ÅRSMØTE 2015 for Bykle og Fjellgardane kyrkjelyd SUNDAG 6. MARS 2015 KL.18.00 (etter gudteneste kl 17.00 i Fjellgardane kyrkje) Årsmøtet er ein stad der du kan ta opp det du er oppteken av i kyrkjelyden. Det er eit informasjons- og diskusjonsmøte, det er ikkje godkjenning av saker / val. Innhald: Årsrapport 2015 for Bykle sokneråd med årsrapportar frå: Organist Henrik West Prostidiakonen i Otredal Årsrapport frå Bykle og Fjellgardane barnekor Fjellgardane sundagsskule Årsmelding 2015 for Bykle KFUK-KFUM-speidarar Alle hjarteleg velkomne Bykle Sokneråd – Årsrapport 2015 1. Organisering av kyrkja .................................... 2 2. Tilsette og personalansvar ............................... 3 3. Kyrkjelydsarbeid ............................................. 4 4. Kyrkjer ............................................................ 8 5. Kyrkjegardar………………………………….8 6. Økonomi ......................................................... 8 7. Planar for 2016-17 .......................................... 9 8. Takk ................................................................ 9 Fjellgardane kyrkje 1. Organisering av kyrkja Bykle sokn er eiga juridisk eining med soknerådet som øvste organ. 01. februar 2016 var det registrert 704 medlemmar i Bykle sokn. 01. februar 2015 var medlemstalet 696. Auken har truleg samanheng med auke i folketalet i kommunen. Soknerådet bestod i 2015 av seks valde medlem og soknepresten. I tillegg møtte 1.vara fast. Kommunen sin representant er til stades for å vere bindeledd mellom soknerådet og kommunen, og har røysterett når soknerådet handsamar saker av fellesrådskarakter (økonomi, bygningar, kyrkjegard, personale). Kyrkjeverja er sakshandsamar og sekretær for soknerådet, med tale- og forslagsrett. Kyrkjeverja har det administrative ansvaret for den daglege drifta, og utfører arbeidet saman med andre kyrkjeleg tilsette og friviljuge. Medlemer i soknerådet 1.11.2011- 13.09.2015 Else Gyro Rysstad (leiar frå 1.11.2011) Vara Bjørg Vatnestrøm (nestleiar frå 1.11.2011) 1. Olav Aslak Bjåen Bernt E. Berntsen 2. Kjell Hagestad Edvin Norheim 3. Knut Inge Repstad Ragnhild Å. Hoslemo Ole Morten Egeland Kommunen sin representant Terje Seilskjær (sokneprest) (vald av kommunestyret): Torvald Gautland (H) Vara: Jon Rolf Næss (AP) Ragnhild Bjåen vart vald inn som femte medlem i soknerådet i november 2011. Ho vart etter søknad friteken frå vervet frå 13.1.2012. Andre medlemer og varamedlemer rykka då opp. Medlemer i soknerådet 14.09.2015 - 2019 Varamedlemer Else Gyro Rysstad (leiar frå 1.11.15) 1.Reidun Taksdal Bjørnarå Signe Lillemo Mundal (nestleiar frå 1.11.15) 2.Knut Inge Repstad Bernt Einar Berntsen 3.Ryszard Gosciniak Kjell Hagestad Berit Follerås Kommunen sin reprentant Brigitte Haugen (vald av kommunestyret): Terje Seilskjær (sokneprest) Kari Hovden (AP) Thoralf Hildebrandt Bykle sokneråd – årsrapport 2015 Side 2 Handsama saker i sokneråd År 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 Handsama 38 33 26 37 61 51 45 34 43 54 47 46 48 43 saker Utval og nemnder 1. Organisasjon Arbeidsutval: Soknepresten, kyrkjeverja, leiar og nestleiar av soknerådet. AU førebur soknerådsmøta og avgjer mindre saker. AU har oftast møte i forkant av soknerådsmøta. Soknerådsarbeid - Trusopplæringutval: Rønnaug Torvik, Ragnhild Hoslemo, Brigitte Haugen og Else Gyro Rysstad. Kyrkjeverja har vore sekretær. Sokneprest møter ved førespurnad. - Diakoniutval: Reidun T. Bjørnarå, Elin Dypedal, Aud Skagestad og Signe Lillemo Mundal - Misjonsutval: Kjell Hagestad, Ole Morten Egeland og Laila Rysstad - Bibelkontakt: Else Gyro Rysstad og Knut Rysstad - Kirkens Nødhjelp-kontakt: Signe Lillemo Mundal - Representant i styre Bykle og Fjellgardane barnekor: Else Gyro Rysstad - Offer/kyrkjevert/kyrkjekaffe: Bernt Berntsen, Berit Follerås og Knut Rysstad Fellesrådsarbeid - Utval for monument minnelund Bykle kyrkjegard To medlemer oppnemnd av soknerådet: Ingrid L. Berntsen og Magnhild Bjørnarå. Kyrkjeverja deltek i arbeidet. 2. Tilsette og personalansvar Soknerådet hadde i 2015 arbeidsgjevaransvaret for 1,57 årsverk fordelt på 4 tilsette: Tor Hallvard Mosdøl, kyrkjeverje, 60 % og kyrkjelydsarbeidar 40 % o Sjukemeld i 2015, tilbake 1.jan 2016 o Vikar innleigd på timebasis, Truls Thonhaugen Tonhild Kråkenes, organist/kantor, 40 % stilling (ny organisering frå haust 2015) o ny kantor/organist formelt tilsett i Valle og Hylestad Knut Rysstad, klokkar/kyrkjetenar for Fjellgardane og Bykle, 13 % stilling. o Ansvar for gudstenester i Bykle. I tillegg konsertar, kyrkjelege handlingar og andre arrangement i alle tre kyrkjer. Vakant stilling som klokkar/kyrkjetenar for forordna gudstenester i Fjellgardane, 4 % stilling. Arbeidast med å få personell til stillinga. Samarbeid Bykle sokn - Valle og Hylestad sokn Tonhild Kråkenes slutta sommaren 2015 etter mange års teneste som organist/kantor i Bykle sokn. Kråkenes si stilling var organisert med direkte tilsetjing i kvart sokn (60 % i Valle og Hylestad og 40 % i Bykle). Ein såg dette som eit godt høve til å samle tilsetjing og personalansvar i eit sokn. Ny organist/kantor, Henrik West, er difor frå Bykle sokneråd – årsrapport 2015 Side 3 hausten 2015 tilsett 100 % hjå Valle og Hylestad sokn, medan Bykle sokn kjøper 40 % av arbeidskapasiteten, som refusjon. I september 2015 vart Martin Wikstøl tilsett 40 % som ungdomsarbeidar (toårig prosjektstilling) for Bykle sokn og Hylestad sokn (fordelt med 20 % i kvart sokn). Arbeidsgjevaransvaret ligg til Valle og Hylestad, medan Bykle betalar refusjon. Stillinga er delvis finansiert av statleg løyving til trusopplæring. Samarbeidsprosjekt i prostiet - prostidiakon Våren 2002 vart stillinga som prostidiakon i Otredal etablert, fyrst med 50 prosent, seinare utvida til 70 prosent. Stillinga er finansiert av sokneråda i Otredal prosti (ti sokn til saman i kommunane Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle). Bykle sokn sin del tilsvarar 10,5 prosent. Anna Heggland har vore prostidiakon sidan 1. august 2014. Statleg tilsett Terje Seilskjær er sokneprest i Valle og Bykle (sidan mars 2011). I 2015 har soknepresten vore 25 % sjukemeld. Martin Wikstøl og Henrik West har difor hatt ansvar for konfirmantundervisninga hausten 2015, og ordninga vidareførast vårsemester 2016. Generelt Dei tilsette har stabsmøte om lag ein gong i månaden. Stabsmøta er felles for Bykle og Valle og Hylestad sokn, og samarbeidet er godt. I 2015 vart det rekruttert kantor/organist og ungdomsarbeidar, som har vore positive tilskot i staben. Sokneprest og kyrkjeverje har vore sjukemeldt delar av året, og ein har difor ikkje fått gjennomført like mange tiltak som ein kunne ønskje. Det er likevel bra framdrift i staben og alle ser inn mot eit spennande 2016. 3. Kyrkjelydsarbeid Kvart år fyllast det ut kyrkjeleg årsstatistikk, som er med å danne grunnlag for nasjonale statistikkar. Dei kyrkjelege handlingane som dåp, konfirmasjon, vigslar og gravferder ligg på eit stabilt nivå ut frå folkesamansetninga i Bykle. Gudstenester: Alt i alt blei det halde 32 gudstenester i Bykle sokn i 2015. Besøkstal frå gudstenester ved påske og jul i Bykle: Gudsteneste 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Skjærtorsdag 67 90 120 166 83 75 66 80 85 50 85 90 1.Påskedag 120 90 100 150 145 100 115 92 125 80 190* 178* Julaftan 130 200 210 290 250 240 580* 472* 510* 565* 540* 550* (Tal merka med stjerne gjeld både Bykle og Fjellgardane) Gudsteneste 2015 Skjærtorsdag 86* 1.Påskedag 209* Julaftan 658* (Tal merka med stjerne gjeld både Bykle og Fjellgardane) Bykle sokneråd – årsrapport 2015 Side 4 I Bykle er faste gudstenester og kyrkjelege arrangement gjennomført: 2. Familiegudstenester med utdeling av bøker til 4- og 6-åringar 3. Skulegudstenester 4. Temagudstenester med deltaking av konfirmantane 5. Konfirmasjonsgudstenester og samtalegudsteneste med konfirmantane 6. Helgemesse med minning av dei døde 7. Ljosmesse/jolekonsert i adventstida, med deltaking av konfirmantane 8. Høgtidsgudstenester (jol og påske) 9. Gudsteneste på nasjonaldagen 10. Friluftsgudsteneste 11. Lekmannsmesser v/Normisjon i Bykle kyrkje Soknerådet og andre frivillige sørgjer for kyrkjekaffi etter dei fleste gudstenestene. Møte og samlingar: Ut over gudstenestene organiserer soknerådet noko opplæringsarbeid og møteverksemd mynta på vaksne. Organisasjonane, særskilt Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), har åtte til ti møtehelger i året til saman. Normisjon har møta i Bykle kyrkje og NLM både i bedehus og kyrkje. Det er også ein pinsekyrkjelyd i Bykle som har ein del møte. Soknerådet arrangerer joletrefestar både i Bykle og Fjellgardane. I Bykle er festen på samfunnshuset, og på Hovden er den på grendehuset. Soknerådsmedlemer steller i stand. I Bykle er det to bibel/samtalegrupper i sving med regelmessige samlingar. Kyrkjelyden sitt årsmøte var i Fjellgardane kyrkje etter gudstenesta sundag 22. mars.. Konsertar, musikkandaktar, musikkgudstenester med meir i 2015 Organist/kantor Henrik West er kyrkjemusikalsk ansvarleg. Organisten har ansvar for planleggjing og gjennomføring av det musikalske innhaldet i gudstenester, vigslar, gravferder, konsertar og andre kyrkjelege arrangement i regi av soknerådet. Organisten har og vore med soknepresten som pianist på Bykle aldersheim. Vidare bidreg organisten i konfirmantundervisninga og ulike arrangement i samband med trusopplæringa. Organisten samarbeider godt med lokalt musikk- og kulturliv og trekkjer inn ressurspersonar til musikk/song i gudstenester og konsertverksemd. Elles visast det til organisten si vedlagte årsmelding. (Om ikkje
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages14 Page
-
File Size-