Åmdal og Åndalsnes Av Helge Sandøy Åndalsnes er ikkje det namnet seier, altså eit nes under ein gard Åndal, der det så har vakse fram ein turist- og stasjonsby. Denne sjølvsagte lesemåten er brukt i ymse leksikon, deriblant Norsk stadnamnleksikon, der namnet er tolka som eit gardsnamn + appellativet nes. For den historisk interesserte er namnet Åndalsnes forvirrande. L Historikk Denne staden har heitt Nes fram til moderne tid, og ein kan framleis høre det namnet brukt i tale i næraste området ikring Åndalsnes. I skrift var det og heilt vanlig til langt inn på 1900-talet. Knut Næs (1960:9) fortel at «Det var postverket med poststemplet som forandret navnet til Åndalsnes, ved å sette gårdsnavnet Åndal foran. Dette ble visstnok gjort i 1890-årene for å unngå forveksling, da det var flere steder som hadde navnet Næs.» Poststaden med stempelet «Aandalsnæs» blei oppretta frå 1/4 1888. (Forma «Åndalsnes» kjem på stempel frå 1921, opplyser Åkvik 1983:195.) Garden Nes må representere den eldste busetnaden her. Garden er kjent frå mellomalderen. Men både naturnamnet, plasseringa og jordsmonnet gir grunn til å tru at garden kan vere mye eldre. Namnet dukkar første gong opp i 1354, da den mektige riddar og tidligare drottsete Erling Vidkunnsson gir heile Giske- godset til dottera Ingeborg 24. januar i eit gåvebrev «er gort var a Nese j Raumsdale» (DN 11:264). Garden låg da under Giske-godset. Dette skøytet blir skrive etter at Bjarne, einaste sonen åt Erling Vidkunnsson, døydde same året. Året etter døyr herr Erling sjølv, og dei lange stridane om Giske-godset be- gynner. Neste gong er gardsnamnet Nes nemnt i eit brev frå 1364 der noe jord (siav aura boljardar) blir avstått «j Nessi j Sanda garde j Raumsdals attongh» (DN NAMN OG NFMNF. 8-1991 Åndalsnes med utsyn opp gjennom Romsdalcn. Isfjorden til venstre. (Foto: Fjellanger Widerøe A.S.) 111:269). Denne Sandcgarden er ikkje kjent seinare, men namnet kan kanskje tolkas som eit bruksnamn under Nes. Nes-garden ligg på ein stor sandmel austom utløpet åt Rauma. Namnet dukkar så opp mange gonger i kjeldene fram gjennom hundreåra. I Aslak Bolts jordcbok frå 1433 er garden nemnt, og den administrative eininga som både før og seinare heiter Romsdals åttung, er her kalla Ness attunghe (AB 76). Same nemninga er og brukt i Tiendskattemanntalet frå 1520-21 (s. 85). Her er det nemnt tre gardbrukarar på «Ness» som skattar, i tillegg til «Gunnolff», som er for fattig til å betale skatt. Dette manntalet er det eldste 'folkeregisteret', og det er for dette distriktet rekna som ei nokså fullstendig oversikt over bru- karane (Sandnes 1971:143 ff.). I ei jordebok frå 1661 (RJ) er det framleis tre NAMN OG NEMNE 8-1991 brukarar på Nes, og det er få matrikkclgardar som har fleire bruk. Skatten og skylda i begge desse to registra viser at bruka og er mellom dei største i åttingen. I skildringa Næs 1960 gir av staden Åndalsnes kring 1860 går det fram at det var 6 bruk på Nes-garden da. Bruka utgjorde ei grend eller ein strandstad med nokså mange hus og ein landhandlar, som og åtte eit tegelverk. Men handels- sentrumet i området var framleis Veblungsnes, som ikkje ligg langt unna. (Veblungsnes blei i dagligtalen omtalt som /'næ:se/, altså i bestemt form i motsetning til Nes.) Der låg og romsdalsmarknaden ei tid, og rutebåten hadde anløp der. Men framover på 1870- og 1880-talet voks Nes fort opp, først og fremst som turiststad. Ein fordel her var at hamna var betre. Postkontoret frå 1888 viser veksten på Nes, og da Raumabanen var ferdig i 1924, var sjølvsagt grunnlaget sikra for ein rask ekspansjon, slik at staden kunne bli den sentrale bygdebyen i Indre Romsdal. Namnet Åndal møter vi først i ei jordebok frå ca. 1550 over gods som låg til Rcinsklosteret, og som fru Inger til Austrått hadde i forlening. I jordeboka går det og inn ei liste over renter og rettar fru Inger hadde i forlening av kongen, og her står både Affucndall med 8 merker smør og Neessze med 10 merker. (DN X:8()l.) Ein kan vere freista til å tru at Affuendal eigentlig er eitt av dei tre bruka under Nes som er omtalte alt i 1520-21. Dei to matrikkelgardane Nes og Åndal ligg i dag opp til kvarandre, og vi kan i jordeboka av 1661 sjå at «Hendrich och Elluff» sit på eit bruk (med ei skyld på 3 våger og 1/2 pd.) kalla «Anda} eller Ness» (RJ 55). Same formuleringa «Andahl eller Nes» er dg brukt i eit skøyte frå kong Fredrik II til oberst von Howen i 1665 (RSÅ 1946:35). I jordeboka frå 1661 er også dei to hine Nes-bruka oppført (på i alt 8 våger). I matrikkelen frå 1647, altså 14 år tidligare, finn vi igjen delvis same Nes- brukarane, og her er «Henndrich» oppført med sine 3 våger under «Neeszs», men utan at namnet Åndal blir knytt til han (Skattematrikkelen 1647 148 f.). Identifiseringa av delte bruket med namnet Åndal har da trulig begynt på 1500- talet, men enda midt på 1600-talet er ikkje namnebruken heilt fast. I seinare tid har Åndal vore delt i to bruk, Øvre og Nedre Åndal. Bygningane på bruka har lege oppe i lia. «Husene ligger sammen borte på bakken, med flott utsikt til fjord og fjell, og åkerteigene strekker seg nedover til sjøen og båt- naustene,» heiter det i skildringa åt Næs av tida kring 1860 (1960:4). Eine våningshuset står framleis att, ikkje langt frå Hotell Bellevue, som før utvidinga i 1885 heitte Aandal hotel (de Seve 1963:191). 2. Amdal Ca. 1550 blei altså namnet skrive Affuendall, og etter Rygh 1908:232 har nam- net vore skrive Andall i 1632, Offuendal i 1669 og Aandahl i 1723. NAMN OG NKMNE 8-1991 Rygh fører opp uttalen /'andar/. Og her kjem det første språklige proble- met: Denne namneforma skulle i Indre Romsdal ha gitt samansetninga /"ondar.s,næ:s/ Åndalsnes, dvs. med tonem 2, som ville blei ein prosodisk paral- lell til /"vebr.corjs,næ:s/ Veblungsnes - som ikkje ligg langt unna. Uttalen av Åndalsnes er derimot med tonem 1, altså /'Dndar,s,næ:s/. Og det blir forståelig når ein veit at gardsnamnet og er uttalt med tonem 1 i dialekten. Med si uttaleopplysning er det naturlig at Rygh jamfører med andre Åndals- namn i distriktet; men desse namna skil seg frå Åndal på Åndalsnes med å ha tonem 2. I dag er den vanlige uttalen av gardsnamnet altså [ondarj. Nå er det inga gardsdrift knytt til Åndal, og det er yngre folk som eig våningshusa til den tidligare garden. Dei kjenner bare uttalen med n. Men da eg ved eit høve oppsøkte Knut Næs i 1987, la eg merke til at han uttalte namnet konsekvent med m: I'smdarJ. Han er fødd i 1901 og eig grannegarden Nes; bestemora kom frå Øvre Åmdal. I artikkelen sin frå 1960 skriv han og namnet med m, og han presiserer s. 9: «Gårdsnavnene etter den gamle Romsdalske uttale er Næs og Åmdal.» Eg har og fått denne uttalen stadfesta av ein annen lokalkjent. Elles har det ikkje vore lett å få 'levande' opplysningar om denne uttalen. Men Øverås 1928:140 skriv: «Ein eldre utflytt romsdøl fortalde oss nyleg at han i si tid aldri hadde høyrt anna uttale enn ,4m-dal. Det spørst so um dette er rett, um ikkje eit gamalt elvenamn Åma ligg til grunn for dette namnet.» I brev frå Karl Skeidsvoll har eg fått opplyst at han har funne namneforma (Marit Olsdatter) Aamdahl på ei rosemåla kiste datert 1834. Ei støtte for ein opphavlig uttale med m har vi og i det at det på 1700-talet blei døypt folk frå denne staden med namnet Omdal. Namneforma med m må med dette vere godt nok stadfesta. Og ho kan neppe vere sekundær til forma med n. Ein overgang hin vegen frå m til n kan forklarast fonetisk som ein assimilasjon framom dentalen d\ ei slik 'naturlig' forklaring kan ein derimot ikkje finne for ein overgang frå n til m. Tolkar ein utviklinga frå m til n som ein assimilasjon, må dei to formene ha levd side om side fram til vår tid. Meir rimelig er det nok at det er ei mistydd skriftform frå 1500-talet som er opphavet åt forma med n, og pga. autoriteten åt den skriftfesta forma har denne forma og fått innpass i talemålet. Når mis- tolkinga har fått festa seg i skrift, kan mønsteret frå dei hine kjente Åndals- namna i distriktet ha verka inn. Skrivemåtane med ffu i Affuendall frå ca. 1550 og Offuendal frå 1669 kan NAMN OG NEMNK 8-1991 tolkas som ei attgiving av ein uttale med labial, altså m. Dei mange samsvara mellom dansk vn og norsk mn kunne få ein på tanken å tolke desse to skriftfor- mene som ein omvendt skrivemåte, dvs. som uttrykk for lomndarj. Av jorde- boka elles er det ikkje mulig å lese ut noe mønster for korleis ortografien avspeglar talemålsformene. 4. Tyding Begge dei to alternative namneformene - altså med n og m - er vanskelige å tyde. At ein i dag heller ikkje kjenner til nokon dal som skulle heite Åndalen eller Åmdalen, gjer ikkje tolkingsspørsmålet enklare. Dersom ein vil rekne forma med n som ei mulig opphavsform, er det ikkje urimelig å jamføre med dei hine Åndals-namna, slik Rygh gjør. Han set namnet i samanheng med eit elvenamn med stammen arn-, som kunne knytas til orn •øra'. Men den eldste skrivemåten (altså med ffu) har fått Rygh til å tvile på om dette namnet er det same, og han føyer til: «Men jeg kan heller ikke give nogen anden rimelig Forklaring af Navnet.» Forskjellen i tonem er og eit argument imot at desse namna skulle ha same tyding.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages8 Page
-
File Size-