Fråsegn Frå Masfjorden Kommune Til Regional Plan for Vassforvaltning for Vestland Vassregion 2022 - 2027

Fråsegn Frå Masfjorden Kommune Til Regional Plan for Vassforvaltning for Vestland Vassregion 2022 - 2027

Masfjorden kommune Rådmann Vestland fylkeskommune Vestland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Referanser: Sakshandsamar: Dato: Dykkar: Sveinung Toft 29.06.2021 Vår: 14/860 - 21/5774 [email protected] Fråsegn frå Masfjorden kommune til regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022 - 2027 Det vert vist til dykkar brev dagsett 25.03.2021 med referanse 2020/35240-42 som gjeld høyring knytt til framlegg til ein regional vassforvaltningsplan for Vestland med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram. Masfjorden kommune har merka seg rettleiaren som ligg ved høyringsdokumenta, og som peikar på kva for innspel som er særleg interessante, korleis de vil ha innspela og kor ein kan finne denne informasjonen i høyringsdokumenta. Masfjorden kommune meiner at vassforvaltningsplanen med tilhøyrande dokument inneheld gode miljømål og eit tiltaksprogram som er tilpassa dei utfordringane ein har både lokalt og regionalt knytt til forvaltning av vassressursane. I førre planperiode vart Matreselva nedre del sett opp i vedlegg 2 i Klima- og miljødepartementet sitt godkjenningsbrev for Hordaland vassregion av 4. juli 2016: Fristen for å oppnå Godt Økologisk Potensial er sett til 2033, til trass for at regelen i vassforskrifta er at miljømålet skal nåast innan seks år, jf. vassforskrifta § 8 første ledd: «Miljømålene i § 4–§ 7 skal i utgangspunktet nås innen utgangen av den til enhver tid gjeldende planperiode. (…)» Post Kontakt Austfjordvegen 2724 Telefon: 56 16 62 00 [email protected] Org.nr. 945627913 5981 Masfjordnes Faks: 56 16 62 01 Heimeside: www.masfjorden.kommune.no Bankkonto: 3201 48 54958 Det er mogleg å gjere unntak dersom «vesentlige kostnader eller andre tungtveiende hensyn vanskeliggjør oppfyllelse av miljømålene innen fristen i første ledd», jf. § 8 andre ledd. « I departementet si godkjenning vart målet for Matreselva utsett til 2033 fordi det ikkje var fremma revisjonskrav per 4. juli 2016. Kommunen meiner det ikkje er høve til å utsette miljømålet utan at myndigheitene gjer ein konkret vurdering av om vilkåra er oppfylt i kvart enkelt høve. Dersom NVE no opnar revisjonssaka kan ein auke minstevassføringa på strekninga i kommande planperiode, slik at miljømålet nås. I alle høve er det ingen grunn til å utsetje naudsynte miljøforbetringar til 2033 når ein kan få til miljøforbetringar seinast innan slutten av 2020-talet. Det er viktig å prioritere miljøforbetringar særleg på anadrome strekningar. Det er ikkje miljøverdiane som skal lide fordi det tilfeldigvis ikkje vart fremja krav om revisjon innan juli 2016. Kommunen er bekymra for at om miljømålet skal nåast først i 2033, så vert det ei kvilepute for gjennomføringa av revisjonssaka. Kommunen minner om at Matrevassdraget er satt i prioritet 1.1 særleg fordi påverkinga på fisk er stor samstundes som at krafttapet vil vere svært lågt samanlikna med dei miljøverdiane ein vinn ved å sleppe vatn. Når ein kan oppnå gode resultat for særleg villaksen – der Noreg har ein vesentleg del av bestanden i Europa – meiner kommunen at myndigheitene ikkje har høve til å utsetje miljømålet på generelt grunnlag. Ein kjenner ikkje konsekvensane av å ikkje gjere tiltak no, og bestanden av vill-laks i Matreselva kan bli ytterlegare svekka dersom ein ikkje tar tak i problema i neste planperiode. Masfjorden kommune vil vise til at kommunen i brev av 8 april 2020 har sendt krav til NVE om opning av vilkårsrevisjon for reguleringane i Matrevassdraget og Haugsdalsvassdraget, og mener at vassregionplanen bør støtte dette ved å drøfta meir inngåande dei prioriteringane som skal gjelda for Vestland vassregion. Ein ber om at vassregionutvalet lagar til ei ny prioritering der Matre- og Haugsdalsvassdrag vert prioritert for revisjon mykje tidlegare enn det som er gjeve i vedlegg 2 i Klima- og miljødepartementet sitt godkjenningsbrev for Hordaland vassregion av 4. juli 2016: Masfjorden kommune har vidare merka seg at Fensfjorden har høge konsentrasjonar av PAH i sediment og biota, og at dette gjev dårleg kjemisk tilstand i Fensfjorden. Av verksemder med aktive utslepp vert Equinor Mongstad vurdert å vere ein vesentleg bidragsytar, i tillegg er det fleire verksemder med utslepp til vatn på Mongstadbase og i Sløvåg som det ikkje kan utelukkast påverknadar frå. Kommunen støtter tiltak som handlar om å klargjera meir kor utsleppa kjem frå, og tiltak som kan redusere forureininga. Kommunen meiner at det hastar å få gjort noko med forureininga til Fensfjorden, og ber om at dette vert konkretisert meir i planen. Side 2 14/860 - 54 Med helsing Sveinung Toft assisterande rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur Side 3 14/860 - 54 Mottakarar: Vestland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Side 4 14/860 - 54.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    4 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us