Sogn og Fjordane fylkeskommune Sentraladministrasjonen Fylkeshuset Askedalen 2 6863

Samarbeidsforum i

Førde 24.april 2013

SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I OG FJORDANE 2013 – 2024 – HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD

Samarbeidsforum i Sunnfjord viser til invitasjon til innspel til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013 – 2024. Fylkesrådmannen er særleg ut etter innspel på desse problemstillingane:

Eventuelle nye variantar av modellane. Nye variantar må møte måla for prosessen slik desse er omtalte i planen. Korleis lokalsamfunn og arbeids- og næringsliv meiner den vidaregåande opplæring bør vere organisert – gitt elevtalsprognosane og inntektsutsiktene som ligg føre. Kva utdanningsprogram og programområde vil arbeids- og næringslivet særleg etterspørje – i prioritert rekkefølgje? Korleis bør vi oppnå balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket? Fylkesperspektivet vil bli særleg vektlagt

SiS vil peike på at det er gjennomført eit Sunnfjord har siste hatt fem år med høg omfattande arbeid med å vurdere den framtidige vekst i folketalet, og arbeidsplassveksten i skulestrukturen i Sogn og Fjordane. SiS sluttar seg regionen var på høgde med veksten på til dei utfordringane som vert presentert som landsbasis frå 2000 til 2009. Sunnfjord er grunnlag i skulebruksplanen både med omsyn til blant regionane med høgast intern redusert elevtal og dei følgjer dette får for arbeidsmarknadsintegrasjon i landet, og framtidig skulestruktur i fylket. regionen er i dag eit naturleg felles bu- og arbeidsområde, og ein funksjonell Den største faren med den strukturprosessen for skuleregion. dei vidaregåande skulane vi no er inne i, er likevel at ein lett rettar merksemda si mot å behalde dagens skulestruktur. Då forsvinn lett evna til å sjå framover og tore å vurdere kva utfordringar vi eigentleg vil ha i framtida.

Vi viser innleiingsvis til tidlegare fråsegn frå SiS om skulebruksplanen (1. februar 2013). Her kommenterte vi særleg ubalansen mellom elevplassar i ulike deler av fylket og viste med bakgrunn i Sunnfjord, som ein naturleg og dynamisk bu-, arbeid- og skuleregion i vekst, kva for utdanningstilbod vi ønskjer å behalde i regionen. I det følgjande skal vi vere meir konkrete med omsyn til på kva studietilbod som er naudsynte for å imøtekomme dei nye utfordringar Sunnfjord som region vil ha i framtida for å kunne vekse vidare på ein berekraftig måte.

Punktvis framlegg til høyring

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) har handsama skulebruksplan for vidaregåande skule i Sogn og Fjordane og står samla bak ei felles høyringsuttale. SiS peiker på følgjande faktorar som avgjerande for det vidare arbeidet med skulebruksplan for Sogn og Fjordane:

1. For Sunnfjord, som vil vere den einaste regionen med auke i mengde 15 åringar fram mot 2024, er det avgjerande at vi sikrar attraktive skulestadar i framtida, at dei har breidde i skuletilbodet, at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt sine ønskje om opplæringstilbod, og at ein har robuste einingar og fagmiljø som raskt kan omstille seg. 2. SiS vil presiserer at det må vere samsvar mellom elevtal og elevplassar i dei ulike regionane i fylket. SiS vil derfor krevje at elevplassane i Sunnfjord vert auka til minst 47 %, i samsvar med elevtalet i regionen. 3. Nærleik til fagskule og høgskular er eit viktig element for å byggje robuste og attraktive skulemiljø. I tillegg må vidaregåande skular leggast der verksemder held til og elevane bur. 4. Så langt har vi ikkje i Sogn og Fjordane makta å etablere regionale utdanningssentra tufta på dei vidaregåande skulane. SiS sitt framlegg til endringar og samla fagtilbod vil legge til rette for regionale fagsentra i Sunnfjord. 5. SiS vil akseptere at tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag vert flytta samla til ein annan vidaregåande skule i Sunnfjord. Det er heilt uaktuelt å flytte desse tilboda ut av regionen ettersom dette er med å skape ein ubalanse mellom elevtalplassane, sett i eit fylkesperspektiv. Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag må behaldast samla og er dessutan viktige for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum (som har ein desentralisert formidlingsstruktur med viktige arenaer i Jølster), for dei store medieverksemdene som ligg i Førde (NRK, Firda, mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet), og for næringslivet i regionen. 6. Flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, løyser ut eit krav om forhandlingar med fylkeskommunen om alternativ bruk av bygningsmassen, som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. 7. SiS krev tilsvarande strukturendringar i andre regionar. Dette er naudsynt for å sikre ein berekraftig vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane i framtida. 8. SiS meiner at ei vidareføring av idrettsfag ved Florø vidaregåande skule er med å sikre eit tilfredsstillande idrettsfagtilbod også i Sunnfjord. 9. Med bakgrunn i forventa vekst i Fjordbase i Florø og behovet for fagarbeidarar innan teknikk og industriell produksjon, vil det vere behov for å auke elevplassane i Sunnfjord. 10. Med bakgrunn i behov for utskifting i forpleiingsyrka i Nordsjøen, rår SiS til at utdanningsprogrammet restaurant- og matfag vert lagt til to skular, Øyrane vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule også med tanke på å skape føreseielege og robuste fagmiljø. 11. Det må etablerast eit VG2 kurs i Sal, service og tryggleik i Sunnfjord. 12. Med utgangspunkt i næringa sitt samla omfang i regionen og lokalt næringsliv sin eigenart i indre og ytre Sunnfjord, er det viktig at eit tilbod om transport og logistikk spissa mot terminalarbeid og logistikk, vert lagt til Flora vidaregåande skule. Medan same faget, retta mot landevegstransport, vert lagt til Øyrane vidaregande skule. 13. Ei styrking av helse- og oppvekstfag i samsvar med framtidige behov, er viktig for Sunnfjord. 14. SiS meiner modell i 0 i skulestrukturplanen ikkje er berekraftig. Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur, slik vi tidlegare har skildra det, og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS meiner ein kombinasjon av modell 5 og 7 er naudsynt for å oppnå ein best mogeleg framtidig skulestruktur i Sogn og Fjordane, men at ein kan vurdere korrigeringar i modellane med omsyn til kva skular som skal leggast ned.

Vidaregåande skular i framtida - fylkesperspektivet

Erfaringa viser at elevane i Sunnfjord søker seg til skular i eigen region. I følgje skulebruksplanen rekrutterer skulane i Sunnfjord dei aller fleste elevane frå eigne kommunar. For Sunnfjord, som vil vere den einaste regionen med auke i mengde 15 åringar fram mot 2024, er det derfor avgjerande at vi sikrar attraktive skulestadar i framtida, at dei har breidde i skuletilbodet, at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt sine ønskje om opplæringstilbod, og at ein har robuste einingar og fagmiljø som raskt kan omstille seg. Dette er krav som òg samsvarer med den nye regionalmeldinga – “Ta hele Norge i bruk” (St.meld.nr 13 (2012-2013)). I dag må tilsette i langt større grad vere villege til å omstille seg og ta vidareutdanning for å kunne møte arbeidslivet sine krav og forventingar. Derfor er det òg relevant å peike på at nærleik til fagskule og høgskular er eit viktig element i det å byggje robuste og attraktive skulemiljø. I tillegg må vidaregåande skular leggast der verksemder held til og elevane bur. Folketalsutvikling, som er det overordna målet i den regionale planstrategien for fylket, er altså avgjerande for å byggje dagens skulestruktur.

I skulebruksplanen blir det peika på at dei vidaregåande skulane ikkje har makta å utvikle seg til regionale utdanningssentra som kan tilby tenester for ein regional marknad, anten det gjeld næringsliv, offentleg sektor eller det sivile samfunn. Frå SiS si side, er det avgjerande at ein får etablert slike sentra i Sunnfjord slik at dei vidaregåande skulane i langt større grad er med å bidra til den regionale utviklinga. Alt bør ligge til rette for å etablere fleire regionale utdanningssentra i Sunnfjord i framtida, tufta på dei vidaregåande skulane.

Det er rimeleg å tenkje seg at elevane i framtida i langt større grad vil vere meir medvetne om kva utdanning og skule ein ønskjer å gå på. Med den rivande utviklinga vi har hatt – og vil få – innan samferdsle i regionen og fylket, er også valfridom i større grad langt meir reell enn berre for kort tid sidan. SiS vil òg peike på at det er rimeleg å forventa at endra samferdslestrukturar i framtida òg vil resultere i endra skulestruktur for vidaregåande skule. Særleg ei realisering av ferjefri E39 med monaleg regionforstørringar vil venteleg ha slike konsekvensar.

SiS meiner vidare at skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane burde i større grad reflektert rundt, og opna opp for, meir fleksible modellar og løysingar enn den gjer. I scenarioet om “Nasjonalstaten” i boka “Norge 2035. Fem scenario om offentlig sektors framtid” (Erik Øverland m fl), er skulepolitikken endå meir sentralstyrt enn i dag og ein har fått langt meir spesialisering og omstrukturering i den vidaregåande skulen. Fagopplæringa er i denne modellen flytta ut til verksemdene og det vidaregåande skuletilbodet er organisert som universitet med store forelesingar og små grupper og kollokvie. For Sogn og Fjordane sin del kan ein altså tenkt seg få store skulestadar der deler av undervisninga går føre seg, medan det meste av undervisning likevel går føre seg lokalt i mindre grupper og kollokvie.

Val modell for Sunnfjord

Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur slik vi har skildra det over og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS forstår fylkesrådmannen slik at det blir bedt om innspel knyt opp mot dei framlagde modellane eventuelle variantar av desse.

SiS meiner modell i 0 i skulestrukturplanen ikkje er berekraftig. Målet for SiS er å imøtekome dei prinsipp for ein framtidig skulestruktur, slik vi tidlegare har skildra det, og samstundes sikre balanse mellom elevtal og elevplassar i dei ulike delane av fylket. SiS meiner ein kombinasjon av modell 5 og 7 er naudsynt for å oppnå ein best mogeleg framtidig skulestruktur i Sogn og Fjordane, men at ein kan vurdere korrigeringar i modellane med omsyn til kva skular som skal leggast ned.

Særleg modell 7 er m.a. med å sikre beste elevtalsplassar, noko som er særs viktig for Sunnfjord. I denne modellen er idrettsfag og medium og kommunikasjon også eit utdanningstilbod i Sunnfjord. Slik SiS ser det, ivaretek også denne modellen best dei måla som er lagt som primissar for arbeidet med skulebruksplanen.

Elevtalplassar og fylkesperspektivet

Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag er i dag plassert på Mo- og Jølster avdeling Jølster. I Norconsult sitt forslaga til modellar er utdanningsområda foreslått samla til fylkesdekkande linjer med tilbod på Eid vidaregåande skule og på Firda vidaregåande skule, med unnatak av modell 6 og 7, der medie og kommunikasjon er foreslått i Sunnfjord og i Sogn.

SiS vil akseptere at tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag vert flytta samla til ein annan vidaregåande skule i Sunnfjord. Det er heilt uaktuelt å flytte desse tilboda ut av regionen ettersom dette er med å skape ein ubalanse mellom elevtalplassane, sett i eit fylkesperspektiv. Dette speglar òg noko av modell 7 der Sunnfjord har 47,4 % av elevtala medan elevplassane berre er 42,1 %. Det vil derfor vere naudsynt å auke opp elevplassane i Sunnfjord for å oppnå best mogeleg balanse. I vårt framlegg vil vi auke opp elevplassane i Sunnfjord med 360 elevplassar.

Design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag må behaldast samla og er dessutan viktige for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum (som både har ein desentralisert formidlingsstruktur med viktige arenaer i Jølster), for dei store medieverksemdene som ligg i Førde (NRK, Firda, Nynorsk mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet), og for næringslivet i regionen.

Føresetnaden for flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, er at fylkeskommunen startar forhandlingar med Jølster kommune om alternativ bruk av bygningsmassen som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. Føresetnaden for flytting av tilboda design og handverk, medium og kommunikasjon og studiespesialiserande formgjevingsfag, er at fylkeskommunen startar forhandlingar med Jølster kommune om alternativ bruk av bygningsmassen som Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster, i dag disponerer. I tillegg krev SiS tilsvarande strukturendringar i andre regionar som det vi gjer ved Mo og Jølster vidaregåande skule, avdelinga Jølster. Dette er naudsynte for å sikre ein berekraftig vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane i framtida. SiS er sluttar seg elles til at strukturelle endringar vert gjennomført skuleåret 2016/17, men at talet elevplassar kan bli endra og justert utan ytterelegare organisatoriske endringar.

Vurderingar om samanslåing av skular, slik det blir drøfta i kapittel 5.4 i planen, vil SiS likevel ikkje ha noko meining om. For SiS er dei prinsipielle sidene ved strukturen for dei vidaregåande skulane i regionen viktigare enn moglege mindre organisatoriske samanslåingar.

Idrettsfag

I modell 7 vil Florø vidaregåande skule tilby idrettsfag. SiS meiner dette er med å sikre eit idrettsfagtilbod også i Sunnfjord. I eit folkehelseperspektiv er det viktig å vektlegge at fleirtalet av elevane på programområde for idrett ved Flora vidaregåande skule er aktive på trenar- og leiarsida i lokalidretten, samstundes som idrettsfag òg er eit val for dei som vil ønskjer å vidareutvikle seg som utøvarar innan ulike idrettar.

Studiespesialiserande formgjevingsfag og design og handverksfag

Begge tilboda er i dag plassert på Mo og Jølster vidaregåande skule, avdeling Jølster. Faga design og handverk og studiespesialiserande er viktig for at regionen framleis skal kunne behalde kreative fag og skape tilfredsstillande rekrutteringsgrunnlag både for kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane Kunstmuseum og for næringslivet i regionen. I ny stortingsmelding om skulen varslar kunnskapsdepartementet endringar i begge tilboda. Dette betyr at det kan bli endringar i organiseringa av utdanningstilbodet.

Medie og kommunikasjon

Med unnatak av modell 7 er faget medie og kommunikasjon lokalisert som fylkesdekkande tilbod på Firda vidaregåande skule. I modell 7 er også utdanningstilbodet foreslått lagt til Hafstad vidaregåande skule og vidaregåande skule. Fleirtalet av elevar i utdanningsprogramment vel eit løp mot generell studiekompetanse og dei ulike modellane vil ikkje få konsekvensar for fagopplæringa. Sjølv om dei fleste av elevane vel vekk å fullføre yrkesutdanninga, er dette eit studie som stimulerer elevane sine kreative evner, noko som vil vere verdifullt uansett kva yrke ein vel å utdanne seg til. Dette er det svært viktig å ivareta også med tanke på at kreative fag òg skapar motivasjon til andre fag. Dei store medieverksemdene ligg i Førde (NRK, Firda, Nynorsk mediesenter, Førde Multimedia, Mediebruket, Fylkesmagasinet, Mediebruket). Saman med kulturinstitusjonar og – aktørar, utgjer indre Sunnfjord ein etter måten stor klynge innan informasjonsverksemder i regionen.

I ny stortingsmelding blir det varsla om ei omlegging av faget til ein studieførebuande struktur basert på timefordelinga til idrettsfag og musikk, dans og drama. Dette kan føre til eit elevtal på 25 -30 elevar pr. gruppe, mot dagens elevtal på 15 elevar pr. gruppe.

Teknikk og industriell produksjon

Med bakgrunn i forventa vekst i Fjordbase i Florø og behovet for fagarbeidarar innan teknikk og industriell produksjon, vil det vere behov for ei auke i elevplassane i Sunnfjord. Dette vil bidra til ein betre balanse i elevplassar og tal elevar. Det er stor søknad på desse plassane, og næringslivet i regionen er særs opptekne av at ein har gode og adekvate tilbod her som er tilpassa arbeidsmarknaden.

Restaurant- og matfag

Med unnatak av Måløy og Øyrane vidaregåande skule, så er søkjartala til dette utdanningsprogramment svært ustabilt. For skuleåret 2013-2014 foreslår fylkesdirektøren å redusere gruppetalet med ei gruppe ved vidaregåande skule og ei gruppe ved Luster vidaregåande skule. Spørsmålet er om det i dag samla sett er ein overkapasitet på utdanningstilbodet sett i forhold til elevane sine ynskjer. I fylgje rapport frå Sintef er det forventa ein reduksjon i tal sysselsette i Hotell- og restaurantbransjen i Sogn og Fjordane (Skulebruksplanen), men samstundes vert det grunna alder varsla behov for utskifting i forpleiingsyrka i Nordsjøen. Med bakgrunn i dette foreslår SiS at utdanningsprogrammet vert lagt til to skular, Øyrane vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule også med tanke på å skape føreseielege og robuste fagmiljø.

Sal, service og tryggleik

Historiske tal syner at nær alle som startar VG1 Service og samferdsle i Sunnfjord – ønskjer å gå vidare innanfor VG2 Sal Service og tryggleik. Det er i hovudsak òg jenter som søkjer dette tilbodet. I framlegget frå Norconsult ligg dette tilbodet i og Sogn. Vi trur i svært liten grad at elevar i Sunnfjord vil velje VG1 Service og samferdsle i ein struktur som krev at dei må til Eid vgs eller Årdal vgs for å gå det vanlegaste VG2 kurset innan programområdet. Difor bør det eit VG2 kurs i Sal, service og tryggleik inn i tilbodet i Sunnfjord.

Samferdsle

I samsvar med dei utfordringar og muligheiter nærings- og samfunnsliv i Sunnfjord står overfor, må vi sikre ein best mogeleg breidde i programfaga. Det er avgjerande at denne breidda samsvarer med dei fagbehova vi i dag ser i regionen. Transport og logistikk er ein del av programområde for service og samferdsle. Tilbodet i regionen ligg i dag på Øyrane vidaregåande skule, medan det i Norconsult sitt framlegg er gjort framlegg om å legge det til Florø vidaregåande skule. Med utgangspunkt i næringa sitt samla omfang i regionen og lokalt næringsliv sin eigenart i indre og ytre Sunnfjord, er det m.a. ønskjeleg at eit tilbod om transport og logistikk spissa mot terminalarbeid og logistikk, vert lagt til Flora vidaregåande skule. Medan same faget, retta mot landevegstransport, vert lagt til Øyrane vidaregande skule.

Helse- og oppvekstfag Rapporten frå Sintef (skulebruksplanen) varslar ein auke i behovet for fagarbeidarar i helse- og oppvekstfag fram mot 2030. 1. Ei styrking av helse- og oppvekstfag er derfor viktig for Sunnfjord.

Anleggsteknikk

Anleggsteknikk er eit fylkesdekkande tilbod i Sunnfjord og Sogndal. Det er gode søknad til elevplassane. I samsvar med ønskje frå næringslivet og modell 7 i skulebruksplanen, bør dette tilbodet samlast som eit fylkesdekkande tilbod i Sunnfjord.

Håkon Myrvang Mathias Råheim /s/ Olve Grotle /s/ Ordførar kommune Ordførar kommune Ordførar Førde kommune Leiar i SIS

Bengt Solheim Olsen /s/ Oddmund Klakegg /s/ Ordførar Flora kommune Ordførar Jølster kommune