Nord- og jordskifterett

Rettsbok

Sak: 1200-2005-0016 HAAVIK

Gnr. 91 i kommune

Oppstarta: 23.10.2006

Avslutta: 03.07.2009

SAKSFØREBUANDE JORDSKIFTERETTSMØTE

Rettsmøtedag: 23.10.2006 Stad: Grendahuset i i Fusa Sak nr.: 1200-2005-0016 - Haavik

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2 e

Jordskiftedommar: Vidar Bergtun

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: 1 Gjennomgang av kravet 2 Vidare framdrift i saka

Partar: Eigar av gnr. 91/1 i Fusa, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2 i Fusa, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3 i Fusa, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6 i Fusa, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5 i Fusa, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/9, 91/15 i Fusa, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10 i Fusa, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11 i Fusa, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogv 14 E, 5057

Til stades: Svein Haavik, Torgeir Håvik også med fullmakt frå Trygve Håvik, Engel Håvik, Lars Haavik, Jan Tveit, Evy Andrea Gjelland.

Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje.

Jordskiftedommaren gjorde greie for hovudreglane i domstolslova §§ 106 - 108. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at jordskiftedommaren var inhabil

Jordskiftedommaren gjorde greie for at føremålet med munnleg saksførebuing er å avklarte partstilhøva og å få oversyn over dei problema som ein ønskjer å få løyst. Dommaren gjorde merksam på at det ikkje blir teke realitetsavgjerder i dette møtet.

Følgjande dokument vart framlagde: 1. Krav om jordskiftesak – trase for skogsbilveg mellom Håvik og Håvikadalen, datert 23.08.2005 frå Svein Haavik. 2. Forkynning av krav om sak for jordskifteretten til Lars I. Haavik, datert 16.09.2005 vedhefta rek. kvittering. 3. Krav om sak for jordskifteretten 1. Kopi av brev frå Fusa kommune til Svein Haavik, datert 28.10.03 – søknad om bygging av landbruksveg vedk. val av trase

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 1 2. Kopi av avskrift for pantebok II:B. B.6.c 1876 – 1878, fol. 447 b, 28.- 29.04.1876 3. Kopi av utdrag av rettsbok for Nord- og Midhordland jordskifterett – sak 7/1983 4. Kopi av utdrag av rettsbok for jordskifteoverrett – sak 11/1985 5. Kartvedlegg 4. Forkynning av krav om sak for jordskifteretten til Torgeir Håvik og Engel Atle Håvik, datert 10.10.2005 vedhefta rek. kvittering. 5. Melding om nye partar, datert 17.10.2005. 6. Forkynning av krav om sak for jordskifteretten til nye partar, datert 17.10.2005 vedhefta rek. kvittering. 7. Skriv, datert 27.01.2006 frå Lars Haavik, med 4 vedlegg. 8. Skriv, datert 23.02.2006 frå Svein Haavik. 9. Skriv, datert 26.03.2006 frå Lars Haavik, med 2 vedlegg. 10. Innkalling til saksførebuande rettsmøte, datert 28.09.2006. 11. Fullmakt, datert 20.10.2006 frå Trygve Håvik til Torgeir Håvik.

Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad.

Svein Haavik gjorde greie for kravet.

Dei andre partane fekk ordet for å gjere greie for sine syn på kravet.

Når det gjeld partslista vart det opplyst at det er fleire medeigarar på bnr 11. Det vart også opplyst at bnr 20 burde innkallast til neste møte.

Den vidare framdrifta av saka vart drøfta. Jordskiftedommaren opplyste at vanleg framgangsmåte for ei slik sak er å kartlegge ressursane i nedslagsområdet til ein ny veg samstundes med at mogelege trasear vert utgreia og kostnadsrekna. I samband med ressurskartlegginga tek jordskifteretten kontakt med skogeigarlaget for å få fram grunnlagsmaterialet. Når det gjeld vegplanlegging vart det av jordskiftedommaren føreslege å nemne opp avd. ingeniør Ottar Haugen ved Fylkesmannens landbruksavdeling. Lars Haavik opplyste at han hadde hatt kontakt med Haugen tidlegare og det vart opptil jordskiftedommaren å avgjere kor involvert Haugen hadde vore i saka tidlegare.

Synfaring: Jordskiftedommaren saman med partane drog deretter på synfaring. Synfaringa tok til på Leite (bnr 1 sitt tun) vidare inn på eksisterande veg over brua og opp til Vetlestølen. Vidare opp i Bjørkelunda der ein hadde utsyn innover Håvikadalen og nedover mot innmarka. Nedover gjekk ein først langs den gamle stølsvegen ned til Gryvle, herifrå gjekk ein vidare mot Vetlestølen og vidare ned att over innmarka på bnr 3.

Saka blir utsett inntil vidare.

Retten heva. Håvik, 23.10.2006

Vidar Bergtun (s)

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 2 JORDSKIFTERETTSMØTE

Rettsmøtedag: 20.02.2007 Stad: Statens Hus i Bergen Sak nr.: 1200-2005-0016 – Haavik

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2 e

Jordskiftedommar: Vidar Bergtun

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: Avsei orskurd om sakkunnig og mandat

Partar: Eigar av gnr. 91/1, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/9, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogveien 14 E, 5057 BERGEN Eigar av gnr. 91/11, Astrid Jonsterhaug, Jonsterhaugen 31, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/11, Gerd Elise Jonsterhaug, Jonsterhaugen 59, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/11, Bjørg Irene Gjelland Kvamme, Hellebakkgrenda 22, 5215 LYSEKLOSTER Eigar av gnr. 91/11, Snefrid Håvik, Nygårdsvegen 2, 5200 OS Eigar av gnr. 91/11, Aslaug Skogen, Almåsgrenda 15, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/11, Anna Margrete Aslaksen, Leideren 4, 4950 RISØR Eigar av gnr. 91/11, Kåre Sigurd Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/20, Arvid Nilsson, Lille Damsgårdsveien 32 B, 5162 LAKSEVÅG

Andre: Ottar Haugen, FMLA postboks 7310, 5020 BERGEN

Til stades: Partane er ikkje innkalla til dette rettsmøtet.

Følgjande dokument vart framlagde: 12. Skriv, datert 28.11.2006 frå jordskifteretten vedk. oppnemning av sakkunnig og oppsett av mandat, vedlagt utskrift av rettsboka frå den 23.10.2006. 13. Skriv, datert 05.12.2006 til nye partar i saka. 14. Skriv, datert 13.12.2006 frå Lars Ingjald Haavik. 15. Skriv, datert 12.02.2007 frå Lars Ingjald Haavik. 16. Skriv, datert 16.02.2007 frå Lars Ingjald Haavik.

Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 3

Etter å ha drøfta saka avsa jordskifteretten slik

orskurd: Denne orskurden gjeld motsegner mot oppnemning av avd. ing. Ottar Haugen ved Fylkesmannens landbruskavdeling som sakkunnig i saka samt utforminga av mandatet til den sakkunnige.

Den 23.11.2006 vart det halde eit saksførebuande rettsmøte i saka. På dette rettsmøtet orienterte jordskiftedommaren om saksgangen i ei slik sak. Det vart vidare opplyst at retten ville oppnemna avd. ing. Ottar Haugen som sakkunnig.

Som det går fram av referatet frå det saksførebuande rettsmøtet opplyste Lars Ingjald Haavik at han hadde vore i kontakt med Ottar Haugen tidlegare og at det fekk vere opp til jordskiftedommaren å avgjere kor involvert Haugen hadde vore i saka tidlegare.

Etter dette saksførebuande møtet tok jordskiftedommaren muntleg kontakt med Ottar Haugen for å få greie på om han tidlegare hadde hatt med saka å gjere på ein slik måte at han var ueigna til å opptre som sakkunnig. Som det går fram av skriv datert 05.12.2006 til partane er det både retten sitt syn og Ottar Haugen sitt syn at han ikkje har hatt noko med denne saka å gjere som skulle tilsei at han ikkje kunne opptre som sakkunnig.

Lars Ingjald Haavik har vist til at Ottar Haugen har handsama ei sak om vegbygging i området og at Haugen i denne samanheng skal ha gjort seg inhabil til å opptre som sakkunnig i denne saka.

Rettens merknader: Reglane om sakkunnige finn me i tvistemålslova 18. kap. Reglane om habiliteten til den sakkunnige finn me i tvistemålslova § 242. Denne § viser til domstolslova §§ 106 og 108.

Etter det retten kan sjå er det ikkje lagt fram dokumentasjon på at Ottar Haugen har handsama sak om bilveg i Håvik. Engel Håvik har søkt Fusa kommune om løyve til bygging av skogsbilveg. Denne søknaden vart avslegen av kommunen den 28.10.2003, jf vedlegg til dok nr 9. Ottar Haugen har ikkje handsama denne saka. Som tilsett hjå Fylkesmannen har han fått tilsendt kopi av søknaden og han har fått kopi av avslaget. Etter retten sitt syn kan dette på ingen måte gjere at Ottar Haugen skulle kunne utelukkast som sakkunnig etter reglane i tvml § 242.

Som sakkunnig i denne jordskiftesaka er det Haugen si oppgåve å vurdere om det fins vegtrasear som er teknisk realistisk å gjennomføre samt å gje retten eit kostnadsoverslag for dei mogelege traseane. Haugen har lang erfaring med slike saker og er ofte nytta som sak- kunnig av jordskifteretten. Retten kan på ingen måte sjå at Haugen har hatt noko med saka eller partane å gjere som gjer at han ikkje kan fylle denne oppgåva på ein forsvarleg måte.

Lars Ingjald Haavik har også motsegner til mandatet som jordskifteretten har utforma i dok nr 12. Innhaldet i motsegnene går i hovudsak ut på at jordskifteretten har nytta omgrepet landbruksveg. Haavik er av den oppfatning at dette legg føringar på kva type veg som skal planleggjast. Retten legg her til grunn at omgrepet landbruksveg er eit samleomgrep på dei vegar som er skildra i Landbruksdepartementets normalar for landbruksvegar frå 1997.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 4 Denne normalen inneheld vegtypar frå vegklasse 1 (Heilårs bilveg) til vegklasse 8 (Lett traktorveg).

Lars Ingjald Haavik har vidare synt til at den sakkunnige bør ha innsikt i alle dokument i saka. Etter retten sitt syn er dette ikkje naudsynt. Den sakkunnig sitt mandat er klart skildra i dok nr 12. Den sakkunnige skal ikkje ta dei rettslege avgjerdene i saka, det er det retten som skal gjere. Den sakkunnige skal derimot opplyse saka med omsyn på vegplanlegging og kostnadsvurdering. Til dette arbeidet er det ikkje naudsynt for den sakkunnige å ha innsikt i alle dokumenta i saka.

slutning: 1. Lars Ingjald Haavik sine motsegner til val av sakkunnig og mandat vert avvist. 2. Denne orskurd vert forkynt partane etter reglane om postforkynning. 3. Frist til å påkjære orskurden er ein månad.

Retten heva. Bergen, 20.02.2007

Vidar Bergtun (s)

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 5 JORDSKIFTERETTSMØTE

Rettsmøtedag: 20.11.2008 Stad: Strandvik i Fusa Sak nr.: 1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2 e

Rettsleiar: Jordskiftedommar Vidar Bergtun

Meddommarar: Ove Aasebø, 5652 ÅRLAND Idar Reistad, 5652 ÅRLAND

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: Vurdere fremming av saka

Partar: Eigar av gnr. 91/1, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3, 91/7, 91/11, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Gerd Elise Jonsterhaug, Jonsterhaugen 56, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Bjørg Irene Gjelland Kvamme, Hellebakkgrenda 22, 5215 LYSEKLOSTER Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Aslaug Skogen, Almåsgrenda 15, 5109 HYLKJE Merkn: også arving etter Torgunn Håvik Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Astrid Jonsterhaug, Jonsterhaugen 31, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Snefrid Håvik, Nygårdsvegen 2, 5200 OS Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Freddy Aslaksen, Leideren 4, 4950 RISØR Eigar av gnr. 91/9, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogveien 14 E, 5057 BERGEN Eigar av gnr. 91/20, Arvid Nilsson, Lille Damsgårdsveien 32 B, 5162 LAKSEVÅG

Eigedomane ligg i Fusa kommune.

Til stades: Svein Haavik, Torgeir Håvik, Engel Atle Håvik, Andreas Vågen, Freddy Aslaksen, Lars Ingjald Håvik og Jan Tveit.

Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje.

På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 6 måten retten var samansett på. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at retten var inhabil.

Idar Reistad har ikkje gjort teneste som meddommar tidlegare. Jordskiftedommaren gjorde meddommaren kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Deretter skreiv meddommaren under slik

lovnad:

Eg lovar at eg i denne saka og i alle framtidige jordskiftesaker vil gjere pliktene mine som jordskiftemeddommar med truskap og ærlegdom.

______Idar Reistad (s)

Følgjande dokument vart framlagde: 17. Forkynning av orskurd, datert 24.02.2007. 18. Skriv, datert 17.04.2008 frå advokat Winjum. 19. Innkalling til synfaring, datert 28.03.2008. 20. Skriv, datert 05.09.2008 frå advokat Ivar Winjum. 21. Skriv, datert 06.10.2008 frå Lars Ingjald Haavik. 22. Innkalling til tilbodssynfaring, datert 01.09.2008. 23. Innkalling til dagens rettsmøte, datert 28.10.2008, med 7 vedlegg. 1. Tabell over skogressursar i Håvikdalen 2. Kart med innteikna bestandfigurar 3. Tilbod frå Sverre Myklebust AS 4. Tilbod frå Folgefonn entreprenør AS 5. Opplysningar om anlegget, datert 7. aug 2008 6. Skildring av vegklasse 4 7. Kart der dei planlagde vegtraseane er innteikna. 8. Snitt som syner stigningstilhøve i dei planlagde traseane. 24. Skriv, datert 17.11.2008 frå Lars Ingjald Håvik.

Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad.

Partane fekk ordet og forklarte seg. Partane saman med retten drog deretter på synfaring. På synfaringa var det sett på dei alternative traseane, skogressursane samt trase påvist av Lars Ingjald Havik frå hans eigedom og ned mot enden av den kommunale vegen.

Etter synfaringa orienterte retten om den vidare saksgang. På spørsmål hadde ingen merknader til forhandlingane. Ingen hadde merknader til at innkallinga til neste møte blir send i vanleg brev med minst éi vekes varsel, jf. jordskiftelova § 14.

Retten heva. Fusa, 20.11.2008

Ove Aasebø (s) Vidar Bergtun (s) Idar Reistad (s)

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 7 JORDSKIFTERETTSMØTE

Rettsmøtedag: 16.02.2009 Stad: Årland i Sak nr.: 1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2

Rettsleiar: Jordskiftedommar Vidar Bergtun

Meddommarar: Ove Aasebø, 5652 ÅRLAND Idar Reistad, 5652 ÅRLAND

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: Vurdere fremming av saka

Partar: Eigar av gnr. 91/1, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3, 91/7, 91/11, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Gerd Elise Jonsterhaug, Jonsterhaugen 56, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Bjørg Irene Gjelland Kvamme, Hellebakkgrenda 22, 5215 LYSEKLOSTER Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Aslaug Skogen, Almåsgrenda 15, 5109 HYLKJE Merkn: også arving etter Torgunn Håvik Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Astrid Jonsterhaug, Jonsterhaugen 31, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Snefrid Håvik, Nygårdsvegen 2, 5200 OS Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Freddy Aslaksen, Leideren 4, 4950 RISØR Eigar av gnr. 91/9, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogveien 14 E, 5057 BERGEN Eigar av gnr. 91/20, Arvid Nilsson, Lille Damsgårdsveien 32 B, 5162 LAKSEVÅG

Eigedomane ligg i Fusa kommune.

Til stades: Partane er ikkje innkalla til dette rettsmøtet.

Følgjande dokument vart framlagde: 25. Skriv, datert 23.11.2008 frå Lars Ingjald Håvik.

Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 8

Etter å ha drøfta saka gjorde retten slikt samrøystes

fremmingsvedtak: Denne saka er kravd som sams tiltak i medhald av jordskiftelova § 2. Føremålet er bygging av ein felles veg som kan gje vegutløysing for Håvikdalen. Retten har oppnemnd avd. ing Ottar Haugen ved Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling som sakkunnig i saka. Han har utarbeida forslag til vegløysing, jf vedlegg til dok nr 23. Det er også utarbeida ei oversikt over skogressursane i Håvikdalen og det er innhenta prisar på bygging av planlagde vegtrasear, jf vedlegg til dok nr 23.

Partane har uttalt seg om saka.

Rekvirenten Svein Haavik (bnr 1) har i hovudsak gjort gjeldande: Eg ynskjer etablering av ein felles veg mellom Håvik og Håvikdalen for å løyse ut dei ressursane som ligg der. Det fins gamle vegrettar ein kan nytte men desse er ikkje tidsmessige og eigna for dagens framkomstmiddel. Håvikdalen er eit stort utmarksområde på om lag 2000 da med om lag 1000 dekar skog. Pr i dag vert området nytta til beite men det står også store skogsressursar som treng vegutløysing. Skal det takst ut skog er det naudsynt med ein skogsbilveg for å få lønsam uthogst. Ein veg vil også medføre verdiauke på dei andre ressursane som fins i dalen mellom anna jakt og beite. Etter mitt syn er veg nr 1 det beste alternativet i forslaget.

Torgeir Håvik (bnr 2) sa seg samd i det Svein Håvik hadde sagt og synte til at også han hadde store skogsressursar som trong vegutløysing.

Engel Håvik (bnr 3 samt medeigar i bnr 7 og 11) sa seg også samd i det rekvirenten hadde sagt. Han hadde bruk for veg både i samband med skogsdrift, beite og mogeleg dyrking.

Andreas Vågen (bnr 4 og 6) synte til at han hadde beiterett til 12 vinterfora sauer i Håvikliane på austsida av Håvikdalen. Han skjønar kravet om sams tiltak men ser ikkje den store nytta for sitt eige bruk.

Freddy Aslaksen (medeigar i bnr 7 og 11) såg ikkje behovet for veg for den del av eigedomen som han disponerte. Han bur langt unna eigedomen og har ikkje planar om drift på denne del av eigedomen.

Lars Ingjald Håvik (bnr 9) synte til at han ikkje har behov for ny veg. Meiner også at saka ikkje er godt nok opplyst då det berre er ein alternativ trase opp frå den kommunale vegen. Ut frå mandatet burde den sakkunnige også ha planlagt ein trase opp frå enden av den kommunale vegen. Den planlagde vegen står ikkje i forhold til behovet. Kostnaden med ein slik veg er mykje høgare enn nytten. Når det gjeld ressursoversikta i Håvikdalen er denne uklar og behefta med feil. Dei planlagde traseane er ugunstige for mi utmark som ligg på vestsida av elva i Håvikdalen. Han syner vidare til at han i dag har ein veg som dekkjer hans behov og at det vil vera mest tenleg for han å ruste opp denne i høve til å delta i ny veg.

Jan Tveit (bnr 10) skjønar kravet om sams tiltak men ser ikkje den store nytta for sitt eige bruk. Etter hans syn er det for lite verdiar i hans teig til å forsvare ein slik veg som no er planlagt.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 9 Retten ser slik på saka: Når retten skal vurdere fremjing av ei jordskiftesak etter jordskiftelova § 2 må retten først prøve om tilhøva er utenlege etter tid og tilhøve, jf jordskiftelova § 1. Etter retten sitt syn er tilhøva i Håvikdalen utenlege etter tid og tilhøve pga manglande vegutløysing. Dette er eit stort utmarksområde som ligg i ein dal over Håvik. Det er føreteke omfattande skogplanting i området og utan bilveg inn i området er skogen verdilaus. Også med omsyn til andre utnyttingsmåtar er tilhøva utenlege utan veg då dagens mogelege tilkomst stort sett er til fots.

Retten vil også karakterisera dagens tilkomst til bnr 9 og bnr 20 som utenleg. Den vegen som i dag går opp til desse to eigedomane er så bratt at den ikkje eignar seg til bilkøyring. Dagens eigar av bnr 9 har synt til at dette er ein akseptabel veg for han og demonstrerte dette under synfaringa ved å køyre opp vegen i ein firhjulstrekkar. Retten er likevel av den oppfatning at denne vegen ikkje dekkjer dei krav til tilkomst til hus og hytte i dag.

Vidare må retten vurdere om det er verkemidlar i jordskiftelova som kan gjere tilhøva betre. I dette tilfellet er det retten sitt syn at eit sams vegtiltak etter jordskiftelova § 2 e vil gjera tilhøva meir tenlege. Ein ny veg vil tilfredstilla krava til ein bilveg opp til bnr 20 og 9 samt gje ei god utløysing av dei ressursane som er i Håvikdalen.

Saka kan ikkje fremjast dersom kostnadene og ulempene vert større enn nytten for kvar einskild eigedom, jf jordskiftelova § 3a.

Bnr 1 vil ha stor nytte av å få tilkomst til sin utmarksteig på vestsida av Håvikdalen. Ut frå ressursoversikta og vegkostnad er det vidare retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 1 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka. Vegen vil i starten også gå over nordre del av innmarka til bnr 1. Etter retten sitt syn vil bruket ha korkje store ulemper eller fordeler med dette.

Bnr 2 vil få ein betre tilkomst til sin heimste innmarks-/utmarksteig. Dette bruket vil også få tilkomst til sin teig i Håvikdalen. Ut frå ressursoversikta og vegkostnad er det vidare retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 2 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka.

Bnr 3 vil også få ein betre tilkomst til sin heimste teig i Håvikdalen. Den planlagde vegen vil ikkje gje ei fullstendig veguløysing til bnr 3 sin inste teig i Håvikdalen. Det vil imidlertid bli mykje lettare og rimelegare for bnr 3 i lag med dei fleste av dei andre partane å lage ein veg vidare innover i Håvikdalen etter at den planlagde vegen er ferdigstilt. Ut frå ressursoversikta og vegkostnad er det vidare retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 3 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka.

Bnr 5, 7 og 10 har forholdsvis mindre teigar i Håvikdalen. Retten er av den oppfatning at desse bruka bør delta i vegen no. Dette ut frå den forholdsvis låge kostnaden som dette vil medføre for eigedomane sett i høve til den framtidige nytte det er av å ha vegtilkomst.

Bnr 9 vil etter retten sitt syn få stor nytte av ein betre tilkomst opp til sin eigedom. Om denne eigedomen vert nytta som heilårsbustad, feriebustad eller som utleigeobjekt vil det alltid vere behov for ein god og trygg tilkomst. Eigar av bnr 9 vil også få auka nytte av at vedlikehaldskostnadene vil minke som følgje av betre trase og fleire brukarar av vegen. Verdien på eigedomen vil også auke som følgje av betre veg fram til eigedomen. Bnr 9 vil vidare ha stor nytte av at dagens veg gjennom tunet vert omlagt utanfor tunet. Den

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 10 planlagde vegen vil gå over det austlege hjørna av bnr 9. Etter retten sitt syn representerer dette ei mykje mindre ulempe enn dagens trase. Om partane krev det er det også mogeleg å gjennomføre eit makebyte slik at den nye vegen vert ny grense i området. Dette vil i så fall redusere dei arronderingsmessige ulempene med den planlagde vegen.

Bnr 20 vil etter retten få nytte av ein betre tilkomst opp til sin fritidsbustad. Det vil vera ei ulempe for dette bruket at vegen kjem til å gå såpass nærme fritidsbustaden. Det er imidlertid retten sitt syn at fritidsbustaden også i dag ligg nær ein veg samt at trafikken på den planlagde vegen ikkje vert større enn at nytten av vegen langt overstig ulempene med at vegen vert liggjande så nær. Eigar av bnr 20 vil også få auka nytte av at vedlikehalds- kostnadene vil minke som følgje av betre trase og fleire brukarar av vegen.

Ved val av trase har retten kome fram til at veg 1 er det beste alternativet. Ved dette valet har retten både lagt vekt på partane sitt syn samt at usikkerheitsmomenta med vegføring innover elvegjelet (veg 3) er for høge samanlikna med veg 1.

Eigar av bnr 9 har synt til at vegen bør gå frå enden av den kommunale vegen og opp til der den planlagde vegen kryssar bnr 9. Retten såg på denne traseen under synfaringa. Etter retten sitt syn vil ein slik trase bli både dyrare og medføre større ulemper i form av fleire svingar oppetter innmarka på bnr 3 og eller 2. Ein slik veg vil også missa fleire høgdemeter ved at den kommunale vegen fell frå den planlagde avkøyringa og ned mot tuna til bnr 3 og bnr 2.

Retten vil vidare sjå på dei totale kostnadene sett i høve til den totale nytten av vegen. Den totale kostnaden på vegen kan ein sjå ut frå det rimelegaste av tilboda frå entreprenørane. Veg 1 inklusiv bru kjem på 1.445.250,- kr. Dersom ein føreset 60 % tilskot vert summen partane må betale 578.100,- kr. Ut frå ressursoversikta er det berekna eit salgbart volum på om lag 12 000 m 3 som soknar til vegen. Utan veg er dette tømmeret meir eller mindre verdilaust. Med veg vil tømmeret representere eit monaleg inntektspotensiale. Set ein nettopris på dette tømmeret med veg til 100 k/m 3, vil verdiauken bli 1,1 million. Ein nettopris på 100 k/m 3 kan vere litt høg i høve til at sjølv med veg nr 1 vil det framleis vere monaleg avstand frå veg til deler av den ståande kubikkmassen. Retten er imidlertid av den oppfatning at dette i stor grad vert kompensert ved at mykje av skogen er i sterk vekst slik at anslaget på ståande skog ligg under det som er reelt ved avvirkingstidspunkt.

Tek ein også med at vegen vil gje ein verdiauke for andre utnyttingsmåtar i Håvikdalen som jakt og beite vil også denne verdien som representerer nytte auka. Det er også knytt store nytteverdiar til at bnr 9 og bnr 20 får betre tilkomst til sine bebygde eigedomar. Bnr 2 vil også få nytteverdiar av betre tilkomst til innmarka si sørvest for den planlagde vegen.

Ideelt sett kunne denne vegen vorte bygd noko lenger fram i tid slik at meir av skogen var hogstmoden. Det er likevel retten sitt syn at saka bør fremjast no ut frå at no er dei tre største partane samde om vegbygging samt at det no er gode tilskotsordningar for veg. Dette veit ein ikkje om vil halda fram.

Retten er komet til slik slutning: • Sak 1200-2006-0015 Haavik vert fremja som sams tiltak, jf jordskiftelova § 2 e.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 11

Retten heva. Årland, 16.02.2009

Ove Aasebø (s) Vidar Bergtun (s) Idar Reistad (s)

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 12

AVSLUTTINGSMØTE

Rettsmøtedag: 15.04.2009 Stad: Strandvik grendahus i Fusa Sak nr.: 1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 .

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2

Rettsleiar: Jordskiftedommar Vidar Bergtun

Meddommarar: Ove Aasebø, 5652 ÅRLAND Idar Reistad, 5652 ÅRLAND

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: Høyre partane i utsendt forslag til kostnadsfordeling og vedtekter

Partar: Eigar av gnr. 91/1, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3, 91/7, 91/11, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Gerd Elise Jonsterhaug, Jonsterhaugen 56, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Bjørg Irene Gjelland Kvamme, Hellebakkgrenda 22, 5215 LYSEKLOSTER Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Aslaug Skogen, Almåsgrenda 15, 5109 HYLKJE Merkn: også arving etter Torgunn Håvik Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Astrid Jonsterhaug, Jonsterhaugen 31, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Snefrid Håvik, Nygårdsvegen 2, 5200 OS Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Freddy Aslaksen, Leideren 4, 4950 RISØR Eigar av gnr. 91/9, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogveien 14 E, 5057 BERGEN Eigar av gnr. 91/20, Arvid Nilsson, Lille Damsgårdsveien 32 B, 5162 LAKSEVÅG

Eigedomane ligg i Fusa kommune.

Til stades: Svein Haavik, Torgeir Håvik, Engel Atle Håvik, Andreas Vågen, Snefrid Håvik og Jan Tveit.

Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje.

På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 13 måten retten var samansett på. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at retten var inhabil.

Partslista vart gjennomgått.

Følgjande dokument vart framlagde: 26 Kopi av søknad om byggjeløyve for veg nr 1, datert 23.02.2009 27 Innkalling til dagen rettsmøte, datert 26.02.2009 Vedlegg 1: Kopi av rettsbok frå rettsmøte den 20.11.2008 og 16.02.2009 Vedlegg 2: Forslag til kostnadsforhandling og vedtekter 28 Kopi av søknad om tilskot til bygging av landbruksveg, datert 24.03.2009 29 Skriv, datert 14.04.2009 frå Lars Ingjald Håvik, innlevert før rettsmøtet tok til.

Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad. Dok nr 29 vart opplese. Partane fekk ordet for å gjera greie for sine syn på forslag til kostnadsfordeling og endelege vedtekter i saka.

Svein Haavik tykte forslaga såg greie ut. Han understreka at det no var viktig at deltaking i vegen vart pliktig.

Torgreir Håvik stilte spørsmål til prosentsatsen han hadde fått ekstra pga bakkane opp langs starten av vegen. Elles tykte han fordelinga såg grei ut. Han synte til at denne vegen no vart ei gåvepakning til eigarane av bnr 9 og bnr 20 slik fordelinga no var føreslegen.

Engel Atle Håvik tykte også forslaget til kostnadsfordeling og vedtekter såg greitt ut.

Andreas Vågen viste til den beiterett han hadde i deler av utmarsområdet. Det var vidare greitt for han å bli pålagt medlemskap i vegen mot ein mindre andel i utgiftene.

Snefrid Håvik tykte også forslaget såg greitt ut.

Jan Tveit ynskte ikkje å bli med i tiltaket no men ynskte å ha ein mogelegheit til å kjøpe seg inn seinare.

Det vart drøfta om det var interesse for makebyte langs vegen. Partane var samde om at dette kunne ein vurdere etter vegen var ferdig.

Jordskiftedommaren orientere om den vidare sakgang. Retten må no avvente svar på søknad om byggjeløyve og tilskot. Etter dette vil retten ta endeleg avgjerd i saka. Partane vil få rettsboka forkynt etter reglane om postforkynning. Det vart orientert om ankereglane.

På spørsmål hadde ingen merknader til forhandlingane.

Retten heva. Fusa, 15.04.2009

Ove Aasebø Vidar Bergtun Idar Reistad (sign.) (sign.) (sign.)

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 14 AVSLUTTINGSMØTE

Rettsmøtedag: 03.07.2009 Stad: Statens Hus i Bergen Sak nr.: 1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91

Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2

Rettsleiar: Jordskiftedommar Vidar Bergtun

Meddommarar: Ove Aasebø, 5652 ÅRLAND Idar Reistad, 5652 ÅRLAND

Protokollførar: Jordskiftedommaren

Saka er kravd av: Svein Haavik

Til handsaming: Avslutte saka

Partar: Eigar av gnr. 91/1, Svein Haavik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/2, Torgeir Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/3, 91/7, 91/11, Engel Atle Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/4, 91/6, Andreas Vågen, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/5, Trygve Håvik, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Gerd Elise Jonsterhaug, Jonsterhaugen 56, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Bjørg Irene Gjelland Kvamme, Hellebakkgrenda 22, 5215 LYSEKLOSTER Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Aslaug Skogen, Almåsgrenda 15, 5109 HYLKJE Merkn: også arving etter Torgunn Håvik Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Astrid Jonsterhaug, Jonsterhaugen 31, 5109 HYLKJE Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Snefrid Håvik, Nygårdsvegen 2, 5200 OS Eigar av gnr. 91/7, 91/11, Freddy Aslaksen, Leideren 4, 4950 RISØR Eigar av gnr. 91/9, 91/15, Lars Ingjald Haavik, Silurveien 44, 0380 OSLO Eigar av gnr. 91/10, Jan Tveit, 5643 STRANDVIK Eigar av gnr. 91/11, Evy Andrea Gjelland, Nordre Skogveien 14 E, 5057 BERGEN Eigar av gnr. 91/20, Arvid Nilsson, Lille Damsgårdsveien 32 B, 5162 LAKSEVÅG

Eigedomane ligg i Fusa kommune.

Til stades: Partane er ikkje innkalla til dette rettsmøtet

Følgjande dokument vart framlagde: 30 Skriv, datert 11.06.2009 frå Fusa kommune med innvilga avkøyrselløyve. 31 Skriv, datert 17.06.2009 frå Fusa kommune med innvilga byggjeløyve for veg. 32 Skriv, datert 25.06.2009 frå Fylkesmannen i Hordaland med tilsegn om tilskot.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 15 Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad.

Etter å ha drøfta saka gjorde retten slikt

vedtak: Denne saka er kravd som sams tiltak i medhald av jordskiftelova § 2. Føremålet er bygging av ein felles veg som kan gje vegutløysing for Håvikdalen. Retten har oppnemnd avd. ing Ottar Haugen ved Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling som sakkunnig i saka. Han har utarbeida forslag til vegløysing, jf vedlegg til dok nr 23. Det er også utarbeida ei oversikt over skogressursane i Håvikdalen og det er innhenta prisar på bygging av planlagde vegtrasear, jf vedlegg til dok nr 23.

Retten fremja saka i rettsmøte den 16.02.2009 og ein viser i denne samanheng til dei vurderingar som er gjorde der.

Etter rettsmøtet den 15.04.2009 der partane fekk uttalt seg om forslag til kostnadsfordeling og vedtekter, har retten fått positive svar på søknad om byggjeløyve og tilskot. Søknad om tilskot vart innvilga med ein tilskotssats på 60 %. Retten har såleis no fått avklara dei føresetnadene som ikkje var på plass på sist rettsmøte med partane.

Retten vil no drøfte den enkelte part si deltaking i prosjektet og andel av kostnadene. I denne drøftinga nyttar retten dei same føresetnadene som i forslag til kostnadsfordeling (vedlegg til dok nr 27).

Bnr 1 var i forslag til kostnadsfordeling oppsett med ein andel på 24 % (144.000,- kr). Ut frå skogressursoversikta har dette bruket ståande 3399 m 3 skog som vert utløyst av vegen. Ut frå dette er det retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 1 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka. Vegen vil i starten også gå over nordre del av innmarka til bnr 1. Etter retten sitt syn vil bruket ha korkje store ulemper eller fordeler med dette.

Bnr 2 var i forslaget til kostnadsfordeling oppsett med ein andel på 27 % (162.000,- kr). Ut frå skogressursane har dette bruket ståande 3816 m 3 skog som vert utløyst av vegen. Bnr 2 vil også få nytte av vegen i form av betre tilkomst til dyrkamark/beite langs starten av vegen. Dette bruket er såleis pålagt 3 % meir enn dei to andre hovudbruka. Det er retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 1 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka.

Bnr 3 var i forslaget til kostnadsfordeling oppsett med ein andel på 24 % (144.000,- kr). Ut frå skogressursane har dette bruket ståande 4754 m 3 skog som vert utløyst av vegen. Den planlagde vegen vil ikkje gje ei fullstendig veguløysing til bnr 3 sin inste teig i Håvikdalen. Det vil imidlertid bli mykje lettare og rimelegare for bnr 3 i lag med dei fleste av dei andre partane å lage ein veg vidare innover i Håvikdalen etter at den planlagde vegen er ferdigstilt. Bnr 3 er ut frå dette pålagt like andelar med dei to andre hovudbruka når det gjeld skogen. Ut frå dette er det retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 1 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka.

Bnr 5, 7 og 10 har forholdsvis mindre teigar i Håvikdalen. Eigar av bnr 10 har gjeve uttrykk for at han ikkje ynskjer å delta på noverande tidspunkt men heller ha mogelegheit til å kjøpa seg inn i vegen på eit seinare tidspunkt. Eigar av bnr 5 og bnr 7 ynskjer å delta i vegen no.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 16 Retten er av den oppfatning at alle desse bruka bør delta i vegen no. Dette ut frå den forholdsvis låge kostnaden som dette vil medføre for eigedomane sett i høve til den framtidige nytte det er av å ha god vegtilkomst til utmarka.

Bnr 9 og 15 var i forslaget til kostnadsfordeling oppsett med ein andel på 13 % (78.000,- kr). Ut frå skogressursane har dette bruket ståande 333 m 3 skog som vert utløyst av vegen. Når det gjeld denne eigedomen er det retten sitt syn at hovudnytta av vegen vil likevel vere tilkomst til den del av eigedomane der bygningane står. Om denne eigedomen vert nytta som heilårsbustad, feriebustad eller som utleigeobjekt vil det alltid vere behov for ein god og trygg tilkomst. Eigar av bnr 9 vil også få auka nytte av at vedlikehaldskostnadene vil minke som følgje av betre trase og fleire brukarar av vegen. Verdien på eigedomen vil også auke som følgje av betre veg fram til eigedomen. Etter retten sitt syn vil verdien av eigedomen auke med meir enn dobbelt så mykje som bruket vert pålagt i utgifter. Bnr 9 vil vidare ha stor nytte av at dagens veg gjennom tunet vert omlagt utanfor tunet. Den planlagde vegen vil gå over det austlege hjørna av bnr 9. Etter retten sitt syn representerer dette ei mykje mindre ulempe enn dagens trase. Om partane i framtida vil krevja ei ny jordskiftesak, er det også mogeleg å gjennomføre eit makebyte slik at den nye vegen vert ny grense i området. Dette vil i så fall redusere dei arronderingsmessige ulempene med den planlagde vegen. Dette temaet var oppe på rettsmøtet den 15.04.09 men partane meinte at dette kunne ein vurdere etter at vegen var bygd.

Bnr 20 vil etter retten sitt syn få nytte av ein betre tilkomst opp til sin fritidsbustad. Det vil vera ei ulempe for dette bruket at vegen kjem til å gå såpass nærme fritidsbustaden. Det er imidlertid retten sitt syn at fritidsbustaden også i dag ligg nær ein veg samt at trafikken på den planlagde vegen ikkje vert større enn at nytten av vegen langt overstig ulempene med at vegen vert liggjande så nær. Eigar av bnr 20 vil også få auka nytte av at vedlikehalds- kostnadene vil minke som følgje av betre trase og fleire brukarar av vegen. Ut frå dette er det retten sitt syn at nytten ved ny tilkomst for bnr 20 vil overstiga dei kostnadene han vert pålagde i denne saka.

slutning: • Sak 1200-2005-0016 Haavik vert gjennomført som skildra i kap. I – VI.

Kap. I Vedtekter for Håvikdalsvegen

§ 1. VEGEN Vegen Håvikdalsvegen, heretter kalla veglaget, omfattar vegstrekninga frå den kommunale vegen til austsida av Åremyr i Håvikdalen. (Veglengd er om lag 1140 meter. Vegen er avlagt som veg nr 1 på jordskiftekartet.)

§ 2. FORMÅL OG ANSVAR Veglagets føremål er å bygge, vedlikehalde og sørgje for tilstrekkeleg vegstandard på vegen, om nødvendig ved opprusting/omlegging/forlenging. Vegen skal på tidsmessig måte tene jord-, skog-, støls-, utmarks-, fritidsbustad- og bustadinteressene innanfor vegens dekningsområde.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 17 Laget er eit eigarlag og har delt, ubegrensa ansvar i samsvar med andelen i laget, jf. § 3 (proratarisk ansvar), jf. jskl. § 34 b.

§ 3. MEDEIGARAR Følgjande eigedomar er medeigarar i vegen med slike andelar:

GNR/BNR EIER PROSENTANDEL 91/1 Svein Haavik 24% 91/2 Torgeir Håvik 27% 91/3 Engel Atle Håvik 24% 91/5 Trygve Håvik 2% 91/7 Sameige 3% 91/9 +15 Lars Ingjald Håvik 13% 91/10 Jan Tveit 2% 91/20 Arvid Nilsson 5% SUM 100%

Medlemsskapet føl eigedomen og kan ikkje skiljast frå denne.

Dersom ein av medlemmene sin eigedom blir delt og den frådelte parsell soknar til vegen, har denne rett og plikt til å bli med i veglaget, mot at den frådelande eigedommen innbetalar ei tilknytingsavgift og den nye parsellen tek del i vedlikehaldet på lik linje med dei andre medlemmene.

§ 4. ANDRE BRUKARAR AV VEGEN Veglaget kan gje andre personar eller organisasjonar rett til å nytta vegen for ein kortare eller lengre periode. Veglaget avgjer vilkåra for slik vegrett og brukarane må rette seg etter veglaget.

§ 5. ARBEIDSÅR OG FORPLIKTELSE Rekneskaps- og arbeidsåret føl kalenderåret. Laget blir forplikta av leiaren saman med kasseraren.

§ 6. ÅRSMØTE 1. Konstitusjon Årsmøtet er laget sitt øvste mynde. Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. mars kvart år. Berre medlemmene har rett til å delta på årsmøtet. Eit medlem kan la seg representere ved fullmektig med skriftlig fullmakt. Årsmøtet blir kalla inn av leiaren, som også er møteleiar. Innkallinga skal skje skriftlig med minst to vekers varsel. Sakslista skal stå i innkallinga. Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Saker som ein vil ha behandla på årsmøtet, må vera styret i hende innan 1. februar.

2. Fleirtalsvedtak

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 18 Det enkelte vedtak på årsmøte blir gjort med vanleg fleirtal (simpelt relativt fleirtal) av dei frammøtte. Ved avstemming og val har kvart medlem stemme i høve til sin andel i vegen. Dersom alle er samde om det, kan avstemming skje ved at kvart medlem har ei stemme.

Årsmøtet er vedtaksført når innkallinga har skjedd på lovlig måte.

Fleirtalsvedtak må ikkje påføre nokon av medlemane større kostnader og ulemper enn nytte. Vedtaket må heller ikkje føre med seg usaklig forskjell på rettane til fleirtalet og mindretalet. Vedtaket må ivareta fellesskapets vel og ikkje gje urimelege fordeler til fleirtalet til skade for mindretalet.

3. Årsmøtet skal: • Velje ordstyrar dersom styreleiaren har forfall. • Velje protokollførar dersom sekretæren i styret har forfall. • Godkjenne innkalling, fullmakter og saksliste. • Behandle styrets årsmelding og den reviderte rekneskapen, arbeidsplan og budsjettforslag. • Behandle innkomne saker. • Velje leiar og styrerepresentantar dersom nokon av desse står på val. Velje revisor. • Vedta årsavgifter eller samla vedlikehaldsforskot. • Andre saker som er nemnde i innkallinga.

4. Vidare kan årsmøtet m.a.: • Delegere anna mynde til styret. • Vedta opptak av nye medlemmer og dei økonomiske og formelle vilkår for dette. • Vedta endringar av vedtektene, jf. § 17. • Vedta større omleggingar/utbetringar av vegen. • Vedta innkjøp av utstyr eller eksterne tenester. • Vedta innbetaling av forskot. • Vedta å forsikre seg mot erstatningsansvar. • Vedta andre saker som vedkjem vegen.

Det skal førast protokoll for årsmøtet.

§ 7. EKSTRAORDINERT ÅRSMØTE Ekstraordinert årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemmene krev det. Frist og framgangsmåte for innkalling er den same som for vanleg årsmøte. Sakslista skal stå i innkallinga. Det kan berre bli gjort vedtak i dei saker som er nemnde i innkallinga.

Det skal førast protokoll for møtet.

§ 8. STYRET 1. Samansetning Laget blir leia av eit styre på tre medlemmer; leiar, kasserar og sekretær. Årsmøtet vel også ein vararepresentant som kan stille ved forfall i styret.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 19 Styret er vedtaksført når minst to medlemmer er til stades. Ved økonomiske avgjerder, skal kasserar vere til stades.

Styremøte skal haldast så ofte leiaren finn det nødvendig eller når minst to av styremedlemmene krev det. Styret vel sjølv mellom sine medlemmer kasserar og sekretær.

Styremedlemmene blir valde for to år om gangen, men likevel slik at eit medlem (etter loddtrekning) står på val etter 1. året.

2. Etter retningslinjer frå årsmøtet skal styret: • Arrangere årsmøte, legge fram årsmelding, revidert rekneskap og framlegg til budsjett og arbeidsplan for inneverande år. • Leie drifta av vegen, kalle inn til dugnad, setje bort arbeid, føre tilsyn med arbeid m.v. i samsvar med vedtektene, vedtak på årsmøtet og godkjent budsjett og arbeidsplan. • Krevje innbetaling av avgifter og vedtekne forskott. • Sørgje for ordna føring av rekneskapen og revisjon. • Sørgje for forsvarleg vedlikehald av vegen. • Avgjere spørsmål frå andre personar, foreiningar o.l. om kortvarig bruk av vegen. • Gjennomføre andre saker som årsmøtet pålegg styret.

3. Protokoll Det skal førast møteprotokoll for styremøta. Protokollen skal være tilgjengeleg for alle medlemmene.

§ 9. GRUNN TIL VEGEN 1. Veggrunn Ved eventuell framtidig forlenging/utviding/omlegging av vegen i utmarka, skal medeigarane vederlagsfritt stille grunn til disposisjon til veg, naudsynte grøfter, snuplassar og velteplassar. Dette gjeld også naudsynte fyllmassar som må takast utanfor sjølve veglina. Ved eventuell framtidig utviding/omlegging av vegen på innmark, skal veglaget drøfte utviding og erstatning med dei aktuelle grunneigarane dette gjeld. Blir veglaget og vedkomande grunneigar ikkje samde om vederlaget, kan dei - dersom dei er samde om det - overlate den endelege erstatningsutmålinga til ein voldgiftsrett.

§ 10. VEGAVGIFT OG TILKNYTINGSAVGIFT 1. Årsavgift / andel av vedlikehaldsforskot Medlemmene betaler inn andel av vedlikehaldsforskot etter den andel som dei har av vedlikehaldet. Avgifta skal gå til dekking av vedlikehald av vegen. Det er årsmøtet som tek stilling til storleiken på det årlege totale vedlikehaldsforskotet.

2. Tilknytingsavgift Tilknytingsavgifta er ei eingongsavgift som gjev frådelt eigedom eller festetomt naudsynt vegrett i vegen og medlemskap i veglaget. Tilknytingsavgifta skal betalast til veglaget.

Det medlem som sel/fester bort tomter skal betale inn avgifta. Storleiken på denne avgifta vert vedteke av årsmøtet / ekstraordinert årsmøte.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 20 § 11. BRUK AV VEGEN Transport må ikkje skje når det kan vera fare for skade på vegbane, stikkrenner eller grøfter. Det er ikkje lov å leggje tømmer eller anna trevirke i vegbanen, i veggrøfter eller møteplassar. Det er kun i unntakstilfelle lov å parkere i vegbane, vegskulder eller veggrøfter. Slik parkering må ikkje hindre køyretøy i å passere.

Skade på vegbane og stikkrenner som skuldast køyring og transport o.a skal utbetrast straks. Dersom utbetring ikkje skjer, vil § 12 bli gjort gjeldande.

§ 12. ANSVAR FOR SKADER Medlemmer og andre som brukar vegen og som ikkje held seg til vedtektene eller rettar seg etter pålegg frå styret, er sjølv ansvarlege for skader dei slik påfører vegen. Dersom skader ikkje blir tilfredsstillande utbetra, kan styret få utført utbetringa for skadevaldar si rekning.

§ 13. OVER – OG UNDERSKOT Underskot må dekkast av medlemmene etter dei andelar som er skildra i § 3. Eventuelt overskott skal gå til drift av laget/vegen.

§ 14. INVESTERINGAR Anleggskostnader, vedlikehaldskostnader og kostnader til andre investeringar, skal utliknast på medlemmene i høve til andelen og skal betalast inn forskottsvis. Vedtak om utlikning må ikkje påføra nokon av medlemmene større kostnader og ulempe enn nytte.

§ 15. TVISTAR Oppstår det tvistar mellom veglaget og medlemmene eller mellom medlemmene om forståinga og gjennomføringa av desse vedtektene, kan ein freiste å få tvisten avgjort med bindande verknad for alle partar av ein voldgiftsrett. Kjem ikkje voldgiftsavtale i stand, må tvisten avgjerast av dei vanlege domstolane.

§ 16. UTMELDING Det er ikkje høve til å melde seg ut av laget.

§ 17. ENDRINGAR For å endre desse bruksordningsreglane vert det kravd 2/3 fleirtal av dei frammøtte rekna etter andelar. Vedtektsendring kan ikkje skje før 3 år etter at denne saka er rettskraftig med mindre det blir vedteke samrøystes.

Unntatt er § 2, § 6.2 siste ledd, § 16 og § 17 som ikkje kan endrast.

Endring av § 3 kan berre skje ved monaleg omlegging eller forlenging av vegen, bygging av nye sidevegar, opptak av nye medlemmer og andre forhold som i vesentlig grad endrar føresetnadane for kostnadsfordelinga. Endringa skal i tilfelle vera i høve til nytteverdien

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 21 etter omlegginga. Dersom det ikkje blir semje om fordelinga, kan spørsmålet bringast inn for jordskifteretten etter jskl. § 4.

Kap. II Iverksetjing Eigar av gbnr 91/1 Svein Haavik får i oppgåve å kalle inn til første årsmøte i veglaget. Det skal kallast inn til årsmøte med ein gang saka er rettskraftig.

I tråd med vedtektene har vegstyret rett til å krevja inn forskott for investertingar. For å sikre tvangsgrunnlag for slike forskott vert det under sett opp ein tabell som syner maksimumsbeløp veglaget kan drive inn til bygging av vegen. Desse beløpa byggjer på ein eigenadel på totalt 800.000,- kr. Ut frå berekningane i fremmingsvedtaket er dette klart innanfor det som er samla nytte av vegen. Vegen kan bli både billegare eller dyrare enn det rimelegaste tilbod som er henta inn. Vert vegen billegare treng veglaget mindre beløp av partane men treng veglaget meir er det retten sitt syn at dette må kunne gjerast inn til ei viss grense. Denne beløpsgrensa skal sikre at saka ikkje påfører partane kostnader som går ut over den nytte dei vil få av vegen.

MAKSIMUMSBELØP FOR ANDEL TIL GNR/BNR EIGAR PROSENT PARTANE I SAKA 91/1 Svein Haavik 24 % 192000 91/2 Torgeir Håvik 27 % 216000 91/3 Engel Atle Håvik 24 % 192000 97/5 Trygve Håvik 2 % 16000 97/7 Sameige 3 % 24000 97/9 +15 Lars Ingjald Håvik 13 % 104000 97/10 Jan Tveit 2 % 16000 97/20 Arvid Nilsson 5 % 40000 SUM 100 % 800000

Kap. III Jordskiftekostnader Jordskiftekostnader og gebyr skal dekkast av partane i samsvar med jordskiftelova § 74.

Rettsmøteutgiftene er godtgjersle til meddommarar i samsvar med rettsgebyrforskrifta. På denne bakgrunnen blir kostnadene slik:

Registreringsgebyr Kr 4.225,- Partsgebyr Kr 5.070,- Utgifter til meddommarar Kr 8.857,- Utgifter til sakkunnig Kr 25.420,- Utgifter til annonsering Kr 3.442,- Vegstikker Kr 748,- Sum Kr 47.762,-

Kostnadene er etter retten sitt skjønn fordelt mellom partane etter den nytten dei har hatt av jordskiftet, jf. jordskiftelova § 76.

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 22

Jordskifteretten har i samband med dette lagt til grunn at nytten med denne jordskiftesaka vil stå i høve til dei andelar parten er pålagde i opparbeiding- og vedlikehaldsutgiftene.

Retten set opp denne fordelinga av kostnadene:

Gnr./bnr. Eigar skal betale har betalt skuldar har til gode kr kr kr kr 91/1 Svein Haavik 11.463,- 14.225,- 2.762,- 91/2 Torgeir Håvik 12.896,- 10.000,- 2.896,- 91/3 Engel Atle Håvik 11.463,- 10.000,- 1.463,- 91/5 Trygve Håvik 955,- 955,- 91/7 Sameige v/ 1.432,- 1.432,- 91/9+15 Lars Ingjald Håvik 6.209,- 6.209,- 91/10 Jan Tveit 956,- 956,- 91/20 Arvid Nilsson 2.388,- 2.388,- SUM 47.762,- 34.225,- 16.299,- 2.762,-

Dei pålagde beløpa forfell til betaling 15 dagar frå forkynningsdatoen. Pengar til gode blir utbetalte samstundes med forkynninga av saka.

Kap. IV Forkynning Forkynning skjer etter reglane for postforkynning.

Kap. V Avslutting av saka Saka blir avslutta i dette møtet. Fristen for anke er éin månad rekna frå forkynningsdatoen. Reglane om anke og kjæremål følgjer forkynninga.

Kap. VI Tinglysing Når saka er rettskraftig, vil den bli tinglyst på fylgjande eigedommar i Fusa kommune:

Gnr 91, bnr 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 9, 10, 11, 15 og 20.

Retten heva. Bergen, 03.07.2009

Ove Aasebø (s) Vidar Bergtun (s) Idar Reistad (s)

Rett utskrift:

1200-2005-0016 HAAVIK, gnr. 91 Nord- og Midhordland jordskifterett 23