Saksdokument Til Rådsmøte 16. Mars 2021

Saksdokument Til Rådsmøte 16. Mars 2021

Fyresdal Kviteseid Nissedal Seljord Tokke Vinje INNKALLING TIL RÅDSMØTE Til: Ordførarane og rådmennene i Vest-Telemark Dato: Tysdag 16. mars 2021 kl.09.30 Stad: Møterom Roan, Fyresdal næringshage Kviteseid, 11. mars 2021 SAKLISTE 09/2021 Referat førre møte 10/2021 Orienteringar 1) Forskarpatruljen inkl. besøk i laben ved Olav Veum og Oddbjørn Rennen Svendsen 2) DigiTV ved Carolina Toll, prosjektleiar, teamspresentasjon 3) Kunstsamling av Harald Kihle ved Dag Rorgemoen, Vest-Telemark Museum 4) Skulestruktur i Vest-Telemark ved Jan Gullik Sørbø, Vestfold og Telemark fylkeskommune, og John Erik Robertsen, Vest-Telemark vidaregåande skule 5) Status småbruksprosjekt ved Johannes Rindal 6) Status klimaplan ved Anne Aasmundtveit 11/2021 Årsrekneskap og årsmelding 2020 12/2021 Vidareføring av digitaliserings- og velferdsteknologiprosjekta 13/2021 Høyringsuttale til NOU 2020: 15 Det handler om Norge (Demografiutvalet) 14/2021 Strategi for utvikling av vegnettet i Vest-Telemark 15/2021 Uttale til Nasjonal turiststi for Venelifjell 16/2021 Møte med telemarksbenken 18. mai 2021 17/2021 Framlegg til opplegg og sakliste for Vest-Telemarktinget 20. april 2021 18/2021 Eventuelt Referat frå teams-møte i Vest-Telemarkrådet 2. februar 2021 kl. 10.00 – 12.40 Tilstades: Regionordførar og ordførar i Tokke Jarand Felland Regionvaraordførar og ordførar i Nissedal Halvor Homme Ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide Ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen Ordførar i Kviteseid Bjørn Nordskog Leiar i rådmannsutval og rådmann i Vinje Jan Myrekrok Rådmann i Tokke John Kleiv Rådmann i Nissedal Sverre Sæter Kst. rådmann i Seljord Frid Berge Rådmann i Fyresdal Une Marit Tangen Terje Riis-Johansen, Fylkesordførar i Vestfold og Telemark Tom Omnes Lia, Vestfold og Telemark Fylkeskommune Regionrådsleiar i VTR Anne Aasmundtveit Utviklingsleiar i VTR Johannes Rindal Geir Ufs, Vest-Telemark Blad Karianne Karlsen Resare, KS Vibeke Resch-Knudsen, Statsforvalteren Vestfold og Telemark Lill Susan Rognli Vale, ( under orienteringssak om reiselivsstrategi) Siri Blichfeldt Dyrland, Ordførar i Midt-Telemark (under orienteringssak om Bø-Veka) Regionordførar ønska velkomen til møte i Vest-Telemarkrådet i Teams. Frid Berge til eventuelt: Om NOU Demografiutvalet. Sak 01/2021 Referat frå rådsmøtet 17. november 2020 Vedtak: Referat frå rådsmøtet vart godkjent Sak 02/2021 Referatsaker 1. Søknadsinvitasjon prosjektskjønnsmidlar 2021 Regionrådsleiar gjorde greie for saka. Dette handlar både om beløp og modell. Beløpet er redusert i år, og det er varsla at ein endrar modellen frå regional fordeling (gjennom regionråda) til søknadsbasert prosjektpott frå 2022. Vedtak: Referatsaka vart tatt til vitande Sak 03/2021 Orienteringar 1) Felles reiselivsstrategi ved Anne Aasmundtveit Administrasjonen har gjennom 2020 jobba med å følgje opp Vest-Telemarktinget si bestilling om å avklare interessa i reiselivsnæringa, for om/korleis ein skal gå vidare. Koronaen har gjort arbeidet krevjande. Digital undersøking til 80 bedrifter i regionen der ein ber om attendemeldingar på felles strategi og berekraftsmerking. 31 svar. Stor andel positive til å arbeide vidare med felles strategi og berekraftsmerking av Vest-Telemark. 4 ulike vegval: 1. Masterplan 2. Berekraftsmerking 3. Kombinasjon av 1 +2. 4. Regional reiselivsstrategi. Fleire møte med aktuelle aktørar for å informere og forankre. Fylkeskommunal reiselivsstrategi og nasjonal reiselivsstrategi er under arbeid. Berekraft vil vere i fokus i begge desse. Det vil kome eiga sak om endeleg retningsval og finansiering. 2) Søknad til TUF om støtte til Bø veka- møteplass for distriktsutvikling Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland (Midt-Telemark) gjorde greie for saka. Ynskjer å starte Bø-veka, etter modell frå Arendalsveka. Fokus på distriktsutvikling, innovasjon, berekraft. Møteplass og arena, som skal bidra til auka attraksjonsverdi og marknadsføring. Søknad til TUF no for å få på plass prosjektleiar og kunne planleggje arrangementet. Jon Rikard Kleven/Halvor Homme/Erik Skjervagen: Positiv til dette. Vonar Vest- Telemarkrådet stør dette, og at TUF løyver midlar. Vil ta tid å byggje opp dette. Beate Marie Dahl Eide: Veldig spennande initiativ. Stiller litt spørsmål ved prosessen og forankringa. Delvis overlappande med det Dyrskun prøver å få til, som nasjonal møtearena for distrikt, næring og kultur. Bjørn Nordskog: Veldig spennande. Problemstillingane frå Seljord må ein ta med vidare i prosessen. Oppsummering ved Jarand Felland: Mange gode attendemeldingar og nokre innvendingar. Vest-Telemarkrådet står ikkje bak søknaden per no. Vedtak: Orienteringane vart tatt til vitande Sak 04/2021 Høyringsuttale til ny fylkeskommunal kulturstrategi Regionrådsleiar gjorde greie for saka. Uttala peiker på at kommunane bør vere ei målgruppe, ikkje bare ein samarbeidspartnar. Kulturskulen må nemnast – er den største lokale kulturarenaen. Uttala løftar fram frivilligsentralane. Bygningsvernsatsinga er eit viktig felt som må vidareførast med base ved Vest-Telemark Museum. Vinjesenteret, Folkekultur og Frivillighetens år 2022 er foreslått inn i strategien. Postiv tilbakemelding frå fylkesordføraren om at uttala inneheld konkrete innspel som fylkeskommunen vil kunne ta med seg inn i sluttarbeidet med kukturstrategien. Vedtak: Vest-Telemarkrådet vedtek høyringsuttala til ny fylkeskommunal kulturstrategi slik den ligg føre. Sak 05/2021 Vi har ingen fleire å miste (handlingsplan) Utviklingsleiar gjorde greie for saka. Une Marit Aarbakk Tangen oppmoda om namneskifte på handlingsplanen då Fyresdal nyttar dette prosjektnamnet. John Kleiv orienterte om at Tokke har løfta tematikken. Plan- og haldningsarbeid i gong. Kan vere eit godt bidrag inn i det regionale arbeidet. Frid Berge løfta fram at det var så bra at arbeidet har kome så raskt i gang etter at saka var opp i rådet 17. november 2021. Bør òg vere tema på regionale politiråd. Viktig med god samhandling med politiet. Bjørn Nordskog: Viktig arbeid. Løfter saka i ungdomsrådet og lokalt politiråd. Lokal forankring avgjerande. Vedtak: Vedtak: Vest-Telemarkrådet startar opp arbeidet med å lage ein plan med visjonen “Null skadde og drepte ved motorisert ferdsel i Vest-Telemark", slik det er skissert i saka. Sak 06/2021 Teamsmøte med Telemarksbenken Rådsmøtet drøfta tema og kven som kunne presentere dei i møtet med benken. 1. Statusoppdatering koronasituasjon presentert ved Erik Skjervagen a. Kompensasjonsordningar for næringslivet Oppmoding om meir kommunal fordeling. b. Smitteverntiltak, hovudbodskap meir regional differensiering 2. Nasjonal Transportplan 2022-2033 presentert ved Jarand Felland 3. Samanslåing Vestfold og Telemark / Statsforvaltar presentert ved Halvor Homme Jon Rikard Kleven ber om at arbeidsutvalet fordelar ansvar for tema i møtet med benken i god tid i forvegen slik at rådsmedlemmane kan betre førebu seg. Vedtak: Vest-Telemarkrådet har denne sakslista til møtet med benken: 1. Koronasituasjonen 2. Nasjonal Transportplan 2022-2033 3. Samanslåing Vestfold og Telemark / Statsforvaltar Sak 07/2021 Desentralisert avhøyr av barn Bjørn Nordskog gjorde greie for saka. Beate Marie Dahl Eide syns det var eit særdeles godt initiativ. Ynskjer òg at Vest-Telemark skal sjå nærare på krisesentertilbodet. Vedtak: Vest-Telemarkrådet er positive til at det blir lagt til rette for desentralisert barneavhøyr lokalisert til Kviteseid. Sak 08/2021 Eventuelt NOU 2020: 15 Det handler om Norge (Demografiutvalget) Vedtak Vest-Telemarkrådet vedtek samla uttale på rådsmøtet 16. mars. Kommunane blir invitert til å kome med innspel. Vest-Telemark vidaregåande skule Mulig styrking av skoletilbudet i Vest-Telemark Februar 2021 Innhold 1. Bakgrunn ........................................................................................................................ 1 1.1. Vedtak i fylkestinget om skoletilbudet i Vest-Telemark for 2021-2022 ........................................ 1 1.2. Tidligere vedtak .............................................................................................................................. 1 2. Skoletilbud og elevgrunnlag ............................................................................................ 3 2.1. Skoletilbud og elever på Vest-Telemark vgs. 2020-2021 ............................................................... 3 2.2. Hvor går elevene fra Vest-Telemark skoleåret 2020-2021 ............................................................ 3 2.3. Skoletilbudet på Vest-Telemark vgs. vedtatt for 2021-2022 ......................................................... 6 2.4. Elevgrunnlag i Vest-Telemark årene framover .............................................................................. 7 3. Behov, ønsker og forslag ................................................................................................. 7 3.1. Vest-Telemarkrådet ........................................................................................................................ 7 3.2. Næringslivet ................................................................................................................................... 7 3.3. Ungdomsorganisasjoner ................................................................................................................ 7 3.4. Skolen ............................................................................................................................................. 7 4. Muligheter og begrensninger .......................................................................................... 8 4.1. Mulige nye tilbud ..........................................................................................................................

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    89 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us