Saksframlegg Etablering Av Interkommunalt Verneområdestyre

Saksframlegg Etablering Av Interkommunalt Verneområdestyre

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.09.2012 53283/2012 Johnny Loen Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 01.10.2012 Etablering av interkommunalt verneområdestyre for verneområde i Reinheimen, Tafjordfjella og Romsdalen Vedlegg: Brev frå Miljøverndepartementet (MD) 24.8.2012 Bakgrunn Regjeringa har vedteke at forvaltinga av større verneområde og verneområde- kompleks skal overførast til lokalt valde styre dersom det er ønske om dette lokalt. Det skal også opprettast sekretariat, der Fylkesmannen formelt skal vere arbeids- givar. I den samanheng har MD bede aktuelle kommunar og fylkeskommunar om å oppnemne kandidatar til styret. Det skal utnemnast ein kandidat av kvart kjønn, og føresetnaden er at vedkomande også er medlem i fylkestinget. Styret vert utpeikt av MD, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil innkalle til konstituerande møte. Mynde vil bli overført ved konstituering. Grunnlaget for styret si utøving av mynde er eit sett vedtekter fastsett med heimel i naturmangfaldlova og i sjølve vernevedtektene (sjå vedlegg). Tilsvarande oppnemning er tidlegare gjort i Dovrefjellområdet, Trollheimenområdet og i Geiranger-Herdalen. Desse er: Dovrefjellområdet: Toril Melheim Strand, vara Steinar Reiten Trollheimeområdet: Randi Walderhaug Frisvoll, vara Bergsvein Brøske Geiranger-Herdalen: Ingrid Opedal og Håvard Kongshaug, vara Pål Farstad og Kristin Sørheim Følgjande verneområde inngår i det nye styret: - Reinheimen nasjonalpark - landskapsvernområda Tafjorden - Reindalen, Trollstigen, Romsdalen, Lordalen, Finndalen og Ottadalen - Brettingsmoen naturreservat Nasjonalparken strekkjer seg gjennom kommunane Rauma og Norddal i Møre og Romsdal, samt kommunane Lesja, Lom, Skjåk og Vågå i Oppland. Tre av land- skapsvernområda ligg også i Rauma og Norddal, resten i Oppland. Vurdering Det er i høve saken relevant å nemne at det vert arbeidd med ein regional plan for villrein i Ottadalsområdet (høyringsframlegg, sjå eigen U-sak). Dette er eit sam- arbeid mellom Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar, og femner mellom anna verneområda nemnt ovanfor og elles mellom anna i Stranda kommune. I dette arbeidet har Toril Melheim Strand delteke i styrings- Side 2 gruppa. Villreininteressene er ein viktig del av det naturfaglege vernegrunnlaget i området, og arbeidet med regional plan er såleis svært relevant også for verne- områdestyret. Forslag til vedtak: Følgjande kandidatar vert innstilt som medlemer i det interkommnale verneområdestyret for Reinheimen - Tafjord - Romsdalen mv.: ….. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Ole Helge Haugen fylkesplansjef.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us