Del 3.

31.01.2021

1

3. Norddalsfjorden

SKRENAKKEN Skrenakken ligg på ei stor flate 420 meter over havet, men med flog og stup ned i fjorden. Garden ligg i kommune, på sørsida og ved innløpet av Norddalsfjorden. Få gardar har finare og friare utsyn utover .

Garden har vore i drift sidan 1600-talet, men har i periodar vore øydegard. Dei første hundre åra var garden bygslingsbruk, og mykje tyder på at det var kongen som åtte Skrenakken den første tida. Seinare kom garden inn under Frimannsætta, og først i 1757 vart Skrenakken frikjøpt av den dåverande brukaren. På 1800-talet skifte garden eigar mange gongar. I førstninga av dette hundreåret budde det heile tre huslydar i det gamle stovehuset på garden, men også desse eigarane ga opp, og garden hadde lege ubrukt i 14 år, då Eugen Vågsæter kjøpte garden i 1934. Det var knallhardt den første tida. Husa på garden var elendige, og det blir fortalt at ungane vakna om morgonen med snø over sengkleda. Det gamle bustadhuset hadde jordgolv med steinheller, og det var ikkje mykje å leve i vinters dag. Alt i 1935 hadde Vågsæter fått opp nytt stovehus. Han, saman med sønene, dreiv fram garden. Dei pløgde opp jorda og dyrka ny jord. Dei fekk seg hest, bygde seg kvern og sag og kunne utvide husa. Den første tida arbeidde Eugen Vågsæter på veganlegg, og var heime på Skrenakken berre i helgane. Då gjekk til gjengjeld arbeidet døgnet rundt. Etterkvart vart Skrenakken ein velstandsgard med 80 mål dyrka mark, gode beitetilhøve og mykje skog. Problemet var kontakten med omverda og dei tilbod som den framveksande velferdsstaten hadde å by; helseteneste, skule og fritidstilbod. Sjoavegen til Skrenakken går i 84 svingar ned langs eit gjøl. Vegen er svært bratt, og vinterstid er vegen også farleg. Den første tida måtte alt som skulle til og frå garden berast på ryggen, men i nyare tid vart det bygt løypestreng det brattaste stykket, og det hjelpte mykje. Som på dei fleste fjellgardar var det ikkje å tenkje på å frakte mjølka til meieriet kvar dag. Under slike vilkår ville det vere uråd å drive desse gardane. På mange måtar var kinna og ostegryta sjølve eksistensgrunnlaget. Dei kunne ikkje ha eksistert utan at dei sjølve kunne foredle dei landbruksprodukta dei skulle skaffe seg kontantar med. Gardane kom til i sjølvbergingshushaldets tid. Dei produserte det aller meste av det dei hadde bruk for. Nokre hadde også bra med overskot til å selje, slik at dei fekk kontantar, men for mange var nettopp kontantar det store problemet, etterkvart som pengehushaldet greip meir og meir om seg.

2

Skrenakken vart fråflytt i 1954, men garden er halden i hevd som feriebustad. No er det til og med komen traktor på garden og husa er i betre stand enn nokon gong tidlegare.

Sunnylvsfjorden ut mot Skrenakk.

Ny Skrenakk-brukar i 1933 Dette bildet av Skrenakken under tok Magne Flem sommaren 1939. Saman med m.a. seinare skuledirektør, ordførar og stortingsmann Kristian Langlo hadde han teke seg ein tur opp på Skrenakken for å sjå korleis den nye familien der hadde fått det til. I februar året etter sto ein heilsides og rikt illustrert artikkel om Skrenakken på trykk i Sunnmørsposten. I slutten av 1939 hadde Magne Flem illustrert ein artikkel av Jørgen Gjerding om fjellgarden Lie. Det er nok den første presentasjonen av - og fjellgardar i Sunnmørsposten.

3

Ein vårdag i 1933 flytte familien Vågsæter opp hit, og på dette bildet ser ein litt av resultatet av seks års slit. Eugen Vågsæter og familien hadde fått opp nytt stovehus, bygd oppå murane til det huset som Skrenakk-Magnus reiv ned og frakta til Heggen i Valldal. Ein god del av materialen til huset tok han frå det gamle Skrenakk-huset som han reiv, etter at han og familien hadde budd der i byggeperioden. Det meste av materialen måtte han likevel sage frå eigen skog med handsag. Førsteprioritet etter at Eugen kjøpte garden for 2000 kroner, var likevel å få orden på løa. Pengane til garden måtte han låne, og han skreiv til kong Haakon og spurde om eit lån. Kongen sende 500 kroner, og nokre år seinare når han skulle opne Trollstigvegen, reiste Kongen forbi nede på fjorden og vart fortalt kvar Skrenakken låg. Eugen Vågsæter vart ein halden mann og ville betale kongen tilbake, men fekk til svar at pengane hadde gjort nytte for seg og at dei kunne eige garden i lag. Der sto to løer på Skrenakken, men den nyaste sto til nedfalls og måtte rivast. Den gamle løa kunne han nytte opp att, men nytt tak og mykje reparasjon måtte til. Det er den løa vi ser på bildet ovenfor. Det tredje året etter at han kom til Skrenakken, kunne han og huslyden flytte inn i det nybygde huset. I heile denne perioden var Eugen mykje vekk på anleggsarbeid for å legge seg opp nok kontantar til kjøp av husdyr og anna som han måtte ha for å drive gard. Desto meir måtte han drive på i helgane. I tillegg til Eugen og kona Karen var det åtte born som flytte opp på Skrenakken, dei fire yngste var tvillingpar, og dei to yngste berre seks år. I ein artikkel Gerhard Kjølås hadde i Sunnmørsposten i 1954, i samband med at Eugen og Karen flytte frå Skrenakken, fortel Eugen at han hadde vore på Skrenakken som slåttekar og på skogsarbeid, så han visste kva verdiar som låg der før han slo til og kjøpte garden. Likevel var han lenge i tvil, det meste av pengane måtte han låne, men til slutt våga han å spørje kona si om ho var villig til å flytte opp på Skrenakken. Ho svara med eit spørsmål: - Trur du vi kunne greie å slå oss igjennom der oppe på fjellet? - Ja, det trur eg, svara Eugen, og han fekk rett. Det vart 21 strevsame, men gode og rike år for dei to der oppe på fjellet. Dei angra ikkje ein dag på kjøpet, trass i slitet.

4

Storenibba

Blant alle dei tusenvis av bilda som Magne Flem gjennom åra tok frå natur og folkeliv langs sunnmørsfjordane er det få der han sjølv er med på bildet. Han likte seg best bak kameraet. På dette bildet under er frå ein tur til Skrenakken tidleg i 1950-åra er han blitt avbilda sitjande ute på «Storenibba», hammaren som heng ut frå eit loddrett stup 400 meter over fjorden. I bakgrunnen ser vi Liabygda.

Magne Flem har teke mange bilde av folk ute på denne nibba. Det første tok han alt i slutten av 1930-åra, og då var det Eugen Vågsæter og tre av gutane hans som sto ute på nibba. Bildet kom på trykk i Sunnmørs- posten i februar 1940 i ein stor to siders reportasje som Magne Flem hadde frå Skrenakken. Det er ei renne i «Storenibba» i bakkant, og ein eller annan gong så dett ho vel.

Det var kombinasjonen av idrett, friluftsliv, fjellklatring og stor fotointeresse som alt i 1920 åra fekk Magne Flem interessert i sunnmørsfjella og i fjord- og fjellgardane. Han sette seg som mål å gå opp på alle fjelltoppane i Sunnmørspostens avisdistrikt, og gjennom eit langt liv greidde han det også, sjølv om han nytta berre helg og fritid til jobben. Det hende seg at han tok både to og tre toppar om dagen. Utover i 1930-åra fanga fjord- og fjellgardane interessa hans. Han nytta motorbåt på ferdene sine, eller han padla, og dei første avisreportasjane frå fjord- og fjellgardsmiljøet finn vi faktisk i Sunnmørsposten så tidleg som i 1940. Då gjesta han både Skrenakken og han hadde ei heilside frå Smoge. Saman med journalist Amanda Olsen reiste han også mykje rundt i distriktet, der han fotograferte og ho skreiv. Dei laga reportasje m.a. frå Stordalsholmen tidleg i 1940-åra, og i 1942 sto det på trykk ein heilsides reportasje frå Djupedalen, der Magne Flem hadde teke bilda, men der Martinus Støle hadde skrive teksten. Desse tidlege reportasjane er om mogeleg endå meir kjeldenære enn dei Sakarias Ansok gjekk i gang med på oppdrag frå Magne Flem 15-20 år seinare. Det at han i dei første krigsåra kunne vise til billedreportasjar i avisa frå mange kantar av distriktet, tente sikkert også som alibi for han når han seinare under krigen som leiar for den militære etterretningsorganisasjonen XU i dette distriktet, skulle reise rundt for å halde kontakt med medarbeidarane sine. Det første han gjorde når han slapp ut frå einecella på Vollan kretsfengsel i Trondheim i fredsdagane, var å reise til fjells. Der kjende han seg heime.

5

Gamle Skrenakken Dette bildet er teke i 1915 då ei gruppe ungdomar frå Valldal var på tur til Skrenakken. Midt på bildet i forkant sit Magnus og Anne Marie Korsnes som då dreiv garden. Like etterpå reiste også dei, og Skrenakken vart liggjande øyde heilt fram til at Eugen Vågsæter og familien hans kjøpte garden og slo seg ned der i 1933. Alle husa på dette bildet er no borte. Huset til venstre var det opprinnelege og gamle Skrenakk-huset.

Det var i dette gamle huset, der det m.a. var jordgolv i kjøkkenet med heller oppå, at også familien Vågsæter budde den første tida. Då var denne gamle stova svært dårleg og Eugen har fortalt at det hende meir enn ein gong den første vinteren at det låg snø utover sengekleda til borna om morgonen. Huset til høgre på bildet var det Magnus Korsnes ( Skrenakk-Magnus ) som bygde tidleg i dette hundreåret, og då Magnus flytta frå Skrenakken så vart huset teke ned og frakta til Heggen i Valldal, der det mykje ombygd står den dag i dag. Eigentleg er det nesten ufatteleg i vår tid kor ofte dei i gamle dagar tok på seg det slitet det måtte vere å frakte bustadhus opp og ned frå desse fjellgardane. Då Eugen Vågsæter skulle bygge nytt hus i 1933, så nytta han tufta etter Skrenakk- Magnus sitt hus. All materialen til det huset vart saga oppe på Skrenakken, og det huset står den dag i dag. Den gamle løa derimot er det berre murane som står att av. Skrenakken er ein gamal gard, truleg rydda på 1600-talet, men fordi han ligg så pass høgt, 420 meter over havet, og vanskeleg tilgjengeleg, så har han i fleire periodar vore ute av bruk. Bortsett frå den vanskelege vegen i 84 svingar ned til sjøen og høgda over havet så er Skrenakken av dei mest lettdrivne av strand- og fjellgardane. hadde såleis hest på stallen alt i 1658, og brukarane der har nytta hest bortimot samanhengande fram til vår tid. Magnus Korsnes dreiv Skrenakken saman med svigerfar sin, Skrenakk-Pe, frå 1884 og framover til 1900. Då kom bror til Magnus, Nils Petter, til garden, og då han gifte seg med Ingeborg, gjekk Magnus med på å dele garden likt med bror sin. Frå 1900 og i 10 år framover var det difor to brukarar på Skrenakken, og det vart trongt i den gamle stova når to unge familiar i tillegg til kårfolket skulle bu der. Difor bygde Skrenakk-Magnus nytt hus. Begge dei to brødrene var rettelege kraftkarar. Det blir såleis fortalt om Nils Petter at då han og huslyden flytta frå Skrenakken i 1910, så bar han vedkomfyren deira ned svingane til Skrenakk naustet. Derifrå rodde han komfyren inn til Korsnes i Tafiorden og der bar han så komfyren opp til Korsnes. Han hadde selt komfyren til Gustav Korsnes, og på Korsnes står komfyren den dag i dag. Både før og etterpå har det vore teke tunge tak på Skrenakken.

6

VERPESDAL Dette er inste delen av Verpesdalen, og vi ser to av dei tre gardane i denne hengedalen som ligg mellom Skrenakken og Ospahjellen. Den næraste garden er Ellinggarden og inst ligg Karlgarden. Ytst ute, utanfor venstre billedkant ligg Jakobgarden. Det var Ellinggarden som vart først fråflytta. Det skjedde i 1952 ( 1953 ). I 1956 ga dei opp også i Karlgarden, mens dei i Jakobgarden heldt ut til 1964. Før krigen vart det i Norddal kommune leika med planar om å bygge veg frå Kilsti og ut til Verpesdal. Den vegen ville i så fall ha kome over ryggen i bakkant på dette bildet. Prosjektet ville ha vore høgst realistisk, men i dei magre 30-åra vart det med planane. Med vegsamband ville det kanskje ha budd folk i Verpesdal den dag i dag?

7

Veg ut av dalen har elles vore det store problemet for verpesdalingane. Det var først på slutten av 1800-talet at ein tok til å lage ein gangveg ned til sjøen. Dalen ligg mellom 300 og 320 meter over havet, og det går svært bratt ned mot sjøen. Mange stader er det svaberg, og særleg vinters dag var det svære isparti som måtte kryssast for å kome seg ned til nausta. Store barneflokkar frå dei tre gardane i Verpesdal vart sende til skulen i . Kvar skuletur tok 14 dagar og då budde skuleborna i Eidsdal. Bøndene i Eidsdal hadde som ei slags plikt til å stelle for dei skuleborna som kom frå fjord- og fjellgardane, og plikta gjekk på omgang. Borna fekk med seg niste som skulle vare desse 14 dagane. Maten var fint laga til i treskrepper for borna frå kvar familie - lefse, kake og smør. Til middagsmat kjøt og flesk. Dei fekk gjerne med seg ei mjølkespann også, og borna vart stelt godt med der dei kom, men for dei minste var det sjølvsagt ofte tungt når heimlengten var som sterkast. Også verpesdalingane hadde sine plikter i Eidsdal som eit slags vederlag for innhysinga av skuleborn. Kvar gard i Verpesdalen hadde sine vegroder framme i Eidsdalen som dei måtte halde vedlike. Anders Korsnes frå Ellinggarden fortel i ein artikkel i Storfjordnytt om då han og kona i krigsåra dreiv farsgarden i Verpesdalen. Dei laga seg drivbenkar og fekk på den måten fram grønsaksplanter for tidleg utplanting, og dei hadde nok også til grannegardane. Dei selde jamvel kålplanter til Eidsdal, og kunne ete modna blomkål før jonsok. Dei hadde så mykje at dei måtte sende grønsaker til Gartnerhallen i Ålesund. Den tida hadde dei dobbel taubane til sjøen, og når kassene med grønsaker var komne ned til naustet så var det å ro dei ut til møtet med rutebåten. Ein kan ikkje sjå gardane i Verpesdalen frå sjøen, og det var nok mange på rutebåten som undra seg over alle dei fine grønsakene som kom ned frå fjellet.

Karl garden Sju systrer på rad i Karlgarden i Verpesdal. Magne Flem tok dette bildet i 1942. Dei to minste som står framme er Ranveig og Judith. Bak frå venstre: Olfrida, Bjørg, Åsta, Ruth og Emma. Av desse sju er Ruth død, Judith og Olfrida er i dag busette i Hamar, mens Ranveig, Bjørg og Emma bur på og Åsta i Valldal.

I tillegg til desse sju jentene hadde Ole Karlsson Dal-Verpesdal og kona Kristine endå tre jenter til og fem gutar som dei skulle fø opp. Ole Karlsson var enkemann når han gifte seg med Kristine i 1920, og han hadde to døtrer frå det første ekteskapet sitt med inn i den etterkvart store familien. Kristine Dal-Verpesdal hadde ein stor del av oppveksten hos morfar sin, Skrenakk-Magnus, på Skrenakken. Ho kjende difor fjellgardslivet godt før ho kom til Karlgarden i Verpesdal, og ho visste så vel at noko latmannsliv var det ikkje som venta. Ho var 21 år då ho gifte seg og i dei neste 20 åra skulle ho føde 13 born. Nokså tidleg vart også mannen hennar sjuk og arbeidsufør, og det vart Kristine og borna som måtte drive Karlgarden. Litt hjelp var det vel at systera hennar vart gift på nabogarden i Verpesdal, men det meste måtte nok Kristine greie sjølv.

8

13 barnefødslar i tillegg til gardsarbeid er ikkje noko for kven som helst. Berre tenkt på kor mykje arbeid det er å ruste ut med skulemat til så mange. Dei gjekk på skule i Ytterdal og var borte ei veke i gongen. Familien leigde to rom i eit hus i Eidsdal, og dei eldste måtte stelle for dei yngste. «Vi skreik når vi måtte dra heimanfrå, og vi skreik når vi var komne inn til Ytterdal og måtte skiljast frå han far», seier Emma ( nå Vågsæter ), den fjerde yngste av dei 15 borna i Karlgarden. Kristine hadde også nesten ei onn med å stelle i stand klede til alle saman, og sjølv om dei tidleg fekk lære seg å stelle seg og sitt, så vart det her som i familiar flest, mykje som fall på ho mor. Trass i slitet berga ho helsa og ho var over 70 år første gongen ho vart undersøkt av ein doktor. Ole Karlsson Dal-Verpesdal døydde i 1952, og i dei neste fire åra dreiv Kristine garden saman med sonen sin, Jørgen. Då han ikkje ville meir innsåg ho at tida i Verpesdal var slutt, og i 1956 flytta ho til Stranda. I 35 år hadde ho vore i denne vakre fjelldalen. Det skulle då gå endå åtte år før dei siste flytta frå Verpesdal. Systera til Kristine, Sofie og mannen Ole på Jakobgarden i Verpesdal hadde ikkje flytta i 1964 heller, om det ikkje var for at lynet slo ned i transformatorstasjonen i dalen og gjorde dei straumlause. Å reparere vart for dyrt. Hadde det blitt alvor av planane i 1930-åra om å bygge veg frå Kilsti til Verpesdal, kunne kanskje mangt ha sett annleis ut. Det vart til og med gitt eit lite kommunalt tilskot til vegen, og tanken var at dei tre Verpesdal-gardane skulle dekkje halvparten av kostnaden. Noko arbeid vart utført, og i Verpesdal ser ein framleis spor etter vegen, men i dei økonomisk tronge 1930 åra viste det seg å bli eit for stort lyft for ei så lita grend, og arbeidet stansa opp. Framleis er det berre gangråsa som går mellom Verpesdal og Kisti. Råsa går over Kistiseter, ei av dei vakraste setrane på Sunnmøre. Vegen frå Verpesdal og ned til sjøen derimot er blant dei brattaste og om vinteren også blant dei farlegaste på Sunnmøre. Dei lærde å passe seg, borna i Verpesdalen, og det gjekk bra. I nyare tid er dessutan sjoavegen utbetra ein god del i høve til slik vegen var i gamle dagar. Då måtte ein gå over bratte svaberg utan noko å halde seg i. Om vinteren, med berrfrost og is, var vegen så godt som uframkomeleg utan noko å hogge fotfeste med. Fråflytt 1956.

Jakobgarden Jakobgarden ligg ytst i Verpesdalen. Stovehuset ein ser midt på bildet brann ned for nokre år sidan. Dette tradisjonsrike huset er altså borte. Eigarane har kjøpt ei brakke frå som dei har flytta opp til bruk som feriebustad. Det er stupande bratt ned til fjorden frå Verpesdalen, og sjoavegen er difor vanskeleg.

9

Sjølve Verpesdalen derimot ligg idyllisk til 250 moh. Dalen var i si tid krongods, og det har budd folk der i alle fall tilbake til middelalderen. Jakobgarden var den siste i Verpesdalen som vart fråflytt. Det skjedde i 1964. I 1919 gjekk Kilsti i Eidsdal saman med Ospahjell, Verpesdal og Skrenakken om å bygge telefonline fram til desse gardane. Seinare kom det også elektrisk kraft til Verpesdalen. Garden ville truleg ikkje ha blitt fråflytta i 1964 om det ikkje var for at lynet slo ned i transformatoren i Verpesdal og gjorde at bygda miste den elektriske krafta. Styresmaktene i Norddal kom til at det ville bli for dyrt å kjøpe ny transformator for berre to menneske som budde att i Jakobgarden. Lågspent straum hadde dei likevel, nok til eit par lyspærer. Smaken på det moderne samfunnet i form av elektrisk kraft, gjorde altså tanken på å bu i Verpesdalen utan kraft nokså utenkjeleg. Uansett ville det ha vore berre eit spørsmål om tid. Ingen ny generasjon sto klar til å ta over som heilårsinnbyggarar i denne vakre, men vanskeleg tilgjengelege dalen. Like etter hundreårsskiftet og fram mot andre verdskrigen budde det mykje folk i Verpesdalen. Ei tid var det rundt 20 born på dei tre gardane. Dei skulle fraktast til Ytterdal på skule. Det var ei veke skule og ei veke fri, og borna måtte ha med seg det dei hadde bruk for i skuleveka, også mat. Nabogardane til gardane i Verpesdal var Skrenakk og Ospahjell, og det var nokså vanleg at desse gardane skifte på å gå i julegjestebod til kvarandre, og dei hadde samkvem elles også, ikkje minst sommarstida.

OSPAHJELLEN ( Oterskinn ) Oterskinn eller Otterschind er nok det eldste namnet på Ospahjellen, og namnet vart heilt sikkert brukt om den første nyrydningsplassen som kom til tidleg på 1700-talet.

Då Hans Strøm reiste forbi her i 1750-åra vart begge namna brukt, men han skriv i «Søndmøres Beskrivelse» at Otterschind var det mest vanlege. Strøm seier at namnet kjem av «et nær stranden forekommende naturligt maleri paa den nøgne fieldside, hvilket baade i skabning og farve nogenledes ligner et utbredet otterskind». I dag er det vanskeleg å sjå noko slikt maleri, men mindre vegetasjon den gongen kan ha gjort at det kom til syne. Den same Strøm var elles særs oppteken av slike naturfenomen, og fortel segna om Sankt Olavs snushorn. Nokre marmorårar i fjellet like ved Ospahjellen kan med godvilje sjå ut som eit snushorn.

10

Dette skulle Heilag-Olav ha kasta opp i fjellet fordi han ikkje fekk noko ut då han riste på snushornet. Der vart det forvandla til stein, seier segna. Hans Strøm avviser sjølvsagt denne fabelen, og det er det all grunn til, for tobakken kom først til landet over 500 år etter Heilag-Olav. Oppe på Oterskinn, oppe på røra ovanfor dagens Ospahjellen, var det altså at denne garden vart rydda rundt 1700. Det var knapt om levebrødet og garden låg øyde i lange periodar. Ordet gjekk i Norddal-bygdene om at det spøkte på denne plassen.

Det brydde ikkje Gunder Aspehjell seg om då han kom frå Ytterdal og tok over garden i 1890. Det var Gunder som flytta garden ned der han ligg i dag, og den gamle garden vart brukt som seter. Det er huset på Oterskinn vi ser på bildet. I 1920 tok eldste sonen til Gunder og kona Nikolina, Nils, over halvparten av garden, saman med kona si, Olivia. Det var nokså vanleg i dei dagar når jordaguten gifte seg. Etter nokre år gjekk gamlefolket over på kår, og Nils og Olivia Aspehjell dreiv heile garden. Til liks med faren, var også Nils ein slitar. Han bygde nytt toetasjes stovehus inntil den gamle røykstova som sto att etter Gunder. Han bygde på løa. Alt saman med materialar han henta frå eigen skog. Det å vere nevenyttig på ein slik gard var nesten eit livsvilkår. Nils barka såleis geite- og kalveskinn og sydde sko til heile familien. Det var viktig å utnytte det garden kunne gi, slik at ein slapp å bruke av dei få kontantane ein hadde. Som attåtnæring, og for å skaffe seg kontante pengar, reiste Nils rundt i distriktet og sveisa i hop løypestrenger. Med utgangspunkt i eigne behov lærte han seg kunsten, og den spisskompetansen gjorde han til ei attåtnæring. Løypestrenger skulle dei ha på alle fjord- og fiellgardane og også på andre gardar i Norddal kommune. I 37 år dreiv Nils og Olivia Ospahjellen, men frå slutten av 1940-åra og fram til 1957, då garden vart fråflytt, fekk dei hjelp av først den eldste og så den yngste av sønene sine.

Nedre-Ospahjellen Eigentleg er dette to gardar, ein øvre og ein nedre. Den øvste garden er den eldste, og garden heitte i eldre tid Otterskinn. Garden vart truleg rydda tidleg på 1700-talet. I skattemanntalet for 1714 står det såleis: «Otterchind, oprydningsplass». Hans Strøm skriv i «Søndmøres Beskrivelse» at gardsnamnet Otterskinn kjem av eit naturleg maleri på «den nøgne fieldside, hvilket baade i skapning og farve nogenledes ligner et utbredt otterskind (oterskinn)». Denne første plassen låg høgt til fjells, og med ein svært bratt og uvegsom tilkomst frå sjøen. Det som truleg lokka den første nyryddaren var det same som for mange andre fjellgardar; gode beitetilhøve, godt jaktterreng og nok skog. Den øvste Ospehjell garden låg likevel så pass høgt at garden truleg ga ein heilt marginal levemåte. Utover på 1700-talet låg då også garden øyde i lange periodar.

11

I 1890 kjøpte så den siste slekta denne garden, som då hadde lege øyde sidan slutten av 1700-talet. Gunder Aspehjell kom frå Ytterdal.

12

Han kjøpte ei stove på Linge som han nærast stokk for stokk frakta opp til Øvste Ospahjellen. Det gjorde han i til dels svært ulendt terreng. Det slitet dette må ha vore, overgår vår fatteevne. Mens han frakta huset, bar det opp og reiste det, budde han og kona i ei lita utmarksløe, og maten deira kokte kona under ein heller! Den same Gunder fann fort ut at den nye boplassen låg for høgt til fjells. Åkeren var for mykje utsett for frost og våren kom for seint. Etter seks år på Øvste Ospahjellen fekk han difor kjøpt ein 400 meter brei teig nedover fjellsida, heilt ned til sjøen. Han starta å bryte ny jord lenger nede, der dagens Ospahjellen ligg. Han kjøpte seg eit hus frå Dalsbygda som han frakta ut og bar opp. Så kjøpte han løe på Skarbø på Stranda, som han også bord for bord bar opp frå sjøen. Han bygde seg båtstø og naust. Desse tok stormen etter nokre få år, og så var det å gå i gang med å bygge opp att. I tillegg heldt han fram med å rydde jord rundt det nye tunet sitt. Seinare bygde han på husa med plankar som han handsaga frå eigen skog. Gamlegarden oppe på Øvste Ospahjellen brukte han til seter. Dersom det skulle delast ut ein slitarpris, ville nok folk frå fjellgardane stå tett lengst framme, og blant dei alle fremste ville ein finne Gunder Aspehjell. I 1957 vart Ospahjellen fråflytta, men husa blir framleis brukt som feriebustad og haldne ved like.

Den bratte garden Dette bildet av tunet på Ospahjellen har Magne Flem teke nokre år etter 1957, då garden vart fråflytt. Det ser ut til å vere ferja M/ F «Norddalsfiord» som går på fjorden, og ho kom i drift først i 1961.

Tunet på Ospahjellen er plassert der det ligg av sjølve gründaren på garden, Gunder Aspehjell, som flytta hit ned i bratthenget nokre år etter at han kjøpte garden i 1890. Tidlegare låg tunet oppe på røra, og garden heitte Oterskinn. Litt av dei husa som Gunder bygde den gongen står den dag i dag. Den høgre enden av løa bygde Gunder, og denne sto tidlegare på Skarbø på Stranda. Den venstre enden av løa vart bygd av neste brukar av garden, sonen Nils, i samband med at han tok over i 1920. Denne enden som vart nytta til geitefiøs, henta han frå ei løe på Overå. Den eldste delen av bustadhuset, røykstova til høgre, vart bygd av Gunder, og er restane av det huset som han fekk kjøpt på Linge, reiv ned, frakta ut og bar opp på Ospahjellen.

Ein del av dette gamle huset vart rive i samband med at sonen Nils bygde nytt hus i 1920, det kvite vi ser på bildet. Materialane til dette henta han frå eigen skog og saga dei til med oppgongssag. Ostehuset som også ligg i tunet, ligg utanfor høgre bildekant.

13

Langs heile den 22 meter lange løa går det ein svalegang som gjorde at dei slapp å moke veg for å gi dyra mat vinters dag. Det var så bratt på garden at det var uråd å bruke hest. Gardsdrifta gjekk med handmakt og løypestreng. Ospahjellen ligg strategisk til for å kunne følgje med trafikken på fjorden. Då den første rutebå- ten kom inn fjorden i 1857, hjuldampbåten «Søndmør», budde det ingen her. Dette tunet vart busett først i 1896. Men frå stoveglasa her har dei vore vitne til den sterkt aukande rutetrafikken på fjorden. Dampbåtane gjekk til og frå Ålesund i faste ruter kvar veke, tysdag og laurdag frå Ålesund og onsdag og sundag ut att. Dampskipet «Geiranger» hadde lengst fartstid i den trafikken. I 1924 kom dampskipet «Nord- dalsfiord», ein staseleg fjordabåt, så fin at han på folkemunne gjekk under namnet «Silkemusa». Han hadde mykje silke og mahogni og flotte lugarar, særleg på første klasse. Snart vart fjord- rutene kopla til riksvegnettet, først gjennom motorbåten «Rollo» som gjekk i rute mellom Ørskog og Geiranger frå 1920. Seinare kom D/S «Rauma» i same ruta, før den legendariske motorferja MF «Geiranger» vart sett i drift i 1938. Denne ferja gjekk mellom Valldal – Stranda – Hellesylt - Geiranger og gjorde to turar for dag. For «Geiranger» skulle det bli tusenvis av turar forbi Ospahjellen. Ferja korresponderte i Valldal med ei ferje som gjekk til og frå Sjøholt. Denne var også innom både Ytterdal, Norddal, Stranda og Søvikdal på turane sine. I 1939 kom vegen frå Vaksvik til Dyrkorn, og Dyrkorn tok fram til 1956 over Sjøholt sin plass som endestasjon og sentral ferjestad. I 1956 kom Stordalsvegen og dermed var det riksveg heilt til Overå. Overåneset ferjekai vart ferdig i 1957, same året som Ospahjellen vart fråflytt. Det er nok til Overåneset denne ferja skal.

Ospahjell naustet

Naustet på fjord- og fjellgardane var livsnerven til verda omkring.

I naustet hadde dei båt og vegn og verkty og anna nødvendig utrustning. I tillegg var naustet på mange av desse gardane omkledningsrom til og frå kyrkje og byferd, og her lagra dei varer som skulle med løypestreng opp i garden. Dette bildet som Magne Flem tok tidleg i 1950-åra, viser naustet og støa i OspahjelIen. Det same naustet står den dag i dag. Han som dreg opp båten er Bjarne Aspehjell, den nest eldste av sønene til Nils og Olivia Aspehjell som dreiv denne garden i 37 år og som flytte derifrå i 1957.

Ospahjell-folket bygde seg ei hytte nede ved sjøen, litt ovanfor naustet. Det var ikkje store huset, men nok til at ein kunne ha kyrkjekleda hengande der og også rom til å byte om og til å oppbevare varer ein seinare skulle frakte opp til Ospahjellen. Når dei dreiv fiske, sette ut garn eller line, brukte dei også å overnatte i denne hytta. I dag har dei utvida denne hytta slik at ho er godt brukande til å bu i. På bildet står der ei mjølkespann oppe på ei kasse.

14

Det er anten ei tom spann som er blitt levert av mjølkebåten M/B »Hjalmar», som seinare fekk namnet «Yt- terdal», eller så er det ei full spann som skal fraktast til meieriet på Stranda. Jon Ytterdal starta mjølkeruta si tidleg i 1930-åra, og ikkje så mange åra etterpå tok også Ospahjellen til å sende mjølka frå to kyr og frå 25 geiter til meieriet. Før hadde dei ysta og separert og kinna og laga ost og smør. Nå vart det enklare når ein kunne frakte mjølkespannene ned til sjøen på løypestrengar heilt frå sætra. Då Gunder Aspehjell bygde opp denne garden nærast frå grunnen av, var båtstø og naust noko av det første og viktigaste han måtte ha. Han bygde eit solid naust til ein solid båt, men i 1899 kom ein nordvest storm og knuste det meste og sopte restane på sjøen. Til og med støa med ein mannshøg forstøtningsmur var borte. Gunder fekk låne ny båt i Fjørå, og redd som han var for å misse den også, drog han båten langt oppover svaberget og batt han fast. Han fekk hjelp til å mure opp ny nausttuft, lenger oppe frå sjøen denne gongen, og også ny stø vart laga til. Sidan har både naust og stø stått imot alle stormar. I 1920 tok sonen Nils og kona hans, Olivia, over drifta av garden. Heilt fram til han vart sjuk i slutten av 1940-åra bygde han bustadhus, utvida løa og dreiv garden på ein framifrå måte. Når han vart sjuk fekk han først hjelp av eldstesonen Gunvald og kona hans, Solveig, som kom flyttande til Ospahjellen frå flate Austlandet. Seinare var det yngste sonen, Martin, og kona hans, Rakel, som tok over. Også ho kom frå Austlandet, og dei fann seg til rette oppe i den bratte lia. Omstillingsevne blir det kalla.

YTTERDAL ( Eidsdal )

Dette er Ytterdal rundt 1910. Alt frå midten av 1800-talet var det i ferd med å vekse fram ein strandstad attmed nausta til Eidsdals-bøndene. I tillegg var det fleire gardsbruk også i dette området. Postkontor vart oppretta frå 1873, og fekk då namnet Ytredal.

Frå 1926 namneendring til Ytterdal, og frå 1950 vart dette endra til Eidsdal. Det siste skjedde ikkje uten ein lang og hard strid. Då dette bildet vart teke budde det 16 familiar på Ytterdal, og i tillegg to handelsmenn. Frå gamalt av var her også gjestgiveri og sagbruk. Når fjord- og fjellgardane Smoge, Skrenakken, Verpesdalen og Ospahjellen skulle sende borna sine til skule, var det hit dei vart sende. Det kvite smale huset midt på bildet er landhandelen Th. Ytterdal som framleis står. I 1857 kom hjulbåten «Søndmør» i rute på fiorden. Båten var nok eit framandt og litt skremmande syn for folk.

15

Då båten kom til Geiranger blir det til dømes fortalt at læraren vart så forfjamsa at han gløymde å gi skuleelevane lekse til neste dag. I lang tid gjekk rutebåten fjordane på langs ein gong for veka. Når folk vart sjuke og hadde bruk for doktor så var det berre flaks dersom rutebåten kunne vere til hjelp. I ein artikkel i 1938 i Sunnmørsposten blir det fortalt om ein doktorskyss frå Ytterdal til Ålesund i 1872. Det er den seinare skulestyrar O.M. Uri som fortel. Han var dreng i perioden frå 1871 til 1873 hos Elias Kleiven på Kleiva i Eidsdalen. Sommaren 1872 vart husbonden sjuk, han hadde truleg sprengt seg etter at han og drengen Uri som då var 17 år, hadde rodd ei ladning tømmerstokkar frå Røbbervika og inn til Ytterdal. Utfor Skrenakken fekk dei motvind og struplesjø, og det vart eit blodslit. Elias Kleiven kjende seg så dårleg at han måtte ta rutebåten til byen for å søkje doktor. Heimkomen etter tre veker var han heller verre enn når han reiste, og like etter vart Uri spurt om han ville ro til byen for å hente doktor Sødring. Han skulle ha med seg fem andre og dei skulle ro ein trerøring. Dei rodde frå Ytterdal ein onsdag klokka 14.00 og kom til Ålesund klokka 03.00 om natta. Dei kvilte i båten til klokka 09.00, då dei fekk innpass hos doktor Sødring. Han kunne ikkje reise før seinare på dagen. Klokka 15.00 torsdag tok dei til å ro innover med Sødring om bord. Dei kom til Ytterdal fredag morgon klokka 06.00. Tretten timar tok turen utover og 15 timar tok turen innover til Eidsdal. Doktoren reiste opp til Kleiva og undersøkte den sjuke. Klokka 18.00 fredag kom han ned til sjøen att, og det var å setje seg i båten for å ro Sødring til byen. Dei rodde heile natta. Neste dag, laurdag, var det så å ro inn att til Ytterdal. Dit kom dei sundag kveld klokka 21. Til saman hadde dei på desse fire turane til og frå Ålesund rodd i 61 timar, nesten utan søvn. Det var tider for folk med sterke armar og lite behov for søvn. Med pasienten, Elias Kleiven, gjekk det dårleg. Han døydde ikkje så lenge etterpå.

Slik var skikken Eidsdal / Norddal På Eide i Eidsdal går vi inn i ei torvtekt, lita og lun røykstove og helsar på gardbrukar Tore Eide og kona hans, Inger Gurine. Han er 91 år, ho 88. Vi spør om dei vil fortelje frå gamle dagar. Tore fortel: Eg var fødd på Ekre-plassen på Rønneberg. Far min heitte Samuel, mor Inger. Dei var bygsel-folk, og kunne fore ei ku og nokre få smale. Mor fortalde at då ho var lita, hadde dei ikkje klokke på Rønneberg. Endå til i overskya ver såg dei etter kvar «dagen» var, ein ljoske på himmelen dei greidde seg med det. Det kan nemnast at når dagen var rett over Tua ein haug ovanom Kleiva - var klokka 8 om morgonen, og frå Rønneberg var det då tid til å ta ut på kyrkjeveg. Folka var sterke og hardbalne. Det har vore fortalt om ein dei kalla Bertel-Peter på Rønneberg. Han skulle hente jordmora, det var mikkeli ( 29. september ), han la i veg berrføtt! Då eg var ung, seier Tore, heitte ei kone på Skuset Laurense. Ho hadde mange born. Laurense setra på Skuset-setra, mjølka fem kyr, og kvar dag bar ho mjølka 3 km. til gards. Så kokte ho memorgonsmat: sul og suppe, som dei sa. Det var kjøt, flesk og ertersuppe. Maten bar ho lang veg ut til slåttefolka i Skusetgjerda. Og når ho kom dit, var ikkje klokka meir enn 8 om morgonen. - Laurense vart meir enn 100 år! Til jul var det å bryggje og bake. Omkring 18-hundretalet hadde dei på mange gardar fått bakaromn som dei steikte julekaker i ( brød ). Dei som ikkje hadde bakaromn, steikte på hjelm. Dei mura opp ei bakstehelle i gruva, som oftast på tre beresteinar. Oppe på hella la dei ein jarnkrage som var kring 30 cm. høg. Denne kragen heitte hjelm, og han hadde ei luke - slik at ein kunne få inn ei vanleg stor kake. Oppe på hjelmen vart det lagt ei anna bakstehelle. Og så kveikte dei opp både under den første og over den andre hella. Eg har sett kaker vorte steikte på denne måten. Gjævaste matmålet julekvelden var når ein åt steika, saueribber som var steikte på trepinne over elden i grua. Denne kvelden skulle ein ikkje gnage alt av beina, men berre ete av det meste og beste. Tore ser på kona si. - No må du fortelje, seier han, du som er fødd og oppvaksa på Eide. Ja, svara ho. Men dei var ikkje onnorleis skikkane i min heim enn andre stader, dei var om lag like over alt i grenda. Og så sit ho Inger Gurine ei stund og tenkjer på kva ho skal fortelje om. Det er heller lågt under bitane i Øvstebakk-stova på Eide. Stoveglasa er også låge og småruta. På inste veggen attved kammersdøra heng ei svær klokke som tikkar og går og liksom pratar, på sin måte. Nei, ein skulle ikkje gnage alt av beina julekvelden, seier Inger Gurine. Men husmora sanka beina godt saman for å koke dei til eit måltid seinare ingen ting av mat vart bortkasta. Juletre hadde vi ikkje då eg var ung. Vi song mange julesongar, til langt ut over kvelden. Og far las juleevangeliet. Til kveldsmat var det lutefisk, poteter og mjølkesuppe. Når det var tid til å legge seg, tok dei til å bere inn halm og sengeklede for å lage til flatsenger alle skulle få sove i storestova julenatta. Ja, det høyrest vel underleg ut. Skikken var slik, og han var tilkomen av di alle skulle ha det triveleg. I dei dagane var det mange tenestefolk på garden som til vanleg måtte sove i kufjøset.

16

Så trongt, mørkt og kaldt det då ofte var i eit fjøs vart det ein stor skilnad å få sove i flatseng på stovegolvet, i reine og utlufta klede. Eg har sjølv sove i kufjøset, og eg har sove i flatseng på stovegolvet julenatta, fortel Inger Gurine Eide. Husmora var den første som var oppe juledagsmorgonen. Tenestejentene måtte opp i same stunda. Alle gjekk med ein gong til fjøset for å akte og mjølke. Drengane måtte bere ut halmen og sengekleda, og dei måtte sope stovegolvet. Så kom husmora heim att frå fjøset og dekka på julebordet. Det var to sortar kaker, siktakaker ( rugsikt ), grove rugmjølskaker og lefser. Til pålegg hadde dei søst, myseost og pressa sylteflesk, laga av grisehaud og kalvekjøt. Og dei drakk varm mjølk attåt. Det var ikkje jamt at alle fekk sitje saman ved bordet juledagsmorgonen, for folka skulle til kyrkje, og kvar stund måtte ein nøyte vel ut. Dei som skulle gå, måtte fare heimanfrå klokka åtte om morgonen. Det er ei mil frå Eide og ned til sjøen. Og det var ei halv sjømil til Norddal ( Dalsbygda ), der kyrkja står. Dei som køyrde, tok ut litt seinare. Dei køyrde med karmslede som det var lagt sengklede i - og varme klede kunne trengast vintersdag, når dei stundom måtte ta med kristna born. Hestane var velfødde og spreke. Og når eidsdølene såleis juledag kom frå alle tun og alle grender - ringla det i dombjøllene - så ein høyrde det på lang lei. Kvar mann hadde naust og båt nede ved Ytterdal. Som oftast var det stall i øvste enden av naustet. Å byte reiseklede med kyrkjeklede har vore brukt gjennom lange tider, men det tok no meir og meir til å bli slutt med det. Kan hende var det strandsitjarane som heldt lengst ut med skikken. Vintersdag kunne det ofte vere vådeleg for dei å ta ut på kyrkjeveg, men om sommaren var dei visse. Å eg minnest dei så godt: Han Røbergvik-Karolus - ho Ospahjell-Nikolina og mange fleire. Ho Nikolina sat jamt i bakskuten i Ospahjell-båten, og så hadde ho så overlag god kyrkjemat - brødskiver med beste sort brun og kvit geitost på. Kvinnfolka bytte på seg ein finare stakk, karane ei trøye. Hadde dei ei bu, bytte dei kleda der, men det kunne vere kvar som helst. Somme var det som bytte først etter at dei var komne inn til Dalsbygda, og då attved Tiendstabburet. Dette stabburet har truleg fått namn av di det der vart lagt tiend. På ein viss yrkedag kvar haust måtte alle gardbrukarane i sokna møte opp ved Tiendstabburet, så sant dei ikkje hadde lovleg forfall, for å levere korn ( bygg ). Presten fekk noko av tienden som Iøn. Og det var presten som tok mot kornet. Han hadde ein leigd mann til å hjelpe seg. Mengda på kornet var etter storleiken på garden. Ja, både Tore og eg minnest godt at det vart lagt tiend på denne måten, fortel 88-årige Inger Gurine Eide, men stabburet i Dalsbygda er vekk for lang tid sidan. Juledag var alle lysa i kyrkja tende. Stilt og med ein viss age gjekk dei gamle inn gjennom kyrkjedøra og fann plassane sine for å høyre Guds ord. - Men der kunne ofte vere fælt kaldt - der fanst ikkje oppvarming av noko slag. Kvinnfolka hadde med tjukke ullplagg som dei tok godt kring seg ( storeplagg ). - Og preikene var svært lange. Berre kyrkjereisa, særleg om sommaren, var ei stor oppleving. Når ungdomen gjekk på heimveg fram gjennom Eidsdalen, samla dei seg ofte i store flokkar og for mange tyktest mila å vere så altfor kort. Eldre folk tok kyrkjevegen til fots - så lenge dei hadde helse til det. Og det var dei som gjekk ned til sjøen laurdagskvelden for å overnatte der. Gudsordet var ei dyrebar eige. Eg minnest godt at far las ei bøn kvar laurdags- og sundagskveld. Og i dei helgedagane ein ikkje var til kyrkje, las han ei lang «preike» etter middagsmaten. Då var alle husets folk inne for å høyre på. Både Inger Gurine og Tore fortel om mange andre ting frå gamletida. Vi takkar for praten og gar ut, ut i ein haustdag då det enno er eit drag i lufta av varm sommar. Eidsvatnet ligg blankt og svart mellom grøne enger grå steinur og velstelte tun. Og over alt ruvar kjempehøge fjell. Ja, her ligg ei fjellgrend så vakker. Du skal fare vide for å finne maken.

17

Eidsdal

18