Osterøy kommune Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023

Planskildring

Rullering av tema bustad, fritidsbustad og næring

Osterøy 02.06.10 Revidert 25.01.11 Føreord I juli 2009 trådde plandelen i ny plan- og bygningslov 2008 i kraft. Arealdelen til kommuneplanen i Osterøy er den første kommuneplanen i som vert lagt fram til endeleg vedtak etter ny lov. Ein har i arbeidet møtt på mange nye problemstillingar, særskilt innan plankart og føresegner.

Planen omfattar: Planskildring - her går det fram korleis kommunen har arbeidd fram dei juridisk bindande dokumenta. Planomtalen skal, etter den nye lova trådde i kraft, i større grad betraktas som retningsgjevande. Retningsliner er integrerte i planomtalen. Plankart (vedlegg A) – eit juridisk bindande dokument som, saman føresegna, fastset den framtidige arealbruken. Føresegn (vedlegg B) – Juridisk bindande krav til arealbruk og planlegging.

I tillegg kjem konsekvensutgreiing med ROSanalyse (vedlegg C)

Tema for rulleringa av kommuneplanens arealdel er bustad, fritidsbustad og næring. Planframlegget fråvik lite frå desse tema. Det er eit par eksempel på anna bruk, samt at det har vore naudsynt med ei revidering og fornying av føresegna.

Omsynssoner er eit godt verkty for å kunne synleggjere og kartfeste kva ein må ta særskilt omsyn til i planlegging av eit areal. Ettersom dette er ei temabasert revidering, er det i hovudsak nytta omsynssone der det har vore naudsynt i høve framlegg til nye byggjeområde- ikkje i heile kommuneplanen. Etter høyring har ein sett det som naudsynt å leggje omsynssone på ytterlegare område. For arealføremålet LNFR, er det i planframlegget nytta omgrepet LNF då ein ikkje har reindrift i kommunen.

Ein har i planarbeidet sett presset innanfor de, særskilt strandsona, kulturminne og energi og klima og kommunen bør vidare ta fatt i desse problemstillingane i form av kommunedelplanar.

Seksjon for plan i Osterøy kommune har utarbeidd planframlegget, med tilhøyrande konsekvensutgreiing og ROSanalyse, samt revisjon av plankart. Norkart har vore konsulent på utarbeiding av kart til høyring.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 2

1 Innleiing ...... 4 1.1 Bakgrunn og føremål...... 4 1.2 Overordna rammer og føringar ...... 7 Lovgrunnlaget ...... 7 Nasjonalt: ...... 7 Regionalt: ...... 7 Lokalt: ...... 7 1.3 Forholdet til andre planer:...... 8 2. Planprosess og medverknad ...... 8 2.1 Organiseringav arbeidet ...... 8 2.2 Planprosessen ...... 9 2.3 Medverknad og innspel:...... 9 3. Lokale planføresetnader- status og utfordringar ...... 11 3.1 Folketal...... 11 3.2 Utbyggingsmønster og utviklingstrekk...... 12 4. Konsekvensutgreiing og ROSanalyse ...... 19 4.1 Metode...... 20 4.2 Oppsummering av utgreiing og analyse...... 24 4.3 Konsekvensar av planframlegget ...... 25 5. Planomtale...... 29 5.1 Vurderinger av utvalde tema ...... 29 Bustadområde:...... 29 Fritidsbustad:...... 30 Næring...... 31 Alle byggjeområder...... 32 Skred...... 33 Sentrumsområde...... 33 LNF-spreidd ...... 35 Born og unge i planlegginga ...... 36 Gravplass...... 37 Retningliner for sjøareala...... 37 5.2 Bygg og anlegg...... 38 5.3 Samferdselsanlegg og infrastruktur...... 44 5.4 Landbruks-, natur og friluftsformål samt reindrift...... 44 5.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone ...... 45 5.6 Omsynssoner ...... 45 Temakart snøskred og steinsprang ...... 50 Sjekkliste skred ...... 51

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 3 1 Innleiing

1.1 Bakgrunn og føremål

Heradsstyret i Osterøy kommune gjorde 20.06.07 vedtak om oppstart for rullering av arealdelen til kommuneplanen 2007-2018. Samstundes vart planprogrammet lagt ut på høyring. Planprogrammet vart vedteke av formannskapet 05.12.07.

Heradstyret har fastsett 3 tema for rulleringa. • Bustadareal • Næringsområde • Areal for fritidsbustader

I tillegg er interessene til barn og unge fast punkt i all arealplanlegging, jf pbl §1-1 (lovens formål ) og §3-1- e)

Andre viktige satsingsområde har ikkje fått rullert sine mål og strategiar i denne runden og er såleis ei vidareføring frå kommuneplanen 2003-2014.

Planen er utarbeidd etter ny plan og bygningslov 2008 som trådde i kraft 1.juli 2009

Kommuneplanen 2003-2014 vart godkjent i Heradstyre 8. oktober 2003. Den omfattar arealdel og samfunnsdel. Kommuneplanen er den overordna planen for Osterøy kommune. Kommuneplan og økonomiplan gjev saman med statlege føringar og retningsliner rammer for underordna planar og handlingsprogram. Kommuneplanen sin samfunnsdel med visjon og strategiar ligg til grunn for arbeidet.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 4

Visjon for Osterøy kommune:

• Osterøy kommune skal vere ein god kommune å veksa opp i der innbyggarande i alle livsfasar vert sikra høg livskvalitet og gode bumiljø • Osterøy kommune skal ta vare på og vidareutvikle sin særprega nærings- og busetnadsstruktur • Osterøy skal vere ein føregangskommune når det gjeld tenesteyting, økonomisk forvaltning og kommunikasjon i ein desentralisert struktur

Samfunnsdelen fastlår vidare desse satsingsområda: - Senterstruktur - Bustadreising - Kommunikasjonar - Barn og unge - Økonomi

Med ei rullering knytt til tre tema er målet å tilretteleggje for auka folketal/tilflytting, auka sysselsetting og positiv utvikling for næringslivet generelt. Osterøy kommune skal vere ein god kommune å bu og opphalde seg i.

Det er utarbeidd nye arealstrategiar i denne rulleringa som er ei revidering av arealstrategiane frå kommuneplanen 2003-2014. Arealstrategiane frå førre rullering var tilpassa tema for rulleringa den gongen, både for samfunnsdelen og kommuneplanen. I arealstrategiar for kommuneplanen 2011-2023 har ein konsentrert seg om dei tre emna bustad, næring, og fritidsbustad. I tillegg er det ein generell del som omfattar overordna arealstrategiar, der ein mellom anna ser på senterstruktur og folketalsauke i planperioden.

Arealstrategiar: Overordna arealstrategiar

1.Osterøy kommune skal gjennom arealplanlegginga byggja opp under eksisterande sosial og teknisk infrastruktur og søkje effektive løysingar for å samordne arealbruk og kommunikasjon.

2. Ein skal halde fram med eksisterande senterstruktur og vidareutvikle denne med Lonevåg som kommunesenter, og Haus, /Hauge og Fotlandsvåg som områdesentra. Offentlege tenestetilbod skal i all hovudsak leggjast til desse sentra.

3. Kommunen skal leggje til rette for vekst i tilknyting til eksisterande kommunesenter, områdesentra og bygder, og gje høve for utviding for eksisterande næringsverksemd. Samstundes skal kommunen gjennom arealplanlegginga stimulere nyetableringar og auke i folketalet gjennom utbygging i vekstområde langs viktige kommunikasjonsaksar.

4. Osterøy kommune skal leggja til rette for ein gjennomsnittleg årleg folketalsauke på 0,75% i planperioden.

5. Gjennom arealplanlegginga skal kommunen sikre offentleg tilgang til strandsona og til verdifulle natur- og kulturlandskap.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 5 6. Det skal avsetjast naudsynt areal til offentleg infrastruktur i samband med nye byggjeområde.

Område for bustader

7. Hovudtyngda av bustadbygginga skal skje i regulerte område i tilknyting til eksisterande kommunesenter, områdesentra og bygder.

8. Osterøy kommune skal sikre gode bumiljø for innbyggjarar i alle livsfasar, og gjennom arealplanlegginga skal kommunen stimulera til auka differensiering i bustadmarknaden med omsyn til storleik, pris og eigedomstilhøve.

9. Kommunen skal i størst mogleg grad fremje fortetting i kommunesenter, områdesentra og bygder, og i tillegg ta i bruk nytt byggjeland etter behov.

10. I sentrumsområde i kommunesenter og områdesentra kan det leggjast til rette for kombinasjon bustad/forretning.

11. Ein skal gjennom arealplanlegginga leggje til rette for differensiert byggjetettleik i LNF2- område, og skilje mellom LNF2-spreidd og LNF2-tiltenkt gardstilknytta klyngetun.

12. Gjeldande kommunedelplan for landbruk legg føringar for bygging i LNF-område.

Område for næring

13. Kommunen skal gjennom arealplanlegginga leggje til rette for utbygging i større næringsparkar og ved eksisterande infrastruktur.

14. Eksisterande verksemder skal, der det er mogleg, sikrast høve til utvikling.

15. I planlegginga av nye næringsområde skal ein ta omsyn til topografi og nærleik til bustadområde.

16. I sentrumsområde i kommunesenter og områdesentra kan det leggjast til rette for kombinasjonen bustad/forretning.

17. Kommunen skal gjennom arealplanlegginga stimulere til etablering av reiselivsrelatert næringsverksemd.

Område for fritidsbustader

18. Ein skal i kommuneplanen prioritere feltvis utbygging av fritidsbustader, og utbygging i nærleik til eksisterande infrastruktur.

19. I planlegginga av nye område for fritidsbustader skal ein sikre offentleg tilgang til strandsona og til verdifulle kultur- og naturlandskap.

Arealstrategiane vart vedtekne før ny plan og bygningslov trådde i kraft. LNF-2 må tolkast som LNF-spreidd.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 6 1.2 Overordna rammer og føringar

Lovgrunnlaget Kommuneplanen er lovheimla i plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr.71. §11-5 ” Kommuneplanens arealadel skal angi hovedtrekkene i arealdisponeringen og rammer og betingelser for hvilke nye tiltak og arealbruk som kan settes i verk, samt hvilke viktige hensyn som må ivaretas ved disponering av arealene. Kommuneplanens arealdel skal omfatte plankart, bestemmelser og planbeskrivelse hvor det framgår hvordan nasjonale mål og retningslinjer, og overordnete planer for arealbruk, er ivaretatt” Planen tek opp formål ihht pbl § 11-7 punkt 1-6

Nasjonalt: Det er lagt ei rekkje føringer for planarbeid i kommunen gjennom sentrale forskrifter, rikspolitiske retningslinjer, brev og rundskriv. Aktuelle føringer er lagt til grunn i arbeidet med kommuneplan for Osterøy. Dette gjeld særskilt:

- Forskrift om konsekvensutgreiing (FOR 2009-06-26 nr. 855) - Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- areal og transportplanlegging - Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming - St. meld. 26 (2006-2007) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand - St.meld.34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk - (st.meld 16 (2004-2005) Leve med kulturminne) - Rundskriv T-2/08 Om barn og planlegging - T-1082 Verna vassdrag. Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag

Regionalt: Planer på fylkesnivå legg føringar og gir retningslinjer for arealdisponeringa i Osterøy kommune Dette gjeld mellom anna:

- Fylkesplan for Hordaland (2005-2008) - Klimaplan for 2010-2020 - Fylkesdelplan for energi - Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (2008-2012) - Fylkesdelplan kulturminne (1999-2010) - Fylkesdelplan Deltaking for alle- universell utforming (2006-2009) - Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel 2002 - Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland (2007) - Fylkeslandbruksstyre, arealstrategi - Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009 - FylkesRos Hordaland 2009

Lokalt: Kommunedelplaner og temaplaner som er vedtekne eller er under arbeid danner og grunnlag og har vert sett i samanheng med rulleringa av kommuneplanen. Følgande utgreiingar og planar er lagt til grunn:

- Kommuneplan for Osterøy 2003-2014 - Økonomiplan 2010-2015 - Arealstrategiar Osterøy kommune (2008) - Landbruksplan

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 7 - Skulebruksplan (under arbeid) - Fredrikstaderklæringa - Stadanalyse Lonevåg - Kommundelplan for vassforsyning 1996-2007 (ny under arbeid) - Kommunedelplan for avløp 1998-2007 - Kommunedelplan for kystsona - Kommunedelplan Hauge 2006 - 2018 - Kommunedelplan landbruk 2006- 2009 - Forprosjekt veg. Åsheim - Forprosjekt veg Stokke-

1.3 Forholdet til andre planer:

Kommuneplanens samfunnsdel: Arealdelen skal bygge oppunder og iverksetje mål og strategiar frå samfunnsdelen. I ny plan og bygningslov av 2008 vert det sett krav til kommunal planstrategi. Dette er ikkje ei eiga plantype, men skal vere eit hjelpemiddel for kommunen til å fastsetje det vidare planarbeidet. Han skal utarbeidast og vedtakast minst ein gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstituering. Det vil i planstrategien vise om det er trong for revidering av kommuneplanen og planstrategien kan og byggast opp som eit planprogram til kommuneplanen

Reguleringsplanar Det blir vist i plankartet kva for reguleringsplaner som gjeld føre kommuneplanen. 2. Planprosess og medverknad

2.1 Organiseringav arbeidet Oppdragsgjevar/eigar: Heradstyret

Styringsgruppe/styringsnivå: Formannskapet er det faste utvalet for plansaker. Formannskapet har delteke på synfaringar og ulike arbeidsmøte. Dei har vedteke nye arealstrategiar for kommunen og har gjort eit prosessvedtak på grovsilinga av innspela. Det er og formannskapet som vedtar å leggje planframlegget ut til høyring og offentleg ettersyn. På synfaringar og arbeidsmøte har ein hatt eit utvida planutval, slik at alle parti har vore representerte. Formannskapet har 7 medlemmer. Frå 2007 har det vore samansett av 2 representanter frå Arbeidarpartiet og Framskrittpartiet og 1 representant frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre. Utvida planutval består i tillegg av 1 representant frå Venstre og 1 frå Sosialistisk Venstreparti.

Prosjektansvarleg/koordinator: Rådmann/ kommunalsjef plan og teknisk forvaltning. I løpet av planprosessen er planavdelinga vorte utskidt frå teknisk forvaltning og det er komen ny rådmann. Det har såleis vore endring i prosjektansvarleg til ny rådmann og kommunalsjef for plan, utvikling og kultur

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 8

Prosjektleiar Planavdelinga har hatt utskifting i perioden planarbeidet har foregått. Det har dermed vore tre ulike prosjektleiarar

Intern rådgjeving/referansar: Rådmannsgruppa/leiarkollegiet har bidrege med viktige avklaringar og i kvalitetssikring av arbeidet.

Ekstern rådgjeving/referansar: Lokale interessentar og regionale styresmakter Sentrale problemstillingar har vore lagt fram og drøfta i planforum 2 gonger, i tillegg til anna dialog med ulike instansar

Operativ prosess/prosjektgruppe: Intern arbeidsgruppe. Det har vore ulike interne arbeidsgrupper som har bidrege med kompetanse og kvalitetssikring i dei ulike prosessane.

2.2 Planprosessen PLANFASE ORGAN/AKTØR TID Oppstart Heradstyret 20.06.07 Frist for innspel 31.08.07 Vedtak av planprogram Formannskapet 05.12.07 Arbeidsmøte/synfaringar Administrasjon/ Vår 2008 formannskap(utvida) Vedtak arealstrategiar Formannskapet 29.10.08/11.11.08 Regionalt planforum 25.11.08 Prosessvedtak grovsiling Formannskap (utvida) Vedtak av akseptkriterie og Formannskap/Heradstyre 03.02.10/17.02.10 metode for ROS Arbeidsmøte KUog ROS Formannskap(utvida) 08.04.10 Regionalt planforum 15.04.10 Vedtak om utlegging til Formannskap 09.06.10 høyring/offentleg ettersyn Frist for uttale 27.08.10 Arbeidsmøte Formannskap (utvida) 27.10.10 Prosessvedtak Formannskap 17.11.10 2.gongs handsaming Formannskap 02.02.11 Endeleg vedtak Heradstyre 16.02.11

2.3 Medverknad og innspel: Det er viktig med ein brei medverknad i arbeidet med kommuneplanen. Resultatet vil vedkome mange: innbyggjarar og folk med fritidsbustad i kommunen, tilreisande, næringsdrivande, nabokommunar og regionen. I ein region med felles bu- og arbeidsmarknad vert det i aukande grad fokusert på tilrettelegging av nærings- bustadareal over kommunegrensene. Forskrift om konsekvensutrgreiing sikrar brei medverknad i heile prosessen. Høyring av planprogrammet har gjeve høve til å påverke kva for spørsmål som

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 9 skal utgreiast og i kva grad det er semje om tilrådde alternativ. Det har vore viktig med ein open planprosess og alle dokumenta i saka har til ei kvar tid vore tilgjengeleg på heimesida til kommunen.

Oppstart og planprogram Frist til å kome med innspel til oppstart av planarbeidet og til planprogrammet vart sett til 31.08.07. Ved utlaupet av denne fristen var det kome 73 innspel frå private og offentlege aktørar. 61 av innspela omhandla ny arealbruk, 35 av dei omhandla heilt eller delvis bustad, 16 fritidsbustad og 10 næring. 7 innspel omfatta anna bruk. I tillegg er det 14 innspel som er kome gjennom politiske vedtak før høyringsfrist- 8 av desse er merknader frå kommunedelplan Hauge som skulle takast oppatt i rulleringa av kommuneplanen. 9 innspel er komne frå rådmannen. Innspela har vore viktige i planprosessen.

På grunnlag av kriterie som tilhøvet til arealstrategiar, omfang og mogleg konflikt med andre interesser, vart det gjennomført ei grovsiling av innspela. Grovsilinga vart gjennomgått i arbeidsmøte og formannskapet fatta eit prosessvedtak. Dei som hadde kome med innspel vart direkte tilskrivne og alle dokument i saka har lagt ute på heimesida til kommunen.

Born og unge Kommunen har ynskt deltaking frå born og unge og barnerepresentanten har vore med på fleire arbeidsmøte. Alle skulane og barnehagane i kommunen har vore inviterte til å vere med i barnetråkkregistreringar. På denne måte ynskjer kommunen at barn skal få vise kva for areal som er viktige for dei til leik- og fritidsbruk i skule/barnehagetida, men også område der dei føler seg utrygge.

I samband med stadanalyse for Lonevåg, som har vært brukt som materiale for å sjå på Lonevåg i kommuneplanen, har tiande klassesteg på Osterøy ungdomskule delteke i prosjekt for å sei kva dei meiner om framtidig utvikling av kommunesenteret. I samband med analysen har det vore halde ope møte, der mellom anna lokalt næringsliv, grendaråd og grunneigarar deltok.

Elevane lagde blant anna modell av ’nye Lonevåg’, og plakatar som synte kva for kvalitetar dei meiner Lonevåg har, og dei kvalitetane dei saknar.

Høyring og offentleg ettersyn

I høyringsperioden vart det halde 3 opne kontordagar i Heradstyresalen. Invitasjon vart kunngjort i avis og på kommunen si heimeside. Det kom inn over hundre merknadar til

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 10 planforslaget som var ute på høyring og til offentleg ettersyn. Merknadane var relansering av tidlegare innspel som ikkje var tilrådd eller hadde ein anna arealavgrensing enn opphaveleg innspel, framlegg til nye byggjeområder, og framlegg om endringar og justeringar i kart og føresegn. Merknadane vart sortert utifrå innhald og lagt fram for politikarar i arbeidsmøte som leia til eit prosessvedtak. Her vart det lagt særleg vekt på ynskje om eit snarleg vedtak av planen, utan ny høyringsrunde. 3. Lokale planføresetnader- status og utfordringar

3. 1 Folketal Ved inngangen til 2010 hadde Osterøy kommune eit folketal på 7421 innbyggarar. I perioden 2000-2009 har kommunen hatt ei årleg folketalsauke på 0,58 %. Kommunen legg i vedtekne arealstrategiar opp til ein årleg folketalsauke på 0,75 % i planperioden. Dette byggjer på framskrivingar frå Statistisk Sentralbyrå basert på middels nasjonal vekst . Om tendensane i folkesamansetnaden tilsvarar SSB si framskriving, vil det vere mest vekst i aldersgruppene 0-5 år og 67+. Om ein ser på Statistisk Sentralbyrå (SSB) si framskriving basert på høg nasjonal vekst , vil dette medføre ein gjennomsnittleg årleg folketalsauke på 1 % i planperioden. Med nedbetaling av Osterøybrua og tilrettelegging av nytt bustadareal ved sentrale kommunikasjonsårer i planperioden, vurderer ein det slik at ei årleg auke på 0,75 % vil vere realistisk i høve til den infrastrukturen som er på plass i dag.

Folketal Osterøy Kommune Framskrive 2009-2030

9500 9106 Høg vekst 9000 HHMH

8500 8495 Middels vekst MMMM

8000 Folketal 7500 7874 Lav vekst LLML 7000 7352

6500

6000

5500 5548 5000 1965 1970 1975 1980 1985 1990 1995 2000 2005 2009 2010 2012 2015 2020 2025 2030 Årstal

LLML MMMM HHMH Fakta Lineær (Fakta)

Fig.1 Folketalutvikling. Faktiske tal til 2009 og deretter framskrivne. Kjelde: SSB

Folketalet etter aldersgrupper. Aldersgrupper År 2006 År 2007 År 2010 År 2015 År 2020 År 2025 Prognose Prognose Prognose Prognose 0-5 år 573 549 582 594 623 645 6-15 år 1107 1085 1080 1050 1070 1114 16-66 år 4530 4539 4697 4777 4804 4873

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 11 67-79 år 585 599 613 772 942 1030 80-89 år 351 349 290 266 277 331 90 år og eldre 78 65 81 80 73 69 Totalt 7224 7186 7343 7539 7789 8062 Fig. 2. Kjelde SSB

Veksten dei siste åra er konsentrert til krinsane Lonevåg, Hauge og Valestrand, medan dei øvrige krinsane held seg relativt stabile i folketal. Skilnadene er imidlertid marginale. Dette fell godt saman med innspela til kommuneplanen som i hovudsak konsentrerer seg i denne aksen. Det har lenge vore lite tilgjengelig byggjeareal i Haus og det kan vere grunnen til at ein ikkje har hatt ein auke i denne krinsen.

Folketalsutvikling 1999-2009. Grunnkretsar

1800

1600

1400

1200

Personar 1000

800

600

400

200

0 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 År

Bruvik Haus Lonevåg I Hauge Valestrand Hjellvik Lonevåg II Fotlandsvåg

Fig 3. Kjelde: SSB/Fylkesstatistikk

3.2 Utbyggingsmønster og utviklingstrekk. Osterøy har ein desentralisert næringsstruktur og eit busetjingsmønster med mange bygder og mindre grender.Busetjinga har vore knytt til primærnæringane og er såleis jamt fordelt i dei einskilde bygdelaga. Dei einskilde verksemdene har sterk tilknyting til staden. Fritidsbustader er og i stor grad spredt, og rundt om i bygdene er mange tidlegare bustadhus omgjort til fritidsbustader. Større område for fritidsbustader ligg i hovudsak i Bruvikdalen.

Osterøy har 5 kyrkjer og eit tjuetals lokale kulturhus. Det er i 2010 8 barneskular og ein ungdomskule. I tillegg har kommunen 2 private barneskular. Endringar av skulstrukturen er under vurdering.

Nye kommunikasjonar Nye kommunikasjonar har skapt endra utbyggingsmønste og kortare avstander. I 1997 fekk Osterøy brusamband til . Hannisdalslina, som vart opna i 2002, gjorde Hauge til trafikkknutepunkt. Bygging av Ny riksveg Hauge –Lonevåg starta hausten 2009, og ventas

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 12 vere ferdig i løpet av 2011. Kommunedelplan Hauge vedteke i 2006 legg til rette for næring og bustadbygging på Hauge. Det er samstundes politisk vilje og vedtak på å starte opp arbeid som vil betre infrastrukturen Vedtak om å starte opp arbeid med reguleringsendring for Vesethjelet vil betre tilkomsten til eventuelle nye næringsområder og situasjonen for vatn og avlaup.

Endring av utbyggingsmønster - stadutvikling I lys av dei nye kommunikasjonane ser ein ei dreiing mot fortetting og vekst i områda som er knytt nærare fastlandet med bru. Ein akse frå Valestrand, via Hauge mot Lonevåg er i framvekst. Desse områda har hatt jamn vekst og skil seg frå dei mindre bygdene i storleik og servicetilbod. Ved utvikling av Loftåsfeltet er den opplevde avstanden mellom Hauge og Valestrand minka. Ein ser ei ’samangroing’ av to bygder. I arealstrategiane som er vedteke i samband med rullering av kommuneplanen, er det sagt at Valestrand og Hauge vert å betrakte som eitt områdesenter. Ein har i planprosessen vurdert desse endringane og ein ser det positivt med vekst i avgrensa områder, då dette òg kan halde fram den sterke identiteten knytt til dei mindre bygdene. I motsett fall kan ein få ei utvatning av desse. Geografisk ligg kommunesenteret sentralt i høve dei fleste bygder og områdesentra. Såleis utgjer Lonevåg eit viktig knutepunkt i eit skilje mellom spreidd bygdestruktur og framveksten av områdesentra som tettstader. Dette inneber at ein særleg i Lonevåg og Valestrand/Hauge vil ha fokus på tettstadutvikling som inneber mellom anna fortetting og blanda føremål av bustad og næring, samt utvikling av kultur- og fritidstilbod som skal tene alle innbyggjarar. For å ta i mot denne veksten er det naudsynt å leggje til rette areal for utbygging, samstundes som ein fokuserer på å utvikle den særeigne identiteten i tettstadene. For å oppretthalde den spreidde bygdestrukturen parallelt med dette, har ein i kommuneplanen sikra tilgjengeleg bustadareal og gode oppvekst- og lokalmiljø. Haus er det områdesenteret som lenge ikkje har hatt realiserbare byggjeområde. Det har i gjeldande plan lege inne to framtidge bustadområde som har synt seg vanskeleg å realisere både ut frå kulturminne- og jordbruksinteresser. Med nedbetaling av brua ser ein for seg eit betydeleg større press i dette området.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 13

Osterøy utover kommunegrensa I tråd med arealstrategiane er det i planprosessen vurdert problemstillingar vedrørande Osterøy i regionen. Korleis kan kommunen dra veksel på tilhøyrigheita til regionen, og korleis kan kommunen bidra til å styrke regionen? Deler av Osterøy ligg i reisetid i kort avstand til omliggande kommuner, med dei tilbod, og tilgang til arbeidsplassar dette medfører. Osterøy er ein del av ein region med stadig større felles bu- og arbeidsmarknad og dette må takast omsyn til i planframlegget. Osterøy er pr. i dag ein av dei få og næraste kommunane til Bergen som framleis har naturkvalitetar og landleg preg som framtredande uttrykk. Samstundes har ein lange tradisjonar på næringsutvikling. Dette er lokale kvalitetar som har betydning også i regionen.

Bustad: Kapasitet bustadareal, Osterøy Kommune Oversikta er bygd på ei kartlegging av ledig tomtekapasitet i kommunen som vart gjort i august 2008. Kartlegginga viser tomter og areal som er oppgitt i gjeldande arealplanar. Fleire av tomtene som i dag er registrert som ledige, er vist i eldre reguleringsplanar. Føresetnadene for utbygging kan ha endra seg sidan desse planane vart vedtekne, og ikkje alle desse tomtene som er registrerte i kartlegginga er lenger å betrakte som realistiske byggjetomter.

Valestrand krins Tal på i tillegg LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg. regulert spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter byggjeland (da) (tomter) byggjeområde (da) 35 11 4 84 39 95 daa Kommentar: Av framtidige uregulerte byggjeområde er ca 80 da under regulering (Rundhovde, Timberdalen).

Lonevåg krins Tal på i tillegg LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg regulert spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter byggjeland (tomter) byggjeområde (daa) (daa) 40 24 8 256 48 280 daa Kommentar: Av framtidige område utgjer Fugledalen og Barkavika det meste. Her er det kome innspel til utviding i samband med denne rulleringa.

Haus krins Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter (tomter) byggjeområde (da) 14 15 - 394 14 409 daa NB! Kommentar: Av framtidige, uregulerte byggjeområde utgjer Åsheim og Mjeldalen størsteparten. Mjeldalen reknast ikkje lenger som realistisk. Arealet er 239 da.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 14 Hamre krins Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter (tomter) byggjeområde (da) 65 - - - 65 - Kommentar: Dei 65 ledige tomtene på Hamre inngår i reguleringsplan frå 1985.

Bruvik krins Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter (tomter) byggjeområde (da) 46 - 21 - 67 - Kommentar: Dei 46 regulerte tomtene inngår i reguleringsplan for Bruvik, godkjend 2008.

Hauge krins Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt tomter (tomter) byggjeområde totalt (da) 27 89 - 57 27 146 daa Kommentar: Dei 89 da som inngår i regulert byggjeland, er den delen av Loftåsfeltet der det er utarbeidd reguleringsplan, men sett krav om utbyggingsplan før utbygging. Av framtidige område er 20 da under regulering (Haugheim).

Hjellvik krins Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter (tomter) byggjeområde (da) 12 - 15 - 12 15 daa

Fotlandsvåg krins (inkludert Tysse og ) Tal på i tillegg regulert LNF- Framtidige Ledige Ledig areal ubygde reg byggjeland (da) spreidd uregulerte tomter totalt totalt tomter (tomter) byggjeområde (da) 45 49 32 123 77 172 daa Kommentar: Av dei 196 da som ligg inne til framtidig byggjeområde på Hanstveit, har det kome innspel til kommuneplanen om å omgjere størsteparten av dette arealet til LNF. Godkjent plan 2009 Gatland er teke med i talet.

Tilgang og reserve av areal: Legg ein til grunn ei årlig folkeauke på om lag 35-40 personar og deler dette på talet personar pr. bueining, vil ein sjå at det er behov for ca. 16 nye bueiningar pr år. Tek ein høgde for skeivheita i dette talet, og ein tendens som ein kan trekkje ut av perioden 2001-2009, vil det vere rimeleg å tru at trongen for nye bueiningar er nærare 35-40.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 15 Reknar vi om dette i arealbehov – vil ein kunne sjå at det er eit årleg trong for ca. 40 daa knytt til bustadbygging. Av tabellen (tomterekneskapen) ser ein at det ligg ca. 1117 da ledig areal totalt i Osterøy kommune. Vidare har ein ca. 349 ledige tomter til bustadformål. Ein ser at med utgangpunkt i gjeldande tilgang på areal, så har tilstrekkelig areal for ca. 30 år fram i tid med utgangspunkt i rekneskapet slik det foreligg. Til tross for dette er det tomtemangel i nokre område. Ein del tomter har ei plassering som ikkje gjer dei attraktive. Dette kan ha med avstand til service, kommunikasjon og senterområde. I mange tilfelle har og topografiske og lokalklimatiske forhold ei viss tyding. Medan nokre bygder har overskot av tomter, er det mangel i andre. Kommunen opplever ein etterspurnad etter byggjeareal. Haus har særskilt trong for areal til bustad, og det er etterspurnad etter areal i tilknyting til Lonevåg. Det er kome innspel til om lag 400 nye bustader i rulleringa.

I samband med planar om å lage handlingsplan for det bustadsosiale området, vart det utført ei analyse om trongen for nytt areal. Prosjektgruppa konkluderte med at omdisponering av allereie tilgjengeleg areal ville vere tilstrekkeleg for planperioden.

Behov: Kommunen er del av eit arbeidsmarked knytt til Bergen og , noko ein ser godt i tal for inn- og utpendling i kommunen. I perioden 2000-2009 har årleg fullført bustadbygging lege på rundt 35 bustadar pr år. I same periode har utpendlinga auka jamnt. Dette gir signal om ein etableringsvilje i kommunen, der ein samtidig opprettheld kommunen si regionale rolle i tilknytning til Bergen og omegn. Med utgangspunkt i SSB sine tal og ei framskriving av tilgjengelege data, kan ein finne at det pr. i dag (2010) bur om lag 2,6-2,8 personar pr. registrert bustadbolig på Osterøy.

Talet boligar registrerte som bueiningar er om lag 2667 (per 2001). Talet nye boligar som er bygde etter 2001 er ca. 292. Bustadbygging. Fullførte bustader pr. år - Osterøy.

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Snitt Bygning ≈

Bustadbygging i alt 26 19 68 41 18 63 57 60 44 Einebustader 20 17 16 15 7 32 29 - 19,4 Tomannbustader, - rekkehus m.m. 6 2 18 26 11 11 18 13,1 Blokker og andre - store bustadbygg 0 0 18 0 0 20 10 5,4 Andre bustader 0 0 16 0 0 0 0 - 2,3 Kjelde: SSB/Hordaland Fylkeskommune

Tenkjer ein seg nokre fortettingsaksar (sjå kart med aksar) knytt til etablering av næringsliv, kontakt med regionen utanfor kommunen og plasseringa av Lonevåg som kommunesenter, vil det vere naturleg å vektleggje ei satsing langs desse aksane. Samtidig er kommunen oppteken av å ha gode og tilgjengelege område for busetnad i småbygdene slik at ein opprettheld høve til busetnad også der.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 16 Fritidsbustader

Ei telling frå matrikkelsøk i 2007 viser til at det er 1286 hytter/fritidsbustader i kommunen. Av dette er 1180 registrert som hytter, 40 som heilårsbustader og 67 våningshus nytta som fritidsbustader. Det var under førre rullering av kommunplanen ikkje avsett nye areal til fritidsbustader. Større områder for hytter i kommunen har tradisjonelt vore i Bruvikdalen, medan ein no ser eit aukande press med ynskje om hyttebygging i nærleiken av sjø.

Det er pr. i dag ca. 70 ledige tomter og samla areal på om lag 318 da. Oversikta er bygd på ei kartlegging av ledig tomtekapasitet i kommunen som vart gjort i august 2008

Framtidige byggjeområde i gjeldande kommuneplan Namn på område Gnr/bnr ubebygde tomter/ samla areal Bernes Fritidsbustad 105/5 m.fl 11,7 da Drangøyni 101/11 4 tomter

Eksisterande område med tomtedelingsplan Namn på område Gnr/bnr ubebygde tomter

Vassdal 157/1 m.fl 7 ledige tomter Seilen 152/1 m.fl 10 ledige tomter Kleppe Nordre 23/2 Få eller ingen Hartveit 34/4 13 ledige tomter Hagenes (ved kryss) 21/1 34 ledige tomter

Eksisterande område utan tomtedelingsplan Hagenes (ytterst) 21/5 96 da. Få eller ingen ubebygde tomter. Njåstad 22/3 236 da, 3 bebygd Kleppe Søndre 24/6 m.fl 5,7 da, 1 bebygd. Raknes Nedre 110/43 m.fl 48 da, få eller ingen ledige tomter. Gatland 88/1 m.fl 13 da. 4 bebygd Kleppe Østre 101/3 m.fl 50 da, 8 bebygd Tysse 106/4 20 da, 2 bebygd.

Ei rekke av tomtene har ikkje vorte etterspurde og synest soleis uaktuelle.

I bynære strok ser ein ofte ei stor interesse for omgjering av heilårsbustad til fritidsbustad. I 2003 vart det innført forskrift for 0-konsejonsgrense i kommunen for å hindre at bustadhus og gardsbruk vert nytta som fritidsbustad.

Det er ei utfordring å finne område som eignar seg for nyetablering for større utbygging av fritidsbustader. Dette har i utgangspunktet ikkje utspring i lokalidentitet, hyttebrukarar kjem oftast utanfrå kommunen og er gjestar i lokalsamfunnet for ein periode. Samstundes opnar det for nye tilknytingar til staden gjennom auka bruk. Det kan og bidra til vekst av mindre lokalsamfunn som slit med tilflytting. Osterøylandskapet har mange naturkvalitetar, både , sjø, elvar og vassdrag som bakgrunn for friluftsbruk. Gjennom innspel og polititske vedtak er det eit ynskje om å legga til rette for meir fritidsbustader.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 17

Næring Etablering av rammer for næringsutviklinga vil ha mykje å seie framtidig økonomisk og samfunnsmessige utvikling i kommunen. Det er viktig å sikre konkurransedyktig lokalt næringsliv samt tilgang på kvalisfisert arbeidskraft og arbeidsplassar i kommunen.

Det er pr. oktober 2009 eit samla næringsareal på om lag 1032 da i kommunen.

Areal som inngår i reg.planar 124,5 da Eksisterande uregulerte næringsområde 276,6 da Areal mindre enn 4 da: ca 20,4 da over 4 da

Areal under regulering 208,7 da

Framtidige utbyggingsområde 401,6 da

Mykje av arealpotensialet er bunde opp til eksisterande verksemder for at dei skal kunne ha høve til utviding og repreresenterer soleis ikkje areal for nyetableringar i kommunen. Innanfor kommunedelplan Hauge er det eitt næringsareal, som vart regulert i 2010, samt tre industriområder, eitt av desse vart regulert i 2008. Ingen av desse dekker trongen for eit større samla areal. Næringsareal frå tidlegare planrulleringar er uregulerte og er ikkje tekne i bruk. Det største er på 180 og ligg på Helldal.

Ein ekspansjon av framtidig areal knytt til næring må ta høgde for to tilhøve. Osterøy si rolle i regional samanheng – og Osterøy sitt eige behov for lokal næring for å stette behovet frå sine lokale verksemder. Det første forholdet må relaterast til rolla Osterøy vil ha som ein aktør og tilbydar for det regionale markedet, medan det siste meir kan betraktast som behovet ein har for å opprettholde og vidareutvikle det lokale næringslivet. Osterøy bør ha areal for å kunne imøtekomme press på arealkrevjande næring- relokalisering så vel som mindre næring, der det er snakk om etablering. Samtidig må ein leggje til rette for høve for utvikling av eksisterande verksemder.

Næringslivet på Osterøy har eit desentralisert utbyggingsmønster. Store deler av handverks- og industrimiljøet har utvikla seg over tid frå handverk til industri. Innspela til kommuneplanen og ulike reguleringsplaner dei seinare åra syner ein stor trong for utvidingsareal for verksemder i kommunen og kommunen har i sine arealstrategiar vedteke å gje høve for å utvikle seg på staden. Samstundes er det eit mål for Osterøy å leggje til rette for større samanhengande næringsareal. Dette er tiltenkt både nyetableringar og verksemder frå Osterøy og verksemder utanfor kommunen som har behov for, og ser verdien og nytteeffekten av ei relokalisering og ei samlokalisering med andre verksemder. Ein ynsker i framtida å ytterlegare legga til rette for samlokalisering av verksemder. Ser ein Osterøy i ein regional samanheng, kjem det tydelig fram at kommunen er ein av dei som har potensiale til å være ein sterk tilbydar av framtidige areal og områder knytt til næring og busetnad. Strategisk næringsplan for regionen har varsla eit auka behov for i sær større

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 18 ledige næringsareal. Det trengst både utvidingsrom for eksisterande verksemder og større samanhengande næringsareal lokalisert ved overordna vegnett og knytt til eksisterande og planlagt infrastruktur. 4. Konsekvensutgreiing og ROSanalyse I tråd med ny plan og bygningslov § 4-2 skal det for alle kommuneplanar som set rammer for framtidig utbygging, utarbeidast ei særskilt vurdering og skildring av planen sine verknader for miljø og samfunn. Dette vert kalla ei konsekvensutgreiing (heretter KU). Ved utarbeiding av planer for utbygging, skal det utarbeidast ein risiko og sårbaranalyse(heretter ROS) i samsvar med pbl § 4-3. Målet med analysen er å etablere ei systematisk tilnærming til fare og framtidige uønska hendingar, slik at nødvendige risikoreduserande tiltak kan identifiserast og takast omsyn til. Føremålet er å vurdere verknader av ny arealbruk for miljø og samfunn, for å ta stilling til om, og eventuelt kva for tiltak som må til for at planen kan gjennomførast. KU og ROS er samla i eit dokument for på den måten å gjere dokumentet meir brukarvenleg.

Dette kapitlet inneheld metode for ROS og KU. Vidare ei oppsummering av KU basert på tema og ei oppsummering av ROS-analysen. I planomtalen kap. 5 er kvart einskild område omtalt med samla vurdering frå KU og ROS.

KU og ROS er utført i tråd med gjeldande lover og forskrift om konsekvensutgreiing av 2009 Det har vært ei brei fagleg medverknad i form av arbeidsmøter der mellom anna fagområda landbruk, byggesak, vva, skule, barnehage, helse, beredskap, barnerepresentant i tilegg til rådmann har vore representerte. ROS er utarbeidd av arbeidsgruppe med plan, beredskap og teknisk fagområde. Arealdelen til kommuneplanen er på overordna nivå og KU og ROS byggjer på allereie føreliggjande og registrert kunnskap. Innhenting av ny kunnskap er avgrensa til det som trengst for vedtaksgrunnlag. Ved utarbeiding av område- og detaljregulering, vil det vere behov for innhenting av ny kunnskap dersom verknad av aktuelle tiltak ikkje er kjent.

Konsekvensutgreiinga tek utgangspunkt i innspel til rulleringa, også kommunen sine eigne forslag. I dei fleiste tilfella tek utgreiingane føre seg ønska arealføremål i ein større omgjevnad enn det opprinnelege innspelet for å sjå på alternativ plassering. ROSanalysen baserer seg på avdekking av potensielle faremoment i KU. Plangrensene i framlegget er sett etter samla vurdering i KU og ROS og følgjer soleis ikkje det opphavelege innpelet. I mange av tilfella vert dette ei redusering av negative konsekvensar og faremoment.

Temakart og stadanalyse Det er utarbeidd temakart som har fått konsekvensar for avsetjing av nytt arealføremål. Born og unge Alle skulane og barnehagane var inviterte til å vere med i eit prosjekt for å kartlegge kva for område som er i bruk av born og unge. I barnehagane var det voksne som registrerte kva for område som dei brukte i barnehagetida. Lærarne på ungdomskulen og har registrert skulen sin bruk. På barneskulane er det det lærarane og elevane i 5-7. klasse som har vore med. Elevane har teikna inn område dei bruker i fritida til leik og anna både sumar og vinter. Dei har òg registrert område dei av ulike grunner opplever som utrygge. Med dette har kommunen fått eit verdifullt materiale som ein ynskjer skal vere ein viktig del av framtidig planlegging. Desse skulane deltok: Hauge (lærarar og elevar), Fotlandsvåg (lærarar og elevar) og Lonevåg

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 19 (lærarar). Av barnehagane deltok: Mjøsdalen, Reppen og Lonevåg. Registreringane skal digitaliserast. Det er eit mål for kommunen at barnetråkk skal registrerast i heile kommunen og at dette skal vere ein integrert del av alt planarbeid i kommunen. Kjerneområde landbruk Det er utarbeidd eit temakart for kjerneområde landbruk. Landbruksavdelinga i kommunen har hermed kartfesta dei viktigaste områda for landbruk i kommunen. Det er klassifisert i kjerneområde eller ikkje kjerneområde. Hovudkriterium for rangeringa er:  Verdifullt areal for jordbruket i Osterøy kommune.  Jordbruksareal over ein viss storleik og mest mogleg samanhengande.  Jordbruksareal av hensiktsmessig arrondering.

I tillegg er produksjonsmiljø, klima og terrenget sin hellingsgrad vurdert. Verdifulle område for landbruket sitt kulturlandskap er òg med i temakartet og representerer område med heilskapleg landskap som er prega av landbruksdrift, og er spesielle, sjeldne eller representative enten lokalt, regionalt eller nasjonalt.

Temakart skred Ein har samla og kartfesta alle registrerte skredhendingar i kommunen. Samanstilt med aktsomhetskart for steinsprang og snøskred utarbeida av NGU gjev det eit godt bilete av skredfare på oversiktsnivå. Ein har i same periode delteke i eit interkommunalt skredfareprosjekt og fått auka kompetanse på dette området. Ein har og samla inn tilgjengeleg materiale om flaum, men her er det ikkje nok dokumentasjon til å lage temakart. I KU har lokalkunnskap og kotehøgde vore nytta for å avdekke flaumfare. Temakart for steinsprang og for snøskred er vidare omtalt i kap 5.

Stadanalyse Lonevåg Det har vore utabeidd stadanalyse for kommunesenteret. Analysen tek for seg viktige historiske utviklingstrekk, kartlegging og analyse av dagens situasjon samt at ein prøver å gje eit bilete av framtidig utviklingspotensial. Stadanalysen har vore utarbeidd parallelt med kommuneplanen og har vore eit nyttig verkty for å sjå på utviklinga i Lonevåg, i sær med tanke på lokalisering av bustadområde. Stadanalysen er ikkje ferdigstilt ved vedtak av kommuneplanen.

4.1 Metode Konsekvensutgreiing:

Konsekvensutgreiinga er utført i tre punkt: - tilhøvet til vedtekne arealstrategiar - ei vurdering og verdsetjing av areala - konsekvensar ved ny arealbruk

Arealstrategiane til Osterøy kommune utgjer 19 punkt som omfattar overordna arealstrategiar(1-6), område for bustader (6-12), område for næring (13-17) og område for fritidsbustader (18-19). Arealstrategiane er vedtekne i formannskapet 11.11.08 og er omtala i kapitel 1.3

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 20 Vurdering og verdsetjing av areala for desse tema byggjer på følgjande:

• Naturverdiar og biologisk mangfald - viktige naturtypar, biologisk mangfald, viltførekomstar, område verna etter naturvernlova, verna vassdrag, strandsone • Friluftsliv - Turvegar, badeplassar, registrerte friluftsområde i regional kartlegging, bruk av område til jakt og fiske, leike og friområde, allmenn tilkomst til sjø • Kulturminne - freda bygg og anlegg, verneverdige kulturminne eller kulturmiljø, eldre gardstun, naust og sjøhusmiljø osb. • Landbruk - kjerneområde landbruk og viktige produksjonsverdiar eller kulturlandskapskvalitetar • Landskap - Landskapsverdiar eller sårbart landskap, landemerke

Verdsetjinga er vurdert i frå liten til middels og stor verdi. Område utan kartlagde førekomstar er sett til liten verdi. Der det er kartlagde eller kjende verdiar av lokal betydning er desse areala vurdert til middels stor verdi. Der det finst sjeldne førekomstar eller særskilte verdiar av regional eller nasjonal betydning er områda vurdert til å ha stor verdi.

Vurdering av konsekvensar Tema som er konsekvensvurdert ved ny arealbruk:

Tema Innhald Kunnskap Naturverdiar og Biologisk mangfald Viltet på Osterøy. Kartlegging av viktige biologisk mangfald Viltførekomstar viltområde og status for viltartane 2004. Område verna etter Kartlegging og verdisetting av naturtypar i naturvernlova Osterøy 2005. Verna vassdrag og Skog og landskap. strandsone http://www.skogoglandskap.no/seksjoner/kartkat alog Markslag registrerast, men konsekvens vert ikkje vurdert. Friluftsliv Bruk av område til Barnetråkkregistreringar 2009, friluftsliv Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012, Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Område for friluftsliv kartlegging og verdsetting av regionalt viktige område i Hordaland Prosjektrapport2008 Friluftskart-Osterøy Kulturminne og Freda eller verneverdige Askeladden med sefrak Kulturmiljø kulturminne eller Stadanalyse Valestrand kulturmiljø, eldre Stadanalyse Lonevåg busetnad, gardstun osb. Osterøy Bygdebok og Osterøyboka Landbruk Konsekvensar for Kjerneområde landbruk 2010 Temakart landbruksproduksjon og http://www.skogoglandskap.no/seksjoner/kartkat

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 21 kulturlandskapsverdiar alog Landskap og Visuelt sårbart eller Synfaringar estetikk eksponert areal Retningsliner for estetikk og byggeskikk strandsona Strandsone Retningliner i kommunedelplan landbruk Stadanalyse Lonevåg Råd om planlegging og forvaltning av strandsona Landskapsanalyse- Framgangmåte for vurdering av landskapskarakter og landskapsverdi- 2010- Direktoratet for naturforvaltning http://www.skogoglandskap.no/kart/landskapsreg ioner Landskapskartlegging av Hordaland fylke, Naturverkstad sone 21 og 22 inngår i rapporten; http://www.naturverkstad.no/wp- content/uploads/2010/02/Landskapstyper-i- Hordaland_AN_rapp02-09-ISBN.pdf Helse Helse og miljø Nærområde Oppvekstvilkår Universell utforming Tilrettelegging for alle Rehab.plan under arbeid brukargruppar Synfaring Tilgjenge, likestilling Infrastruktur Trafikktryggleik Trafikksikringsrapport 2003 Skule og barnehage Nasjonal vegdatabank Aldersheim, http://svvgw.vegvesen.no/http:/svvnvdbappp.veg omsorgsbustad vesen.no:7778/webinnsyn/anon/index Offentlege tenester Arealstrategiar Sevicetilbod Vassforsyningsplan, ikkje endeleg vedteken Veg, vatn, avlaup Politiske vedtak IKT Skulebruksplan under arbeid Kartgrunnlag vva. Temakart Naturrisiko Grunntilhøve Oversiktskart og klima Skred, flaum, http://www.skrednett.no/ ekstremvær, vind, nedbør Aktsemdkart for steinsprang. Radon Temakart skredkartlegging i OK . Havnivåstiging Havnivåstiging Dambrot 'Radonkartlegging i skoler/barnehager og Skog og grasbrann borebrønner i Midthordland ' 1996-98 – målingar utført i OK. Overordna kriseplan Samf. del kommuneplan http://www.ngu.no/kart/ berggrunn, grunnvassdata, lausmassekart FylkesROS Meteorologisk institutt, Bergen Forureining Støy, avfall Oversiktskart over avlaupsnett Drikkevasskjelde Ovesikt over trafikkmengde og utsleppsløyver Forureining/utslepp i luft eller grunn

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 22 Samfunnstryggleik Uttrykking, ulykker, ROSanalyse kommuneplan Beredskap særskilt risiko Overordna kriseplan ulykkesrisiko FylkesROS Nasjonal vegdatabank http://svvgw.vegvesen.no/http:/svvnvdbappp.veg vesen.no:7778/webinnsyn/anon/index Energi Energibruk Enova Energireduserande BKK energiutgreiing tiltak El – forsyning Samlokalisering Samlokalisering av ulike Kart. synfaring. føremål Born og unge er ikkje eit eige punkt, men får særskild merksemd i fleire av tema, herunder helse, infrastruktur, samlokalisering og friluftsliv.

Konsekvensar ved ny arealbruk er vurdert i frå -3 til + 3, frå store negative til store positive konsekvensar. Dersom ny arealbruk ikkje er vurdert til å få særskilte konsekvensar er det sett til 0. Ikkje alle tema er vurderte som relevante for alle områda. Desse er ikkje talfesta eller omtalt vidare. Det er faglege vurderingar som byggjer på den kunnskapen ein har om tiltaket pr. i dag.

ROS analyse Lokale rammer: HSsak 003/10 – akseptkriteria og metodeval for ROS vedteke 17.02.10 METODE 1, Beskriving av analyseobjektet Inngår i KU med ROS 2, Kartlegging av moglege hendingar/ Farekategoriar og karlegginga av moglege hendingar potensiell fare er implemnetert i KU, 3, Vurdering av årsak 4, Vurdering av For alle kartlegade moglege hendingar skal det fyllast og sannsyn konsekvens ut eige skjema 5, Berekne risiko Risikomatrise for alle kategoriar fyllast ut. 6, Vurdere risikoreduserande tiltak Sum av ROSanalysa for kvart tema samanstillast med KU

Farekategoriar som skal vurderast, lista er ikkje uttømmande; Naturbaserte farar Menneske og verksemdsbaserte farar - Skred - Forureining i luft eller grunn - Flaum - Uheldig samlokalisering - Sterk vind - El- forsyning - Skog og grasbrann - Vatn og avlaup - Radon - IKT - Dambrot - Infrastruktur, veg - Havnivåstigning

SANNSYN vekt Definisjon Særs sannsynleg 5 Ei hending pr. år eller oftare Mykje sannsynleg 4 Ei hending pr. 1-10 år Sannsynleg 3 Ei hending pr. 10 -100 år Mindre sannsynleg 2 Ei hending pr. 100 -1000 år Lite sannsynleg 1 Mindre enn ei hending pr. 1000 år

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 23 Menneske ( Liv og Ytre miljø ( luft, KONSEKVENS Vekt Matrielle verdiar Helse ) vatn, jord... ) Katastrofalt 5 Meir enn 4 døde, eller 20 Varig større skade på ytre Skadar for meir enn kr alvorleg skadde miljø. 20.000.000 Inntil 4 døde, eller fare for Alvorleg skade av mindre Skadar mellom kr inntil 20 alvorleg skadde omfang på ytre miljø, eller mindre 2.000.000 – 20.000.000 Kristisk 4 alvorleg skade av stort omfang på ytre miljø. Alvorleg 3 Inntil 5 alvorlege personskadar, Store skadar på ytre miljø, Skadar mellom kr eller mange mindre personskadar, men men som vil utbetrast på 200.000 – 2.000.000 med sjukefråver. Vesentlege sikt. helseplager og ubehag. Ein viss fare 2 Mindre skadar som treng Mindre skadar på ytre Skadar mellom kr medisinsk handsaming, evt. miljø, men som naturen 20.000 – 200.000 kortare sjukefråver. sjølv utbetrar på kort tid. Ufarleg 1 Ingen eller små personskadar. Ingen eller ubetydeleg Skadar for inntil kr skade på ytre miljø. 20.000

Akseptkriteria: Medfører uakseptabel risiko. Det skal utførast meir detaljerte ROS – analyser for å eventuelt avkrefte risiko eller avklare om risikoreduserande tiltak kan gjennomførast.

ALARP - sone, dvs. tiltak kan gjennomførast for å redusere risiko ( ALARP = As Low As Reasonable Practicable ). Detaljert ROS analyse med. Det vil vere naturleg å leggje ein kost - nytteanalyse til grunn for vurdering av fleire risikoreduserande tiltak. I utgangspunktet akseptabel risiko, men fleire risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar.

For tema samlokalisering har ein sett det som utfordrande og lite teneleg å talfeste risiko i vedtekne rammer. Det har likevel vore viktig å belyse at samlokalisering i einskilde tilfelle utgjer ein risiko.

4.2 Oppsummering av utgreiing og analyse

Etter ei grovsiling av innkomne innspel til kommuneplanarbeidet kom 36 innspel vidare til konsekvensutgreiing i eit prosessvedtak i utvida planutval 09.09.09. I fleire av innpela var det ynskje om ulike arealføremål og i grovsilinga vart det avklart kva for arealføremål som skulle utgreiast. Dette er både innspel som er komne eksternt, politisk og frå rådmannen. Fleire er vurderte saman og det har resultert i 29 område/føremålsendring som har vore utgreidd i høve konsekvensar og ROS. Samla vurdering av dei einskilde områda er omtala i planomtalen kap. 5.2 og konsevensutgreiinga og ROSanalysen ligg i si heilheit i vedlegg C

Det er tilrådd følgande nye bustadområde: - B1 Åsheim - B2 Fugledalen - B3 Nothushjellane - B4 Hjellvik - B5 Krossåsen

LNF-spreidd - bustad - sB1 Borge

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 24

Det er tilrådd følgande område for fritidsbustad - F1 Helldal - F2 Kleppe - F3 Vassdal - F4 Kleiveland

Det er tilrådd følgande område for næring - N1 Hosanger/Hole - N2 Hosanger /Hole (i fjell) - N3 Espevoll - N5 Grimstad - N6 Mjelde Anna: - G1 Gjerstad- utviding av gravplass - G2 Ny gravplass - I1 Litland Idrettsanlegg - B_OR1 Valestrand sentrum Bandlegging for regulering etter pbl - V1 Stokke-Bruvik

4.3 Konsekvensar av planframlegget Vidare følgjer oppsummering av samla konsekvensar av planframlegget utfrå utvalde tema. Konsekvensane her er ikkje talfesta, men er vurderte som positive eller negative.

Naturverdiar og biologisk mangfald Markslag er registrert, men ikkje vurdert utifrå konsekvens + teke omsyn til i fastsetting av føremålsgrenser + ingen truga arter innanfor nye planområde + der det er kartlagt viktige naturverdiar og biologisk mangfald utanfor, men tett på området, vert det sett krav til utgreiing om kva for konsekvensar tiltaket kan få for disse verdiane.

Friluftsliv Eit fortrinn i Osterøy at dei fleste område ligg i umiddelbar nærleik til friluftområde. Planforslaget forringar ikkje tilgjenge til turområde, men byggjer oppunder desse kvalitetane. Nye bustadområde ligg fint tilgjengeleg for fine friluftsopplevingar.

+ krav om store friområde i nye byggjeområde der det er registrert barnetråkk eller anna bruk + kommunen har fått ei oversikt over område som er i bruk av born - område i barnetråkkregistrering vert til byggjeområde bustad

Kulturminne og kulturmiljø Ein har henta informasjon frå Askeladden og SEFRAK-registeret og i nokre tilfelle innhenta lokalkunnskap

+ omsynsone over kulturminne i nye planområde + plangrenser har teke omsyn til kulturminne og kulturmiljø + synleggjering av konfliktpotensiale - ikkje kjent status på SEFRAK-bygg - SEFRAK-bygg innanfor planområde

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 25 Landbruk Ein ser ein nedgang i primærnæringane dei siste åra og om ein skal oppretthalde landbruksproduksjon er det viktig at ein tek vare på produksjonsareala og fagmiljøet. Dette har vore viktige omsyn i arbeidet med planframlegget. Bu- og driveplikt gjennom konsesjonslova er eit verkty kommunen nyttar seg aktivt av for å kunne oppretthalde drift av areala og for å auke folketalet. I følgje Kommundelplan for landbruk utgjer den uproduktive utmarka 59% av arealet i kommunen, produktiv skog om lag 25%. Arealet med dyrka jord utgjer omlag 13% og er eit relativt høgt tal samanlikna med andre kommuner i fylket. Mykje av dette er gjødsla beite. Ein forholdsvis høg del er overflatedyrka.

+ kartlagt kjerneområde for landbruk + opprettheld store delar av LNF-områda i gjeldande kommuneplan + tilbakeføring av store område til LNF + få framlegg er lagde i område med dyrkbar jord eller kjerneområde landbruk + ein har teke omsyn til jordbruksinteresser ved fastsetting av føremål + lagt til rette for bustader i felt og LNF- spreidd som ikkje er i senterområde for å avlaste press på byggjing i LNF-områda + tap av LNF rammar i hovudsak den uproduktive utmarka + legg til rette for gardtilknytta klyngjetun

- Opnar for utbygging i og ikring kjerneområde landbruk - Legg beslag på dyrka mark

Arealavgang LNF:

Omdisponering frå LNF 1300,4 daa Tilbakeføring til LNF 648,9 daa Sum arealavgang 651.5 daa

Planen inneber ein arealavgang på 9,8 daa klassifisert som kjerneområde landbruk.

Landskap og estetikk I søre delen av Osterøy går landformene frå nordaust mot nordvest. Dalar, åsar og fjellryggar ligg parallelt og følgjer lange rette linjer. Der dalane når sjøen i nordvest, held dei fram som våger, slik som Lonevågen og Fotlandsvågen. Kommunen har ikkje hatt ei landskapskartlegging med verdisetting av landskapet, men ein har halde seg til eksisterande kunnskap når ein har vurdert landskapet og konsekvensane av planframlegget. Fjernverknad har vore eit viktig aspekt og ein ynskjer ikkje å legge til rette for utbyggjing i særleg eksponerte område.

+ krav til planlegginga for å unngå skjemmande silhuetteffekt. + krav til estetikk i føresegna og retningslinier for estetikk og byggjeskikk vert vidareført frå gjeldande plan. + lagt til rette for spreidd bustadbygging for å ivareta landskapsinntrykket. + omsyn til topografi ved fastetting av plangrense. - legg til rette for bruk av urørt natur. - legg til rette for sreidd bustadbygging. - endrar landskapskarakter i nokre område.

Strandsona

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 26 Ein har i vurderinga av nye byggjeområde retta seg etter lova, med 100 m. byggjeforbod med nokre unnatak. Å sikre ållmenn tilgjenge i sjønæreområde har vore avgjerande faktor i avsetjing av areal til byggjeområde i nærleik av sjø. Kommunen har få byggjeområder som direkte grensar til sjø og områda er heilt eller delvis utbygd. For desse områda er det satt byggjegrense i føresegna som erstattar 100 metersgrensa. For regulert område gjeld byggjegrense i gjeldande reguleringsplan. For sentrumsområda er det 0 meter der ikkje anna er fastsatt i gjeldande reguleringsplanar. For sentrumsområda vert det krav om ei sone på minimum 3 meter som skal vere tilgjengeleg for ålmenta.

+ krav om allmenn tilgjenge i strandsona + definert byggjegrense der ein er innanfor 100 meter til sjø + to område har fått føremål bruk og vern sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

- har ikkje vore vurdert som eige tema i planen - opnar for byggjing innanfor 100 metersbeltet

Helse Moment som medverkar til å fremja eller hemma god helse i befolkninga er bustadtilhøve, økonomisk tryggleik, skule-og arbeidstilhøve, hjelp etter trong, sosial eigarskap til staden, ytre miljø og levevanar.

+ utbygging av bustader i nær tilknyting til senterområde med gåavstand til ulike tilbod, + turmogelegheiter. + gode oppvekstmiljø + fremjar sosial eigarskap til staden gjennom krav til felles planlegging i senterområde. + legg til rette for auka sysselsetjing + rekkefølgjekrav til utbetring av skulesituasjonen før utbygging av stort bustadfelt + føresegn om å vurdere energisparande tiltak

- samlokalisering kan bidra til ubehag, støy frå trafikk eller næringsområde

Universell utforming Universell utforming vil seie at produkt, byggverk og uteområde som er i ålmenn bruk, skal utformast slik at alle mennesker skal kunne nytte dei på ein likestilt måte så langt råd er utan spesiell tilpassing eller hjelpemiddel.

+ sett krav til universell utforming, særskilt i senterområda for å sikre likeverdig tilgjenge for alle. + nye byggjeområde er vurderte utifrå utfordringar for å kunne imøtekomme universell utforming. I alle nye byggjeområde er det mogleg å oppnå universell utforming på heile eller store deler av arealet. - opnar for utbygging i kupert terreng .

Infrastruktur + gjennom krav til planarbeidet vert infrastruktur utbetra, også for noverande situasjon + utbetring av veg/ny vegtrase + sett rekkefølgjekrav til utbygging av infrastruktur - fleire av dei nye områda har utfordringar som ikkje er løyst i noverande situasjon - sett krav til infrastruktur som kan sinke utbyggjinga

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 27 Naturrisiko og klima Med naturrisiko meiner ein risiko frå naturgjevne tilhøve som t.d. ras, flaum, radon, vind + kartlagt potensiell fare og utarbeidd ROSanalyse på alle nye byggjeområde + utarbeidd temakart skred + nokre innspel er ikkje tilrådd grunna skred og flaumfare. +.omsynssone over område som inngår i aktsemdskart for steinsprang + krav til analyse og faresonekart i reguleringsarbeidet. + føresegn som avbøtande tiltak der det er avdekt faremoment - nokre område inngår i aktsemdskart for steinsprang - opnar for bygging i område der det kan vere flaum

Samfunnstryggleik, beredskap, ulykkesrisiko Her ser ein på risiko som er menneskeskapt. For denne rulleringa er det særskilt traffiktryggleiken som har vore framtredande.

+ trafikktryggleik har vore i fokus, særleg med omsyn til born. + kartlegging av potensiell fare og utført ROSanalyse på alle nye byggjetiltak + sone med bandlegging til det føreligg områdeplan mellom anna for å sikre trafikktryggleiken + restriksjonar til planarbeid utbetrar trafikktryggleik ikkje berre for framtidig situasjon, men og for dagens situasjon

Samlokalisering Samlokalisering av ulike arealføremål kan gje både positive og negative konsekvensar. Ein har i konsekvensutgreiinga søkt å vise både der arealføremåla gjev vekselvise positive konsekvensar og der dei kan føre til uheldig samlokalisering. + bustader i tilknyting til senterområde, til skule og barnehage - utviding av industri i nærleik til bustader +/- bustad og fritidsbustad i nærleik av kvarande

Næring og sysselsetjing: I planforslaget er det lagt opp til 612 dekar til næring. Gjennom planforslaget vil 3 verksemder få høve til utvikling og ein opnar for eit større næringsområde med nyetableringar/reetablering. + Osterøy kommune vil vere betra rusta til å ta imot nye verksemder som ynskjer å etablere seg i kommunen + løyser noko av behovet for næringsareal i regionen. + legg til rette for auka sysselsetting - nokre verksemder får ikkje utvidin gsareal. – tap av næringsareal på 180 daa +/- utviding av bedrift kan innebere flytting til tilgjengeleg lokalitet i nærleiken

Bustad Planframlegget opnar for 5 nye areal til byggjing av bustader på tilsaman 595 daa av dette 380,4 nye daa. Dei ligg i tilkyting til eksisterande/ framtidige byggjeområde til bustad i gjeldande plan og gjev såleis høve til å utvikle desse områda. I tillegg vert det fremma framlegg om eit LNF-spreiddområde og spesifisering av eit LNF-spreiddområde til klyngjetun

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 28 + gjev høve til val for ulike kvalitetar i val av bustad + legg til rette for differensierte bukvalitetar og moglegheiter knytt til lokalisering og storleik + lagt til eksisterande senterområde og stader - tap av framtidig byggjeområde i Fotlandsvåg - inga utbygging på Valestrand før områdeplan er vedteken - fastsetjing av byggjegrense får konsekvensar for eksisterande bustader

Fritidsbustad Planframlegget opnar for utbygging av i alt 4 nye område for fritidsbustad + legg til rette for område med ulike kvalitetar + /- opprettheld område for fritidsbustad i gjeldande plan +/ - endrar stadsidentiteten - potensiell konflikt bustad / fritidsbustad 5. Planomtale Planomtalen skal vere retningsgjevande for vidare utbygging i kommunen. I dette kapittelet vil det komme fram korleis kommunen har jobba seg fram til løysingane som er valde i planframlegget. Ein har vurdert heile kommunen under eitt som overordna innfallsport. Kapittelet munnar ut i ein kort omtale av endringar i plankartet og retningslinjer for vidare utbygging. Den er bygd opp etter same struktur som plankart og føresegn etter rekkefølgje for arealføremål i plan og bygningslova 2008 § 11-7

Vedteke planprogram og arealstrategiar ligg til grunn for vurderingar som er gjort.

5.1 Vurderinger av utvalde tema

Bustadområde:

Illustrasjon av Åsheim med særskilte kvalitetar og 4 vegalternativ

I planprogrammet er det fastsett kriterium for lokalisering av bustader: Prioritere bustadbygging i senterområda Utnytte eksisterande infrastruktur

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 29 Fortetting i eksisterande bustadområde Omsyn til verdifulle LNF-område, kulturlandskap og kulturminne Leggje til rette for bustadbygging i framtidige vekstområde. Omsynet til allmenn tilgjenge i strandsona.

For vurderinga av større nye byggjeområde, er det lagd vekt på at områdesentra skal ha vekst, samstundes er nokre mindre areal vurdert lagt inn utanom desse, for å avlaste/forminske press på frådeling i LNF område. Gangavstand til servicetilbod og særleg skule er vesentleg for helse og trivsel og er tillagd stor vekt. Dei største nye byggjeområda for bustad ligg tilknytt områdesentra Haus og Lonevåg. I Valestrand er det god tomtekapasitet i planperioden, men ein ynskjer å vurdere fortetting og eventuelle nye byggjeområde gjennom områdeplan. Når ein går inn i etablerte område og fortettar er det samstundes lagt vekt på at større samanhengande grøntområde og elles stadeigne kvalitetar skal vidareførast. Dette er innlemma i føresegn til enkeltområda. I nokre områder er det og nytta omsynssone. Gjennom varierande bustadtypar skapar ein diffrensierte bumiljø. Det er lagt vekt på at bustadområda samla skal tilby ulike bukvalitetar innanfor kommunen.. Det er skilt mellom fortetting, feltutbyggjing og spreidd utbyggjing. I bustadområda som ligg nærast opp til senterområdet vert det tilrådd ei fordeling med ca. 2/3 einebustader og 1/3 andre typar husvere. Det er òg stilt krav til varierande storleik på bustader og leilegheiter. Dette er vurdert som særs viktig for å legge grunnlag for trivsel for ulike menneske med ulike behov og interesser. Tradisjonelt har einebustader vore framtredande i kommunen. I planframlegget er det lagt til rette for bustader for ulike fasar i livet, mellom anna etbleringsfase, for familier, einslige, eldre. Med ny infrastruktur, og nærleik til tog i er det mogleg for fleire å bu på Osterøy medan ein studerer eller arbeider utanfor kommunen. Vise versa kan det gjennom etablering av mindre type husvere også verte attraktivt for mellombelse buopphald i kommunen, for folk i opplæringssituasjon eller arbeid. Ved å leggja til rette for det, kan ein bidra til at fleire vel å bli buande i kommunen.

På sørsida av Osterøy er det Haus som har hatt liten vekst grunna mangel på areal. Haus ligg nær brua og vil få større press på byggjeland. Det har vore særs viktig i arbeidet med kommuneplanen å sikre naudsynt areal og gje grunnlag for kvalitativ framvekst av nye område for bustad, samtundes som ein legg til rette for vidareutvikling av stadens eigen identitet. Området er omtala nærare i 5.2. Vekst i Haus området må òg sjåast i samanheng med Arna. Dette kan gje ei vekselvis styrking av både Osterøy og Arna i høve bustadareal og arbeidsplassar.

Osterøy har ein del eldre bustadområde som er utbygd utan reguleringsplan. I desse områda kan ein vurdere fortetting utan reguleringskrav dersom nye tiltak kan nytte seg av allereie eksisterande teknisk infrastruktur. Nye bygg skal innpassast i eksisterande struktur og innordne seg eksisterande bygg når det gjeld høgde, volum og grad av utnytting.

Fritidsbustad: I planprogrammet er det fastsett kriterium for lokalisering av fritidsbustader: Utnytte eksisterande infrastruktur Prioritere utbygging i felt Omsyn til allmenn tilgjenge i strandsona Omsyn til verdifulle LNF-område, kulturlandskap og kulturminne. Unngå samlokalisering av område for bustad og fritidsbustad.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 30 Osterøy har ikkje vore ein utprega hyttekommune. Bruvikdalen er eit fjellområde med mange gode tur- og friluftsmoglegheiter. Dette er det einaste større området der det berre er lagt til rette for fritidsbustader. I planprosessen og gjennom innspel er det tydleg ei dreiing frå ynskje om fritidsbustader nær sjø i staden for fjellområda. I hovudusak har desse kome i områda som vender mot . Ein har gjort ei samla vurdering av eksisterande og nye område, og i lys av at det i førre rullering ikkje vart lagt inn nye område har ein vald å sjå dei nye områda som eit supplement, både i kvantitet og kvalitet, og ikkje i staden for eksisterande område. For den samla vurderinga av alle område til fritidsbustader, har det vore vesentleg å leggje ut område med ulike kvalitetar. Alle nye område, med unntak av eitt, ligg i nærleik til sjø eller vassdrag. Eitt større område er lagt inn for feltutbygging og med infrastruktur som lett kan tilpassast utbygginga. Tre område er relativt små og ligg meir avsides, eitt utan vegtilkomst. Samlokalisering av bustader og fritidsbustader kan ha positive og negative veksleverknader. På den eine sida er det positivt for lokalsamfunnet med tilskot av folk og aktivitet utanfrå i visse perioder av året. På den andre sida kan det bidra til framandgjering eller oppleving av ’okkupasjon’ av område som lokalsamfunnet brukar mykje sjølv. Å legga til rette for ein god balanse mellom dette er viktig, då ein ikkje ynskjer at etablering av fritidsbustader skal utvatne bygda si eigen identitet, eller kome i konflikt gjennom bruk. I slike område har det vore viktig å sette byggjegrense 100 m frå strandsona, nettopp for å unngå ytterlegare privatiserande bruk. For andre mindre hytteområde som ligg for seg sjølve er det opna for byggjing nærare strandsona, avstanden er varierande for dei einskilde områda. Ein ynskjer, gjennom kommunedelplan for strandsona som skal startast i planperioden å fastsette byggjegrense mot sjø for heile kystlinja, samt sette av eksisterande område til friluftsbruk, båt, fiske bading mm. og eventuelt nye. I eksisterande hytteområde som er heilt eller delvis utbygd interne tilkomstvegar, skal søknad dokumentere heilskapsvurdering av området under eitt. Vegar skal etablerast naturleg i terrenget i reverserbar standard, utan sprenging eller asfaltdekke Tal på interne vegar skal minimaliserast. Ein skal fortrinnsvis etablere felles tilkomstvegar med tilhøyrande felles parkeringsplass. Dette gjeld for vegar der ein etter vurdering ikkje finn å krevje reguleringsplan.

Næring

Framtidig næringsområde på Espevoll

I planprogrammet er det fastsett kriterium for lokalisering av næringsområde: Utnytte eksisterande infrastruktur Omsyn til verdifulle LNF-område, kulturlandskap og kulturminne.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 31 I størst mogleg grad leggje utbyggjing av forretning til senterområde. Omsyn til topografi og nærliggande bustadområde. Sikre utvidingsareal for eksisterande verksemder. Prioritere større næringsområde der det kan etablerast næringsparkar. Omsyn til allment tilgjenge i strandsona.

Vurderingar knytt til næringsareal, har vore todelt. Det eine gjeld utvidingsareal til eksisterande verksemder, det andre er areal som kan stette arealbehov også for regionen.

I Osterøy er det spreidd næringsstruktur, det er positivt med omsyn til geografisk fordeling av arbeidsplassar, og mange av desse verksemdene har sterk lokalhistorisk tilknyting.

Det har vore vesentleg å vurdere den spreidde næringsstrukturen i samanheng med trong for større næringsareal. Sjølv om den spreidde strukturen har fleire positive sider, har det bydd på utfordingar når verksemder veks samt at ny teknologi i produksjonsmetodar er svært arealkrevjande. Mange verksemder er lokalisert i kupert landskap med lite utvidingsareal, og difor og manglande areal til buffersoner mot til døme bustadområde. Fleire av dei tidlegare små bedriftene er no store bedrifter og ein ser trong for å leggja til rette for areal som er godt eigna, og gjev eit realistisk tilbod til større verksemder både innanfor og utanfor kommunen. Også mindre verksemder i vekst. Ei samling av verksemder kan gje positiv innbyrdes utnytting av felles infrastruktur, det gjev fleire tilbod samla på ein plass og dei einskilde bedriftene vert difor lettare tilgjengelege. Ein har òg vurdert, ut ifrå aksedanninga frå Valestrand om Hauge til Lonevåg, at Hauge er eit viktig bustad- og oppvekstområde, samt at det er topografiske utfordringar, og at dette vanskeleg kan foreinast med ei ytterlegare næringsutbyggjing her. Før kommuneplanprosessen starta var det gjort vurderingar om eit mogleg større areal på Espevoll. Dette er innlemma som innspel i planprosessen. Større næringsareal generer auka tungtrafikk. Det har vore vesentleg at eit nytt større areal er tilknytt god infrastruktur, og at det ikkje bidrar til auka trafikk gjennom bustadområde eller område med anna bruk som kan gje grobotn for konfliktar. Det er òg vesentleg at arealet skal ha høve til utviding, då det gjev ein svært langsiktig og stabil føresetnad for verksemder som etablerer seg her. ( For omtale av nytt næringsareael på Espevoll sjå kap 5.2 ) I lys av vurderingane som nemnt over, er små verksemder som ynskjer utvidingingsareal vurderte ut i frå om det er alternative areal i nærleiken. For nokre verksemder er det lagt inn utvidingsareal, dette gjeld for dei som anten pga. storleik er vanskelegare å flytte eller er stadbunden av andre årsaker.

I alle plan- og byggjesaker bør det følgja med utgreiing og dokumentasjon av miljøsider/estetiske sider av tiltaket, i høve tiltaket i seg sjølv, til omgjevnad og til fjernverknad

Alle byggjeområder I Osterøy bør det ved all utbygging leggast vekt på vern av åsdrag og landskapsilhuettar. Særtrekk i landskapet og viktige naturelement sett frå nært og langt hald, skal i størst mogleg grad takast vare på. Viktige siktliner bør oppretthaldast. Kva som skal vere byggjeområde og kva som skal liggja att som naturområde nøye avvegast. Nye byggjeområde bør ikkje leggjast ut som samanhengande ”teppe” utan større innslag av natur. Byggjeområda bør ha ei fast avgrensing mot kvarandre og mot naturområda. Nye byggjeområde må ta utgangspunkt i lokal byggjeskikk når det gjeld bruken av landskapet. Nye vegar bør leggjast slik at dei følgjer form og topografi i landskapet.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 32

Ved planlegging av byggjeområde skal det dokumentarast korleis prosjektet tilfredstillar krav til terrengtilpassing, fjernverknad og byggeskikk, t. d med registreringskart/foto/teikningar/modell som framstiller eksisterande og ny situasjon. For større byggjeprosjekt eller viktige bygg kan kommunen krevja at det vert framlagt alternative løysingar.

Tiltak i verna og verneverdige miljø må ta særleg omsyn til tradisjonell byggjeskikk når det gjeld form, farge- og materialbruk.

Nye byggjefelt bør som hovudregel plasserast på stader som er skjerma mot hovudretningane (høgdevindar) og daltrekk (kaldluftsavløp). I sjølve planen bør husa plasserast slik at dei skjermar kvarandre og skapar felles uterom som innbyr til bruk for bebuarar i alle livsfasar.

Skred Større deler av Osterøy kommune er avdekt som potensielle områder for snøskred eller steinsprang, jf temakart (kjelde: www.skrednett.no ). Det er satt krav til faresonekart, fagkunninge vurderingar og sikring før områder kan takast i bruk.. Det er òg utarbeidd sjekkliste for bruk i handsaming av reguleringsplaner og byggesak. For temakart og sjekkliste, sjå s. 50 og 51

Sentrumsområde Sentrumsområda er potensielle viktige motorar som samlingsplass eller møteplass i eit lokalsamfunn. Lokalisering av allmenne tilbod, service eller aktivitetar er oftast her. I arealdelen til kommuneplanen har det, i gjeldande plan, vore avmerka åtte senterområde. (etter pbl 85 senterområde, etter pbl 08; sentrumsområde). Dette er Fotlandsvåg, Hosanger, Lonevåg, Hamre, Valestrand, Hauge, Haus og Bruvik. Alle desse områda, med unnatak av avmerka område i Hamre er openbare sentrumområde i si bygd eller tettstad. Fotlandsvåg, Lonevåg, Valestrand/Hauge og Haus er i arealstrategiane til kommuneplanen definert som Områdesenter. Med dette meinast at dei skal tene som sentrumsområde for større område, og det inneber å legge til rette for vidareutvikling og styrking av desse som tenesteområde, og møteplass. Det har vore manglande føringar for desse områda i tidlegare kommuneplan. Levedyktige lokalsamfunn treng deltakande innbyggjarar, men det er kommunen sitt ansvar å leggja til rette for det gjennom arealplanleggjinga. For alle nye tiltak innan for sentrumsområda vil ein ha fokus på stadutvikling. Nokre faktorar må ein leggja til rette for gjennom reguleringsplan, men mykje handlar òg om korleis ein tilpassar nye byggjetiltak. Stadens fysiske miljø, under dette topografi, lokalklimatiske høve, eksisterande bygningar, og infrastruktur er dei overordna rammene for utviklingspotensialet. Kva type tiltak ein legg til rette for er med å styre kva for aktivitetar ein ynskjer i eit område. I områdesentra vil ein ha fokus på at det skal leggjast til rette for og etablerast urbane kvalitetar som variasjon i type føremål; bustad/fritid/næring. Tilboda bør samla sett gje eit variert tilbod til ulike aldersgrupper. Ein levande stad inkluderer både gammal som ung. Det er òg vurdert som viktig at dei tilbod som finst eller skal etablerast, har variasjon i bruk på ulike tider av døgnet. Område med berre bustader opplevast ofte som ’soveby’ på dagtid, medan område med berre forretning, daginstitusjonar eller større arbeidsplassar er mørklagd på ettermiddag og kveldstid.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 33 Sjølv om ein i bygningsvolum bør underordne seg heilskapelege strukturar, kan bygningsuttrykka gjenspegla mangfald. Bygningar med sine fasadar gjev romlege og visuelle rammer for uteromma. Dette bør utnyttast og tilretteleggast på ein positiv måte . Til døme er plassering av inngangsdører og vindauge i fasaden vesentleg. Utforming av bygningar er og med å skape møteplassar. Både dei tilfeldige, og dei planlagde møta er vesentlege bidrag til eit lokalsamfunn. Gode møteplassar finst eller oppstår der folk ferdast. Det er altså ikkje vilkårlig kor i eit sentrumsområde ein kan få til ein god møteplass. Det heng saman med infrastruktur, særleg for mjuke trafikantar, og innbyrdes plassering av ulike type tiltak. Alle stader har stadeigne kvalitetar. Ein bør bygge vidare på eller ivareta desse. Det kan vere naturkvalitetar, nærleik til sjø, særeigne bygningsmiljø eller aktivitetar knytt til ein stad. Det omhandlar òg merkevarebygging. Osterøy har mange lokale bedrifter med sterk lokal tilknyting. Dette er ein ressurs i så måte. Og kan med fordel nyttast i vidareutvikling av ein stad.

Til venstre: Kart over områdesentra på Osterøy, i midten: bustader kan tilføre aktivitet i sentrumsområde. Til høgre er ein illustrasjon over korleis kan opne opp fasadane og skape møteplassar.

Deler av Osterøy er og prega av ’spor frå fortida’. I eit historisk perspektiv er desse spora særs viktige. Likevel kan det i nokre høve opplevast som ein stengsel for utvikling i lokal målestokk. Det er ei stadig utfordring korleis ein kan vidareføre verdien inn i notid, slik at det gjev meining også i dag og i framtida. Eit døme på dette er Valestrand der ein ser det som naudsynt med ein områdeplan for å løyse desse utfordringane. Gjennom planprosessen skal det leggast opp til medverknad. Lonevåg sentrum er eitt døme på det motsette, det er få spor att. Her vil ein ha særleg fokus på å ta vare på eller vidareutvikla dei historiske spora. Dette omhandlar kontinuitet og identitet i eit samfunn som er i endring. Dei fleste sentrumsområda har trafikale utfordringar. Dersom ein ynskjer aktivitet og tilbod må ein òg legge til rette for gode parkeringsløysingar, og biltrafikk som kan harmonere med mjuke trafikantar. For fleire av områdesentra er sentrumsområde, oftast grunna topografien, små i høve det ein ynskjer å oppnå. Dersom ein skal få til gode trafikale løysingar må det skje gjennom ein heilskapleg plan. Særleg for Valestrand er dette ei stor utfordring, som både innbyggjarar og kommune opplever både gjennom bruk og fleire svært utfordrande saker. Endeleg og særs viktig i utvikling av ein stad er medverknad. Medverknad omhandlar dialog og samhandling på tvers av ulike intressegrupper i samfunnet.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 34 Gjennom medverknad oppstår tilknytning til staden. Medverknad kan skje både lokalt, på privat initiativ, gjennom skule, barnehage, eller organisasjonar. Kommunen har eit særskilt ansvar for å leggje til rette for medverknad. For større byggjeprosjekt eller viktige bygg vil kommunen vektlegge eventuell trong for utarbeiding av alternative løysingar.

Illustrasjon over utfordringar i Valestrand (t.v) Illustrasjon over korleis dei ulike funksjonane i Lonevåg ”matar” kvarandre (t.h)

LNF-spreidd Det er fleire område som er sett av til LNF-spreidd i tidlegare plan utan at det har vore stor etterspurnad. Ein ynskjer likevel å videreføre desse områda for å bevare høvet til utvikling i dei ulike bygdene. Det er viktig at kommunen har tilgjengeleg areal som einskilde kan etablere bustad på utan at ein må gjennom reguleringsplan. Ein har i staden valt å sette krav gjennom føresegn og retningslinjer til desse områda. Lokalisering av husa innanfor LNF- spreidd, må skje utanom dyrka areal med eigna jord- og skogproduksjon. Bustader med tilkomsveg må ikkje plasserast slik at dei fører til ulemper for landbruksdrift eller annan næring. Nye hus bør få sitt sjølvstendige arkitektoniske preg, men samstundes ta utgangspunkt i lokal byggjeskikk med omsyn til volum og tilpassing til terreng og eksisterande bygningsmiljø. Nye bygningsdelar som veranda og tilbygg, bør underordna seg huset si hovudform. Omsyn til og kunnskap om klimanedbryting på byggjemateriale bør vera hovudmoment ved val av utvendig materialbruk, teknikk og overflatehandsaming. Eldre fargebruk kan gje inspirasjon for ny fargesetjing, medan skjemmande fargebruk bør unngåast.

Normalt er desse områda utnytta med stor spreiing av husa. Ein har vurdert om det for nokre område skal vere mogleg å bygge tettare, dette kan vere ein stort føremon i kuperte område, ein kan oppnå mindre landskapsinngrep og betre tilpassing dersom ein byggjer tett. Når ein likeve skil dette frå bustadområde er det fordi ein ynskjer at landbruks- og naturuttrykket skal vere det framtredande pga. omgjevnadene det ligg i. I planframlegget har ein funne det føremålstenleg å leggje til rette for eit LNF-spreidd område med føresegn som opnar for å etablere 3-5 hus i klynger. I mellom desse i hovudsak urørt naturlandskap. Ein vel her å tolke ’spreidd’ ikkje om einskilde bustader, men dei einskilde klyngene samla sett innan eit LNF- område som spreidd. Uttrykksmessig skil det seg lite frå det etablerte kulturlandskapet. Ein har vurdert dette som ein god metode for å vidareføre bukvalitetar frå det etablerte kulturlandskapet inn i notid.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 35

Utsikt over Borgovatnet, med sB1 Borge bak til venstre

Klyngetun Det er i dag stor etterspurnad etter småbruk, men tilbode er lite. For dei som er ute etter å bu landleg, utan å drive småbruk, kan kanskje hus i eit gardstilknytta klyngjetun vere attraktivt. Å bu i klyngjetun nær ein gard vil gje andre mogelegheiter enn det å bu i bustadfelt. Tuna kan styrkje busetjinga i ei grend eller bygd, og skape gode bukvalitetar for born og vaksne. Fortetting i nærleiken av eksisterande bygningar kan sikre samanhengande jordbruksområde og kulturlandskap. Klyngetuna kan i tillegg vere grunnlag for næringsutvikling på gardane. Nye bustader i nærleiken av gardstun kan også gje fleire menneske nære band til landbruket. Fylkesmannen i Hordaland har gjennom dokumentet ”Strategi for nye gardstilnytta klyngetun i Hordaland lagt eit grunnlag for etablering av denne type busetnad. Osterøy med sine landlege kvalitetar og som heimkommune for Havråtunet, det mest kjente klyngjetun i landet, synest særs godt eigna for denne type busetnad. . I kommunedelplan for landbruk er klyngjetun ein av strategiane for å oppnå gode bumiljø og auka bulyst i LNF-området. For å auke merksemda mot denne buforma vil ein i dette planframlegget leggje til rette for klyngjetun i et område som i gjeldande plan er avsett til LNF-spreidd busetnad.

Born og unge i planlegginga I arealplanlegginga skal det alltid takast omsyn til barn og unge sine behov generelt, og særleg barnetråkkregistrering der det ligg føre. Etablerte stiar og snarvegar bør så langt som råd er takast vare på. Vassmiljø som mindre bekkar bør takast vare på som positiv miljøfaktor, innafor krava til eit sikkert nærmiljø. Der ein har møtt på område som er registrert som leike- eller bruksområde i samband med nye byggjeområde, er det vidareført krav til reguleringsplan om at dette skal takast omsyn til. Kommunen ynskjer å gjennomføre registreringar for alle skular og barnehagar. Dersom nye tiltak kjem i gong utan at det er gjennomført registrering for området, skal det gjennomførast i samband med reguleringsarbeidet. Eitt område, Litland for motorsport, er teke inn i planen. Det er vurdert som positivt at ein legg til rette for alternative aktivitetar. Osterøy har mange, gode og viktige tilbod om idrettsaktivitetar, og ein ser at det er vesentleg å legge til rette for andre aktivitetar òg. Slik at ein har eit variert tilbod for barn og unge med ulike interesser. Elles har tema vore viktig med tanke på at nye byggjeområde skal leggast til rette i nærleiken av skule og barnehage. Nærmiljø i oppvekst er vesentleg. I eitt område, Fugledalen, er det òg stilt krav om at bebyggelsen skal vende seg mot Hatland, som er eit område med rådhus, skule og idrettsarena, men få bustader med visuell kontakt til området. Ved å etablere bustader her blir området mindre ’mørklagd’ på ettermiddag/kveldstid, og det kan vera med å hindre uønska hendingar som lettare oppstår i område der ein likevel ikkje er synleg på visse tider av døgnet.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 36 Gravplass Gravsituasjonen for fleire sokn er alvorleg og utvidingstilhøva synest vanskelege og vil berre vere kortsiktige løysingar. Ein har difor starta arbeidet med å finne eit eigna areal for ein større gravplass som vil stette behovet frå fleire sokn. I dei fleiste tilfelle er det ynskjeleg med ei utviding i nærleik av kyrkja, men ettersom det synest vanskeleg å få til ynskjer ein ei langsiktig planlegging som seier noko om korleis den framtidige gravsituasjonen i kommunen vil vera. Når ein misser kvalitetar som er knytte til vere nær kyrja, må ein tenkje å erstatte det med andre kvalitetetar. Ein ynskjer å få ein plass med parklignande funksjon, til meditasjon og rekreasjon. Tidsperspektiv for bruk av ein slik gravplass vil vere 30-40 år. Ein stor ny gravplass vil òg vere økonomisk forsvarleg og meir effektiv og seie noko om gravsituasjonen i framtida. Fleire alternativ er vurdert for å finne eigna areal. Sentrale problemstillinger har mellom anna vore tilgjenge, byggje opp under eksisterande senter og identitet. Ulike alternativ er utarbeidd i dialog med Kyrkjeleg Fellesråd og sendt sokneråda til uttale. Det er ynskjeleg med ein brei medverknad i val av areal og det vart difor lansert to alternativ i planframlegget, der kommunen ynskte merknader til begge to for å sjå kva for eitt som er best eigna. I høyringsrunda var det det eit sterkt ynkskje frå sokneråda og andre om løyse gravplasssituasjonen med areal i nærleik av den einskilde kyrkje.

Retningliner for sjøareala. Sjøareala har ikkje vore tema for denne rulleringa. Nedanforståande retningslier er vidareføring frå kommuneplanen vedtatt i 2003.

Fleirbruksområde for friluftsliv, ferdsle, fiske og natur - FFFN Sjøområde som ikkje er disponert til andre særlege føremål. Områda skal sikrast mot faste installasjonar og tiltak som kan vera til hinder for ålmenne interesser som ferdsle, fiske, frilufstliv og annan ambulernade bruk av område og naturtilstand.

Fleirbruksområde for frilufstliv, ferdsle, fiske, natur og akvakultur- FFFNA Fleirbruksområde der det etter søknad kan gjevast løyve til til skjeldyrking.

Akvakulturområde – AK Område for akvakultur. Ved brukskonflikt må andre interesser i utgangspunktet vika. Lokalisering må ikkje skje nærare enn 200m frå registrert friluftområde, sikra- natur- friluftsområde eller nærare enn 100m frå lakseplassar. Lokalisering må ikkje skje i regulerte oppmerka leier. Innanfor Olsneset og Drangevågen skal det ikkje etablerast anlegg for oppdrett av anadrom laksefisk. Akvakulturområde Heimvik og Eiketobukti er avsette til skjeldyrking. Akvakultruområde Olsneset er avsett til laks/aure.

Fiskeområde – KL, GY, TR Tradisjonelt fiske etter saltvassfiskelova har prioritet. Føremålet skal sikre dei beste og mest brukte kaste- og låssettingplassane, vesentlege gyte- og oppvekstområde og trålfelt. Føremålet er ikkje til hinder for ålmenn ferdsel på sjø over fikseområda og regulerer ikkje tilhøvet mellom yrkesfiske og fritidsfiske.

Hamneområde og viktige leier- HA Sjøområde med offentleg eller privat kai og/eller naustmiljø. Føremålet skal sikra område for nyttetrafikk og fritisdbåtar. Det må takast rimeleg omsyn til leier, tilflott og tilgjenge til hamner og kaier ved lokalisering av faste installasjonar/oppdrettsanlegg.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 37 5.2 Bygg og anlegg Kapitlet omhandlar nye byggjeområde som er sett av etter plan og bygningslov § 11-7 nr1 med underføremål. Arealbruken for byggjeområde i kommuneplan for 2003- 2014 er i hovudsak vidareført i ny plan. Unnatak er framtidig område for bustad i Mjeldalen og Rivenes Sundland som vert tilbakeført til LNF. Framtidig næringsområde på Helldal vert omgjort til LNF og framtidige fritidsbustader. Område for framtidige bustad i Fotlandsvåg vert redusert og tilbakeført til LNF. Andre område har fått anna planavgrerensing i samband med utviding av områda. Område for LNF-spreidd er omtala under 5.4.

Det er sett av om lag 595 daa til bustad (av dette 380 nye daa), 188 daa til fritidsbustad og 612 daa til næring.

Bustad Områda for bustad i planframlegget ligg i tilknyting til framtidig/eksisterande byggjeområde i gjeldande plan, men områda er blitt justerte og utvida. Følgjande område til bustadbyggjing er lagt til i planen:

B1 Åsheim Området ligg fint med utsikt over Sørfjorden og nærleik til Haus og Osterøybrua. Dette er eit område som truleg vil oppleve vekst ved nedbetaling av bru og ein legg til rette for ei stor utbygging på 400 daa, av dette er 259 nytt i planframlegget.

KU er utført for området Kvisti-Åsheim og valt område er det som har samanlagt minst negative konsekvensar. Ein ser det som ein positiv konsekvens med eit større bustadområde knytt til Haus og med nærleik til bru. Området vil ha fine kvalitetar for oppvekst og god helsegevinst i form av fine turtilhøve og gangavstand til servicetilbod. Kulturmiljø og landbrukseigedomar må takast omsyn til og det er difor lagt omsynssone over eit naturleg avgrensa område. Dei blir vurderte som særlege kvalitetar som bør ivaretakast. Hovudutfordringane til dette området er sosial og teknisk infrastruktur. Tiltaket krev ny vegtrase opp til området då dagens veg er bratt og ikkje har god nok standard til vidare utbygging. Ny veg vil betre situasjonen for dei som allereie bur i området- også ut i frå beredskapsomsyn. Det er utfordringar knytt til bygging av ny veg. Eit forprosjekt med 4 vegalternativ, med ulike styrke og svakheiter er gjennomført. Disse alternativa må vurderast vidare i prosessen. Det er dårleg kapasitet ved skulen i Haus og det er sett rekkjefølgjekrav til skulesituasjonen som må utbetrast før ei stor utbyggjing av Åsheim. Haus har utfordringar knytt til trafikktryggleik i sentrum. Det er sett krav til førebyggjande tiltak for trafikkulukker i sentrum og eksisterande vegar. Landskapstilpassing og utvikling av eksisterande kvaliteter i området må få særleg fokus i planarbeidet. Det vert sett krav til større samanhengande grøntområde. Byggjeområde bør ha stadvis relativ høg tomteutnytting og variasjon i bustadtyper. Det er utført ROS på skredfare på vegalternativ 3 og 4 og på trafikktryggleik.

Med planavgrensing og krav til planarbeidet er konsekvensane vesentleg redusert og også utbetra frå dagens situasjon i Haus

B2 Fugledalen

Området ligg sentralt i kommunesenteret Lonevåg og er ei utviding (fordobling) og justering av areal til framtidig bustad i tidlegare plan. Området består av skog, myr og open fastmark i relativt kupert terreng. Byggjeområde er på tilsaman 113 daa, av dette 66 nye daa i planframlegget.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 38

Området kom som privat innspel i planprosessen. KU tilseier at det er mange positive konsekvensar av ei utbyggjing her. Det finst ledige einskilde tomter i Lonevåg, men det vil vere trong for større samanhengande byggjeområde i planperioden. Ei utbyggjing her vil vere positivt for Lonevåg og vil gje området auka aktivitet på kveldstid. Utbyggjinga bør vende seg mot Lonevåg. Ein har vurdert det som eit godt oppvekstmiljø og gode helsegevinstar med gangavstand til det meste. Samtidig får ei utbygging her negative konsekvensar for born og unge avdi området er registrert som brukt i barnetråkk. Denne registreringa er utført av lærarane og omfattar bruk i skuletida. Dette må det takast særskilt omsyn til og det er sett krav til utfyllande registreringar for avmerking av omsynssoner og til samanhengande grønstruktur. Området nærast skulen skal ivaretakast som friområde. Arealet er justert i høve innspelet, slik at det ikkje kjem i konflikt med Kjerneområde landbruk. Ein ser for seg ein stadvis høg tomteutnytting med store grøntområde. Planområdet overlappar delar av ein eksisterande reguleringsplan. Dette for å sikre vegtilkomst. Potensielle faremoment er mogleg auka vatn til Lonevåg sentrum ved ekstremnedbør. Her er det utført ROS. Det er sett krav til at ein i reguleringsarbeidet må utgreie konsekvensane utbyggjinga får for vasstilsig i Lonevåg sentrum og eventuelle avbøtande tiltak. Gjennom justering av grenser og krav til planarbeidet er dei negative konsekvensane betydeleg reduserte.

B3 Nothushjellane Området ligg sentralt i Lonevåg ved utløpet av Loneelva. Området er å betrakte som fortetting av eksisterande bustadomåde.

Vurderingane tek utgangspunkt i innspel frå private, men føremålsgrensa er betydeleg endra. Områda låg utan rettsverknad i kommuneplanen og eit større areal er vurdert for å fastsetje arealføremål. Bustader i dette området vil vere ei positiv fortetting og tilvekst for Lonevåg og planområdet tek med seg deler av område som er regulerte til bustad, men ikkje utbygd, for å leggje til rette for auka fortetting. Området representerer gode oppvekstvilkår og har gangavstand til alle servicetilbod. For å sikre allmenn tilgjenge er byggjeområdet trekt vekk frå strandsona. Byggjegrensene følgjer grensene mellom arealføremål. Reguleringsplanen bør omfatte område for bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone for å klarleggje plassering og omfang av ev. trebrygge eller naust. Området ligg nært den nye riksvegen frå Hauge til Lonevåg som er under byggjing, men her er det høgdeforskjell. Støyreduserande tiltak bør likevel vurderast. Det er utført ROS på trafikktryggleik for mjuke trafikantar og på mogeleg støy frå ny riksveg. Det vert òg stilt rekkefølgjekrav om at infrastruktur for mjuke trafikanter til Lonevåg må vere på plass før utbygging. Med valt arealgrense og krav til planarbeidet for tiltaket er det mest positive konsekvensar

B4 Hjellvik Området ligg i forlenging av eksisterande bustadfelt på Hjellvik. Det er relativ god tomtekapasitet i området, særleg i form av LNF-spreidd, men etterspurnad tilseier likevel at det er fornuftig å leggje til rette for ei vidare utbyggjing av bustader her. Grensene er justerte i høve sti til lokalt viktig friluftsområde og er trekt vekk frå 100 m beltet til sjø. Bustadfeltet vil vere positivt for Hjellvikbygda og med valt arealavgrensing er det inga nemneverdige negative konsekvensar. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS.

B5 Krossåsen Området ligg på eit høgdedrag 10 min. køyring frå Lonevåg sentrum, og er ei forlenging av eksisterande bustadfelt.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 39 Området kom som innspel til planprosessen, der det var føreslege ei større utviding. Grunna etterspurnad og jodbruksinteresser er området redusert og ein har lagt inn høve for utbygging mellom eksisterande og område avsett som framtidig bustad i tidlegare plan. Dette arealet var tidlegare tiltenkt skule, noko ein ikkje lenger vurderer som aktuelt. Arealet ligg ikkje i tilknyting til senterområde og ein er avhengig av transport. Ein har erfare at det er etterspurnad etter bustadbygging i området. Det er viktig å ha eit mangfald av ulike butilhøve og aktuelt areal kan avlaste press på viktig landbruksareal. I dei generelle føresegna er det krav om at det skal visast særleg omsyn ved plassering og utforming av bygg som er eksponert i landskapet. Jf. ROSanalyse vert det sett krav til rekkefølgje for løysing for trafikktryggleik for mjuke trafikantar i området. Valt areal og krav til planarbeidet reduserer negative konsekvensar

B6 Hamre Hamre bygda ligg mot Osterfjorden, 10 min køyretid nord vest for Valestrand. Området har lagt i kommuneplanen som senterområde. Men føremålet vert no endra til eksisterande bustad, og er difor ikkje konsekvensutgreidd. Bakgrunn for endringa er ei tilpassing til eksisterande situasjon. Det er ikkje føremålsteneleg å legga til rette for sentrumsutvikling i den grad eit slik føremål vil innebere. Innanfor området er det fleire bustader, ei verksemd og nokre eksisterande fritidsbustader. For å ivareta eksisterande situasjon er det i føresegna gjeve løyve til tiltak etter pbl, for eksisterande verkesemd og fritidsbustader. Det går fylkesveg gjennom området og det er satt krav til at trafikktryggleiken må vurderast ved vidare utbygging. Avkøyrsler bør samlokaliserast.

Fritidsbustad F1 Helldal Området ligg mot Osterfjorden mellom Lonevåg og Hosanger og er på 103 daa. Det er i dag både bustader og fritidsbustader i området. Vurderingane tek utgangspunkt i innspel både frå private og kommunen. Området synest som eit område med gode kvalitetar for fritidsbustad. Ein ynskjer å bevare strandsona tilgjengeleg for ålmenta og har derfor trekt plangrensa slik at området ligg utanfor 100m-beltet. Overlappande og tilgrensande område for framtidig næring går ut i planframlegget og konsekvensane er vurderte med atterhald om dette. Utanfor ligg eit område for fiskeoppdrett i planen. Dette er ikkje utbygd. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS. Valt areal synest å ha positive konsekvensar.

F2 Kleppe Området ligg ved Kleppsvatnet mellom Fotlandsvåg og Tysse. Storleik 31,4 daa.

Det er ikkje avdekka negative konsekvensar av byggjing av fritidsbustader her. Ein ser det som positivt å leggja ut mindre byggjeområde for frititdsbustader då erfaring tilseier at ikkje alle ynskjer fritidsbustad i større hyttefelt. Ein bør sikre at sjølinja vert tilgjengeleg for ålmenta i form av friområde. Byggjegrense mot vatnet vert avklara i reguleringsplan. Det er ikkje avdekka faremoment til ROS. Ynskjeleg omfang: inntil 15 fritidsbustader.

F3 Vassdal Området ligg i Bruvikdalen og har ein storleik på 38.2 daa.

Ein kan ikkje sjå nemneverdige negative konsekvensar med tiltaket. Det er ledig tomtekapasitet for fritidsbustader i området. Ligg i eit populært område for fritidsbustad vinter og sumar. Arealet igg innanfor 50 m. frå vassdrag, men området er skilt frå vassdraget med

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 40 veg. Høgspentlinje gjennom området må takast omsyn til. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS. Feltet kan ha eit omfang på 10-15 fritidsbustader.

F4 Kleiveland Området ligg i eit bratt, urørt terreng med fin utsikt over Osterfjorden. Ein må kome med båt til området. Storleik 15,3 daa.

Fritidsbustader i dette området vil vere av ein annan art enn det ein legg til rette for andre stader i kommunen. Valt område ligg topografisk avgrensa frå omkringliggjande område. Strandsona er lite okkupert, men ein har likevel trekt byggjeområdet vekk frå strandlinja for å sikre så vel ålmenta som brukarar av fritidsbustadene tilgjenge til sjø. Byggjegrense samanfell med føremålsgrense for byggjeområdet. Det ligg SEFRAK-registrerte bygg i området som må ivaretakast i planarbeidet. Store deler av området ligg i utløysing og utløpsområde for steinsprang og det er utført ROS-analyse med den kunnskapen som føreligg. Det vert krav til ROSanalyse med innhenting av meir kunnskap i reguleringsarbeidet for å avklare eventuelle farar og avbøtande tiltak. Ynskja omfang: 14 fritidsbustader.

Næringsbebyggelse Planframlegget opner for areal til utviding for 3 verksemder og legg samtidig til rette for eit nytt, større samanhengande næringsområde. I tillegg er 1 areal avmerka som eksisterande næring. Framtidig næringsområde på Helldal vert omgjort til LNF og framtidig fritidsbustad.

N1 Hosanger/Hole Område ligg på Hole sentralt i Hosanger og er ei forlenging av regulert område for næring. Storleik: 13,5 da

Mjøs metall har lange tradisjoner i Hosanger og har vakse seg gradvis større. Dei har lenge sett etter høve for utviding i bygda. Innspelet kom etter synfaring med Osterøy Heradsstyre, der Heradstyret uttrykte ynskje om å vurdere dette området som mogleg utvidingsområde for Mjøs metallvarefabrikk. Det er generelt utfordrande når næring av denne storleik ligg samlokalisert med bustader, samstundes kan det vere positivt at verksemda gjev aktivitet i bygda på dagtid. Kommunen har valt å ta særleg omsyn til bedrifta i denne samanheng, og valt område er det som blir vurdert å få minst negative konsekvensar for bygda. Mjøs metallvarefabrikk er allereie ein integrert del av Hosanger og utvidinga uyløyser dermed ikkje negative konsekvensar, men kan forsterke dei som eventuelt allereie er der. Området er avgrensa av høgspentlinje og det går elv gjennom området. Byggegrense mot elv vert sett til 6m frå midtlinje elv, som det er i tilgrensande reguleringsplan. Konsekvensutgreiinga viser ei rekke negative konsekvensar, men konsekvensane kan reduserast ved at det blir sett krav til god planlegging og avbøtande tiltak. Topografisk ligg området noko skjerma og i utkanten av Hosanger-bygda. Det ligg 3 fritidsbustader i området, der ein av dei er SEFRAK-registrert (ukjent tilstand) og for dei er konsekvensane store og ein sameksistens vil vere vanskeleg. Eksisterande bygningar skjermar for tiltaket i høve verna naustbygg i Mjøsvågen. Det vert sett krav til at tungtransport må løysast på denne delen av veksemda sitt areal, på d enne måten vil ein få ei betre trafikkløysing enn dagens situasjon og dermed betre trafikktryggleiken i bygda. Det er utført ROS på støy inkludert trafikk, trafikktryggleik, flaum og samlokalisering. Det vert sett krav til at N2 skal utredast før regulering av N1

N2 Hosanger/Hole

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 41 Tiltaket gjeld det same som N1. Ved å opne for høvet til å byggje seg inn i fjell blir dei negative konsekvensane reduserte. Det vil her vere lettare å få utvide seg ytterlegare. Det er truleg eit kostbart alternativ, men gjev høve for ytterlegare utviding og kan dermed gje verksemda stabilitet og forutsigbarheit for utviding på staden. Det vert sett krav til å utgreie høvet til å byggje i fjell før regulering av N1. N2 fell bort dersom N1 vert realisert og omvendt. Dette er ikkje konsekvensutgreidd på noverande stadie.

N3 Espevoll Espevoll ligg svært sentralt til ved Hannisdalslinja med lett tilkomst frå ulike stader i kommunen og med nærleik til bru er avstanden til Arna, og innfartsåra til Bergen kort. Her vil det vere attraktivt å lokalisere seg for ei rekkje verksemder. Storleik 550 daa.

Området består i dag hovudsakleg av myr, skog og ligg på ei flate i eit lite dalføre. Ved ei utbyggjing her tek ein i bruk eit urørt område og planleggjinga må ta særleg omsyn til dette. Innspelet kjem frå kommunen sjølv, og er eit resultat der ein har sett på ei rekkje alternativ for å leggje til rette for eit større næringsområde. Grunna topografi og lite busetnad i området får det mindre negative konsekvensar enn andre alternativ. Området er ikkje vurdert som kjerneområde landbruk og plangrensa er justert for å kome minst mogeleg i konflikt mad landbruksinteresser. Nærleiken til bru og lett tilgjenge frå alle delar av Osterøy er særs positivt, samstundes ser ein det som ein styrke at trafikken ikkje vil gå gjennom bustadsområde. For å redusere negative konsekvenser er området trekt vekk frå eksisterande busetnad og det er sett krav til buffersone. Det er registrert truga vilt og trekkveg for hjort utanfor planområdet og det bør utgreiast kva for konsekvensar ei utbyggjing vil ha for dei.

Infrastrukturen i området har i dag utfordringar knytt til seg og må utbetrast før utbygging av området. Det er sett rekkefølgjekrav om utbetring av Vesetgjelet samt bygging av høgdebasseng. Det vil vere naudsynt med støyreduserande tiltak i annleggsperioden. Det er sett krav om områderegulering før detaljregulering. På denne måten sikrar kommunen seg styring over korleis området skal utnyttast. Konsekvensutgreiinga må omfatte tilstøytande areal og bruken av dei. Føresegner skal sikre at potensielt farlege verksemder ikkje vert lokalisert her og slik blir konsekvensane reduserte. Med krav om områderegulering, justering av grenser og krav til arealbruken er dei negative konsekvensene betydeleg reduserte og området kan gje ein særs positiv tilvekst til næringslivet. Det er utført ROS på støy og manglande sløkkjevatn.

N4 Lonevåg Anja- Gunnebo Området låg utan rettsverknad i kommuneplanen og er no avmerka som eksisterande næring.

N5 Grimstad Området ligg i nærleik av Fitje og gjeld ei utviding på 32,4 daa av eksisterande sagbruk.

Det er viktig at verksemder vert gjevne høve til utviding. Verksemda ligg skjerma med kun nærleik til nokon få bustader. Når ein opnar opp for utviding av næringsareal må ein òg ta høgde for auka trafikk av tungtransport eller større køyrety og vegstandaren er i dag dårleg. Det vert sett rekkefølgjekrav i føresegna om at utbetring av kommunal veg frå Fitje skal utførast før utviding av verksemd. Det er òg sett krav til at det må etablerast tilstrekkeleg med sløkkjevatn. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 42 N6 Mjelde Området ligg i øvre del av Mjelddalen ved vegen ned til Haus. Gjeld utviding på 3,3 daa til eksisterande verksemd.

I arealstrategiane til Osterøy ynskjer ein å gje eksisterande bedrifter høve til utvikling. Negative konsekvensar ved utvidinga er at ho legg beslag på viktig landbruksareal og at ho ligg i eit viktig naturlandskap. Omfanget av utvidinga er lite og ettersom bedrifta allereie ligg på staden kan ein ikkje sjå at tiltaket får ytterlegare negative konsekvensar. Men det er klart at ved ytterlegare utviding kan det få negative konsekvensar for landbruksinteresser. Verksemda må ta sæskild omsyn til omgjevnadene ho ligg i. Utvidinga gjev høve til betre avkøyrsle. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS.

Idrettsanlegg I1 Litland Området ligger på Litland og omfattar omlag 95 da.

Anlegg for sport er ikkje tema i denne rulleringa, men er vurdert av omsyn til interessene til born og unge. Innspelet uttrykkjer eit ynskje om å kunne bruke dette området til motorsport. Området ligg skjerma for busetnad, men det er likevel viktig å ta omsyn til støy. Det bør ikkje overskride anbefalt støygrense og bruk i tid på døgnet. Det er nedlagt gruvedrift i området og dette må vurderast med omsyn verdien som nyare kulturminne og i høve tryggleik for brukarar av området. Potensielle faremoment er skred og støy og her er det utført ROS. Store delar av området ligg i utløp og utløysingsomrde for skred. Det må innhentast meir kunnskap om dette og utføre eventuelle avbøtande tiltak før området kan takast i bruk. Det er sett krav til regulering før ein kan drive motorsport her. Før området er regulert må det søkjast om løyve til ferdsel i utmark dersom området skal nyttast.

Offentleg eller privat tenestyting M1 Museumsområde på Gjestad Avmerking av eksisterande

Grav- og urnelunder Det er satt av eit mindre område til utviding og eit område til etablering av ny gravplass.

G1 Gjerstad: Dette er tenkt som ei lita utviding av eksisterande gravplass for å betre gravsituasjonen på Gjerstad. Det er jordbruk- og kulturminneinteresser i området og ei stor utviding av gravplassen vil vere vanskeleg. Grunna mangel på gravplassar i soknet er det særs viktig med ei utviding før andre, meir langsiktige løysingar er på plass. Det er gjort funn av automatisk freda kulturminne og området vert innskrenka frå det opprinnelege framlegget. Det er lagt ei sikringssone på 5m rundt kulturminnet. Omsynssone over kulturminne og eksisterande kyrkje og kyrkjegard skal ivareta kulturminneinteressene her. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS

G2 Hallandsflatane: Området ligg sentralt på Hauge og er tiltenkt ny gravplass. Gravplass på dette området har både negative og positive konsekvensar. Området har lett tilgjenge og veldig god infrastruktur. Det er òg eit område som framstår som teknisk lite

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 43 krevande å leggje til rette. Arealet ligg avskjerma til og vil ha eit potensiale for å framstå som eit roleg område. Det kan gå inn i eit samspel med eksisterande turvegar. Området vil styrkje Hauge som senter noko som kan vere både negativt og positivt. Med si sentrale plassering kan Hallandsflatane i framtida vere aktuell for andre føremål. Det er ikkje avdekt faremoment til ROS.

5.3 Samferdselsanlegg og infrastruktur Dette kapitlet gjeld areal sett av etter pbl § 11-7 nr.2.

Veg V1 Stokke-Bruvik Vegutbygging er ikkje fokusområde for denne rulleringa av kommuneplanen. Prosjektet er likevel såpass viktig for trafikk- og samfunnstryggleiken på vegstrekninga at ein vurderer det som viktig å utgreie i høve kommuneplanen. Det er utarbeidd forprosjekt datert 30.01.2008 som tek for seg tiltaket i detalj. Forprosjektet dannar grunnlag for vidare formell planprosess. Eksisterande veg er smal med skarpe svingar og ligg til dels tett ved husveggane. Ein ynskjer å legge til rette for 2 felts veg og stadvis gang og sykkelveg. Ei utbetring av vegen Stokke- Bruvik vil ha mange positive konsekvensar. Eksisterande veg er skredutsatt og ligg nære husa. Dette vil verte utbetra. Trasévalet, slik det ligg føre, inneber innløysing av to bygningar, ein ved Bruvik-Ytre og ein ved Bruvik. Traséen bør gå utanom busetnadene på gardane Skaftaa, og Bruvik- Ytre for å ivareta kulturmiljøet her. Skred og tap av to bustader er utgreidd i ROS. Traseen er i plankartet å sjå på som ein illustrasjon. Planarbeid vi fastsetje endeleg trasee.

5.4 Landbruks-, natur og friluftsformål samt reindrift Dette kapitlet gjeld areal sett av etter pbl §11-7-5. Landbruks-, natur- og friluftsområde vert oppretthalde som i tidlegare plan. Mjelddalen som låg som framtidig byggjeområde i tidlegare plan vert tilbakeført til LNF, det samme gjeld for området Rivenes-Sundland som låg utan rettsverknad. Området til framtidige bustader i Fotlandsvåg vert innskrenka og delar av det erstatta med LNF. LNF-spreidd vert vidareført i ny plan og eit område på Borge vert lagt til. Vidare skil LNF-spreidd i ny plan med framtidig og eksisterande med høve til utvikling.

LNF-spreidd Eit område på Helldal med plass til 10 bustader er teke ut av planen. Dette har lenge vore ein del av kommuneplanen, men det har ikkje vore etterspurnad etter bustader her. sB1 Borge Området grensar til Borgovatnet og kulturlandskapet det ligg i. Området består i dag av skog. Området har landleg preg, men samstundes gangavstand til næraste områdesenter med barnehage og barneskule.

Etablering av spreidd bustadområde med hus i klynger vil bevare landskapet arealet ligg i. Det er fleire felt i Haugeområdet og dette arealet vil såleis representere ein annan måte å bu på. Tilgjengeleg bustadareal som ikkje opnar for utbyggjing i felt er viktig og for å avlaste press på viktig landbruksareal. Grensene er sett slik at tiltaket ikkje berører dyrkbar jord. Det er viktige naturverdiar og biologisk mangfald i Borgovatnet. Dette området ligg avskilt frå vatnet med veg og ein ser derfor ikkje at det vil få nemneverdige negative konsekvenser.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 44 Utbygginga bør vere i klynger på 3-5 hus, totalt 15-20 hus. Tilpassing til landskap, materialbruk, form og uttrykk med særleg vekt på uteareala som naturlandskap vil vere viktig i planleggjinga. Det er utført ROS på forureining sB2 Birkeland Eit område på Hjellvik som ligg inne i gjeldande kommuneplan som LNF-spreidd, vert tiltenkt som utbygd til klyngjetun. Føremålet vert ikkje endra og det er dermed ikkje utført konsekvensutgreiing. Omfang: 5 bustader. Det er knytt føresegn til etablering av klyngjetun.

5.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone S1 Nothushjellane Sikrar allmenn tilgang til strandsona. Området bør inngå i reguleringsarbeidet med B3.

S2 Lonevåg Avmerking av beredskapskai i Lonevåg. Dette området var i kommuneplanen frå 2003 utan rettsverknad.

S3 Kleiveland Fritidsbustadene er trekt tilbake frå strandsona for å sikre allmenn tilgjenge.

Akvakultur Det har i tråd med planprogrammet vert utført ei oppdatering av kystsoneplanen. Fylgjande område har endra status frå framtidig til noverande: Bruvik, Skaftå, Blom; Haus, Skår, Angskåri, Klokkarneset og Tepstad

5.6 Omsynssoner Dette kapitlet gjeld bruk av omsynssoner etter pbl § 11-8 a-f. Kommuneplanen sin arealdel skal i naudsynt utstrekning syne omsyn og restriksjonar som er viktig for bruken av areal. Det er knytt føresegn til fleire av omsynssonene. Til sone c kan ein gje retningsliner.

Sikringssone (a) Nedslagsfelt drikkevatn v/ H110_88 Askedalsvatnet Nedslagsfelt drikkevatn v/ H110_89 Dalsvatnet Anna sikringssone, Veafjorden H190_90

Støysone (a)

Rød sone - 210 Gul sone - 220 v/GBnr 101/4 H210_1 Tysse – Lonevåg H220_31 v/GBnr 96/8 H210_2 Hanstveit – Bernes H220_32

Fotlandsvåg – Hosanger v/ Børo H210_3 Fotlandsvåg – Fitje – Hatland H220_33 Lonevåg +Hatland – Hauge – Hosanger – Litland H210_4 H220_34 Valestrand + Tirsåstunnel v/GBnr 80/18 H210_5 v/GBnr 4/4 - Borgo H220_35

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 45 Bysheim - Lonevåg H210_6 v/GBnr 10/2 H220_36 v/GBnr 97/24 H210_7 v/GBnr 10/4 H220_37 v/GBnr 97/1 H210_8 Hjellvik – Raknes ( Fv 306 og 367 ) H220_38 v/GBnr 97/9 H210_9 v/GBnr 128/3 H220_39 v/GBnr 97/6 H210_10 v/GBnr 129/1 H220_40 v/GBnr 19/1 H210_11 v/GBnr 130/4 – 132/6( v/Fv 365 ) H220_41 v/GBnr 19/6 H210_12 v/GBnr 134/2 H220_42 v/GBnr 19/22 H210_13 Rundhovde ( v/ Fv 365 ) H220_43 v/GBnr 13/1 –Rolland v/ Hannisdalslinja v/GBnr 17/2 H210_14 H220_44 + Fv 363 Rymledalen - Solbjørg v/GBnr 17/1 H210_15 Mjeldalen – Haus – Votlo + Kvisti H220_45 v/GBnr 16/1 H210_16 På Osterøybrua H220_46

Lonevåg/Hatland - Hauge H210_17 Kvisti – Havrå H220_47

Hauge – Tirsåstunnel H210_18 Havrå – Bruvik H220_48

Hauge – Valestrand H210_19 Skytebane v/ Kleppe H220_86 v/GBnr 135/1 H210_20 v/GBnr 122/4 H210_21 v/GBnr 139/2 H210_22 v/GBnr 139/1 H210_23 v/GBnr 139/4 H210_24 v/GBnr 138/4 H210_25 v/GBnr 32/2 H210_26 Austbygdi – Rolland v/ H210_27 Hannisdalslinja Nedre Mjelddalen H210_28 v/ Osterøy brua H210_29

På Osterøy brua H210_30

Skytebane v/ Bruvik H210_87

Faresone (a) Avmerking av høgspentliner og område med fare for steinsprang eller snøskred. Faresoner for høgspentleidning er lagt inn med byggegrense 15 m på kvar side, i tilknyting til nye byggjeområder. Større delar av Osterøy kommune er avdekt som potensielle områder for snø eller steinsprang jamfør aktsemdskart for steinsprang eller snøskred ( kjelde: www.skrednett.no v/NGU ) Byggjeområde med krav til regulering, samt områder sett av til LNF spreidd der det er tillette å føre opp fleire bustader, er i kommuneplanen avmerka med omsynssone H310 – Ras og

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 46 skredfare. Det er sett krav til utarbeiding av faresonekart, fagkunnige vurderingar og at eventuelle sikringstiltak skal vere gjennomført før området kan takast i bruk. Høgspentleidning 370 Skredfare 310

Høgspent v/ F4 Kleiveland H370_49 Skredfare v Bustadomr Tysse H310_58 Høgspent v/ N1 Hosanger H370_50 Skredfare v/F4 Kleiveland H310_59

Høgspent v/ N1 Hosanger H370_51 Drangøyni, Framtidig fritidsbustad H310_60

Høgspent v/ B4 Hjellvik H370_52 v/ I1 Litland H310_61

Høgspent v/ B3 Notushjellane H370_53 Kvernaneset , Framtidig næring H310_62

Høgspent v/ B2 Fugledalen H370_54 Børo, LNF spredt H310_63

Høgspent v/ sB_2 Borgo H370_55 Kvisti, framtidig bustadområde H310_64

Høgspent v/ N3 Espevoll H370_56 LNF spredt v Stokko H310_65

Høgspent v/ F3 Vassdal H370_57 LNF spredt v Vik H310_66

LNF spredt v Midtre Bruvik H310_67

Fritidsbustad, Bruvikdalen H310_68

Gloppemyra industri område, i1 i H310_69 kommunedelplan Hauge framtidig Bustad, Gjesvollane v/ H310_70 Hosanger

Sone med angitte særskilte omsyn (c) Bevaring av naturmiljø: H560_71 Loneelvi. Det er lagt omsynssone over Loneelvi og sidebekkar, 50 meter frå vasstreng. Her må alle tiltak vurderast opp mot moglege konsekvensar på vasskvalitet for elvemusling. Tiltak som kan ha effekt på elvemuslingen må i tillegg til løyve frå særlov òg avklarast i forhold til elvemusling-forskrifta. Dersom omsøkt tiltak kan føre til reduksjon i vasskavalitet, kan det i mange tilfelle vere tilstrekkeleg å gjennomføre mellombelse førebyggande tiltak for å redusere tilsig av ureina vatn til vassdraget i anleggsperioden (avskjeringsgrøfter, sedimenteringsbasseng m.m).

Bevaring kulturmiljø. Avmerking av kulturmiljø i byggjeområde B1 Åsheim H570_ 72 og F4/S3 Kleiveland H570_73. Områda representerar viktige kvalitetar som skal takast vare på som eit kulturmiljø i utbygging av området. H570_ 74 Gjerstad kyrkjestad er satt av med omsynssone. Alle tiltak i området må ta omsyn til det kulturminne kyrkjestaden representerar. H570_75 og _76 Mjøsvågen og Mjøs. Det er sett føresegn i gjeldande reguleringsplan

Bandleggingsone Bandlegging etter anna lovverk. H740_77 Loneelvi, Lonevåg. Munningsfreding etter lov om laksefisk og innlandsfisk

Bandlegging for regulering etter pbl.

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 47 H710_78 Valestrand Eit avgrensa område i Valestrand sentrum er bandlagt for ein periode på 2 år med krav om områderegulering

H710-79 Fotlandsvåg. Bandlagt i påvente av reguleringsplan. Endra arealbruk frå næring til sentrumsføremål kan fastsetjast i reguleringsplan

Bandlegging etter lov om naturvern. H720_80 Vestrevatnet. Videreføring frå gjeldande plan.

Bandlegging etter lov om kulturminne H730_81 Gjerstad dyrkingsspor Askeladden id 135884 H730_82 Hamre Prestegard (vidareføring frå gjeldande KPA ) H730_83 Havråtunet (vidareføring frå gjeldande KPA )

Gjennomføringssone Krav om felles planlegging H810_85, Lonevåg. Det er sett av eit område i sentrum med krav om felles planlegging. Arealet fell saman med areal sett av til sentrumsføremål.

Videreføring av reguleringsplan Plan id 1253 årstal nummer, Gjeldande reguleringsplan skal fortsatt gjelde Denne sona er nytta på alle gjeldande reguleringsplanar som skal gjelde føre kommuneplanen. Dette gjeld fylgjande reguleringsplanar:

Arkivnr/planid Plannamn Vedtatt 504.2 Reguleringsplan Vardalen, Valestrandsfossen 05.10.76 504.5 Reguleringsplan Hamre 12.06.85 504.12 Reguleringsplan Fossen, Lonevåg 21.07.77 504.12 Reguleringsplan Framegarden, Bruvik 21.03.75 504.15 Reguleringsplan Stormyra, Tysse 09.07.76 504.17 Reguleringsplan Hanstveit, Fotlandsvåg 21.11.73 504.22 Reguleringsplan Skipahjelden, Haus 28.02.78 504.24 Reguleringsplan Øvre Verkane, Haus 06.10.76 504.27 Reguleringsplan for Haus sentrum, del sør 25.06.97 504.28 Reguleringsplan Raudberget Industriområde 25.06.97 504.29 Reguleringsplan Lonevåg- sjukeheimstomta 20.08.80 504.39 Reguleringsplan Hyttefelt Hakenes 17.07.85 504.41 Reguleringsplan Øvre Verkane II, Haus 16.06.87/07.01.04 504.43 Reguleringsplan Ramberget, Lonevåg 26.11.85 504.45 Reguleringsplan Haugemyrane 13.03.91 504.47 Reguleringsplan Eide, Valestrandsfossen 13.01.91 504.48 Reguleringsplan Træet- Hosanger 09.09.87 504.51 Reguleringsplan Lonevåg – Hatland med endring 10.11.93/21.04.99 504.52 Reguleringsplan Haus sentrum, del nord 25.06.97 504.54 A Reguleringsplan Lonevåg sentrum 10.09.97 B Reguleringsendring, K. Lerøy Metallindustri AS 504.55 Reguleringsplan ”Fjæragarveriet”, Reigstadåsen 19.06.91 504.56 Reguleringsplan Valestrandsfossen sentrum 23.03.94 504.57 Reguleringsplan Bysheimkleivane bustadområde 16.12.92

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 48 504.98 Bebyggelsesplan Klubbelia, Hauge 17.06.98 504.60 Bebyggelsesplan Grønskaret 17.06.98 504.61 Reguleringsplan Rymledalen (Rymleheia) tomtefelt 01.12.99 504.63 Reguleringsplan Hosanger sentrum 17.10.01 504.65 Reguleringsplan Mjeldstad deponi 29.04.98 504.53 Skistad- Solberg, Reguleringsplan for RV. 566 18.03.98 504.66 Reguleringsplan Rv 567 Parsell Kringastemma- 18.06.03 Valestrand 504.72 Reguleringsplan Hjellvik 09.02.05 Dalen, Hauge- Bustad 15.12.04 Bruvik sentrum 21.05.08 Bruvik aust 21.05.08 1253 2006 0400 Reguleringsplan Haugemyrane 28.06.06 1253 2006 0500 Utbyggingsplan Loftås- del B1 og B2- bustad 23.05.07 1253 2006 0600 Utbyggingsplan Loftås- del B4- bustad 23.05.07 1253 2006 0700 Reguleringsplan Gatland 27.05.09 1253 2006 0800 Reguleringsplan Fugledalen 10.10.07 1253 2007 0100 Oddalsmyra Næringspark 18.06.08 1253 2007 0200 Utbyggingsplan Oksadrepet, Hauge 17.06.09 1253 2007 0300 Utbyggingsplan Hauge barnehage 21.11.07 1253 2008 300 Reguleringsendring Mjøs metall- 504-63 10.12.08 1253 2008 400 Reguleringsplan Hatland, Osterøy vg. skule 10.09.08 1253 2008 800 Reguleringsendring Lonevåg 504-54A 21.05.08 1253 2008 900 Mindre vesenleg reg.endring Loftås tomtefelt 22.04.09 1253 2008 1000 Mindre vesentleg reg.endring Hjellvik 25.02.09 1253 2008 1100 Reguleringsplan Hamre- Klenavågen 16.06.10 (under klagehandsaming) 1253 2008 1200 Reguleringsendring RV567 Hauge Lonevåg 21.01.09 1253 2008 1300 Reguleringsendring Lonevåg sentrum gnr 13, bnr 21.01.09 86 og 27 m/fl. 1253 2009 002 Mindre vesentleg reg.endring, reg.plan Fugledalen 09.06.10 1253 2009 003 Detaljregulering Nedre Botnavatnet- anleggsveg 27.10.10 1253 2009 004 Reguleringsendring Loftås tomtefelt 10.03.10 1253 2010 003 Mindre vesentleg reg. endring Vikne (adm.vedtak) 23.11.10 1253 2010 004 Mindre vesentleg reg endring Hauge barnehage 23.11.10 (adm.vedtak)

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 49 Temakart snøskred og steinsprang

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 50 Sjekkliste skred For handsaming av byggesak og reguleringsplan der tiltak ligg innanfor aksemdsområde for steinsprang eller snøskred. Skjema er utarbeidd i eit interkommunalt skredprosjekt

Skjema: Innkomne søknader/reguleringsplan Finn fram område du vil sjekke ut (bustad, tomt, areal) Aktsemdkart (skrednett) JA NEI 1 • Ligg område innanfor AKTSEMDKARTET? Stein Snø Gå til 15 Neste Kommunalt arkiv + skrednett TEK § 7- Neste 2 • Er det FARESONEKART over område? 32 • Fins det GEOTEKNISK RAPPORT over område i Neste 4 3 arkivet/søknaden? • Stettar rapporten TEK § 7-32 (1/1000)? OK Sikring • Er det registrert tidlegare SKREDHENDINGAR i nærområde 15 Neste 4 (skrednett /arkiv/munnleg)? • Er det registrert URO-/BEKYMRINGSMELDINGAR i Neste 6 5 nærområde? • Relevans til skredfare (vatn, ustabile forhold)? 15 Neste Merksemdkriteria • Er tiltaket nær BERGSKRENTAR (over/under)? 15 Neste 6 • Veks det tre i eller på toppen av brattkant? • Er tiltaket nær skråningar/fyllingar med HELLING større enn ca 15 Neste 7 27°? • Er det traktorveg eller andre tiltak i/over skråninga? 8 • Er tiltaket nær bekkar, vassig og SØKK i terrenget? 15 Neste 9 • Er tiltaket nær grensa på FLAUMVASSNIVÅ/ SPRINGFLOD? 15 Neste 10 • Krev tiltaket STORE FYLLINGAR, MURAR OG SKJERINGAR? 15 Neste 11 • Krev tiltaket GRAVING i lausmassar? 15 Neste 12 • Krev tiltaket FYLLING i myr, blaute jordartar eller i sjø/vatn? 15 Neste Geologiske kart 13 • Berggrunnskartet viser at BERGGRUNNEN er:: 14 • Lausmassekartet viser at LAUSMASSANE i område er: • Er det skredmateriale i område? 15 OK Utbygging i fareområde (ytterlegare i strid) • Gjelder dette NYBYGG (ikkje tiltak på eksisterande Rapport Neste 15 bygg )? 16 • Vil tiltaket AUKE TALET PÅ BUEININGAR? Rapport Neste • Er tiltaket YTTERLEGARE I STRID med § 68 i plan Rapport OK 17 og byggingslova ( HO-1/2008 frå BE)

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023 Osterøy kommune 51