Hadle Oftedal Andersen og Idar Stegane (red.) Modernisme i nordisk lyrikk 1 _______________________________________________ Institutionen för nordiska språk och nordisk litteratur Helsingfors Universitet © 2005 Forfattarane og Institutionen för nordiska språk och nordisk litteratur vid Helsingfors universitet Boka inngår som nr. 5 i serien Nordica Helsingiensia, ein publikasjons- serie ved Institutionen för nordiska språk och nordisk litteratur vid Helsingfors universitet. Sara Nordlund er seriens redaktør. Boka inngår som nr. 3 i underserien Kultur og Kritikk i Norden. Hadle Oftedal Andersen og Asger Albjerg er underseriens redaktørar. Kontaktadresse: Nordica, P.B. 24 00014 Helsingfors Universitet Omslag: Sara Nordlund Omslagsfoto: Yrjö Lintunen, ca. 1950. Boka er sett med Garamond 9/11 Boka er utgitt med støtte frå Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Bergen. Printed in Finland by Yliopistopaino, Helsinki ISBN 952-10-2851-3 ISSN 1795-4428 Innleiing side 5-10 Per Erik Ljung KONSTELLATIONER OCH KONSTRUKTIONER Olav H. Hauge och Vilhelm Ekelund side 11-24 Idar Stegane TRE PIONERAR I NORDISK LYRIKK Elmer Diktonius, Edith Södergran, Kristofer Uppdal side 25-40 Unni Langås MODERNISMENS KLIPPE — BELYST VED FIRE NORDISKE LYRIKERE side 41-61 Eva-Britta Ståhl EDITH SÖDERGRANS SVENSKA DÖTTRAR OCH SYSTRAR Maria Wine, Katarina Frostenson, Elisabeth Rynell side 62-81 Claus Falkenstrøm DANSK SURREALISME PÅ SVENSK Om Gustaf Munch-Petersens Solen finns og Vilhelm Bjerke-Petersens Diamanter i askan side 82-105 Peter Stein Larsen LYRIKKENS FORVANDLING Lindegrens mannen utan väg som litteraturhistorisk cæsur side 107-124 Louise Mønster MODERNISMENS SPROGHOLDNING — MELLEM DESTRUKTION OG KONSTRUKTION side 125-147 Sveinn Yngvi Egilsson «THE WILD HAS NO WORDS» The modern short lyric as a way of approaching the wordless through images side 148-170 Hadle Oftedal Andersen FRÅ SVENSK HØGMODERNISME TIL NYNORSK BYGDEMODERNISME side 171-192 Per Bäckström KRAMA SPRÅKMATERIA — MANIPULERA VÄRLDEN Det nordiska 60-talsavantgardets gränsöverskridanden side 193-213 Medarbeidarar side 214-215 INNLEIING Denne boka er resultat av eit samarbeid i ei gruppe litteraturforskarar frå forskjellige land i Norden. Vi har alle ei interesse for lyrikk, og særleg finn vi den lyrikken som kan gå under fellesnemninga ’modernisme’, utfordrande og interessant. Meir enn somme andre litterære fenomen er den modernistiske lyrikken eit kunstslag som heller kryssar grenser enn han held seg innanfor visse nasjonar eller område. Dette heng saman med at heile grunnlaget for modernismen er den tekniske moderniseringa og mentale endringar knytte til industri, kommunikasjonar, urbanisering osv., og forsøka på å finne former og kriteria for adekvate kunstnarlege reaksjonar og svar på dette. Hos oss pågjekk dette frå slutten av 1800-talet, og modernismen gjorde «en forskel» som Per Stounbjerg skriv,1 anten han kritisk søkte å finne alternative vegar som ekspresjonisme og avantgardisme eller oppglødd tiljubla utviklinga gjennom futurismen. Ettersom den moderne utviklinga har teke noko ulike spor i dei forskjellige nordiske landa, har også modernismen slått ulikt inn. I samarbeidet i denne gruppa er vi opptekne både av det som liknar og det som er ulikt. Førebels har vi funne slektskapar og likskapar som det i liten mon har vore peikt systematisk på hittil, så fascinerande at det har vorte nokså styrande for artiklane i denne boka. Forholdet til lyrikk og andre impulsgivande kulturuttrykk utanfor Norden varierer også. Det kan vere rimeleg å rekne med ein tidleg «symbolistisk» fase med tilknyting til fransk og tysk moderne tradisjon frå fransk symbolisme med Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud, Stéphane Mallarmé og Paul Verlaine, og frå tysk seint 1800-tal med Rainer Maria Rilke som sentralt namn med tilknyting også til nordisk litteratur. Den amerikanske tradisjonen frå Walt Whitman har òg sin plass som bakgrunn. I tillegg til J.P. Jacobsens arabeskdikt alt frå 1870-åra kan Sigbjørn Obstfelder reknast for ei sentral røyst heilt frå slutten av 1890-talet. Obstfelder var minst like godt kjend i Danmark som i Noreg, og han hadde også eit namn i Sverige. Reidar Ekner har gitt ei god innføring i Obstfelders forhold både til Baudelaire- og Rilke-tradisjonen og hans interskandinaviske plassering i kontakt med både svenske og særleg danske litterære miljø.2 Ekner er eksempel på ein nordisk forskar som ser ein forfattarskap i forhold til litteratur og litterære miljø i fleire nordiske land. Dette skjer også hos ein del andre, gjerne i mindre arbeid som Torben Brostrøms «Modernismens gennembrud i nordisk litteratur».3 Samanhengen er elles europeisk, men lite nordisk, til dømes i standardverk som Kjell Espmark (1977, 1994) eller Erik A. Nielsen (1976).4 Tilknyting til det kontinental- europeiske hadde også ein austleg veg til det nordiske gjennom finlandssvenskane sin geografiske nærleik til Russland og Baltikum. Det galdt ganske særleg i første omgang pioneren framfor nokon, Edith Södergran, som hadde gått på skule i St. Petersburg og kjende både russisk og ikkje minst tysk åndsliv, både Nietzsche og den nyskapande lyrikaren Else Lasker-Schüler. Arbeida i denne boka har blitt til på den måten at dei forskjellige forskarane har teke for seg emne i forlenging av område dei allereie har arbeidt med eller iallfall interessert seg for. Arbeida ligg òg i forlenging av møte og samtalar eller også skriftleg kommunikasjon i gruppa. Dei fleste av oss har det felles at vi arbeider ved institusjonar som har forsking og undervisning i nordisk litteratur som ansvarsområde. Dansk, norsk og svensk er så like språk at iallfall kortare tekstar kan lesast utan stort bry på originalspråket av folk som talar og skriv eitt av dei andre, dessutan av færøyingar og mange islendingar. Dette forholdet var truleg endå meir sjølvsagt tidleg på 1900-talet då norsk bokmål stod nærare dansk, og engelsk enno ikkje hadde trengt unna dansk som første framandspråk på Island. Denne nære språklege slektskapen set oss i ein unik situasjon og gjer det rimeleg å studere litteraturen vår under felles synsvinklar meir enn det hittil har vore gjort. Ein oppdagar nye ting, rørsler og kontaktar som ikkje har vore trekte fram. Nokre døme: I det finlandssvenske pionertidsskriftet Ultra (1922) interesserte dei seg for samtidig dansk avantgardisme. Edith Södergran, som dei svenske fyrtiotalistane, var djupt interessert i Vilhelm Ekelund og sende bøker og brev til han. Den islandske lyrikaren Sigríður Einars frá Munaðarnesi hadde omsetjingar av Obstfelders prosadikt i debutboka si, Kveður í runni (1930).5 Edith Södergran vart omtalt først i 1925 både i Danmark og Noreg, i Danmark etterkvart introdusert av den aktive danske kritikaren og forfattaren Tom Kristensen, i Noreg gjennom tidsskriftartiklar skrivne av finlandssvenskar. Ekte- og diktarparet Halldis Moren og Tarjei Vesaas spela ei rolle som nordiske formidlarar gjennom venskap med både danske, finlandssvenske og svenske forfattarar, og både Södergran og Karin Boye vart presenterte i tidsskiftet Kvinnen og Tiden (1945—1955), der Moren Vesaas var medlem av redaksjonsutvalet. Boye vart kjend og populær i Noreg gjennom ein opplesingsturné «i samband med svenska diktarveckan» 1939.6 Nordiske forfattarmøte både før og etter andre verdskrigen og forfattarkurs i etterkrigstida frå 1950-åra førte til venskap og bokutveksling og gjensidig lesing mellom nordiske forfattarar, og under «modernismens tredie fase» mot slutten av 1960-åra som Hans-Jørgen Nielsen skreiv om (Nielsen 1968),7 kjende lyrikarane og tekstskrivarane i dei nordiske landa relativt godt til kvarandre. Møte og samanhengar av slikt slag vil vi sjølvsagt oppdage meir og meir av etter kvart som vi arbeider med stoffet. Per Erik Ljung legg i sin artikkel vekt på slike konstellasjonar og ordnar dei i typar i det han legg vekt på både synkrone og diakrone mønster. Artiklane i denne boka er skrivne av forskarar med forskjellig bakgrunn og frå ulike generasjonar. Hovudinteressene peikar i fleire retningar i forhold til det vide feltet som kan kallast nordisk modernistisk lyrikk. Det einaste substansielle redaksjonelle kravet som er sett til artiklane, er at dei i emneval skal krysse minst ei nordisk landegrense. Redigeringa er forsøksvis kronologisk, men sidan forfattarnamn frå ulike tidsrom kan vere involverte i same artikkel, er dette ikkje konsekvent gjennomført, men er meir som ei rettesnor. Vilhelm Ekelund er eit namn som mange nordiske lyrikarar har vore opptekne av, frå Edith Södergran til Olav H. Hauge. Det er Hauges forhold til Ekelund som er utgangspunkt og hovudsak i Per Erik Ljungs artikkel, «Konstellationer och konstruktioner — Olav H. Hauge och Vilhelm Ekelund». Ljung gir sju døme på slike konstellasjonar og gjer så nærare greie for korleis dei unge norske forfattarane på 60-talet, den såkalla profilgruppa etter tidsskriftet Profil, brukte Hauge, og så Hauges bruk av Ekelund og dei svenske 40-talistane sin bruk av Ekelund; her er konstellasjonar av både synkron og diakron art. I Idar Stegane sin artikkel om lyrikarane Elmer Diktonius, Edith Södergran og Kristofer Uppdal («Elmer Diktonius, Edith Södergran, Kristofer Uppdal. Tre pionerar i nordisk lyrikk») er konstellasjonen synkron, og det handlar om likskap i stoff og uttrykk mellom desse tre ekspresjonistane. Sjølv om det ikkje er nokon grunn til å tru at den norske Uppdal og dei to finlandssvenskane kjende til kvarandre, kan ein finne forbausande likskapar i livskjensler og biletspråk i ein kosmisk skrivemåte med dristig ekspanderande dimensjonar i eit uttrykk som
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages221 Page
-
File Size-