Astrid Kvalbein Musikalsk modernisering Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar Avhandling for graden Ph. D. Noregs musikkhøgskole 2013 NMH‐publikasjonar 2013:2 © Astrid Kvalbein ISSN: 0333‐3760 ISBN: 978‐82‐7853‐078‐8 Noregs musikkhøgskole PB 5190 Majorstua NO‐0302 OSLO Telefon: (+47) 23 26 70 00 E‐post: [email protected] nmh.no Publisert i samarbeid med Akademika forlag Trykk: AIT Oslo AS FØREORD Etter seks-sju års meir og mindre intenst samvær med den mangesidige Pauline Hall frå Hamar, Kristiania, Paris, Berlin med meir er det godt å seie takk for følgjet – i alle fall for ei stund. Doktorgradsarbeidet har innebore mange spennande reiser i tid, geografi og ikkje minst musikk, det har vore hardt arbeid, frustrasjonar, små og store skrive- og syngegleder. No ligg det omsider her, dokumentert i bok- og CD-form. Mange har vore med på ferda, og skal ha takk: først hovudrettleiar professor Elef Nesheim ved Noregs musikkhøgskole (NMH), for ustoppeleg entusiasme, store kunnskapar og hjelp med struktur og pågangsmot i alle fasar. Så birettleiar professor Erling Sandmo ved historisk fakultet UiO, for skarpe lesingar og alltid like hyggelege samtalar. Takk skal òg lektor Erik Steinskog ved Københavns Universitet ha, for verdifulle tips og utfordringar som opponent på prøvedisputas. Frå songarhald har rettleiinga frå professor Barbro Marklund og universitetslektor Ståle Ytterli ved NMH vore rik, utviklande og morosam. Også musikarane som har tatt del på dei ulike konsertane skal ha varm takk – særleg pianistane Jorunn Marie Bratlie og Ivar Anton Waagard, begge førsteamanuensisar ved NMH og utruleg givande å samarbeide med. Thomas Hukkelberg har stått for alle konsertopptaka, og Audun Jonassen for reinskriving av manuskript – eg takkar begge for upåklageleg innsats. Til kollegafelleskapet ved NMH hører ei rad medstipendiatar som alle har gjort sitt for å ha skapt eit godt miljø – ikkje minst i ”lunsjkroken” i 5. etasje, 2. hus. Av desse har andre innan den oppføringspraktiske linja vore særleg viktige faglege sparringspartnarar: Gjertrud Pedersen har inspirert alt frå før eg gjekk i gang med prosjektet, vidare Kristin Kjølberg, Ruth Solveig Steinsland, Tanja Orning, Frank Havrøy, Olaf Eggestad, Chris- tina S. Kobb og Anders Førisdal. Også andre stipendiatkollegaer skal ha takk for påfyll og god prat om mangt: Karette Stensæth, Tone S. Kvamme, Marie Strand Skånland, Gro Anita Kamsvåg, Solveig Christensen og Guro Gravem Johansen. Og fleire til. Eg vil òg takke biblioteket ved NMH, Norsk Musikksamling ved Inger Johanne Christensen og andre gode hjelparar, også på spesial- og mikro- filmlesesalen ved Nasjonalbiblioteket. I tillegg har eg fått god assistanse ved Det Kongelige Bibliotek i København, i Sveriges Radios arkiv og i NRKs fjernsynsarkiv. Privatpersonar har òg stilt materiale og minne til rådvelde. Ekstra takknemleg har eg vore for å få disponere brev, dagbøker og anna stoff i Inger-Merete Halls eige. Også lokalhistorikar Hanne Lystad på Hamar skal ha takk, og andre som har formidla små og store kunnskapar om og inntrykk av personen Pauline Hall. Eg har òg hatt ein flott familie rundt meg, ein særleg takk går til mamma Laila Akslen, for språkvask av avhandlinga. Til slutt går den varmaste klemmen til han som har vore klippen i kvardagane dei siste åra, Erik. Takk for all støtte, for tolmod og ekstra tak og for at du – og etterkvart Mauritz og Einar – kom inn i livet og forseinka framdrifta i prosjektet på best tenkelege vis. No ser eg fram til andre reiser. Oslo, januar 2013 Astrid Kvalbein ii INNHALD 1. INNLEIING: ei framdjerv kvinne .................................................................1 1.1. Kjelder og tidlegare arbeid om Hall ..............................................3 Hovudoppgåver og historieverk .....................................3 Arkivmateriale, private kjelder, intervju .....................4 1.2. Tre forskarposisjonar .........................................................................6 1.2.1. Biografisk .................................................................................................6 1.2.2. Utøvande ...................................................................................................7 Forskaren som kunstnar og omvendt – ei ny vending? ...................................................................................8 Det utøvande som dokumentasjon, tolking og argument .............................................................................. 12 1.2.3. Diskurs- og kultursosiologisk orientert ................................... 13 1.3. Forskingsspørsmål ............................................................................ 15 2. Å skrive, synge og drøfte EIT MODERNE LIV ....................................... 17 2.1. Å skrive (om) eit liv .......................................................................... 18 Biografien som akademisk sjanger ............................ 18 2.1.1. Kronologi, utviklings- og heilskapskonstruksjonar............ 19 2.1.2. Eksistensielle og psykologiske drivkrefter ............................ 21 2.1.3. Livsverk som reisverk ..................................................................... 23 Nykritikk og biografi ........................................................ 26 2.2. Å synge historie .................................................................................. 28 2.2.1. Det drastiske i utøvinga .................................................................. 28 2.2.2. Halls songar – i tolkingsspel ......................................................... 31 Kroppen i spelet.................................................................. 33 Syngande historie .............................................................. 37 2.2.3. Halls historie og mi ........................................................................... 39 iii 2.3. Å drøfte modernitetar ..................................................................... 42 2.3.1. Moderniseringar i musikklivet .................................................... 42 Aktørskap, felt og diskurs ............................................... 44 2.3.2. Modernitet og modernisme i musikk ....................................... 47 Det franske moderne ........................................................ 48 Berlin-impulsar, brei modernitet ................................ 50 Det eksotiske og folkelege – reaksjonar på det moderne? .............................................................................. 52 ISCM: den andre wienerskolen og brei internasjonalisme .............................................................. 53 2.3.3. Biograf og forskar ”på tre bein”................................................... 55 3. Den klassiske komponisten ...................................................................... 57 3.1. Frå familiekonsertar til fransk filharmonisk selskap ....... 58 3.1.1. Familie og skuleår ............................................................................. 58 3.1.2. Studium i Kristiania, konsertar i Tromsø ............................... 60 3.1.3. Paris – Dresden – København ...................................................... 61 3.1.4. På programmet i Kristiania – debut 1917 .............................. 65 3.1.5. I kontakt med storpolitikken?...................................................... 67 3.1.6. Fransk poesi i filharmonisk selskap .......................................... 68 3.1.7. Verlaine-suiten 1929 ....................................................................... 72 3.2. Pauline Halls debut anno 1917.................................................... 74 3.2.1. Kvifor debutkonserten? .................................................................. 75 Konserten som sjølvpresentasjon ................................ 75 3.2.2. Edisjon og val av erstatningar ...................................................... 76 Songane ................................................................................. 76 Fiolinsonatinen .................................................................. 79 Erstatning av klaverstykke ............................................ 80 3.2.3. Debuten: der og då, her og no ...................................................... 81 iv 3.2.4. Repertoaret på nært hald ............................................................... 82 I. Sange for sopran ............................................................ 83 II. Klaver-solo ...................................................................... 86 III. Sange for mezzosopran ............................................ 86 IV. Sonatine for violin og klaver ................................... 89 V. Sange for sopran ........................................................... 90 3.2.5. Konserten som heilskap, franske frampeik: ......................... 91 Dikta og tekstforfattarane ............................................. 93 Kvinneleg og framtidsretta ........................................... 96 3.3. Modernitetar: feminin, fransk og freidig ............................. 98 3.3.1. Frå ”komponistinde” til ”en faens kar” ..................................... 98 3.3.2. Framand fransk raffinement ...................................................... 112 3.3.3. Debattantar og dilettantar .......................................................... 122 Hall som ”den andre” .................................................... 127 4. Brytningstider ............................................................................................. 129 4.1. Komposisjon, krig og kvinnesak .............................................
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages478 Page
-
File Size-