I smia ved Kvernelands Fabrikk ble ljåer, kniver og plogskjær slipt. FOTO: UKJENT / JÆRMUSEET KNUT GROVE På leit etter ein vestnorsk arbeidarkultur1

«…paa jæderfladen …. var (ikke) den kløft mellem gaardbruger og tjener, som skal til for at hævde den Karl Marx’ske opfatning.» Fagforeningsleiar i Stavanger i 1930-åra.

«Nøgsam som han var i sine krav til livet, men djupt tenkjande og livs- klok, merkte han seg ut som ein av dei trugne, arbeidsame gamal ­ haugianarane ein måtte få all vyrnad for.» Om Olav Torkelsen Myren (1848-1932), skipsbyggmeister i Sunnhordland.

«Her hev vore samspel og samarbeid mellom arbeidsherre og arbeidar; difor hev tiltaka lukkast so godt.» Ordføraren i Ørsta på Sunnmøre i 1939.

Industriarbeidarane i dei norske byane og ved industristadene som voks fram på byrjinga av 1900-talet gjekk inn i ei arbeidarklasse og –rørsle. 2 Slik vart arbeidsplass og arbeidarkultur i stor grad prega av ideala arbeid­arrørsla målbar. Men utanfor byar og nyetablerte industrisamfunn hadde fagforeiningar og arbeidarrørsle mange stader vanskeleg for å få nedslag. Samtidig kom det til ny industri også utanfor desse nye industri­ stadene.3 Kontrasten mellom dei nye industristadene og industrien som kom til i slike bygdesamfunn var stor. 4 I studiane av slik industri og av arbeidarkulturen i bedriftene har det i første rekkje vore forholdet mellom bedrift og lokalsamfunn som har vorte vektlagt. Eksistensen av regionale arbeidarkulturar har ikkje blitt diskutert som omgrep eller tema.5 Hypotesen er her at problema arbeidarrørsla hadde med å få nedslag på Vestlandet skuldast trekk ved ein særeigen arbeidarkultur på Vestlandet. Dette vil eg undersøka ved å ta utgangspunkt i forholda i 37 ARBEIDERHISTORIE 2016

industri ­bedrifter i tre ulike distrikt på Vestlandet i første del av det 20. hundreåret: Jæren, Sunnhordland og Sunnmøre.6 «Region» som omgrep viser til geografiske einingar på ulike nivå og må presiserast. Vestlandet vert ein region på eit landsdelsnivå – det vi kan kalla ein landsdelsregion, i dag sett saman av fylka , , og Møre og Romsdal. I dei ulike fylka vi finn i landsdelen i dag finn vi så geografiske område eller distrikt, med eigne identitetar knytte til landskap og med ei fortid som administrative einingar.7 Jæren i Rogaland, Sunnhordland i Hordaland og Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke er regionar på eit distriktsnivå – det vi kan kalla distriktsregionar. I dei tre distriktsregionane skjedde det ei oppblom - string av industribedrifter basert på lokale eigarar og lokal arbeidskraft frå byrjinga av 1900-talet. Kvart distrikt omfatta fleire kommunar og hadde minst 10 000 innbyggarar i 1900.8 Jæren, Sunnhordland og Sunn- møre har ein storleik som gjer det råd å studera felles trekk ved arbei- darkulturen i industribedriftene som kom til i kvar av dei frå rundt 1900.9 Målet er likevel ikkje å gje ei fullstendig komparativ analyse, men å samanlikna dei tre distriktsregionane med tanke på å koma på sporet av skilnader og felles trekk som kan nyttast for vidare analysar.10 Eg går her først inn på arbeidarkultur som omgrep og viser relasjonane ­ arbeidarkulturar er vevne inn i; relasjonar ikkje berre til lokalsamfunn, men også til regionar på distrikts- og landsdelsnivå. Ved å sjå på indu­ strien og bedriftene som kom til i den einskilde distriktsregionen vert det råd å få fram kva trekk og kva relasjonar dei bedriftsspesifikke arbeidar- kulturane inngår i. Dei spesifiserte trekka ved arbeidarkulturane kan så samanliknast distriktsregionane i mellom og nyttast som eit grunnlag for å diskutera om det er meiningsfullt å snakka om ein vestnorsk arbeidar- kultur.

Frå bedrift til region. Ei utviding av det relasjonelle arbeidarkulturomgrepet I studiane av arbeidarkultur vart omgrepet i utgangspunktet forstått som eit fast sett av verdiar knytte til solidaritet med andre arbeidarar og med tilslutnad til arbeidarrørsla. Det var ein kultur som omslutta arbeidaren der han levde livet sitt, på arbeidsplassen, i bustadmiljøet og gjennom sine organisasjonar, pregnant uttrykt av Arne Kokkvoll: «[…] det sentrale her er et knippe av holdninger, tenkemåter, væremåter som er knyttet til eller springer ut av begrepet solidaritet, definert som fellesskap, samkjensle, samvirke, samaksjon. Det er kollektivet, samfunnet – det lille og det store – som står i sentrum.» 11 Ei slik tilnærming var i stor grad i samsvar med rørsla si eiga forståing, og fram til siste halvdel av 1970-åra 38 også i det meste av den arbeidslivhistoriske forskinga. I 1980- og 1990- ARBEIDERHISTORIE 2016

åra vart ei slik normativ omgrepsfesting utfordra av ei tilnærming som avviste ein slik verdimessig tilslutnad.12 Då vart arbeidarkultur eit omgrep som gjorde det råd å få grep om fleire, men samtidig mindre eintydige trekk ved det som er felles for arbeidstakarar. I den norske arbeidslivshistoriske forskinga er det i dag stort sett semje om at det med ulike arbeidarar og arbeidsplassar eksisterer og har eksistert eit mangfald av arbeidarkulturar.13 Nokre grupper arbeidarar organiserte seg tidleg, og var med på å skapa og å gje deler av arbeidar- klassen ein arbeidarkultur med andre trekk enn mellom dei som ikkje slutta seg til arbeidarrørsla og deira ideal.14 I tilslutnad til ei slik oppfat- ning, men med vekt på relasjonane desse arbeidarkulturane gjekk inn i, heldt Jan Heiret og eg i 1998 fram at ein arbeidarkultur må «ta utgangs- punkt i arbeidsplassen og vera lokalisert til ein bestemt stad, der erfa- ringane arbeidarane gjer seg utanfor arbeidet også er med på å forma dei og deira oppfatningar. Arbeidarane inngår såleis i eit sett av rela - sjonar som påverkar måten dei tenker og handlar på. Det relasjonelle må understrekast, også mellom dei ulike nivåa arbeidarane og arbeids - plassen deira inngår i, som bedrift, lokalsamfunn, nasjonalstat og konsern.»15 Samanhengen arbeidstakarane går inn i er sentral. Koplingane mellom arbeidsplass og lokalsamfunnet på den eine sida og mellom arbeidsplass og arbeidarrørsla på nasjonalt nivå har gjerne vorte vektlagt, og som i vår definisjon også konsernet. Men settet av relasjonar arbeidar­ kulturen inngår i viser til fleire geografiske nivå enn lokal ­ I den norske arbeids- samfunn og nasjonalstat. Edvard Bull d.y. og Knut Kjeldstadli livshistoriske peikte såleis i 1980-åra på at det eksisterte interessante forskinga er det i dag geo­grafiske skilnader i haldningane mellom arbeidstakarar og stort sett semje om at arbeidarar og på forholdet og tilslutnaden deira til fagorgan ­ det med ulike isering som gjekk utover lokalsamfunna.16 Å undersøka om slike arbeidarar og haldningar systematisk er til stades eller ikkje for arbeids­takarar i eit spesifikt geografisk område vil vera mellom spørsmåla som arbeidsplassar må stillast for å kunna finna ut om ein regional arbeidarkultur eksisterer og har eksisterer eller ikkje. Det relasjonelle arbeidarkultur­omgrepet eksistert eit mangfald har eit deskriptivt og analytisk utgangspunkt. 17 Med utgangs- av arbeidarkulturar. punkt i etnologen Brit Berggreen legg eg her (som i 1998) til grunn at ein kultur er å forstå som ein livstotalitet eller levesett, som eit sett av haldningar, verdiar og ferdigheiter menneske har som gruppe og som kjem til uttrykk materielt, sosialt og ideologisk. Arbeidarkulturen i bedriftene inngår i relasjonar til andre samfunn­ seiningar og -nivå – til eigarane, til selskapet eller konsernet bedrifta måtte inngå i, til lokalsamfunn, regionar og nasjon og til dei materielle, sosiale og ideologiske aspekt han som kultur er sett saman av. Dei mate- rielle aspekta knyter seg først og fremst til spørsmåla om eigedom og 39 ARBEIDERHISTORIE 2016

klasse, medan tilhøvet til andre samfunnsgrupper og samansettinga av miljøet viser til korleis ulike grupper menneske ordnar forholda seg imellom, medan tilhøvet til fagrørsla og den religiøse innstillinga i arbeidsstokken viser til det ideologiske aspektet. Definisjonen gjev ingen av dei tre dimensjonane nokon privilegert posisjon i høve til kva som avgjer korleis arbeidarane tenkjer og handlar.18 Det er dei konkrete relasjonane som pregar arbeidarkulturen i ulike bedrifter i same region som gjer det råd å snakka om regional arbeidar- kultur. Relasjonane mellom bedrift, lokalsamfunn og region må analyse- rast kvar for seg. Forholda ved bedriftene må først sjåast i samanheng med lokale forhold, til samfunna dei var ein del av. Deretter må forholda ved dei ulike lokalsamfunna sjåast i høve til dei regionale nivå dei inngår i, både på distriktsnivå og landsdelsnivå.

Regionar på ulike samfunnsnivå – Vestlandet og distriktsregionane Regionar er romlege storleikar som viser til geografiske område av svært ulik utstrekning. Dei kan eksistera både over og under ein stat: over til dømes om nasjonalstatane som til saman utgjer Norden, eller Øresund­ regionen, som koplar saman den vestlegaste og austlegaste delen av Sverige og Danmark; innanfor staten landsdelar som Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg; men også på nivå under landsdelane, med geografiske område som dei det blir sett på her og som samtidig er ein del av Vestlandet.19 Jæren, Sunnhordland og Sunnmøre er distrikts­ regionar; men er også ein del av Vestlandet som landsdelsregion. Eg ser her på forholdet mellom desse to regionale nivåa og region som omgrep. Deretter ser eg på dei overordna trekka ved Vestlandet som gjer det råd å snakka om landsdelen som ein region. Gjennomgangen dannar ein bakgrunn eller ei ramme for å sjå på arbeidarkulturen i dei tre distrikta på Vestlandet og for å sjå på desse samla i høve til spørsmålet om det fins ein spesifikk arbeidarkultur for Vestlandet. I tillegg til ramma naturen gjennom fjell og vatn gjev menneska innanfor eit bestemt geografisk område utviklar menneska der fellesskap gjennom å vera underlagt det same politisk-administrative styret, ha eit kulturelt hopehav eller gjennom økonomisk samhandling.20 Slike forhold verkar gjerne saman: å betala same skatt, ha same militære plikter, same domstol, gå i kyrkja eller samlast rundt andre felles religiøse tilstelningar, dela mat- og festtradisjonar og ha kontakt med dei same represent ­ antane for styresmaktene, eller å driva handel saman kan vera med på å etablera fellesskap og identitet. Slik utviklar det seg historisk forankra fellesskap som gjev landsdelsregionar og distriktsregionar identitet. 21 40 Fellesskapen mellom folk går utover den personlege knytt til stad og ARBEIDERHISTORIE 2016

41 ARBEIDERHISTORIE 2016

lokalsamfunn – og viser til ein regional identitet som sunnmøring eller vestlending. Spørsmålet er i kva grad trekk ved distrikt eller landsdel som region kan bidra til å forklara skilnader i nedslaga for arbeidarrørsla og arbeidar­ kulturen dei representerte. Edvard Bull d.y la vekt på at vilkåra for utvik- linga av eit lokalt klassemedvit var svært ulike på forskjellige geografiske stader.22 I hans analysar av forholdet mellom arbeidsplass og omverda viste det siste til det han kalla «arbeidarmiljø», som var å finna ein stad mellom «den norske arbeiderklasse» og det einskilde hushald. 23 Bulls omgrep viste at lokal tilhøyrsle kunne vera viktigare for den einskilde enn å verta med i ein fagorganisasjon og fellesskapa arbeidar­rørsla repre- senterte, nasjonalt som internasjonalt. Arbeidarm­ iljøomgrepet er tenleg for å analysera forholdet mellom arbeidarar, bedrift og lokalsamfunn, men tek i mindre grad opp i seg relasjonane arbeidarkulturen inngår i på geografiske nivå over dette. Eg held difor på «lokalsamfunn» På Vestlandet spela som med ei meir deskriptiv innretting går betre i hop med såleis lekmannsrørsla distrikt og landsdel som regionale nivå. ei viktig rolle, Bull kunne altså sjølv, slik Knut Kjeldstadli peikte på i høve viktigare enn religiøse til bindet hans i Arbeiderbevegelsens historie (AH), gjeve regi- rørsler andre stader i onale skilnader ei meir generell forklaringskraft i studiane sine. Bulls materiale og inntak kunne gjennom ei klargjering av kva landet. område dei ulike arbeidarmiljøa låg i og kva likskapar og skil- nader som var mellom område på ulike nivå, gjeve opphav til meir regio- nale årsaksforklaringar. Øyvind Bjørnson hadde i sitt bind av AH eit klarare metodisk grep, som i sterkare grad løfta fram geografiske varia- sjonar. 24 Slik fekk han tydlegare fram kvifor det nokre stader utvikla seg eit fellesskap mellom arbeidarane, andre stader ikkje. Men heller ikkje hos Bjørnson vart arbeidarkultur sett inn i ein eksplisitt regional saman- heng. Finn Olstad hadde i sitt band av LO-historia mykje av den same tilnærminga som Bjørnson då han såg på variasjonane i haldningar til klasse, klassekamp og solidaritet.25 Hos Olstad blir dei geografiske varia- sjonar han fann i første rekkje forklart som uttrykk for ideologi, der agitatorar og ideologar i større eller mindre grad fann fruktbar mark der dei søkte å utbreia arbeidarrørsla sitt tankegods. I den grad ideologi skal trekkast inn, må også det som vart oppfatta som motkrefter til arbeidar- rørsla sin ideologi trekkast inn i analysane. Her var det vesentlege geografiske skilnader. På Vestlandet spela såleis lekmannsrørsla ei viktig rolle, viktigare enn religiøse rørsler andre stader i landet.26 Dag Hundstad har vist korleis den regionhistoriske forskinga i Noreg gjev mange døme på korleis regionar blir til og formar seg over tid, både når det gjeld geografisk omfang og identitet. I Noreg vart landsdels ­ identitetane slik vi kjenner dei i dag for ein stor del til i same tid og til dels 42 som ein del av prosessen som etablerte Noreg som ein nasjonalstat i ARBEIDERHISTORIE 2016

overgangen frå 1800- til 1900-talet. Dette galdt også den nye landsdelen Sørlandet, der dei to -fylka fram til byrjinga av 1900-talet vart rekna som ein del av Vestlandet.27 Som landsdelsregion viser Vestlandet til eit historisk admin ­istrativt fellesskap som tok utgangspunkt i grensene for Gulatinget, men der lands- delen først var kalla Vestlandet i første del av 1800-talet. 28 Seinare i hundreåret vart overgangen frå det tradisjonelle til det moderne samfunnet karakterisert av ei politisk mobilisering rundt det statsvitaren Stein Rokkan kalla motkulturar – politiske uttrykk for verdiane i dei store folkerørslene – i første rekkje avhald, lekmannskristendom og norskdom.29 Då Hans Try midt i 1980-åra laga den store oversikta si over framvoksteren og utviklinga av norsk organisasjonsliv, stilte han spørsmål om strekninga mellom og Lindesnes var særleg fruktbart for for­einingsskipnader som var meir desentrale og demokratiske enn andre stader i landet.30 Try viste her til Vestlandet sør for Bergen. Men med geografen Gabriel Øidne veit vi at området kan utvidast nordover til og med Sunnmøre. Øidne viste også korleis det fantes eit Fjell- og fjord-Noreg meir knytt til norskdom, Grundtvig og statskyrkja – medan kyst og kystnære strok var orientert mot lekmannskristendomen og mindre mot det nasjonale.31 Slike trekk kan også finnast att i distriktsregionane, med meir eller mindre klare skilnader mellom indre og ytre strok. Dei nye industristadene vart i første rekkje liggande i Øidnes Fjell- og fjord-Noreg, på vestsida av fjella – på stader som Tyssedal, Odda og Ålvik i Hardanger, Sauda i Ryfylke og Høyanger i Sogn. Her var det fossefall og med fjorden høve til å kunna transportera så vel råstoffa til produk- sjonen inn som dei ferdige produkta ut. Industristadene vart gjerne eigne «klassesamfunn».32 Men dei nye industristadene kom også i område som stod arbeidarrørsla nærare. Politisk høyrde dei til i den meir nasjo - nalsinna og frilyndte delen av Venstre der avstanden til arbeidarrørsla ikkje var så stor.33 Denne politiske innrettinga delte likevel områda rundt dei nye industristadene med andre deler av landet utanom Austlandet. Finn Olstad har vist korleis fagorganisering i 1914 langt på veg var eit austlandsfenomen, med 44 prosent av dei organisasjonsmoglege og 58 prosent av alle organiserte. Vestlandet hadde 22 prosent organisering, mindre enn Trøndelag, men meir enn både Nord-Norge og Sørlandet. 34 Samtidig hadde Vestlandet fleire store byar enn dei andre landsdelane, i første rekkje Stavanger og Bergen, der fagorganisasjonane stod langt sterkare enn i landdistrikta.35 I Oddbjørn Melles artikkel om den sunnmørske utakten i «Arbeidar- partistaten» etter krigen viser han dei vedvarande problema LO og Arbeidarpartiet hadde med Sunnmøre og parti- og fagorganisasjon der frå rundt 1920 og fram til 1970-åra. Her peika han på trekk ved det han kalla ein regional typologi for Sunnmøre. 36 Melle søkte å visa korleis 43 ARBEIDERHISTORIE 2016

samfunnsmessig egalitet fekk eit sterkt individualistisk og nasjonalde- mokratisk drag i ein slik typologi, noko som gjorde at dei som slutta seg til arbeidarrørsla, kom til å verka som ein motkultur også i rørsla sjølv. Her fann han ein stabil ideologisk akse gjennom heile tidsrommet han såg på. Dei kulturelle trekka i Melles regionale typologi med vekt på eit samfunn prega av jamlikskap mellom individ, ja til og med individualistar, stod i kontrast til arbeidarrørsla sine oppfatningar om sentralisme og hierarki i deira organisatoriske apparat. I Max Webers tradisjon ser Melle til forholdet mellom lekmannsrørsla og den religiøse innstillinga i lokal- samfunna bedriftene var ein del av. I lekmannsrørsla var det å vera uavhengig av kyrkja og sjølve kunna tolka skrifta viktig. Kristendomen var eit uttrykk for ei indre kraft. Men i rørsla vart det gjerne i praksis lagt stor vekt på ytre livsferd, der gjerningane til den einskilde var viktig. «Timelege aktivitetar» var også noko ein kristen plikta å driva med – ein skulle arbeida for framgang – for å æra Gud, vera til nytte for andre og for samfunnet – men utan at eigne behov og eige forbruk kom først. Det at ein lukkast, var eit uttrykk for Guds signing av eigen dugleik.37 Samtidig har det i studiane av forholdet mellom religion og bedrift i hovudsak vore fokus på gründerane og deira tru, medan korleis arbeidar- kulturen i bedriftene har vorte prega av dette ikkje har vorte analysert for seg.38 I ein slik analyse må gründer og bedriftseigar vera med for å få grep om relasjonane mellom han og arbeidsstokken. Samtidig må forholdet mellom ein økonomisk pietisme, prega av lekmannsrørsla, og dei paternalistiske trekka den har, trekkast fram og diskuterast i høve til forholda i dei bedriftene og distriktsregionane på Vestlandet i byrjinga av 1900-talet der blir sette på her.39 I eit paternalistisk system vert bedrifta sett som (og var i mange tilfelle også) eit framhald av eit tradisjonelt fami- liehushald med bedriftseigaren som husfar og arbeidsherre. Arbeids - herren si forståing av tilveret pregar måten menneska han har i arbeid på oppfattar røyndomen - det paternalisten meiner, bestemmer kva menneska i miljøet rundt han kan meina. Arbeidar og arbeidsgjevar har felles interesser, men innanfor eit klart og erkjent over- og underord - ningsordningsforhold dei imellom.40 Det attkjennande familiemønsteret rundt bedrifta og innvevinga i lokalsamfunnet skapar sosial stabilitet, med aksept for maktrelasjonane. Paternalisme er eit generelt trekk i det tidlege industrisamfunnet, som vi i Noreg kjenner frå brukssamfunn austpå eller i tekstilindustrien rundt Bergen i siste halvdel av 1800-talet.41

Arbeidarkulturar på Vestlandet Jæren, Sunnhordland og Sunnmøre er alle distriktsregionar med ein 44 tydeleg identitet. Alle har ei fortid som administrative regionar. Sunn- ARBEIDERHISTORIE 2016

hordland og Sunnmøre er øy- og fjordlandskap der fiske og jordbruk – gjerne i kombinasjon – var dei viktigaste næringsvegane i siste del av 1800-talet. På Jæren vart på same tid lyng- og heilandskapet, som domi- nerer i det som vert kalla det eigentlege Jæren (Sør-Jæren), drenert og dyrka opp som ein del av omlegginga av jordbruket. Utlesinga av arbeidarkulturen i dei tre distriktsregionane tek i hovudsak utgangspunkt i faghistoriske framstillingar. Industrien på Jæren – i praksis Sør-Jæren, inkludert Sandnes - er omhandla av Lars Gaute Jøssang, medan Eldar Høidal har sett på møbelindustrien og næringslivet elles i bygdene på Sunnmøre. Nils Kolle har sett på motor- fabrikken på Rubbestadneset i Sunnhordland, medan forholda ved treskipsbyggeriet i Opsangervågen i Kvinnherad i første rekkje byggjer på bedriftshistoria til Hans Nerhus frå 1955, pluss ein mindre artikkel av ny dato.42 I tillegg er det nytta tilfang og analysar frå eit prosjekt frå det arbeidslivshistoriske miljøet i Bergen i 1990-åra om jern- og metallin - dustrien i Sunnhordland.43 Regionar på distriktsnivå kan vera særleg interessante for å studera kulturelle fellesskap.44 Dei utvikla seg om lag på same tid, men på ulike måtar, til viktige industriområde på Vestlandet. Arbeidarkulturane som vart etablerte i desse tre distriktsregionane kan analyserast for seg, men der ei samla analyse vil gje grunnlag for å finna eventuelle likskapar som for Vestlandet som heilskap. Kva karakteriserte den regionale arbeidar- kulturen i kvar av dei tre distriktsregionane? Kva var forskjellig? Kva fellestrekk finn vi og korleis kan dei forklarast?

Reiskapsindustrien på Jæren Rundt 1900 vart Jæren bunde saman som ein regional fellesskap.45 Nye vegar og jernbanen – Jærbanen - styrka kontakten mellom menneska i området søraust for Stavanger. Det voks fram stasjonsbyar som samla mykje av det nye og moderne. Samanvevinga av jord og jern, jordbruk og industri vart eit særmerke for det Lars Gaute Jøssang kallar jærkapi- talismen. Det utvikla seg lokalsamfunn rundt nye bedrifter. Slike «Indus- triøyar i bondehav» var karakteristiske for tida frå 1900 til 1940.46 Dette var likevel «øyar» med andre samfunn enn ved industristadene som om lag på same tid kom til rundt fossefalla i vestlandsfjordane lenger nord. På Jæren var det ikkje råd å få produsert så mykje elektrisitet at ein kunne bygga industrien opp rundt han, men nok til å kunna bygga annan og mindre kraftkrevande industri. Kva karakteriserte så industrien som voks fram i Jær-samfunna rundt 1900? Ser vi først på relasjonane mellom arbeidsstokk, bedrift og lokal- samfunn kjem fleire trekk til syne. Dei to reiskapsprodusentane Kverne- land og Kyllingstad tener her som utgangspunkt. Begge voks ut av smia 45 ARBEIDERHISTORIE 2016

Ansatte ved Kvernelands Fabrikk rundt 1910. Plogen i forgrunnen var nok et av produktene som arbeiderne var mest stolte av. FOTO: UKJENT / JÆRMUSEET

på gardane til dei som etablerte bedriftene. Garden til Ole G. Kverneland låg ved Frøylandsvatnet i Time, der han prøvde ut sjølvlaga produkt frå lommeknivar til syklar, men etter kvart med konsentrasjon rundt plogar – den viktigaste av reiskapane i det nye jordbruket. Verksemda ekspan- derte raskt. I 1894 gjorde Kverneland firmaet om til eit aksjeselskap. Det vart bygd ut og laga fabrikkompleks med hallar og med elektrisk straum etter at gründeren hadde sikra seg fallrettar.47 Hushaldet knytte arbeid, matstell, hus og fritid saman ved mange av dei nye småbedriftene. Ole Kyllingstad dreiv smia på småbruket i Klepp- eskrossen som ein del av garden. Kona stelte med mat og klede til dei alle, tok hand om det meste av gardsdrifta, men også korrespondanse og forretningsførsel. Slik var det også ved Kverneland. Dei første tilsette var ein del av huslyden, der dei åt og budde saman med dei andre i familien – som også arbeidde i smia.48 Utgangspunkt med garden og smia der var typisk for dei første indus- triverksemdene.49 Likskap og samkjensle vart understreka ved at arbei- darane følgde sjefen inn i privatsfæra. Men då smia vart til bedrift vart det etter kvart ikkje lenger råd med felleshushald. Etter hundreårskiftet vart det bygd eigne hyblar for arbeidarane, tilsett eiga husmor med 46 tenestejenter og arbeidarane fekk sin eigen matsal. Men Kverneland ARBEIDERHISTORIE 2016

heldt på rekrutteringsgrunnlaget. Han selde jord til gode arbeidarar, ansvarleggjorde og sikra både dei og seg sjølv. I 1920-åra hadde Kverne- land vorte Noregs største produsent av landbruksreiskapar.50 Kyllingstad vart omgjort til aksjeselskap i 1920, som Kyllingstad Plog og Maskinfa- brikk AS. Selskapet gjekk då raskt overende, men starta opp på nytt, no som Kyllingstad Plogfabrikk AS. Utover i 1930-åra voks selskapet og fekk mange nye produkt i tillegg til plogane (horver, hakker og anna).51 Der smiene vart til verkstader, fungerte gründeren i røynda som ein handverkmeister, med svennar og læregutar knyta til seg, i tillegg til reine handlangarar. Der gjekk meisteren «jamsides arbeidarane sine og sveitta, klaga og gledde seg til liks med dei».52 Handverksarbeidet gav også høve til å utføra arbeidet med hjelp av eigen kunnskap, handlag og knep. Dermed kunne læringa også skje innan arbeidsstokken, og frå arbeidaren til meisteren. Autoritetsrelasjonane vart dermed mindre klare. Sjølv om statusskilnader eksisterte, høyrde ein grunnleggande sett til same laget. Gjennom personen Ole G. Kverneland kjem relasjonane mellom arbeidsstokk, bedrift og lokalsamfunn godt til syne. I lokalsamfunnet på Time blei bedriftseigaren sjølv «pytt og panne», både på og utanfor fabrikken; utanfor i kommunestyret, på bedehuset, som postopnar, politi og brannsjef. 53 Kverneland var også ein god ven av den ruvande lekmannshovdingen Lars Oftedal med hovudsete i Stavanger, og ønskte som «oftedøl», vakt og kristenleiar også å prega det religiøse inn i sine tilsette.54 Samtidig gjekk preginga også andre vegen: Berge Furre viser i biografien om Oftedal korleis han var ein talsmann for den moderne tida i økonomisk samanheng, som gjerne støtta folk som satsa på nye næringar og verksemder. Lekmannsrørsla gav eit fellesskap mellom bedriftseigar og arbeidarar utanfor arbeidet. Slik var jærkapitalismen som Jøssang understrekar også ein kristen kapitalisme, eit uttrykk for «den økonomiske pietismen». 55 Kverneland- Lekmannsrørsla gav bedrifta kom til å bli eit synleg og varig uttrykk for dette. 56 eit fellesskap mellom Denne nye kapitalismen bygde på eit moralsk etos som var bedriftseigar og med på å gje han legitimitet, og var med på å hjelpa fram den arbeidarar utanfor nye småborgarskapen. Slik var jærkapitalismen også ein del av det Francis Sejersted kalla demokratisk kapitalisme og som arbeidet. vart eit kjenneteikn ved perioden vi her ser på.57 Det demokratiske elementet ved samfunnet på Jæren vert også på andre felt understreka hos Jøssang. I stasjonsbyane vart bedehuset saman med kommunehuset, fabrikkane, handelslaget og sparebanken sentrale haldepunkt. Slike «små, nære og stort sett demokratiske insti- tusjonar» gav form og innhald både til stasjonsbyane og til Jæren. Dei som budde der hadde teke initiativ til husa, dei brukte dei og husa var i seg sjølve opne og inkluderande. Dette gav regionen ein særeigen forma- sjon: samlokaliseringa opna for kommunikasjon, handling og nettverks- 47 ARBEIDERHISTORIE 2016

bygging og vart forsterka av innbyggarar som var aktive på fleire arenaer, og som på same tid såg nokolunde likt på verda, meinte mykje likt og kunne samhandla.58 Rundt 1900 tok arbeidarrørsla til å få fotfeste i Stavanger og kom til å stå sterkt på nye industriplassar som Sauda og Jørpeland. Men på sjølve Jæren fekk rørsla berre punktnedslag i Sandnes og nokre foreinings ­ danningar i Ålgård og Oltedal. Arbeidarleiarane i Stavanger slo fast at på Jæren var det lite å henta: «Og det hadde sin grund i, at der paa jæder- fladen ikke var den kløft mellem gaardbruger og tjener, som skal til for at hævde den Karl Marx’ske opfatning.» Slik heldt det fram å vera heilt fram til slutten av 1930-åra. Foreiningar viste til motsetnadsforhold mellom arbeidarar og tilsette. Men sa ikkje skrifta at slike motsetnader ikkje fantes? Det meinte i alle fall direktøren ved ullvarefabrikken Svanedal i Egersund. Det var synd å organisera seg - slikt ville han ikkje ha ved si bedrift. Arbeidarane slutta og etablerte i staden Gjesdal spinneri. Ved Aase Dreieri nekta også direktøren organisering, med streik som konse- kvens – og foreiningsdanning som resultat. I 1939 organiserte så arbeid­ arane ved Kvernelands Fabrikk seg og gav arbeidarrørsla det Jøssang kallar «eit bruhovud i ei av dei største og viktigaste jærbedriftene».59 Jærindustrien var fram til krigen særleg prega av dei mange småbe- driftene, av haldningar hjå arbeidsgjevar knytte til religiøs samforstand mellom arbeidstakarane og seg sjølve, men også av ein handverkspater- nalisme. Då fagorganiseringa først kom, kan det tolkast som eit resultat av at industriarbeidarane på Jæren var i ferd med å forstå seg sjølv som del av ein arbeidarklasse, at dei ville hevda interessene sine «på ein ny og meir bestemt måte».60 Motsett kan det hevdast at arbeidarrørsla midt i 1930-åra var meir avslipt og moderat og dermed også kunne represen- tera arbeidarane på Jæren. Avradikaliseringa frå byrjinga av tiåret, kriseforliket og Hovudavtalen i 1936 var her viktige årsaker. Og også arbeidsgjevarane tok no til å organisera seg - ikkje berre åndelege felles- skap, men også organisatoriske fellesskap sameina jærkapitalistane. Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar hadde no behov for avklara og meir formaliserte relasjonar.

Sunnhordland Sunnhordland sørvest i Hordaland er ei blanding av øykommunar og fastland der enden av Hardangerfjorden møter havet. Regionen hadde lange tradisjonar for treskipsbygging, men fekk frå slutten av 1800-talet også annan industri. Denne kom i første rekkje på Stord, med hermetikk- fabrikk og etter kvart sildoljefabrikk i Leirvik og gruvedrift på Litlabø.61 Tre store treskipsbyggeri i Sagvåg på Stord, og Rosendal og på Sunde i 48 Opsangervågen i Kvinnherad førte båtbyggartradisjonane inn i den ARBEIDERHISTORIE 2016

moderne tida. Den siste av desse, Gravdal skipsbyggeri i Opsangervågen, vil bli sett på her. Den nye tida stilte også andre krav til framdrift enn segl og årer. Den nye motorfabrikken på Rubbestadneset på Bømlo laga båtmotorar og er det andre inntaket til å sjå på forholda i Sunnhordland. I Kvinnherad voks det frå slutten av 1800-talet fram eit lokalsamfunn i Opsangervågen prega av verftet. På om lag same tid og vis var det på Rubbestadneset på Bømlo etter at Haldorsens motorfabrikk i mellom- krigstida voks til å bli den største av sitt slag i Noreg.62 Rubbestadneset er på Bremnes, ein av tre øyer som i 1963 vart til Bømlo kommune. Fram til krigen var Rubbestadneset utan vegforbindelse til resten av øya. 63 Opsangervågen på Sunde i Kvinnherad husa Gravdals treskipsbyggeri frå 1892. Då flytta treskipsbyggeriet frå staden det heitte frå, Gravdal (i Høydalsbygd) på Halsnøy. I Opsangervågen var det då ikkje mange husa, men ein lun våg for verven og ei elv som kunne driva eit sagbruk og laga materiale.64 Med utgangspunkt i ein stadig utvida og modernisert vervs- plass, var i 1925 «staden no tettsett med nye heimar».65 På Rubbestad- neset var det før fabrikken kom ei grend med ti småbruk. Med motorfabrikken som katalysator vart grenda forvandla til eit lokalsam- funn med ei rekkje moderne funksjonar. Det kom butikk, telefon, og post- kontor, og Hardanger-Sunnhordlandske Dampskipselskap (HSD) byrja med faste rutestopp ein gong i tida 1908-1912. Eit lagsliv tok form, først med eit kristeleg ungdomslag, så sangkor, musikklag og IOGT-forening – med fabrikken sine lokale som forsamlingshus. Dei to gründerane Hans Gravdal ved treskipsbyggeriet i Opsanger- vågen og Martines Haldorsen ved motorfabrikken på Rubbestadneset gjekk både for å vera tradisjonsmedvitne, og som dei fremste i Sunnhord- land når det galdt å ta opp nye idear. Det var også forretningsmessige koplingar mellom dei to - såleis heitte det at i båtane til Gravdal var det ein Wichmann-motor frå Rubbestadneset som skulle brukast.66 Men kva karakteriserte arbeidsstokkane på Rubbestadneset og i Opsangervågen, og korleis vart dei rekrutterte? Dei fleste som kom til Rubbestadneset og byrja som læregutar i tida før første verdskrig var over, vart verande. Sjølv om løna var låg fekk dei som byrja ved fabrikken mat, stell og hus - og til slutt eit fagbrev. Både lærlingar og arbeidarar vart den første tida rekrutterte frå slekt og grannelag.67 Etter kvart kom det fleire utanfor Bremnes, mest frå Hardanger og Sunnhordland - men og meir langsveisfarande. Nokre søkte eller vart meir eller mindre sende dit, på grunn av det religiøst prega miljøet på og rundt fabrikken. Ved Gravdal var arbeidsstokken først rekruttert frå Sunnhordlandsområdet, frå gardane rundt bedrifta og med folk som pendla frå bygdene i omlandet.68 Arbeidsstokken voks då inn i hushaldninga til Gravdal, der kona tok seg av arbeidsklede, mat og husrom. Dei fleste arbeidarane budde også hjå «Gamlemeisteren».69 49 ARBEIDERHISTORIE 2016

Ein medviten rekrutteringspolitikk vart følgt. Det galdt å få tak i dei beste ungdomane. Haldor Haldorsen, sonen til Martines og disponent i verksemda på Rubbestadneset alt frå 1908, uttrykte det slik: «Skrapet vil `kje vera her. For ikkje får dei tura og ikkje får dei drikka og ikkje får dei tyggja tobakk. På slik arbeidsmark møter ikkje skrapet opp.»70 For dei som fann seg til rette var fabrikken «et godt arbeidssted og et sikkert levebrød». Strategien gav svært stabile arbeidsstokkar. På motorfa - brikken var dei rundt 40 tilsette i 1912 vorte over 200 i 1938. Då var han truleg den største motorfabrikken i landet.71 Produkta ved dei to bedriftene var også særmerkte uttrykk for fagleg dugleik. Båtane som vart bygde i Opsangerverven var solide og til å lita på, slik motorane frå Rubbestadneset også var.72 Arbeidsstokk og leiing vart samla gjennom felles stoltleik over produktet dei laga. Tilliten mellom dei auka også tilliten til produkta, med den religiøse innstillinga til dei som leia bedriftene som ei moralsk forsikring. Produkt laga av skik- kelege, pliktoppfyllande folk med same grunnsyn som ein sjølv, hadde ein konkurransemessig fordel i kystmiljøa der kundane var.73 Begge bedriftene var altså prega av den religiøse innstillinga til dei to gründerane og etterfølgjarane deira. Men det lågkyrkjelege miljøet delte dei med arbeidsstokken, og gav arbeidstakarar og arbeidsgjevar eit fellesskap utanfor arbeidet. Men fellesskapa flaut også saman: det var ikkje sjeldan bøn og andakt også på verven i Opsangervågen.74 Både på Rubbestadneset og i Opsangervågen kan arbeidskontrakta også sjåast som ei moralsk kontrakt. Om forholda i Opsangervågen sa Gravdal sjølv i 1930-åra til avisa «Dagen» at overfor arbeidsfolka «rådet prinsippet om tjeneste og gjentjeneste». Denne moralske fellesskapen innebar i praksis mellom anna å ta inn folk når dei sat trongt i det, men også at folk kom når Gravdal trengte dei. I tillegg til dei fast tilsette, fekk bedrifta dermed ein arbeidsstokk som kunne kallast inn etter behov, som var fleksibel og varierte i storleik etter kor mykje og kor store arbeid som skulle utførast. Samtidig viste dette til at arbeidet på verven kunne kombinerast med gardsdrift og andre syslar. I 1907 var det rundt 40 mann i arbeid, medan det mot slutten av 1930-åra varierte mellom 25 og 100 mann. Strategien var også her vellukka. Gravdal skipsbyggeri var i mellomkrigstida eit av dei største treskipsbyggjeria i Noreg og det største på Vestlandet.75 Opsangervågen og Rubbestadneset kan sjåast som lokalsamfunn dominert av paternalistiske arbeidsherrar, der deira forståing av tilveret dominerte måten menneska han har i arbeid oppfattar røyndomen. 76 Men bestemte Gravdal og Haldorsen kva arbeidsstokken skulle meina? Utsilinga under rekrutteringa, viser ei viss styring. Men samtidig var både arbeidsgjevar og arbeidstakar del av samfunn med sterke likskap- 50 sideal, der samarbeid om arbeidsoppgåver på sjø og land hadde lange ARBEIDERHISTORIE 2016

Båtbyggere i Sagvåg rundt 1920. FOTO: UKJENT / HARDANGER OG VOSS MUSEUM

tradisjonar og den religiøse innstillinga streka under korleis den einskilde stod overfor Gud i kraft av si eiga tru. Men dei personlege banda mellom Gravdal og Haldorsen og arbeidstakarane var sterke. Alle kjente alle i eit samfunn der arbeidsstokken var saman både i arbeid og fritid. Dette «storfamiliemønsteret» kjenner ein frå mange småsamfunn i ein tidleg industrialiseringsfase. Prinsippet om teneste og gjenteneste gav lojalitet begge vegar.77 Familie var også ein viktig ideologisk verdi. Familiefor- sørgarar vart også prioriterte då tidene var dårlege på Rubbestad - neset.78 Det at arbeidsgjevaren sjølv tok del i arbeidet skilte seg frå industri- bruka austpå.79 Der hadde bruksherren oftast ein annan sosial bakgrunn enn arbeidarane sine, og var sjeldan direkte involvert i arbeidet som vart utført. I Sunnhordland som på Jæren var bakgrunnen til arbeidsgjevar og arbeidstakar mykje den same. Autoriteten var ikkje berre paternalis- tisk, men verka ved at arbeidsgjevaren også var den fremste fagmannen – han som gjekk føre mellom andre fagmenn. Han fekk ei dobbel rolle som kamerat og sjef. Ansvaret arbeidsgjevar tok overfor arbeidarar, og lojaliteten som gjekk motsatt veg gav fagforeiningar dårlege kår. Det ligg 51 ARBEIDERHISTORIE 2016

i korta at bedriftene ikkje var særleg interesserte i at arbeidarane orga- niserte seg. Men lenge ville heller ikkje arbeidarane sjølve organisera seg. I ei tid med ei radikal arbeidarrørsle var arbeidstakarar i slike bedrifter ikkje enkle å få med. I hundreårsberetninga til Norsk jern- og metallarbeiderforbund trekte Finn Olstad fram fleire grunnar til at det var så vanskeleg for forbundet å få organisert treskipsarbeidarane på Vestlandet. 80 Men trekka han viser galdt vidare enn berre til treskipsbyggjeria. For det første høvde det sesongprega arbeidet årsrytmen til fiskarbonden, og knytte arbeidarane til bygda og lokalsamfunnet. For det andre kom dei personlege banda til eigar og leiing, med ein arbeidsherre som nok prega lokalsamfunnet, men som samstundes var ein av deira eigne. For det tredje var lekmann- skristendom og bedehus sentrale delar av folk sin kvardag i lokalsam- funna. Fagorganisering og arbeidarrørsle vart gjerne framstilt som samfunnsnedbrytande og gudlaus. Ein fjerde grunn som kan leggast til, var dei sterke spenningane innan arbeidarrørsla som gjorde at organisa- sjonsarbeidet i forbundet – som i andre deler av fagrørsla - stod stille i fleire år.81 Først i 1936 organiserte arbeidarane ved Gravdal seg i Sunde Jern, Træ og Metallarbeiderforening, seinare avdeling 64 i Norsk jern og metallarbeiderforbund.82 Ved Rubbestadneset var det forsøk på å få til fagorganisering i 1937, då det var fleire besøk frå fagorganisasjonen.83 Haldorsen forsøkte å halda fagorganisasjonen unna, og lukkast lenge med det - ei husforeining vart etablert sist i 1930-åra. Men fagorgani - serte vart arbeidarane først etter krigen.

Møbelindustrien på Sunnmøre Sunnmøre ligg sørvest i Møre og Romsdal, og er eitt av dei tre tidlegare futedøma i fylket. Fjordane batt saman dei som hadde busett seg i området, med fjella som skilje mot andre. 84 Denne fellesskapen danna bakgrunnen for ei aktiv regionbygging som endra identiteten til Sunn- møre mot slutten av 1800-talet. Regionen skulle bli meir attraktivt som reisemål, der fjella –«De søndmørske alper» – særleg vart løfta fram som særmerke for regionen. I 1880- og 1890-åra skjedde det også andre endringar, med framvoksteren av indremisjonsforeiningar og ei sterk lekmannsrørsle over store deler av bygdene. I løpet av mellomkrigstida voks ein sterk og omfattande møbelindustri fram. Historikaren Eldar Høidal har vist kva som skjedde då denne indus- trien flytta frå byane og på landet, som då i første rekkje vart Sunnmøre. Aktiviteten i bygdene på Sunnmøre vart sterkast og mest pregande for bransjen som heilskap. Framstilling av møblar var i utgangspunktet ein del av byhandverket. Då laugssystemet vart avvikla saman med privile- 52 giesystemet elles frå midten av 1800-talet, vart møbelsnikkarane mellom ARBEIDERHISTORIE 2016

Ansatte i arbeid på Stranda Kurvmøbelfabrikk på 1930-tallet. Fabrikken ble grunnlagt av Peder S. Langlo i 1923. Her var det produksjon av kurvmøbler helt til fabrikken brant ned i 1941.

dei første til å organisera seg i fagforeiningar (Kristiania og Bergen 1886). Avviklinga av laugssystemet opna for etablering av møbelverk- stader også i bygde-Noreg. Dette skjedde i første omgang særleg i Østfold, men også andre stader – som på Sunnmøre. I 1871 gjorde Ole B. Erstad i Sykkylven om kjellaren sin til snikkarverkstad. Som arbeidskraft tok han inn læregutar, vanlegvis om vinteren då det var lite arbeid på gardane dei fleste av desse kom frå. 85 Dette var handverksproduksjon med ufaglært produksjon, tilpassa arbeidsåret på gardsbruka i området. Kontrasten til dei velregulerte snikkarverkstadene i byen var stor. Områda rundt slike nye møbelbedrifter var «landlige og oversiktlige miljøer med en egalitær sosial struktur», skriv Høidal. Folk var vane med å arbeida i lag på gardane og særleg i fisket. Å dela på ressursane ein rådde over, gjekk inn i levemåten. Ved å hjelpa andre, hjelpte ein også seg sjølv, og dei ein kunne stola på var i første rekkje seg sjølv og sine. Dei to sentrale stadene i den nye møbelproduksjonen i regionen vart fjordbyg- dene Stranda og Sykkylven. P.I. Langlo på Stranda hadde alt i 1908 kome i gang med korgvareprodukt.86 Sjølve produksjonen var reint handverk, 53 ARBEIDERHISTORIE 2016

der den einskilde stod for heile framstillinga av eit produkt, enten dette var korger, bord eller stolar. I 1919 flytta verksemda inn i nye lokale, og la om produksjonen med oppdelte arbeidsoppgåver og færre produkt. Kombinasjonen av nye typar møblar som var lettare å framstilla maskinelt, og utan handverktradisjonane som hadde vore i byane gjorde at meir rutineprega og samlebandsaktig produksjon kom i bruk alt frå starten. Arbeidet vart mest mogleg delt opp i enkeltoperasjonar der ulike grupper arbeidstakarar gjorde ferdig sine deler av møbelet. Ein slik arbeidsgang vart også malen for Sykkylven kurvvarefabrikk, då han kom i 1929. Då var det heller ikkje der lenger handverk, men industri. Saman- likna med Jæren og Sunnhordland, ser vi på Sunnmøre ein i hovudsak litt seinare, men raskare overgang frå handverksprega produksjon til industri. Dette hadde også å gjera med at kommunikasjonane både innan distriktet og mellom det og marknadene vart betre.87 Dei tilsette ved P. I. Langlo kom i første omgang frå gardane rundt bedrifta. Dei var i første rekkje unge menn frå gardar, helst småbruk, som gav dei mat og hus. Tilgang til fiske eller jakt gav også matauk. Dermed klarte dei seg med mindre i løn enn arbeidarane i byane. Samtidig kunne lønsarbeidet også vera med på å halda i gang gardane arbeidstakarane kom frå. Å verta møbelarbeidar var både for den einskilde og for garden som økonomisk verksemd eit framhald av mangesysleriet. Samtidig fekk dei gjerne også direkte del i verksemda dei arbeidde i. Dei første arbei- darane investerte sjølve i bedrifta, ved å kjøpa aksjebrev, etter at start- kapitalen hadde vorte ordna frå forretningsdrivande og gardbrukarar. Høidal held fram at desse arbeidarane – ofte svært unge – måtte ha hjelp frå foreldre eller slekt for å klara dette, noko som vov bedrift og bygde- samfunn saman og som gav bygdefolket direkte og økonomisk interesse i at bedrifta skulle gå godt.88 Det same galdt sjølvsagt endå meir dei som arbeidde i bedriftene. I lokalsamfunna vart kommunikasjon, handling og nettverksbygging forsterka av innbyggarar som både såg nokolunde likt på verda, meinte mykje likt og kunne samhandla.89 Mange av arbeidarane i ei bedrift som den i Sykkylven hadde også søkt lykka i Ålesund, og møtt motstand når dei søkte å konkurrera med – og ofte underbaud – arbeidsledige og orga- niserte bybuarar.90 Då var det betre om det var råd å få seg arbeid i heim- bygda, hjå sine eigne. Her kom arbeidstakarar og arbeidsgjevar frå same miljø, med små skilje arbeidstakarane imellom – i alle fall ikkje slike som i byen. Der møtte dei mellom anna skilje mellom fagorganiserte og ikkje- fagorganiserte. Men, seier Høidal: «Arbeidarane hos P. I. Langlo og dei andre møbelbedriftene på landsbygda på Sunnmøre, såg seg ikkje i noko motsetnadstilhøve til bedriftseigaren.» 91 Organisering uttrykte ein motsetnad ein ikkje trong. Då var det betre å følgja rettleiinga frå høgare 54 makter, slik møbelgründeren Jens E. Ekornes såg det.92 ARBEIDERHISTORIE 2016

Då representantane frå arbeidarrørsla drog rundt på Sunnmøre i 1920- og 1930-åra møtte dei arbeidarar med ei anna oppleving av kva plass dei hadde i samfunnet enn klassefellane i byen. Medan arbeidar- rørsla understreka deira rolle som underpriviligerte i bedriftene dei jobba i, var sjølvoppfatninga at ein i bedrifta i heimbygda var mellom jamningar. Dermed løyste ein også problem på andre måtar enn gjennom kollektive aksjonar og gjennom organisasjonar utanfrå. 93 Sosiale og økonomiske motsetnader var ikkje slik at aksjonar vart opplevde som relevante. Endringane i møbelindustrien då bedriftene flytta på bygda og arbei- darane vart rekrutterte frå vestnorske mangesyslarar illustrerer avgren- singane i arbeidarrørsla si eiga forståing av situasjonen for mange arbeidstakarar i industribedrifter i område som likna dei på Sunnmøre. Frå Sørlandet kjenner vi Trælandsfos-konflikta i 1925, der Andreas Homp- land fann industriarbeidarar som både hadde andre haldningar og andre materielle vilkår enn dei arbeidarrørsla i første rekkje snakka om. 94 I Kvinesdal var industriarbeidarane småbrukarar (difor nemninga «to-kyrs-industriarbeidarar»). Dei kunne klara seg ei god stund utan lønsarbeid om det kneip, og var såleis mindre avhengig av så vel arbeids- gjevar som fagorganisasjon enn fabrikkarbeidarar i byane som hadde få andre høve til lønsinntekt eller matauke enn det som Sosiale og økonomiske kom i lønningsposen. Her var det arbeidarar som i tankar, ord motsetnader var ikkje og gjerningar var småbønder; var oppvaksne i bygda og med slik at aksjonar vart bygdeverdiane som ballast. Bygda var deira kollektive ramme; opplevde som viktigare enn det nasjonale fellesskapet av industriarbeidarar. Dei kunne overleva utan fabrikken. Trekka frå Sørlandet (som relevante. hos Øidne) er her mykje dei same som dei vi fann i Jæren og særleg i Sunnhordland, og som vi også ser på Sunnmøre. Tillitsmennene i Treindustriarbeidarforbundet og den regionale Samorganisasjonen meinte arbeidarane på landsbygda på Sunnmøre vart utnytta på det skammelegaste. For arbeidarane sjølve var saman- likningsgrunnlaget eit anna – det var det arbeidet som elles fantes lokalt, som gardsdreng, det å dra på fiske eller anna sesongarbeid. I denne industrien fekk dei som tok seg arbeid ei betre årsløn, viser Høidal frå 1930 i Sykkylven. Eit arbeid oppdelt i enkle arbeidsoperasjonar høvet godt for akkordarbeid, som kom til å dominera i bransjen. Akkordar - beidet lønna individuelle prestasjonar og viste at eigeninnsats var viktig. Difor var ikkje arbeidarane interesserte i tariffløn. Det har også blitt vist til mannjamingar for å klara størst mogleg dagsproduksjon, noko som truleg også var med på å gjera eit forholdsvis einsformig arbeid meir spennande – og meir lønsamt også for bedrifta.95 Det var altså tale om ulike verdsoppfatningar mellom fagforeiningsleiarane i arbeidarrørsla og hos arbeidarane i bedriftene dei ønskte å organisera. 55 ARBEIDERHISTORIE 2016

Haldninga til arbeidarrørsla mellom møbelarbeidarane på Sunnmøre spegla ein region og eit samfunn som la lita vekt på forholdet arbeid- kapital, og uansett ikkje som ein motsetnad. Likskap mellom folk var eit ideal, som ikkje skulle skiplast av organisering av arbeidarane i fagforei- ningar. Fagforeiningsverksemd var framand og trugande. Under ein streik om retten til å etablera fagforeiningar sa såleis ordføraren i Ørsta i 1939: «Her hev vore samspel og samarbeid mellom arbeidsherre og arbeidar; difor hev tiltaka lukkast so godt.» Ved ei sentral bedrift som Ekornes kom det først fagforeining i 1952.96

Jæren, Sunnhordland og Sunnmøre - ei jamføring Kva kan vi så meir samla seia om likskap og skilnader i arbeidarkulturen i dei tre distriktsregionane? Går dei materielle, sosiale og ideologiske trekka ved arbeidarkulturen i bedriftene utover lokalsamfunna, slik at vi finn dei att som trekk ved regionale arbeidarkulturar på distriktsnivå? På Jæren vart industrien til som ein del av ei utvikling der regionen fekk ein ny identitet. I Sunnhordland var det bedriftene som i stor grad skapte lokalsamfunna dei var ein del av, men med forholda i regionen som ramme. Relasjonane som eksisterte var med på å binda bedriftene som kom til saman. På Sunnmøre sprang bedriftene i større grad ut frå lokalsamfunn, men ut frå fellestrekk som stod sterkt i heile distriktsre- gionen. Dei materielle forholda var mykje dei same i alle distriktsregionane, med primærnæringar som kunne kombinerast med anna verksemd. Mangesysleriet var også eit uttrykk for at gardsdrift på Vestlandet for dei fleste ikkje var nok, men eit grunnlag for levemåten ein var van til å kombinera med anna, gjerne handverksprega arbeid. Å arbeida hjå folk ein kjente, var heller ikkje uvanleg. Medan industrien på Austlandet og i byane i byrjinga av 1900-talet hadde som føresetnad at folk slutta med arbeidet i primærnæringane, vart det i distriktsregionar som Jæren, Sunnhordland og Sunnmøre etablert industri som sprang ut av primær- næringane eller med handverk som del av portefølja til mangesyslaren. Reint industriarbeid kunne også direkte erstatta deler av portefølja. Då kunne industrien gjera det råd å halda fram med primærnæringane og bu på eigen gard. Tilknytinga til småbruka og mangesyslartradisjonen gjorde arbeidstakarane fleksible som arbeidskraft. Dei trong ikkje arbeid ved verv eller korgfabrikk heile året, men kunne kallast inn når det var nødvendig og dei store oppdraga kom. Det varierte kva industri det vart satsa på. På Jæren førte omlegginga av jordbruket til særleg behov for nye landbruksreiskapar, på same tid som utbygginga av veg og jernbane gav høve til ekspansjon også for 56 annan industri. I Sunnhordland utvikla ei marknadstilpassa og moderni- ARBEIDERHISTORIE 2016

Treskjærere på Tynes Møbelfabrikk i Sykkylven 1938. Møre og Romsdal hadde en meget sterk andel av nye bedriftsetableringer i årene før krigen.

sert trebåtbygging seg, medan overgangen til bruk av motorar i desse og andre båtar la grunnlaget for motorfabrikken på Rubbestadneset. Sunnmøringane fann eit produkt dei kunne laga lokalt og utvikla på ein meir lønsam måte enn i byane. Samtidig gav handverksorganiseringa ein modell for møbelverksemdene som passa inn i desse forholda, der huslyden og garden med båtplass, verkstad eller smie kunne vera utgangspunktet for ei satsing. Dei sosiale forholda spegla langt på veg dei materielle. Sjølv om det var forskjell på folk også i samfunna vi har sett på, var dei mindre enn i så vel jordbruksbygdene austpå som i Trøndelag, i byane, i brukssam- funna eller dei nye industristadene. Egalitet; jamlikskap, var i tillegg eit ideal. Hadde ein meir enn andre, skulle ikkje dette prangast med. Den sosiale avstanden mellom dei som tilsette og dei som vart tilsette var liten. Gründeren tilsette folk han hadde eit forhold til, enten det var naboar, slekt eller slike han delte åndeleg fellesskap med. Medan gran- nefellesskap og slekt viste tilbake til det tradisjonelle samfunnet, var tilslutnaden til lekmannsrørsla – som dei andre folkerørslene – eit uttrykk for moderniseringa av samfunnet. Forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar vart jamnt over 57 ARBEIDERHISTORIE 2016

oppfatta som personleg, og med identifiserbar, lokal og tradisjonell eigar eller eigargruppe, i praksis ofte ein familie. Slike forhold gav eit paterna- listisk preg. Lokalsamfunnet gjev eigaren ein lokal arbeidsmarknad, som han til gjengjeld steller godt med. Felles oppfatning av tilveret og eit personleg forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar er trekk vi kjenner att. Spørsmålet er i kva grad dette var ei erkjenning av eit over- og underordningsforhold. I eit i utgangspunktet egalitært samfunn, vil forholdet mellom bedriftseigar og arbeidsstokk vera prega av trekk som jamstiller arbeidsgjevar og arbeidstakar. Når det gjeld ideologi, går den sterke stillinga til lekmannsrørsla att. Sunnhordland, Jæren og Sunnmøre ligg på kyst-Vestlandet. Her hadde lekmannsrørsla ei leiarstilling samanlikna med dei andre folkerørslene. Både arbeidstakarar og leiinga i lokalsamfunna og bedriftene der var prega av lekmannsrørsla. Lekmannsrørsla gav arbeidsgjevar og arbeids- takar del i eit fellesskap utanfor arbeidsplassen. Ho var også viktig for gründeretoset. Det at det var lov å lukkast var del av ei felles innstilling mellom folk, som ikkje rokka ved egaliteten i samfunnet. I bedriftene arbeidde alle i lag, der var lita arbeidsdeling. Det var personlege kvalifi- kasjonar som skapte leiaren, ikkje formelle kvalifikasjonar. Desse var kopla til dei materielle føresetnadane i samfunn der folk måtte arbeida i lag, og der det i så måte hadde vore små skilnader mellom gardbrukaren og arbeidsfolka hans. I møtet mellom økonomisk pietisme og dei materielle og sosiale forholda i dei delane av Vestlandet eg har sett på her, utvikla det seg ein vestlandsk paternalisme der gründeren og førestillinga om leiaren som den fremste blant likemenn var knytt i hop. Eit fellestrekk mellom Sunn- hordland, Jæren og Sunnmøre i perioden vi har sett på, var at dei alle var entreprenør-område, med godt «klima» for slik verksemd over tid.97 Som Eldar Høidal heldt fram for møbelindustrien på Sunnmøre, kunne fagfo- reiningar oppfattast som eit trugsmål, og vart dermed møtt av sank - sjonar. Samtidig kan også andre forhold ha spela inn, som når Finn Olstad forklarar protesten mot organisering og tariffløn i konfeksjonsindustrien ein stad i Møre og Romsdal i denne perioden med at dei frykta det ville setja dei utanfor arbeidsmarknaden.98 Frå fagorganisasjonen si side vart det å gå med på slike tilstander oppfatta som sosial dumping. Olstad ser på si side dette som ein kollisjon mellom kvinnelege arbeidarar og LO og eit uttrykk for at ein innan LO ikkje såg kvinnelege arbeidarar sine inter- esser, men ytte motstand når dei kom på mannen sine tradisjonelle eine- merke. Men sett i lys av forholda på Sunnmøre spesielt og Vestlandet elles, ser vi at ein slik tankegang heller spegla ei vanleg haldning mellom arbeidstakarar på Sunnmøre i denne perioden. Ein fagorganiserte seg ugjerne, og lønsforholda andre stader enn der ein sjølv budde, hadde lite 58 å seia om ein hadde noko å gjera som kunne kombinerast med andre ARBEIDERHISTORIE 2016

syslar. Spørsmålet er dermed om ikkje dette meir viser til eit trekk som har meir å gjera med vestnorske forhold enn med ein kjønnsdimensjon. Då fagorganiseringa tok til å få fotfeste i Sunnhordland, Jæren og på Sunnmøre frå 1930-åra, kan dette tolkast på fleire måtar: for det første som eit resultat av at industriarbeidarane var i ferd med å forstå seg sjølv som ein del av arbeidarklassen.99 For det andre var det no tale om ein tilslutnad til ei meir avslipt og moderat arbeidarrørsle der klassekamp og motsetnader var tona noko ned, på same tid som rørsla også satsa sterkare på å få fotfeste på Vestlandet. 100 Dette lukkast i nokon grad, sjølv om det som Melle viste også bygde inn spenningar i sjølve arbeidar- rørsla. For dei tillitsvalde i fagrørsla vart det ein balansegang med medlemer som hadde eit bein i bondesamfunnet og eit i industrisam- funnet på den eine sida og rolla som tillitsvalde i ei sentralisert fagrørsle på den andre sida.

Ein vestnorsk arbeidarkultur? Utgangspunktet var ei hypotese om at det fins ein spesifikk vestlandsk arbeidarkultur. Dette har vorte undersøkt ved å sjå på forholda i distrikts- regionane Sunnhordland, Jæren og Sunnmøre i tidsrommet 1900 til rundt 1950. Bedriftene der voks fram nedanfrå, i og saman med sine lokalsamfunn innanfor ein distinkt region. Arbeidarkulturen viser korleis måten folk har vunne utkomet sitt pregar handlingar og tenkemåtar. Den offisielle arbeidarkulturen markerte eit brot med ei fortid knytt til primærnæringane og ofte ei fysisk reise til tettstader og byar. På stader der bedrifter og aktivitetar ikkje braut med, men også kunne sjåast i framhaldet av den tradisjonelle livsforma, utvikla det seg arbeidarkultur med eit anna preg. Ein arbeidar- kultur som utvikla seg ved arbeidsplassar med resonans i dei materielle forholda dei vart til i. I kor stor grad arbeidarrørsla og deira ideologar fekk gjennomslag, var dermed avhengig av stad – og tid. Dei materielle forholda på stadene industrien kom, stod gjerne i samanheng med dei sosiale forholda – korleis folk stod i høve til kvarandre. Slik kan det gje meining å tala om egalitet i staden for solidaritet, om grannar i staden for klasse og samarbeid med bedriftseigaren heller enn motpartar. Det er her tale om ein arbeidarkultur som er meir person- og saksori- entert enn ideologisk og er skeptisk mot sentralstyring, og som inneheld nasjonaldemokratiske drag. Dette kom til å prega arbeidstakarar, tillitsvalte og foreiningar. Dermed er det andre arbeidarkulturar der dei kulturelle forbindelseslinene til bygdesamfunna har vore sterke. Arbei- darkulturane på Jæren, i Sunnhordland og på Sunnmøre har mange sams trekk som viser til felles utgangspunkt knytte til måten folk hadde vunne utkoma si ved kysten og i mange av fjordbygdene på Vestlandet, 59 ARBEIDERHISTORIE 2016

eit meir jamstelt forhold mellom dei som levde i landsdelen og ei sterkare tilknyting til lekmannsrørsla. Materialitet og sosiale forhold danna grunn- laget, og ideologisk spela lekmannsrørsla ei sentral rolle, både som eit religiøst fellesskap som samla arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, gjennom understrekinga av individualisme og ved å understreka at motsetnadene arbeidarrørsla og deira ideologar vektla, ikkje var reelle. Arbeidarkulturen på ein arbeidsplass inngår i relasjonar som går vidare enn til lokalsamfunnet, og som kan finnast att på regionalt nivå – først i distrikta som region, men der mange trekk var felles for distriktsregio- nane på Vestlandet i første del av 1900-talet. Slik gjev det meining å tala om ein eigen vestnorsk arbeidarkultur.

Noter 1 I arbeidet med artikkelen har eg fått viktige merknader og innspel frå Jan Heiret og frå fagfellen til årboka, samt frå Arbarks Frank Meyer og Ole Martin Rønning. Kollegane i «Kulturgruppa» ved Uni Research Rokkansenteret har også kome med nyttige kommentarar. 2 Jfr. særleg E. Bull, Historiske miljøtyper i arbeiderklassen, i Tidsskriftfor arbeiderbevegelsens historie, nr. 2, Oslo 1981: 22; K. Kjeldstadli, Arbeiderbevegelsen og andre folkelige bevegelser, i Arbeiderhistorie, Oslo 2000. 3 Jfr. her K. Grove og J.Heiret, Ein utkant i sentrum: Industribygging og arbeidarar på Stord og i Aker 1945-1990, i Arbeiderhistorie, Oslo 1998. 4 Jfr til dømes K. Kjeldstadli, Lokal internasjonalisme, i R.P. Amdam, D. Gjestland og A. Hompland (red.), Årdal – verket og bygda 1947-1997, Oslo 1997; K. Kjeldstadli, Å komme, å bli, å bygge. Industrifolket og industristedene, i E. Fossåskaret og F. Storås (red.), Ferrofolket ved fjorden. Globale tema i lokal soge. Bjølvefossen-Ålvik-Hardanger, Bergen 1999. 5 Til dømes Hardanger som eit nasjonalt landskap, Sørlandet som eit sommarland og nordlendingane som særleg nære naturen. Jfr. M. Byrkjeland og K. Grove, Hardanger i nasjonen, i S.I. Angell, M. Byrkeland, K. Grove og H. Kolle, Hardanger. II: Ei regionhistorie 1750-1900, Bergen 2015; D. Hundstad, Historikeren som regionbygger, i Historisk Tidsskrift, bind 91, Oslo 2012: 52-55. 6 Om Jæren: L.G. Jøssang, Industrieventyret på Jæren. 1800-2000, Hå 2004, famnar industrien på Jæren som heilskap, og kan såleis sjåast som ei distriktshistorie. For Sunnhordland, Gravdal og Wichmann er forholda frå Gravdal grundig omhandla hos H. Nerhus. Frå vikings tid til vår tid. Eit stykke vestnorsk skipsbyggingssoge, Sunde - Sunnhordland 1955. (http://www.nb.no/nbsok/nb/310b1a64c0723322bf3da65589f27ef3. nbdigital?lang=no#0). Treskipsbyggeriet blir også sett på hos T. Bringedal, Gravdal Skipsbyggeri og Trelasthandel på Opsanger, i T. Bringedal, Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år. Sunnhordland Årbok, Sunnhordland museum 2014. Den sentrale framstillinga frå Rubbestadneset er bedriftshistoria til N. Kolle, «Gud alene vet hvor den smed ender». 100 års sammenhengende produksjon av skipsmaskineri på Rubbestadneset, Rubbestadneset 2003. I utlegginga og analysane av forholda i Sunnhordland blir det også bygd på materiale frå prosjektet «Stord jern og metall», om jern- og metallindustrien på Stord og i Sunnhordland - sjå K. Grove og J. Heiret, I stål og olje. Historia om jern og metallarbeidarane på Stord, Stord 1996 (jfr. også Grove og Heiret 1998). Forholda på Sunnmøre bygger i første 60 ARBEIDERHISTORIE 2016

rekkje på to framstillingar av E.Ø. Høidal, Gull av gråstein. Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år, Sunnmøre museum 2014 og Periferien som ble sentrum. Norsk Treindustriarbeiderforbund 100 år, Oslo 2004. 7 H. Winge, Regionen i norsk lokalhistorie, i Ø. Bjørnson, E. Nysæter og A.K. Uthaug, Til debatt. Innlegg ved Norske Historiedager 1996, Bergen 1998: 277-278. 8 Jæren – her «Låg-Jæren» utgjer i dag fem kommunar, (https://no.wikipedia. org/wiki/J%C3%A6ren), som hadde rundt 12 000 innbyggarar i 1900. Sunnhordland hadde omtrent 29 500 innbyggarar. (https://no.wikipedia. org/wiki/Sunnhordland) i det som no er sju kommunar, medan Sunnmøre utanom Ålesund (https://no.wikipedia.org/wiki/Sunnm%C3%B8re Ålesund) i dag omfattar 16 kommunar som i 1900 hadde rundt 43 000 innbyggarar. 9 Sjå her Winge 1996: 277 som vektlegg kulturelle kriterium for å avgjera kva ein region er. 10 Jfr. her K. Ågotnes, Komparasjon – metode eller oppdagelsesreise?, i M. Byrkjeland og Aa. Engesæter, Kvar i sin dal…? Komparasjon som metode i lokalhistoriske studiar, HIFO-seminar, Oslo 1988: (særleg) 76-78 om komparasjon som metode i utviklinga av omgrep, problemstillingar og hypotesar, der ein grip dei ulike historiske settingane og trekkjer dei inn i meir prøvande komparasjonar enn i streng sosiologisk forstand. 11 A. Kokkvoll. Hovedtrekk i arbeiderbevegelsens kulturstrev, i Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1/1982: 6. Kokkvoll var då leiar av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Om grunnlaget til kultur som «a whole way of life» som låg bak denne tilnærminga, sjå R. Williams, Culture is Ordinary (oppr. 1958), i A. Gray and J. McGuigan (eds.), Studies in Culture: An Introductory Reader, London 1997: 5-14. Med utgangspunkt i arbeidarrørsla, sjå G. Ousland, Fagorganisasjonen i Norge, Oslo 1949; A. Zachariassen, Fra Marcus Thrane til Martin Tranmæl, Oslo 1962. Jfr. her J. Messel, LO og «de nye gruppene». Konseptualisering av arbeidstakerne 1975-1989, Ph.d-avhandling, Oslo 2010: 70-71 om Ousland og Zachariassen som døme på arbeid som bar fram historiekulturen i LO og arbeidarrørsla. Meir samla om arbeiderhistorie i Noreg på byrjinga av 1970-åra: K. Grove og J.Heiret, Fortid og form. Forteljingar i norsk arbeidslivshistorie; i J. Heiret, T. Ryymin og S.A. Skålevåg, Fortalt fortid. Norsk historieskriving etter 1970, Pax 2013: særleg 182; 187. 12 Jfr. her Grove og Heiret 1998, F. Olstad, Nye perspektiver på arbeiderklassens vekst og fall, i Arbeiderhistorie, Oslo 2000; J. Heiret, Introduksjon til en avhandling, i J. Heiret, Arbeidslivsrelasjoner mellom bedrift, konsern og stat. Artikler om medbestemmelse, styringsrett og myndighetsutøvelse i norsk arbeidsliv 1945-2001, dr.philos-avhandling, AHS/SEFOS, Universitetet i Bergen 2002 og Grove og Heiret 2013. 13 Jfr. Grove og Heiret 2013: 196-197. 14 Jfr. Kokkvoll 1982: 6. 15 Grove og Heiret 2013:126. 16 Jf Bull 1981; K. Kjeldstadli, Bull, Edvard, Arbeiderbevegelsens historie i Norge bind 1. Arbeiderklassen blir til (1850-1900), (bokmelding),i Historisk Tidsskrift, nr. 4,1986 (Kjeldstadli 1986a); K. Kjeldstadli, Ikke hodeløse, ikke hjerteløse, ikke kroppsløse, i E. Reiersen og D. Slettan, Mentalitetshistorie – muligheter og problemer, Trondheim 1986 (Kjeldstadli 1986b) samt Kjeldstadli 2000. 17 B. Berggreen, Da Kulturen kom til Norge, Oslo/Gjøvik 1989:16-18. 18 Jfr. Heiret 2002: 33-36 som kommentar til Olstad 2000. 19 P. Aronsson, Regionarnas roll i det förflutna, ERU-rapport 91, Stockholm 2005; P. Aronsson, Att tänka territoriet. Nation och region, samt kultur, natur och politik i skilda universitetsdiscipliner, i Å.D. Hauken, (red.), 61 ARBEIDERHISTORIE 2016

Regionalisme. Seminarrapport Utstein Kolster 2005, Haugland Akademi 2005; H.K. Lysgård, Regioner som forestilte fellesskap – hvordan og hvorfor?, i Heimen, nr 2, 2006; I. Bull, Med regionen som utgangspunkt, i I. Bull og J. Maliks (red.), Riket og regionene. Grunnlovens regionale forutsetninger og konsekvenser, Trondheim 2014. 20 Jfr. t.d. J. Tomaney, Region, i R. Kitchin og N. Thrift (eds), International Encyclopedia of Human Geography, Elsevier 2009:136-150 om historia til regionomgrepet blant geografar, Aronsson 1995 om omgrepet hos ulike fagdisiplinar i Norden; I. Bull, Regionhistorie og regional identitetsbygging, om forholdet mellom regionhistorie og identitetsbygging og H.K Lysgård, Regioner som forestilte fellesskap – hvordan og hvorfor?, om ulike forestillingar rundt regionen som samfunnsfenomen, begge i Heimen nr. 2, 2006. 21 Bull og Maliks 2014: 22-23 utvidar perspektivet ved å visa korleis dei seinare norske landsdelane hadde forløparar i måten den dansk-norske heilstaten var organisert på. 22 Bull 1985: 243-244; 159-164. 23 Bull 1981:7-8. 24 Jfr. Grove og Heiret 2013. 25 F. Olstad, Med knyttet neve. LOs historie 1899-1935. Bind 1, Oslo 2009:100-101,107. 26 Jfr. Bull 1981: 7-8; Kjeldstadli 2000: 20. 27 Jfr. Vilhelm Krag som initiativtakar gjennom ein aviskronikk i 1902. Sjå Hundstad 2013: 13, og om historiografien rundt Sørlandet: 73-78. 28 Jfr. særleg N.G. Brekke, Regionale kulturtradisjoner. Vestlandets kulturgeografi, og S.I. Angell, K. Grove og P. Selle, Folkerørslene og frivillege organisasjonar, i K. Helle (red.), Vestlandets historie. Bd. 2. Samfunn, Bergen 2006 samt N. Bjørgo, Vestnorsk identitet i historisk perspektiv og S.I. Langhelle, Frå religiøst fellesskap til personlege val, i K. Helle (red.), Vestlandets historie. Bd. 3. Kultur, Bergen 2006. Sjå også K. Grove, Vestlandsfanden og vestlendingen. Frå mørkemann til regional separatist, i Historie, nr. 1, 2004. 29 Jfr. Kjeldstadli 2000; Angell, Grove og Selle 2006. 30 H. Try, Assosiasjonsånd og foreningsvekst i Norge: forskningsoversyn og perspektiv, Øvre Ervik 1985. 31 Jfr. M. Klippenberg, Folkeleg opplysning på fullnorsk grunn. Tida før 1905, i J. Kløvstad (red.), Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo 1995. Det ser likevel ut til å vera mindre skille mellom distriktsregionar som overvegande kan knyttast til kysten, som dei vi ser på her, enn for regionar i fjell- og fjord-Noreg, som til dømes Hardanger (jfr. S.I. Angell og K. Grove, Fellesskap på industristad og i bygd, i S.I. Angell, M. Byrkjeland og K. Grove, Hardanger. Ei regionhistorie. III. 1900-, Bergen 2015). Men samtidig finn vi også i desse tre distriktsregionane trekk knytte til norskdom og den frilyndte rørsla. Ein ytterlegare modifikasjon er at lekmannsrørsla i løpet av perioden eg ser på, vart meir nasjonalt retta. Jfr. K.E. Johansen, Bedehuset og lekmannsrørsla, i N.G. Brekke (red.), Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. 32 Jfr. Hardanger (Ålvik, Tyssedal og Odda), Sauda og Høyanger, Kjeldstadli 1997 og 1999. 33 Målbore gjennom to sentrale skikkelsar som Nygaardsvold jfr. H. Berntsen, I malstrømmen: Johan Nygaardsvold 1879–1952, Oslo 1991 og Halvdan Koht, Å. Svendsen, Halvdan Koht. Veien mot framtiden. En biografi, Oslo 2013; jfr. også H. Koht, Minne frå unge år, Oslo 1968. 34 Olstad 2009: 107, etter Organisationstatistik 1914 (Sverre Iversen, materiale frå LO/DNA). 35 Olstad 2009: 109. 62 36 O. Melle, Arbeidarpartistaten - sunnmørsk utakt, i Nytt norsk tidsskrift, nr. 3, 1997. ARBEIDERHISTORIE 2016

7 3 Jfr. Jøssang 2004: 76. 38 Jfr. sesjonen «Entreprenørskap» på Norske Historiedagar 2015, der innlegga i sterk grad handla om nettopp koplinga mellom gründeren, lekmannsrørsla og arven frå Hauge. Sjå https://www.uis.no/samfunn-og-naeringsliv/ konferanser/norske-historiedager-2015/sesjoner/ Lasta 23.05.2015. 39 Jfr. Kjeldstadli 1997: 63-64, som meiner at det for tida etter 1905 ikkje høver å kalla forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar paternalistisk. 40 Jfr. P. Joyce, Work, Society and Politics, London 1982: 92. 41 Jfr. t.d. K. Kjeldstadli, Jerntid. Fabrikksystem og arbeidere ved Christiania Spigerverk og Kværner Brug fra om lag 1890 til 1940, Oslo 1989:180-181; P. Forrás, «Vi behøver ikke at passe paa arbeideren, vi passer kun paa arbeidet.» Arbeid og rasjonalisering i Salhus Tricotagefabrik 1920-1967, Norsk Trikotasjemuseum, Bergen 2009. 42 Jøssang 2004; Kolle 2003; Nerhus 1955; Bringedal 2014; Høidal 2004 og 2014. 43 Prosjektet «Stord jern og metall» om jern-. og metallindustrien på Stord og i Sunnhordland, som munna ut i K. Grove og J. Heiret, I stål og olje. Historia om jern- og metallarbeidarane på Stord, Stord 1996. (jfr. også Grove og Heiret 1998). For ein samla oversikt over bidrag og materiale ved prosjektet, sjå denne framstillinga. 44 Jfr. note 10 og 11. S. Dyrvik, Komparasjon på regionnivå, i Byrkjeland og Engesæter 1988 og S. Dyrvik, Innleiing, i J.R. Myking, J.R. Ugulen og B.Gr. Økland, Hardanger. Ei regionhistorie. I. Til 1750, Bergen 2015. 45 Jæren blir i dag helst nytta om åtte kommunar i den søre delen av Rogaland, som inkluderer Stavanger. Men det «eigentlege Jæren» det her er snakk om omfatta Låg-Jæren, Noregs største lågslettelandskap, på den halvanna mil breie kystranda frå Brusand nordvest for Egersund seks mil nordover til Tungenes, spissen på halvøya mellom Gandsfjorden og Nordsjøen. Jfr. https://snl.no/J%C3%A6ren. Lasta oktober 2015. 46 Jøssang 2004: 75-77, 79-81. 47 Jøssang 2004: 35-38. 48 Jøssang 2004: 35-38. 49 Jøssang 2004: 3; 39-44. 50 https://snl.no/Kverneland_ASA. Lasta juni 2015. 51 Her etter http://www.jaermuseet.no/samlingar-a-arkiv/privatarkiv/935- jaep022-kvernelands-fabrikkvernelands-fabrikk-as. Lasta juni 2015. 52 Jøssang 2004: 88. 53 Jøssang 2004: 45. 54 Lars Oftedal (1838-1900) var ein av dei sentrale leiarane i lekmannsrørsla frå 1870-åra. Oftedal hadde Rogaland og Hordaland som kjerneområde, med Stavanger og områda rundt som sentrum. Dei som følgte han, «oftedølene», tilhøyrte det som religiøst var ei vekkingsrørsle, «den vestlandske Vækkelse», med ei pietistisk grunnhaldning, for lekmannsforkynning og at kyrkjelydane skulle styra seg seg sjølv og som ei følge av dette kritisk til «embetskyrkja». Politisk følgte oftedølene den lina i Venstre som gav opphavet til Moderate Venstre mot slutten av 1880- åra, og som meinte «reine Venstre» stod for ei for radikal og ansvarslaus haldning. B. Furre, Soga om Lars Oftedal:1, Oslo 1990: 613, 620. 55 Jøssang 2004: 76. 56 Bedrifta tok opp i seg eller kjøpte i siste del av 1900-talet opp mange andre bedrifter i same bransje i Noreg og Norden; også lokalt Kyllingstad plogfabrikk i 1984 og Underhaugs Fabrikk i Nærbø i 1986. Det er elles interessant å merka seg at den religiøse dimensjonen er heilt vekke i bedrifta si eigen presentasjon i dag. Her er det innovative og teknologiske elementet som vert framheva også for den første tida. http://no.kvernelandgroup.com/ Om-oss/Kort-om-Kverneland-Group/Historie. Lasta juni 2015. 7 5 F. Sejersted, Marked og moral. Om det gode samfunns avhengighet av 63 ARBEIDERHISTORIE 2016

moralsk tvilsomme handlinger: 31-32 og Den norske «Sonderweg»: 318-319, i F. Sejersted, Demokratisk kapitalisme. Revidert utvalg, Oslo 2002. 58 Jøssang 2004: 87-89, 91. 59 Jøssang 2004: 146-147. 60 Jøssang 2004: 147. 61 Grove og Heiret 1996: 11-22. 62 Kolle 2003: 91. 63 K olle 2003: 50-59. 64 Bringedal 2014: 54; Nerhus 1955: 345. 65 Nerhus 1955: 345. 66 Nerhus 1955: 343-345. 67 Kolle 2003: 50-51. 68 Nerhus 1955: 332. 69 Om Martines, sjå også https://nbl.snl.no/Martines_Haldorsen. Lasta juni 2015. 0 7 Kolle 2003:54. Om Haldor Haldorsen, https://nbl.snl.no/Haldor_ Haldorsen. Lasta juni 2015. Haldor var også politisk engasjert for Venstre, sat i heradsstyret og var varamann på Stortinget. 71 Kolle 2003: 49-50, 52, 54. 72 Kolle 2003: 59. 73 Til dømes Sunnmøre, der fabrikken hadde eige agentur. Kolle 2003: 52. 74 Nerhus 1955: 168,263. 75 Nerhus 1955: 332-334, 358. 76 Jfr. Joyce 1982: 92. 77 Jfr. Kolle 2003: 59 om Rubbestadsneset, men her med vekt på det generelle poenget. 78 Kolle 2003: 99. 79 Jfr. Kjeldstadli 1997: 63-64; Bull 1985: 264-269. 80 Jfr. F.Olstad, Jern og Metall 100 år. 1891-1940. Bind 1, Oslo 1990: 522-525. 81 Jfr. Grove og Heiret 1996: 36. 82 Bringedal 2014: 58. 83 Kolle 2003: 102-103. 84 Høidal 2014: 20-21, 130-133. 85 Høidal 2004: 18-19. 86 Høidal 2014: 82, 188-189. 87 Høidal 2014: 79, 190. 88 Høidal 2014: 79, 190, 192-193. 89 Jøssang 2004: 91. 90 Høidal 2004: 80-82. 91 Høidal 2014: 189. 92 I. Grimsmo om Jens Ekornes, Storsuksess i god søvn, i Ø. Røiseland (red.), Norske askeladder. Eventyr i det 20. århundre, Lutherstiftelsen 1969: 102; Høidal 2004: 146. 93 Høidal 2004: 83-84 94 A. Hompland, To-kyrs industriarbeidarar i streik. Trælandsfos, Kvinesdal 1925, Oslo 1984. Her etter Høidal 2004: 82. 95 Høidal 2004: 87. Om å skapa konkurranse, meining og lønsemd, jfr. «the game making out» slik det er brukt av sosiologen M. Burawoy, Manufacturing Consent. Changes in the Labor Process under Monopoly Capitalism, Chicago/London 1985. 96 Høidal 2004: 146. 97 Høidal 2004: 82-83. 98 Olstad 2009: 435. Olstad spesifiserer ikkje kor og når dette skjedde i fylket, men nyttar det som illustrasjon av eit generelt poeng. Det er også som dette det fungerer i min samanheng. 99 Jfr. E.P. Thompson, The Making of the English Working Class, London 1972 64 ARBEIDERHISTORIE 2016

(1963). Jfr. også Grove og Heiret 1998 for ei utlegging av problematikken. 100 P. Maurseth, Gjennom kriser til makt. (1920-1935), bd. 3, i A. Kokkvoll og J. Sverdrup (red.), Arbeiderbevegelsens historie, Oslo 1987: 495, 575; Olstad 2009: 435.