SUD - Plan, klima og folkehelse Møtereferat

Referent: Torbjørn Hasund Dato 15.04.2021

Emne: Referat frå regionalt planforum 15.04.2021, KPL arealdel Gulen kommune Ingvild Høydal, May-Lynn Osland, Håvard Tveit, Hallvard Oppedal -

Statlege fagetatar Martin Mathisen, Ina Giil Solheim - Fiskeridirektoratet vest Turid Susort Jansen - Kystverket vest Hege Hellesøe, Diana Ekren Grundt, Egil Hauge - Statsforvaltaren Ole-Jakob Sande - NVE Vest Kjersti Kongsgården Fremmerlid - Mattilsynet Til stades: Kurt Skagen - SVV transport og samfunn

Vestland fylkeskommune Berit Gjerland - KII kulturarv arkeologi Gunhild Raddum - MOK transportplan Endre Korsøen, Elisabeth Aune, Frode Hovland - INN naturressurs Eva Katrine R. Taule, Torbjørn Hasund - SUD PKF

Forfall: Sak: 2021/2232 - 15

Møtetid: Møtestad:

Møteleiar: Eva Katrine R. Taule Referent: Torbjørn Hasund

Ingvild Høydal presenterte Gulen og planarbeidet • 4 senter; Brekke, , Dalsøyra, Byrknes . Ingen av dei som skil seg ut som hovudsenter sjølv om Eivindvik er bygdesenter. • Store reiseavstandar • Mange arbeidsplassar i privat sektor, særleg Skipavika og Sløvåg • Forventa arbeidsplassauke her på 300 dei næraste åra • Behov for nye bustader • Utvikling innan akvakultur i sjø • Bustadutvikling, manglar bustader knytt til bygdesentra

Vidare ein gjennomgang av område som skal ut av planen og som har vorte tatt inn, og kva som står att av arbeid.

Sjødelen

Statsforvaltaren (SF) Saksnr: 2021/2232-15 Side 2 av 5 Planskildringa har blitt utvida på ein god måte. Innretting på sjødelen er under utvikling, jf. arbeidet med interkommunal plan for sjøområda i og Gulen. Fint at det er tatt inn argumentasjon for behovet for dei ulike områda. Meiner at det beste er å setje rammer i føre- segnene som sikrar berekraft. Dagens situasjon må skildrast i eit økologisk perspektiv. Vi tenkjer at det som er konkret vurderte, men kva føringar planen som skal gje, heng meir saman med den overordna planen.

Vi ser litt av det same som i arealdelen til gamle Meland kommune, viser til problemstillingar, men kanskje ikkje heilt godt nok på samla belastning. Kommentar frå kommunen: viste til interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland og Gulen som er under arbeid (planlagt vedtak i 2023), prøve å finne gyllen middelveg i mellomtida. SF meiner det er viktig å planlegge for akvakultur, men samstundes også planlegge for naturmangfaldet. Viktig at ein ikkje i dette planarbeidet underminerer den interkommunale planen. Opplagt at det som lovmessig trengs setjast på plass, og ei kommune må oppfylle utgreiingsbehova.

Det er ei rekkje lovverk som gjeld for sjø; naturmangfaldslova og innlandsfiskelova har direkte verknad med målsetjingar. Ein kan setje i føresegnene at ein ikkje skal gå ut over dei standardane som er sett. Det går an etter pbl § 11-6 å gje rammer i føresegnene slik at det ikkje gjer skade. Konsekvensutgreiinga må leggje til grunn gjeldande lover og rammer.

Fiskeridirektoratet Viste til førre fråsegn. Så vidt dei ser har kommunen i stor grad imøtekome kommentarane dei kom med då. Stort sett av til farlei og ikkje også til fiske. Diskusjon om type arealføremål og små fontar. Ser meir ryddig ut no. Ålegrasenger, viktige som oppvekstområde, ha i bakhovudet at det er uheldig å leggje småbåthamner i / over ålegraseng og sjølvsagt også fylle ut i. Kombinert fiske og farlei er lov, dei utelukkar ikkje kvarandre.

Spurte kommunen om dei i dialogmøta dei har hatt med akvakultur, også har vore i kontakt med fiskeriorganisasjonar? Kommunen svarte nei på det, korona kom og så vart det avventa i høve interkommunal plan.

Akvakultur – heilt rett at vi på regionalt statleg og fylkeskommunalt nivå må tale med ei tunge og samordne oss. I denne planen vil det for kommunen vere mest viktig å planlegge for allereie etablert akvakultur, utvide og justere, i påvente av interkommunal plan.

Kystverket Ein vil helst ha kombinert farlei og fiske. Viste til motsegna frå førre runde, og ser at det i dette arbeidet no er gjort stor forbetring. Viktig sjøområde med både hovud- og bilei og dette må takast vare på. Sjølve farleisstrekane er forskeriftfest og må inn. Trafikkarealet som areal må ikkje inn, men er greitt å ha med i høve andre interesser. Utgangspunktet er at sjøtrafikkarealet har farleier med hovud- og bilei og det arealet er sett ut etter sjølve trafikken. I smale sund tek dette arealet opp mykje av arealet (viste til www.Kystinfo.no). Ytterlegare småplukk på formuleringane, mellom anna det med kvit sektor, at det er vurderingane som må gjerast i kvart tilfelle, for å sikre trygg ferdsel. Når det gjeld fiskerikaier, så må ein sikre bak-areal i planlegginga, slik at kaien har tilstrekkeleg med areal for industri og næring knytt til kaia.

VLFK akvakultur Fornuftig å utvide eksisterande akvakulturområde for å sleppe dispensasjonssøknader. I høve KU og dei utvidingane som vert gjort, treng ikkje vere veldig omfattande, for det treng ikkje vere snakk om utviding av produksjon. Litt overraska når det innleiingsvis frå SF vert sagt at regelverket er usikkert og under utvikling, og viste til dei nye rettleiarane frå KMD «oppskrift frå Oslo» og at det må kunne nyttast og brukast av både regionale og kommunale mynde. Kommentar frå Statsforvaltaren: ikkje Saksnr: 2021/2232-15 Side 3 av 5 ueinig i det, men ein er ikkje heilt i mål i spørsmålet om KU, kva skal den føre til av juridisk innblanding i planen

Møteleiar kommenterte at ein er usikker på kva som i sjø skal takast i denne planen og kva som skal takast i komande interkommunal plan for Nordhordland og Gulen. Spørsmålet er om den utvidinga de har lagt opp til, er på eit nivå som er greitt. Helst avklaring i møte her om det vil bli møtt i møtet med ei vidare motsegn? Kommentar frå SF at det er ei kopling mellom desse to arbeida. Spørsmålet om motsegner kan ikkje svarast på i dag. Det ein kan seie er at vi forventar at kommunen finn justeringar for unngå dispensasjonar, det er vi einige om, men justeringane kan støte mot statlege interesser som gjer motsegn aktuelt. Dei må vere innanfor det lovverket set rammer for. Det er det som er utanfor dei nasjonale omsyna det er aktuelt med motsegn på.

Gulen kommune ved Hallvard Oppedal. Interkommunal plan vert vår plan i 2023, og det må vi ha med , og ikkje legge ned for mykje arbeid i KU no. Må ha ein plan som er god nok fram til 2023 og ikkje gjere det alt for vanskeleg.

Mattilsynet. Stiller seg positiv til auka arealbruk, viktig for miljøet at ein får god struktur på anlegga, grunna lakselus er det no ikkje snakk om auke av biomasse. Om flytting av Gråvika og forflytting av Hardbakkneset, og mindre endringar som ikkje vil påverke brakkleggingsområda. Det er viktig med tanke på smitte og lakselus.

Eva Katrine Taule - oppfattar ei felles halding om at ein må sikre at akvakulturen i kommunen får levelege tilhøve fram til interkommunal plan. Vi skal gjere det leveleg for næring og kommune fram til då.

VLFK akvakultur ved Frode Hovland. Om eit innspelsmøte med næringa om behov for lokalitetar i 2018 / 19 og resultatet av det. Han spurte også om tare er vurdert inn i planen. Kommunen: når det gjeld tare er det ein aktør som har lagt ut anlegg, og så er det 4 eller 5 som har fått løyve men ikkje har starta opp. Det tar litt tid å utvikle denne næringa. Nesten alle nye forslag er ute av planen, då dei var i konflikt med andre interesser, men algenæringa er tilfreds med det dei har å jobbe med no, og spelar inn nye område til de interkommunale planen. Einaste nytt på algar er nord for Hisarøyna.

Laksefisk. Rett nord for Skipavika ligg det eit anlegg, og same selskap har også planar om stort landbasert anlegg her, med avløp ut i sjøen. Dette er ikkje optimalt for det anlegget som ligg her, og dei har leitt etter ny lokalitet. Dei ønskjer å flytte seg til ein lokalitet ved Ytre Hjartholm (ved Takle), men den ligg veldig nærme annan lokalitet, og det er meir aktuelt at dei som alt har den lokaliteten (MOWI) også etablerer seg i den ved Ytre Hjartholm. Det er difor den nord for Skipavika framleis ligg der.

Utviding av industriområde i Sløvåg VLFK ved Torbjørn Hasund om det store industriområdet i Sløvågen. Ser det er redusert i høve førre runde, men at det framleis går ut forbi den øya som ligg vest i det aktuelle føremålsområdet. Også bekymra for påverknad på friluftslivet. Kommunen: Det er meldt inn eit stort behov for kai. Men vanskeleg å vite. God kartlegging på friluftsliv i dette området, og dette området har ikkje vore nemnt som eit av dei viktige områda. Veldig prega av industriområde. For friluftsliv er det naturleg å trekkje nordover eller vestover eller mot . Hallvard Oppedal: tankane frå næringa om å skyte seg inn mot Halsvikvågen og nærare mot bustadfelt på Hovden og om buffer mot det området. Industriområdet her er i dag oppfylt. Her må vi skape moglegheit for utviding. Og det er den einaste vegen å gå. Øyane her er ikkje av dei viktigaste i friluftssamanheng.

Statsforvaltaren - vi hadde i første fråsegn ikkje konkrete innspel her, fordi det var så mykje uklart. Det er ein fornuftig tanke å utvide der det alt er industri. Og vi forstår at aktørar ønskjer meir areal. Saksnr: 2021/2232-15 Side 4 av 5 Men denne utvidinga her er stor og i strandsona og ut i sjøen. KUen må sjå kva dei samfunns- messige konsekvensane er. Utviding her må og sjåast i samanheng med totalt behov for industriareal. Om 4 statleg retningsliner som slår inn her; 1. strandsone inkludert også dei landskapsmessige verknadane, 2. naturmangfald, førre KU er tydeleg på at dette har verknader, 3. klimautslepp, beveger seg inn i eit myrområde, biologisk viktig og karbonlager og 4. samordna areal, bustad og transportplanlegging. Ikkje bustader men har likevel verknader for folk som skal pendle inn for å jobbe her, så det er eit grensesnitt mot SPR. SF har forventingar til at KUen viser godt kva verknader området har for desse sentrale føringane.

Kommunen; området er redusert i nord der dei største verdiane er, men utvida austover. Har fått midlar for kartlegging av naturmangfald. Startar arbeidet no, men går ut frå at KPL er vedtatt før. Har starta arbeidet med samfunnsplan, det er nok ikkje veldig lenge til dei kjem til å ta opp arealdelen på nytt. Vi ser allereie no behov som ikkje vert dekt av dette arbeidet, men vi må setje ei grense no for å få jobben gjort.

Eva Katrine R. Taule - kan det vere eit behov for ein kommunedelplan heilskapleg for heile dette området, Sløvåg og Skipavika? Hallvard Oppedal, det kan vere det, no kjem det ein ny reguleringsplan for næring på Mjømna, litt lenger inne i Brandangersundet, prøver å sjå behova i samanheng. Her er plan for sjøområda i Fensfjorden. Statsforvaltaren; vi har vore positive til utvikling, men her er smertepunkt mot interesser som trengs å sjåast i ein litt større samanheng.

Strandsone. Kommunen - det bebuelege området i Gulen ligg i stor grad i strandsona, og vi har ein del dispensasjonssøknader. Desse drar masse ressursar frå kommunen. Kommunen ønskjer veldig sterkt å finne ein måte å bruke mindre tid på desse dispensasjonane, t.d. bebygde tomter, utbygde for mange tiår sidan, der nokon vil ha anneks, påbygging. Det er dette som er vanskeleg. Politisk er det ønske om å få gjerast. Føler at dei ikkje vert forstått av forvaltninga. Frustrerande å måtte argumentere mot å gje løyve til eit anneks i bakkant, vekk frå sjøen. Kommunen kan vere strenge på nye tomter, men vil ha ei ordning på tomter som alt er bebygd. Hallvard Oppedal om bustadbygging og at dei tidlegare har brukt LNF spreidd i stor utstrekning, men at dei ikkje treff med dei areala, korleis skal vi treffe med å få bygge utanfor dei 4 grendene, det er det dei ønskjer avklaring på. Kommunen ønskjer å få bruke dispensasjonar som eit verktøy i område LNF innafor dei små grendene. Vi klarer ikkje å planlegge med reguleringsplanar.

Statsforvaltaren - vi har eit lovverk å halde oss til. No er det under utarbeiding ei lovvendring i pbl § 19, dispensasjonar ser ut til å verte stramma inn igjen. Dersom viktige omsyn vert tilsidesett skal det ikkje kunne gjevast dispensasjon. Også på gang ein revisjon av statlege planretningsliner i sjø. Dette er rammene, SF har ingen eigen agenda. Kommunen har rett og plikt til sortere i dette i planlegginga si, og SF i Vestland har strekt seg lenger enn det loven seier. Kan diskutere måtar å gjere det på men vi kan ikkje bryte med lovverket. Om byggeforbudet i LNF-områda skal utfordrast skal det skje gjennom planlegging. For at dette skal fungere er det viktig med rullering av arealdel ofte. Viste til Svein Kornerud (jurist hjå SF) han hadde sett på føresegnene og kommentert at slik føresegnene så langt er utforma, er det ein del å snakke om.

Hallvard Oppedal, viktig at alle veit kva vi slit med, arbeidsplassane er her, men vi slit med tilflytting. Har store LNF-område, og byggeforbod i heile det området, på leit etter korleis planlegge. Ingvild Høydal, det som tek tid er sakshandsaming kring oppgradering av allereie utbygde områder i LNF, det er eit generasjonsskifte på gang, og det er det som er viktigaste for oss å få avklart, vi treng retningsliner for handsaming. Har laga dispensasjonsmal. Små eigedomar som allereie er utbygd, vi avviser, og så får vi inn klager som vi brukar mykje tid å handsame. Egil Hauge SF - regelverket er klart, eit tiltak må ha forankring i plan. Slike hus ligg ofte på dei finaste stadane, og vi ser at det vert trekt veldig lang, vi får ofte hytter av ein heilt annan standar, med flytebrygger, etc. Det skal ikkje vere lett å setje til side viktige allmenne interesser. SF har dårlege erfaringar med retningsliner som set Saksnr: 2021/2232-15 Side 5 av 5 føringar til side. SF oppmoda kommunen om å sile ut dei sakene som dei ser er vanskelege i høve forvaltningsreglane og seie nei, og ikkje sende dei vidare til SF. I strandsona skal det meste på høyring. Diskutere dette meir konkret i eit vidare møte. Eva Katrine R. Taule - dispensasjon som verktøy, strategi, er uheldig, då er det betre med områder for LNF-spreidd. I kommuneplan kan ein legge ein del rammer. Egil Hauge, kan gje bestemmelsar i kommuneplan for dispensasjon, med føringar, ikkje på dyrka mark, avgrensingar på grad av opparbeiding, etc.

Statens vegvesen. Interessene går mest på E39. Har ikkje dei store prosjekta i denne perioden, og ser ikkje dei store konfliktane i høve E39, men vi har og eit sektoransvar, og har ansvar for trafikk- sikkerheit også for fylkesveg og har auge på det med avkøyrsler og LNF og trafikksikker veg. Ønskjer trygg veg til skule og busstopp vert vektlagt. Det er slike ting vi vil kommentere når planen kjem på ny høyring.

INV mobilitet og kollektiv, Gunhild Raddum Samordna areal og transportplanelegging er viktig for dei, det som gjeld mobilitet. Stort fokus på utbygging i eksisterande tettstader, og det er bra. Viktig også med trygge skulevegar. Bustadbygging er i stor grad lagt til i og rundt tettstader. Drog fram Byrknesøy og eit område nord for tettstaden Byrknes, eit bustadfelt med tilkomst frå Grimevegen, som låg inne og som kanskje burde vore tatt ut. Kommunen - det feltet har vore der lenge, og i utgangspunktet var dei tenkt å ta det ut. Men i det siste har det vore ein del interesse for å bygge der. Dei har difor valt å la det gå vidare i rulleringa.

KII kulturarv, Berit Gjerland Har ikkje avgjerande merknader til Sløvåg, ser positivt at slike område vert utvida. Støttar merknadane om at det må vere eit grunnlag i form av behov for dei utvidingane som vert valt. Om tiltak i strandsona - gamle hytter og eldre hus, vart oppført uten at dei areala vart vurderte, og der kan det vere kulturminne. VLFK ved kulturarv kan vere negative, der dei ligg i strandsona, då desse områda har vore veldig mykje bruke både i forhistorisk og historisk tid

NVE vest ved Ole Jakob Sande Har notert seg punkt i høve førre uttale. Ein del detaljar og av teknisk karakter, og føreslo eige arbeidsmøte med kommunen. Kommunen tek kontakt med NVE dersom møte er aktuelt. Generell kommentar, opplever føresegnene som veldig omfattande, og mykje av dei høyrer heime i planomtale.

Kommunen avslutningsvis om framdriftsplan - håp om nytt offentleg ettersyn i juni-møtet til formannskapet, prøve å rekke det, når vi får referat frå dette planforumet vert det enklare å sjå arbeidsomfanget. Slit litt med det karttekniske. Om mogleg å legge ut utan at det er perfekt.