dagarne er ein Søknad fraa "Det nye Teater" (norskdanskt) og Det norske Teatre um Statshjelp til Byggjing (gjenom Rikslótspelet). No kann Hulda fortelja meg, at der enno ikkje er noko a v g j o r t i D. n. Teatre um denne Saki; det var so faae som hadde møtt upp, daa dette Spursmaale var fyre, at Styre fann det rettast aa utsetja Saki til eitt nyt Møte. Samstundes kann ho fortelja, at etter det Konow der uppe sa, vil det vera heilt faafengt for Krav av det Slage aa melde seg no; Riksmagterne no vert nøydde til aa segja Nei til alt som dei k a n n segja Nei til, um det ikkje skal bera til Fallit. – Um ein kann vaage seg til aa tru, at Gamlingen er væl svart-synt? Kveld. Det hev regnt! Regnt dugeleg i tvo Timar! – Men i Natt vert det Snø att.

12. 1. 20. Steinar Schjøtt døydde i Gaar Natt paa Hospi- tale "Det røde Kors". Og no stod det so smaatt til, at det var nok best han fekk sleppe. Men av "dei gamle" dvs. dei som var unge i Aasen og Vinjes Tid (og som heldt ut paa den norske Sida), var vel han den siste som att var. No vert det daa aa fylgje 'n til Gravi. (Etter Brev fraa Enkja hev han endaa vilja ha meg til Marschal.) Og eit Stykke maa eg sjaa aa faa skrive – i "D. 17de" vel.

17. 1. 20. Igaar jordfeste me Schjøtt (paa Krematorie). Mange var møtte upp. Men det vart berre ei vanleg Kyrkje-likferd, med dei vanlege Preste- talemaatarne og eit Par Salmur av vanlegaste Slage: ikkje eit Ord um Schjøtt og hans Livs- verk vart sagt; korkje Samlaget eller Studenter- maallaget hadde fenge noko avtala eller tilskìp i so Maate. Huglause gjekk me derifraa. – Hulda og eg fylgde Fernanda Nissen heim til den gamle hyggje- lege Villaen hennar i ein gamall Skoghage i Briskebyvegen; reint forundra vart eg yver, at det enno finst noko so vidt gamalt og gildt i Xia. Men Frøkni, som eig og held paa det er gamal; um nokre faae Aar vil alt vera burtkvorve. – No gjeld det, um eg kann faa ferdugm i "Grav- tale" til "S. og S." til i Overmorgo.

Brev fraa Einar Strand.

Máløy 25/1 1920. Herr Arne Garborg. P·lsmessedag tek tankarne mine seg ein tur tvers yver landet og stansar ved Hvalstad. Eg ynskjer Dykk helsa og lukka og iser gode augo i det nye øret. Ifjor var eg ein av dei som bad um meir Homer. Vi fekk Politik istaden. Og meir forvitneleg bok kunde vi ikkje f·, vi som er so gamle at vi hugsar litt av tilburdarne fr· 70 –80 ·ri. – For kvart stykke eg las m·tte eg sj· p· ·rstalet og rekna ut kor gamall De var den gongen, og eg laut undra meg kor vaksin De var i yngdi. – Eg er slik lagad at eg hev 2–3 slag njotingar n·r eg les eit stykke: inn- haldet, stilen, ordi og rettskrivingi. Eg tok til ø fundera på um De hadde byrjat med ei ny (dvs. gamal) rettskriving med fulle tidformer i verbi. (Eg er glad i former, m·vita.) Men det er fulla helst so at De brukade den rettskrivingi d e n gongen. Eg tykte eg s·g nokot i For B. og B. um Ilioskvadet. Ja, kunde vi f· b·de det og meir Politik var det sjølvsagt det beste, men det vert for mykit p· 1 ·r. Men e g er ikkje istand til · velja. No, det kjem fleire ·r, og eg vonar at det vert tid til alt. Steinar Schjøtt – det var eit syrgjebod. Men han havde gjort so mykit godt arbeid at vi kann unna honom kvild. Vi fær lita pø at der er emne til store tre i ungskogen. Mi beste helsing til Dykk og frua og dei yngre ætt-leder! Einar Strand.

26. 1. 20. So; no er eg alt inne i det 70de Aare. Sjølve Aarmaalsdagen høgtida eg paa Hamar, der det vesle Maallaget (fraa Lærarskulen ikkje minst) heldt eit Møte der eg var beden med (og der Rektor Vislie tala for meg og Prof. Liestøl gav ei forvitneleg Utgreiding um Folkevisa); sidan vart det dansa Visedans (stor Ring): det var i det heile ein gild norsk Kveld, – reint utruleg paa Hamar, skulde ein ha tenkt! – Med Natti var eg hjaa Skuledirektør Eftestøl (som bur stor- fagert paa "Vidsyn" – med herleg Utsyn vest og sør yver Mjøslandet); der hadde eg det berre hyggjelegt. – Heimkomen finn eg rett mange Helsings-Telegram; og i "D. 17de" (og "Natio- nen"!) skriv Haakon Garaasen um Livet og Ar- beidet mitt; han synes ha fylgt betre med i Soga um Maalstriden i den siste Mannsalderen enn eg tenkte. – Og det kann vera godt aa sjaa, at der er Samkjensle millom Austland og Vestland enno; mest vil desse norske Vikingsønerne slaast. – Millom det som laag og venta paa meg daa eg kom heim var Korrektur paa Søknaden um Pengehjelp (av Stats-Lótspele) til Det norske og Det nye Teatre. Bojer hev lòte stroke alle høf- lege Godkjenningsord um D. n. Teatre, og endaa er der fleire av Riksarne (b. b., søme av Kome- diantarne o. a.), som hev gjort Vanskar eller beint ut negta aa vera med. Det er soleis berre ein liten Flokk Provinsdanskar, som – jamvel naar der kann vera noko aa vinne med det – finn seg i aa staa saman med oss norske paa same Papiret. I visse Maatar er der Gaman til aa graate yver sovore i slikt eit lite Land, som kunde trengje so væl aa samle si vesle Kraft; men det er laattelegt samstundes og lokkar paa Satiren. – Siste Korrekturen er send i Dag; og i Overmorgo skal me til Gunnar Knudsen og høyre, kva han vil segja um Saki.

– H(agbard) E(manuel) Berner er daaen (den 24de), væl 80 Aar gamall. Godt heldt han ut, baade aandeleg og likamleg; og mykje fekk han gjort og sett i Gang; eg fær sjaa aa koma med i Likferdi. Skrive skulde eg um honom med (som òg Jørg. E. Møller ynskjer): men Tid, Tid, kor tek eg den i fraa? – Rart nok, at Berner og Schjøtt (som i "Heimskringla"-Dagarne og lenge etter laag so i Ufred med kvarandre) skulde koma til aa fylgjast til Gravi, kann ein mest segja. – For det fysste hev eg meir Bladskriving enn eg greier (fær takke i eit Blad for Tele- grammi), og so lyt eg samle meg um Schjøtt- Biografien fortast eg kann; – gjev det no berre ikkje vert noko med Forkjøling eller andre Ugreiur att; det skal so altfor lite til no, fyrr eg vert arbeidsufør. – Meldingi av Gismars "Retsforbundet" kom i Dagbl. i Dag.

30. 1. 20. Igaar var Joh. Bojer og eg i Byen og freista aa raaka Gunnar Knudsen, men faafengt; i Dag laut me daa inn paa nytt, og daa gjekk det betre: me fann baade (Finans- og) Statsministeren og Kyrkjeraad Løvland. Me vart rett væl mottekne; og um Modet ikkje syntest vera stort hjaa nokon av Herrarne i Teatersaki, so lova dei aa hjelpe til, so langt Raad kunde vera; – det vert visst Vanskar nok. Og so "fær me no sjaa daa". Mykje aa vente er der ikkje ; men gjort er det som gjerast kann. Mange gode Namn, norske og norskdanske, stend under Søknaden; det er fysste Gongen, dei tvo Fiends-Hérarne hev kunna slaa so vidt Lag. Sjølve b. b. hadde sistpaa gjenge med; – kann- hende i Von um den (norskdanske) Styrarposten? – – For meg er tvo Dagar spillte ved dette; no gjeld det aa klemme paa. Men ein Ting læt seg ikkje rette upp att: Hagbard Berner vart gravlagd igaar, og eg kom ikkje med; visste ikkje um Likferdi dessmeir, – fyrr eg var komen heim att.

31. 1. 20. Dei siste Dagarne hev det snøa soleis, at Tunet, serleg ned-ved vaart Hus, hev drive heilt fullt, so at daa eg skulde reinske upp Vegbrauterne vaare, laut eg hive Snøen høgt upp-yver Hovudet paa meg; greidde det mest ikkje. Og Taki er reint yverlesste av Snø, so Takfennerne og Mark- fennerne gjeng mest ihop; paa Heimehuset vaart er Tòka so nedtyngd, at det er eit Par av Lofts- dørerne her paa Sida av Romet mitt som ikkje gjeng skikkeleg att (Døri til Klæderomet og Døri til Baderomet); held det paa med dette Snøfallet, so maa Gudarne vìta, um Taki klarar den Tyngdi. Maken til Snøfall skal – etter Otto Valstad – ikkje ha vore sidan 1862, um Tuften elles meiner at det var minst likso ille i 1900; og det er berre maateleg Moro aa leggje seg i Kveld – med den Tanken, at me kann faa Tòka med so og so mange Centner Snø sigande ned-yver oss, naar det lid utpaa Natti. For Snøen er ille vaat og samansìgen og tung, so det leitar mest altfor hardt paa alt no. Men etter Vegbrøyting og Veg- hogging er eg so trøytt, at eg kjem til aa sovne fraa alt ihop; og fær eg Taket med dei veldige Snøfennerne yver meg, so somnar eg heilt av med same, vil eg tru; det skulde i alle Fall meir enn mykje til, fyrr eg vakna.

5. 2. 20. Olav Rusti daaen. Det eine høge Trée etter det andre fell. Men Olav Rusti, denne paa ein Gong fine og sterke Naturen, kjem eg ikkje minst til aa sakne. Eg gjekk og venta paa aa faa høyre, at han endeleg var komen i Arbeid att. Han saag meg alltid so grunnsterk ut; var dessutan berre 60 Aar gamall. No ser eg, at han var 70. Og Sjukdomen var Nyre-aat. So det var nok honom best aa faa gaa til Ro. Men Frida Rusti, – no sìt ho der aaleine. Og ho vart vel endaa meir aaleine, um ho fór "heim" – til Baden – no.

6.2.20. Johan Pedersen, Far til Samstyretanken, er daaen. Han var eit Geni; og Samstyretanken er so god, at Mengdi vel aldri fær Tak paa 'n, – liksom ho væl aldri fær Tak paa Rettstatstanken. Men Arbeide skal halde fram. Og Tanken hev vakse: no krevst det Sam-økonomi med (eit nytt Lag: "Dansk humanistisk Forbund", arbeider for Samhjelp dvs. Samstyre og Samøkonomi). Eg fær sjaa, um eg kann faa Raad til aa bli med, – iminsto i Samstyrelage. – Fraa Danmark (som sjølvsagt fraa Paris) høyrer og ser ein (gjenom Teikningar) meir og meir um all den Utoeskapen som fær Magt, i Liv og Leik (Dans) som i Klædeskikk (Kvinn- folki gjeng snart heilnakne i Dans): alle Blod- flaumarne hev ingenting hjelpt mot den Sjuken. Og daa det er den Sjuken alle Kulturar døyr av, so er det greidt, at Europa-"Kulturen" òg no lagar seg til Rettes for Lik-kista. Paa den andre Sida veks Blodvillskap og Bolsjevisme; slikt gjev òg utrygge Voner. Spursmaalet vert daa meir um Bonden: kann han berga seg igjenom denne Daudedansen? – Dei fær sjaa, dei som etter oss skal lìva. – Prentingi av det nye Upplage av Haug- tussa tek til att (etter Jolesjauen); Prentretting paa 4de Arke kome i Dag. 21. 2. 20. Møte i Student-Maallage igaar um D. n. Teatre og Vanskarne der. Ingiald Haaland tala godt – um alltid noko "kunstnerisk" og aalment – og hadde mill. a. framme Krave um, at eit norskt Teater korkje i Maate eller Maal maatte vera dei norskdanske uppatt; "trassigt" maatte dei halde sitt eige uppe midt i Framanddomen; han tok rett sterkt Samtykke. Hulda (som sìt i Teater- styre og soleis var nøydd til aa vera so lempe- leg som Raad var) heldt fram alt som lét seg segja av godt um Teatre, men understrika dette um "trassig" Norskdom; – ho veit altfor godt, kor syrgjeleg lite "trassige" dei er jamvel dei norske i Spelarflokken. Eg freista aa vera noko stramare og nemnde serleg dette um "Brøderne Ø–s Huskors" og det eg hadde høyrt um Spelemaale der; men eg visste altfor væl, at no gjeng dei ifraa, dei som likast skulde vera (Drabløs vil ut paa ei serleg Spelferd att), liksom eg visste og veit, at D. n. Teatre no helst er ein Fyre- eller Millomstasjon for Norskdanskar, til dess dei kann faa Rom ved eit av sine eigne Teater. Og all denne Byfiffen, held for det fysste Landsfolk (ser- leg Kvende) burte fraa Teatre, og for det andre vert dei sjølve sjeldan anna enn Framande der. – Og noko slikt som ein Teaterstyrar, som baade er heilt norsk og dertil hev Kraft (og Kultur) nok, – finst ikkje. So at – her som elles, kann eg snart segia – berre "tru det eg ser". – Ikkje minst "trur eg det eg ser" um Folke- sambandet og "Verds-freden". Vilkori for Folke- sambandet er endeleg fastsette (so i Hovudsaki), og fleire Land hev meldt seg inn; andre, som Norderlandi, er meinte paa aa gaa inn; nøgde med Vilkaari er visst ingen; men Voni er, at ein maa kunne faa lempe paa Vilkaari etterkvart. Den "aalmenne Freden" vert soleis for det fysste aalmenn Uro med aalmenne Dryftingar, som ein fær tru vil føre fram, daa Ufred no er livsfaarleg for baade dei som vinn og dei som taper. Men trygt er ingenting, so lenge Amerika, Tyskland, Russland ikkje er med (og ingen veit, kor langt Japan kann vera aa tru); uklaart er det ikkje minst med Amerika, der Wilson – som er komen til Helse att – er paa sin Kant misnøgd med Vilkaari liksom Storparten av Kongressen paa sin, medan Folk flest skal vente paa "næste Ufreden" med det fysste. Einaste "Trygdi" skulde vera den, at Verdi spelar upp økonomisk, som baade engelske og tyske Blad spaar um (sjølve Amerika skal sjaa Botnen i Gull-Lagere sitt); men i Dag ser eg, at der er økonomiske Upp- gangsmerke i sjølve Tyskland, og er det sant, so er vel ikkje den Trygdi heller aa stole paa. Noko aa halde seg til er det daa ikkje enno. Men Freds-Vonerne synes vera dei sterkaste. Ei fæl Tid. Alt utrygt, og alt er villt, villt Kav; hardt slit Verdi paa Nervurne sine. – Hjaa oss er eit av dei smaae Storspursmaali avgjort: Universitete, som fyrr hev vore skift i tvo (med Biblioteke i tri), vert so skift i tri (fire): 1) Hovudsæte øvst i Karl Johan, 2) Tøien ut paa Oslo-Kanten, 3) Blindern paa Vestkanten (og so 4) Biblioteke paa Drammensvegen). Fanden spare! – VÍre ein Dag klaart og kaldt, ein Dag, Skodde og mildt (med og utan Snø); heilt driv me nok ikkje ned i Aar heller. – Eg held paa med Bladarbeid; men det gjeng smaatt; den Gamalmannsvisdomen, at alt gjeng som det maa gaa, og at "Ingenting nyttar", hev altfor mykje Magt med meg!

24. 2. 20. Iforgaars var Hulda 58, og i Dag fér ho til Berlin (saman med Fernanda), og skal so – i Lag med Bladmannen Øksnevad (Jærbu: fraa "Øksnavad", som Folk segjer der: dei skynar ikkje fysste Samansetningslekken) til Paris, og fraa Paris aaleine til ein By ned-ved Pyrenæarne, der ho mill. a. vil sjaa paa Baskarfolke, som er ættlaust i Europa, men synest høyre ihop med Indianarne; eg skynar i det heile, at eg vert tvo Aar eldre enn ho for kvart Almanak-aar som gjeng: ikkje for alt i Verdi vaaga eg meg i desse Tider so langt som berre til Berlin, naar eg ikkje nettupp var nøydd til. Og Baskar! Og Indianar! – Naa; godt so lenge ein kann vera ung og modig. Av Ferdi vil ho visst ha godt. – Der er her som i andre Land ymis Tvil og rett mykje Ordskifte um dette Folkesambande, som nok langtifraa vert det Tusundaarsrike som mange fyrr drøymde um. Men det vert vel ikkje mange som vaagar aa halde seg utanfyre heller; det kunde bli væl so faarlegt. Smaalandi kjem daa vel til aa gaa med – og Norig, vel utan Reservasjonar –; men Amerika? – der ser alt ugreidt ut; helst peikar det andre Vegen. Og Amerika, Tyskland, Russland utanfyre og berre so halv Tru og Trygd millom deim som er utan- fyre vert det ikkje lenge, fyrr Mannheimsfreden gjeng upp i Røyk. – Eg driv paa med ein og annan Bladstubb; hev i det seinste gravlagt Schjøtt (i "Syn og Segn"), og H. E. Berner og Olav Rusti (i "For Bygd og By"), og no alra-sist Johan Pedersen (i "D. 17de" – med ein Freistnad paa aa friske upp-att den Samstyre-Tanken, som ingen ser ut til aa skyna). Og endaa hev eg tvo-tri Bok- meldingar att; men smaatt gjeng det. – I Millomstunder les eg eikor Bok; det er som ei Kvild (eller høgg Ved; det kviler betre); – no sist las eg Rikard III (Umsetjar: Erik Eggen); Umsetnaden er visst ikkje ille. Men hu! all den Villskapen; det maatte ein Shakespeare til, um slikt eit Liv som det det engelske Hoffe førde i den Tidi skulde bli lesande. – I siste Edda-hefte viser H. Koht, at den norske Nasjonaliteten fysst tek til aa koma upp so midt i 1000-Talet. "Fysste Gongen me merkar noko til norsk Nasjonalaand er i Reisingi mot Danevelde straks etter 1030". – Me er ikkje gamle. – I same Hefte upplyser ein Belgier, at den fysste som gjorde Edda kjend i Europa (som "keltisk" Skaldeverk), var ein Franskmann (Mallet, Professor i fransk Literatur i Kjøpenhavn fraa 1752 og utetter). – Eg tek til aa tenkje paa ei Bok att, noko som ei Avskilspreike: Attersyn og Utsyn eller kva Namn ho kunde faa; undrast paa, um d e n kann bli meir enn Tanke?

29. 2. 20. Igaarkveid tala Borgarmeister Lindhagen fraa Stockholm i Studentersamfunde (Turnhallen); og um han ikkje nettupp er nokon Talar, so er han ein intelligent Mann og var væl verd aa høyre paa. Det var eit socialistisk Spursmaal, han hadde for seg; og klaart og godt fekk han fram, det eg lenge hev vore inne paa, at Partistyre, i det heile den nyare Politiken, med sin Strid og sitt Hat, den kann aldri føre fram til eit godt Samfundsliv, til social Harmoni: det er dei "gamle Sanningarne", me maa byggje paa, dei som er framme baade hjaa Konfutse, Buddha, Kristus: Næstekjærleikslæra, Bòdet um aa vera mot andre som me vil at dei skal vera mot oss o. dl. Dette kom so godt fram, at det var visst mange – ein og annan av dei unge "Bolsjevik"-studentarne med – som forstod; det vart daa visst klappa dugeleg. For meg, som kjenner Tanken fraa baade Henry George, fraa "Samstyre"- og fraa "Retisstatt"-Arbeide, var Foredrage reint gildt aa høyre paa – han bør gjeva det ut –; og han kritisera baade Høgre og Vinstre og sitt eige (socialdemokratiske) Parti paa ein Maate som viste, at han hev vunne seg ut or Partitræl- domen, er likso fri som intelligent. Serleg sterk var Kritiken hans yver Samfundsmoraliteten (som preikar Næstekjærleik um Sundagen og elles driv Partikrig); og naar Folke – etter hans Røynsle – tenkte meir etiskt (kristelegt) her enn dei politiske Førarane sine, so kann der vera noko i det; iminsto hev det fyrr vore so – i Norig med. Men Folke kjem meir og meir inn i Ufreden, det òg: at Borgarkrigen dreg nedyver gjeld nok ikkje berre for Overklassa. – Ei diger russisk Bok hev eg pløgt igjenom: "Antikrist eller Peter den store og Alexei" (Son hans) av Meresjkovski. Det er eit svært Verk, og godt fortalt; eg fylgde med lenge. Men etter- kvart vert det noko mykje av russisk Halv- og Heilvillskap og Draumsjuke; ut-imot Slutten trøytna eg av. No etterpaa hev eg ein Usmak av Russland og serleg Russehoffe som minner meg um den Usmaken eg fekk av den engelske Kongsgarden i Tridie Rikards Tid (Shakespeare); og naar eg tenkjer paa, at slikt hev Folk funne seg i, ja vore med paa, Gong paa Gong, Tid etter Tid, og er med paa det enno, naar so fell, – ja daa er det nok ikkje høgt med Trui mi paa Mannaætti. – Fraa Hulda høyrer me ingenting – anna enn det vesle Breve, Tuften fekk eit Par Dagar etter Avferdi. Me trøystar oss med, at var der noko i Vegen, so fekk me nok vìta det; men rart er det no.

4. 3. 19. Etter eit 3 Dagars Osdskifte stend det no fast, at me skal inn i Folkesambande. Og det er vel det likaste, – serleg daa alle no – etter den rett kraftige Opposisjonen som var komen upp – veit, at dermed er ikkje Tusenaarsrike kome. Dessutan er Verds-samfunde enno berre noko ein kann "tru" paa. Amerika er eit stort Spurs- maal; Russland og Tyskland kannhende eit endaa større. Helst um Japan ein god Dag skulde finne det klokt aa svikte. Men alt som gjerande er vert gjort til aa faa Amerika med (og no, daa Wilson frisknar til att, kunde det føre til ei og onnor god Lemping i Sambandslovi?); daa vil dei hine òg gaa med – for ei Stund iminsto. Men endeleg "Fred paa Jordi" vinn ein ikkje med slik ei Ovanpaa-"Reform"; Sjukdoms-Orsaki sìt djupare. – Fraa Hulda Brev. Ho (og Fernanda) bur i eit rolegt Hotel like ved Brandenburger Thor og hev eit stort og godt (men u-elda) Rom for 8 Kr. Døgret; Middag fær dei (som greier seg godt) paa ei Matstove nære ved for 2–3 Kr.; etter Pengeverde der nede no er det utrulegt billegt. Og Folke hev i visse Maatar havt godt av Ulukka; "all Brauting er burtblaasi". Men og det Live som viser seg er stuslegt og svært "borgarlegt". Um Kvelden er Gatelive humør- laust og fatigslegt; og alt Ljos vert sløkkt 1/2 11. Dei hev set ein Film; den var beint ut "lider- Lig". Wedekind vert spela paa tri av Teatri; tvo av Stykki hans hev dei set; deim kaller ho "ud- spekulerte og ublue, – pinlege". Hjaa Reinhardt gjeng eit Stykke "Frøhlingserwachen" ; det vert godt spéla; men sóme Scenur er leide: "brutalt blir vi tat med ind i det mørkeste og vondeste i ungt Menneskeliv". Eit Stykke, ho hev set, "Erdgeist", var sovore at ho kjende seg som paa eit Bordell. Og Teatri er stappfulle. Men ei Trøyst er det, at gode Stykke, ja gamle klassiske, like eins dreg ovfulle Hus (ho nemner "Danton", av Rolland, paa Grosses Schauspielhaus). Ein Hauptmannpremiére vil ho òg sjaa. Dei er ofte i Lag med Brordotter mi, den "diplomatiske" Sigrid. Sundag dreg Hulda (saman med Øksnevadfolke) til Paris, – um ikkje den franske Banestreiken skulde koma upp att. – Eg arbeider med ei Bokmelding (Var·t·- skuggsj·); men det gjeng smaatt.

Brev fraa Carl Lindhagen.

Stockholm den 12/3 1920. Herr Arne Garborg. Mycken tack för Edert ovøntade brev, vilket som Ni kan förstå gjorde mig mycket glad. Med detta föll øven min bekymrade förmodan, att föredraget blev mindre njutbart, då jag i följd av förkylning kønde mig ganska odisponerad. Det uppmuntrar mig och styrker min förvis- ning om de gamle sanningarnes odödlige mission, att Ni, och just Ni – så oförbehållsamt tillegnat Eder enabanda förtröstan. Något referat av föredraget förekom icke i nogon norsk tidning har man sagt mig och sjølv har jag icke åstadkommit något. I svenska riks- dagen har jag emellertid i år vøckt 34 motionar, de flesta i aktuella dagspolitiske frågor, men några i "humanistisk" syfte. På grund av Edert vøn- liga intresse tillåter jag mig samtidigt sønda ett exemplar av de senare.

Medutmørkt högaktning Eder förbundne Carl Lindhagen.

15. 3. 20. Nord-Slesvig hev røysta seg attande til Dan- mark att: med Mìdslesvig gjeng det vel hin Vegen: Prøysseren er den same Brutalisten som han hev vore, og hev bruka alle dei Fanteraaderne han megtig var. Og no hev me Motrevolusjon i Tyskland; det er den prøyssiske Reaksjonen som er ute der med. Men Sør-Tyskland gjer Motstand, og Re- volusjonsregjeringi manar heile Arbeidsmagti fram til Strid: kva Veg det bér er vel enno uvisst. – Keisarvelde vaagar Motrevolusjonen ikkje aa tenkja paa for Skuld Vestmagterne: det er alltid ei Trøyst; og Arbeidarfolke freistar han aa vinne ved Socialdemokratisme eit Stykke paa Veg; dess- utan er det nok paa Voni, um Arbeidarane er noko vidare glade i Erzbergerstyre (eller kva Namne helst var); Motrevolusjonen er vel soleis ikkje heilt vonlaus. – Eg for min Part hev elles ikkje stor Tru til Socialdemokratarne heller. – Hulda skriv fraa Paris. Det var enerverande paa all Vis aa vera i Berlin no ("alle spaadde Revolution inden Utgangen av Marts"); men sjølv- sagt er ho glad for ho hev vore der nettupp i denne Tidi. Sidan hev ho vore hjaa "Heinrich" (i Beyenburg); der var det huglegt, endaa det – med all Rikdom var knapt med Kosten. (Fernanda var med, men vart liggjande sjuk; dei ræddast for Spanska, men det hev vel berre vore Kjøld.) VÍret var surt der nede no att, og det snødde, so Marki laag kvit; for Hulda vart det verre med Hosten att. I Köln fekk dei (ved Heinrich) Hjelp hjaa den norske Konsulen, ein ovrik Mann med livréklædd Privattenar; men den rike Mannen kunde ikkje beda Framande til Middag (for "alles war sehr knapp"); og i Hotelli var ingen Mat aa faa, av di Klokka var yver 3, so alle Tenarar var gjengne (dei hev fenge 8 Timars Arbeidsdag); dei fekk klara seg med det vesle dei hadde fenge med fraa Heinrich. I Paris bur ho hjaa Frk. Krag, som ho kjenner her fraa Asker (ho var Sjukerøktar her ifjor, daa Spanska herja); og der hev ho det trygt og godt og søv veldigt (etter den lange og mest svevnlause Ferdi); Lag hev ho havt med Øksnevad- og Ristefolke. No ber det til Montpellier; der er full Sumar, og der møter ho Henny Holtsmark, som vil "fylgje henne kor ho vil", til Baskarne med, um det læt seg gjera; der er so herlegt der nede, segjer ho, at ho hev aldri drøymt um slikt. – Der nede maa Hosten gje seg; og der er vel Mat nok. – Bondeungdomslage i Skien hev sendt meg 1000 Kr. til Takk for Odyssevskvæde og med alle gode Ynskje; det er so reint uventa, og det gjer meg so godt: men aa finne Ord til Svare – – – – Ferdug med "Indiaspegelen". Men so er det endaa ei Bokmelding, og eit Par Jolestubbar, – men inga Arbeidskraft . . . – Fridtjof Øvrebø skriv og meiner me maa kunna vaage paa med "Politik" II. Men dess- verre: – naa, eg fær vel skrive til Nygaard og høyre kva han meiner.

22. 3. 20. Brev fraa Nygaard; han kann ikkje segja noko visst um "Politik" I, fyrr i Juni-Juli, naar Upp- gjerderne fraa Bokhandlarane kjem; men han tek upp att det gamle: at Boki vart for stor (dyr), og han slær paa, at næste Gong fær me freiste med ei (høveleg stor) Samling literære Stykke o. dl. Det hev eg daa skrìve til Øvrebø. Og so fær eg tenkje paa den literære Samlingi daa! men den politiske fær eg fullføre i Manuskript, um det sidan skulde bli Bruk for ho. – Brev fraa Mabel Johnson Loland, at, "D. b. Faderen" er under Prenting og vil vera ferdug snart; godt at det gjekk so vidt i Orden. – Brevkort fraa Hulda (18/3): daa sat ho paa Banegaarden i Tarascon og venta paa Tog, som ho vona vilde føre henne til Montpellier; ho hadde vore eit Døgr psa Reisi fraa Paris utan Soveplass og reist tvo Gonger galen Veg (att og fram); hu, at det skal gaa so vrangt daa. Men VÍret var godt, og alt saag herlegt ut. Og no maa ho daa endeleg vera framme og hev kvilt seg godt ut, so næste Gong vonar eg alt er som det skal vera. – Eg sender henne ein liten Svarlapp saman med eit kort fraa "Finna", som nok tenkjer paa aa koma til Einundhytta att til Sumars; det er fleire Aar sidan ho var der no. – Sjølv driv eg paa med Aug. Schvans "Ret- færdige Revolution"; Boki er god og grei, so det kunde vera godt aa faa ein og annan til aa lesa ho. – Ute er det fint og mildt, og Snøen tiner, so eg ser alt bar Mark rundt ikring eitkvart Tréet. Og det gjeng endeleg lettare med Arbeide. – I Folke-sambande kjem Amerika i k k j e med. – I Tyskland er det enno Kommunistbraak her og der; men det gamle halv(?)-socialdemokratiske Styre er ovanpaa att, og det fell paa nytt nokre Hovud. – Her uppe hev "Unge Venstre" halde Aars- møte, Norske ser dei ret til aa vera med heil Hug, Fleirtale; og fram vil dei elles òg, maa ein tru; dei hev i alle Fall sterke Ord mot dei gamle som ikkje hev noko "Program"; men um dei sjølve hev noko . . . . For det fysste vart det til det, at dei skulde sende ei Spyrjeliste ut-yver Lande og sjaa, um dei der kunde finne noko aa vilja. – Slikt kallar d e i aa vera unge og "Vinstre", Stakkar. Bilæthoggar fru Augusta Finne Berg, no busett i Danmark. H. G. 27. 3. 20. Etter "Den lige Vei" hev det ugreie Zahle- ministerie (i dette Tilfelle Edv. Brandes og Ove Rode) endeleg kome med det lenge lova og Gong paa Gong utsette Framlegge um Grunnskyld. Det hev ymse Lyte, men er Stykkevis rett godt, so at kann det bli vedteke og sidan etterkvart retta og fullført, so kann Schvan endaa faa Rett i si – for meg uventande – Tru paa Danmark. Men enno er alt uvisst; – "me fær sjaa". Men ein Stubb um Framlegge skal eg sjaa aa faa inn i "D. 17de"; det er mange som hev godt av aa faa ei Meining um, at me norske i k k j e lenger er millom dei fysste i Politiken, dessverre. – Presten Homme var her igaar med eit Stykke, som han vil faa inn i danske Blad, med Krav til Danskarne um aa godkjenne Norigs Rett til aa nyreise Bokmaale sitt. Stykke var i det heile godt skrive og hadde alt fleire Underskrifter; og eg skreiv under, eg med; um det væl ikkje vil hjelpe stort – Danmark er i slike Ting eit godt lite Prøyssen –, so er det paa Tidi no, at det Orde fraa norsk Side vert sagt. – Ei Pakke georgistiske Smaaskrifter (og mitt eige Hefte um Folkestyre og Partistyre) er sendt meg fraa Danmark uten Upplysning um, kven som hev sendt det. Naa; det kjem vel Brev sidan, kann eg tru. – Det held paa med Uro i Tyskland, serleg i Berlin. Det skal vera nyt motrevolusjonært Kupp i Vente fraa Bakstrævssida; "raudt" Braak held det òg paa med. Og igaar gjekk heile Re- gjeringi; no er det ein heilt ny Fyr – med det ikkje nye Namne Møller – som skal skipa Riks- styre, lydest det. Samstundes vert det fortalt, at Bolsjevismen er i sterk Framgang, og at ein kann vente "raudt Brorskap" millom Tyskland og Russ- land, um Fredstraktaten ikkje vert revidera. Osfr. – Fraa England vert det fortalt um veldigt ny- vaknande Spiritisme etter Krigen. øtti hev Ingen- ting lært og Ingenting gløymt. – Hev set igjenom ei av Tor Flatins "Gamalt"- Samlingar fraa Numedal. D' er kje noko sers rart korkje med Maale eller med Formingi; men ein ser at dei hev vore heilt med i den gamle Folkekulturen, Numedølerne med.

– Kort fraa Hulda (Montpellier 17/ ); ho er 3 daa framkomi. Ho hadde vorte klein i Paris og skunda seg daa sør-yver; men ho hev funne Vinter der med: "Folk gaar i svære Pelse". Lenge kann elles ikkje dette vara; dei vonar paa Morgondagen. Og etter det Tuften fortalde igaar er det kome Telegram fraa Frk. Holtsmark til ein Bror hennar inn-i Byen at dei daa alt var paa Pyrenæ-Ferd. – I Dag ferdug med "Den retfærdige Re- volution".

30. 3. 20. Danskekongen hev sett Riksraade sitt paa Porten. Og det paa heilt uparlamentarisk Maate. Det er Slesvig-Spursmaale som hev velt Vogni. No vert det Høgreministerium. Og vill Strid; Socialdemokratarne lovar jamvel Aalmannstreik. Dei nye Vali vert vel reaksjonære – "nasjonale" – helst. Det peikar galne Vegen for Danmark, dette. Men kann snu seg enno, vel? – Eg fær sjaa aa faa stelt litt paa Slutten av Stykke um "Den retfærdige Revolution". I Tyskland er Leidi socialdemokratisk att, – med Strid millom dei tri Flokkarne. England hev sin irske Sjuke – og Striden millom Lloyd George og Asquith. 3. 4. 20. Telefonbòd kjem, at Inge Garborg, Brorson min, er daaen, – fròsen ihel upp-ved Finse, der han var paa Paasketur, det er meg likso utrulegt som uhuglegt. (Seinare.) Bladi melder, at det nok er altfor sant. Eit Lag paa 15 Mann drog yver Hardang- jøkelen (til Demmevasshøgdi); uppaa Jøkelen fekk dei Snøstorm og laut snu; 3 av deim, "Grosserar Garborg", ein ung Løytnant (Karl Uchermann, Son av Maalaren) og ein 15 Aars Gut kom burt fraa dei andre og v a r t burte; Kvelden etter vart dei funne ikkje langt fra Demmevatshytta; Inge var fallen utfor eit Stup so ein 100 Meter fraa Hytta. Kona hans og den vesle Dotteri var med der uppe; ein syrgjeleg Lysttur vart dette for deim. Men er det sant, so minkar det stygt med Brorsonflokken min: tri burte og berre ein att; og denne eine hev mykje som minner meg um han Farbror Ola og kann visst godt bli Sveinkall liksom han; – veik Vokster er det paa øtti vaar. Og det som er att av ho er spreidt vidan um i Verdi; eg minnest so ofte den Draumen hans Far, som tyngde 'n meir enn eg daa skyna: at "øtti hans skulde døy". – Fraa Hulda Brev med Skildringar fraa Pays Basque, det franske og det spanske og fraa Ferder i Sudfrankrike, millom Vinrankar og blø- mande Orangetre og med snøkvite Pyrenæryggjer paa Sørsida. Breve er datera Saint Jean de Luz "i Hjertet av pays basque"; ho er nettupp attkomi fraa ein Biltur inn i Pyrenæarfjelli, der ho hev set paa eit Par Baskar-Landsbyar – vælstelte og ikkje so skitne som dei franske –; "nydelige Men- nesker; Naturen paradisisk. Dei gamle kann lite Franskt, men dei unge lærer Fransk i Skularne og "arbeider ikkje lenger paa aa halde uppe sin Nationalitet". – Ho hadde der for fysste Gong eit heilt godt Hotelrom, "med Bad osv."; og like utanfor Vindauga rulla Biskayabaarurne mot ei lang Strand; Lufti "ren og deilig". Dagen etter skulde ho saa yver Grensa til spansk Biskaya (St. Seba- stian).– I Saint Jean de Liaz "tjukt med kjedelige Englændere". – Henny Holtsmark var med. Men i det alra siste hev det vore so surkaldt der nede, ho hev gjeve upp Baskardraumarne; no er ho i Paris og tenkjer paa Heimferd; og det er hyggje- legt for oss. Og so fær ho freiste med norsk (Sjø- og) Fjell-Luft til Helsebot for Bringa. – Ute er Lufti graaleg-ljos og mild, med Kvitring av Fugl, med Bekkjesus, med meir og meir snøberrt og med fælt Føre; men det vaarar Dag for Dag, so me kann visst snart segja Far- væl til heile Vinteren. – Men so vert det vel Likferd? – Undrast paa, kóss Mori greier denne nye Støyten?

6. 4. 20. Danmark hev fenge eit nytt Forretningsmini- sterium (Friis i Staden for det 8 Dagar gamle Liebe); dermed er Generalstreiken avblaasen og alt i Orden, – korleis det no kann ha seg. Kannhende Arbeidarane er nøgde berre med den Ting, at dei hev tvinga Kongen til aa byte Per- sonar i Statsraade sitt? – Det visse er, at med eit Generalstreik-Trugsmaal hev dei skaffa Lande ei ny Regjering, so no veit dei, at det er d e i som styrer Lande, berre dei held ihop; men um eit Tvangs- og Standsstyre nedanfraa vert betre enn det gamle ovanfraa, det er nok uvisst. – Ugreie millom Frankrike og Tyskland i eit Serspursmaal (vedkomande Ruhr-Distrikte; Tysk- land er som vanlig ikkje aa tru); Sinn-Feinarne held uppe Staake i Irland og vil ha irsk Repu- blik, men kjem vel ingen Veg med Valds- og Brotsraaderne sine; Persia og Bolsjevik-Russland slær Lag; – all Stad Røre, ingenstad noko aa tru paa. – Inge Garborg skal aat Krematorie i Dag; Tuften møter upp og "repræsenterar Familja". – Nærare Upplysningar i Dag um Ulukka: den 15- Aars Son aat Generaldirektør Wessel var sakka atterut; Inge og Løytnanten (Uchermann, Son av Maalaren) høyrde han ropa "Far, Far" og snudde og vilde hjelpe; med ein Gong saag dei Stormen drive 'n burt yver Snøen, og burte for deim vart han; dei leita eit Bìl og kom daa burt fraa kvar- andre og fraa Flokken; og no hev det nok vore at Inge datt utfor Stupe (og kom ned paa ein slik Maate at Nakken brotna, so alt var med ein Gong Slutt). – I Dag kann "T. T." fortelja at Fernanda Nissen er daai (i Beyenburg hjaa Erfurt). Eg hadde livt meg inn i den Trui, at ho var frisk att no, sidan me Inkje høyrde; men det hev vel kome eit Attertak. – Sæle dei som slepp!

12. 4. 20 2 Breve fraa Hulda (Beyenburg). 1ste Paaske- dags Kvelden Kl. 10 møtte Heinrich henne i Barmen (hadde ikkje kunna koma fyrr, daa ein av del revolusjonære Flokkarne hadde "rekvirera" den vesle Bilen hans – liksom den store fyrr var rekvirera til Krigen –; det er i det heile lystigt der nede; ein annan Flokk kom ein annan Dag og rekvirera det han hadde av Vaapn; og daa han spurde um dei hadde Fullmakt fraa nokon, so svara dei "Nei; men me hev gode Børsur". I Lag med Heinrich gjekk ho daa upp paa det Sjukehuse, der Fernanda hadde lege dei siste 14 Dagarne – eit godt og vælstelt Sjuke- hus –; der saag ho Rome hennar og tala med Lækjaren og fekk sjaa henne; ho var "lite for- andret, – vakker, med et viljefast, bestemt Ud- tryk". Det var Hjarta, som slog Klikk; alt til um Langfredagen saag det ut til, at ho skulde greie det. Etterpaa var dei ute og tinga Kistur (Zinkkiste og Utanpaakiste av Eik) og tinga Grav (i Unter-Barmen); ho hadde ynskt aa bli jordfest der nede; hadde ikkje vilja bli "sendt rundt i Verden". Um alt dette skreiv Hulda til Helge Holst, Son hennar; men han telegrafera, at ho nok helst hadde ynskt aa bli brend, og at Oska daa kunde bli heimsend. Og sidan "strøymde det inn" med Telegram fraa Norig um Brenning og Heimsending. Daa det so viste seg, at dette lét seg gjera, vart det so stelt (Heinrich hev vore "storartet" i alle Maatar, baade no og mot Fer- nanda sjølv, som han hadde vorte "saa glad i"); Oskekrukka skal Hulda taka med heim. Ho ventar aa faa Fylgje med Sigrid Garborg, som og skal heim (til Likferdi aat Bror sin; Finse-Ulukka hev gjort eit sterkt Inntrykk der nede med, som ventande var). Hulda er daa snart ventande; "gid vi saa sandt aldrig var reist!" skriv ho. Godt skal det òg bli aa vìta henne væl ute av all den Uhugnaden og Utrygdi; Telegram bør vera ventande med det alra fysste. Og andre Breve sluttar som det fysste byrja: med Bilæte fraa Lovløysa der nede. Gateslusk fartar ikring med Gatetausar som spelar "Raude- kross-systrar" og er inne allstad og "rekvirerar" til "dei særde"; og ingen torer segja Nei; Bandit- "Vakti" stend utanfyre veit dei; – "fæle Til- stande". Huff ja, Og kor lenge skal det halde paa, tru? Det kann vel ikkje vera den endelege europæiske Uppløysningsprocessen som alt er i Gang? Millom England og Frankrike hev det sétt heller graavore ut etter dei siste Hendingarne i Ruhrdistrikte; men Franskmennerne (som nok skynar at dei hev forrennt seg) tek det so lem- pelegt at det lagar seg vel. – Etter eit Par straalande Soldagar Regnrusk og surt att. Men Vaaren er i god Framgang; det meste av Vollarne er snøfritt, og Seljurne tek til aa grønkast. Og av Bladi ser eg, at paa Jæren (og fleire Stader vestpaa) er dei i fullt Arbeid med Vaarvinna. Elles er det Nedgang i dei (syrgjelege) "gode Tiderne", so Tollkrav og annan Villskap tek til aa vakne att millom Smaa- bønderne med; men kva er her aa segja? Sam- funde fær bøte for Synderne og Faavite sitt, til dess det lærer, eller til dess det spelar upp.

Brev fraa Hulda Garborg.

Beyenburg 3die Paaskedag 1920. Kjære Garborg! Som du alt vet av mit kort fra Cöln kom jeg forsent til at træffe Fernanda ilive; hun døde om natten, mens jeg sat paa toget fra Paris. En frygtelig reise – – – – Heinrich møtte mig i Barmen kl. 10 om kvelden i øsende regnveir første paaskedag, og vi blev paa hotel derinde til igaar. Sov paa gamle damaskesduker. Det er 10 km. fra Barmen til Heinrichs hjem, og nu har de revolutionære bander været her og "rekvirert" den lille bilen, som han har hat til personlig bruk efterat den store blev tat til krigen. Saa det er meget be- sværlig for ham. En bande paa 8 mand, be- væbnet med bøsser, kom en anden dag og for- langte hans vaaben. Han forhandlet med dem – ubevæbnet paa trappen – og to mand fik komme ind og undersøke huset. De gik igjen med hans to jagtgeværer. Heinrich spurte om de hadde nogen bemyndigelse fra nogen. "Nei," sa de, "men vi har gode bøsser." Nu har han klaget og faat geværene igjen. Men her er ikke hyggelig – han bor jo alene her med to piker nu. – Igaar gik vi da op paa det store hospital, hvor Fernanda laa de sidste 14 dage – et av de peneste og bedst indrettede nye sykehus i Tysk- land. Jeg saa hendes værelse, snakket med lægen og saa hende. Hun var saa litet forandret – vakker, – med et viljefast, bestemt uttryk. Saa gik vi ut og bestilte kister, zinkkiste og en av umalt eketræ, og ellers alt fornødent. Reiste saa herut ved middagstider i vogn med to hester for atter i øsende regn. – Igaar efterm. skrev jeg da utførlig til Helge om alt og sendte de linjer hun hadde diktert Er- furt, bl. a. om at hun vilde begraves hernede og "ikke sendes rundt i verden". Idag telegram fra Helge. Han mener, at hun helst ønsket at brændes, og at asken da kunde sendes hjem. Men her er ikke noget krematorium, og Hein- rich undersøker nu, om en utlænding kan bli brændt i H a g e n, en by ikke svært langt herfra. Nu faar vi da se. Ellers maa vi begrave hende i Barmen, senest Fredag. Jeg er saa spændt paa, om ikke hendes bror eller nogen anden for- søker at komme herned. Hvis ikke blir hendes følge ikke stort – Heinrich og jeg. For mig vilde det ha været mindre vondt, om jeg kunde faat hende med hjem; dette er saa usigelig trist og fattig. – Hun fik armene fulde av forglem- migei og hvite syrener igaar, og idag sender Heinrich sit norske flagg ind til at sætte kisten paa i kapellet. Saasnart alt er over reiser jeg hjem hurtigst mulig – var vi saa sandt aldrig reist! Heinrich har været storartet, besøkt hende hver dag trods den lange vei, og han blev saa glad i hende. Det var hjertet, som slog feil; det andet var over, og like til langfredag trodde de hun skulde klare det. Ja, nu faar jeg slutte idag – gud give dere var friske? Din Hulda.

Brev fraa Hulda Garborg.

Beyenburg 8/4 1920. Kjære dig! Nu har jeg set Fernande to ganger, siste gang igaar, før kisten blev loddet. Og Heinrich og jeg var paa den vakre kirkegaard i Unter-Barmen og kjøpte et stort gravsted. Begravelsen bestemte vi til imorgen kl. 3. Men nu strømmer telegrammer ind fra Norge om brænding og hjemsending. Arbeiderpartiet vil ta begravelsen, o. s. v. Hendes ønske de siste dage var at begraves hernede; hun vilde "ikke sendes rundt i verden". Men vi maa respektere Helges ønske. Nu ser det ogsaa ut til at vi kan faa benytte krematoriet i H a g e n, en times vei med jernbane herfra. Jeg tar da, efter Helges anmodning, asken med hjem. Forfærdelig alt- sammen – – Vi venter nu paa advokat Bonnevie fra det norske gesandtskap i Berlin; han blir da med, og det blir nok ikke større følge end vi tre. Heinrich har været, og er storartet. – H a g e n er paa veien til Berlin, og sandsyn- ligvis blir Bonnevie og jeg da der om natten og fortsætter næste morgen. – Helge Holst, fru Nissens søn. – Igaar var vi i Barmen altsaa, og der saa vi litt av de fra Essen hjemvandrende røde tropper utenfor byen. Her, like forbi huset, gik igaarmorges en flok paa 2–300. Ganske unge mennesker, bevæbnet med geværer. I en bu- tik saa vi en gatejente med to slusker, hvorav den ene var saaret. Hun kjøpte hvidt skaut og armbind – skulde optræde som Røde-korssøster. D. v. s. gaa ind i husene og forretninger og "re- kvirere" til "de saarede". Ingen tør negte dem, for de har sin vagt utenfor. Fæle tilstande. Fernanda fik da opleve revolution, som hun ønsket – men derom siden. Og saa paa gjen- syn s n a r t. Din Hulda.

15. 4. 20. Hulda kom heim att i Dag; 7 Vìkur hev ho vore burte. Og stort var det for henne aa koma inn i eit reint og velstelt Hus att, – umframt Hyggja ved at det var heime! Fælt mykje Skìtenskap og Vannstell er der mest allstad der ute no, og det i sjølve det reglementrette Tyskland. Mykje verre er det enn me tenkjer; og dertil kjem Matløyse og Ugreie i alt, og eì Modløyse som det ikkje vert lett aa vinne yver att. Men midt i all Raad- løyse ein einaste heit Vilje og Tanke: væpne seg til næste Krig! – Grenselaust veks Hat og Hemn- hug. Og so serleg all "Bolsjevik"-Villska i Tysk- land (ikkje minst Prøyssen); ingenstad er ein trygg, og ingenting kann ein vita. Dei verste Bandittar med sine Kvende stryk ikring og "re- kvirerar" i Staden for, som det fyrr heitte, aa røve; og Embættsmagti – som er like gløgg og streng i si Protokolførsle – læt dette Banditt- live ganz ruhig passieren; før was ist zu thun? – Men "Arbeidar"-flokkarne, dei som liksom skal "repræsentere Framtidi", eig ikkje anna "Program" enn "Proletar-Diktature" dvs. aalmenn Plundring. Elles er det ingen som veit noko aa vilja eller aa vone paa; – utan Reaksjonistarne, som vil tilbake til det gamle – og til ein ny Krig, Stakkar. Jamvel so stø og roleg ein Mann som Hein- rich Erfurt ser ingenting lenger som han kann tru paa; det er Uraad aa segja kva Veg det ber. Og Frankrike er berre Nervøsitet; det ser ein daa òg av Politiken der i det seinste. Det var godt aa koma so langt som til Fredriks- hald og faa ein Kopp skikkeleg Kaffi! Og ærleg Mat! Ein tysk Løytnant som var med – han skal til Norig og rette paa Helsa si – song upp um, at no vilde han aldri til Tyskland meir. Me hev nok havt eit og anna aa staa i, me òg, og verre vert det vel, høyrest det ut for; men Sanningi er nok endaa den, at me "veit ikkje kor godt me hev havt det". – Anders Hovden fyllte sine 60 for eit Par Dagar sidan, og han fekk rett mange fagre Aar- maalshelsingar, i Bladi med. Og er han Førar for mange, so vert han det for fleire og fleire, etterkvart som Reaksjonen styrkjest og Presten i 'n fær Magti. Men endaa vert han mykje betre enn andre, me fær; Peter Hognestad vert ein av dei leidaste: hev alt vaaga seg fram med Helvìte og Fanden, som han fyrr tagde rett fint med. Men Folke, Stakkar, hev nok Bruk for dei Magterne! – Prentrettingsark 10 av "Haugtussa" lese og sendt, so no er det att berre eit Par Ark; men so syrgjeleg seint som det gjeng, kjem ikkje det nye Upplage ut i Vaar heller. – llte Ark nettupp kome; tru det er Meiningi at dei vil spenne i likevæl! Det tek eg elles rolegt. Poeten i meg er ferdug, aa kalle for; og anna Arbeid vert det ikkje heller mykje av; det minkar med Arbeidskrafti – og endaa meir med Trui. Eg fær sjaa aa faa ut eit Par Band til med Blad- og Tidskriftstykke – og so eit "Utsyn", kannhende –; stort meir vert det knapt. Men meir og meir pinefullt vert det aa lìva "paa Kassa". Stundom undrast eg paa, um eg skulde søkje ein Ekstraskrivarpost; men so er det det, at der er vel meir enn nok av Søkjarar, so at um der var ein Statsraad som vilde unne meg ein slik Post, so kom eg berre i Vegen for ein av "dei unge". (Og so er der vel Aldergrense, der med!) Eg fær daa lata det skure som fyrr: spenne i best det eg vinn so lenge eg kann og elles stole paa, at eg vel ikkje kann verte noko gamall.

25. 4. 20. I Dag var me i Byen, i "Folkets Hus" (huff), og var med i Minnefesten etter Fernanda Nissen. Det vart ein Storfest – ikring 600 Menneskje, eit Hav av Blomar og ei lang Rad Talur –, visseleg utan Samanlikning den største Kvinne-Likferdi, det nokon Gong hev vore i Norig. Og sterkt kom det fram, kor merkeleg mykje ho hev vore for reint utrulegt mange; det var ikkje Ende paa alle dei Arbeidar- og Kvinnelag som sende Kransar og i sterke Ord priste hennar gode Vilje og varme Hjartelag og klaare Syn; Helsingar fraa Sverig og Danmark kom det med; ja fraa russiske Bolsjevikar (upp-i Finnmarki, – ved Tranmæl), liksom der var Helsingar og Blomar fraa Bladverdi, Kunst- og serleg Teaterverdi osfr. og fraa private Kjenningar (Hulda o. fl.); og en- daa fekk me sidan høyre, at det var kome Mengd som Kransar og Blomebundtar som ikkje kunde bli borne inn, av di Rome var fullt og av di Festen ikkje kunde bli altfor lang. Mykje meir hev ho vore enn eg visste um, men alt paa ein so intelli- gent Maate, at Bilæte hennar for meg berre voks; der kom inga falsk Line inn i det. – Etter Festen var me i Middag hjaa Riksraad Berg, der rett mange av hennar beste Véner av In- telligensen møtte (Talur av Verten, av Bank- chef, fyrrverande Tingmannen Horst og Frue ("Pylle", den eldste av Venekrinsen hennar), Barbra Ring o. fl., med ei g o d Svartale av Son hennar, unge Holst; ved Kaffin samla alle seg um Hulda, som fortalde fraa den siste Ferdi hennar, og fortalde godt, so trøytt som ho var (ho hev havt stride 6 Vikur no, so det er godt, at ho endeleg heilt kjem i Ro att). Det vart i det heile ein sann Festdag, visst den mest heilt og sant stemningsfulle, eg hev vore med paa; og hev eg fyrr vore glad ved aa kjenne Fernanda – baade T h o m e s e n og H o l s t (fraa den fysste Forlovings- og sidan fraa Dagbladtidi) og N i s s e n –, um alltid mest fraa Literatur- og Teaterinteresse- sida, so er eg det ikkje mindre no, daa ho hev fenge meir heilt Samanheng for meg. – Det som drap henne var eit Hjartetilfelle (etter ein Lungebrand, som i seg sjølv var linn); ho var elles berre glad ved aa faa sleppe. Presten av- viste ho med full Ro. – – Med Arbeide gjeng det skralt. Eg hev tri Bladstykke under Hendar; um noko av deim vert ferdugt . . . . fær me sjaa. Um "Den burtkomne Faderen" i Amerika høyrer eg Inkje meir. Vaaren er i Framgang. Men Regn, Regn, Regn – – Og surkaldt.

29. 4. 20. I Danmark hev (det moderate) Vinstre vunne. Det er eit Atterstìg i Staden for Framstìg; Or- saki er vel fysst og fremst Slesvig-Staake. Noko aa venta er det daa ikkje fraa Danmark heller; men ein fær tru so godt ein kann paa deim som spaar, at dette Atterslage ikkje kann vara lenge. I det heile er her for det fysste ikkje anna aa gjera enn aa legje seg til og suge paa Labben. Det aalmenne Atter-Straumdrage i Lag med Krigs- og Umveltingsreaksjonen og jamt veksande øko- nomisk Nedgang vil skapa ei god Tid for Prestar og Daudepreikarar og i det heile Skuming og Modløyse; sidan – so "fær me no sjaa daa"; det visse er, at Tidi eig ikkje ein einaste M a n n. – Fraa Ananda Acharya Brev um ei ny Bok, han arbeider med, og som han vil hava meg til aa umsetja. Men no fær eg nok berre sjaa, um eg kann bli ferdug med mine eigne Smaating, – "Utsyn" og eit Par Samlingar. – Han Ivar, den einaste etterlìvande av Sønerne aat Bror Jon, er her i Dag; han fortél, at han paa gode Vilkòr hev fenge selt Forret- ningi aat Inge, fraafallne Bror hans, so at dei Etterlìvande, baade Mor og Kona hans Inge, vil vera berga. – Brev fraa Homme um eit "Brev til Det danske Folket" (vedkomande Norskdom og Nordisk- dom), som han hev sendt meg til Um- og Under- skriving: me maa vente med aa sende det, skriv han, til dess Slesvig-saki er heilt avgjord der nede. Det er rett nok. Men um det i det heile kann nytte noko aa sende eit slikt Brev til Danskarne, – det er meir enn eg kann segia. – Regn, Regn: graatt, graatt . . . . Men enno kann aarsvonerne vera like gode, skriv ein Jord- brukskunnig i eit Blad i Dag.

6. 5. 20. Fru Christiane Schjøtt var her ute i Dag. Ho hev vore burte lenge, fysst i Nidaros hjaa ei Syster, sidan i Kongsvinger hjaa ein Son; no vilde ho nok helst flytja til Oslo, der ho hev baade ein Son og ei Dotter; men Husrom og Prisar.... – For det fysste lyt ho slaa seg til Ro burtved Stabekk, der elles Sonen òg skal bu no; det er ei stor Hjelp. Men Pensjonsspurs- maale er enno ikkje avgjort, og mykje Tru hev ho ikkje paa Tinge; det hev ikkje eg heller, men trøysta henne best eg kunde. Og kven veit? – Schjøtt gjorde Ordboksarbeide sitt so billegt, at finst det Skam i dette Stakkars "Stortinge", so læt det Enkja faa hava den vesle Overlærarløni dei Aari ho enno kann liva. Men no hev dei "Tiderne" aa orsaka seg med, so der er Inkje aa tru. – Anton Aure hev sent meg Serprent av 25- Aars-Utsyne sitt yver "Syn og Segn". Han skriv svært godt, den Mannen, og Stykke er meir inn- haldsrikt enn eg fysste Gongen lagde Merke til. Dessverre; – trass i alt det gode Arbeide som er gjort laut "S. og S." no sist ut med Tiggar- posen; det er vel "Tiderne" att. Uhuglegt, at naar det er gode Tider, – um dei er aldri so storgode, so er dei aldri gode for den norske Saki. Anna enn stundom "rett gode" eller "ikkje so verst". Og Tiderne vert nok ikkje betre enno paa lenge. No vert det endaa spaatt nytt Stats- tilsyn med sjølve Matstelle; Bønder som Arbeidarar held i Storlandi paa med Revolusjon, og Jordi fær sove; dermed lyt Staten spara, daa Folk sjølve ikkje kann; og kven kann i slike Tider tenkje paa Kulturspursmaal? – Igaar var me i Middag hjaa Rosenkrantz Johnsen og den nye Fru R. J.; det var so halvt ei Uppfrisking av gamle Dagar. R. J. held seg merkeleg godt; men han er godt gift med, so han tarv ikkje fortaka seg, og hyggjelegt hev dei det baae tvo, etter alt det me kunde skyna. Me hadde ei fredeleg Stund i dette rolege Huse. Men Hulda forkjølte seg paa Ferdi og fekk eit nytt og rett leidt Aatak av den "3 Dagars Halse- sjuken" eller kva det er ho hev aa dragast med. No hev ho lagt seg og vil liggje eit Par Dagar og freista aa sveitte Sjukdomen ut; gjev ho kunde koma til full Kraft att. – Fraa Elevlage paa Sæ(hei)m S m a a b r u k a r- l æ r a r s k u l e er det kome Spursmaal um Fore- drag. Og det um 8 Dagar. Kann eg paa nokon Maate greie det, tru? – Og det krevst "Svar straks". Det lyt bli Nei, veit eg, um eg helst vilde svara Ja; Tidi er knapp, og eg er halvt- um-halvt Tenestgjente, ettersom Ingeborg Vangen er reist og Hulda ikkje i desse Dagar kann "gaa i Huse". Dertil er Lufti myrk og Temperaturen raakald; eg kann ikkje koma i Arbeidslag. Og Gudarne skal vìta, at det er ikkje rart med den aandelege Temperaturen heller.

8. 5. 20. Raakaldt og Regn. Men Skogen og Jordi grønkar, so det vert vel Vaar denne Gongen med. Hulda er uppe att. Og um ho ikkje er fullt i Stand, so er Framgangsvonerne gode, – um ho ikkje forkjøler seg att. Med Foredrage gjeng eg i Gang lell; Smaa- brukarrørsla skulde vera ei Von liksom. Elles er det svært lite aa halde seg til; Folke er Smale utan Gjætarar og ettersett av ymis Smaa- varg, som vilde vera aa læ aat, – um her ikkje var so gjætarlaust; alt gjeng paa eit Raam, og anna enn Vanskar er visst ikkje aa sjaa eller anna enn Varsleróp aa høyre. Europa ligg som svimeslege; sjølve Revolusjonarne dovnar av, daa det ikkje er stort meir aa røve, eller stort fleire Varp aa gjera av noko Slag; venteleg glid det inn i dei gamle Spori att, av di det ingenstad finst Menn som duger til aa vise ny Veg. Det einaste nye vert vel ein ny Krig, naar det lid paa. – Danmark hev fenge eit nytt Styre, som Ingenting vil – utan dette eine aa freiste med aa faa Tak paa noko meir av Slesvig; men no sender Tyskland òg sine Sakførarar til Paris, so det vert berre eit Grand nytt Krangel og sidan endaa ei ny dansk Regjering, elles vel fysst en- daa eit nytt Val. – Her paa Labraaten skulde eitt og anna Arbeid (med Husi: Maaling o. a.) vera gjort; like eins skulde Huse hennar Hulda uppi Straalsjø- aasen bli sett i Stand; men alt stansar paa, at der ingenstad er Arbeidsfolk aa faa, anna enn (kann- hende) slike som me kjenner so vidt no, at me ikkje vil hava noko med deim aa gjera. Alt som ikkje kann "liva av sine Pengar" vil til Byn: paa Kantor eller i Fabrik, eller um dei lyt inn i eit Handverk; paa Lande vert det meir og meir som i gamle Dagar: at den som vil lìva der maa kunna vera sin eigen baade Jordbrukar og Hand- verkar. Men den som er uppvaksen i mi Tid og er utan Naturgaavur i Handverksfage, – han maa til Byen; og skal han greie seg der, maa han vera rik; kva Veg det skal bera med oss skynar me mindre og mindre. I slike raadlause Tider slær Folk seg meir og meir paa religiøs Drøyming; der er ymis Teosofi, ikkje lite Spiritisme, og sjølvsagt ei Mengd med Pietistar og Kyrkjetruande. Søme av desse siste freistar for Skam Skuld aa sjaa noko meir eller mindre sjølvstendege ut; ein slik er no ute i Gula, der han syng upp med noko som skal vera heilt kristelegt. Men rett som det er les han upp den vanlege Paulus-Lutherske Leksa. Samanhengslaust vert det daa. Og kraftlaust med alle Knottingar i Borde. Elles skriv han godt; kannhende kann han etterkvart arbeide seg fram til noko heilt endaa? – Elles er det ynkeleg lite aa sjaa, som gjev Von. Oftare og oftare sig den Tanken inn-yver meg: at det norske Folke – m i t t norske Folk – hev gjort sine siste Par Sprett no: i Politiken og i Maalsaki; men ingen- stad hadde det Kraft til aa gjenomføre noko heilt; og no sét det seg meir og meir til aa syngje paa siste Verse. Men so trøyster eg meg med, at eg er gamall og tek til aa sjaa svart. Og at Nedgangstider er det i alle Folks Liv: naudsynlege Kviletider. I alle Tilfelle: det er meiningslaust aa syte for Ting som eg ikkje kann gjera noko ved. Kvile fær eg elles jamvæl paa myrke Dagar, naar eg er ute og høgg Ved, eller ute og gjeng, eller eg fær Tak paa ei Bok som ligg langt utanfor mitt Ar- beid, – som no sist den vesle gilde Boki av Ernst Høckel: "Die Natur als Kønstlerin"; – det er ei Bok som fører ut paa større og friare Vidder.

14. 5. 20. Paa Smaabrukslærarskulen – der eg preika igaarkveld – er det Elevar fraa Vestland og Norrland, men ikkje fraa Austlande (Austlande søkjer sjølvsagt berre "Landbrukshøiskolen"); – men Smaabrukslærarskulen maa liggje paa Aust- lande (og nære Xia!) likevæl. – Hulda er ikkje sterk enno. Igaar hadde ho ei Svimingsrid, som endeleg skræmde henne til Doktoren. Der fekk ho strengt Paalegg um aa liggje minst 2 Maanader tilfjells og kvile, kvile, kvile; meir vart ikkje sagt. Og me fær daa tru, at det berre er Kvile som trengst. – Naar ho berre k u n d e kvile!

16. 5. 20. Etter ei lang GraavÍrstid med mykje Regn synest det endeleg vilja klaarne upp; og det var nok ikkje for tidlegt. Elles synes alt aa spaa godt; i alle Fall er det "Mai Kulde", so det er berre so vidt me greier oss utan Omnsvarme (kaldast inni Hus). Ute grønkar og sprett det (smaatt um Senn); Blaaveis og i det seinste Kvitveis og annan Vaarblom lyser upp i Skogen; kvar Morgon herleg Fuglekonsert; Vaaronna i full Gang; det vert nok Sømar i Aar med, skal me sjaa. Eg tek alt so smaatt til aa drøyme um Jæren. – Siste Korrekturarke til "Haugtussa" er en- deleg sendt. Og so er eg ferdug med Veslemøy for godt, tenkjer eg. – Endaa ei Bok av Ernst Høckel er eg komen til aa lesa: "Die Weltrøthsel, – Studien øber monistische Philosophie" (1899). Ho vart meg eit Repetisjonskursus i Striden fraa Slutten av det 19de Hundradaare og var forvitneleg ved det, um ho ikkje nettupp gav noko nytt. Ja og so minnte ho um, at Reaksjonen tok til aa faa Makt alt i 1890-Aari; no hev han vel Makti all- stad, aa kalle. Men i Hovudsaki stend det, som vart vunne i den store Gjenombròtstidi som me kann kalle det 19de Hundradaare (Goethe–La- marck–Darwin), fast, um nye Vanskar og Spurs- maal sidan hev vakna, og um dei "siste Spurs- maali" aldri kann faa Svar. Og likso fast stend det, at det alle Dagar berre vert "dei faae", som er "utvalde" dvs. vinn Klaarleiken som er aa naa; Mengdi vil heretter som fyrr halde seg til sine Trudomar. Ja og so hev me den store aandelege Millomklassa, som berre "fylgjer med Tidi" dvs. held seg til dei Synsmaatarne, eller dei Tale- maatarne, som til kvar Tid er paa Moten. Hovud- spursmaale er, um det alltid læt seg halde uppe so vidt Aandsfridom, at dei som ærlegt søkjer Sanning kann vinne so langt som komande er; men det vil alltid vera vanskelegt, av di den Mengdi som lìver paa Trui aldri kjenner seg heilt trygg utan naar ho kann gaa ut fraa, at alle trur som ho. Her er ein av dei Vanskarne som aldri heilt læt seg greie.

19. 5. 20. Etter Bladi hev det vore ein rett gild 17de i Oslo, endaa VÍre var berre so midt-i-Lag. I Bondeungdomslage held Trond Vigerust Talen paa Gudbrandsdalsmaal – um aa dyrke Jordi (dei 8–10 Millionarne Maal som enno ligg udyrka) og Bondekulturen og Heimemaale. – I Bergen hev dei havt ridande Vossabryllaup, som gjorde seg godt; i Ervingen tala Skule- direktør Vevle, i Bondelege Helge Valtysson; mykje Kvende i brikjande norsk Bunad (men berre kvende – i Xania er det reint Slutt med slikt no). – I Bergen hadde dei dertil eit 50- Aarsminne: fysste Nummere av "Fraa Bygd og By" kom ut 17. 5. 1870 (med Henrik Krohn til Styrar). Elles det vanlege. Og paa Teatri spela dei Nitouche og anna uvedkomande. Men n o k o Gagn gjer den 17de Mai likevæl, – um han elles no hev fenge den 1ste Mai aa slaast med. – Tyskland skal betala ei Krigsskadebot paa 120 Milliardar Mark i Gull – med aarlege Av- drag i 33 Aar. For 50 Aar sidan galdt 5 Milli- ardar for store Pengar: "saadant som 5 Milliarder, det kunde kun du" (dvs. det 19de Aarh.) "finde paa", vart det den Gongen skrive. Frankrike fær sjølvsagt mest: 55 % eller 66 Milliardar. Franskmennerne gjer elles det dei kann til aa døyve det tyske Sinne; det er den franske Lega- sjonen som hev gjort (dvs. fenge Lov til aa gjera) Framlegg um dei 33 Aari og um, at Tyskland skal bli hjelpt med eit Kjempelaan (baade til Bot- Betalingi og til indre Atterreising av Tyskland). Elles held det paa med Bolsjevik-ufred, Streiking, Gatedemonstrasjonar. Og Folkesambande er enno lite meir enn eit Spursmaalsteikn. Sveits vil elles vera med; men Fleirtale er ikkje stort: 410 000 Røyster av 720 000. Og kva Veg det bér med Sambandsstatarne . . . . Det einaste nye derifraa er, at Wilson ligg for Dauden att. – "Olaboka" hev Hulda fenge Tak paa (Xia 1839). Den Ole Rynning hev vore ein rimeleg Mann, som ikkje kytte meir av Amerika enn rett kunde vera; men det hev skapt Tiltru til Mannen og i det heile styrkt Amerikahugen; – det kunde nok lokke ein Vestlending aa høyre um Jord ("i de vestlige Stater") "saa fed, at den bærer et- hvert Slags Korn uden Gjødsel", liksom det var eventyrlegt med Statar der det voks Sukker, Ris- gryn, Tobak, Bomull osfr. – Fysste Nordmannen som vandra ut hev vore ein Kleng(?) Peersen fraa Stavanger, som kom dit i 1821. Og han fekk det fysste norske Utvandrer-Lage i Veg (52 Mann paa ein liten Slupp, som kom til Nyork 1825). Sidan (fraa 30-Aari) vart det meir og meir Utvandring, for det fysste fraa Bergens og Xsands Bispedøme. – Arnold Zweig: "Die Sendung Semaels; jødische Tragödie in 5 Aufzøgen" (13de Upplag av "Ritualmord i Ungarn") gjev eit Bilæte av Jødeliv i Ungarn (der sjølve Staten no driv paa med – eller finn seg i – Jødeforfylgjingar. Ein fær ei uhugleg Kjenning av Halvvillskapen der nede og skynar ikkje, at Jødarne kann ha halde ut under slike Vilkòr (og at dei enno trur paa sin Elohim!); men med sine gløgge øko- nomiske Hovud tenar dei væl so godt millom Hunnarfolke, at dei held ut likevæl; dessutan er det vel ikkje tryggare andre Stader nedyver der paa den Kanten. – Stykke er elles ikkje noko Lesedrama.

27. 5. 20. Kvitsundag. Og endeleg KlaarvÍr, som ser ut til aa kunna halde seg. Men so vert her vel for mykje av det med, liksom det hev vorte for mykje Regn, – mange Stader daa visst. – Eg hev endeleg teke til so smaatt med den literære Artikelsamlingi. Fær no sjaa, koss det kann gaa. – Hulda er midt upp-i verste Mase med Teneste- gjentespursmaale att. Etter Lysing i "D. 17de" kom det 4 Billettar. Av deim er der tvo, som det kann vera Spursmaal um. Men den eine av desse Gjenturne (Fraa Hadeland) skal paa Skular; Spursmaale er berre: kor snart. Den andre (fraa Øysterdal) hev òg svært gode Vitnemaal – fraa ein Folkehøgskule og ein Kapellan; det vert daa vel like eins der: ho skal lenger paa Skule- og Byveg. Og Posten hjaa Hulda skal vera eit Stìg paa Vegen. I alle Tilfelle: veldige Lønskrav. Desse veks og veks, so det snart berre er Mil- lionærar som kann koste seg slik Stas som ei Tenestgj- hm; Tenestedame. Naa; det er sværande godt at Gjentur vert Damur. Mindre godt er det, at den Vegen, me her er komne inn paa, fører til mindre og mindre øgteskap. Det kunde elles òg vera godt paa ei Vis, – um det førde til mindre Folkevokstr. Men det fører til m e i r Folkevokstr – paa den galne Kanten: meir og meir Proletariat. Me fær tru, at Amerika hjelper oss – med endaa fleire Maskinur. Det som i det heile vil vekse er: Maskinkultur, Proletariat, Halvdaning, Bolsjevisme.

25. 5. 20. I Dag er Tuften 32 Aar. "Det er utrulegt so gamle som me Foreldri blir," segjer me Foreldri. Og no er der ein ny øttlekk: eit Barnebarn! Som nok berre er nokre Maanar gamalt, men berre sprettande Liv, og utruleg Intelligens i dei klaare blaae Augo. Gjev alt maatte gaa so godt som det no ser ut! – Ute er det endeleg Sømar. Straalande Sømar, med Glans og Glitter og Srnaafugle- Kvitter og Grønking og Bløming – og Gullboste- Glim yver alle Engjer, og dermed meir enn nok av Arbeid for meg. – Attaat hev eg teke til med Innsamling av Stykke til Samlingi av literære Artiklar. Men det er mykje gildare ute.

29. 5. 20. Høyrde i Gaarkveld eit Foredrag av Carl Lum- holtz um Borneo og siste Uppdagarferdi hans der (1916–18). Det var forvitnelegt, endaa Mannen ikkje nettupp er Talar. Han hev dertil livt det meste av sine 69 Aar utanfor Norig, so Norsk- dansk fell ikkje lenger heilt naturlegt for 'n; sjølve Uttalen hadde her og der noko engelsk ved seg. Dajak-folke høyrer Øyi til, men Øyi høyrer ikkje lenger det til; Malayar hev sett seg til paa Strenderne og uppetter Elverne og driv Handel, og Kinesar er der mykje av; men no er det Europæaren som raader (Hollendingen og – i den nørdre Tridjungen – Engelskmannen). Da- jakarne er etter europælsk Maalbruk ville: brukar svært lite Klæde (um elles Malayarne prakkar paa deim noko meir no) og ikkje stort Husrome heller (Husi bygd paa meir og mindre høge Pælar, til Tryggjing baade mot den vaate Grunnen og mot Udyr, ikkje minst Orm); og noko vidare Religion hev dei ikkje (trur berre paa gode og vonde Aander og so eit Paradis som er som Borneo paa Lag, med noko tryggare og huglegare Livsvilkaar). E i n religiøs Skikk hev dei som hev gjort deim verds-kjende: dei er Hovudveidarar: røver Hovud. Sidan gjer dei seg (ved god Mat) til Vens med Sjælerne i desse Hovudi og gjeng so ut fraa, at dei (Sjælerne) vil vera til Vern og Hjelp for Husi deira. (Mot denne Hovudrøvingi hev Europæarane gjeve Lov- bód og sett upp Straffar, so Skikken vil vel etter- kvart døy ut.) I det heile er Dajakarne eit gjævt og godt Folk, som aldrig lyg og aldri stél, og som er greidt aa koma til Lags med, naar ein steller seg rett med deim (og aa stelle seg rett er aa stelle seg honnet, sa Lumholtz; det gjeld, sa han, alltid, naar ein hev med Villmenn aa gjera). Og sjuke er Dajakarne aldri, aa kalle for; jamvel mot Kolera og Ormgift veit dei oftast aa greie seg: hev gode Lækjarar, mest Kvende. Men dei meir kraftige, men mykje mindre ros- verdige Malayarar trengjer deim meir og meir inn og upp i Lande, so det vil gaa med deim som med so mange andre ærlege og fredelege Folk: dei kjem til aa liggje under for "Magti". Borneo er rikt paa Dyr, Fugl (fleire av dei fagraste i Verdi) og Krypdyr (søme av dei verste Giftkryp i Verdi); millom Dyri er ei Mengd med Apeslag, soleis Nase-apen (med Snyteskaft som eit Menneskje) og Orang Utan'-en (i k k j e -tangen); Namne tyder Skogmannen, og han hev godt Vìt, so stygg som han er. Gjenom ei lang Rekkje fyssterangs Ljosbilæte fekk me sistpaa sjølve gjera ei Ferd gjenom Borneo; og me saag mykje baade av den her- lege Naturen og av Folke. Dette saag godt ut i sitt solbrune Skind; mange (serleg Manns-)Andlit saag verkeleg intelligente ut, og Baani var reint ut fagre. Om eit Aars Tid ventar Lumholtz aa faa ut Boki si um denne Ferdi; og næste Gong er det Nyguinea (største Øyi paa Kloten, liksom Borneo er den næst-største), han vil gjenomreise. – – Det er reint hundedagsheitt um Dagen, og klaart og stilt; storfagert, men stridt aa vera ute. Og Fugle-Tirling og Kvitring og Song. Og Jordi skin av Gullboste, og Aplarne blømer, so Hagen er eit sant Paradis. Men med Arbeide gjeng det smaatt.

1. 6. 20. Litt Regn i Natt endeleg. I Dag like varmt att (noko svalare igaar); men det er skyut og visseleg mykje Væte i Lufti, so det kann vera Von um meir Regn. – Eg held paa med Gull- bosten; hev eg slege Jordi grøn um Kvelden, er ho gul att um Morgonen (aa, um Gagnvokstrarne var so viljuge!); men andre Blomar veks til no, so den verste Tidi er no snart yver. – I Dag er Hulda hjaa Tannlækjaren. Ho hev i det heile mykje aa dragast med; Armen er enno langtifraa god, og indre Vanskar er der enno, som slettikkje er aa skjemte med. Ho held nok Mode uppe og liter trygt paa Sømar- kvila til Fjells; men um ho vert so sterk som ho hev vore fyrr er vel eit Spursmaal. Dertil kjem desse Tenestgjentesorgerne, som jamt vert verre. Helst vilde ho greie seg aaleine; aa hava eit framandt Menneskje i Huse – helst i eit Hus, der det ikkje er annan Ungdom – hev sine Vanskar, um Gjenta er aldri so bra. Men daa laut ho gjeva upp alt anna; og det kann ho ikkje heller. Og Jenkien finn nok upp mykje som er til Hjelp og Lette for einslege Hus- mødrar; men mekaniske Tenestgjentur, – til deim er det vel enno langt fram. Og paa Lande vert det vanskelegt med Samkjøk-skipnaden med. Døtrar vert det au mindre og mindre Hjelp i; so snart dei vert so store at dei kunde vera til Gagn, skal dei paa Skular. Dessutan: di meir Kvinna vert maskulin: lærd, politisk, Kontormann osb., osb., di mindre vil ho bry seg um "Huse". Men Overgangstidi vert verst, og den er me inne i no; me gamle fær daa berre trøyste oss med, at dei Aari, me hev att, hanglar me oss alltid igjenom. – Politiken vert so keidsam, at eg orkar mindre og mindre aa fylgje med. I Tyskland skuldar dei ymse Fylkingarne kvarandre for aa vilja gjera Revolusjon – reaktionær eller bolsje- vikisk –, og i Russland, der Styre vert meir og meir militaristisk, arbeider Lenin og hans Folk samstundes paa aa bolsjevisere heile Europa; kor mykje eller kor lite det kann vera i alt dette Bladsnakke veit ingen: det rimelege er, at det vert noko meir eller noko mindre Braak endaa ei Stund framigjenom, og at alt tilslutt sig ned- att i "det gamle Gnage". For det einaste visse er, at det finst ikkje ein Statsmann i heile Verdi, likso lite som det finst nokon Statsøkonomi (offi- ciel), som kann faa upp nokon Folkevelstand. Dei som vil forstaa seg paa Samfundsøkonomi spaar daa Nedgang, Nedgang, – um daa ikkje amerikansk og engelsk Sparsemd (som Bladi dei siste Par Dagarne hev innehalde forvitnelege Meldingar um) skulde kunna faa Tiderne til aa snu seg. – No um Dagen held eg paa med Kritiken min (fraa 1883) yver Heuchs "Vantroens Væsen"; det er eit godt Stykke. Men um det i denne Bakstrævtidi kann bli til Gagn paa nytt – –

11. 6. 20. Etter nokre kaldvorne Dagar knakande varmt att. So varmt, at det er godt aa ikkje bu paa Solsida. Gullbostekrigen er um Lag til Ende. Noko sers glup hev eg ikkje vore, og det er eit Spurs- maal, um Stræve mitt hev nytta noko; eg veit berre som vanleg, at hadde eg ein Øyre for kvart Bostehovud eg hev fellt – – – Men Tuften er anna til Kar. Usliteleg seig; held paa til Midnatt i Hagen etter ein trøyttesam Bibliotekdag; gjev han ikkje masar seg ut for snart. Me preikar for 'n det beste me kann; men han tek det rolegt og meiner, at med hans Arbeidsmaate skal det klara seg. Og ein trur i det lengste det ein gjerne vil tru. – Kari trivst og vert meir og meir kvik og klok; er "Sol- straalen i Huse". Me gamle "klarar oss". Hulda dreg til Fjells den 16de, og eg til Havs so Jonsok. Harriet Backer skal til Einabu; der kjem ho til aa trivast. Kannhende Ivar fær gjort henne til Teosof med. – I næste "For Bygd og By"- hefte hev han eit langt Dikt um Bonden og Jordi; det viser, kor rolegt han no tek det øko- nomiske Spursmaale. Og eg maa reint ovunde 'n for det i Tider som desse. – Tiderne ja; Ludv. Meyer hev sendt meg eit Hefte, han hev gjeve ut, um Lenin og den nye kommunistisk-bolsjevistiske Socialdemokratismen; eit og anna der er rett forvitnelegt. Og heile Skipnaden so kunstig, at han nettupp maa høve for den Aalmenningen, som han serlegt skriv for. Sjølvsagt skal den nye Tidi koma snart; men her tarvst ingen Blod-Revolusjon; steller en seg rett so vil det gaa av seg sjølv. – Noko meir hev eit Foredrag av Jakob Naadland interessera meg (Referat i Norig); etter eit forvitnelegt historisk Utsyn kjem han innpaa ein Synsmaate som i eit Hovudspursmaal – ikkje det økonomiske – minner um den danske Rettsstat-Tanken: han krev Grensur for Statsmagti. Men um han kann faa den Tanken til aa fengje i ei Tid, daa alle, og ikkje minst Bonden, nettupp hev sett seg til og vil patte Staten – – – – Kunde eg faa Stunder, so skulde det vera Moro aa skrive noko um dette. Men no hev eg sumla burt nokre Dagar med ein Stubb til Jolenummere av "For By og Bygd"; det gjeng so seint for meg no, maa-tru, aa faa noko so vidt til, at eg tykkjer det kann lata seg prenta.

18. 6. 20. Igaar drog Hulda til Fjells. Og det var paa Tidi; ho treng væl um aa faa Kvile. Det vert elles berre Halvkviling: ho hev baade "For Bygd og By" og ei "Bok til Jol" aa greie; men ho slepp Huse og kann daa for det fysste meir samle seg og for det andre taka seg Kvilestunder, daa ho er heilt fri. Og det, saman med Fjell- lufti plar gjera Vidunder. Her held Forsòmarhìten og Stilla paa, so eg er reint glad ved aa bu paa Skuggesida. Igaar saag det ut til aa kunna verte Regn, og glade var me: men det vart berre nokre Toreskrall langt hi-Sides Fjorden og ikkje ein Dròpe; og i Dag er det same Hìten og Stilla att. Det vert snart for mykje; og sidan kjem det vel for mykje Regn; det Naturen minst forstend seg paa er aa halde Maate. – Igaar og i Dag hev eg rota igjenom Blad- haugen min; det finst ikkje mykje der, som vil høve i den literære Samlingi. I det heile hev eg nok skrive mindre um "Literatur" enn eg trudde; d e n n e Samlingi maa daa vel kunna bli ei høveleg Bok. – 9de Upplag av Haugtussa kom i Dag; 5000 Expl er prenta. Det vil vara ei god Stund. Med Arbeidskrafti er det ikkje rart; men eg sét mi Von til Jæren og Havlufti. Berre det ikkje var denne raadlaust lange Ferdi! – Luft- ruta kjem vel ikkje i Gang, fyrr eg er for gamall, veit eg. – Me held paa skifte Regjering no. Det kann vel vera godt i søme Maatar; "Vinstre" kann trengje væl til aa friske seg upp att (um det k a n n bli uppfriska meir). Elles vert det vill Attergang, veit eg. Ikkje minst nasjonalt; baade Gunnar Knudsen og "Vinstre" kann mill. a. gleda seg ved, at no fell Spursmaale um Hjelp til D. n. Teatre heilt burt. Derimot hev Xia-Bakstræve bøygt seg: Teatre skal faa Raaderett yver den Tufti det eig fraa Hausten 1911. (Liksom Kaffistova i k k j e skal bli utkasta fraa Garden paa Stortorge.) No vil det daa spyrjast, um ein kann faa skrapa inn Byggjepengar nok til Teatre; med Tiderne bér det nok meir og meir ned-yver. Men Krav vil her vera nok av som vanlegt; no er soleis Snorre- Nemndi kome med ei Liste. Aa, den som hadde eit halvt Tjug Millionar, – kor det skulde vera lett aa bli deim kvitt! – Ute fraa Verdi er der lite Nytt aa hefte seg ved. Det eg hev lagt Merke til er, at ikkje eingong so liten ein Ting som det aa nyreise eit Palæstina greier Verdsmagterne. Dei hev gløymt, at Rett mot Jødarne vilde bli Urett mot det Folke som no bur i Palæstina; og daa so dette Folke protesterar, so stend Verdsmagterne der. Magt til aa hindre Jødeforfylgjingar hev dei ikkje heller. Det varar allvisst enno i november 1926. – H. G. Urett kann dei gjera, og Valdsverk kann dei øve; men Rett – – –; stakkars Stormagter. Og stakkars Verdi.

20. 6. 20. Det nye Riksstyre er av stridaste Høgre-Slag – fire Mann fraa sjølve den faste Reaksjonsborg Høgsterett–, so at no – med det veike Tinge, me dertil hev – vert det nok meir enn Still- stand. Serleg hev me norske tapt. Den verste Maal- etaren, me hev i Tinge, Michelet, er komen med, og den nye Kyrkje- og Skuleministeren, skal vera av same Slage. Dei andre er daa vel ikkje stort likare. Og av Lærarstande, som i desse Tider liver paa halv Sveltihel, kann det ikkje vera mykje aa vente; me fær daa vel ei ny Sove-rid. Til Forsvarsminister hev me fenge ein Over- lækjar. Han (som dei fleste andre i Raade) er elles ukjend for meg. Av dei 10 Mennerne er 1 fraa Lande (men daa òg fraa Østfold, og Stor- bonde m. m.); av dei 9 Bymennerne er 4 fraa Oslo, og so hev Troms, Trondhjem, Bergen, Stav- anger fenge ein kvar. Bypolitiken fær daa Magti; men Bypolitik no er Industrialisme. Bonden stend heilt utanfyre. Arbeidaren med, underleg nok. Men so "fær me no sjaa daa". – Fraa Hulda høyrer me Inkje; kannhende hev det laga seg med den Heidmarksturen, ho tenkte paa.

25. 6. 20. No lid det; i Morgo skal eg vest-yver. Dei siste Dagarne er gjengne med "Gjenom- rotings"-arbeid: eg hev kikka igjenom gamle "Fedraheims"- og "Syttande-Mai"-Aargangar, um det kunde vera noko literært der, som lét seg prente upp att. Av slikt var der lite. Men eg kom til aa sjaa paa sømt av det politiske fraa 1890-Aari, og det var paa sin Maate forvitnelegt; – huh. Aa, som desse stakkars Folki alltid og æveleg piner og plagar seg sjølve og kvarandre! Og dette held paa og held paa. Former og Maatar skifter; men utrygt er det jamt, ikkje minst for dei smaae Folki; og um det kloke Europa nokon Gong vinn seg lenger, det er eit svarlaust Spurs- maal no som fyrr. – Det held seg blaasande og halvkaldt med ei Regnskur no og daa; eg er soleis væl fyre- budd paa den jærske Nordvesten og det jærske Regnet, som eg vel kann vente meg i Aar som vanleg. – Farvel so lenge, Labraatan!