Melding Om Oppstart Av Planarbeid for Brannstasjon Aust , Ullensvang Herad , Gnr 70 Bnr 5, Gnr.71 Bnr.5,8 Og 9 M.Fl

Melding Om Oppstart Av Planarbeid for Brannstasjon Aust , Ullensvang Herad , Gnr 70 Bnr 5, Gnr.71 Bnr.5,8 Og 9 M.Fl

Til Grunneigarar og naboar Offentlege mynde og interesseorganisasjonar Dykkar ref.: Vår ref.: Dato: 5196995 2019-11-13 Melding om oppstart av planarbeid for brannstasjon aust , Ullensvang herad , gnr 70 bnr 5, gnr.71 bnr.5,8 og 9 m.fl. Initiativtakar I samsvar med plan og bygningslova (pbl) §12-8 vert det med dette meldt om at Norconsult AS, på oppdrag frå Ullensvang herad, set i gang arbeid med detaljregulering for ny brannstasjon på eigedomane gnr. 70 bnr. 5, gnr. 71 bnr.5,8 og 9. Området er ca 33,5 daa og ligg på ei fylling mellom Rv 13 og Sørfjorden. Føremål Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av ny brannstasjon, salsplass for frukt og bær og to nausttomter. Avgrensing Foreslått planavgrensing er vist på kartutsnitt nedanfor. Pga siktkrava til avkøyring, har ein tatt med naudsynt del av Rv13. Norconsult AS Besøksadresse: Uttrågata 6B, NO-5700 Voss Hovedkontor: NO 962392687 MVA Postadresse: Skulegata 11A, NO-5700 Voss Vestfjordgaten 4, NO-1338 Sandvika [email protected] Tel.: +47 53 64 70 88 Pb. 626, NO-1303 Sandvika www.norconsult.no Kinsarvik Planområdet Lofthus Planstatus og rammer Området er uregulert. I gjeldande kommuneplan, vedtatt 26.9.2011,er området avsett til LNF føremål og ligg innafor omsynssone H_310 Ras- og skredfare. Rapport etter rasfarevurdering, utarbeid av NGI, datert 21.08.2019, vurderer at området tilfredsstiller krav til sikkerheit for tiltak som inngår i sikkerheitsklasse S3 omtala i TEK 17. Området ligg innafor 100 meters beltet mot sjø. Lokalisering Ullensvang herad har utgreidd alternative lokaliseringar av brannstasjon og har konkludert med at foreslått tomt i Lofthus er den beste lokaliseringa. Havnivåstiging Tomta ligg på mellom kote 3 og 4 moh. Ut frå informasjon frå www.sehavniva.no er tilrådd nivå for planlegging for F3-tiltak (TEK17) mtp havnivåstigning og stormflo for Lofthus (Hordaland) minst 190 cm (NN2000) Naust kjem inn under F1- tiltak (TEK17). Krav til brannstasjonen Brannstasjonen skal ha to høgder. Byggjeavstand frå riksvegen er foreslått til 4 m. Endeleg plassering og storleik på brannstasjonen skal avklarast med Ullensvang herad. Det same gjeld talet på parkeringsplassar og fri avstand framfor garasjane. Oppstartsmøte Oppstartsmøte for planarbeidet vart helde 25.10.2019. Kommunen har ikkje stilt krav om planprogram og konsekvensutgreiing. Grunngjevinga er at området ligg på ei steinfylling og vert ikkje nytta til landbruk eller friluftsføremål i dag, og tiltaket x:\nor\oppdrag\eidfjord\519\69\5196995\5 arbeidsdokumenter\53 varsling\brev_melding om oppstart datert 13-11- 2019-11-08 | Side 2 av 4 2019_ks ar.docx medfører ikkje tap av landbruksareal. Tiltaket vil heller ikkje få negative konsekvensar for friluftsområde verken på land eller sjø. Forslaget om samlokalisering med plass for sal av frukt og bær vil derimot kunna styrkja landbruksinteressene for grunneigaren. Planområdet ligg innafor 100 metersbeltet mot sjø. Lokalisering av to nausttomter ved fjorden vil sikra dei to grunneigarane, som og driv landbruk på oppsida av riksvegen, betre tilgang til sjøen både for fiske og fritidsbruk. Grunneigar av gnr/bnr 71/5 har tidlegare hatt naust på tomta. Oppføring av naust vil ikkje koma i konflikt med andre friluftsinteresser. Etablering av båtopptrekk ved sida av foreslått naust, vil og kunna vera ein fordel om det er aktuelt med brannvern frå båt. Merknader/innspel Varslingsbrev med vedlegg er tilgjengeleg i Ullensvang herad, på kommunen si nettside og på Norconsult si heimeside www.norconsult.no/aktuelt/kunngjoringer. Grunneigarar og naboar vert varsla direkte. Eventuelle merknader eller innspel som kan ha innverknad og/eller vera av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til: Norconsult AS v/ Astrid Rongen Skulegata 11A 5700 Voss eller på e-post: [email protected] Frist for å koma med merknadar er 16.12.2019 Spørsmål om planarbeidet kan rettast til underteikna på tlf. 93 29 31 90. Informasjon finn du og på www.norconsult.no/aktuelt/kunngjoringer . Med vennleg helsing Norconsult AS Astrid Rongen x:\nor\oppdrag\eidfjord\519\69\5196995\5 arbeidsdokumenter\53 varsling\brev_melding om oppstart datert 13-11- 2019-11-08 | Side 3 av 4 2019_ks ar.docx Vedlegg: 1. Notat frå oppstartsmøte 25.10.2019 2. Skisse disponering av området datert 03.09.2019 3. Vurdering av plassering av brannstasjon datert 18.07.2016 og 19.03.2019 4. NGI skredfarevurdering datert 21.08.2019 Grunneigarar og naboar 1. STATENS VEGVESEN REGION VEST, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER 2. UTNE ANDERS, HELLELANDSVEGEN 94, 5781 LOFTHUS 3. SOLDAL JØRUND OG KAIA, HELLELANDSVEGEN 152, 5781 LOFTHUS 4. H BØRVE LEIF I ULLENSVANGVEGEN 748,5781 LOFTHUS Offentlege høyringspartar og organisasjonar 1. Hordaland fylkeskommune 2. Fylkesmannen vestland 3. Statens vegvesen, Odda 4. Ullensvang kommune a. Brannvesen b. Vatn og avlaup 5. Privat vassverk v/ Harald Gjernes 6. NVE 7. Hardanger energi 8. Indre Hordaland Miljøverk 9. Helse fonna – ambulansetenesta 10. Ullensvang og Eidfjord Lensmannsdistrikt 11. Røde kors, Kinsarvik x:\nor\oppdrag\eidfjord\519\69\5196995\5 arbeidsdokumenter\53 varsling\brev_melding om oppstart datert 13-11- 2019-11-08 | Side 4 av 4 2019_ks ar.docx .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    4 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us