Arkivkatalog for Os Kommune 1837 – 1964

Arkivkatalog for Os Kommune 1837 – 1964

ARKIVKATALOG FOR OS KOMMUNE 1837 – 1964 ( 1829 - 1977 ) INTERKOMMUNALT ARKIV I HORDALAND 2011 INNHALD KAPITTEL 1: INTRODUKSJON TIL ARKIVKATALOGEN Side 1.1 Innleiing ……………… 1 1.2 Arkivfagleg rettleiing ……………… 1 1.2.1 Nokre arkivfaglege termar ……………… 1 1.2.2 Ordning og registrering av arkiva ……………… 1 1.2.3 Norsk ålment arkivskjema ……………… 2 1.2.4 Klausulert materiale i kommunale arkiv ……………… 3 1.2.5 Bruk av kommunale arkivsaker ……………… 3 1.2.6 Korleis finna fram i arkiva ……………… 4 KAPITTEL 2: ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN OG ARKIVOMTALE 2.1. Os kommune 1838 – 1964 ……………… 6 Ordførarar i Os 1838 – 1965 ……………… 9 2.2 Valstyre ……………… 10 2.3 Formannskap og kommunestyre ……………… 11 2.4 Kommunekasse / heradskasse ……………… 12 2.5 Likningsnemnd ……………… 14 2.6 Skulekommisjon, skulestyre ……………… 15 2.7 Skulekrinsane / folkeskulen ……………… 17 2.8 Fattigkommisjon, fattigstyre, forsorgstyre ……………… 18 2.9 Verjeråd / Barnevernsnemnd ……………… 20 2.10 Fiskarmanntalsnemnda ……………… 20 2.11 Alderstrygdnemnd / barnetrygdnemnd ………………. 20 2.12 Småbruk- og bustadnemnda ……………… 21 2.13 Næringsnemnd / Jordstyre ……………… 22 2 14 Overformynderi ……………… 24 2.15 Provianteringsråd ……………… 24 2.16 Forsyningsnemnd ……………… 25 KAPITTEL 3: ARKIVLISTER OVERSYNSLISTE OVER ARKIVET ……………… 27 VAL 011 Os valstyre ………………. 34 SENTRALADMINISTRASJON 021 Os formannskap ……………… 35 031 Os løns- og administrasjonsutval ……………… 75 032 Os kyrkjegardsnemnd ……………… 76 ØKONOMI 121 Os heradskasse ……………… 77 122.1 Os sokn fattigkasse ……………… 94 122.2 Os sokn kyrkjekasse ……………… 95 131 Os heradsrevisjon ……………. 96 142 Os likningsnemnd ………………. 97 UNDERVISNING 211 Os skulestyre ……………… 105 217 Skuleboksamlingane i Os ……………… 112 231 Barneskulane i Os ……………… 114 261 Os kommunale husstellskule / husmorskule …………….. 144 263.1 Os tekniske kveldsskule ……………… 145 263.2 Os lærlingeskule ………………. 146 265 Os realskule ……………… 147 275 Sørøyane folkeboksamling ……………… 148 275 Os almuebibliotek ………………. 148 SOSIALE OPPGÅVER 311 Os fattigkommisjon/ fattigstyre / forsorgstyre …… 149 315 Os barnevernsnemnd ……………… 158 316 Os edruskapsnemnd ………………. 159 322 Os gamleheim ……………… 160 352 Os fiskarmanntalsnemnd ……………… 161 354 Os alderstrygdnemnd ……………… 162 355 Os barnetrygdnemnd ……………… 164 361 Tilsynet for arbeidsledighetskassen i Os ……………… 165 HELSE 419 Os husstellnemnd ……………….. 166 461 Os stedlige arbeidstilsyn ……………… 167 TEKNISKE OPPGÅVER 511 Osøyri bygningsråd ……………….. 168 512 Os Kommuneingeniørkontor. Teknisk etat ………………. 169 514 Os vegnemnd ……………… 177 515 Os vassforsyningsnemnd ……………… 178 516 Os vassverk- og kloakkstyre ……………… 179 517 Osøyri / Os brannstyre ……………… 180 518 Os reinhaldsstyre ………………. 181 521 Osøyri bygningskommune ………………. 182 524 Osøyri brannkommune ………………. 183 531 Os bryggje- og hamnestyre ………………. 185 NÆRINGS- OG RESSURSFORVALTNING 611 Os småbruk- og bustadnemnd ………………. 186 621 Os jordstyre ……………… 187 621.1 Os jordstyre. Os driftskredittlag ………………. 200 RETTSVESENET 812 Os overformynderi ……………… 201 KRISE- OG REGULERINGSTILTAK 840 Os e provianteringsråd ……………… 203 841 Os forsyningsnemnd ………………. 207 841.1 Os vedutval ……………… 214 844 Os husfordelingsnemnd (rekvisisjonsnemnd) ……… 218 847 Os oppgjersnemnd. Krigsskader ………………. 219 1 KAPITTEL 1: INTRODUKSJON TIL ARKIVKATALOGEN 1.1 INNLEIING Denne katalogen gjev oversikt over arkivet etter Os kommune i tidsrommet 1837 – 1964. Nokre fåe arkivstykker er registret før 1837 og etter 1964, slik at ei endelege ytteråra for arkivet er 1829 – 1977. (Sjå oversynslista). Alle protokolane i arkivet, bortsett frå skulestyret og skulekrinsane, vart i 2005 ordna og registrert m/etikettar i fjernarkivet til Os kommune av Randi Kruger og Åse Eikemo Strømme. Vinteren 2009 / 2010 vart saksarkivet til formannskapet m.fl. henta inn til Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) for ordning og registrering, og hausten 2010 vart arkivet etter skulestyret og skulekrinsane henta inn. Det er funne lite saksarkivet etter skulestyrert i Os. Om dette seinare er å finna, må det ordnast og registrerast som tilleggskatalog til denne utarbeidde katalogen. Endeleg ordning og registrering av alt arkiv, som hittil er funne etter Os kommune i ovanfornemnte tidsrom, vart sluttført i oktober 2010. Tilsaman er det ordna og registrerte arkivert på ca. 30 hyllemeter og inneheld arkiv etter 47 arkivskaparar, 188 arkivseriar og 798 arkivstykke. Arkivkonsulent Åse Eikemo Strømme har utført ordninga og registreringa av arkivet som etter 2005 er henta inn til Interkommunalt arkiv i Hordaland, og har utarbeidd arkivkatalogen 1837 – 1964 slik den her ligg føre. Arkivet er deponert i Os kommune sitt arkivdepot. 1. 2 ARKIVFAGLEG RETTLEIING 1.2.1 Nokre arkivfaglege termar I arkivkatalogen har vi nytta vanleg arkivfagleg terminologi, og vi skal her kort gjera greie for dei viktigaste omgrepa vi har brukt. Ein arkivskapar er ei administrativ eller forretningsmessig eining, ein organisasjon eller person som skapar eller har skapt arkiv gjennom verksemda si. I kommunal forvaltning kan t.d. folkevalde organ, etatar, kontor, skular og institusjonar opptre som arkivskaparar. Eit arkiv inneheld det materialet (t.d. protokollar og dokument) som er skapt av eller har kome inn til ein arkivskapar, og er samla som ein lekk i verksemda til arkivskaparen. Arkivet vil difor gje eit spegelbilete av arkivskaparen si verksemd. Dei einskilde arkiva vil vera delt inn i arkivseriar. Ein arkivserie er ein del av eit arkiv som er ordna etter eit eige system, har ein eigen funksjon eller eit spesielt innhald. Norsk ålment arkivskjema gjev eit oversyn over dei viktigaste arkivseriane og gjev ein standard for rekkjefølgja for seriane i eit arkiv. Vi viser elles til innhaldsregisteret. Arkivseriane vil vere delt i arkivstykke. Eit arkivstykke er ei fysisk eining i ein arkivserie, vanlegvis ein arkivboks eller ein protokoll. 1.2.2 Ordning og registrering av arkiva Ein grunnleggjande regel for all arkivordning er at vi skal følgja proveniensprinsippet (opphavsprinsippet). Dette betyr at arkiv som er skapt av ein arkivskapar skal haldast samla og ikkje slåast saman med andre arkiv, og at den opphavlege ordninga til arkivet skal bevarast. Dette vil seia at vi skal ta vare på eit arkiv i sin opphavlege skipnad, sjølv om arkivskaparen (t.d. eit kommunalt organ) blir lagt ned eller slått saman med andre. Vi har likevel modifisert proveniensprinsippet på to område i denne katalogen: 2 - Arkiva etter valstyra og røystestyra er ført opp under ein arkivskapar, -valstyret-, slik at valprotokollane for stortingsval, kommuneval og protokollane frå dei lokale røystestyra er ført opp som arkivseriar i valstyret sitt arkiv. - Arkiva etter dei ulike skulekrinsane og skulane er ført opp samla som ein arkivskapar, som vi har kalla "barneskulane i Os kommune” Desse modifiseringane er gjort for å gjere det lettare for brukarane å få oversikt over materialet. Både røyste- og skulekrinsar har skifta gjennom åra og same protokoll har ofte blitt nytta av fleire krinsar. Om vi hadde følgd proveniensprinsippet slavisk for desse arkiva, ville det bli vanskeleg å orientere seg i katalogen. I katalogen er arkivskaparane sett opp systematisk etter forvaltningsområde: Val, overordna styring (formannskap), økonomiforvaltning, skule og kultur, sosiale tiltak, helseteneste, tekniske oppgåver, næringsliv, forsvar og vernebuing, rettsstell og krise- og reguleringstiltak. Arkivskaparane er registrert med arkivskaparkodar som syner tilknytinga til forvaltningsområde. Desse arkivskaparkodane er utarbeida av Interkommunalt arkiv i Hordaland. Eit oversyn over desse finn du i innhaldsregisteret og oversynslista. Systematikken i katalogiseringa er eins: Kvart arkivstykke er registrert med eit løpenummer i tilknyting til arkivskapar og arkivserie (sjå norsk ålment arkivskjema, nedanfor). Den første møteboka til formannskapet i Os kommune er 021-Aa.1. Dette vil vere ein unik referanse. Som ein del av ordningsarbeidet har materiale utan historisk eller rettsleg verdi blitt kassert, dvs fjerna frå arkiva og øydelagt. Dette gjeld i første rekkje mangfaldiggjort materiale som har kome utanfrå (trykte publikasjonar og rundskriv frå sentrale statlege organ, reklame og salstilbod o.l.), men og materiale som er laga i kommunen (som t.d. rekneskapsvedlegg). Det er i hovudsak materiale som skriv seg frå tida etter 1950 som er kassert. 1.2.3 Norsk ålment arkivskjema Arkivseriane i einskildarkiva er ordna og stilt opp etter norsk ålment arkivskjema. Dette er ein standard for rekkjeordninga av arkivseriane som blir nytta av statlege og kommunale arkivinstitusjonar. Rekkjeordninga går fram av faste bokstavsignaturar for dei viktigaste seriane: A Møtebøker, referatprotokollar, forhandlingsprotokollar o.l. B Kopibøker C Postjournalar og andre overgripande register D Saks- og korrespondansearkiv ordna etter arkivskaparen sitt hovudsystem E Saks- og korrespondansearkiv ordna etter andre, sideordna system F - O Reservert for spesialseriar innanfor arkivskaparen sitt fagområde P - Personalforvaltning Q Eigedomsforvaltning R Rekneskap S Statistikk T Kart og teikningar U Foto, film, lydopptak V EDB og mikrofilm W Gjenstandar (stempel, modellar, faner) X Eigenproduserte trykksaker Y Diverse Z Referansemateriale (arkivlister, instruksar, avisutklipp) Når det i eit arkiv finst fleire seriar av same type blir desse skilde frå kvarandre med små 3 bokstavar etter hovudsignaturen, t.d. Aa, Ab, Raa, Rab. 1.2.4 Klausulert materiale i kommunale arkiv Delar av sakstilfanget i kommunale arkiv er ikkje offentleg tilgjengeleg. Reglar i forvaltningslova og ymse særlover har fastsett at visse saksområde skal vere klausulert, dvs. underlagt

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    225 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us