FYLKESMANNEN OG FJORDANE I FYLKESKOMMUNE

FELLES VERNEPLAN OG FYLKESDELPLAN FOR – GJENGEDAL

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal – Gjengedal Høyringsutkast mars 2000 Framsidefoto: Frå øvre del av Naustdalsvassdraget med Vassvendevatnet og Langevatna. (Foto: Steinar Øvrebø)

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 FØREORD

Fylkesmannen og fylkeskommunen sender med dette Felles Verneplan og Fylkesdelplan for Naustdal - Gjengedal ut til høyring.

Landskapsvern og kraftutbygging er så motstridande at det er vanskeleg å kombinere. Men Stortinget har vedteke Samla Plan for vassdrag, som opna for at det kan søkjast konsesjon for kraftutbygging i og Gjengedalsvassdraget. Samstundes slutta Stortinget gjennom Nasjonalparkmeldinga seg til at det skal etablerast eit landskapsvernområde i det same området på grunn av dei store verne- verdiane her.

Utgangspunktet for vernearbeidet er at dette er eitt av dei få områda som er att i Sør-Norge som kan kallast for villmarksområde. Det finst ingen alternative område av tilsvarande storleik vest for Jostedalsbreen. Vi opplever likevel at vernearbeid er kontroversielt og i Sogn og Fjordane har det lenge vore store diskusjonar kring slikt arbeid.

Oppgåva har vore å sameine nasjonale og internasjonale mål med lokale interesser. I eit slikt arbeid blir det ekstra viktig at det blir gjennomført prosessar der alle kan komme til orde. Fylkesmannen og fylkeskommunen vart samde om å gjennomføre dette planarbeidet som ein felles planprosess med ei felles styringsgruppe sett saman av representantar frå fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunane, grunneigarane, Sogn og Fjordane Energiverk og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Med ei slik brei samansetting la vi opp til ei form for forhandlingsplanlegging der vi har vore på leit etter løysingar som både tek vare på verneinteressene og framleis har opning for at det kan søkjast konsesjon på utbygging av deler av dei store vassdraga. Vi har ikkje oppnådd full semje i styringsgruppa. Men vi trur at organiseringa og gjennomføringa av dette planarbeidet er ein framtidsretta måte å løyse konfliktar mellom bruk og vern.

Planarbeidet skulle også stimulere til positive samarbeids- og utviklingstiltak i bygdene i området. I planframlegget er det formulert ein politikk for nærings- og bygdeutvikling i området. Føresetnaden for å lukkast med dette er at alle partar forpliktar seg til å bidra i oppfølgingsarbeidet. Fylkesmannen og fylkeskommunen vil følgje dette opp innafor sine ansvarsområde. Men det er kommunane i samarbeid med dei berørte bygdelaga og aktuelle organisasjonar som har ansvar for gjennomføringa.

Etter at dette høyringsframlegget har vore på høyring skal styringsgruppa oppsummere dei innkomne merknadene og kome med tilråding til fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannen skal på bakgrunn av dette gje si tilråding til Miljøverndepartementet, og fylkeskommunen skal handsame fylkesdelplanen og sende planen til det same departementet. Endeleg vedtak om oppretting av landskapsvernområdet og godkjenning av fylkesdelplanen skjer i Regjeringa.

Leikanger mars 2000

Oddvar Flæte Per Drageset fylkesmann fylkesrådmann

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 1 INNHALDSLISTE.

F¯REORD 1

SAMANDRAG. 5

KAP 1. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET. 7 1.1. Stortinget sine vedtak, planprosess og saksgang. 7 1.2. Lovverk, kort omtale av naturvernlova og plan- og bygningslova. 9 1.3. Kvifor naturvern? 9

KAP 2. FAKTAGRUNNLAG. 10 2.1. Folketal og næringsliv. 10 2.2. Brukarinteresser i området. 12 2.2.1. Landbruk 12 2.2.2. Kraftutbygging 14 2.2.3. Friluftsliv 15 2.2.4. Andre brukarinteresser. 15 2.2.5. Eigedomstilhøve. 16 2.3. Omtale av verneverdiane. 17 2.3.1. Natur og miljø, klassifisering. 17 2.3.2. Geologi. 20 2.3.3. Flora og vegetasjon. 21 2.3.4. Fauna. 22 2.3.5. Kulturminner 25 2.3.6. Spesielle kulturlandskap. 26 2.3.7. Oppsummering av verneverdiane. 26

KAP 3. FELLES MÅL OG STRATEGIAR FOR FORVALTNING AV OMRÅDET. 27 3.1. Overordna rammerfor planarbeidet. 27 3.2. Overordna målsetjingarfor planarbeidet. 27 3.3. Framlegg til mål og strategiar for arealbruken. 27 3.4. Mål og strategiar for bruk av naturressursane i området. 28

KAP 4. PLASSERING AV GRENSA FOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET. 29 4.1. Aktuell verneform. 29 4.2. Metode og hovudprinsipp. 29 4.3. Stølsdalar som vert liggjande utanfor LVO 30 4.4. Stølsdalar som vert liggjande innanfor landskapsvernområdet. 30 4.5. Kommentar til grensedraging i nokre omdiskuterte område. 31

2 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 4.5.1. Gjengedalstølen og Storevatnet. 31 4.5.2. Åstølen og Ommedalstølen. 32 4.5.3. Rombergvatnet og Varliegga. 32 4.5.4. Langedalen og Traudalen i . 32 4.5.5. Jardalen i Gloppen. 34 4.5.6. Nesstølen og Myklandstølen i Gloppen. 34 4.5.7. Vonavatnet og Yste Langevatnet. 35 4.5.8. Botnavatnet i Angedalen. 37 4.5.9. Nedrebødalen i Jølster. 37 4.5.10. Gotdalen i Jølster. 38 4.5.11. Stegsvatnet i Jølster. 39 4.5.12. Helgheimsdalen i Jølster. 40 4.6. Tilrådd vernegrense frå fylkesmannen og fylkeskommunen. 41

KAP 5. UTFORMING AV VERNEREGLAR FOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET.42 5.1. Oppbygging av verneforskrifta. 42 5.2. Forslag til Forskrift for i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde. 42 I - LOVHEIMEL. 42 II - AVGRENSING. 42 III – VERNEFORMÅL. 43 IV – VERNEREGLAR. 43 IV – FORVALTNINGSPLAN. 47 V – GENERELLE UNNTAKSREGLAR. 48 VI – FORVALTNINGSSTYRESMAKT. 48 VII – RÅDGJEVANDE UTVAL. 48 VIII – VERKNADSTIDSPUNKT. 48 5.3. Framtidig forvaltningsordning for landskapsvernområdet. 49 5.4. Forvaltningsplan. 49

KAP 6. RETNINGSLINER FOR AREALBRUKEN UTANFOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET. 50 6.1. Bakgrunn 50 6.2. Avgrensing av området for fylkesdelplanen. 50 6.3. Hovudinnfallsportar til fjellområdet. 50 6.4. Felles retningsliner for kommunale arealplanar i området. 51 6.5. Felles retningsliner for tiltak i landbruket. 51 6.6. Retningsliner for eventuell kraftutbygging utanfor verneområdet. 51

KAP 7. BUSETNAD OG N®RINGSLIV I BYGDENE RUNDT VERNEOMRÅDET. 53 7.1. Bakgrunn og avgrensing i forhold til kommunane sitt ansvar. 53 7.2. Mål og strategiar. 53 7.3. Tiltak. 54 7.4. Oversikt over offentlege verkemiddel til næringsutvikling i desse områda. 55

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 3 VEDLEGG. 57 Protokollmerknader. 57 Merknad 1: Frå grunneigarlaget NVF, sone 4, Instedalen i Naustdal. 57 Merknad 2: Frå grunneigarane i Hyen-området. 63 Merknad 3: Frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. 66 Oversikt over underliggjande dokument. 67 Oversikt over skriftlege kjelder i planarbeidet. 67 Skildring av grensa for landskapsvernområdet. 69 Oversikt over dei gards- og bruksnummer som vert berørt av verneområdet. 72 Kart vedlagt høyringsdokumentet. 74

Prosjektleiarane Christian E. Rekkedal og Trond Sundby har skrive dette høyrings- dokumentet . Dei har også teke dei fleste bileta frå området. Andre fotografar er nemnt under bileta.

Karta er utarbeidde av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune, som og har kopirett til desse karta. Grunnlagskart er frå Statens Kartverk 1998.

4 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 SAMANDRAG. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune legg ut på høyring ein felles plan med sams framlegg til verneplan (landskapsvernområde) og fylkesdelplan for Naustdal – Gjengedal. Framlegget omfattar fjellområdet mellom Gloppefjorden, Hyen, Instedalen i Naustdal, Jølster og Breimsvatnet. Området ligg i dei 4 kommunane Gloppen, Naustdal, Førde og Jølster. Det er Regjeringa som gjer endeleg vedtak om vern etter naturvernlova og godkjenning av fylkesdelplanen.

Planframlegget er resultatet av ei avveging mellom kraftutbygging og vern. Planen fører til at eit område på omlag 390 km2 vert landskapsvernområde etter naturvernlova. Føremålet med vernet er hovudsakleg å ta vare på eit av dei siste store urørte naturområda i landet, og samstundes har dette landskapet stor variasjon frå dalar til høgfjell. Samstundes opnar planen for kraftutbygging frå Vonavatnet og nedover i Naustdalsvassdraget, og frå Storevatnet og nedover i Gjengedalsvassdraget. Dei maksimale reguleringshøgdene på desse to vatna er sterkt redusert samanlikna med prosjekta i Samla Plan, men gir likevel ein årleg energiproduksjon på omlag 200 GWh i kvar av vassdraga. Omfanget av kraftutbygging vert ikkje endeleg avgjort før ved ein konsesjonssøknad. I planframlegget er det også skissert ei vidare oppfølging innan nærings- og bygdeutvikling i området. Dette skal skje gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen, fylkesmannen, kommu- nane og dei berørte bygdelaga, og der kommunane og bygdelaga får ansvaret for gjennomføringa.

Planprosessen har vore organisert gjennom ei felles styringsgruppe med representantar frå fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunane, Sogn og Fjordane Energiverk, grunneigarar og Naturvernforbundet. Det har vore semje i heile styringsgruppa om å sikre dette attraktive fjellområdet, og at eventuell kraftutbygging i minst mogeleg grad skal forringe kvalitetane og ressursane i området. Grensa for landskapsvernområde er hovudsakleg trekt oppover i stølsdalane slik at dei aktive stølane og dei områda der grunneigarane har mest anlegg og aktivitet vert plassert utanfor verneområdet. Desse stølsdalane skal dermed forvaltast etter plan og bygningslova, men med retningsliner som stiller krav om grundig planlegging som sikrar naturkvalitetane i området.

På nokre punkt er det markert usemje i styringsgruppa. Grunneigarane i Instedalen og ordføraren i Naustdal ynskjer å opne for meir kraftutbygging ved regulering av Yste Langevatn som ligg lenger oppe i vassdraget. Grunneigarane i Hyen ynskjer ikkje å opne for kraftutbygging med regulering av Storevatnet i Gjengedalen. Naturvernforbundet ynskjer heller ikkje å opne for regulering av Storevatnet, og er heller ikkje samd i at vernegrensa er trekt tilbake i mange av stølsdalane.

Framlegget vert no sendt ut på høyring til alle grunneigarar, lag og organisasjonar og kommunane, og då får alle høve til å sei kva dei meiner om planframlegget. Etter høyringa skal styringsgruppa oppsummere merknadene og kome med tilråding til fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannen skal på bakgrunn av dette gje si tilråding til Miljøverndepartementet, og fylkeskom- munen skal handsame fylkesdelplanen og sende planen til det same departement. Regjeringa gjer endeleg vedtak om oppretting av landskapsvernområde og godkjenning av fylkesdelplanen.

Innhaldet i dei ulike kapitla: Kap. 1 tek kort for seg bakgrunnen for planarbeidet og planprosessen. Bakgrunnen for planarbeidet er mellom anna Nasjonalparkplanen (St. meld nr 62 (1991-92)) og Samla Plan for vassdrag (St. meld nr 60 (1991-92)). Dette området er både peikt ut som eit av omlag 50 nye større verneområde i landet, samstundes som dei to store vassdraga Gjengedalsvassdraget og Naustdalsvassdraget er plassert i kategori I i Samla Plan, dvs vassdrag som det kan søkjast konsesjon på for kraftutbygging. Føremålet med dette planarbeidet er mellom anna å så langt som mogeleg avklare forholdet mellom vern, kraftutbygging og andre interesser i området. Gjennom ein felles fylkesdelplan og verneplan er det lagt opp til å styrke den regionale og lokale medverkinga i planarbeidet.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 5 I kap 2 er folketal, næringsliv, brukarinteresser og verneverdiane omtala. Folketalet har gått ned i dei fleste bygdene kring det aktuelle verneområdet. Næringsgrunnlaget har for ein stor del vore basert på landbruksdrift. Bruksverdien for landbruk har hovudsakleg vore til beite og stølsdrift, og det er framleis 6 stølar i aktiv drift i dette området. Utbyggingsprosjekta som er skissert i Samla Plan opna for ei omfattande kraftutbygging i både Naustdalsvassdraget og Gjengedalsvassdraget, med utbygging høvesvis på maksimalt omlag 480 og 240 GWh. Verneverdiane er hovudsakleg knytt til at dette er eit stort og samanhengande område utan tyngre tekniske inngrep, såkalla villmarksprega område, som også ligg langt mot vest i landet. I tillegg er der nokre område med høg naturverdi, som til dømes dei store myrområda aust for Vonavatnet og Storevatnet, og området har samla sett stor variasjon frå dei lågareliggjande dalane til høgfjell.

I kap 3. er det utforma felles mål og strategiar for arealbruken i dette fjellområdet, både det som vert liggjande innanfor og utanfor det framtidige verneområdet. Det er ei felles målsetjing å sikre dette fjellområdet som eit attraktivt natur- og kulturlandskap, og at eventuell kraftutbygging i minst mogeleg grad skal forringe kvalitetane og dei biologiske ressursane i området.

I kap 4 grunngjev og tilrår fylkesmannen og fylkeskommunen at det vert oppretta eit verneområde på omlag 390 km2, sjå plankartet. Vernegrensa vert plassert aust for både Vonavatnet og Storevatnet. Konsekvensen av dette er at dei aktuelle kraftutbyggingsprosjekta vert sterkt redusert samanlikna med Samla Plan. Det vil likevel vere mogeleg å søkje konsesjon på kraftutbygging på Gjengedalsvassdraget med ei maksimal senking av Storevatnet med 3,5 – 4 meter, og ei utbygging av Naustdalsvassdraget frå Vonavatnet og nedover. Kvar av desse prosjekta kan gje omlag 200 GWh pr år, men spørsmålet om utbygging vert ikkje avgjort før ved konsesjonshandsaminga.

I kap 5 står framlegg til vernereglar for landskapsvernområdet. Dei er utarbeidde på grunnlag av ein mal for slike verneområde, men med lokale tilpassingar i den grad vi har funne det forsvarleg og naudsynt i forhold til bruk- og verneinteressene.

I kap 6 står retningsliner for arealbruken utanfor landskapsvernområdet. Ved plassering av vernegrensa i stølsdalane har vi trekt grensa oppom dei stølane som er i aktiv drift, og også mange av dei andre stølane vert liggjande utanfor verneområdet. Desse stølsdalane skal dermed forvaltast av kommunen etter plan og bygningslova, og med retningsliner i denne fylkesdelplanen. Avgrensinga for fylkesdelplanen er skissert på plankartet.

Kap 7 omhandlar busetnad og næringsliv i bygdene rundt verneområdet og trekker opp eit program for vidare oppfølging innan næringsutvikling og bygdeutvikling.

6 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 KAP 1. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET.

1.1. Stortinget sine vedtak, planprosess og saksgang.

Stortinget vedtok den 01.04.93 ved handsaming av St. meld nr 60 (1991-92) Om samla plan for vassdrag, at både Naustdalsvassdraget og Gjengedalsvassdraget skal plasserast i kategori I, dvs ei gruppa av vassdrag som det kan søkjast konsesjon på for kraftutbygging. Samstundes slutta Stortinget seg den 19.04.93 ved handsaming av St. meld. nr. 62 (1991-92) ”Ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde i Norge” (Nasjonalparkmeldinga), til at det skal utarbeidast eit framlegg til verneplan (landskapsvernområde) for fjellområdet mellom Naustdal og Gjengedal.

Landskapsvern og kraftutbygging er så motstridande at det er vanskeleg å kombinere, og fylkesmannen har tidlegare bede om ei avklaring på dette tilhøvet. Miljøverndepartementet har i sine svar peikt på at det korkje er gjeve konsesjon for vasskraftutbygging eller oppretta verneområde i Naustdal - Gjengedalsområdet. Dette blir avgjort seinare på grunnlag av mellom anna verneplanen, og vi skal i størst mogeleg grad avklare tilhøve til kraftutbygging og andre samfunnsinteresser i denne planprosessen.

Fylkeskommunen ynskte også å delta aktivt i planprosessen med utgangspunkt i ein fylkesdelplan etter plan- og bygningslova, noko Miljøverndepartementet (MD) såg svært positivt på. Departementet bad om at dei to planprosessane vart samordna mest mogeleg, at det skulle leggast opp til positivt samarbeid, at planane skulle utfylle kvarandre tematisk, og at dei to planane skulle sendast på høyring samstundes og helst presentert i eitt dokument.

Fylkesmannen og fylkeskommunen vart samde om å gjennomføre dette som ein felles planprosess med ei felles styringsgruppe sett saman av representantar frå fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunane Naustdal, Gloppen, Jølster og Førde, grunneigarane, Sogn og Fjordane Energiverk og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Sjå figur 1. Samansettinga i styringsgruppa vart endra etter valet hausten 1999, ved at Nils R. Sandal tok over etter Knut Aarethun som fylkesordførar, Anders Ryssdal tok over etter Nils R. Sandal som ordførar i Gloppen, Jan Herstad tok over etter Kjell Klopstad som ordførar i Naustdal, og Nils E. Yndesdal tok over som fylkesmiljøvernsjef etter å ha hatt permisjon som ordførar i . Fram til då hadde Gunnar Bergo vore tilsett som fylkesmiljøvernsjef.

Styringsgruppa er formelt sett rådgjevande overfor fylkesmannen og fylkeskommunen, men vi har lagt opp til at gruppa skulle vere ein felles arena for avklaring gjennom ei form for forhandlingsplanlegging. Frå styringsgruppa vart konstituert i desember 1998 har vi hatt 10 møte fram til februar 2000. Etter at dette planframlegget har vore på høyring skal styringsgruppa oppsummere dei innkomne merknadene og kome med ei tilråding til fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannen skal deretter kome med si tilråding til Direktoratet for Naturforvaltning (DN) og MD for verneplanen, og fylkeskommunen skal handsame fylkesdelplanen før oversending til MD som førebur sakene for Regjeringa. Endeleg vedtak om vern etter naturvernlova og godkjenning av fylkesdelplanen skjer i Regjeringa. Sjå figur 1.

Vi gjer særleg merksam på at landskapsvernområdet ikkje kan utvidast i høve til den grensa som vert presentert i høyringsframlegget. Sameleis kan ikkje verneforskrifta gjerast strengare enn det som vert presentert i høyringsframlegget. Dersom det likevel skulle vise seg aktuelt med utvida grenser eller strengare vernereglar, må saka takast opp på nytt, og sendast ut på ny høyring.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 7 ENDELEG VEDTAK I REGJERINGA.

HANDSAMING I DN OG MD

FYLKESMANNEN SI POLITISK HANDSAMING TILRÅDING TIL DN AV FYLKESDELPLANEN

STYRINGSGRUPPA SI OPPSUMMERING AV MERKNADER

FELLES PLAN PÅ HØYRING (Lokal og sentral h¿yring samstundes av verneplanen)

PROSJEKTANSVARLEGE: FELLES STYRINGSGRUPPE: - Fylkesrådmann Per Drageset (leiar) - Oddvar Flæte, for verneplanen - Fylkesmann Oddvar Flæte - Per Drageset, for fylkesdelplanen - Fylkesmilj¿vernsj. Nils E. Yndesdal - Landbruksdirektør Per I. Nygård - Fylkesordf¿rar Nils R. Sandal - Ordf¿rar i Gloppen Anders Ryssdal - Ordf¿rar i J¿lster Gerd Dvergsdal PROSJEKTLEIARAR: - Ordf¿rar i Naustdal Jan Herstad - Christian E. Rekkedal (FM) - Ordf¿rar i F¿rde Aud Viken - Trond Sundby (FK) - Grunneigar Rasmus Ommedal - Grunneigar Sigmund Svoen - Grunneigar Ole B. Årdal - Naturvernforbundet, Eli Heiberg - Sogn og Fj. Energiverk, Ola Lingaas

RÅDGJEVANDE PLANFAGLEG ARBEIDSGRUPPE. GRUPPER I KVAR - Sigmund , Gloppen kommune KOMMUNE. - Håkon Fimland, Førde kommune - Henning Malones, Naustdal kommune - Grunneigarar m.fl. - Audun H¿yvik, J¿lste kommune

Figur 1: Oversikt over organisering og saksgang for planarbeidet.

8 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 1.2. Lovverk, kort omtale av naturvernlova og plan- og bygningslova.

Den aktuelle verneform for Naustdal – Gjengedal er landskapsvernområde, dvs den mildaste form for vern etter naturvernlova, jamfør naturvernlova § 5: «For å bevare egenartet eller vakkert natur- eller kulturlandskap kan arealer legges ut som landskapsvernomåde. I landskapsvernområde må det ikke iverksettes tiltak som vesentlig kan endre landskapets art eller karakter. Fylkesmannen avgjør i tvilstilfelle om et tiltak må anses å ville endre landskapets art eller karakter vesentlig.»

Vern etter naturvernlova skal følgje sakshandsamingsreglane i § 18 i naturvernlova, som er utforma slik at sakshandsaminga er lik handsaminga av reguleringsplanar etter plan og bygningslova. Fylkeskommunen, kommunane, grunneigarar og andre som vert omfatta av planarbeidet skal ha høve til å medverke i planlegginga. Ein vedteken verneplan vert juridisk bindande for arealbruken i verneområdet.

Fylkeskommunen sin heimel for planprosessen er fylkesdelplan etter § 19-1 i plan- og bygningslova:

«Fylkeskommunen skal sørge for at det innen fylkets område utføres en løpende fylkesplanlegging. (...) I planen fastlegges også retningslinjer for bruken av arealer og naturressurser i fylket når det gjelder spørsmål som får vesentlige virkninger ut over grensene for en kommune eller som den enkelte kommune ikke kan løse innenfor sitt område og som må ses i sammenheng for flere kommuner i fylket. Når det er hensiktsmessig, kan det utarbeides fylkesplan for bestemte virksomhetsområder eller grupper av tiltak fylkesplanleggingen omfatter og for deler av fylket.»

Ein fylkesplan skal leggast til grunn for fylkeskommunal verksemd og vere retningsgjevande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Fylkesplanen vert vedteken av fylkestinget og deretter lagt fram for Regjeringa til godkjenning.

1.3. Kvifor naturvern?

Målsetjingane for naturvernet er fastsett i Nasjonalparkmeldinga (St. meld nr 62 (1991-92)), og ved Stortinget sin handsaming skal det utarbeidast verneframlegg for omlag 50 nye område i heile landet. Følgjande kriteria var sentrale ved val av nye verneområde. • verne eit representativt utval av norsk natur • vern av større, samanhengande urørte eller delvis urørte naturområde • vern av plante- og dyreliv • sikre verdfull vassdragsnatur • sikre verdfulle marine område • omsynet til friluftsliv • omsynet til kulturminne

Naturvern er ein del av nasjonal og internasjonal innsats for å verne om artar, økosystem og biologisk mangfald. Norge har slutta seg til fleire internasjonale avtalar som plikter oss til vern av ville planter, dyr og naturområde. Dei siste åra har det særleg vore fokusert på reduksjonen av inngrepsfrie naturområde (villmarksprega natur), og at naturvern også er viktig for å opprette referanseområde med natur som er lite påverka av inngrep.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 9 KAP 2. FAKTAGRUNNLAG.

2.1. Folketal og næringsliv.

Folketal. Tabell 3 under syner nokre sentrale data om folketalsutviklinga i bygdene rundt det aktuelle planområdet: • Med unntak av Angedalen har alle bygdene hatt nedgang i folketalet dei siste 20 åra. Utviklinga for Angedalen er nok hovudsakleg påverka av folkeveksten i Førde sentrum i same periode. • Sjølv om folketalet har gått ned, syner %-delen av pensjonistar at det ikkje har skjedd noko ”forgubbing” i desse bygdene. • Tal kvinner pr 100 menn i alderen 20 – 39 år syner ei noko variabel fordeling mellom menn og kvinner.

Tabell 1: Grunnkretsteljingar frå Statistisk Sentralbyrå. (*) Dette talet frå Jølster er frå 1990 og ikkje 1980, og endringa er så stor at det er grunn til å reise spørsmål om dette er rett.

Næringsliv. Næringsgrunnlaget i bygdene rundt det aktuelle verneområdet har for ein stor del vore basert på land- bruksdrift, men i dag er det som regel i kombinasjon med anna arbeid utanom gardsbruka. I alle desse bygdene er det mange som pendlar til arbeidsplassar utanom bygda, men det finst også nokre større arbeidsplassar i nærmiljøet som til dømes Brødrene Aa i Hyen.

Tal i tabell 2 er henta frå søknad om produksjonstillegg i jordbruket syner følgjande utvikling på 1990- talet. • I perioden frå 1991 - 98 har tal bruk i aktiv drift minka med 6 % i desse bygdene • I same periode har gjennomsnittleg bruksstorleik auka med 10 %. Dette er same utviklingstrekka som for landbruket elles i fylket.

10 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Tabell 2: Utvikling for jordbruksdrifta frå1991 - 98.

Fulldyrka Fulldyrka %-vis Tal Tal %-vis %-vis jord i 1991 jord i 1998 endring bruk bruk endring endring (daa) (daa) fulld. 1991 1998 bruk daa/bruk daa/bruk bruks- Jord 1991 1998 storleik S ¿rsida - Ryssdal 3887 4047 4 73 70 -4 53 58 9 Breimsvatnet 1362 1509 11 27 26 -4 50 58 15 Hyenomr ådet 2436 2364 -3 44 43 -2 55 55 0 Bygdene i J¿lster 4134 4369 6 64 58 -9 65 75 17 Instedalen i 1835 1870 2 31 31 0 59 60 2 Naustdal Indre Angedalen 917 912 -1 20 15 -25 46 61 33 i F¿rde Heile området 14571 15071 3 259 243 -6 56 62 10 Kjelde: Søknad om produksjonstillegg i jordbruket.

På Gjengedalstølen i Gloppen er det framleis aktiv stølsdrift med mjølkekyr, og den dyrka jorda ved stølen vert hausta.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 11 2.2. Brukarinteresser i området.

2.2.1. Landbruk Husdyr, beite og stølsdrift. Det er aktiv landbruksdrift i alle bygdene rundt det aktuelle verneområdet, og drifta er som elles i fylket hovudsakleg basert på husdyrhald med kyr, sau og geit. I dag vert beiteressursane i dette utmarksområdet først og fremst nytta av sau og lam, men på grunn av nye reglar med minimum beitetid for alle husdyr, er det truleg også aukande interesse for å sende storfe på utmarksbeite. I dag er det ikkje så vanleg at stølane vert nytta til aktiv stølsdrift, men i dette området er 18 gardsbruk som driv stølsdrift i meir enn 4 veker på eigen støl eller på fellesstøl. Dei fleste av desse ligg i Gloppen der det er 6 stølar i aktiv drift med kyr eller geit: Ommedalstølen, Aastølen, Dalestølen, Gjengedalstølen, Nes-Kandalstølen og Myklandstølen. Dei andre stølane vert delvis nytta i samband med tilsyn av dyr på beite, jakt og fiske, og til fritidsbruk. For gardbrukarar med husdyr vert turane på stølen ofte ein kombinasjon av fritidsbruk og tilsyn av beitedyra.

Tabell 3 syner jordbruksproduksjonen i bygdene rundt det aktuelle verneområdet. Full- Tal bruk Mj ¿lke- Tal Mj ¿lke- Tal bruk Kyr på Undyr Ð Sau og yrka ed kyr ruk eit ed tmarks- storfe) på lam på ord ulldyrka ed j¿lke- eite tmarks- tmarks- daa) ord j¿lke- eit eite eite yr Indre ngedalen 912 15 52 6 0 0 27 39 1035 Bygdene i Gloppen 7920 139 611 62 933 13 453 496 6148 Bygdene i e J¿lster 4369 58 331 33 299 3 193 283 4384 Instedalen i Naustdal 1870 31 169 18 0 0 101 153 3118 Sum : 15071 243 1163 119 1232 16 774 971 14685

Henta frå søknad om produksjonstillegg pr 01.08.98. Tal i kursiv er justert etter opplysningar frå organiserte beitelag.

Her kan vere feilkjelder både ved at ikkje alle desse bruka sender dyra på beite i dette området, og ved at andre bruk utanfor området leiger beitemark. Vi trur likevel dette gir ei god oversikt på bruken av området til tradisjonelt jordbruk. Dersom ein reknar med ein beiteverdi på 1 kr/foreining, tek desse dyra opp ein samla beiteverdi på omlag 4,8 mill kr pr år, og av dette ca 4 mill kr til sau og lam. Dersom ein reknar same beiteverdi som for kraftfor (3 kr/fe), vert den samla verdien på bortimot 15 mill kr/år, av dette 12 mill kr til sau og lam.

I enkelte av bygdene er det trong for å frakte saltstein til beitedyra inn i fjellet. I den grad dette ikkje kan skje med traktor på stølsvegar, vil det vere trong for å bruke snøscooter eller helikopter.

Skogbruk. Skoggrensa ligg jamt over ved omlag 600 meters høgde, men strekker seg i nokre av dalføra noko høgre. I mange av stølsdalane skjer det no ei gradvis attgroing ved at lauvskogen tek over tidlegare opne beiteområde, og skogrensa er såleis på veg oppover. Plankartet syner skogressursane i området, henta frå dei kommunale tiltaksplanane for skogbruk. Det aller meste av det aktuelle landskapsvernområde ligg overfor grensa for det som vert rekna som økonomisk drivverdig skog, men med nokre unntak:

12 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Ved garden Vona i Naustdal er det eit område som er økonomisk drivverdig i år med gode is og snøforhold. Det vart teke ut 300 m3 tømmer vinteren 1995/96 og i 1997 vart ca 14 daa tilplanta på nytt. Ved Botnavatnet i Angedalen i Førde er det planta ein del gran ved vestenden av vatnet. I Traudalen i Gloppen står det ein del bjørkeskog og det er tidlegare søkt om løyve til å byggje ein skogsveg inn langs vestsida av vatnet. Saka vart utsett mellom anna i påvente av dette planarbeidet.

Utanom desse områda har skogen også delvis vore nytta, mest til brensel for stølar og hytter i området, men også ved plukkhogst i naturleg furuskog. Frå gamalt av har det til dømes vore frakta furutømmer frå Gjengedalen til andre bygder i området, også heilt til Naustdal og Jølster.

Vegbygging. Det ligg ikkje føre planar om offentlege vegar som går inn i det aktuelle verneområdet, men i fleire av bygdene er det planar om landbruksvegar til skogbruk og/eller jordbuk. Av desse kan nemnast følgjande skogsvegar: til Rombergvatnet, i Traudalen, mot Osen i Langedalen, og inn mot Fitjestølen. I kommunedelplanen for Vonaområdet i Naustdal, som er på høyring i januar 2000, er det skissert ein framtidig landbruksveg inn til Nesstølen for å lette tilkomsten for og tilsyn med beitedyr. I Årdal i Jølster er det planlagt ein veg frå Legestølen og innover mot Stegsvatnet for å kunne utnytte området betre til jordbruksdrift.

Nokre av desse vegane vert nærmare omtalt i denne planen. For den delen som vert liggjande inne i landskapsvernområde vil det berre heilt unntaksvis verte gjeve løyve til vegbygging, medan vegar som ligg utanfor verneområdet vert handsama etter eigne forskrifter for landbruksvegar. Felles ret- ningsliner for tiltak i landbruket (kap. 6.5) skal leggast til grunn ved handsaminga.

Frå nordenden av Traudalsvatnet i Gloppen. Det ligg føre ein gamal plan om å byggje skogsveg i lia innover mot Berdalselva, dvs til den første sidedalen til høgre på biletet.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 13 Nesstølen ligg ved granene midt på biletet, omlag 2 km aust for Vonavatnet. Det er kome ynskje om å byggje jordbruksveg inn til denne stølen. I bakgrunnen strekker myrområdet seg vidare oppover langs vassdraget.

2.2.2. Kraftutbygging

Under handsaming av Samla Plan i Stortinget vart både Gjengedalsvassdraget og Naustdalsvassdraget plassert i kategori I i Samla Plan, dvs det er opna for at det kan søkjast konsesjon på kraftutbygging. Begge vassdraga vart ut frå ei isolert vurdering plassert i konsekvensklasse 8 (skala frå 1 – 8) ved eventuell kraftutbygging, dvs maksimalt konfliktfylt i forhold til miljøverdiar og andre brukerinteresser. Utbygginga i Gjengedalsvassdraget vart vurdert til økonomiklasse 1 i ein skala frå 1-6 der 1 er best. Utbygginga av Nausta vart vurdert til økonomiklasse 2.

I Gjengedalsvassdraget vart det søkt konsesjon på kraftutbygging i 1988 med senking av Storevatnet med 28 m og Dalevatnet med 27 m, og med årleg energiproduksjon på omlag 240 GWh. Vi viser til temakart 3.

Det maksimale utbyggingsprosjektet for Naustdalsvassdraget i Samla Plan er svært omfattande, med overføring av vatn frå Blådalsvatnet i øvre del av Gjengedalsvassdraget, frå Sørsendalsvatnet som naturleg drenerer mot , og frå Stegsvatnet som naturleg drenerer mot Jølster. Dette vil gje omlag 480 GWh, men det inkluderer altså deler av Gjengedalsvassdraget. Vi viser til temakart 4 som også syner reguleringshøgdene på dei ulike vatna.

I løpet av denne planprosessen har SFE lagt fram fleire andre alternativ med mindre utbyggingar og reguleringsmagasin i dei to vassdraga. I Nausta har dei mellom anna foreslått å ta vekk overføringane frå Gjengedalen og Jølster, og redusere senkinga av Yste Langevatn frå 50 til mellom 20 – 30 meter. Dei har også lagt fram eit alternativ utan senking av Yste Langevatnet som dei meiner vil gje akseptabel økonomi. Desse reduserte utbyggingane vil gje omlag 200 GWh/år i Nausta. I Gjengedalen har dei lagt fram ulike alternativ med reduserte reguleringar frå omlag 28 meter til omlag 14 meter, 7 meter og heilt ned til 3,6 meter. Dette vil gje omlag 200 GWh/år også i Gjengedalsvassdraget.

Andre utbyggingsprosjekt i Samla Plan. Utbygging av elva frå Nesstøylen til Kandal er også plassert i kategori I i Samla Plan, men det gjeld eit prosjekt utan reguleringsmagasin, og ligg utanfor framlegget til verneområde.

14 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Stegsvatnet er ein del av den maksimale utbygginga av Nausta i kategori I i Samla Plan. Men som alternativ er ei separat utbygging frå Stegsvatnet og ned mot Jølster plassert i kategori II, dvs prosjekt som ein ikkje kan søkje konsesjon på enno. I prosjektet var det rekna med at Vassvendevatnet skal overførast til Kupevatnet ved hjelp av ein kanal, og derifrå vidare ned i magasin i Stegsvatnet som var planlagd med 1 m oppdemming og 10 m senking.

2.2.3. Friluftsliv

Fylkesdelplan for friluftsliv I Fylkesdelplanen (1995) Del II er Naustdal/Gjengedalsområdet utpeikt som eit nasjonalt og regionalt område for utøving av friluftsliv, dvs eit område som er viktige for store brukargrupper og der det ikkje er ønskjeleg med aktivitetar som reduserer høve til å utøve tradisjonelt friluftsliv. Planen viser ikkje absolutt avgrensing, så det er kommunane som må fastsette dei detaljerte grensene gjennom sine planar. Kraftutbygging, hyttebygging og intensive reiselivstiltak vil vere konfliktfylt i store delar av området i høve til friluftsliv. Friluftsliv er lite i konflikt med tradisjonell næringsdrift i landbruket.

Turområda. Heile planområdet er mykje brukt til friluftsliv, ved turgåing sommar og vinter, fiske, jakt, bær- plukking, og til dels bading. Det aller meste er dagsturar, men dei mange stølane og Turlaget si hytte ved Inste Langevatn gir også gode høve til overnattingsturar. Det er mange måtar å kome seg inn i dette fjellområdet på, men 8 innfallsportar peikar seg særskild ut: 1. Nes - Vonavatn i Naustdal 2. Gjengedal - Storevatn i Gloppen 3. Langedalen i Gloppen 4. Rygg - Traudalen i Gloppen 5. Fitjedalen i Gloppen 6. Eimhjellen - Rombergvatn i Gloppen 7. Årdal - Legestøylen i Jølster 8. Ålhus - Gotdalen i Jølster

Familieturane (korte fjellturar) er i stor grad avhengig av veg fram til bruksområdet, og dei mest aktuelle er derfor: 1. Terrenget kring Vonavatnet og Stølsvatnet i Naustdal. 2. Området kring Dalevatnet og Storevatnet i Gjengedalen. 3. Langedalen med Fitjestølen. 4. Legestølen til Stegsvatnet og Kupevatnet. 5. Angedalen i Førde 6. Helgheimsdalen i Jølster Desse innfallsportane og dei mest brukte turrutene sommar og vinter er vist på temakart 5.

2.2.4. Andre brukarinteresser.

Forsvaret. Heimevernsavdelinga HV10 held til på Skei i Jølster og i kommuneplanen er det sett av eit skyte- og øvingsområde i Helgheimsdalen. Fjordane Regiment har militært lager i Nedrebødalen i Jølster, og leiger også eit mindre område for skarpskyting og øving i det same området.

Alpinanlegg. I ei fråsegn frå 4 grunneigarar på Rygg i Gloppen er det nemnt at Traudalen har unike naturgjevne forhold for skitrekk, men så vidt vi kjenner til ligg det ikkje føre konkrete utbyggingsplanar.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 15 Bergverk og massetak. Alprina A/S har meld frå at dei har muta eit større område på gnr/bnr 72/7og 8 i Ålhus i Jølster, og gjennomført grunnboring for å undersøkje om der finst drivverdige førekomstar. Det muta området syner på figur 2.

Figur 2: Alprina sitt muta område i Jølster.

2.2.5. Eigedomstilhøve. Heile området som vert omfatta av framlegg til landskapsvernområde og fylkesdelplan for Naustdal – Gjengedal er i all hovudsak i privat eige. Medrekna fritidseigedomar er det nærmare 500 grun- neigarar i planområdet, men ikkje alle desse kjem inn i verneområdet.

16 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 2.3. Omtale av verneverdiane.

Vi gir her ein kort omtale av området, særleg det som er knytt til verneverdiane bak framlegget om oppretting av landskapsvernområde.

2.3.1. Natur og miljø, klassifisering.

Naustdal - Gjengedal er eit urørt og samanhengande høgfjellsområde som ligg mellom og . Det aktuelle verneområdet slik det var innteikna på kart ved oppstart av planarbeidet har ei utstrekning på omlag 420 km2. Sjå temakart 1. Dalføra er forma av isen og har for det meste U-forma tverrprofil, og lengdeprofil med tersklar og trau. Hengande sidedalar er vanlege i området.

Frå kjerneområdet aust for Inste Langevatnet drenerer dei største elvane i ulike retningar. Naustdalsvassdraget startar ved Vassvendevatnet aust for Inste Langevatnet og renn vestover mot Vonavatnet og deretter sørvestover ned gjennom Naustedalen til utløpet ved Førdefjorden i Sunnfjord. Landskapet er for det meste opne dalar, og aust for Vonavatnet ligg eit stort og særmerkt elvedelta og myrområde. Gjengedalsvassdraget startar i området ved Blådalen som ligg rett aust for Inste Langevatnet, og renn nordover gjennom Måsevassdalen, til Storevatnet ved Gjengedalstølen, og vidare ned gjennom Gjengedal og Ommedal til Hyen i Nordfjord. Ved Storevatnet er dalføret breitt og omkransa av avrunda . Frå det same sentrale fjellområde drenerer også ein del mindre vassdrag ned mot Angedalen i Førde, Jølstra, Breimsvatnet og Gloppefjorden.

Måsevassdalen ved austenden av Storevatnet i Gjengedalen. (Foto: SFE v/Moen og Feste)

Fjella er for det meste avrunda, men med einskilde egger. Dei høgste fjella ligg i austre del mot Breimsvatnet. Fleire av fjella er forholdsvis flate på toppen og ligg i omlag same høgdenivå, noko som kan forklarast med at dei er restar av ei gamal høgslette (Peneplanet) som fanst før isen og elvane utforma landskapet slik vi ser det i dag. Det høgste fjellet er Botnafjellet på 1572 moh, og elles er Skjorta på 1472 moh godt synleg frå Breim. Blåfjellet på 1390 moh som ligg mellom Langevatna og Måsedalen er det høgste fjellet i Naustdal kommune. Under dei høgste fjella, særleg i aust, er det fleire mindre (botn)brear.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 17 Samla sett representerer Naustdal/Gjengedal eit naturområde med stor variasjon frå fjordar og dalar til høgfjell og brear. Dei mange dalane med elvar og fleire mindre vatn er karakteristisk for området. Her finn ein også verdfulle kulturlandskap med kulturminne og eit stort villmarksområde.

Naturfagleg klassifisering av området. Vi presenterer her ulike måtar å klassifisere og verdsette naturverdiane på, og kva klasse og vurdering Naustdal - Gjengedal har fått i ulike rapportar og meldingar.

Nordisk Ministerråd la i 1977 fram eit forslag til inndeling av Norden i 75 naturgeografiske hovudregionar og fleire underregionar. Inndelinga er i hovudsak basert på plantegeografi, klima, geologi og landskap. Norge er representert med 29 av dei naturgeografiske hovudregionane og 73 underregionar. Gjennom verneplanarbeid som pågår i heile Norden , freistar ein å sikre eit representativt utval av alle registrerte naturtypar.

Naustdal - Gjengedal ligg i hovudregion 37: Vestlandets lauv og furuskogsregion, og med underregionar 37d: Ytre og midtre fjordstrøk i Sogn og Fjordane, og 37f: Fjordstrøka i Nordfjord og Sunnmøre. Det er samstundes rekna med i hovudregion 35: Fjellregionen i søndre del av fjellkjeden, og med underregion 35d: Jotunheimen.

Vegetasjonsgeografiske regionar I Nasjonalatlas for Norge bind 4 Vegetasjon vert landet delt inn i 26 vegetasjonsgeografiske regionar. Vegetasjonsgeografiske regionar kjem fram ved å kombinere variasjonen frå sør til nord og lågland til høgfjell (soneinndeling) med variasjonen frå kyst til innland (seksjonsinndeling). Av fylka har Sogn og Fjordane størst variasjon i landet med omsyn til vegetasjonsgeografiske regionar, med 22 av regionane. 4 av desse regionane er representerte i Naustdal - Gjengedalsområdet: • sørboreal vegetasjonssone klart oseanisk seksjon (Sb-O2) • mellomboreal vegetasjonssone klart oseanisk seksjon (Mb-O2) • nordboreal vegetasjonssone klart oseanisk seksjon (Nb-O2) • alpin vegetasjonssone klart oseanisk seksjon (A-O2)

Landskapsvurdering. Norsk Institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har gjennomført ei vurdering av landskapet i Norge ut frå ei samla vurdering av naturgjevne faktorar og kulturpåverknad. Naustdal - Gjengedal høyrer til landskapsregion 15: Lågfjellet i Sør Norge, og vart vurdert i 1998. Landskapet er visuelt vurdert ut frå følgjande komponentar; forma på landskapet, vassdrag, vegetasjon i landskapet, og eventuelle stølar, hytter og andre tekniske anlegg Heile Naustdal - Gjengedal sett under eitt vart vurdert til klasse “A2: Eineståande i regionen og med høg inntrykksstyrke og formrikdom”. Rapporten konkluderer med at landskapet, og særleg vassdragsnaturen, er blant dei beste ein finn i landskapsregionen. To område vart klassifisert som “A1: Det ypparste og mest eineståande i regionen”, Traudalen i Gloppen og området frå Vonavatnet og innover mot Langevatna i Naustdal.

Villmarksområde (inngrepsfri natur) Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd ein rapport og kart som syner naturområde utan tyngre tekniske inngrep. (DN-rapport 1995-6) Store samanhengande økosystem der dei naturlege prosessane er intakte er med på å sikre både biologisk mangfald, dyreliv og naturoppleving. Hovudutviklinga som gjeld heile landet er ein drastisk reduksjon av dei villmarksprega og inngrepsfrie områda, frå nesten 50 % i år 1900 til omlag 12 % i 1994.

18 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 I Sogn og fjordane har vi 6 større villmarksprega område, og eit av desse er fjellområda i Naustdal - Gjengedal. Det er ingen andre villmarksområde med så stor oseanisk påverknad, (jamfør vegetasjonsgeografiske regionar over) dvs som ligg så langt vest i landet, med unntak av Stølsheimen og eit område ved Folgefonna. Desse 6 områda utgjer berre omlag 5 % av totalarealet i fylket, medan alle inngrepsfrie område (meir enn 1 km frå tyngre tekniske inngrep) utgjer omlag 50 % av fylket. Sjå temakart 2. På det same kartet er eksisterande og planlagde verneområde teikna inn. Over 90 % av arealet i dei større verneområda ligg over skoggrensa.

Nasjonalparkmeldinga (St.meld nr 62 (1991-92). I Nasjonalparkmeldinga er det synt til at Naustdal - Gjengedal er eit stort og praktisk tala urørt villmarksområde som er godt eigna som typeområde for dei ytre deler av fjellregionen, og det finst ingen alternative område av tilsvarande storleik og liten påverknad vest for Jostedalsbreen. Det finst fleire verneverdige førekomstar og enkeltområder innan for dette området.

Samla Plan for vassdrag. I Samla Plan for vassdrag vart både Naustdalsvassdraget og Gjengedalsvassdraget ut frå ei isolert vurdering plassert i konsekvensklasse 8 (skala frå 1 – 8) ved eventuell kraftutbygging, dvs maksimalt konfliktfylt i forhold til miljøverdiar og andre brukerinteresser. Utbygginga i Gjengedalsvassdraget vart vurdert til økonomiklasse 1 i ein skala frå 1-6 der 1 er best. Utbygginga av Nausta vart vurdert til økonomiklasse 2. Under handsaming i Stortinget vart begge vassdraga plassert i kategori I, dvs det er opna for konsesjonssøknad for kraftutbygging. I fagrapport om landskap til Samla Plan (MD mars 1986) vart områda kring Vonavatnet i Naustdal og Storevatnet i Gjengedalen vurdert til å vere særprega fordi slike opne terrengformer kring vatna ikkje er så vanlege i desse fjellområda.

Verneplan IV for vassdrag. I Verneplan IV (NOU 1991:12B) er det gjort ei samla vurdering av heile Naustdalsvassdraget. Både for naturfaglege verdiar, kulturminner, friluftsinteresser og landbruksinteresser, vart vassdraget jamt over rekna for å ha mykje stor verdi.

Ryggelva som renn ut i Gloppefjorden vart verna mot kraftutbygging i Verneplan IV. Vassdraget har to hovudgreiner; ei arm frå Traudalen og ei frå Langedalsvatnet. I presentasjonen i NOU 1991:12B står det mellom anna følgjande om vassdraget: Vegetasjonen i vassdraget er karakteristisk for midtre strøk av Nordfjord, furuskog dominerer i nedre deler og med bjørkeskog opp mot skoggrensa på omlag 550 moh. Vassdraget er i liten grad påverka av større tekniske inngrep, men likevel ein viss påverknad frå jordbruk, skogsvegar, granfelt, hytter og stølshus.

Typevassdrag/representative vassdrag. Som grunnlag for Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt arbeid med vassdragsplanlegging og forvaltning fekk dei i 1991 Norsk Institutt for Naturforskning til å utarbeide ei faglege granskingar av korleis ein kan gruppere vassdrag i ”typar”. Metodikken er basert på numerisk behandling av floradata, og inndeling av vassdraga i typar etter floristisk samansetning. Konklusjonen var at vassdragstypane i Gjengedalsvassdraget og Nausta alt er representert i andre verna område, til dømes Stordal i Møre og Romsdal og Flekke/Guddal- vassdraget i Sogn og Fjordane.

Lakseforvaltning. NOU 1999:9 ”Til laks åt alle kan ingen gjera.” Vill-laksutvalet vart oppnemnd i juli 1997 og fekk i oppdrag å gå gjennom den totale situasjonen for villaksen og legge fram forslag til strategiar og tiltak i den vidare forvaltninga. Bakgrunnen for arbeidet er den sterke nedgangen i dei ville laksestammane dei siste åra. Utvalet foreslår mellom anna å definere såkalla ”nasjonale laksevassdrag og laksefjordar” som får sterkare vern mot inngrep og tiltak som kan skade laksen. Fleirtalet foreslår 50 slike vassdrag, mellom dei er både Nausta og

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 19 Gjengedalsvassdraget. Dette må skje gjennom lovendring, og Regjeringa har sagt at dette forslaget skal utgreiast grundigare før det vert lagt fram for Stortinget.

EDNA, (EDB-registrering av naturverdiar). Dette er eit landsomfattande vertøy for registrering av verneverdige og spesielt interessante naturom- råde. EDNA-områda er teikna inn på plankartet med nummer for kvar einskild lokalitet, og tabell 1 gir kortfatta opplysningar om desse områda.

Lokalitet nummer. EDNA- område Verneverdi 31-07 Hekkeplass for våtmarksfugl, Årdalsdalen. Lokal 31-14 Artsrik fjellflora ved Stegsvatnet. Usikker 31-16 Artsrik og interessant flora i Ålhus. Usikker 31-24 Randavsetning frå isbre i Årdalsdalen. Nasjonal – internasjonal 31-26 Radialmorener frå istida i Helgheimsdalen Regional 32-53 Heilskapleg stølsmiljø ved Vassbrekka Usikker 33-04 Hekkeplass for våtmarksfugl, Svodvatn Lokal 33-05 Rasteplass for våtmarksfugl, Stølsvatn Lokal 33-06 Deltaområde, myr, våtmarksfugl, Tangane Regional * 33-15 Kvartærgeologisk verdfullt, Trodalen Nasjonal – internasjonal 33-16 Blokkrygg aust for Nesstølen Usikker 33-20 Myrområde ved Gardehaugen Lokal 33-22 Vonavatnet med myrområda kring + deltaet Lokal – regional * 33-42 Vona Fjellgard, kulturlandskap Usikker 45-06 Hekkeplass for våtmarksfugl ved Åstølen Lokal 45-07 Myrområde, hekkeplass, aust for Storevatnet Regional 45-32 Område v/Breimsvatn som er geologisk interessant Usikker 45-36 Breelvdelta, jettegryter, eskere, erosjonsryggar, Måsedalen Usikker 45-37 Biologisk rikt område aust for Dalevatnet Usikker 45-38 Biologisk rikt område ved Gjengedalstøylen Usikker 45-54 Sidemorene ved Langolen Lokal 45-56 Elvegjel i Gjengedalen Regional 45-57 Forvitringsområde ved Vasslivatnet Regional Tabell 4: Oversikt over EDNA-område i og rett ved det aktuelle verneområdet. * Verdien av desse er justert ut frå noverande kunnskap.

2.3.2. Geologi.

Berggrunn. Berggrunnen utgjer hovudsakleg grunnfjell med granittiske gneissar som er jamt over harde og sterke mot vitring, noko som gjev lite og næringssvake lausavsetningar. Av andre bergartar i området nemner vi: mørke glimmergneissar, amfibolitt, granittar, monzonittar, biotittgneissar, kvartsskifer, glimmerskifer, kalkstein, og serpentinitt.

Lausmassar. Generelt er det lite lausmassar i området, men dei er likevel med på å prega landskapet. Over 7-800 m høgde over havet dominerer heilt berggrunnen utan lausmassedekning, men med noko blokkmateriale og litt grus inn i mellom. På mange måtar har landskapet her eit typisk høgfjellspreg. Under 700 m kjem dekke med botnmorene som tynne og usamanhengande avsetningar. Mykje av det som er tolka som botnmorene er truleg vitringsjord danna ved oppløysing av berggrunnen. Vitringa er avgrensa til dei områda der ein finn omdanna avsetningsbergarter.

20 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 I dalbotnane i aust, i Gloppen og Jølster finn ein tjukke morenelag, ofte med blokkrik overflate. Randmorener avsett av lokale botnbrear frå slutten av siste istid, førekjem i nordre og austre deler av planområdet. Her er eit ytre trinn som ligg i dalmunninga og eit indre trinn som ligg heilt inn i botnane. Skredavsetningar og blokkur er vanleg og ligg som vifter i dei nedre delane av mange av fjellsidene. Torvavsetningar førekjem mange stader, men ser ut til å vera vanlegast i dei vestre delane av planområdet. Torvområda kan ha stor tjukne og finst både i dalbotnen og nedst i liene. Breelvavsetningar og elveavsetningar har generelt lita utbreiing, men i Trodalen mellom Angedalen og Fimlandsgrend finnest likevel ei av dei største og mest markerte randavsetning/ breelvavsetning i fylket. Denne ligg imidlertid utanom framlegget til verneområde.

Geomorfologi / landskap/lanskapsformer Landskapsformer er danna som eit resultat av breerosjon under siste istid i kombinasjon med avsetningar etter istida. Sprekksoner og forskjell i bergartsstyrke har også verka inn på landskapsformene slik dei er danna. Dei sentrale og austlege deler av området har vore nedisa i lengst tid. Dette har ført til at dei mest markerte alpine landskapsformene finst i denne delen av planområdet. I planområdet er det ellers spor i høgdeområda etter det gamle peneplanet frå tertiær tid som var erosjonsbasis før den store landhevinga.

Geologiske verneverdiar. Til liks med mange andre lågfjell- og fjellskogsområde er store delar av Naustdal - Gjengedalsområdet fattig på avsetningar og former. Dei iaugefallande randmorenane avsett av botnbrear, som ligg i botnane kringom, og som truleg er frå Yngre Dryas, er likevel meir markerte her enn mange andre stader på Vestlandet. Aktiv danning av slike moreneryggar går og føre seg idag, og på denne måten er området eit demonstrasjonsområde for prosessane i naturen. Botnformasjonar er og den landforma som er sterkare utvikla her enn truleg nokon annan stad i fjellet på Vestlandet.

Av spesielt interessante geologiske element kan nemnast: • Godt utvikla grusstrand ved nordaustenden av Storevatnet • Markert erosjonskant i breelvdeltaet ved austenden av Storevatnet • Breelvavsetning ved Byrkjeneset på nordsida av Storevatnet • To imponerande gjel i lia ovanfor Byrkjeneset • Jettegryter i ein fjellterskel på tvers av elveløpet i Måsevassdalen • Fleire hundre meter lang esker (ryggforma subglasial avsetning) i dalbotn opp mot Måsevatnet • Vifteforma breelvavsetning med fleire dødisgroper ved sørenden av Måsevatnet • Israndavsetning med markerte moreneryggar oppå, mellom Ommedalsvatnet og Å • Meanderdeltaet ved innløpet av Vonavatnet • Esker i dalbotnen aust for Nesstølen, aust for Vonavatnet. • Spektakulær israndavsetning i Trodalen med den kanskje største grusførekomsten i fylket.

Med unntak av moreneryggane nedanfor Ommedal og israndavsetninga ved Trodalen, ligg desse geologiske interessante område inne i framlegget til verneområde etter grense alternativ 1. Ved grense alternativ 2 vil stranda langs Storevatnet verte liggjande utanfor verneområdet.

2.3.3. Flora og vegetasjon.

I samband med utbyggingsplanar for Gjengedalsvassdraget og for Naustdalsvassdraget vart det gjort ein del botaniske granskingar på 1970 og 1980-talet av Botanisk Museum i .

Generelt er vegetasjonen i området prega av eit avgrensa tal lite kravfulle og nokså artsfattige vegetasjonstyper. Under skoggrensa er mesteparten av arealet dekt av meir og mindre artsfattig fjellbjørkeskog og myr. Over skoggrensa er terrenget dominert av næringsfattige heityper. Dei lavproduktive skogstypane er vanlege i fylket og har lav ressurs- og verneverdi. Ved Dalevatnet finst

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 21 det eit mindre område med furuskog, og ved Vonavatnet er det planta ein del barskog ved det nedlagde gardsbruket Vona.

Både ved Vonavatnet og Storevatnet finst det små areal med artsrik og høgproduktiv bjørkeskog som er viktig for vilt som til dømes rein og hjort. Desse områda har monaleg verneverdi. Det store myrdeltaet aust for Vonavatnet er svært interessant både på grunn av storleik, variasjon og botanisk produksjon. Dette representerer ein sjeldan landskapstype som det ikkje finst tilsvarande døme på i fylket. Torvavsetningane er opptil 2,5 m tjukk, og området har stor verdi for vegetasjonshistoriske studiar. Myrareala rundt Dalevatnet og Storevatnet ved Gjengedalstølen er generelt relativt næringsfattige og einsformige, men det finst mindre areal med rik myrvegetasjon. Desse ligg særleg rundt og nedanfor kjelder med kalkrikt vatn, og gir stor biologisk variasjon og med artar som elles ikkje finst eller er svært sjeldsynt i fylket. Den rike fjellbjørkeskogen på sørsida av Storevatnet har stor biologisk interesse.

Gjengedalsvassdraget er godt representativt for vassdrag i midtre fjordstrøk på Vestlandet. Det har mykje til felles med Naustdalsvassdraget, og størst representativitet får ein om ein ser på desse to vassdraga som ein heilskap.

Raudlisteartar - flora. Omgrepet raudlisteartar vert nytta om artar som er truga eller sjeldne og som derfor er ført opp på nasjonale lister (DN-rapport 1999-3). I desse vassdraga er det registrert to planteartar som står på raudlista, men dei ligg begge utanfor det aktuelle verneområdet: Stilkvasshår i brakkvatnet ved utløpet av Nausta, og kvit skogfrue som finst i edellauvskog i lavlandet og som finst i Hyen. Innanfor det aktuelle verneområdet finst nokre artar på stader med kalkrik berggrunn som er sjeldne i vestnorske fjell: kastanjesiv, sotstarr, fjellpestrot, knoppsildre, fjell-lok og snøarve.

Lågare flora. Etter det fylkesmannen kjenner til er det ikkje gjort systematiske registreringar av lågare flora i Naustdal – Gjengedalsområdet.

2.3.4. Fauna.

Fuglefauna. Det er påvist 5 – 6 par kongeørn som i meir eller mindre grad har tilknyting til planområdet. Av desse hekker 1 – 2 par innanfor verneområdet, medan dei andre para har reirområde i grenseområda eller like utanfor. Av rovfugl er det elles registrert tårnfalk, dvergfalk og fjellvåk i området. Storlom er påvist hekkande både i ved Dalevatn og Storevatn i Gjengedalsvassdraget, og ved Vonavatnet i Nausta. Ved Storevatnet er det i tillegg også registrert småspove som er sjeldan på Vestlandet. Ved Vonavatnet er det mellom anna gjort fleire observasjonar av bergand og toppand. Myr- og deltaområda ved innløpet på Vonavatnet (Tangane) og Storevatnet er velutvikla og viktige våtmarksområde med ein relativt rik fuglefauna. Ved Tangane er det mellom anna registrert raudstilk, strandsnipe, heilo, vipe, blåstrupe og sivsporv. Innanfor planområdet er det påvist storfugl (tiur og røy), orrfugl, lirype og fjellrype. Storfugl er kun påvist i dei lågareliggjande delane av området og er truleg fåtalig. Ved tidlegare granskingar i samband med utbyggingsplanar Gjengedalsvassdraget vart det registrert 75 fugleartar, noko som er vanleg for denne type vassdrag. I Naustdalsvassdraget er det i hovudsak gjort ornitologiske granskingar knytt til Vonavatnet og våtmarksystema ved dette.

22 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Raudlisteartar – fuglar. Av artar på den norske raudlista og som finst i Naustdal – Gjengedal kan nemnast at kongeørn, storlom og kvitryggspett er påvist hekkande, medan hubro, havørn, stor falk (jaktfalk eller vandrefalk) og bergand er observert i området.

Pattedyr.

Villrein: Det finst ei stamme på omlag 100 vinterdyr i dette området. Dyra vart kjøpt inn som tamrein frå Øvre tamreinlag i , og sett ut i Angedalen første gong i september 1948, og deretter ein ny flokk i 1950. I 1963 fekk flokken villreinstatus og i 1967 vart det opna for jakt. Det vart gjeve fellingsløyve på mellom 10 - 20 dyr, og på det meste vart det felt 17-18 dyr på midten av 1970-talet. Frå 1981 til 1988 vart det ikkje gjeve fellingsløyve fordi stamma var sterkt redusert. Frå 1989 har det vore gjeve årleg fellingsløyve på omlag 10 dyr, og det har vore felt omlag 6 -7 dyr pr år. I 1996 vart det kjøpt inn 4 nye bukkar frå Røros for å unngå innavl i flokken, noko som ga godt resultat på kalvinga i 1997. 1998 var eit godt år for villreinjakt med 14 felte dyr av ei tildeling på 15.

Reinen har ulike beiteområde sommar/haust, vinter og kalvingstida om våren, og dei trekker i mellom desse områda. Vinterbeiteområda er sterkt avgrensa på grunn av store snømengder og skiftande temperaturar. Dette er minimumsfaktor for stamma som av denne grunn ikkje bør overskride 100 dyr. Kalvingsområde låg tidlegare hovudsakleg rett aust for Dalevatnet, men det var tidlegare også eit kalvingsområde i Jardalen som ligg mellom Måsevassdalen og . Det er eineståande at ei reinstamme har kalvingsområde så langt ned i furu- og lauvskogen, vanlegvis ligg kalvingsområda for villrein på godt over 1000 moh. Frå Villreinutvalet i Førdefjella har vi fått opplyst at kalvingsområdet dei siste åra har vore lenger inn mot Risbotnen som ligg mellom Storevatnet og Blåfjellet. Dei siste åra har det også vore kalving i Fagredalen austafor Måsevassdalen.

Hjort: Naustdal og Gjengedal er rekna som eit av dei rikaste hjorteområda i landet. Mellom dei ulike bygdene er det fleire trekkvegar, til dømes gjennom Trodalen mellom Angedalen og Naustdal, mellom Vonavatnet og Gjengedal, og mellom Storevatnet og bygdene på sørsida av Gloppefjorden. Både dalføra aust for Vonavatnet og aust for Storevatnet er viktige sommarbeite for hjorten. Hjortestamma har generelt auka kraftig dei siste 10 åra, noko som syner att på fellingstala frå Gloppen kommune som har auka jamt, samstundes som fellingsprosenten også har vore høg. Gloppen er ei av dei beste kommunane for hjort her i fylket, og dermed også i heile landet.

I Naustdal er det to jaktvald som grensar inn til det aktuelle området, men det har ikkje vore tilsvarande auke i fellingstala etter 1992 som det vi finn i Gloppen. Fellingstalet har variert frå 1 til 5 dyr i denne perioden, og med forholdsvis lav fellingsprosent. Forklaringa er truleg at hjorten står i dette området berre om våren og sommaren, og at dyra trekker lenger ned i dalen før jakta tek til.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 23 Hjortejakt i Gloppen - Gjengedalsområdet.

200

180

160

140

120 Felte hjort 100 Fellings% 80

60

40

20

0 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998

Figur 3: Hjortejakta i dei områda i Gloppen som grensar til det aktuelle verneområdet, 1989 - 98.

Jerv For nokre år tilbake var det fleire observasjonar på jerv i området, og det vart skote 2 dyr i 1981 og 1985. Etter denne tid har ein ikkje hatt sikre observasjonar på jerv i området.

Ulv og gaupe. Det vart skote ein ulv i Vonamarka i 1950 og i følgje ein fagrapport frå DN var det ei uoppklart melding om ulv i1961. Arten må reknast å vere utrydda i området no. Gaupe er også svært sjeldan, truleg vart det sett eit dyr i området i 1984. Fylkesmannen har ikkje registrert sikre observasjonar på desse rovdyra etter dei nemnde tidspunkta.

Andre og mindre rovdyr. Observasjonar tyder på at det finst ein fast, men svært liten, bestand av oter i Gjengedalsvassdraget. Observasjonane ligg i området frå Storevatn - Dalevatn og nedover til Ommedal. Mår, røysekatt, mink og snømus er vanlege artar i vassdraget.

Raudlisteartar – pattedyr. Av artar på raudlista og som finst i Naustdal – Gjengedalsområdet kan nemnast oter.

Fiske i vatna og elvane i det aktuelle området. På midten av 1970-talet vart det gjennomført grundige granskingar av tilstanden på i alt 24 vatn i området, og supplert med opplysningar frå kommunane gir dette ein ganske bra oversikt over tilstanden. Generelt sett kan ein sei at det er fisk i dei fleste vatna i området, men at tilstanden varierer frå god til dårleg og at mange av vatna har for tett bestand.

Innanfor planområdet er det 4 lakseførande elvar; Nausta, Åelva/Ommedalselva, Hopselva og Ryggelva. Ingen av dei lakseførande strekningane går inn i verneområdet. Som for andre lakseelvar har fangsttala stort sett gått nedover, men for Nausta har det vore ei positiv utvikling dei aller siste åra. Villaksen vert ikkje rekna som ein truga art, men mange av laksestammane vert rekna som truga (jamfør NOU 1999:9).

24 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Lågare fauna. Etter det fylkesmannen kjenner til er det ikkje gjort systematiske registreringar av lågare fauna i Naustdal – Gjengedalsområdet.

2.3.5. Kulturminner Opplysningar om kulturminna i området er henta frå granskingar i samband med utbyggingsplanar i vassdraga, hovudsakleg ved Storevatnet, Dalevatnet, Vonavatnet, Yste Langevatnet og Traudalsvatnet, og er såleis ikkje dekkjande for heile området. I tillegg er det gjort diverse registreringar av stølane i området. Mange kulturminne som tradisjonelt er rekna for å vere frå nyare tid, det vil sei etter reformasjonen i 1536, viser seg ved nærare undersøking ofte å ha brukstid som kan strekke seg tilbake i fleire hundre eller tusen år. Det gjeld spesielt stølar, hellerar, ferdselslinjer og tufter.

Automatisk freda kulturminne. Ved Dalevatnet ligg ein funnstad frå steinalderen med reiskapsmateriale av kvarts og bergkrystall og ein truleg eldstad. Ei tuft ved Storevatnet kan vere frå mellomalder/yngre jarnalder, eventuelt nyare tid. Vegetasjonshistoriske undersøkingar viser at Gjengedalstølen har ei tidleg rydningsfase, tolka å vere ifrå vikingtid/mellomalder, men det kan ikkje utelukkast at rydninga er eldre. Det har ikkje blitt påvist tufter eller andre strukturar frå den tida.

Støling er ei driftsform som går attende til yngre jarnalder, mogleg endå lenger tilbake, og det er forventa at området inneheld fleire andre typar kulturminne som viser utnyttinga av området i frå før reformasjonen.

Kulturminne frå nyare tid. Det er kulturminne knytt til utnytting av utmarksressursane som dominerer, som til dømes nedlagde fjellgardar, husmannsplassar, stølsanlegg og feleger/hellerar. Ved dei store vatna, Vonavatnet og Storevatnet, er det spor etter nedlagde fjellgardar og husmannsplassar, noko som gjer området særmerkt. Audegardane Byrkjeneset ved Storevatnet og Vasslidi ved Dalevatnet er nemnt i skriftelege kjelder, og skal visstnok vere tekne opp i 1670-åra.

Stølen Stranda ved Vonavatnet skal tidlegare ha vore gardsbruk. På Vona står husa, og garden vert framleis slegen. Like ved ligg tufter etter ein husmannsplass. På Vona er den gamle geila, fegata, ned til elva bevart, og det er eit gamalt element som finst på gardar frå jarnalderen. Fleire av stølane kan gjennom tida ha veksla mellom støl og gard avhengig av press på ressursane nede i bygdene og i fjella.

Det er omlag 40 stølar innanfor planområdet, og i dag er dei fleste mest nytta i samband med tilsyn av dyr på beite, jakt, fiske og friluftsliv. Men det er framleis 6 stølar i aktiv drift med kyr eller geit i planområdet, jamfør kap 2.2.1. Sela på stølane blir haldne vedlike, medan fjøs og løer er generelt meir i forfall der det ikkje er aktiv drift. På fleire av stølane står berre tuftene etter husa tilbake. I områda ved stølane finst det ofte andre kulturminne som uteløer og stakk-tufter.

Langs alle høgfjellsvatna er det kartlagt feleger, steinbuer eller oppmura hellerar som har vore nytta av gjetarar, fiskarar og fangstfolk. Dette er beskjedne kulturminne i form, men dei er viktige som dokumentasjon på korleis fjellet har vore utnytta.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 25 2.3.6. Spesielle kulturlandskap. Framstillinga er i hovudsak basert på dei kommunevise registreringane av kulturlandskap og kulturmarkstypar, og vi nemner her dei mest omtalte.

Gjengedalstølen er eksempel på heilskapleg stølsmiljø i Gloppen. På 1990-talet støla framleis fem av åtte brukarar i Gjengedalen på stølen medan to støla på Dalen på austsida av Dalevatnet. Det er ei blanding av gamle og nye bygningar på desse stølane. Engene blir slegne, nokre er dominert av gras medan urter veks tett på andre. Utmarksslått var vanleg før, og alle gardane hadde ei utløe i kvar av slåttemarkene. Av dei 40 markløene utanfor sjølve stølen er det no berre restar att. I samband med denne utmarksslåtten var ein avhengig av båttransport over Storevatnet, noko naustsamlinga ved vatnet vitnar om.

I Naustdal er Vona eksempel på fjellgard, og Tangane på søraust sida av Vonavatnet er eksempel på slåttemyr som var mykje brukt tidlegare. Myrgraset vart slege og lagra i uteløer, på loftet over stølsfjøsane og i høystakkar. Frå skriftlege kjelder har Vona vore gard sidan 1500, og dokumenterer bruk av fjellressursane med jordbruk og fangst i tidlegare tider. På 1600 var det i tillegg ein husmannsplass her. Dei to bruka er samla i eit tun som er omgjeve av vide overflatedyrka enger. Slåtteengene er noko fuktige og har stort oppslag av gras- og starrartar.

Vassbrekka nær Botnavatet i Angedalen er eksempel på heilskapleg stølsmiljø der fleire kulturmarkstypar er representert. På stølen var det tidlegare slåttemark som no blir nytta til beite. Rundt stølen ligg velhalden steingard med geil. Stølsvollane er framleis utan busker og tre, med unntak av eldre styvingstre.

2.3.7. Oppsummering av verneverdiane.

Ved utarbeiding av verneplan for landskapsvernområde er føremålet å ta vare på heile natur- og kulturlandskapet med alle sine variasjonar, særmerkte område og samanhengen og samspelet mellom desse. Såleis er det kanskje ikkje rett å framheve einskilde verneverdiar eller deler av dette landskapet, men vi vil likevel i ei oppsummering nemne følgjande: • Området har eit stort samanhengande område som er lite påverka av tyngre tekniske inngrep, ofte kalla villmarksprega område. Slike område er ein ressurs som Norge er nesten åleine om i Europa, og dette er ein nasjonal arv som ingen enkeltgenerasjon har rett til å øydelegge eller forbruke. Av dei villmarksprega områda i landet, er det dette som ligg lengst vest og dermed med oseanisk påverknad. • Planområdet har nokre einskilde område med høg verneverdi. Særleg er myr- og deltaområdet aust for Vonavatnet, og tilsvarande nordaust for Storevatnet, ofte trekt fram i dei faglege rapportane om biologiske verneverdiar. • Variasjonen i landskapet; frå dei tronge og lange dalføra opp frå Gloppefjorden, til dei opne landskapa ved Storevatnet og Vonavatnet, og vidare til dei meir alpine formene mot Jølster og Breimsvatnet. Dette gir også ein høgdevariasjon frå omlag 60 moh ved Breimsvatnet og opp til det 1572 m på Botnafjellet.

26 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 KAP 3. FELLES MÅL OG STRATEGIAR FOR FORVALTNING AV OMRÅDET.

3.1. Overordna rammer for planarbeidet. Vedtekne av sentrale og regionale styresmakter.

1) Samla Plan for vassdrag: • Begge hovudvassdraga er plassert i kategori I, og er såleis opna for konsesjonssøknad på kraftutbygging.

2) Nasjonalparkmeldinga: • Området er plukka ut som eit av omlag 50 nye verneområde i Norge. • Området er stort og praktisk tala urørt villmarksområde som er godt eigna som typeområde, og det finst ingen alternative område med tilsvarande storleik og liten påverknad vest for Jostedalsbreen. • Utarbeiding av framlegg til og oppretting av verneområde skal ikkje vere til hinder for eventuell konsesjonssøknad på kraftutbygging. • Endeleg avklaring mellom kraftutbygging og vern kan skje enten ved eit endeleg vernevedtak eller ved konsesjonsvedtak i Regjeringa.

3) Fylkesdelplan for friluftsliv vedteke i 1995: • Området er både eit nasjonalt og regionalt viktig friluftsområde

3.2. Overordna målsetjingar for planarbeidet. 1) Greie ut og så langt som mogleg avklare tilhøvet mellom vern, kraftutbygging og andre brukarinteresser, og dra opp grensa for verneområde og kva lov som skal gjelde. 2) Fastleggje målsetjingar, strategiar og verkemiddel innafor forvaltning av areala i planområdet, og bidra til å styrke næringsutvikling og busetnad i bygdene rundt det aktuelle området 3) Ha ein ryddig prosess med stor grad av medverknad frå kommunane, grunneigarane og andre med interesse i planarbeidet.

3.3. Framlegg til mål og strategiar for arealbruken.

Mål for arealdelen: 1) Innan det samanhengande fjellområdet medrekna stølsdalane, skal det sikrast eit attraktivt natur- og kulturlandskapsområde for utøving av naturbasert friluftsliv og tradisjonell landbruksdrift som tek vare på kvalitetane i området.

2) Eventuell kraftutbygging eller andre inngrep skal i minst mogeleg grad forringe landskapskvalite- tane eller dei biologiske ressursane i dette området.

3) Sikre vilkår for lokal bruk og forvaltning av dette området.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 27 Strategiar for arealdelen: Særleg dei 3 første punkta må sjåast i samanheng.

1) Avgrense område der ein ikkje ynskjer større tekniske inngrep, eller streng haldning til slike inngrep. (kraftutbygging, vegar, hytter m.m.)

2) Avgrense kva område som bør vernast som landskapsvernområde etter naturvernlova, og kva som framleis bør forvaltast etter plan- og bygningslova. (PBL)

3) Vurdere om det finst lønsame utbyggingsløysingar som ikkje kjem i vesentleg konflikt med vern og andre brukarinteresser

4) Utforme felles retningsliner for kommunale arealplanar i den delen som skal forvaltast etter PBL

5) Utforme føresegner for verneområdet etter naturvernlova som skal ta omsyn til tradisjonell arealbruk og næringsutøving

6) Greie ut om og korleis ein ynskjer lokal forvaltning av verneområdet

7) Definere og prioritere offentlege verkemiddel som kan nyttast til forvaltning og skjøtsel i planområdet

3.4. Mål og strategiar for bruk av naturressursane i området.

Mål for bruk av naturressursane. 1) Berekraftig utnytting av naturressursane i området.

2) Eventuell utbygging av Nausta og Gjengedalsvassdraget må sikre ei berekraftig forvaltning av laksestammane i vassdraga.

3) Kommunane og lokalsamfunna skal sikrast ei langsiktig økonomisk kompensasjon ved eventuell kraftutbygging.

Strategiar for bruk og forvaltning av naturressursane:

1) Utforme krav og retningsliner for dei fysiske, biologiske og økonomiske interessene for kommunane og lokalsamfunna som skal leggjast til grunn ved eventuell utbygging av vassdraga

2) Trekke opp verkemiddel på fylkesnivå innan næringsutvikling, og i kva grad desse særleg skal kome bygdene innafor planområdet til gode

3) Vurdere kva konsekvensar dei ulike planforslaga har for næringsutviklinga i området.

28 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 KAP 4. PLASSERING AV GRENSA FOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET.

4.1. Aktuell verneform. I Nasjonalparkmeldinga foreslo Regjeringa at det skulle opprettast ein nasjonalpark i det aktuelle verneområdet. Nasjonalparkar kan som kjent berre opprettast på areal som er statleg grunn, eller som grenser inntil statleg grunn, og Regjeringa foreslo derfor i meldinga at naturvernlova skulle endrast slik at det kan opprettast nasjonalpark på åleine privat grunn. Dette fekk ikkje fleirtal i Stortinget, og den aktuelle verneforma for Naustdal – Gjengedal er derfor landskapsvernområde etter § 5 i naturvernlova.

4.2. Metode og hovudprinsipp. Med utgangspunkt i dei vedtekne målsetjingane og strategiane for forvaltning av området vart det trekt opp visse prinsipp for plassering av vernegrensa. Både kommunane og grunneigarane ynskjer at mest mogeleg av det aktuelle området skal forvaltast etter plan og bygningslova, og særleg gjeld dette stølsdalar som har størst grad av inngrep og aktivitetar knytt til landbruksnæringa. Her finn vi tekniske anlegg, bygningar og vegar som vedkjem grunneigarane sine næringsinteresser, og vi må rekne med at desse tekniske anlegga treng vedlikehald og modernisering og der er plan- og bygningslova vanlegvis meir egna enn naturvernlova til slik ”bygningsmessig” forvaltning. Plan og bygningslova er også ei ressursforvaltningslov som fylket og kommunane kan nytte for å ta vare på verdfulle naturområde. Samstundes er stølsdalane innfallsportar til det samanhengande “urørde” fjellområdet: Sett frå verneinteressene kan det derfor vere logisk å ta stølane med heile stølssona med i eit landskapsvernområde, og heller tilpasse verneforskriftene til den drifta som er i området.

Figur 3: Overgangen frå bygda til stølsdalen og vidare til fjellet.

Innfallsporten kan vi dele i to overordna landskapsrom, sjå figur 3. 1. Tilkomstsona kan trekkast frå øvste busetnad/gardsbruk med veg eller stølsti langs elva fram til stølssona. Her finn vi stor variasjonsrikdom i vassdragsnatur og kulturlandskap.

2. Stølssona som omfattar sjølve stølen og stølsvollen og dalrommet som stølen/stølane ligg i. Sona er som regel visuelt avskjerma frå tilkomstsona. Stølen er godt synleg frå store delar frå området rundt.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 29 Denne avgrensinga av stølsdalane skjer både etter ein geografisk dimensjon, der landskapsrommet vert definert visuelt frå tilkomstsona til fjellsona, og ein “aktivitetsdimensjon” der ein tek omsyn til eksisterande bruksinteresser som landbruksdrift, stølsdrift, vegar, hytter og friluftsliv.

Hovudprinsipp: • Grensa for landskapsvernområdet (LVO) skal som hovudprinsipp trekkjast utanom stølsdalane. Desse stølsdalane skal etter ei nærmare avgrensing forvaltast etter plan- og bygningslova i samsvar med retningslinene i fylkesdelplanen. • Alle stølar med aktiv drift vert liggjande utanfor LVO, men ut i frå natur- og landskapsmessige vurderingar kan likevel nokre stølsdalar ligge heilt eller delvis innanfor. • I dei vassdraga der denne planen opnar for kraftutbygging, vert grensa for LVO trekt utanom den delen av vassdraga som vert direkte berørt. Unntak er regulering av vatn innanfor den naturlege årsvariasjonen.

I dei stølsdalane som vert liggjande utanfor LVO, må ein sikre at dei same omsyna til natur- og kulturlandskapet vert sikra gjennom kommunale arealplanar for områda. Ved utarbeiding av desse planane bør kommunane derfor legge til grunn ein god fagleg metodikk for å sikre at kvalitetane og verneverdiane i områda vert teke omsyn til. Dette kan konkret skje ved at det skal utarbeidast områdeanalyse/landskapsanalyse som grunnlag for arealplanlegginga.

4.3. Stølsdalar som vert liggjande utanfor LVO. Her nemner vi dei stølane som låg i grensesona ved oppstart av planarbeidet og der vi har gjort ei konkret vurdering. Grensa for LVO vil som regel gå der stølssona møter fjellsona eller der stølssona har ei naturleg avgrensing i landskapet.

Gloppen kommune: Myklandsdalen, Nesdalen, nedre del av Jardalen med Mardalstølen og Søreidestølen, Gimmestadstølen, Ryggjastølen i tilkomstsona til Traudalen, Ommedalstølen, Åstølen, Gjengedalstølen, og Dalen ved Dalevatnet.

Jølster kommune: Nedrebødalen, Gotdalstøylen, Legestøylen, Helgheimstøylen, Husstøylen og Bergstøylen.

Naustdal kommune: Bergstølen, Svostølen og stølane på nordsida av Vonavatnet.

Førde kommune: Vassbrekka og Botnastølen ved Botnavatnet i Angedalen.

4.4. Stølsdalar som vert liggjande innanfor landskapsvernområdet. Grensa for LVO vil her gå der tilkomstsona møter stølssona, eller der stølssona har ei naturleg avgrensing i landskapet.

Gloppen kommune: Langedalen med Fitjestølen og Arnestadstølen, og Traudalen med stølen Dalen i inste enden.

Naustdal kommune: Nesstølen og andre stølar lenger oppe i Naustdalsvassdraget.

30 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 4.5. Kommentar til grensedraging i nokre omdiskuterte område. I tillegg til desse kommentarane syner vi også til omtale av metoden i kap 4.2, og til stølsdalsnotatet i dei underliggjande dokumenta.

4.5.1. Gjengedalstølen og Storevatnet. Dette er eit av dei mest omdiskuterte områda der den største motsetninga er mellom kraftutbygging og landskapsvern. Styringsgruppa har diskutert to hovudalternativ; • Alternativ 1 krysser Storevatnet eit stykke aust for Gjengedalstølen og vil i praksis stenge for regulering av vatnet med meir enn den naturlege årsvariasjonen på omlag 1,3 m. Dersom det ikkje vert aktuelt med større regulering av Storevatnet, bør ein nytte denne grensa ved oppretting av landskapsvernområdet for å fange opp verneverdiane og kvalitetane kring vatnet.

• Alternativ 2 er trekt innom Storevatnet slik at vatnet kan regulerast utan å kome direkte i konflikt med landskapsvernområdet. Strandområdet i austenden av vatnet vil då kome utanfor verneområdet. Det er ikkje noko ideell løysing å opne for regulering av eit såpass markert vatn så nær inn til eit landskapsvernområde. Men Stortinget har i Samla Plan opna for at det kan søkjast konsesjon på utbygging av vassdraget. Fylkesmannen og fylkeskommunen, saman med fleirtalet i styringsgruppa, meiner alternativ 2 kan forsvarast sidan det no er tale om ei heller svak regulering av vatnet samanlikna med kva som er skissert i Samla Plan. Vi føreset at den maksimale senkinga vert på mellom 3,5 – 4 meter, og at vannstanden ligg innanfor grensa for den naturlege årsvariasjonen frå omlag 1. juni og fram til vinteren.

Fylkesmannen og fylkeskommunen tilrår alternativ 2 som høyringsframlegg, men ber også om kom- mentarar på alternativ 1. I tilfelle det seinare vert bestemt at Storevatnet ikkje kan regulerast, til dømes ved oppretting av nasjonale laksevassdrag (jamfør kap 2.3.1.), vil ein eventuelt kunne velje alternativ 1 utan å måtte gjennomføre ei ny høyring. Dette tyder ikkje at vi med alternativ 2 har gjeve klarsignal for at Gjengedalsvassdraget skal kunne byggjast ut. Det endelege svaret på dette får ein ikkje før gjennom ein vanleg konsesjonssøknad, og då vil mellom anna omsynet til laksestamma i vassdraget stå sentralt.

Dei fleste grunneigarane i Hyenområdet går i mot kraftutbygging av Gjengedalsvassdraget og grunneigarrepresentanten Rasmus Ommedal vil derfor ikkje opne for at Storevatnet kan regulerast. Han går inn for at vernegrensa vert plassert etter alternativ 1 og viser til protokollmerknad 2. Han fekk tilslutning på dette frå Eli Heiberg i Naturvernforbundet.

Sandstrand ved austenden av Storevatnet.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 31 4.5.2. Åstølen og Ommedalstølen. Åstølen ligg ved elva nedanfor Dalevatnet i Gjengedalen. Det er veg fram til stølen og han er i aktiv drift. Ommedalstølen ligg rett aust for garden Ommedal lenger nede i hovuddalføret. Stølen ligg på ca 550 meters høgde og med ganske bratt stigning opp frå dalen. Det er likevel aktiv drift på denne stølen og for å lette transporten er eigarane i ferd med å byggje veg eit stykke opp mot stølen. Begge desse stølane vert liggjande utanfor verneområdet.

4.5.3. Rombergvatnet og Varliegga. Verneverdiane i dette området er delvis at området er lite prega av inngrep (1 – 3 km), og at Rombergvatnet er eit vakkert område som heilt klart forsvarer ein plass i eit større landskapsvernområde. Det som talar mot å ta med dette området er at det ligg som ei sidearm heilt i utkanten av kjerneområdet, og at deler av dalsida ved Rombergvatnet er tilplanta med gran og såleis ikkje har spesiell naturverdi. Det er heller ikkje så lang avstand til inngrep at det vert rekna som villmarksprega, og det er ikkje registrert andre spesielle naturverdiar i området frå Rombergvatnet til Gjengedalskaret. Styringsgruppa har i andre område lagt stor vekt på å velje ei vernegrense som etablerer eit stort samla område utan for mange sidearmar inn og ut av verneområdet. Slik sett er det i samsvar med desse prinsippa rett å plassere grensa heilt aust mot Gjengedalskaret. Vi legg dermed opp til at Rombergdalen vert forvalta etter plan- og bygningslova, jordlova, skogbrukslova, og gjennom retningsliner i fylkesdelplanen. Det er til dømes viktig at ein unngår spreidd hyttebygging og skjemmande vegbygging. Eli Heiberg i Naturvernforbundet er usamd i at grensa vert trekt så langt tilbake mot Gjengedalskaret, jamfør eigen protokollmerknad.

Rombergvatnet.

4.5.4. Langedalen og Traudalen i Gloppen. Dette er to smale dalføre med vatn som strekker seg frå vestsida av Gloppefjorden og sørvest mot fjellområdet. Begge dalføra er svært vakre innfallsportar til dette fjellområdet, og sett frå naturvernet si side er det viktig å få med både Langedalen og Traudalen slik at ein får større variasjonen enn berre høgfjell i verneområdet

32 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Det ligg to stølar ved Langedalsvatnet; Arnestadstølen og Fitjestølen. Ved inste enden av Traudalsvatnet ligg Dalen som er ein av stølane til Rygg. Ingen av desse stølane er i aktiv tradisjonell drift, og det er heller ikkje presentert andre landbruksinteresser som talar for at grensa bør flyttast innom desse stølane i desse to dalføra.

Fitjestølen i sørenden av Langedalsvatnet.

I Traudalen er nordsida inn mot Berdalselva kledd med god bjørkeskog som er rekna som økonomisk drivverdig. Det er tidlegare (etter vedtak i jordskifteretten) søkt om løyve til å byggje ein traktorveg innover lia til Berdalselva. Traseen er plassert eit stykke oppe i lia, og det er mogeleg å legge vegen slik i terrenget at han ikkje vert sterkt synleg. Lia er dessutan frodig og eventuelle sår etter vegen eller skogsdrift vil vekse raskt til att. Etter styringsgruppa si vurdering er det betre å justere regelverket slik at ein opnar for ein slik traktorveg, enn å trekke grensa for LVO lenger inn i dalen. Det er ikkje aktuelt med treslagskifte eller anna skogplanting i dette området, og hogsten må eventuelt utførast i samsvar med ein plan som forvaltningsmakta skal godkjenne.

Naust/hytte ved nordenden av Traudalsvatnet.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 33 4.5.5. Jardalen i Gloppen. Ved oppstart av planarbeidet var grensa plassert omlag rett over stølsvollane på Mardalstølen og Søreidestølen. Vi foreslår at grensa for LVO vert trekt eit lite stykke innanfor slik at desse stølane vert forvalta etter PBL fordi det er i samsvar med hovudprinsippet, og desse stølane har ikkje nokon spesiell verneverdi i eit landskapsvernområde.

Mardalstølen og Søreidestølen i Jardalen.

4.5.6. Nesstølen og Myklandstølen i Gloppen. Dette er to stølsdalar som går opp frå bygdene Kandal og Indre Kandal ved Breimsvatnet, og det er veg og aktiv stølsdrift med geit på begge stølane. Ved Nesstølen er det dessutan 30 daa fulldyrka grasareal, og ei planlagd utbygging av elva frå stølen og ned til Breimsvatnet er plassert i kategori I i Samla Plan. Dette talar for at vernegrensa vert plassert innom stølsområdet, det dyrka arealet og ein mogeleg inntaksdam for ei eventuell kraftutbygging. Ei høveleg plassering er på nordsida av den store morenen som går tvers over dalen.

Nesstølen i Kandal.

34 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Ved Myklandstølen er forslag til grense plassert tvers over dalen eit stykke innanfor stølen, ved Storsteinane på austsida av elva omlag 700 meter sør for stølen.

Dalbotnen sør for Myklandstølen.

4.5.7. Vonavatnet og Yste Langevatnet. Dette er også eit av dei mest omdiskuterte områda. Det er sterke verneverdiar knytt til deltaet og dalføret aust for Vonavatnet, og samstundes er også dette vassdraget plassert i kategori I i Samla Plan. Samla Plan opnar for konsesjonssøknad med regulering av begge Langevatna og overføring av vatn frå Stegsvatnet i Jølster og Blådalen i Gjengedalsvassdraget. Dette alternativet har Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) gått bort i frå, men dei ynskjer å regulere Yste Langevatn med ei nedtapping på mellom 30 - 50 meter. Etter fylkesmannen og fylkeskommunen si vurdering vil eit slikt inngrep så langt inne i kjerneområdet vere heilt øydeleggjande for verneverdiane. Dette gjeld særleg i forhold til det inngrepsfrie (villmarksprega) området, og i forhold til friluftsinteressene ved at det vert svært vanskeleg å ferdast trygt langs desse vatna, særleg vinterstid. Ei av dei viktigaste vinterturløypene går frå Årdal i Jølster til Langevatna og ned til Vona.

Etter fylkesmannen og fylkeskommunen si vurdering kan ein ikkje kombinere vern og kraftutbygging ved ei slik nedtapping av Yste Langevatnet, og vi foreslår derfor at Naustdalsvassdraget eventuelt vert utbygd frå Vonavatnet og nedover. Dette kan skje ved delvis å regulere Vonavatnet innanfor naturleg årsvariasjon og bruke Trodalsvatnet som det store magasinet slik det alt er opna for i Samla Plan. SFE presiserer at dei primært ynskjer å også kunne regulere Yste Langevatn, men ut frå heilskapen i planen kan dei akseptere at grensa vert plassert nede ved Vonavatnet. Det endelege svaret på om vassdraget kan utbyggast får ein ikkje før gjennom ein vanleg konsesjonssøknad, der mellom anna omsynet til laksestammen i vassdraget vil stå sentralt. Dersom Stortinget vedtek å opprette Naustdalsvassdraget som eit nasjonalt laksevassdrag, vil ei magasinbasert kraftutbygging mest truleg verte uaktuelt.

Frå grunneigarane er det ynskje om å byggje veg frå parkeringsplassen ved Vonavatnet og innover langs vatnet nesten heilt inn til Nesstølen, omlag 2 km aust for vatnet. Føremålet med vegen er å lette tilkomsten for beitedyr til området fordi enkelte strekningar langs vatnet og innover mot Nesstølen er myrlendt og vanskeleg å passere for husdyra.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 35 Dersom grensa for LVO vert plassert ved deltaet aust for Vonavatnet vil ein opne for at det kan byggjast veg inn langs vatnet, men ikkje vidare innover mot Nesstølen. På denne strekninga bør ein heller vurdere enklare utbetringar eller omleggingar av stien ved dei våtaste partia. Det må også vurderast nøye kva nytte og ulemper ein slik veg langs Vonavatnet vil føre med seg, og om vegen kan plasserast slik i terrenget at han ikkje reduserer landskapskvalitetane i området. Vegen må godkjennast etter forskriftene for landbruksvegar, og med utgangspunkt i retningsliner for tiltak i landbruket (kap. 6.5).

Deltaet aust for Vonavatnet, sett omlag frå Nesstølen.

Yste Langevatnet, sett frå ryggen mellom Inste og Yste Langevatnet.

Ordføraren i Naustdal kommune Jan Herstad og Sigmund Svoen frå grunneigarane i Instedalen vil plassere vernegrensa innom Yste Langevatn og såleis opne for konsesjonssøknad på ei utbygging av Nausta med regulering av dette vatnet. Forslaget er merka av på plankartet, og vi viser til eigen protokollmerknad frå grunneigarane i Instedalen. Dei fekk tilslutnad på dette forslaget frå Aud Viken, Gerd Dvergsdal og Ole B. Årdal.

36 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 4.5.8. Botnavatnet i Angedalen. Ved oppstart av planarbeidet gjekk grensa omlag langs aust og nordsida av vatnet. Etter å ha vurdert alternative vernegrenser nedanfor og tvers over vatnet, er vi komne til at den første grensa høver best ut frå hovudprinsippa for grenseplassering. Botnastølen som ligg i austre ende av vatnet er eit blanda stølsmiljø med nokre få eldre stølshus og eit par nyare hytter. Omlag midt på nordsida av vat- net ligg også ei moderne hytte som skil seg ut frå dei gamle stølshusa. I vestre ende av vatnet er det lagt ut eit nytt hyttefelt i kommuneplanen, som no er under detaljplanlegging. Etter vår vurdering bør dette området kring vatnet kunne forvaltast etter plan og bygningslova, men det er viktig at kommunen har styring på hyttebygginga i området.

Botnastølen i austenden av Botnavatnet i Førde.

4.5.9. Nedrebødalen i Jølster.

Nedrebødalen i Jølster.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 37 Ved oppstart av planarbeidet var grensa trekt tvers over Nedrebødalen. Det er veg i dalbotnen fram til eit lagringsanlegg som Forsvaret har, og dei disponerer også andre deler av dalen til eit mindre øvings- og skyteområde. Grensa for landskapsvernområdet er trekt opp frå dalbotnen og kjem såleis ikkje i konflikt med forsvaret sitt anlegg, og dermed heller ikkje vegen inn i dalen og plantefeltet som ligg lenger nede i dalen.

4.5.10. Gotdalen i Jølster. Problemstillinga gjeld hovudsakleg plassering av grensa i forholdet til eit stort muta område (min- eralet platina), ein vakker foss som ligg i og ved eit større plantefelt, og plassering i forhold til Gotdalstøylen som det er bygd veg fram til.

Fossen i nedre del av Ålhusdalen.

Bergverksdrift med store anlegg på overflata (dagbrot) kan normalt ikkje skje i eit landskapsvernom- råde. Derimot kan det skje ved tunneldrift frå utsida av verneområdet. Pr i dag veit vi ikkje om det finst drivverdige førekomst i område, kvar det eventuelt ligg, og kva type drift som er aktuelt. Vi kan likevel slå fast at bergverksdrift i dette området vil vere konfliktfylt og at

38 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 det truleg utløyser krav om konsekvensutgreiing etter PBL. Dermed får ein langt betre grunnlag til å ta stilling til dette prosjektet når den tid kjem. Ved å plassere grensa innom Gotdalstøylen har vi lagt oss på same prinsipp som andre stølar med vegtilkomst. Fossen er eit vakkert element i landskapet, men området derifrå og inn til stølen har ikkje spesielle kvalitetar som gjer at det absolutt bør ligge innanfor landskapsvernområdet. Det er mellom anna bygd traktorveg nesten heilt inn til stølen. Ved å plassere vernegrense rett nord for stølen vil også mesteparten av det muta området verte liggjande utanfor LVO. Eli Heiberg i Naturvernforbundet er usamd i at grensa vert tekt så langt opp i dalføret, jamfør eigen protokollmerknad.

4.5.11. Stegsvatnet i Jølster. Stegsvatnet er med i to ulike prosjekt i Samla Plan. Det er ein del av ei maksimal utbygging av Naustdalsvassdraget med overføring av vatn frå Stegsvatnet til Langevatna i Nausta, og det andre utbyggingsprosjektet er plassert i kategori II i Samla Plan og gjeld ei separat utbygging frå Stegsvatnet ned til Legestøylen i Årdal. Vi viser til kap 2.2.2. I løpet av planprosessen har grunneigarane lagt fram ulike skisser på ei utbygging med senking av Stegsvatnet på minst 2,5 meter. Alternativet er ei utbygging av elva med regulering av vatnet innanfor den naturlege årsvariasjonen.

Fylkesmannen peiker på at utbyggingsprosjektet mot Jølster er plassert i kategori II i Samla Plan, og det er derfor pr i dag ikkje høve til å søkje om konsesjon på dette. Årdalen med stien langs Stegsvatnet er også ein av den viktigaste innfallsportane til fjellområdet, noko som også talar mot regulering av vatnet. Ved å trekke grensa frå Legestøylen og innover mot sørenden av Stegsvatnet meiner fylkesmannen at vi har strekt oss langt for å kome landbruksnæringa i møte, sidan dette opnar for at denne nedre del av dalføret kan utnyttast meir intensivt til jordbruk. Dette opnar for at elva kan utnyttast til eit vanleg elvekraftverk, og det er også tale om ein landbruksveg frå Legestøylen og innover mot vatnet. Denne vegen må godkjennast etter dei vanlege forskriftene for landbruksvegar, og vurderast ut frå retningslinjene for fylkesdelplanen i kap 6.5.

Styringsgruppa med unntak av Eli Heiberg frå Naturvernforbundet sluttar seg til at grensa vert plassert ved sørenden av vatnet under høyringa, men reknar også med å få synspunkt på ei plassering ved nordenden. Heiberg viser til eigen protokollmerknad.

Inste del av Årdalen med Stegsvatnet og Kupevatnet. (Foto: Ole Bjørn Årdal)

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 39 4.5.12. Helgheimsdalen i Jølster. I denne dalen er det merkt av eit verdfullt naturområde (EDNA-område), som er eit moreneområde i vifteform i dalen og med opp til 4 m høge moreneryggar. Området er vurdert til å ha regional verneverdi. Isolert sett er det ynskjeleg å ta dette med i framlegget til verneområde, men vi rår altså til at grensa vert plassert eit stykke nord for Helgheimstøylen og dette feltet. Hovudårsaka er at HV-10 har fått sett av eit øvings- og skytefelt i kommuneplanen, og etter det vi har fått opplyst frå kommunen er dette svært viktig for vidare utvikling og drift av HV-10 på Skei. Feltet ligg nord og vest for EDNA- området på kartet, og strekker seg opp til over 800 m høgde. Pr i dag er området i Helgheimsdalen ikkje teke i bruk av Forsvaret. Før det eventuelt skjer må det utarbeidast reguleringsplan for området, og då kan ein også sikre det verdfulle moreneområdet mot skjemmande inngrep. Etter vår vurdering bør kommunen og Forsvaret også prøve om dei kan samordne Heimevernet sine planar i Helgheimsdalen med Fjordane regiment sine planar om delvis tilsvarande aktivitetar i Nedrebødalen.

Til slutt må det nemnast at kraftlinja frå Skei til Vassenden kryssar Helgheimsdalen i sørenden av EDNA-området og går nord for Såtefjellet til Årdalen. Det er svært mogeleg at denne linja vert forsterka som ein del av ei ny hovudlinje frå Fardal i Sogn til Stakaldefossen i Førde. Dette gjer det lite aktuelt å trekke grensa for LVO sør til toppen av Såtefjellet.

Helgheimsdalen med stølen i bakgrunnen og morenelandskapet nedanfor stølen.

40 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 4.6. Tilrådd vernegrense frå fylkesmannen og fylkeskommunen.

Tilrådinga frå fylkesmannen og fylkeskommunen går for så vidt fram av kapittel 4, men for orden skuld tek vi med følgjande oppsummering: • Vi tilrår at det vert oppretta eit landskapsvernområde med vernegrense plassert slik det går fram av plankartet og omtalen i kap 4. • Vi tilrår alternativ 2 ved Storevatnet, under føresetnad av at eventuell kraftutbygging ikkje fører til djupare senking enn 3,5 – 4 meter. • Under høyringa ber vi også om synspunkt på alternativ 1 ved Storevatnet, då dette synest mest aktuelt dersom det seinare vert bestemt at Storevatnet ikkje kan regulerast med meir enn den naturlege årsvariasjonen.

Dette gir eit landskapsvernområde på omlag 390 km2 som ligg innanfor kommunane Gloppen, Naustdal, Førde og Jølster. Etter alternativ 1 vert verneområdet på omlag 395 km2.

Området ved Storevatnet og Gjengedalstølen i Gloppen. (Foto: SFE v/ Moen & Feste) Biletet er teke før vegen til Gjengedalstølen og hyttefeltet mellom Dalevatnet og Storevatnet vart bygd. Grense alternativ 1 krysser Storevatnet omlag rett under namnet ”Storevatnet” på biletet. Grense alternativ 2 er trekt rundt vatnet, dvs i bakkant på biletet.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 41 KAP 5. UTFORMING AV VERNEREGLAR FOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET. 5.1. Oppbygging av verneforskrifta. Verneforskrifta bygger på ein mal som er utarbeidd av Direktoratet for Naturforvaltning i samråd med mellom andre Landbruksdepartementet, og er tilpassa problemstillingar i Naustdal – Gjengedalsområdet.

Verneforskrifta er delt i følgjande hovudkapittel: Lovheimel, avgrensing, formål, vernereglar, forvaltningsplan, generelle unntaksreglar, forvaltningsstyresmakt, rådgjevande utval og verknadstidspunkt.

Hovudkapitlet om vernereglane er delt i fleire punkt: inngrep i landskapet, plantelivet, dyrelivet, ferdsel og motorferdsel. I regelverket er det ei tredeling: • Først nemner ein generelt kva tiltak og aktivitetar som ikkje er lov i verneområdet • Deretter nemner ein kva spesielle tiltak og aktivitetar det er gjort unntak for • Deretter nemner ein kva spesielle tiltak og aktivitetar som forvaltningsstyresmakta kan gje dispensasjon til.

Det er viktig at ein ser alt dette i samanheng, og i samband med høyringa vil vi gjerne ha kommentar på om spesielle tiltak og aktivitetar bør/bør ikkje takast med eller flyttast til eit anna punkt.

Ved utforming av både vernegrensa og regelverket har vi i stor grad prøvd å ta omsyn til eksisterande aktivitetar og inngrep, til dømes ved landbruksdrift. Men ein kjem ikkje unna at det vert ein skilnad mellom verneområdet og det området som framleis skal forvaltast av plan og bygningslova, jordlova og skogbrukslova. Etter vår vurdering er restriksjonsnivået for landbruket og anna næringsverksemd likevel ikkje så sterk at det hindrar ei vidare utvikling i bygdene rundt verneområdet.

5.2. Forslag til Forskrift for i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde. (Kommentarar til nokre av reglane står i eigne rammer med kursiv tekst.)

I - LOVHEIMEL.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr 63, § 5 og § 6, jamfør §§ 21, 22, og 23, er det ved kongeleg resolusjon av ………….. gjort vedtak om oppretting av Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde.

II - AVGRENSING.

Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde ligg i kommunane Naustdal, Gloppen, Jølster og Førde i Sogn og Fjordane fylke. Det samla arealet er på omlag 390 km2 (395 km2 ved alternativ 1) og vedkjem dei gardsnummer som står i vedlegg til føresegna. (sjå vedlegg bak i høyringsdokumentet)

Grensene for landskapsvernområdet er synt på kart i målestokk 1:50 000, datert hjå Miljøverndepartementet den ………. Grensa er også skildra i vedlegg til føresegna. (sjå vedlegg bak i høyringsdokumentet) Kartet og verneforskrifta finst i Miljøverndepartementet, Direktoratet for Naturforvaltning, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og kommunane i verneområdet. Dei nøyaktige grensene for verneområdet skal så langt råd merkast av i terrenget, og med koordinatfesta knekkpunkt. Ved innfartsområda skal det setjast opp grensemerker med skilt og kart som syner verneområdet.

42 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 III – VERNEFORMÅL.

Føremålet med oppretting av Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde er å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep. Det er vidare eit føremål å ta vare på kulturlandskap og kulturminner som er landskapselement. Området skal også kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

Karakteristisk for området er stor variasjon i natur frå lågland og stølsdalar til fjellområde med brear, dei mange dalane med elvar og store og mindre vatn, og at landskap og vegetasjon i store delar av området har vore nytta som beiteområde for husdyr i lang tid.

Kommentarar: Verneformålet vil vere retningsgjevande når ein skal handsame saker i høve kapittel V i verneforksrifta, jamfør at «forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå reglane når formålet med vernet krev det,...... eller i andre særleg tilfelle når dette ikkje er i strid med formålet med vernet». Verneformålet er dessutan viktig ved tvil om tolkinga av vernereglane.

IV – VERNEREGLAR.

Kommentarar: Vernereglane er bygd på ein mal som vert nytta for alle landskapsvernområde: Først nemner ein generelt kva tiltak og aktivitetar som ikkje er lov i verneområdet. Deretter nemner ein kva spesielle tiltak og aktivitetar som det er gjort unntak for. Deretter nemner ein kva spesielle tiltak og aktivitetar som forvaltningsstyresmakta kan gje dispensasjon til Det er viktig at ein ser desse 3 hovudpunkta i samanheng.

Kapittel 1. Inngrep i landskapet.

1.1. Området skal vernast mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntak som følgjer av forskrifta punkt 1.2 og 1.3 er det generelt forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring av bygningar eller anlegg, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving og påfylling av masse, boring og sprenging, uttak og fjerning av stein, mineral eller fossil, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, snauhogst og felling av særmerkte og dekorative tre, framføring av leidningar i luft- og i jorda, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stiar og turløyper, og liknande. Opplistinga er ikkje uttømmande. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

Kommentarar: Uttrykket ”vesentleg” må forståast i lys av dei punkta som er nemnde i kap 1.1, og andre inngrep med tilsvarande omfang og skadeverknad må reknast som vesentlege. Dei inngrepa som er nemnde her er typiske døme på ulovlege inngrep og tiltak, og unntaka er nemnde i punkt 1.2 og dispensasjonsreglane i punkt 1.3 nedanfor. At opplistinga ikkje er uttømmande tyder at det også er forbod mot liknande inngrep som kan skade landskapet sin art eller karakter vesentleg.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 43 1.2. Reglane i punkt 1.1. er likevel ikkje til hinder for: a) Vedlikehald av bygningar og andre tekniske innretningar. Vedlikehald skal ikkje føre til endra utsjånad. b) Vedlikehald av merka stiar, skilt, bruer og løyper slik det går fram av forvaltningsplanen. c) Anlegg for sanking av beitedyr og naudsynt gjerdehald for beitedyr i samsvar med godkjent forvaltningsplan. d) Vedlikehald av godkjende vegar. e) Regulering av følgjande vatn dersom det vert gjeve konsesjon etter vassdragsreguleringslova for kraftutbygging: 1) Storevatnet i Gjengedalsvassdraget under føresetnad av at vannstanden ligg innanfor den naturlege årsvariasjonen. (Ved grense alt 1) 2) Stegsvatnet ved utbygging mot Årdal i Jølster under føresetnad av at vannstanden ligg innanfor den naturlege årsvariasjonen.

Kommentarar til punkt a) og d): Vedlikehald av bygningar, andre tekniske anlegg, og vegar må skje på ein slik måte at ein ikkje får vesentleg endra utsjånad på bygningane, eller endra standard og/eller bruk av vegar. I forvaltningsplanen kan ein fastsetje nærare retningslinjer for vedlikehald av ulike tekniske bygningar og anlegg.

Kommentarar til punkt b) og c): Ved å knyte desse unntaka til ein forvaltningsplan sikrar ein ei meir heilskapleg forvaltning og unngår at ein ikkje gjennomtenkt praksis vert avgjerande for bruken av området..

Kommentarar til punkt e): Kraftutbygging i Gjengedalsvassdraget med senking av Storevatnet med 28 m er plassert i kategori I i Samla Plan. Ved grense etter alt 1 vil det ikkje verte regulering av Storevatnet med meir enn den naturlege årsvariasjonen, medan alt 2 er trekt nordaust for vatnet slik at det er opna for noko sterkare regulering.

Stegsvatnet ligg i eit mindre utbyggingsprosjekt mot Årdal i Jølster som er plassert i kategori II i Samla Plan.

1.3 Forvaltningsstyresmakta, eller den som får tillagt mynde, kan gje løyve til: a) Ombygging og utviding av eksisterande bygningar i tråd med tradisjonell byggjeskikk. b) Oppattbygging av bygningar som er skada ved brann, naturskade, eller gamle stølshus som har ramla ned. c) Riving av bygningar som pregar landskapet sin art og karakter d) Oppføring av nye bygningar som er naudsynte i samband med jordbruksdrift. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og byggeskikk. e) Bygging av bruer og klopper som er naudsynte i samband med beitebruk og friluftsliv. f) Merking og opparbeiding av turstiar. g) Tilrettelegging for vintervegar eller transport på barmark av tømmer i samsvar med plan god- kjent av forvaltningsstyresmakta. h) Bygging av ein enkel traktorveg frå Osen og innover mot Berdalselva i Traudalen. i) Bergverksdrift ved tunnel frå utsida av verneområdet. j) Kalking av sure vassdrag for å motverke verknad av sur nedbør, og under føresetnad av at kalkinga er godkjent av fylkesmannen.

Kommentarar: Forvaltningsstyresmakta kan berre gje løyve til inngrep etter ei grundig vurdering av konsekvensane på kort og lang sikt. Ein vil normalt gje løyve til oppattføring av bygningar som er tapt ved brann eller naturskade, men det kan setjast krav om plassering og tilpassing i terrenget, utforming, materialbruk m.m. Tilrettelegging for vintervegar eller transport på barmark i samband med skogsdrift, skal berre skje ved enkle inngrep som er naudsynte for å få fram tømmeret.

44 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Forvaltningsplanen skal trekke opp retningslinjer for dispensasjonspraksis.

Til punkt h): Dette gjeld ein veg som er planlagt og bestemt i eit eldre jordskifte og gir tilkomst til teigar med vedaskog. Vegen skal plasserast og tilpassast terrenget slik at han ikkje vert dominerande.

Til punkt i): Dette kan verte aktuelt i Ålhus i Jølster der eit større område er muta med tanke på mineralet platina. Området strekker seg delvis inn i det aktuelle verneområdet under jordoverflata.

Til punkt j): Fleire av vassdraga i området har vore sure på grunn sur nedbør, og vorte vurdert i ein fylkesvis kalkingsplan. Det ser no ut til at situasjonen generelt betrar seg utan kalking, men i øvre del av Angedalsvassdraget i Førde har det vore naudsynt med kalking og der pågår også eit kalkingsprosjekt pr i dag.

Kapittel 2. Plantelivet.

2.1. Det er ikkje tillate å føre inn nye planter eller drive skogreising og treslagskifte i verneområdet.

2.2. Det er tillate å bruke verneområdet til tradisjonelt beite.

2.3. Hogst av ved er tillate til bruk i hytter og stølshus i landskapsvernområdet.

2.4. I verneområdet kan det også skje anna hogst enn nemnt i 2.3. dersom det er i samsvar med plan som er godkjent av forvaltningsstyresmakta. Planen skal byggje på følgjande føresetnader: • Ein skal ta vare på det naturlege skogbiletet ved å nytte lukka hogstformer. • Skal ikkje hogge edellauvskog eller fuktskog som pregar landskapet. • Etablering av ny skog skal skje ved naturleg forynging.

Kommentarar: 2.1. Dette medfører forbod mot til dømes planting av gran og anna skogreising og treslagskifte i verneområdet.

2.2. Bruk av området til beite er normalt ikkje noko problem, det vil i mange området heller vere ein fordel og ynskjeleg . Med tradisjonelt beite meiner ein dei type husdyr som har vore i området tidlegare og i tilnærma same omfang som det har vore. Dette endrar ikkje på dei einskilde bruk sine beiterettar i området, og hindrar ikkje bruk som pr i dag ikkje har husdyr å ta opp att husdyrhaldet og utmarksbeitinga.

2.3. Vedhogst til hytter og stølshus i området er lovleg, men ein må ha særskilt dispensasjon for motorisert transport av veden, sjå kapittel 5.

2.4. Dette punktet regulerer hogst utover vanleg vedhogst til hytter og stølshus i området. Det er nokre område med drivverdig naturskog i området: frå Vona til Nesstølen i Nausta, i Dalsdalen vest for Ryssdalshornet, frå Osen til Berdalselva i Traudalen, og rundt Storevatnet i Gjengedalen. For det aller meste gjeld dette vedhogst. Det skal utarbeidast ein plan som syner korleis skogen skal drivast, og planen skal ta omsyn til verneverdiane. Det skal ikkje etablerast skog som einsrettar landskapet, og skogsdrifta skal legge til rette for det biologiske mangfaldet i skogen.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 45 Kapittel 3. Dyrelivet.

3.1. Jakt kan utførast i samsvar med regelverket i viltlova.

3.2. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar i verneområdet.

3.3. Forvaltning av freda rovvilt skjer i samsvar med ”Forskrift om forvaltning av bjørn, jerv, ulv og gaupe”, med eventuelle seinare endringar.

3.4. Fiske kan utførast i samsvar med regelverket i lakse- og innlandsfiskelova.

Kommentarar: Det er ikkje eigne reglar for jakt og fiske i landskapsvernområdet. Her gjeld såleis det vanlege regelverket for jakt og fiske. Eventuell motorisert transport i samband med jakt og fiske vert styrt av vernereglane i kapittel 5.

Med innføring av nye dyreartar meiner ein utsetjing av dyr som ikkje høyrer naturleg til i faunaen i området.

Det er ikkje eigne reglar for rovviltforvaltninga i landskapsvernområdet. Eventuelle fellingsløyver kan gjevast uavhengig av at området er freda som landskapsvernområde etter Naturvernlova.

Kapittel 4. Ferdsel.

4.1. All ferdsel skal skje med varsemd og slik at det ikkje skjer skade på naturmiljø eller kulturminner.

4.2. Store idrettsarrangement, større teltleirar og liknande, kan ikkje skje utan løyve frå forvaltningsstyresmakta.

4.3. Organisert bruk av hest er berre lovleg på vegar og trasear som er fastlagd gjennom ein forvaltningsplan eller på anna vis godkjent av forvaltningsstyresmakta.

4.4. Innanfor landskapsvernområde kan Direktoratet for Naturforvaltning ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

Kommentar til 4.1, 4.2 og 4.3: I utgangspunktet gjeld reglane om fri ferdsel i utmark også i landskapsvernområdet. Restriksjonane på organisert ferdsel er teke inn for å førebyggje konfliktar som kan oppstå i forhold til dyreliv og den mest sårbare delen av naturen, og i tilfelle sikre dialog mellom brukarane, eigarane og forvaltningsstyresmakta dersom slike restriksjonar er naudsynte. Desse reglane endrar ikkje på at ein for nokre typar arrangement også må ha løyve frå grunneigarar.

Utviklinga innan reiselivsnæringa viser at mange turoperatørar utviklar nye tilbod som over tid kan verte ein trussel mot verneverdiane. Kontroll med større arrangement og organiserte turar vil derfor virke førebyggande mot slitasje og skader på naturen og kulturminna.

Gjennom forvaltningsplanen må ein finne eit høveleg nivå for kva regulering og kontroll som er naudsynt på dette området: Det må fastsetjast grenser for kva ein skal rekne som større arrangement og som dermed treng løyve. Fastsetje kva arrangement og lokale arrangørar som ikkje treng løyve, til dømes skular og barnehagar. Faste arrangement bør kunne få fleirårige løyver dersom det ikkje oppstår konflikt i forhold til naturmiljøet.

Kommentar til 4.4: Denne regelen vil berre unntaksvis vere aktuell, og då truleg innanfor eit avgrensa område dersom det syner seg at ferdsla kan utgjere ein direkte trussel mot verneverdiane. Utarbeiding og eventuell innføring av slik forskrift vil skje etter reglane i forvaltningslova, jamfør naturvernlova § 22

46 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 5. Motorferdsel.

5.1. Motorferdsel er forbode både på land og på vatn, inkludert landing med fly og helikopter. Forbodet gjeld også bruk av modellfly, modellbåt og liknande dersom dei har motor.

5.2. Forbodet i punkt 5.1. gjeld ikkje: • Motorferdsel ved militær operativ verksemd • Oppgåver utført av politi, redningsvesen og brannvern. • Arbeid i samband med skjøtsel, oppsyn og forvaltning av området. • Motorferdsel langs godkjende traktorvegar og løyper for snøskuter i samband med hogst i samsvar med godkjent plan. • Bruk av påhengsmotor på heile Storevatnet i Gjengedalen. (Aktuelt dersom vernegrensa vert trekt tvers over vatnet.)

5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til bruk av luftfartøy, eller beltekøyretøy på vinterføre i samband med: • Transport av saltstein og liknande for husdyr på beite • Vedhogst • Storviltjakt • Transport av varer til hytter og stølar • Transport av materialer til vedlikehald og byggjearbeid på stølshus, hytter, gangbruer og liknande

Kommentar: Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag gjeld i tillegg til desse reglane, og i dei fleste tilfella må ein også ha løyve etter denne lova.

Det kan gjevast fleirårige dispensasjonar frå verneforskrifta dersom det gjeld årleg fast aktivitet som det kan gjevast dispensasjon for.

Desse vernereglane endrar ikkje grunneigar(ane) sin rett til å nekte eller regulere motorferdsel på eigen grunn.

IV – FORVALTNINGSPLAN.

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan sette i gang tiltak for å fremje formålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærmare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon m.m. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for Naturforvaltning.

Kommentarar: Målsettinga med forvaltningsplanen er å styre aktiviteten innanfor verneområdet slik at det ikkje oppstår unødvendige konflikter. Forvaltningsplanen skal syne korleis forskriftene skal praktiserast og vere eit hjelpemiddel for både forvaltningsstyresmakta, grunneigarar og andre brukarar av verneområdet. Retningslinjene i forvaltningsplanen må liggje innanfor ramma av verneforskrifta.

For å betre sikre verneverdiane og samstundes imøtekome brukarinteressene, kan det vere aktuelt å dele inn verneområdet i ulike forvaltningssoner med ulik dispensasjonspraksis.

Forvaltningsplanen skal rullerast med jamne mellomrom, eller etter behov, og minst kvart 10. år.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 47 V – GENERELLE UNNTAKSREGLAR.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå reglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje er i strid med verneformålet.

Kommentarar: Unntaket ”når formålet med fredinga krev det” kan til dømes vere avskyting eller fangst av ein dyreart som overstig bereevna til eit område.

Unntak for ”vitskaplege granskingar” er mest aktuelt i samband med forskingsaktivitetar.

Unntaket for ”vesentleg samfunnsmessig verdi” gjeld berre tiltak av nasjonal verdi.

Unntaket ”andre særlege tilfelle” gjeld små inngrep eller tiltak som er av stor verdi for søkjaren og som ikkje kjem i konflikt med verneformålet.

VI – FORVALTNINGSSTYRESMAKT.

Direktoratet for Naturforvaltning fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde.

Kommentarar: Forvaltningsstyresmakta for eit verneområde har ansvaret for å sikre ei utvikling i samsvar med verneformålet. Dei vil mellom anna ha ansvar og mynde til å handsame søknader om dispensasjonar, utarbeide forvaltningsplan, organisere oppsyn, samarbeide med andre styresmakter, lag og organisasjonar, og halde kontakt med eventuelle rådgjevande utval.

Direktoratet for Naturforvaltning er delegert mynde frå Miljøverndepartementet til å fastsette kven som skal vere forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Kommunane kan be om å verte forvaltningsstyresmakt dersom dei er interessert, det er utarbeidd ein god- kjend forvaltningsplan, og dei har naudsynt kompetanse. Sidan dette verneområdet omfattar 4 kommunar, må ein ha same forvaltningsnivå i alle kommunane..

VII – RÅDGJEVANDE UTVAL.

Forvaltningsstyresmakta kan opprette rådgjevande utval for forvaltning av Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde.

Kommentarar: Det er vanleg å oppnemne eit rådgjevande utval for alle større verneområde. Utvalet bør vere felles for alle kommunane og vere sett saman ut frå brukarinteresser, geografi og forvaltningsmessige utfordringar. Utvalet skal gje forvaltninga råd og fråsegner i samband med generelle forvaltningsspørsmål og eventuelle enkeltsaker av prinsipiell karakter.

VIII – VERKNADSTIDSPUNKT.

Denne forskrifta gjeld frå og med ……………..

48 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 5.3. Framtidig forvaltningsordning for landskapsvernområdet.

Frå og med 1999 har Direktoratet for Naturforvaltning fullmakt til å delegere forvaltningsstyresmakta for landskapsvernområde frå fylkesmannen til kommunane i det aktuelle området. Føresetnaden for ein slik delegasjon er at: • kommunen er interessert i å ta over dette ansvaret • det er utarbeidd godkjend forvaltningsplan • kommunen har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å ta på seg forvaltninga

I Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde er det 4 involverte kommunar og det er truleg ikkje aktuelt å overføre forvaltningsansvaret til kommunane med mindre alle 4 kommunane kan ta på seg dette. Forvaltningsmynde vert overført til den einskilde kommune, og ikkje til eit felles interkommunalt forvaltningsorgan. Men i eit slikt område er det likevel ynskjeleg og naudsynt at kommunane samarbeider og har felles haldning og praksis i forvaltningsarbeidet.

Under høyringa er det viktig at kommunane gjev uttrykk for om dei ynskjer å ta på seg den framtidige forvaltninga av landskapsvernområdet.

5.4. Forvaltningsplan.

Utarbeiding av ein forvaltningsplan for området vil vere viktig for nærare å avklare tilhøvet mellom bruk og vern. Forvaltningsplanar har vist seg som eit godt verkemiddel for å få til ei heilskapleg forvaltning av verneområde. Det gjeld mellom anna at det vert gjeve retningslinjer for korleis søknader om dispensasjon frå vernereglane vil bli handsama, og gjennomgang av retningslinjer og tiltak som er ønskjelege for å ta vare på kvalitetane og verdiane i området.

Det er eit mål å utarbeide eit framlegg til forvaltningsplan innan eit år etter vedtak i Regjeringa om oppretting av landskapsvernområdet og godkjenning av fylkesdelplanen.

Utarbeiding av forvaltningsplan for området vil skje med medverknad frå grunneigarar, kommunane og organisasjonar. Eit framlegg til forvaltningsplan vil gå ut på høyring før planen kan godkjennast. Det er Direktoratet for naturforvaltning som skal godkjenne forvaltningsplanen.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 49 KAP 6. RETNINGSLINER FOR AREALBRUKEN UTANFOR LANDSKAPSVERNOMRÅDET.

6.1. Bakgrunn Retningslinene i denne planen skal leggjast til grunn for kommunen si planlegging og forvaltning av desse områda. (jfr. plan- og bygningslova §§19-6, 20-6) Retningslinene skal bidra til å sikre ei heilskapleg forvaltning av planområdet i samsvar med mål og strategiar for arealdelen: “Innan det samanhengande fjellområdet medrekna stølsdalane, skal det sikrast eit attraktivt natur- og kulturlandskapsområde for utøving av naturbasert friluftsliv og tradisjonell landbruksdrift som tek vare på kvalitetane i området”. Jamfør kap 3.

Mykje av formmangfaldet og kvalitetane i landskapet ligg i randsonene til fjellområdet. Stølsdalane utgjer det meste av desse randsonene. Men det er også her bruksinteressene er størst, samstundes som dei er innfallsportane til fjellområdet som utgjer kjernen i det tilnærma inngrepsfrie fjellområdet.

Det er derfor viktig at dei same omsyna til natur- og kulturlandskap vert sikra gjennom kommunale arealplanar for desse områda og at utbyggingstiltak som til dømes hytter og landbruksvegar vert lokalisert og utforma med dette for auge. Ved utarbeiding av desse planane bør kommunane derfor legge til grunn ein god fagleg metodikk for å sikre at kvalitetane og verneverdiane i områda vert teke omsyn til. Dette kan konkret skje ved at det skal utarbeidast områdeanalyse/landskapsanalyse som eit grunnlag for arealplanlegginga.

Ved ei eventuell kraftutbygging av vassdraga frå Vonavatn og nedover i Nausta, og frå Storevatnet og nedover i Gjengedalsvassdraget, må konsekvensutgreiinga i samband med konsesjonssøknaden spesielt legge vekt på omsynet til villaksen og landskapsbildet i områda.

6.2. Avgrensing av området for fylkesdelplanen. Som det går fram av kap. 4.3. ligg dei fleste stølsdalane utanfor landskapsvernområdet (LVO), ettersom det vart lagt til grunn at grensa for LVO som hovudprinsipp skulle trekkjast utanom stølsdalane. Her er også skissert ein modell som definerer utstrekninga av ein stølsdal inndelt i to overordna landskapsrom: tilkomstsona og stølssona. Retningslinene for fylkesdelplanen vil gjelde frå grensa for landskapsvernområdet og nedover til omlag der den faste busetnaden tek til. Den eksakte plangrensa må gjerast ved utarbeiding av kommunedelplanen. I eit av dei underliggjande dokumenta til planen (stølsdalsnotatet) er det gjort ei enkel landskapsanalyse for dei viktigaste stølsdalane som kan nyttast som ei avgrensing mot grenda i det vidare planarbeidet. Vi har også skissert avgrensinga på plankartet.

6.3. Hovudinnfallsportar til fjellområdet. Vi har lagt til grunn at desse stølsdalane er mykje brukte som turområde eller som turutgangspunkt inn i fjellområdet, har lett tilkomst, ligg nær større sentra eller riksveg eller har spesielt stor opplevingsverdi. (sjå også temakart 5)

1. Nes - Vonavatn i Naustdal 2. Gjengedal - Storevatn i Gloppen 3. Langedalen i Gloppen 4. Rygg - Traudalen i Gloppen 5. Fitjedalen i Gloppen 6. Eimhjellen - Rombergvatn i Gloppen 7. Årdal - Legestøylen i Jølster 8. Ålhus - Gotdalen i Jølster

50 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 6.4. Felles retningsliner for kommunale arealplanar i området.

1. Kommunane i Naustdal/Gjengedalsområdet skal planleggje stølsdalane på ein heilskapleg måte i samsvar med mål og strategiar i felles fylkesdelplan og verneplan for området. I stølsdalane og andre tilgrensande område til landskapsvernområdet skal det ikkje skje bygging utan etter plan, dvs kommunedelplan eller reguleringsplan etter plan- og bygningslova, eller i samband med konsesjon etter vassdragslovgjevinga.

2. I stølsdalane kring landskapsvernområdet skal kommunen leggje til grunn ei streng haldning til bruk av dispensasjon etter §7 i plan og bygningslova. Som hovudregel skal det ikkje gjevast dispensasjon i enkeltsaker eller frå plankrav til arealbruken i vedteken plan. Søknader om dispen- sasjon skal leggjast fram for fylkesmannen og fylkeskommunen før kommunen tek avgjerd.

3. Som fagleg innspel til planarbeidet i stølsdalane som er definert som hovudinnfallsportar til fjellområdet, skal det utarbeidast ei landskapsanalyse/områdeanalyse som sikrar at natur- og kulturlandskapskvalitetane i området vert sikra, og slik at eventuelt nye utbyggingstiltak vert lokalisert og utforma i samsvar med målsetjinga.

4. Fylkeskommunen og fylkesmannen skal gi kommunane fagleg hjelp og rettleiing i arbeidet med områdeanalyser. Kostnadene ved utarbeiding av områdeanalyser bør finansierast i fellesskap mellom fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane.

5. Tiltak i samsvar med godkjende planar etter plan- og bygningslova i stølsdalane som er definert som hovudinnfallsportane skal ha høg prioritet ved tildeling av offentlege verkemiddel.

6.5. Felles retningsliner for tiltak i landbruket. Dette gjeld for tiltak som krev løyve etter jordlova eller skogbrukslova, til dømes vegbygging og nydyrking, og ved forvaltning av offentlege midlar til næringsutvikling.

1. Planlegging, forvaltning og tiltak etter jord- og skoglova skal ta særskilt omsyn til stølsdalane sin verdi som innfallsportar til fjellområdet.

2. Ved søknad om godkjenning av større tiltak i dei stølsdalane som er definerte som hovudinnfallsportar, bør det gjennomførast ei analyse som tek for seg stølsdrift, utmarksbeite, skogbruk, landbruksvegar, kulturlandskap, landskapsestetikk og biologisk mangfald. Dette gjeld særleg ved vurdering av søknader som kommunen vurderer som konfliktfylte i høve til kommunale planar eller overordna mål og retningsliner i denne planen. Slike søknader skal leggjast fram for fylkesmannen og fylkeskommunen før kommunen tek avgjerd.

3. Godkjende tiltak innafor landbruket i stølsdalane skal ha høg prioritet ved tildeling av offentlege verkemiddel.

6.6. Retningsliner for eventuell kraftutbygging utanfor verneområdet.

Ved eventuell søknad om konsesjon på kraftutbygging etter vassdragslovgjevinga vert det, i alle høve for anlegg over 40 GWh, utarbeidd konsekvensutgreiing. For mindre anlegg vert trongen for konsekvensutgreiing og konsesjonsplikt vurdert i kvart enkelt tilfelle.

1. Ved søknad om kraftutbygging må ein særleg ta omsyn til nærleik og innfallsportar til fjellområdet. Områdeanalyse med vurdering av landskapsbilde, kulturminne og kulturlandskap, skal leggjast til grunn for alle nye tiltak og inngrep. Manøvreringsreglementet skal sikre naturleg vannstand i lengst mogleg grad i sommarhalvåret.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 51 2. Ved søknad om kraftutbygging av Nausta og Gjengedalsvassdraget skal omsynet til laksestammane i området leggjast til grunn. Lokalisering av kraftstasjonar, vassinntak, vasstemperatur, minstevassføring og andre forhold som er viktige for å sikre ei berekraftig forvaltning av laksestammane skal utgreiast i samband med konsesjonssøknaden.

3. Ved konsesjonssøknad på Gjengedalsvassdraget gjeld følgjande maksimale reguleringshøgder: • Maksimal senking av Storevatnet med 3,5 – 4 meter. • Maksimal senking av Dalevatnet med 5 meter.

4. Ved konsesjonssøknad på Naustdalsvassdraget gjeld følgjande reguleringshøgder: • Vonavatnet kan ikkje regulerast meir enn det som tilsvarar den naturlege årsvariasjonen

5. Det skal utgreiast kva konsekvensar tiltaka har for anna næringsutvikling i området.

6. Kommunane og lokalsamfunna som vert berørt skal sikrast ei langsiktig økonomisk kompensasjon.

Ved Gjengedalstølen: Deler av Storevatnet og med Dalevatnet i bakgrunnen. Hyttefeltet Dalelia ligg til venstre på åsryggen mellom dei to vatna.

52 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 KAP 7. BUSETNAD OG NÆRINGSLIV I BYGDENE RUNDT VERNEOMRÅDET.

7.1. Bakgrunn og avgrensing i forhold til kommunane sitt ansvar.

Utgangspunktet for fylkeskommunen si deltaking i planarbeidet gjennom ein fylkesdelplan var primært å få ei forankring av planleggingsprosessen i lokale og regionale folkevalde organ fram til eit endeleg vernevedtak. Hovudfokus har derfor vore å avklare tilhøve mellom vern, kraftutbygging og andre brukarinteresser, og gjennom forhandlingsplanlegging dra opp grensa for verneområdet og kva lov og retningsliner som skal gjelde innafor det samanhengande planområdet. Jamfør kap 3.

Men felles fylkesdelplan og verneplan for Naustdal - Gjengedal har også som overordna mål å bidra til å styrke næringsutvikling og busetnad i bygdene rundt det aktuelle området. Av dei fire kommunane i planområdet er det Naustdal og Gloppen som vert mest berørt, særleg bygdene i Instedalen i Naustdal og Hyen - Gjengedalsområdet i Gloppen. Deretter bør nemnast Ålhus, Årdal, Helgheim og Førde i Jølster, og Indre Angedalen i Førde. Felles for desse bygdene er at landbruk tradisjonelt har vore ei dominerande næring.

Det ligg utafor ramma for dette planarbeidet å trekke opp konkrete tiltak for ei brei nærings- og busetnadspolitikk i kommunane i området. Men fylkesdelplanen bør likevel skissere modellar og strategiar der fylkesnivået forpliktar seg til å bidra i det vidare arbeidet med næringsutvikling i område som vert berørt. Under tiltak er det skissert ein samarbeidsmodell mellom fylkesnivået, kommunane og dei berørte bygdelaga og aktuelle organisasjonar. For å gjere samarbeidet forpliktande, handlingsretta og lokalt forankra vil vi tilrå at arbeidet vert organisert som eit fylkesplanprogram der kommunane får programansvaret.

Det vert dermed kommunane i samarbeid med dei berørte bygdelaga som har ansvaret for gjennomføringa. Programarbeidet må samordnast med det rullerande kommuneplanarbeidet, basert på strategiar for næringsutvikling og bygdeutvikling.

7.2. Mål og strategiar.

Overordna mål: • Bidra til å styrke næringsutvikling i bygdene rundt verneområdet.

Overordna strategi: • Formulere ein politikk for miljøbasert næringsutvikling i området. • Sikre kommunal oppfølging.

Mål og strategiar for berekraftig bygdeutvikling:

1. Berekraftig bygdeutvikling og næringsutvikling skal sjåast i samanheng med verneføremålet og forvaltninga av stølsdalane Som del av vernestrategiane må det arbeidast for at tradisjonelle næringar kan oppretthaldast og utviklast innafor rammene av overordna nasjonale målsetjingar. Det må leggast til rette for framleis aktiv bruk til tradisjonelt friluftsliv. Lokale initiativ for berekraftig utvikling i eksisterande og nye næringar må stimulerast.

2. Betre kunnskapsgrunnlag for vern og utvikling Det må utviklast betre kunnskap om verknadene av ulike former for areal- og ressursbruk på verneinteressene, som grunnlag for forvaltning og verkemiddelbruk. Lokal kunnskap og tradisjonar om bruk av utmarka må vektleggjast og formidlast til nye generasjonar. Denne kunnskapen må haldast fram som viktig for kulturell identitet og trivsel, og dermed som eit viktig grunnlag for busettinga.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 53 3. Sikre tradisjonell landbruksnæring Landbruket må utviklast på ein måte som sikrar busetting og utnytting av lokale ressursar til matproduksjon, bevaring av biologisk mangfald, kulturmiljø og kulturminne. Utvikling av miljøbasert næringsutvikling i landbruket må prioriterast og samordnast med verne- og arealforvaltninga. Tilleggsnæringar i landbruket bør i størst mogleg grad inngå i ein strategi for utvikling og framhald av tradisjonelt landbruk i og nær verneområdet og stølsdalane. Moglegheitene som ligg i kombinasjon av miljøbasert landbruksproduksjon, lokalt samarbeid om vidareforedling, støls- og gardsturisme, og utnytting av lokale jakt- og fiskeressursar må utnyttast betre.

4. Prioritere forsking og forsøk om landbruk og vern Staten og regionale forskingsmiljø og forvaltningsstyresmakter bør prioritere forsking- og utviklingsarbeid knytt til framtidige driftsformer i området, med vekt på alliansar mellom landbruksnæring og vern, og skjøtsel av kulturlandskap og kulturmiljø.

5. Auke reiselivet sin verdi for sysselsetting og aktivitet Reiselivspotensialet knytt til fjellområdet, stølsdalane og levande bygder må utnyttast betre gjennom samarbeid, vektlegging på kultur- og miljøbasert turisme og samspel mellom tyngre reiselivsområde i tettstadane og småskala bygdeturisme.

6. Eventuell kraftutbygging må sikre ei langsiktig, berekraftig verdiskaping for kommunane og lokalsamfunna. Uavhengig av om det vert kraftutbygging eller ikkje, er vassdraga viktige både i tradisjonell næringssamanheng, som rekreasjonsområde for ålmenta og som identitets- og trivselsfaktor. Ved ei utbygging må ein sikre at desse kvalitetane vert tekne omsyn til. Likeeins må det formulerast krav til konsesjonshandsaminga slik at konsekvensane av kraftutbygging for lokalsamfunna og eksisterande næringsliv vert utgreidd. Det er gjennom konsesjonssøknad, basert på konsekvensutgreiing for miljø, natur- og samfunn, ein kan påverke utforming av tiltak som kan bidra til å sikre at vassdraga ikkje vert forringa som lakseelv og rekreasjonsområde, eller at utbyggingstiltak ikkje fører til negative konsekvensar for anna næringsutvikling.

7.3. Tiltak.

1. Program for næringsutvikling og bygdeutvikling. Programmål: • utvikle småskala næringsaktivitetar basert på natur-, kultur- og miljøressursane på ein berekraftig og miljøvenleg måte. • utvikle lokale nyskaping- og etableringsmiljø i og mellom bygdelag og tettstader. • samordne og prioritere verkemiddel gjennom eksisterande ordningar og arbeid med prosjekt/tiltak som kan utløyse eksterne verkemiddel. Dette bør gjennomførast innan 4 år etter at planen er godkjent.

Programorganisering: I det ordinære fylkesplanprogramarbeidet er det lagt opp til at fylkeskommunen har det overordna programansvaret. Dersom programansvaret ligg utanfor fylkeskommunen, skal ansvarsforholda klargjerast i avtale. I dette programmet er programansvaret lagt hjå dei berørte kommunane gjennom eit interkommunalt styre.

Programstyre: Politisk valte representantar frå Naustdal, Gloppen, Jølster og Førde Programgruppe: Representantar frå kommunane, fylkesmannen, fylkeskommunen, aktuelle organisasjonar og bygdelag Programleiar: Oppnemnast av programgruppa

Det skal utarbeidast ei avtale mellom kommunane, fylkesmannen og fylkeskommunen.

54 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 Kommunedelplanar for stølsdalane (Jamfør retningslinene kap. 6 ) Kommunane bør prioritere arbeidet med kommunedelplanar for stølsdalar med særleg store bruks- og verneinteresser og/eller i hovudinnfallsportane til fjellområdet. Eit handlingsprogram for skjøtsel og forvaltning av kulturlandskap, kulturminne og biologisk mangfald bør inngå i kommunedelplanane. Planane bør også ta for seg næringsutvikling i landbruket med m.a. stølsdrift, utmarksbeite, skogforvaltning, landbruksvegar og tiltak innan jakt og fiske. Kommunedelplanane bør fokusere på organisering av fellestiltak og samarbeidsløysingar.

Skular og aktuelle lag og organisasjonar bør knytast opp til arbeidet som t.d. prosjektarbeid i skulen for å styrke barn og unge sin tilhørigheit til bygda.

Kommunedelplanarbeidet skal samordnast med programarbeidet.

7.4. Oversikt over offentlege verkemiddel til næringsutvikling i desse områda. Vi nemner her dei ulike ordningane som finst for økonomisk stønad til næringsutvikling.

1. Bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane). I 1999 hadde ein omlag 45 mill kr til disposisjon i BU-midlane i heile fylket, og som vart nytta til: • Utgreiing og tilrettelegging av næringsutvikling på bygdene • Etablerartiltak • Bedriftsutvikling • Investeringsstønad og lån til konkret næringsutbygging innan både tradisjonelt jord- og skogbruk og tilleggsnæringar på gardsbruk • Praktikantar og onnebarnehagar

Midlane er hovudsakleg retta mot småskala næringsutvikling på og i tilknyting til gardsbruk i heile fylket. I den vedtekne strategien for BU-midlane er det ikkje spesielle føringar for næringsutvikling i og ved verna område.

Frå og med 01.01.2000 vart dei bedriftsretta midlane overført til SND, og dermed har ikkje fylkesmannen styring over dette som tidlegare.

2. Levedyktige bygder. I fylkesplanen er det skissert ulike strategiar for å oppretthalde folketal og busetnadsmønsteret i fylket. Under programområdet levedyktige bygder har vi to aktive prosjekt: • Bygdeutviklingsprogrammet. Målsettinga er lokal mobilisering i utvalde bygder som vert med i ein periode over tre år. Bygdene som deltek får finansiell støtte i 3 år gjennom BU- midlane og løyving frå kommunane. Hyen Utviklingslag er for tida med i dette prosjektet. • Levande bygder. Målsettinga er å analysere samspelet mellom utkant og senter i utvalde område, og å prøve ut konkrete verkemiddel for å utvikle samspelet. Finansiering gjennom BU, fylkeskommunen og kommunane. Innafor planområdet er det ingen kommunar eller bygder som for tida deltek i dette prosjektet.

3. Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond, SND. Bruken av SND-midlane vert samordna med BU-midlane. SND-midlane går i hovudsak til næringsutvikling utanom landbruk, og jamt over til større næringsprosjekt enn det som er aktuelt for BU-midlane. Frå og med 01.01.2000 vert mesteparten av BU-midlane og dei bedriftsretta midlane forvalta av SND. I dei vedtekne strategiane for SND- og BU-midlane er det ikkje føringar som prioriterer bygder og kommunar med verneområde.

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000 55 4. Kommunale næringsfond. Alle kommunane Gloppen, Førde, Jølster og Naustdal har kommunale næringsfond som årleg forvaltar mellom 400 - 600 000 kr til diverse næringstiltak. Desse fonda er ikkje spesielt retta inn mot dei aktuelle bygdene i planområdet.

5. STILK, Spesielle tiltak i landbruket sitt kulturlandskap. Dette er økonomiske midlar som vert forvalta av fylkesmannen, og i 1999 hadde vi her i fylket ei samla ramme på omlag 10 millionar. Dette skal framleis forvaltast av fylkesmannen. Fellestiltak og tiltak som er i samsvar med overordna planar vert prioritert, og i praksis har ein også lagt vekt på om tiltaket er innan etablerte landskapsvernområde. For å kunne etablere gode samarbeidstiltak i eit område, er det mogeleg å få ekstra stønad til planlegging av slike områdetiltak.

6. Spelemidlane. For at ein søknad om spelemidlar til anlegg for idretts- og friluftsliv skal kunne fremjast, er det eit vilkår at anlegget er prioritert i handlingsprogrammet i ”Kommunedelplan for anlegg og område for idrett og friluftsliv” i kommunen. For store anlegg er det eit vilkår at anlegget er prioritert i ”Handlingsprogrammet i fylkesplanen for idrett” for at det skal kunne få spelemidlar.

Prioriterte anlegg: Nærmiljøanlegg og rehabilitering er prioriterte anleggstypar, til saman omlag 4 mill kr pr år. Ordinære anlegg er ikkje prioriterte anleggstypar, og friluftslivsanlegg og opprusting av his- toriske ferdselsvegar er i denne gruppa. Økonomisk ramme har vore omlag 8 mill av ei søk- nadsmasse på over 20 mill pr år.

7. Friluftslivmidlar Fylkesmannen har dei siste åra disponert kr. 280 000 pr. år til friluftslivtiltak. Tiltak i verneområde og tilkomstområde til verneområde har vore prioritert.

8. Økonomisk kompensasjon ved eventuell kraftutbygging. Ved eventuell kraftutbygging vert det fastsett ulike former for økonomisk kompensasjon til grunneigarane, kommunen, fylkeskommunen og staten. Ved til dømes ei utbygging av Gjengedalsvassdraget med omlag 200 GWh reknar SFE med at kommunen vil få mellom 4 – 5 mill kr pr år, fylkeskommunen ca 400 000 kr/år. Vi viser her til faktagrunnlaget side 52 – 55.

56 Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal Ð Gjengedal ¥ H¿yringsutkast mars 2000