Anne Snellingen Bye, Geir Inge Gundersen, Trond Sandmo Og Gisle Berge Jordbruk Og Miljø Resultatkontroll Jordbruk 2005

Anne Snellingen Bye, Geir Inge Gundersen, Trond Sandmo Og Gisle Berge Jordbruk Og Miljø Resultatkontroll Jordbruk 2005

2005/31 Rapportar Reports Anne Snellingen Bye, Geir Inge Gundersen, Trond Sandmo og Gisle Berge Jordbruk og miljø Resultatkontroll jordbruk 2005 Statistisk sentralbyrå • Statistics Norway Oslo–Kongsvinger Rapportar I denne serien blir statistiske analysar, metode- og modellbeskrivingar frå dei enkelte forskings- og statistikkområda publiserte. Også resultat av ulike enkeltundersøkingar blir publisert her, oftast med utfyllande kommentarar og analysar. Reports This series contains statistical analyses and method and model descriptions from the different research and statistics areas. Results of various single surveys are also published here, usually with supplementary comments and analyses. © Statistisk sentralbyrå, november 2005 Dersom materiale frå denne publikasjonen blir Standardtekn i tabellar Symbols in tables Symbol nytta, ver vennleg å oppgje Statistisk sentralbyrå Tal er umogleg Category not applicable . som kjelde. Oppgåve manglar Data not available .. Oppgåve manglar førebels Data not yet available ... ISBN 82-537-6868-0 Trykt versjon Tal kan ikkje offentleggjerast Not for publication : ISBN 82-537-6869-9 Elektronisk versjon Null Nil - ISSN 0806-2056 Mindre enn 0,5 Less than 0.5 of unit av den brukte eininga employed 0 Emnegruppe Less than 0.05 of unit 01.04 Forurensninger, Mindre enn 0,05 av den brukte eininga employed 0,0 10.04 Jordbruk og skogbruk Førebels tal Provisional or preliminary figure * Brot i den lodrette serien Break in the homogeneity of a vertical series — Design: Enzo Finger Design Brot i den vassrette serien Break in the homogeneity of a horizontal series | Trykk: Statistisk sentralbyrå/538 Desimalskilletegn Decimal punctuation mark ,(.) Samandrag Anne Snellingen Bye, Geir Inge Gundersen, Trond Sandmo og Gisle Berge Jordbruk og miljø Resultatkontroll jordbruk 2005 Rapportar 2005/31• Statistisk sentralbyrå 2005 Rapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plante- vernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk jordbruk, omdisponering av areal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden). Jordbruksareal i drift I følgje SSBs totalpopulasjon for jordbruket var det i 2004 10,36 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 5,01 millionar dekar, eller 48,3 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i drift på 9,3 prosent i perioden 1985-2002. Frå 2002 har det skjedd ein reduksjon i jordbruksarealet kvart år. Tal for 2004 viser ein reduksjon på 41 700 dekar i høve til året før. Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2004 om lag 3,33 millionar dekar, eller 32,1 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I følgje Utvalsteljing for landbruket blei delen med haustpløgd kornareal redusert frå 81,6 prosent hausten 1989 til 57,4 prosent hausten 1997. Tal frå tilskot til endra jordarbeiding viser at haustpløgd areal utgjorde 49,0 prosent av kornarealet hausten 2004. Våren 2005 var det 1,49 millionar dekar eller 44,9 prosent av det totale kornarealet som låg i stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren). I sårbare område for fosfor auka stubbarealet frå 39,1 prosent våren 2000 til 43,4 prosent våren 2005. For 2004/2005 blei det utbetalt 150,7 millionar kroner i tilskot til endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar. Det blei betalt ut tilskot til 1,68 millionar dekar jordbruksareal. Tilskot til fangvekstar auka frå 4,7 millionar i 1999 til 37,7 millionar i 2001. Satsen for tilskot til fangvekstar auka monaleg frå 1998 til 1999, men det gav resultat først i 2000. Frå 2002 blei alle arealsatsane redusert, med størst reduksjon for fangvekstar. I alt blei det utbetalt 21,4 millionar til dyrking av fangvekstar i 2004/2005. Det blei dyrka fangvekstar på 6,8 prosent av arealet med korn- og oljevekstar i 2004. Gjødsel I 1998/99 blei det omsett 106 000 tonn nitrogen i handelsgjødsel, ein reduksjon på 6,1 prosent frå året før. Omsetnaden i 2000/01 var på 100 600 tonn, det lågaste talet for nitrogen som er registrert i perioden 1980-2000. Dei siste åra har omsetnaden auka igjen, til 105 100 tonn i 2003/04. Frå 1999/00 til 2000/01 blei omsetnaden av fosfor redusert med 6,9 prosent til 12 400 tonn, den lågaste omsetnaden som er registrert i perioden 1950-2000. Dei siste åra har omsetnaden auka igjen, til vel 12 800 tonn i 2003/04. Frå 1. januar 2000 blei miljøavgiftene på handelsgjødsel fjerna, og prisen på gjødsel blei redusert med om lag 16 prosent. Mengd husdyrgjødsel har endra seg lite dei siste 15 åra, men ein kan sjå ein svak auke. Bruk av plantevernmiddel Forbruket av plantevernmiddel varierer frå år til år. Målt etter vekt blei omsetnaden av både ugrasmiddel, soppmiddel, skadedyrmiddel og andre middel sterkt redusert på 1970-talet. Sia har det vore ein svakare, men forholdsvis jamn reduksjon i omsetnaden dersom ein ser på gjennomsnittet for 5-årsperiodar. 2001 og 2003 er dei første åra ein har landsdekkande statistikk over faktisk bruk av plantevernmiddel i norsk jordbruk. Av dei undersøkte vekstane i 2003 var det epletre som blei behandla oftast med eit snitt på 9,2 behandlingar med plantevernmiddel gjennom vekstsesongen. Areal av jordbær blei behandla 8,3 gonger, medan areal av potet blei behandla 7,5 gonger. Areal av kepalauk og gulrot blei behandla 5,9 gonger. For korn- og oljevekstar og eng og beite var talet på behandlingar langt mindre. I gjennomsnitt blei desse areala behandla mellom ein og tre gonger. 3 Tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna Modellberekningar viser at dei menneskeskapte tilførslane av fosfor og nitrogen til dei sårbare havområda mellom svenskegrensa og Lindesnes har blitt reduserte sidan 1985, som er basisåret for målsetjinga om 50 prosent reduksjon av fosfor- og nitrogentilførslane i Nordsjøavtalane. Tilførslane av fosfor blei redusert frå 1 465 tonn i 1985 til 562 tonn i 2003, ein nedgang på 62 prosent. Tilførslane av nitrogen blei reduserte frå 32 231 tonn til 18 789 tonn i same tidsrom, ein nedgang på 42 prosent. Jordbruket stod for 45 prosent av dei totale menneskeskapte tilførslane av fosfor og 57 prosent tilførsla av nitrogen til det sårbare Nordsjøområdet i 2003. Sidan 1985 har tilførslane frå jordbruket til desse områda blitt reduserte med 37 prosent for fosfor og 27 prosent for nitrogen. Utslepp til luft frå jordbruket Jordbruket står for halvparten av dei totale utsleppa av lystgass (N2O) i Noreg. Lystgass er ein kraftig klimagass. Utslepp i frå husdyr- og handelsgjødsel står for rundt 50 prosent av lystgass utsleppa frå jordbruket. Husdyrproduksjon står for nesten alle utsleppa av metan (CH4) i jordbruket og er, etter avfallsdeponi, også den nest viktigaste kjelda for totalutsleppa. Husdyra slepp ut metan direkte som tarmgass og indirekte gjennom gjødsla dei produserer, og stod i 2003 for rundt 39 prosent av dei totale metanutsleppa i Noreg. Metan er rekna for å være ein 21 gonger sterkare klimagass enn karbondioksid (CO2). Når det gjeld ammoniakk, som er ein forsurande gass, kan meir enn 90 prosent av utsleppa knytast til ulike jordbruksaktivitetar. Avfall og gjenvinning Plastretur AS har estimert at det blei nytta om lag 8 800 tonn landbruksplast i Noreg i 2004. Når det gjeld utviklinga av innsamla landbruksplast har mengda auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 7 300 tonn i 2004. Reduksjonen i 2001 utgjer eit unntak frå denne trenden og skuldast i hovudsak lageroppbygging og manglande pressekapasitet hos mottakarane dette året. I 2004 gjekk tilnærma all innsamla plast frå jordbruket til materialgjenvinning, og særs lite blei nytta til energiformål. Landbruksplast kan leverast gratis til over 200 mottak fordelt på 201 ulike kommunar i landet. Om lag 55 prosent av jordbruksbedriftene kan levere plast gratis til mottak i eigen kommune. Det blei til saman levert om lag 279 tonn farleg avfall frå jordbruket i 2004, ein nedgang på omkring 80 tonn sidan 2003. Mengd farleg avfall kan variere ein del mellom åra grunna tidvise store leveransar frå enkeltbedrifter innan jordbruks- sektoren (NACE 01). Det reelle talet for farleg avfall i alt frå jordbruket er sannsynlegvis ein del høgare, då det oppgitte talet berre representerar det som blir rapportert frå landbrukssektoren til det sentrale registeret over farleg avfall. I tillegg blir ein del farleg avfall frå jordbruket levert til godkjende mottak for hushaldsavfall, samtidig som ein må rekna med at ein del avfall blir levert og behandla utanfor det godkjende systemet. Økologisk jordbruk Nær 2 500 jordbruksbedrifter i Noreg har lagt om til økologisk drift per 31. juli 2004. Økologisk drive areal og karensareal utgjer i dag 4,0 prosent av totalt jordbruksareal i Noreg, men variasjonane er store frå fylke til fylke. Telemark og Buskerud har relativt sett mest økologisk areal/karensareal med 7,3 og 7,1 prosent, medan Rogaland har minst med 0,7 prosent. Omdisponering av areal Dei siste 20 åra har den årlege rapporterte avgangen av dyrka jord auka frå om lag 7 000 dekar (1980) til nær 15 000 dekar i 2001, ein auke på 114 prosent. Det omdisponerte arealet er berekna til 10 300 dekar dyrka jord i 2004, eller 0,1 prosent av totalt jordbruksareal i drift. Kulturlandskap Frå 1985-1999 blei talet på husdyr som går på utmarksbeite redusert med 17,3 prosent. Etter ein svak auke i perioden 2000-2002, er det dei siste åra igjen registrert ein nedgang i talet på husdyr på utmarksbeite. I hovudsak er det sau og lam som gjer variasjonar i husdyrtalet frå år til år.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    108 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us