MASTEROPPGÅVE Å finne seg sjølv i læreboka. Mangfald i fire norskverk for barneskulen. Finding Oneself in the Textbook. Diversity in Four Norwegian Subject Textbooks for Primary School. Andrea Helle Strømmen Master i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Rettleiar : Kristel Zilmer Innleveringsdato: 15.05.19 Eg stadfestar at arbeidet er sjølvstendig utarbeida, og at referansar/kjeldetilvisingar til alle kjelder som er brukt i arbeidet er oppgitt, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 10. Å FINNE SEG SJØLV I LÆREBOKA Forord To fantastiske år på masterstudiet i barne- og ungdomslitteratur er snart omme. Eit studie som, i likheit med litteraturen det omhandlar, har opna dører til nye verder, utfordra fantasien og gitt inntrykk for livet. Arbeidet med masteroppgåva har vore både utfordrande og utruleg givande, og eg har mange å takke for hjelp og støtte dette året. Først og fremst vil eg rette ei stor takk til min rettleiar Kristel Zilmer, for konstruktive og støttande rettleiingar, engasjement, tiltru og gode samtalar. Eg vil også takke seminargruppa med lærarar og medstudentar for gode innspel og støtte i prosessen. Takk til den fantastiske gjengen på lesesalen, som gjennom lange dagar, kveldar og ikkje minst pausar har bidrege med gode råd og endå betre humør. Ein spesiell takk til Linda for alle telefonsamtalar, gode avbrekk og moralsk støtte. Tusen takk til mamma og pappa, for at de alltid har trua på meg og mine evner og alltid stiller opp. Ei stor takk også til dei dyktige korrekturlesarane mormor og Aina. Til slutt vil eg takke Reni Eddo-Lodge og dei skamlause jentene for innblikk i erfaringar og situasjonar som har gjort både meg og denne oppgåva betre. Andrea Helle Strømmen Bergen, 15. mai 2019 - ii - Å FINNE SEG SJØLV I LÆREBOKA Samandrag Denne masteroppgåva undersøker det etniske og kulturelle karaktermangfaldet i dei skjønnlitterære tekstane i dei fire norskverka Kaleido, Nye Zeppelin, Ordriket og Salto for fjerde trinn. Basert på postkoloniale perspektiv og teoriar om kvitheit, rasisme og identifikasjon i barnelitteraturen undersøker oppgåva framstillinga av minoritetskarakter og den eventuelle kulturen dei representerer, og korleis framstillingane opnar for identifikasjon og identitetsutvikling hos lesaren. Undersøkinga tek utgangspunkt i ei todelt lærebokanalyse beståande av ei frekvensanalyse som kombinerer kvantitative og kvalitative tilnærmingar, og ei kvalitativ litterær analyse med fokus på modellesar, karakterisering, multimodalitet og adaptasjon. Funna viser at om lag 22,5% av dei skjønnlitterære tekstane har ein eller fleire minoritetskarakterar. 57% av desse tekstane har ein hovudperson som er minoritet. Det er hovudsakleg etniske minoritetar som er framstilte, der det einaste som skil majoritet og minoritet er ytre trekk som namn og utsjånad. I den grad det finst framstillingar av andre kulturar enn den norske majoritetskulturen, er dette hovudsakleg i tekstar som viser eit anna tidsbilete enn det moderne utan at dette nødvendigvis er spesifisert. Berre 5% av tekstane har tematikkar knytt til det å leve i Noreg som minoritetskulturell. Med nokre få unntak er tekstane i materialet skrivne av majoritetsforfattarar, og har eit majoritetsperspektiv på det mangfaldet som vert portrettert. Oppgåva skriv seg inn i ei tid der læreplanverket for skulen er i endring. Hausten 2020 vil Fagfornyelsen tre i kraft, og med nye læreplanar føl også nye læreverk. Norskfaget har ei særstilling som identitetsfag, og funna i denne oppgåva vil kunne seie noko om kva vurderingar som bør ligge til grunn for å sikre eit mangfaldig tekstutval i nye læreverk som kan bidra til identitetsutvikling for heile elevgruppa. - iii - Å FINNE SEG SJØLV I LÆREBOKA Abstract This thesis examines the ethnic1 and cultural diversity amongst literary characters in the fictional texts included in four 4th grade Norwegian subject textbooks: Kaleido, Nye Zeppelin, Ordriket and Salto. Based on postcolonial perspectives and theories on whiteness, racism, and identification through children’s literature, the thesis investigates the portrayal of minority characters and the culture they represent, and how these portrayals cater for the reader’s identification and development of identity. The study has been conducted as a two-part textbook analysis, consisting of a frequency analysis combining quantitative and qualitative approaches, and a qualitative literary analysis focusing on the model reader, characterization, multimodality, and adaptation. The findings show that minority characters are present in approximately 22,5% of the fictional texts. 57% of these texts have got a minority protagonist. The material mainly portrays ethnical minorities, where the only features marking the characters as different from the majority are names, skin colour, and other external features. The few portrayals of cultures differing from the Norwegian majority culture are mostly texts set to a time in the near or distant past, often without any specification of the temporal setting. Only 5% of the texts have themes related to life in Norway as a minority person. With a few exceptions, the texts in the material are written by majority writers, with a majority perspective on the diversity presented. The time of publication is a time of change in the Norwegian national curriculum. The new education reform fagfornyelsen takes effect in August 2020, and the new curriculum will be accompanied by new textbooks. The subject Norwegian has a unique position as a conveyer of identity, and the findings in this thesis will be advisory as to what considerations should be made to secure a diverse selection of texts in new textbooks, providing identifications for all pupils in Norwegian schools. 1 Understood as external features related to genetics and heritage, such as skin colour, eye shape, and hair typee - iv - Å FINNE SEG SJØLV I LÆREBOKA Innhald Forord ........................................................................................................................................ ii Samandrag ............................................................................................................................... iii Abstract .................................................................................................................................... iv Innhald ...................................................................................................................................... v Biletliste ................................................................................................................................... vii 1. Innleiing ............................................................................................................................. 1 1.1 Bakgrunn for oppgåva og problemstilling ................................................................. 1 1.2 Sentrale omgrep ......................................................................................................... 2 1.3 Materiale for oppgåva ................................................................................................ 5 1.3.1 Utvalskriterium for tekstgrunnlag .......................................................................... 7 1.4 Tidlegare forsking ...................................................................................................... 7 1.5 Teoretisk grunnlag og oppbygging av oppgåva ....................................................... 10 2. Teori ................................................................................................................................. 11 2.1 Det mangfaldige Noreg ............................................................................................ 11 2.1.1 Ein situasjonsrapport ............................................................................................ 11 2.1.2 Mangfald i samfunn, mangfald i litteratur ............................................................ 13 2.1.3 Mangfald i læreplanverket .................................................................................... 14 2.2 Identitet og representasjon ....................................................................................... 16 2.2.1 Identitetsutvikling gjennom innhaldet i skulen .................................................... 16 2.2.2 Identitetsutvikling på tekstnivå ............................................................................ 18 2.3 Postkoloniale teoriar ................................................................................................ 19 2.3.1 Orientalismen ....................................................................................................... 20 2.3.2 Postkolonialismen i møte med barnelitteratur og urfolkskultur ........................... 22 2.4 Kvitheit ..................................................................................................................... 26 2.5 Rasisme i barnelitteraturen ...................................................................................... 27 2.5.1 Konsekvensar av litterær usylegheit ..................................................................... 28 2.5.2 Bowdlerizing: moralsk korrigering av tekstinnhald ............................................. 29 2.5.3 Å lese ukomfortabelt ............................................................................................ 30 2.5.4 Minoritetskarakterar som typar ............................................................................ 31 2.5.5
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages112 Page
-
File Size-