Nytt Offentleg informasjon - Nr. 1 / Mars 2012 ngir-nytt Informasjon til hytter og hushald

vår i lufta

Ein ny vår! Dette uttrykket har mykje i seg. Etter ein lang, mørk og kald vinter ser me fram mot lysare tider, mot varme, og ein natur som skiftar ham, og vert frodig og fargerik etter å ha lagt i dvale gjennom vinteren. Med våren kjem ofte lysten til å fornya. Me vil møta våren med ”blanke ark”. Både på heimefronten og i klesskapet kjem lysten til å skifta ut og kjøpa noko nytt.

Handel skapar avfall. NGIR si oppmoding er difor at du tenkjer deg om før du handlar, og at du kjøper ting som varar. Kan hende du då kan ta fram vårpynten år etter år, slik ein gjer med julepynten? Dersom du skal fornya garderoben, kan det vera lurt å kjøpa plagg av god kvalitet, og kan hende finn du nokre skattar i brukthandelen. Bytteklubbar, der både barneklede og interiør får nye eigarar, kan vera både vellukka og lønsamt, og på toppen får ein det sosiale samværet.

Vår er og tid for rydding. Garasjen skal tømmast, og på loftet har ein kan hende stabla litt av kvart gjennom vinteren. Det er også tid for båtpuss, og kan hende ser ein at huset treng eit strøk måling, og at terrassen skulle vore beisa før sommaren. Alle desse aktivitetane kan generera farleg avfall. Ver sikker på at du leverer dette avfallet til ein av våre gjenvinningsstasjonar, eller på henteruta for farleg avfall (sjå side 4). Då vert det tatt hand om slik at det ikkje skadar miljøet.

Og heilt til slutt: Nyt denne vakre årstida til fulle. Det er ei herleg tid!

56 34 33 10 | www.ngir.no vårrydderuter 2012

Solund Fredag 13. april Ytre , til Laurdag 14. april Indre Solund, frå og med Hardbakke

Modalen, Lindås, Masfjorden Laurdag 21. april Modalen. Lindås aust for Eikefettunnelen, samt frå undergang ved E39 på Ostereidet og til Nesbø. Andvik-Andås. Dette kan du levera på Fedje vårrydderutene: Laurdag 28. april Metall Reint trevirke , Masfjorden Glas- og metallemballasje Laurdag 5. mai , Brekke, Oppedal, Kringla, Gulen- nord for tunnel ved Klede Leversund bru, Leversund – Austgulen Møblar Laurdag 12. mai Hageavfall Gulen sør for tunnel ved Leversund bru, Ynnesdalen, Elektrisk og elektronisk (EE) avfall Masfjorden, unnateke Andvik-Andås.

Meland Laurdag 19. mai Dette kan du ikkje levera på vårrydderutene: Nord for kryss gamleveg til Ryland frå FV 564.

Farleg avfall (NB: Eigne ruter, sjå s.4) Sortér avfallet og set det ut før kl. 07.00 der du vanlegvis set ut Større mengder byggings- og rivingsmateriell dunkane dine. Samle småting i øskjer. Ver snill og fjerna ting Bilmotorar og bildekk som ligg lagra i nærleiken som ikkje skal hivast, så slepp me vera i tvil og kasta ting du har bruk for. Isolerglas, eternit og trykkimpregnert trevirke (NB: Eigne ruter, sjå s. 4) NB! Kvitevarer må ikkje innehalda boss! hyttekonteinarane

NGIR har om lag 450 hyttekonteinarar ståande rundt om i Nordhordland, Gulen og Solund. Diverre er det slik at mange brukar hyttekonteinarane til avfallstypar dei ikkje er meint for, som til dømes grovavfall, møblar og farleg avfall. Boss som flyt rundt konteinarane er svært utriveleg for dei som bur i nærområdet. Dessutan fører det til at NGIR må rekvirera ekstra tømmingar, og at me i enkelte tilfelle må leiga inn lastebil med kran for å få bort tunge ting som sjåførane ikkje kan løfta. Dette fordyrar ordningane for alle NGIR sine abonnentar, og kan føra til at grunneigar krev at hyttekonteinarane vert fjerna. Levér heller grovavfallet til næraste gjenvinningsstasjon, eller på vår- og haustrydderutene våre. Og hugs - hyttekonteinarane skal ikkje nyttast av fastbuande. mat og restavfall i papiravfallet, eit stort problem

NGIR har papirsorteringsanlegg i Kjevikdalen, der alt papir vert sortert for hand. Det at mange kastar restavfall, matavfall og farleg avfall i papirdunkane fører til dårlege arbeidstilhøve for våre tilsette på sorteringsanlegget. I tillegg vert mykje av papiret tilgrisa, og kan då ikkje gjenvinnast. NGIR oppmodar alle abonnentar til å visa omsyn, og ikkje kasta anna avfall frå hushaldninga i papiravfallet. Hugs også at plast skal ikkje oppi papirdunken. Fyll opp plastsekken før du set den ut til tømming ved sidan av papirdunken.

opningstider i samband med raude dagar våren 2012

Onsdag 4. april: Gjenvinningsstasjonen på Litlås er stengd. Gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen er open fram til klokka 12.00.

Frå 5. april til og med 9. april: Alle NGIR sine gjenvinningsstasjonar er stengde.

1. mai, 17. mai og 28. mai: Alle NGIR sine gjen- vinningsstasjonar er stengde.

FOR ANDRE OPNINGSTIDER SJÅ WWW.NGIR.NO

Dei som skulle hatt henting av restavfall på raude dagar i påska og pinsen får i staden utlevert ein sekk ved henting veka før, og kan setja den fram ved sidan av restavfallsdunken på neste tømming. Dei som har papirhenting kan bruka ein returplastsekk til å samla over- flødig papir/papp, og setja denne ved sidan av papirdunken ved neste henting. NB: Ikkje bland papir og plast. God påske!

Henterute for farleg avfall

Gulen Ytre onsdag 23. mai Gulen ”øyane” Torsdag 31. mai 13.30-14.30 Eivindvik (v/kommunehuset) 15.30-16.30 Byrknes (butikken) 14.30-15.00 Eivindvik (hurtigbåtkaia) 17.00-17.30 Mjømna (kaia) 15.20-15.45 Dingja 17.45-18.00 Ånneland (krysset) 16.30-17.00 Rutledal (ferjekaia) 17.30-18.00 Nordgulen (i krysset) Fedje Tysdag 5. juni 18.30-19.00 Dalsøyra (kraftlaget) 15.00-16.50 Fedje (ferjekaia) 19.15-19.30 Steine (v/postterminal) Modalen onsdag 6. juni Masfjorden Søre Fredag 25. mai 16.00-16.30 Øvre Helland (avkøyring Nygård) 15.00-16.00 Masfjordnes (ferjekaia) 17.00-17.30 Mo (kommunegarasjen) 16.30-17.00 Nordkvingo (brua) 18.00-18.30 Vikanes (ferjekaia)

Lindås Aust Fredag 25. mai Meland Nord Torsdag 7. juni 18.00-18.30 Veland (kryss mot Hosøy) 14.00-14.30 Skjelanger (kaia) 18.45-19.15 Rød v/veteranbilgarasjen 15.00-15.30 Landsvik (butikken) 16.00-16.30 Rossland (butikken) Solund Tysdag 29. mai 16.45-17.00 Ryland 10.40-11.15 Hersvikbygda (kaia) 11.30-11.45 Eide (busstoppet) Gulen Indre- 13.00-13.30 Kolgrov Masfjorden Nord laurdag 16. juni 13.45-14.00 N. Hjønnevåg 12.00-13.00 Brekke (ferjekaia) 14.15-14.35 Ytrøygrend (butikken) 13.30-14.00 Oppedal (ferjekaia) 15.30-16.45 Hardbakke 14.30-15.30 Haugsvær (butikken) 16.00-16.30 Hosteland (v/bensinstasjonen)

For denne ruta gjeld: Personleg oppmøte, bruk tett emballasje (helst original-emballasje), tydeleg merking med opplysningar om innhald. Bland aldri ulike stoff. Levér slantane i kvar si flaske. NB: Isolerglas, eternit og trykkimpregnert trevirke vert ikkje teke med på denne ruta, men må meldast inn før 1. mai, på tlf: 56 34 33 10. Dette skal hentast på eiga rute.

Ordninga er ikkje for næringskundar. Henterutene er for dei som bur langt i frå gjenvinningsstasjonane våre. Vis ansvar; kast ikkje farleg avfall i naturen. På farleg avfallsruta kan ein mellom anna levera batteri, sprayboksar, måling, olje, vaskemiddel, plantevernmiddel og liknande.

56 34 33 10 | www.ngir.no Layout/trykk: Reklamehuset as, Knarvik. Trykt på 100% resirkulert papir. på 100% resirkulert Trykt as, Knarvik. Reklamehuset Layout/trykk: