Strekningsvise utgreiingar - overordna fylkesvegar

Strekningsvise utgreiingar - samla oversyn strekning 1-6

Region vest Bergen kontorstad Strekningsvise utgreiingar Statens vegvesen

Forord

Regional transportplan for Hordaland 2013-2024 (RTP) legg grunnlag for mål og prioriteringar for fylkesvegnettet i Hordaland. RTP delar fylkesvegnettet inn i overordna og øvrige fylkesvegar.

For det overordna fylkesvegnettet legg RTP følgjande strategi for planperioden:

 I løpet av første 4-års periode skal det gjennomførast strekningsvise utgreiingar for det overordna vegnettet. Utgreiinga skal konkludere med framlegg om aktuell utbetringsstandard og prosjektavgrensing for lengre strekningsvise utbetringstiltak.  Overordna vegnett skal prioriterast med tiltak som aukar framkome og trafikktryggleik. Skredutsette strekningar skal prioriterast særskilt.

Dei strekningsvise utgreiingane gir faglege tilrådingar om prioritering av vegprosjekter på det overordna vegnettet. Medan den politiske prioritering av konkrete vegtiltak skjer i dei fireårige handlingsprogramma til regional transportplan og vedtak av årlege budsjett.

Utgreiingane skal ikkje vere et grunnlag for å fastsette detaljert utforming av kvar enkelt strekning. Utgreiingane skal konsentrerast om vesentlege faktorar for val/ tilråding av utbyggings- og utviklingsstrategi, og gje grunnlag for prioritering av budsjettmidlar i framtida.

Dei strekningsvise utgreiingane er Statens vegvesen si faglege tilråding om framtidige tiltak på det overordna fylkesvegnettet. Vi ønsker å gi ei tilråding om mogelege tiltak på dei einskilde rutene slik at vi får ein god brukbar standard på lang sikt.

Dei strekningsvise utgreiingane kan vere grunnlag for strategiske diskusjonar og avgjerder. Prioritering av konkrete tiltak på vegnettet skal gjerast i samband med utarbeiding og revisjon av Regional Transportplan 2018 – 2029 og dei årlege budsjettvedtaka.

1 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Innleiing

Regional Transportplan (2013-2024) legg føringar for investeringar i vegnettet på lang sikt. Planen delar fylkesvegnettet i to kategoriar:

1. Det overordna vegnettet. 2. Øvrige fylkesvegar.

Inndelinga skal være eit grunnlag for å prioritere midlar til standardutbetring, til vedlikehald og til planlegging. Ei inndeling av vegnettet er basert på følgjande kriterium:

1. Viktige bindeledd i senterstrukturen. 2. Diagonale bindeledd. 3. Strekningar som er viktige av beredskapsomsyn. 4. Strekningar som er viktige av næringsomsyn. 5. Strekningar som er viktige på grunn av høg trafikkbelastning.

Ein strekning er definert som overordna dersom eitt eller fleire av desse kriteria er oppfylte.

Dette dokumentet er ei samla framstilling av dei faglige tilrådingane frå Statens vegvesen til kvar einskild strekning som er definert som overordna. Strekningane er:

1. Ulvik – Trengereid (Fv 572 og 7) 2. Odda – Tysse, med arm til Norheimsund og Osøyro (Fv 551, 48, 107, 49 og 552). 3. Odda - Svortland (Rubbestadneset) (Fv 550, 551, 48, 541 og 542) 4. Sveio - Bergen (Rådal) (Fv 47, 49, 58, 59, 61, 65, 544, 545, 546) 5. Bergensområdet (utanfor Bergen kommune) (Fv 198, 212, 216, 217, 218, 224, 555, 561, 562, 563, 566, 567) 6. Nordhordland (Fv 57, 564, 565, 568, 569, 570)

I tett dialog med Hordaland fylkeskommune har Statens vegvesen utarbeidd dei seks strekningsvise utgreiingane for overordna fylkesveger. Arbeidet har vore organisert i arbeidsgrupper der relevant kompetanse og lokalkunnskap har vore representert. I tillegg til arbeidsgruppene har ein sett saman ei kostnadsgruppe som har vurdert tiltaka ut frå kjente kostnader på dagens nivå (2015). Det er viktig å understreke at dette er estimat,- og ikkje anslag. Sistnemnde kjem først gjennom formelle planprosesser etter at tiltaka eventuelt har fått prioritering administrativt og politisk.

Utgreiingane er å sjå på som vegfaglige tilrådingar. Mål for arbeidet har vore at utgreiingane skal konkludere med ein oversikt over tilråding av strekningsvise utbetringar på eksisterande vegnett med vekt på best måloppnåing for framkome, trafikksikring og skredsikring. I eit langsiktig perspektiv skal tilrådingane innebere utbetring av heile strekninga til brukbar standard. I tilrådingane er mindre tiltak for kollektivtrafikken tatt med, medan større tiltak (som kollektivknutepunkt) er utelate.

Tilrådingane er i dette dokumentet delt i tre kategoriar/ kolonnar (1,2,og 3). Tilråding i kolonne 1 har eit 10 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2016-2026). Her er det satt inn mindre utbetringstiltak på eksisterande veg som vil gje den beste måloppnåinga innafor framkome, trafikktryggleik og skredsikkerheit. Tilråding i kolonne 2 har eit 10-20 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2026-2036). I kolonne 2 er det satt inn mindre utbetringstiltak som vil ha god måloppnåing innafor framkome, trafikktryggleik og skredsikring.

Tilråding i kolonne 3 har eit 20-40 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2036-2056). I kolonne 3 står dei resterande tiltaka som sikrar heile strekninga anbefalt standard.

2 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Tilstand og strategiar for utbetring på overordna fylkesvegnett Strekning 1: Ulvik – Trengereid (Fv 572 og 7)

Kjelde: Statens vegvesen/Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar:

Framkome er vanskeleg på delar av strekninga. Standarden på vegen varierer mykje. Ca 38 km (40 %) mellom Trengereid og Granvin manglar gul midtstripe. Nesten heile strekninga frå Bruravik til Ulvik er utan gul stripe. Dette kjem hovudsakleg av at det er bratt terreng og vanskeleg å utvide vegen. Når Fv.7 vert nytta som omkøyringsveg for E16, dannar det seg raskt lange køar og punkter med full stopp.

Framkoma utfordrast óg av gamle bruer og tunnelar. Fleire slike fungerer som flaskehalsar. Fyksesund bru er til dømes så smal at den er lysregulert. Mange av tunnelane har fri høgde på 4 meter. Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport.

Det er 8 % stigning frå Norheimsund mot Kvamskogen. Her er det i tillegg fleire låge tunnelar med knapp kurvatur. Langs store deler av ruta er det bratt sideterreng og ulendt. Det er stor skredfare frå Kvamskogen mot Norheimsund (Tokagjelet). I Granvin er store delar av strekninga langs Hardangerfjorden utsett for skred.

Tilbod til gåande og syklande er dårleg i enkelte tettstadar langs strekninga. Det same gjeld over Kvamskogen der det er mange mjuke trafikantar, særskilt i skisesongen.

Strategiar og tilrådingar for strekninga

Sett i høve til at trafikktala er låge på delstrekninga UIvik-Vallaviktunnelen rår ein til mindre oppgraderinger på enkeltpunkt.

Delstrekninga Fv.7 frå Granvin til Trengereid er viktig av omsyn til beredskap og vert nytta til omkøyringsveg for E16 når denne er stengd grunna trafikkulukker eller ras. Til tross for dette er tilråding at strekninga når generell samanhengande oppgradering til utbetringsstandard på sikt. Deler av strekninga har svært krevjande terreng som krev omfattande utbygging og nye tunneler for å kunne gje god skredsikring. På kort sikt rår ein til punktutbetring som gjev størst effekt for framkome (møtelommer) og trafikksikkerhet, utviding av utvalde låge tunneler samt enklare skredsikring.

Dei delane av strekninga som ligg i tettbygde strok, herunder hytte-og friluftsområde, treng utbetring av tilbodet for gåande og syklande.

3 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Tilrådde tiltak 1 2 3

Fv 572, Ulvik - Vallaviktunnelen Terrenginngrep, skredsikring, bruutbetring 2-3 30-55 50-70

Omfattande skredsikring, nye tunneler, Fv 7, Kjerlandskrysset - Ålvik 200-230 630-1000 a) 1120-1500 a) terrenginngrep

GS-tiltak, terrenginngrep, vurdering av nye Fv 7, Ålvik - Øystese 100-120 1150-1500 b) 5-10 tunneler

Større terrenginngrep, overbygg, GS-tiltak, Fv 7, Øystese - Frøland bru 530-710 180-340 1800-2000 c) tunnelinngrep.

Utbetring av låge tunneler, vurdere tiltak sterk Fv 7, Frøland bru - Trengereid 80-120 30-45 50-100 stigning-ny veg. Dårlege grunnforhold/setninger

SUM 912-1183 2020-2940 3025-3680

a) Inkl. samlestrekninger fra forprosjekt

b) Inkl. estimat Håfjellstunnelen

c) Inkl. estimat Hardangertunnelen ( tunnel under Kvamskogen)

4 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strekning 2: Odda – Tysse, med arm til Norheimsund og Osøyro (Fv 551, 48, 107, 49 og 552).

Kjelde: Statens vegvesen/ Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar:

Framkome er vanskeleg på delar av strekninga. Standarden på vegen varierer mykje. Ca 78 km (51 %) av strekninga manglar gul midtstripe Framkome utfordrast av gamle bruer og tunnelar. Fleire slike fungerer som flaskehalsar. Eit par av tunnelane har fri høgde på under 4,5 meter.

Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport. Langs store deler av ruta er det bratt sideterreng og ulendt.

Det er registrert skredpunkt på strekninga som er høgt, middels og lågt prioritert i Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar som vart utarbeidd i 2012

Strategiar og tilrådingar for strekninga

Vegane som er definerte i strekning to har stor sprik i trafikktala, frå ÅDT 600-11500 (størst ved Osøyro, Odda og Norheimsund). Delstrekningane i desse rutene er viktige bindeledd mellom regionsenter og by, og mellom regionsenter og kommunesenter. Tilråding er at strekninga når generell samanhengande oppgradering til utbetringsstandard på sikt, med unntak av sentrale områder ved Osoyro der ein tilrår fullgod standard.

Etter opning av Tyssetunnelen er det naturleg på noko kortare sikt å tilrå tiltak på strekninga Mundheimsdalen-Holdhus. Likeeins er det naturleg å tilrå tiltak for framkome og skredsikring ved -Ænes(Krokaparsellen) og punktutbetring med skredsikring og framkome ved Egne hjem sentralt i Odda.

Dei delane av strekninga som ligg i tettbygde strok treng utbetring av tilbodet for gåande og syklande

5 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Tilrådde tiltak 1 2 3

Odda-Kryss Rv.13/Fv.550 – Sanering avkøyrsler, terrenginngrep, skredsikring. 40-105 130-150 210-250 Kryss 550/551

Kryss 550/551 Skredsikring, terreng-og tunnelinngrep 310-520 570-700 960-1100 a) – kryss Årsnes fv.48/551

Austrepollen kryss Fv.551 og Fv.107 - Bru, terreng- og tunnelinngep, skredsikring 30-45 260-310 1000-1100 b) Jondal

Opprusting fergekai, Tunnelportaler, terrenginngrep, Fv 49, Tørvikbygd - X fv 7, g/S-veg og skredsikring. Dårlige 70-95 60-75 0 Norheimsund grunnforhold/setninger

Grunnforhold (gjentagende setninger), terrenginngrep, Fv 48, Gjermundshavn - tunnelportaler,skredsikring, 105-115 350-410 330-380 Mundheim avkøyrslesanering

Fv 48, Mundheim - Terrenginngrep, 65-85 740-850 c) 500-550 c) Eikelandsosen grunnforhold,skredsikring,bruutbetring,TS-tiltak

Fv 48, Eikelandsosen - X fv Grunnforhold,masseutskifting, terrenginngrep, Ts- 8-12 100-125 0 7, Straumen bru tiltak

Fv 552, Eikelandsosen- Terrenginngrep, GS-veg 30-45 320-400 0 Venjaneset

Hatvik-Osøyri – kryss E39 / Terrenginngrep, GS-veg, TS-tiltak 375-400 d) 20-40 0 Fv.552

SUM 1033-1422 2550-3060 3000-3380

a) Inkl.estimat ny tunnel Sundal-Kroka

b) Inkl. estimat omfattende skredsikring / alt.ny tunnel

c) Inkl. estimat fra forprosjekt Mundheimsdalen-Holdhus

d) Inkl. anslag GS langs Hatvikveien 3,9 km

6 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strekning 3 Odda - Svortland (Rubbestadneset) (Fv 550, 551, 48, 541 og 542

Kjelde: Statens vegvesen/Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar:

Framkome er vanskeleg på delar av strekninga. Standarden på vegen varierer mykje. Ca 85 km (63 %) av strekninga manglar gul midtstripe.

Framkome utfordrast av gamle bruer og tunnelar.

Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport.

Langs store deler av ruta er det bratt sideterreng og ulendt. Det er skredfare på strekninga Sundal-Ænes på fv.551.

Strategiar og tilrådingar for strekninga

«Bømlopakken» tek i vare god standard i sitt innhald, men unntak av to mindre prosjekt for vidareføring av fortau og G/S-veg.

På Kvinnheradsida,- sett i høve til trafikktala, relativt tett og langstrakt busetnad og gjennomgangstrafikk med større pendling, rår Statens vegvesen til at utbetring av delstrekningar innanfor strekninga vert utbetra etter utbetringsstandard. Ved val av utbetringsstandard kan utbygging av heile strekninga skje raskare og rimelegare enn ved val av full standard.

På kortare sikt er det naturleg å tilrå fokus på Lundsvingane og Hellandkrysset (avkøyring til Husnes)

Dei delane av strekninga som ligg i tettbygde strok treng utbetring av tilbodet for gåande og syklande.

7 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Tilrådde tiltak 1 2 3

Odda-Kryss Rv.13/Fv.550 – Sanering avkøyrsler, 40-105 130-150 210-250 Kryss 550/551 terrenginngrep, skredsikring. Inngår også i strekning 2 Kryss 550/551 Austrepollen – Skredsikring, terreng-og 310-520 570-700 960-1100 kryss Årsnes fv.48/551 tunnelinngrep

Fv.48 Årsnes – Porsvikskaret Terrenginngrep, GS-tiltak, bru- 20-30 625-730 175-200 kryss fv.544 tiltak,sentrumstiltak

Terrengtiltak, GS-tiltak, Fv.544 Porsvikskaret – Ranavik 0 295-400 0 sentrumsutvikling

Fv.541 og Fv.542 Bømlo Rubbestadneset sentr.- GS-tiltak 40-55 0 0 Arhaugsvik. Svortland sentrum

SUM 60-85 920-1130 175-200

8 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strekning 4 Sveio - Bergen (Rådal) (Fv 47, 49, 58, 59, 61, 65, 544, 545, 546)

Kjelde: Statens vegvesen/ Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar.

Utforming på vegen er varierande og utfordringane langs ruta er ulike. Størstedelen av trafikken på strekninga er knytt til lokal transport. Fv 545 over Stord er omkøyringsveg dersom E39 (på Stord) er stengd.

Framkome er vanskeleg på delar av strekninga. Standarden på vegen varierer mykje. Ca 50 % av strekninga manglar gul midtstripe. Framkome utfordrast og av gamle bruer og tunnelar. Fleire slike fungerer som flaskehalsar. Det er likevel så låge trafikktal at flaskehalsar og manglande breidde på vegen ikkje skapar full stopp i trafikken.

Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport.

Det er ikkje parti med stor stigning på strekninga.

Det er ingen skredpunkt på denne strekninga med i prioriteringslista for fylkesvegar i Hordaland for sikriningsbehov for riks- og fylkesvegar Region vest som vart utarbeidd i 2012.

9 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strategiar og tilrådingar for strekninga

Sett i høve til at trafikktala er relativt låge over store delar av strekninga, samstundes med at strekninga i stor grad stetter ein lokal funksjon rår Statens vegvesen til at utbetring delstrekningar innanfor strekninga vert utbetra etter utbetringsstandard. Ved val av utbetringsstand kan utbygging av heile strekninga skje raskare og rimelegare enn ved val av full standard.

I tettbygde strok bør ytterlegare oppgradering legge til rette for eit tilbod for gåande og syklande med høg standard, medan oppgradering av bilveg er utbetring av trafikktryggleik, snarare enn kapasitetsauke.

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Hovudutfordringar 1 2 3

Fv 47, Rogaland grense (Våga) – Haukås Breidde, hp 1, km 4680 – 5700, setninger 14-22 196-235 (X E39)

Fv 544, Vabakken – Ådland bru Sentrumsfunksjon, gs-tilbod 20-30

Dårleg kurvatur, smal veg og setningar i Fv 545, Meatjønn – Fitjar grense 3-6 4-6 vegen

Dårleg kurvatur, smal veg og setningar i Fv 545, Stord grense – Sandvikvåg 210-255 40-55 vegen

Fv 59 Tveita – Eldøyane Stadvis manglande tilbod til mjuke trafikantar 5-10

Fv 58 Ådlandsvatnet – Haga Stadvis manglande tilbod til mjuke trafikantar 30-40

Ikkje tilfredsstillande tilbod til mjuke Fv 61 X Fv 544 – Haga 10-15 85-110 trafikantar

Fv 65 X Fv 544 – Stord verft Setningar 5-10

Smal veg, dårleg kurvatur, manglande tilbod Fv 49, Jektevik – Våge ferjekai 88-129 140-160 260-320 for mjuke trafikantar og lave tunneler

Sikring av fjellskjeringar, utbetring av G/S- Fv 546 Storebø - Hufthamar 5-6 15-20 100-120 veg

Sikring av fjellskjeringar, utbetring / Fv 546 Krokeide - Kirkevoll 20-26 80-97 130-150 opparbeiding av G/S-veg

Utbetring av kryss, busslommer og Fv 546 Kirkevoll - Rådal fjellskeringar

SUM 140-204 795-983 530-645

10 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strekning 5 Bergensområdet (Fv 198, 212, 216, 217, 218, 224, 555, 561, 562, 563, 566, 567)

Kjelde: Statens vegvesen/ Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar.

Strekninga gjeld Bergensområdet, men ikkje fylkesvegar innan Bergen kommune. Strekninga er 100 km lang. Utforminga på vegen er varierande og utfordringane langs ruta er ulike. Nokre stader er det særs høg trafikk, medan andre delar av strekninga har låge trafikktal. Delar av strekninga er viktig for store dei næringsområda på Ågotnes, Kollsnes, Sture, Hanøytangen og Storebotn, men også for sterkt voksande bustadområde på Sotra og Askøy. Stadvis opplever ein at kapasiteten er fullt utnytta. Størstedelen av trafikken på strekninga er knytt til lokal transport. Framkome er vanskeleg på delar av strekninga

Standarden på vegen varierer mykje. Ca 30 % av strekninga manglar gul midtstripe. Spesielt er det enkelte strekk på Askøy som har store utfordringar knytt til kapasitet og trafikktryggleik. Vegen er smal og utan gul midtstripe, geometrien er knapp og det fins ikkje eit separat tilbod for mjuke trafikantar, samstundes med at trafikktala er relativt høge. Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport.

Det er ingen skredpunkt på denne strekninga med i prioriteringslista for fylkesvegar i Hordaland for sikringsbehov for riks- og fylkesvegar Region vest som vart utarbeidd i 2012.

Tilbodet til gåande og syklande på strekninga er ikkje godt nok sett mot behovet. Stadvis er tilbodet for dårleg, og stadvis manglar det heilt. Sidan det stadvis er låge trafikktal er det likevel ikkje vurdert som naudsynt å ha gjennomgåande G/S-tilbod på heile strekninga.

11 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strategiar og tilrådingar for strekninga

Med dette som bakgrunn er Statens vegvesen si tilråding at utbetring av delstrekningar innanfor strekninga dels skjer etter nyveg-standard, og dels etter utbetringsstandard. Ved vegutbetring skal omsynet til dei mjuke trafikantane særskilt ivaretakast. Dei delane av strekninga som ligg i tettbygde strok treng i all hovudsak utbetring av tilbodet for gåande og syklande, framfor ytterlegare kapasitetsauke for biltrafikk.

Sett i høve til at trafikktala stadvis er høge, samstundes med at strekninga stetter eit viktig regionalt behov rår Statens vegvesen til at dei delane av strekninga som ligg på Sotra vert oppgradert til nyveg- standard. Dei delane av strekninga som ligg på Askøy har i dag langt dårlegare standard. I hovudsak alle delstrekningane på Askøy vil verte oppgradert gjennom Askøypakken. Askøypakken har som hovudmål å oppgradere til tilfredsstillande standard, dvs gul midtstripe og eit tilbod til mjuke trafikantar på hovudfartsårane, i hovudsak etter utbetringsstandard gitt i kapittel D i N100. I dei tettbygde stroka på Askøy bør ytterlegare oppgradering legge til rette for eit tilbod for gåande og syklande med høg standard, medan oppgradering av bilveg er utbetring av trafikktryggleik, snarare enn kapasitetsauke.

På Osterøy er vegen relativt ny, og standarden er tilfredsstillande, med unntak av eit delstrekk. Ved oppgradering rår vi til utbetringsstandard.

12 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Hovudutfordringar 1 2 3

Fv 555 Eide - Skogsvåg Låg standard, manglande midtlinje 50-60

Fv 198 X Fv 555 – Skogsvåg Tilfredsstillande standard

Stadvis låg standard, manglande midtlinje og Fv 555 Skogsvåg – Fjell 15-20 1918-2510 tilbod for mjuke trafikantar

Fv 555 Fjell – Beinastaden Smal G/S-veg 30-50 (Kolltveit)

Fv 561 Beinastaden (Kolltveit) – Relativt god standard, men underdimensjonert 15-25 717-1023 Ågotnes for høge trafikktal

Låg horisontalgeometri, smal breidde bruer, Fv 561 Ågotnes – Sture 10-15 170-240 10-15 manglande vedlikehald

Fv 224 Bleivassvegen Smal veg 100-120

Fv 562 Storavatnet terminal – X Høg trafikk, stadvis dårlig kurvatur, manglande 47-60 550-720 Fv 219 tilbod til mjuke trafikantar

Fv 219 X 562 – Hanøytangen Usikra skjeringar 30-40

Fv 218 X Fv 562 - Horsøy Smal veg

Fv 217 Storebotn – Erdal Stadvis manglande tilbod til mjuke trafikantar 3-5 40-50

Fv 216 Juvikflaten – Kleppestø Busslommer 3-5 180-220

Fv 212 Strusshamnkrysset – Stadvis manglande tilbod til mjuke trafikantar, 5-9 50-60 Lindhaugen usikra skjeringar

Manglande planfri kryssing for mjuke Fv 563 Storeklubben – Kleppestø 21-32 trafikantar

Stadvis smal veg og manglande tilbod for mjuke Fv 563 Kleppestø – Hop 20-25 20-30 500-600 trafikantar

Stadvis smal veg og manglande tilbod til mjuke Fv 566 Kvisti – Hauge 1-3 206-218 trafikantar

Fv 567 Hauge – Lonevåg Iskjøving 2-4 1-2

SUM 122-188 3172-4198 1420-1775

13 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strekning 6 Nordhordland (Fv 57, 564, 565, 568, 569, 570)

Kjelde: Statens vegvesen/ Norsk vegdatabase (NVDB)

Oppsummering av tilstand og hovudutfordringar.

Strekninga er 124 km lang. Utforming på vegen er varierande og utfordringane langs ruta er ulike. Størstedelen av trafikken på strekninga er knytt til lokal transport, men og ein del næringstransport til mellom anna Mongstad.

Framkome er vanskeleg på mange delar av delstrekninga. Standarden på vegen varierer mykje. Ca 60 % av strekninga manglar gul midtstripe. På strekninga i Nordhordland er det spesielt kombinasjonen av dårlig kurvatur og smal veg som er ei utfordring for framkome. På nokre einskilde punkt er det problem knytt til framkome grunna lågt tverrsnitt i tunnel og smale bruer. Grunna relativt låge trafikktal er det sjeldan at dårleg framkomst fører til full stans i trafikken.

Det er ingen spesielle vektbegrensingar på strekninga, men mange stadar er vegdekket og fundamentet svært gamalt og får fort skader/utgliding av veg grunna tungtransport.

Det er ikkje særskilte bratte stigningar på strekninga. Det er nokre usikre skredpunkt på strekninga. Desse ligg i Masfjorden og Modalen og er har låg til middels prioritet i skredssikringsplanen.

Tilbodet til gåande og syklande på strekninga er ikkje godt nok sett mot behovet. Stadvis er tilbodet for dårleg, og stadvis manglar det heilt. Sidan det stadvis er låge trafikktal er det likevel ikkje vurdert som naudsynt å ha gjennomgåande G/S-tilbod på heile strekninga.

14 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Strategiar og tilrådingar for strekninga

Med dette som bakgrunn er Statens vegvesen si tilråding at utbetring av delstrekningar innanfor strekninga i all hovudsak vert utbetra etter utbetringsstandard, grunna dei relativt låge trafikktala på strekninga. Ved val av utbetringsstand kan utbygging av heile strekninga skje raskare og rimelegare enn ved val av full standard. Ved vegutbetring skal omsynet til dei mjuke trafikantane særskilt ivaretakast. Dei delane av strekninga som ligg i tettbygde strok, og spesielt i nærleik til Knarvik og Alversund, treng i all hovudsak utbetring av tilbodet for gåande og syklande, framfor ytterlegare kapasitetsauke for biltrafikk.

For strekninga på Fv 57 mellom Knarvik og Isdalstø rår Statens vegvesen til utbetring til full standard grunna høge trafikktal, dette gjeld også for G/S-trafikken. For dei av strekningane med særleg låge trafikktal og som ligg i vanskeleg terreng for vegutbygging, rår Statens vegvesen til at ein først prioriterer å bygge tilstrekkeleg med møtelommer for å sikre betre framkome

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Veg/strekning Hovudutfordringar 1 2 3

Fv 57 Knarvik (X E39)– Isdal Høg trafikk og særleg dårleg standard. 9-16 910-1120 (XFv565)

Fv 57 Isdal (X F565)– Kolås Stadvis manglande G/S-tilbod, 21-30 89-108 335-395 /Lindås uoversiktlege kryss

Stadvis manglande G/S-tilbod, Fv 57 Kolås/Lindås – Leirvåg Fk 16-20 600-800 uoversiktlege kryss

Fv 565 Fonnes (X Fv57) – Smal veg, manglande G/S-tilbod, krapp 36-50 326-380 20-30 Austrheim krk kurvatur og setningar.

Fv 568 Austrheim (X Fv 565) – Smal veg, manglande G/S-tilbod, krapp 53-80 315-425 Sævrøy Fk kurvatur og setningar.

Fv 565 Isdal- Hilland (X Kv Stadvis smal veg og manglande G/S- 50-75 765-1017 200-250 1069) tilbod. Alversund bru.

Fv 565 Hilland (X Kv 1069) – Fv Smal veg, manglande G/S-tilbod, krapp 41-54 154-198 148-170 565 X Marås kurvatur og setningar.

Fv 565 Marås (X Fv565) – Smal veg, manglande G/S-tilbod, krapp 15-20 62-84 170-200 Manger (X Fv 409) kurvatur og setningar.

Fv 564 Flatøy (X E39) – Ikkje tilfredsstillande kryssingspunkt for 8-10 29-40 Dalstøvegen (X Fv250) mjuke trafikantar

Fv 570 Andås (X E39)– Smal veg, manglande G/S-tilbod og 62-84 470-579 190-230 Masfjordnes Fk krapp kurvatur.

Smal veg, manglande G/S-tilbod og Fv 569 Mo - Romarheim 10-15 245-315 krapp kurvatur.

SUM 268-374 3458-4406 1623-2015

15 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

Oppsummering – samla oversyn kostnader tilrådde tiltak strekning 1-6

Dei samla kostnadene for dei tilrådde tiltaka på dei seks overordna strekningane på fylkesvegnettet i Hordaland er synliggjort følgjande tabell.

Tabell: Oversyn over kostnader – faglige tilrådingar for dei strekningsvise utgreiingane

Tilrådingar (i mill. kr 2015) Strekning 1 2 3 Strekning 1: 900-1200 2000-3000 3000-3700 Ulvik – Trengereid (Fv 572 og 7) Strekning 2: Odda – Tysse, med arm til Norheimsund og Osøyro 1000-1500 2550-3100 3000-3400 (Fv 551, 48, 107, 49 og 552). Strekning 3: Odda - Svortland (Rubbestadneset) 60-90 900-1150 175-200 (Fv 550, 551, 48, 541 og 542) Strekning 4: 150-200 800-1000 550-650 Sveio - Bergen (Rådal) (Fv 47, 49, 58, 59, 61, 65, 544, 545, 546) Strekning 5: Bergensområdet (utanfor Bergen kommune) 100-200 3200-4200 1400-1800 (Fv 198, 212, 216, 217, 218, 224, 555, 561, 562, 563, 566, 567) Strekning 6: 250-350 3450-4400 1650-2000 Nordhordland (Fv 57, 564, 565, 568, 569, 570)

SUM 2460 – 3540 12900-16850 9775 – 11750

Som nemnt i innleiinga vil tilrådingane i kolonne 1 har eit 10 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2016-2026). Her er det satt inn mindre utbetringstiltak på eksisterande veg som vil ha den beste måloppnåinga innafor framkome, trafikktryggleik og skredsikkerheit. Det er i hovudsak berre utbetring av eksisterande veg som skal inn her. Andre tiltak som inneber utbygging av ny veg, tunell eller bru som allereie er prioritert under strekningsvise tiltak i RTP er også tatt inn i denne kolonnen. Også skredsikringstiltak som er prioritert høgast i rassikringsplan for Region vest er tatt inn i kolonne 1, sjølv om dette inneber utbygging av ny veg, tunell eller bru.

Tilråding i kolonne 2 har eit 10-20 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2026-2036). I kolonne 2 er det satt inn mindre utbetringstiltak som vil ha god måloppnåing innafor framkome, trafikktryggleik og skredsikring. Det er i hovudsak tiltak som inneber utbetring av eksisterande veg som står i denne kolonnen. Av tiltak som inneber ny veg, tunell eller bru er skredsikringstiltak som er høgt prioritert i rassikringsplan for Region vest tatt inn. I tillegg er ny veg, tunell eller bruer tatt med der det lite hensiktsmessig å gjere noko med eksisterande veg. Dette kan være gode tiltak som det arbeidast for at skal prioriterast før 2026, men sidan det er tiltak som vil krevje særskilt finansiering utanfor programområda er dei ikkje satt inn i kolonne 1.

Tilråding i kolonne 3 har eit 20-40 årsperspektiv for muleg gjennomføring (2036-2056). I kolonne 3 står dei resterande tiltaka som vil sikre heile strekninga anbefalt standard, enten gjennom utbetring av eksisterande veg eller bygging av ny veg.

16 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Hordaland Statens vegvesen

17 September 2015 Statens vegvesen Region vest Vegavdeling Hordaland Askedalen 4 6863 LEIKANGER Tlf: (+47 915) 02030 [email protected] vegvesen.no Trygt fram sammen