-Ein tydeleg medspelar Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Ny senterstrukturplan for Møre og med retningslinjer for lokalisering av handel og tenester Max Ingar Mørk, Møre og Romsdal fylkeskommune Foto: Cato Edvardsen/Wikimedia -Ein tydeleg medspelar Kva er problemet?

Foto: Cato Edvardsen/Wikimedia Nokre regionale utviklingstrekk

Fylket har permanent innanlandsk nettoutflytting

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 3 Nokre regionale utviklingstrekk

Det er unge i alderen 20-29 år som flyttar mest …og dei fleste kjem aldri tilbake

Innanlandsk nettoflytting 2009-2013

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 4 Nokre regionale utviklingstrekk

Det fører til eit underskot av personar i alderen 20-40 år …og aller mest underskot av kvinner

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 5 Korleis skape attraktivitet?

Det er ikkje nok med fin natur, …sjølv om det er viktig for mange

• Unge som skal etablere seg set i aukande grad krav til bumiljø, handels- og tenestetilbod, kommunikasjonar, barnehage og skole, utdanning og kultur. • Dei vil ha tilbod om kaffebarar, utestader og urbane kvalitetar som dei kjenner frå storbyen. • For at dei skal flytte dit må staden kunne freiste med eit breitt arbeidsplasstilbod, gode karrieremoglegheiter – og jobb til to. • Samtidig er nyutdanna unge ettertrakta på arbeidsmarknaden – det er nasjonal konkurranse om kompetansearbeidskrafta. • …og næringslivet får stadig større behov for spesialisert kompetansearbeidskraft.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 6 Korleis skape attraktivitet?

Kommunane i fylket har prøvd ulike tilnærmingar: • Ålesund marknadsfører seg som hovudstad for maritime næringar. Byen har stor tilflytting av både menn og kvinner, men veksten skjer i tradisjonelt «barske» næringar som tiltrekker flest menn. • har mykje møbelindustri og mange kvinnearbeidsplassar. Industrien har satsa på å rekruttere høgt utdanna designarar utanfrå – gjerne kvinner som kan kommunisere med ein kvinneprega marknad. Samtidig satsar ein bevisst på å få kvinner utanfrå inn i leiande stillingar og styreverv – for å utvide nettverket og få nye idear. • har mykje primær- og sekundærnæring og nedgang i folketalet. Dei ønskjer alle velkommen til Halsa – uansett kjønn og nasjonalitet. Den nye strategien er å prøve å få dei som allereie bur der til å bli. • Konklusjon: Det skjer ei utvikling – frå rein kvinnesatsing til rekruttering av kompetanse. – frå å trekke til seg tilflyttarar til å satse på bulyst.

Kjelde: Møreforsking (2014): Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggarar:

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 7 Korleis skape attraktivitet?

• Det er først og fremst byane som vil få den framtidige veksten. • Arbeidsmarknaden må ha ein viss kritisk masse for å oppretthalde, utvikle og trekke til seg nye kompetansearbeidsplassar. • Større fagmiljø og eit større mangfald av arbeidsgivarar er attraktivt for høgt utdanna arbeidstakarar med behov for karriereutvikling. • Velfungerande regionale senter kan vere ein avgjerande faktor for å oppnå kritisk masse.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 8 Korleis står det til i fylket vårt?

• By og land – mann mot mann? • …eller treng vi kvarandre?

Venta folketalsvekst mot 2024: Dei største pendlingsstraumane (innpendling):

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 9 Korleis står det til i fylket vårt?

• I høve til arbeidsplassdekninga bur det «for mange» folk i 31 av 36 kommunar. • Veksten i kompetansearbeidsplassar skjer i dei sentrale kommunane. Og denne utviklinga er sterk. • Likevel ønskjer mange å bli buande i distriktskommunane.

Derfor er byane …og distrikta er avhengige av avhengige av distrikta byane

• Korleis skal vi best utnytte byane si vekstkraft og dynamikken mellom by og Arbeidsplassdekning land? kommunevis 2013: 10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 10 Korleis skape vidare vekst og utvikling i Møre og Romsdal?

Hovudstrategiar og mål i senterstrukturplanen:

1. Funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar 2. Attraktive og robuste kommunesenter 3. Byane som regional motor 4. Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging 5. Mot ein samla Møreregion

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 11 1. Funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar

Frå 13 BA-regionar til 4 ABS-regionar

• Det er gjennomført ei brei analyse av ulike regiondanningar i fylket for å kome fram til kva som er funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar (ABS-regionar).

• Med ein funksjonell ABS-region meiner vi ein region som er sjølvforsynt med dei fleste viktige funksjonar og tenester som innbyggarane etterspør gjennom eit livsløp.

• Derfor kallar vi dei «utvida kvardagsregionar».

• Det er identifisert fire slike regionar i fylket: -, -, Ålesund- og Eiksundregionen.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 12

2. Attraktive og robuste kommunesenter

Senterstrukturen i fylket Vurdering: • Fylket har relativt mange kommunar og senter i høve til folketalet. • For å få attraktive og robuste senter, vil vi satse på kommunesentera. • Ei «desentralisert sentralisering».

Tettstader med over 500 innbyggarar + kommunesenter med mindre enn 500 innbyggarar 10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 13 2. Attraktive og robuste kommunesenter

Senternivå

• Regionsenter: Kristiansund, Molde og Ålesund – Her legg planen ingen avgrensing på etablering av kjøpesenter og andre handels- og tenestetilbod.

• Delregionsenter: Ørsta, , Fosnavåg, Ulsteinvik, Åndalsnes, Sunndalsøra og sentrum – Her kan det etablerast spesielle handels- og tenestetilbod som skal dekke fleire kommunar. Etableringane skal styrke det samla tilbodet i området og ikkje konkurrere med aktuelle etableringar i dei andre kommunane. – Ørsta, Volda, Fosnavåg og Ulsteinvik må utvikle kompletterande regionsenterfunksjonar i Eiksundregionen.

• Lokalsenter: Øvrige kommunesenter – Her kan det etablerast handels- og tenestetilbod for opptil 100 % dekning av behovet i eigen kommune.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 14 2. Attraktive og robuste kommunesenter

Senterfunksjonar

• Eit kommunesenter skal – være basis for vidare utvikling av handels-, service- og tenestetilbodet i kommunen – innehalde kommunedekkande funksjonar for administrasjon, skole, helse og kultur. Det gjeld også fylkeskommunale og statlege institusjonar. – være konsentrerte, trygge og lett tilgjengelege med kollektivtransport, sykkel og gange – ha gode estetiske og funksjonelle kvalitetar og vere universelt utforma • Dersom eit senter misser status som kommunesenter, vil det framleis kunne fungere som lokalt handels- og tenestesenter for det same handelsomlandet som før. • Det kan etablerast daglegvarebutikkar og andre mindre handelsverksemder utanom kommunesentera for å dekke lokale behov i ei bygd eller eit nærområde.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 15 2. Attraktive og robuste kommunesenter

Retningslinjer for lokalisering av kjøpesenter og handel

• Utanfor by- og tettstadsentrum er det ikkje lov å etablere nye handelsverksemder med over 3 000 m2 handelsareal.

• All handelsverksemd skal så langt det er mogeleg lokaliserast i sentrum.

• I tilknyting til dagens sentrumsområde kan det avsettast område for framtidig sentrumsutvikling og for handel med plasskrevjande varer.

• Dersom det ikkje er tilstrekkeleg plass i tilknyting til sentrumsområdet, kan det regulerast eigne handelsområde som ikkje ligg i tilknyting til sentrum.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 16 2. Attraktive og robuste kommunesenter

Plasskrevjande varer

• bilar • båtar • landbruksmaskinar • trelast • større byggevarer • planter/hageartiklar • møblar og teppe • kvite- og brunevarer

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 17 2. Attraktive og robuste kommunesenter

Sentrumsavgrensing og sentrumsplanar

• Kommunen har ansvar for å avgrense sentrumsarealet i kommuneplan og reguleringsplan.

• Sentrum skal vere konsentrert og ikkje større enn kommunen vil opparbeide med sentrumsmessig preg og kvalitet.

• Sentrum skal vere universelt utforma og omfatte dagens mangfald og konsentrasjon av handels-, service- og kulturtilbod, parkar, torg og andre møteplassar.

• Det skal vere gangavstand mellom ytterpunkta, maks 800 meter i regionsentera og høvesvis mindre i andre kommunesenter.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 18 Sentrumsavgrensing

Kristiansund 800 m

Lingedalen/Moldegård Molde 800 m 800 m

Sunndalsøra 600 m Fotgjengarbyen

Ålesund Ulsteinvik 800 m Åndalsnes600 m 400 m ØrstaHelland 400 m ØrstaØrsta 400 m 400400 mm

Ny senterstrukturplan for Møre og 10.11.2014 19 Romsdal 3. Byane som regional motor

• Ålesund, Molde og Kristiansund gir grunnlag for utvikling av spesialiserte tilbod innan handel, tenester, administrasjon, utdanning, helse, kultur og transport innanfor sine regionar.

• Byane skal utviklast vidare som regionale motorar med urbane kvalitetar og levande bysenter.

• Spesielle tiltak: Bypakkene, bysatsinga, byfond.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 20 4. Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging

Planretningslinjer for utbyggingsmønsteret i kommunane

• I sentrale by- og tettstadområde skal det leggast til rette for høg arealutnytting, fortetting og transformasjon

• Tettstadene bør utviklast langs hovudlinene for kollektivtrafikken og med samanhengande gang- og sykkelvegnett av høg kvalitet

• Nye bustadfelt og utbyggingsområder bør bygge opp under eksister- ande busetting, infrastruktur, handels- og tenestetilbod. Dei bør leggast i tilknyting til eksisterande utbyggingsområde, kollektivnett og g/s-nett

• Nye bustadfelt må gi gode oppvekstvilkår for barn og unge med trygg tilkomst til leikeplasser, idrettsanlegg, kultur- og fritidsaktivitetar, barnehage, skole og butikk. Lokale natur- og miljøkvaliteter må sikrast.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 21 5. På veg mot ein samla Møreregion

Frå 13 BA-regionar til 4 ABS-regionar … til éin Møreregion?

• Ferjefri E39 og andre nye samferdselsprosjekt skaper grunnlag for større funksjonelle regionar.

• Det kan skapast ein bu- og arbeidsmarknadsregion med inntil 200 000 innbyggarar i aksen Kristiansund-Molde- Ålesund

• Effekten av dette skal nyttast til å styrke eksisterande byar og tettstader – ikkje etablere nye. Framtidsvisjonen: Ein samla Møreregion – open mot omverda

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 22 Verknader av planen

• Retningslinene i planen skal leggast til grunn for nye kommuneplanar, reguleringsplanar og andre utbyggingsplanar. Motstrid kan gi grunnlag for motsegn etter plan- og bygningslova.

• Forbodet mot kjøpesenter og større handelsetableringar utanom eksisterande byar og tettstader er juridisk bindande med heimel i Kjøpesenterforskrifta av 2008.

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 23 Takk for at du høyrde på 

10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 24