Strandsoneanalyse for kommune Rådmannen 14. juni 2013

Ligtvor.

Innhald side

1. Bakgrunn. Mål . Metode Definisjonar. 3 2. Rikspolitiske føringar. 4 3. Planstatus for strandsona 5 Kommuneplan og reguleringsplanar 4. Registreringar. 6 Status og utfordringar Kunnskapsgrunnlag. Kjelder Natur og naturressursar. Område for friluftsliv i strandsona. Kulturminne og kulturlandskap Næringsverksemd i strandsona Eks. vegar, bygningar, havner/kaiar m.m. Naturlege stengsel. Tilgang frå sjø og land. 5. Vurdering. Retningsliner for arealbruk. 13 Arealbrukskonfliktar. Område som bør skjermast for utbygging Retningsliner for utbygging i strandsona

Talkmølla i Framfjorden

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 1

Føreord: For menneske har strandsona historisk sett vore viktig for levebrød og næring. I dag har strandsona i tillegg stor verdi for rekreasjon. Strandsona er eit særleg viktig oppvekst- og leveområde for dyr og plantar. Strandsona er ein avgrensa ressurs. I fjordlandskapet med bratte fjellsider utgjer dei attraktive strandstrekningane berre ein liten del. Økonomisk og teknologisk utvikling har gjort oss i stand til å gjera store og uopprettelege inngrep i strandsona på kort tid. I sentrale strok av landet er viktige område for naturmangfaldet og for allmenn utfart og rekreasjon forringa eller øydelagde av utbyggingstiltak, og store område er under press. I Vik kommune er byggepresset mindre, men aukande.

Ein framtidig tunnell under Vikafjellet vil opna ein stor marknad for fritidshus/aktivitetar ved Sognefjorden. Det hastar difor med å avklara kva deler av strandsona som skal skjermast for byggetiltak, og kva område som kan/bør opnast for bygging.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 2

1 Bakgrunn.

Mål . Føremålet med denne strandsoneanalysen er å skaffa fram eit betre grunnlag for lokal forvaltning av strandsona i kommunen. Analysen skal avdekka arealbrukskonfliktar og gje grunnlag for tilrådingar om kva område i strandsona som bør skjermast for utbygging, og område som kan vurderast for utbygging. Analysen skal leggjast til grunn for revisjon av arealdelen i kommuneplanen. Analysen gjev og retningsliner for handsaming av enkeltsaker i strandsona.

Formell status Dette dokumentet har status som fagutgreiing utarbeidd av Rådmannen til bruk i forvaltning og planlegging. Arbeidet er ei oppfylging av Planprogram av 27.3.2012 for revisjon av kommuneplanen. Dokumentet vert lagt fram for Formannskapet og Kommunestyret til orientering.

Definisjonar. Med Strandsona er i denne samanhengen meint landareal i 100 metersbeltet langs sjøen, målt horisontalt . Der offentleg veg går i 100-metersbeltet, er berre arealet mellom sjøen og vegen rekna som strandsone. Omgrepet strandområde vert brukt om sjølve stranda og tilliggjande område der vegetasjon , bygningsmiljø og aktivitet er knytt til fjorden.

Geografisk avgrensing. Analysen omfattar den ca 100km lange strandsona i Vik kommune, frå grense mot Høyanger kommune til grense mot Aurland kommune i Nærøyfjorden, med unntak for strandsona i Vik tettstad.

Metode Rettleiar av 2003 for strandsoneanalyse, utarbeidd av Fylkesmannen i og Fjordane og fylkeskommune er lagt til grunn for arbeidet, med visse tilpassingar. Avd. for Plan og forvaltning har stått for arbeidet, med innleigd hjelp til registreringar. Kunnskapsgrunnlaget er nærare omtalt i kap.4.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 3

2 Rikspolitiske føringar. Lover og retningsliner. Plan- og bygningslova av 2008 set eit generelt forbod mot byggetiltak etter §1-6 i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag. Byggegrensa gjeld der det ikkje er fastsett anna byggegrense i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan. Statlege planretningslinjer av 25.3. 2011 for strandsoneforvaltning . (SP 25.3.11) Dokumentet” Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen” gjev føringar for lokal forvaltning og planlegging. Retningslinene i kap.7 gjeld for kommunane i Sogn og fjordane, og vert lagt til grunn for tilrådingane i denne analysen. Utdrag, kap.7:

I 100-metersbeltet langs sjøen skal følgende retningslinjer legges til grunn:

 Utbygging bør så langt som mulig lokaliseres til områder som er bebygd fra før, slik at utbyggingen skjer mest mulig konsentrert. Utbygging i urørte områder med spesielle friluftsinteresser, natur- og landskapskvaliteter eller kulturminneinteresser skal unngås. Det gjelder for eksempel utbygging i kyst- og fjordlandskaper med spesielle kvaliteter.  Spørsmålet om bygging skal vurderes i forhold til andre allmenne interesser. Det bør ikke tillates utbygging i områder som har spesiell verdi i forbindelse med friluftsliv og allmenn ferdsel, naturkvaliteter, naturmangfold, kulturminner, kulturmiljøer og landskap. Forholdet til andre interesser, som for eksempel landbruk, fiske, oppdrett og reindrift må også vurderes. Der det tillates bygging, bør hensynet til andre interesser ivaretas best mulig.  Alternative plasseringer bør vurderes og velges dersom det er mulig. Det bør også vurderes om tiltaket kan trekkes vekk fra sjøen. Tiltak som tillates må tilpasses omgivelsene best mulig.  I områder hvor alt tilgjengelig utbyggingsareal ligger innenfor 100-metersbeltet, og alternativ plassering av tiltak dermed ikke er mulig, vil kommunen ha videre adgang til å tillate tiltak for å ivareta hensynet til en fornuftig samfunnsutvikling. Ved vurdering av om tiltak skal tillates skal det legges vekt på om hensynet til tilgjengelighet for allmennheten kan ivaretas ved at det eksempelvis avsettes areal til kyststi, friluftsområde eller liknende.  Behovet for næringsutvikling og arbeidsplasser, for eksempel satsing på reiseliv og turisme, skal tillegges vekt i vurderingen av tiltak i 100-metersbeltet. Disse hensynene må veies opp mot hensynet til de allmenne interesser som er angitt foran.  Vurderingen vil være avhengig av hva slags type tiltak det gjelder. Det kan være grunnlag for å tillate visse tiltak nær sjøen, som for eksempel brygger, naust, næringstiltak og sjørettede reiselivsanlegg.  Muligheten for fritidsfiske gjennom å tillate oppføring av naust og brygge skal også tillegges vekt i vurderingen av tiltak i 100-metersbeltet. Disse hensynene må veies opp mot hensynet til de allmenne interesser som er angitt foran, og mulighetene for felles brygger og naust bør også vurderes.

Retningslinjene gjelder også for by- og tettstedsområder. I disse områdene skal behovet for fortetting og byutvikling tillegges vekt. Arealer til bolig-, sentrums- og næringsutvikling bør som et utgangspunkt prioriteres foran arealer til fritidsboliger.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 4

3 Planstatus for strandsona i Vik kommune .

Kommune planen. Kommuneplan av 2005 er gjeldande overordna plan. Planprogram av 27.3.12 gjev føringar for revisjon av kommuneplanen. Plan av 2005 syner fylgjande arealbruk i strandsona (med ca tal for utstrekning) :  LNF-område ( med markering av 100-metersbeltet): 85,8 km  Byggeområde *(eks. og nye) utanfor delplanområde: 5,9 km  Byggeområde i delplanområde (eks. og nye): 8,3km * I all hovudsak fritidsbustader Planen viser 9 område for akvakultur i sjøområde inntil strandsona (5 blåskjel, 4 oppdrett) Planen viser og 8 låssettjingsplassar i sjøområde inntil strandsona. Skriftleg del gjev retningsliner for regulering i strandsona i del av Indrefjorden og Nese, samt strekninga Vetlehagen-.

Reguleringsplanar. Fylgjande reguleringsplanar gjeld i strandsona: ( Vik tettstad ikkje medrekna) Navn Stadfesta meter strandsone Fresviksentrum 1982 400 båthavn 2006 200 Arnfinn Fedje 159/16 2008 100 Feios skule 1999 100 Rinde bustadfelt. Feios 1984 200 Rinde hyttefelt. Feios 2007 350 Nordre Vangsnes 1990 1400 Sinklesteinsviki 1978 200 Djuvik Friområde 1986 300 Ligtvor 2008 700 Vodlateigane. 1986 200 Røyrvik bosplass 1993 100 Hytter Røyrvik 2008 200 Osen i Framfjorden 2004 300 Valsvikhammaren 2006 100 Reguleringsplan Åsstrondi. Naust 2011 100 Granden . Indrefjorden 2006 100 Reguleringsplan Hagen, Indrefjorden 2006 200 Reguleringsplan Tenne 1990 300 Utleigehytter Nese. Arnafjorden 2006 300 Sum 5750m

Matrisa over syner at i underkant av 6 km av strandsona i Vik kommune utanom Vikøyri er omfatta av reguleringsplan.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 5

4. Registreringar. Status og utfordringar

01 Kunnskapsgrunnlag. Kjelder. Kunnskapsgrunnlaget for denne analysen er: 1. Kjent kunnskap i offentlege register/basar/arkiv: www.fylkesatlas.no www.naturbase.no www.ngu.no. Vik lokalhistoriske arkiv Digitalt kartverk Rapportar : Hauge 1990 og 1992: Kulturlandskap og kulturmarkstypar.

2. Registrering av tiltak i strandsona 2008. På oppdrag frå Vik Kommune registrerte student D. Tingvoll sommaren 2008 alle bygningar strandsona i Vik kommune. Tiltak vart dokumenterte med foto og markering på kart.

3. Lokalkunnskap i administrasjonen. Analysen er utført av avd. for Plan og forvaltning . v. siv. Ark O.Wiik. Plangruppa har vore ressursgruppe for arbeidet. Medlemene i plangruppa har samla sett mykje relevant kunnskap om forhold og utfordringar i strandsona.

02. Natur og naturressursar. Topografi/geologi. Strandsona i Vik kommune består i hovudsak av fjellsider som stuper bratt ned i fjorden. Fjellgrunn: Frå Høyanger grense til Borlaug : granittiske gneisar Frå Borlaug til Aurland grense: Gabbroide gneisar og anortosittgabbro. På ein strekning på mindre enn ein km. i Feios når fyllittlaget ned til sjøen. Nokre kortare strandstrekningar der dalar/elvar munnar ut i fjorden har lausmassedekke. Dette gjeld Finden, Tenne, Indrefjorden og Framfjorden, samt Vik øyri og Fresvik. I tillegg finst mindre elvevifter av lausmasseavsetningar langs fjorden.

Fjordbassenget gjev godt lokalklima og fjellgrunnen god grobotn. Fjellsidene er i hovudsak skogkledde med store innslag av edellauvskog. Historisk er jordbruk og busetting konsentrert ved elveosane og tilhøyrande dalføre: -Tenne, Indrefjorden, Framfjorden. -Vikøyri, Feios og Fresvik med tilhøyrande dalføre. Nokre slakare parti og nes langs fjorden har gjeve grunnlag for dyrking og busetting. Det gjeldt deler av Strendene/Finnafjorden, Nese, strekninga Limmesand-Ligtvor, strekninga Gotevik-Vangsnes, Borlaug og Simlenes.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 6

Naturområde. Biologisk mangfald Verna område etter NML i strandsona: -Finnafjorden. Del av Stølsheimen landskapsvernområde. Ca 11 km strandsone -Eitrestrondi Naturreservat. Edellauvskog. Ca 5km strandsone

Prioriterte naturtypar. ( kjelde: fylkesatlas.no): -2 lokalitetar i Finnabotn -Hustavenes- Otreskreda. Edellauvskog. 1,5 km -Morki, Nese. Bjørkehage. 0,2 km (Hauge 1990) -Framfjorden. Under Bungane. Ca 1km -Galden, RV13 Vik-Vangsnes. 0,7 km -Straumsnes –Vigdalen . Edellauvskog. 3,5km -Straumsnes . Slåtteeng (Hauge 1992) -Elveosen i Fresvik.

Andre verdifulle naturområde (lokal vurdering): - Ligtvor/Ligtvorholmen. - Tenne. Tilnærma intakt elvedelta og strandsone med små inngrep.

Verna område: raud skravur. Verdifulle naturområde: grøn. Kjelde: Fylkesatlas.

Inngrepsfri natur. Deler av den veglause strandsona frå Høyanger grense til Nese er klassifisert i INON.registeret som inngrepsfri natur: 4km strandsone ligg meir enn 3 km frå næraste inngrep. 23 km strandsone ligg meir enn 1km frå næraste inngrep.

Naturressursar. Sand- og grusressursar i strandsona. Kjelde: www.ngu.no) NGU har registrert 7 forekomstar av sand og grus der deler av massane ligg i strandsona: Sylvarnes, Otterskred, Framfjorden, Røyrvik, Borlaug Berre forekomsten i Framfjorden er vurdert som viktig. Røyrvik og Borlaug er karakterisert som lite viktige. Dei andre er ikkje vurderte.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 7

Vasskraft. NVE har i rapport av 2003 vurdert attverande potensiale for småkraftutbygging i kommunen. Ein del aktuelle prosjekt kan medføra inngrep/tiltak i i strandsona. Det gjeld fylgjande vassdrag: -Turao, Framfjorden -Kyrelvi, Vik -Sagelvi, Borlaug -Vigdalselvi/Kolåselvi vest for Fresvik. (konsesjonssøkt) -Nysagelvi, Nærøyfjorden. Skog. Ca 50% av strandsona har høg bonitet for skogproduksjon. Skogproduksjon i strandsone er vurdert å ha liten økonomisk interesse. Dyrka mark: Større areal dyrka mark i strandsona: Finden, Nese, Tenne, Indrefjorden, Framfjorden , Ligtvor, Djuvik, Fedjane, Borlaug, Fresvik, Simlenes.

03 Område for friluftsliv i strandsona.

Lokalt viktige friluftsområde registrert i FRIDA. Kjelde: fylkesatlas.no)

-Badeområde Fresvik -Badeplass Rinde/Feios skule -Strandsona Djuvik-Vangsnes ferjekai. -Djuvik badeplass. Regulert friområde -Ligtvor/Ligtvorholmen. Regulert friområde/badeplass -Svolsvik. Badestrand -Limmesand (Knaus/strand) -Arnafjorden frå munningen til Nese -Rundøyri og elveosen i Framfjorden. Regulert friområde -Strekninga Indrefjorden-Tenne- Morki. Land og sjø. -Finnafjorden. (også vurdert som regionalt viktig friluftsområde i fylkesplan for arealbruk)

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 8

Vurderingar basert på oppdatert lokal kunnskap. I tillegg til FRIDA-registrerte område over er fylgjande område vurdert som viktige frilufts/utfartsområde: - Arnafjorden , Indre basseng ( fiske/båtsport/padling) - Heile strandsona Ligtvor-Svolsvik. Ca 3 km. Knausar/svaberg /små viker med tilkomst frå fylkesvegen. - Ortnevik-Sylvarnes . Veglaust, men med DNT-merka turveg med stort potensiale. -Strandsona Vangsnes Ferjekai - Risjuvgjelet. (Fiske frå land, bading) - Deler av strandsona Feios- Borlaug.

Store deler av strandsona frå Djuvik - Vangsnes ferjekai er utbygd med reiselivsanlegg og private hytter og hus. Bortsett frå regulert friområde i Djuvik har området no avgrensa verdi som friluftsområde for ålmenta. Attverande, ikkje utbygde område kan ved tilrettelegging få stor verdi for friluftsliv.

04 Kulturminne og kulturlandskap. Det er registrert freda kulturminne i strandsona ved Alrek, Vollevik, Hustavenes, Svardal, Ligtvor, Djuvik, Tveit, Vangsnes, Rinde , Borlaug, Straumsnes. Nyare tids kulturminne: Bygningar bygde før ca 1900 er registrerte i SEFRAK-registeret . Registreringar i Vik vart gjort for ca 30 år sidan, og er ikkje oppdaterte. Nettsida fylkesatlas. no syner registreringane. Nokre strandstrekningar merkar seg ut med stor konsentrasjon av kulturminne: -Dei veglause Strendene frå Alrek til Geithus . -Nese og Framfjorden -Feios-Borlaug -Fresvik.

Bygningar bygde før ca 1900 registrerte i SEFRAK-registeret. Kjelde Fylkesatlas

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 9

Verdifulle kulturlandskap og kulturmiljø i strandsona. Lokal vurdering Vurderingar/registreringar her er basterte på lokal kunnskap. -Store deler av dei busette/tidlegare busette gardane på strekninga Alrek-Nese. -Deler av Nese til Kråna. -Tenne -Framfjorden. Naustmiljø Valsvik, kulturlandskap/elvedelta Hola. -Ligtvor -Djuvik -Fedjane, Feios -Borlaug /Borlaugsneset

05 Næringsverksemd i strandsona. Mange gardsbruk har produksjonsareal i strandsona, som dyrka mark eller skog. For bruk langs dei veglause strendene er naust og kai/molo ein naudsynt del av produksjonsmidlane. Bruk i Arnafjorden , på Ligtvor og på strekninga Djuvik-Vangsnes driv campingplassar og utleigehytter som attåtnæring i strandsona. Det er utanom landbruket lite direkte sjøretta næringsverksemd i strandsona i Vik. Settefiskanlegget på Tenne i Arnafjorden ligg i strandsona. 10 tradisjonelle låssettingsplassar for fjordfiske etter brisling er viste på gjeldande kommuneplan. 10 lokalitetar for akvakultur i sjø er og viste. Ingen er i bruk pr. 2013. Tømmerkai for Vik kommune ligg ca 2 km vest for Feios. Reiseliv: Utleigeeiningar/reislivsverksemder i strandsona i Vik Kommune:  Finden Gard – 4 bygningar, 30 senger.  Findebotten gjestehus – 2 bygningar, 25 senger.  Otterskred Fjordhytter – 3 bygningar, 20 senger.  Arnafjord Hytter – 8 bygningar, 54 senger.  Camping Tenne/Nese – 4 hytter, 18 senger.  Ligtvor – 1 bygning, 8 senger.  Djuvik camping – 22 campinghytter, 80senger. 30 oppstillingsplass for bubilar/campingvogner.  Tveit camping – 5 bygningar, 20 senger. 30 oppstillingsplass for bubilar/campingvogner.  Fjellheim Camping – 11 campinghytter, 30 senger  SjøStigen – 3 bygningar, 22 senger. Sum: 70 bygningar, 307 senger, 60 oppstillingsplassar for campingvogner/bubilar. Ca halvparten av gjestesenger i Vik kommune pr. 2012 ligg i strandsona. Reiselivsverksemder i strandsona: blå sirkel.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 10

06 Inngrep i strandsona: vegar, bygningar, havner/kaiar , andre anlegg/tiltak. Vegar. På strekninga frå Nese til Fresvik er de bygd offentleg veg i strandsona. Samla veglengde ca 60km. Med unnatak av korte strekningar på Nese, Tenne, Ligtvor , Djuvik og Feios ligg vegen mindre enn 100m frå sjøen. (Samla strekning ca 3km. ) Vegen går i tunnel ca 3,5 km av strekninga. bygningar Tabell. Bygningar i strandsona. Merknad: Tal i tabellen kjem fram etter teljing på kart, der informasjon er henta frå matrikkelkartet. Tala må lesast med atterhald om mangelfulle eller feil opplysningar om bygningstypar i grunnlaget , men gjev eit bilde av storleiksorden. Strandsona Vik kommune. Hytter Bustad Naust Landbruks- Uthus Over- Andre Sum Delstrekningar private bygg /gar natting bygg Høyanger grense - Nese 11 21* 15? 57? 6 7 2 119 Nese- Eitreneset (arnafjorden) 13 22 45 25 14 12 6 137 Eitreneset- Vik tettstad 14(16) 1 9 7 5 1 1 40 Vik-Vangsnes 23 24 36 13 28-30 38 6 170 Vangsnes- Fresvik 17 22 41 34 19 3 5 141 Fresvik-Aurland grense 1 3 1 5 1 - 1 12 79 93 147 141 73 61 21 615

Havner/kaianlegg. (utanom Vikøyri) Større/offentlege kaiar: Nese , Framfjorden, Stølaneset, Vangsnes, tømmerkaien på Håastrondi, Osen i Feios, kai Fresvik sentrum . Småbåthavner: Vangsnes, Fresvik. På strekninga Ortnevik-Nese har grendene eigne private kaianlegg. I tillegg kjem eit stort tal mindre private kai/moloanlegg på heile strandstrekninga .

07 Naturfare. Naturlege stengsel. Store deler av strandsona ligg i område med fare for steinsprang og/eller snøskred, iflg aktsemdskart laga av NGU. Større område utan rasfare: Sylvarnes, Nese, Tenne, Framfjorden, Ligtvor, Djuvik- Vangsnes, Feios, Fresvik. Naturlege stengsel for tilkomst kan vera: bratt fjell rett i fjorden, dyrka mark, ikkje vegtilkomst, ikkje landingsplass for båt. Store deler av strandsona i Vik kommune er vanskeleg tilgjengeleg . Strekningar med lett tilkomst frå land (via offentleg veg og utmark til strand): - Morki-Tenne-Indrefjorden ca 2,5 km - Osen/Rundøyri i Framfjorden - Limmesand - Svolsvik -Ligtvor Ca 5 km - Djuvik badeplass. - Deler av strekninga Djuvik-Vangsnes. 5km - Deler av strekninga Feios-Borlaug 5km - Fresvik. Båthavna og badeplassen.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 11

- Strekningar med lett tilkomst frå sjø ( eigna landingsplass for småbåt): - Deler av den veglause strekninga Alrek-Finnafjorden-Nese. - Tenne-Indrefjorden - Framfjorden - Stølaneset på Eitrestrondi (kai) - Deler av strekninga Limmesand -Ligtvor . - Deler av strekninga Djuvik-Vangsnes. 5km - Vangsnes småbåthavn - Deler av strekninga Feios-Borlaug 5km - Fresvik. Båthavna . - Simlenes

Ligtvor

Tenne, Arnafjorden

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 12

5.0 Vurderingar. Retningsliner for arealbruk i strandsona.

5.1 Arealbrukskonfliktar. Generelt. Strandsona har eigenverdi som viktig biotop og oppvekstområde for dyr og plantar, men er og ein viktig ressurs for rekreasjon, og for næringsutvikling i form av reiseliv/turisme. Dette gjev grunnlag for konkurranse om eigna areal. For Vik Kommune er turisme og hyttebygging satsingsområde, m.a. med tanke på å styrka grunnlaget for tenester og tilbod. Det er difor avgjerande viktig at attraktive og eigna område i strandsona ikkje vert vidare privatiserte , men vert reserverte og tilrettelagde som fellesgode/friluftsområde for Fastbuande, hyttefolk, og reiseliv som næring.

Det er ikkje registrert byggepress i område verna eller freda etter NML. Av registrerte prioriterte naturtypar er del av området Morki , (Arnafjorden) aktuelt som utbyggingsområde.

Verdifulle friluftsområde som er/kan verta attraktive for bygging (hytter/naust): -Tenne- Indrefjorden -Limmesand-Ligtvor -Gjenverande ubygde strandområde Djuvik-Vangsnes -Feios-Borlaug. Området Tenne i Arnafjorden vart på 1990-talet vurdert som aktuelt for bygging av plattformer, og regulert til industriformål og massetak. Gjeldande kommunedelplan har vidareført dette. Formålet er klart i strid med naturverdiar, kulturlandskap og friluftsinteresser i området, og med ynskje om utvikling av reiseliv. Planprogram 2012 for revisjon av kommuneplanen legg opp til å endra planen for Tenne..

Eksisterande kommuneplan har sett av eit større byggeområde for fritidshus på strekninga Røyrvik- Svolsvik, inkludert strandsona (mellom fylkesvegen og sjøen). Området er vist med rasfare på NGU sine aktsemdskart. Attverande ikkje utbygd del av strandsona bør i hovudsak reserverast for fellesformål for ålmenta, og for evt. framtidige fritidshus på oppsida av vegen.

Det er ikkje registert vesentlege arealbrukskonfliktar knytt til registrerte mineralressursar i strandsona, med mogeleg unnatak for Framfjorden. Det er ikkje registert arealbrukskonfliktar knytt til registrete låssetjingsplassar. Det er ikkje registert vesentlege arealbrukskonfliktar knytt til eksisterande næringsverksemd i strandsona. Det er ikkje registert vesentlege arealbrukskonfliktar knytt til registrerte kulturminne i strandsona. Nyare kulturminne i strandsona går tapt på grunn av elde/forfall, fornying og/eller riving.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 13

5.2 Område som bør skjermast for vidare utbygging. Generelt:  Område med påvist naturfare (ras, flaum) .  Område som er verna/freda etter NML  Område m. registrerte prioriterte naturtypar, som hovudregel  Område med store natur/landskapsverdiar  Viktige friluftsområde i strandsona.

Strandsone som er særleg viktig å sikra som friluftsområde /utfartsområde . 1. Ligtvor – Svolsvik. 2. Djuvik - Vangsnes. Attverande, ikkje utbygd strandsone.

Kartutsnitt. Strandsone Eitrenes -Vangsnes

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 14

5.3 Retningsliner for bygging i strandsona. Generelt. Det meste av strandsona i kommunen er uaktuell for utbygging på grunn av terreng, naturfare vern/freding og/eller manglande tilkomst. Attraktive/aktuelle område for byggeformål er i hovudsak samanfallande med område som er attraktive for andre formål: friluftsliv/utfart, næringsverksend.

Utbygging bør som hovudregel gjerast i form av utviding og/eller fortetting av eksisterande utbygde område. Prioriterte byggeformål bør vera: -Tilrettelegging for friluftsliv. ( Småbåthavner/naust , badestrender m. sanitæranlegg, tilkomstveg/turvegar. -Reiseliv som næring. Td. Utleigehytter/camping .

5.4 Strekningsvis vurdering.

Generelt om bygningar/tiltak for landbruk og anna stadbunden næring: Føresegner etter Pbl §11-11.4 om unnatak frå byggeforbod i 100-metersbeltet for nødvendige bygningar og anlegg for landbruk, osv. for heile eller deler av strandsona, er forutsett lagt inn i arealdelen i ny kommuneplan.

Høyanger grense- Nese. Ca 30km Veglaus strekning. Tilkomst via private kaianlegg. Aktiv drift på eit fåtal bruk. Dei fleste bruk/tun ligg i 100-metersbeltet. Finnafjorden er del av Stølsheimen landskapsvernområde i medhald av NML. Store deler av kulturlandskapet/innmarka er i ferd med å gro att med skog. Sylvarnes ,Vetlesand og Otreskreda og Finden er unnatak. Merka tursti frå Ortnevik til Sylvarnes. (DNT) Ein del registrerte bustadhus i strandsona (21) er reelt i bruk som fritidsbustader. Det er registrert ynskje om hytter i strandsona frå folk med tilknytning til området.

Hyttefolk/turisme har potensiale som støttenæring for aktive bruk, og kan i nokon grad bidra til å halda vedlike kulturlandskapet Det bør difor opnast for noko hyttebygging /reiseliv. Turstien Ortnevik-Sylvarnes har unike kvalitetar, og bør rustast opp.

Tilråding:  Utanfor verneområdet bør det opnast for avgrensa hyttebygging knytt til eksisterande busetnad, i form av ombygging/ny bruk av eks bygningar, og/eller nybygg.  Det bør setjast ei generell byggegrense mot sjø på 50m for andre bygg enn landbruksbygg.  Det bør ikkje byggjast nye private hytter i Finnafjorden.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 15

Nese –Eitrenes. 14 km Arnafjorden har hatt stor folketalsnedgang, og hyttefolk/reiseliv er eit viktig grunnlag for lokale tenester og tilbod. Strandsona er ein viktig ressurs. - Strandsona på Nese frå Djupehamna til Ungdomshuset bør avsetjast som byggeområde med krav til reguleringsplan. Tilrettelegging for reiseliv som næring bør prioriterast Strandsona ungdomshuset -Kråna bør liggja som LNF område. -Strekninga Kråna-Tenne kan vurderast som byggeområde. Rasfare må avklarast. -Strandsona Tenne-Indrefjorden bør skjermast for byggetiltak, med unnatak for regulert småbåthavn og område for akvakultur på Tenne, og tilrettelegging for friluftsliv.

For strekninga Indrefjorden til og med Framfjorden bør arealbruk i eks. kommuneplan vidareførast i ny plan i hovudtrekk. Nyare regulerte byggeområde vert lagt inn i revidert plan. For strekninga Holene-Eitreneset utlukkar naturfare og vern/freding all bygging i strandsona.

Eitrenes -Vik. 11km På Strekninga Limmesand -Ligtvor (ca 5km) ligg nokre av dei mest attraktive områda for fritidshus og for friluftsliv/bading i kommunen. Deler av lisona på oppsida av vegen er, eller kan bli eigna byggeområde for fritidshus/hytter. Tilråding:  Strandsona bør som hovudregel reserverast for naudsynte fellesanlegg , og som friluftsområde for allmenn bruk.  På strekninga bør det ikkje tillatast bygt fleire private hytter eller naust i strandsona. Evt. nybygging bør avgrensast til fortetting av alt utbygde område.  Ligtvor og Ligtvorholmen er viktige landemerke i fjordlandskapet, og viktig utfarts/friluftsområde. Det er avgjerande viktig at desse ikkje vert forringa av byggetiltak.

Vik-Vangsnes. Ca 10km På Strekninga Djuvik – Vangsnes (ca 5km) ligg 3 større reiselivsanlegg /campingplassar med til saman 38 bygningar og 130 sengeplassar for utleige. I tillegg nærare 50 private hytter og bustader. Berre tre mindre område er i plan sikra som friområde: Djuvik badeplass , Sinklesteinsviki og Monken sør for Vangsnes småbåthavn. Berre Djuvik har tilkomst og standard som gjer området eigna til allmenn bruk som friområde. Store delar av øvrig tilgjengeleg strandsona er utbygd. Av attverande ubygd areal er områda Kråkestein i Djuvik og områda Kalviki og Klubben på Vangsnes eigna og attraktive strandområde for friluftsformål. Alle er i privat eige. Både strandsona og lisona over vegen er, eller kan verta svært attraktive områda for fritidshus .

Tilråding/vurdering:  Attverande ubygde areal i strandsona bør som hovudregel reserverast for naudsynte fellesanlegg og som friluftsområde for allmenn bruk.  Evt. nybygging bør avgrensast til fortetting av alt utbygde område, og formål reiseliv som næring (”varme senger”) bør prioriterast.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 16

Kartutsnitt Strandsone Vik kommune, aust.

Vangsnes - Fresvik ca 25 km. Eigna/attraktive byggeområde på strekninga er avgrensa til strandsona Feios-Borlaug og Fresvik. Tilråding/vurdering:  Attverande ubygde areal i strandsona bør som hovudregel reserverast for naudsynte fellesanlegg og som friluftsområde for allmenn bruk.  Viktige landemerke som Borlaugsneset og Løneset bør ikkje forringast av byggetiltak.  Evt. nybygging bør avgrensast til fortetting av alt utbygde område.  Utvidingsareal for tømmerkai må sikrast.

Fresvik-Aurland grense. Strekninga er veglaus og ueigna som byggeareal , med unnatak av Simlenes. Strekninga er innfallsport til verdsarvområde Nærøyfjorden, og bør liggja som LNF område med byggeforbod i 100-metersbeltet. Det bør ikkje dispenserast frå byggeforbodet på strekninga.

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 17

Nese, Arnafjoden

Fresvik

Strandsoneanalyse for Vik kommune 2013 Side 18