Vår dato: Vår ref: 17.09.2019 2018/992

Dykkar dato: Dykkar ref:

Kvam herad Saksbehandlar, innvalstelefon Grovagjelet 16 Svein Kornerud, 5557 2027 5600

Dialogmøte 17.09.2019 – kommuneplanen sin arealdel – herad

Det var nytt dialogmøte om kommuneplanens arealdel mellom Kvam herad og Fylkesmannen i i Statens hus, , den 17.09.2019.

Frå Kvam herad møtte ordførar Jostein Ljones, varaordførar Heidi Sanven Botnen, herradsstyre- medlem Borghild Storaas Ones, rådmann Anita Hesthamar, einingsleiar plan og bygg Heidi Ørjansen, planleggarane Leiv I. Kaale og Trond Inge Brakestad.

Frå Fylkesmannen i Vestland møtte fylkesmann Lars Sponheim, seksjonsleiar Egil Hauge og fagdirektør Svein Kornerud.

Ein gjekk igjennom nokre gjenståande motsegnspunkt frå Fylkesmannen i Vestland med følgjande resultat:

Fylkesmannen akseptarer akvakulturområdet AK27 ved Kvamsøy slik det no er lagt inn i planen og der akvakulturanlegg ved Steinestø/Fyksesund blir tatt ut.

Partane var samde i avgrensinga av Ljonesvågen smoltanlegg til det som det tidlegare er gitt dispensasjon for. Det skal framkomme på plankartet.

Fylkesmannen kan akseptere fastsetting av byggegrensene mot sjø slik dei no er reviderte. Etter endringane i planføresegnene har ikkje Fylkesmannen lenger motsegn til desse.

Kvam herad tek ut arealformåla Oma småbåthamn, naust og rorbu, SN 5 og SBH 1, og forslaget til forlenging av damvegen i Ålvik.

Heradet sender endeleg, revidert arealkart for kommuneplanen og reviderte planføresegner til Fylkesmannen til gjennomsyn før heradet vedtar kommuneplanens arealdel.

Dersom Kvam herad vedtar kommuneplanen sin arealdel i samsvar med det forslaget som ligg føre og desse revisjonane, har ikkje Fylkesmannen merknader til det.

E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 57 64 30 00 [email protected] Njøsavegen 2 Njøsavegen 2, www.fylkesmannen.no/vl Sikker melding: 6863 Leikanger Statens hus, Kaigaten 9, Bergen www.fylkesmannen.no/melding Fjellvegen 11, Førde Org.nr. 974 760 665

Side: 2/2

Med helsing

Lars Sponheim Egil Hauge seksjonsleiar

Dokumentet er elektronisk godkjent