ØKONOMIRAPPORT 2012/2013 Kommunane i Hordaland Basert på endelege KOSTRA-tal publiserte 15.06.2013 (Kommunekonsern) Statens hus E-post: Kaigaten 9, 5020 Bergen Postboks 7310, 5020 Bergen [email protected] Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: Internett: Telefaks: 55 57 20 09 Org.nr: 974760665 www.fylkesmannen.no/hordaland Innhald Innleiing.................................................................................................................................... 3 Folketal ..................................................................................................................................... 6 Frie inntekter ........................................................................................................................... 8 Eigedomsskatt ..................................................................................................................... 10 Dei ”eigentlige” frie inntektene til ein kommune ............................................................... 12 Driftsresultat, overskot og overskot før lån og avsetningar .............................................. 13 Brutto- og netto driftsresultat .............................................................................................. 13 Meir-/mindreforbruk, akkumulert resultat og ROBEK ....................................................... 16 Overskot før lån og avsetjingar ........................................................................................... 16 Investeringar .......................................................................................................................... 17 Investeringar og lånefinansiering ........................................................................................ 19 Lån og finans.......................................................................................................................... 20 Lånegjeld ............................................................................................................................. 22 Fond og likviditet ................................................................................................................ 24 Grunnlikviditet .................................................................................................................... 24 Avslutning .............................................................................................................................. 27 Vedlegg 1 - Folketal…………………………………………………………………...28 Vedlegg 2 - Skatteinngang 2012 ................................................................................... 29 Vedlegg 3 - Frie inntekter pr innbyggjar i kr. 1000,- .................................................... 30 Vedlegg 4 - Eigedomskatt ............................................................................................. 31 Vedlegg 4b - Eigedomsskatt etter type og sats ............................................................... 32 Vedlegg 5 - Alle fritt disponible inntekter 2011 ........................................................... 33 Vedlegg 6 - Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter ....................................... 34 Vedlegg 7 - Netto driftsresultat i kr. 1000,-. ................................................................. 35 Vedlegg 8 - Akkumulert rekneskapsresultat ................................................................. 36 Vedlegg 9 - Overskot før lån og avsetningar ................................................................ 37 Vedlegg 10 - Investeringar i kr. 1000,- ........................................................................... 38 Vedlegg 11 - Investeringar i % av brutto driftsinntekter ................................................ 39 Vedlegg 12 - Bruk av lån (netto) i % av brutto investering ............................................ 40 Vedlegg 13a- Netto finans og avdrag .............................................................................. 41 Vedlegg 13b- Netto finans og tap .................................................................................... 42 Vedlegg 14a- Ordinær langsiktig gjeld (Kommunekonsern) ........................................... 43 Vedlegg 14b- Gjeld pr innbyggjar og i % av br. driftsinntekter (Kommunekonsern) ..... 44 Vedlegg 15a- Ordinær langsiktig gjeld (kommunekasse – ikkje konsern) ...................... 45 Vedlegg 15b- Ordinær langsiktig gjeld i % av brutto driftsinntekter (kommunekasse) .. 46 Vedlegg 16 - Fond pr. 31.12.2012, 2011 og 2010 i kr. 1000,- ....................................... 47 Vedlegg 17 - Grunnlikviditet 2009 - 2012 ...................................................................... 49 2 Innleiing Om rapporten Denne rapporten er meint å gi eit lettfatteleg oversyn over utviklinga i økonomien til kommunane i Hordaland for perioden 2008 – 2012, med størst vekt på året som gjekk. Rapporten, og særleg vedlegga, kan nyttast som oppslag. I motsetning til tilsvarande rapportar frå tidligare år, nyttar vi no tal frå «kommunekonsern». Det betyr at vi i tillegg til tal frå kommunekassa også har med bidrag frå kommunale føretak og interkommunale selskap. Kommunale aksjeselskap er framleis ikkje med. Tala vil vere på kommunenivå, og ikkje på einingsnivå. Dei som ønskjer meir detaljerte tal kan nytte våre rapportgeneratorar som vert lagde ut på www.fylkesmannen.no/Hordaland under ”kommuneøkonomi”. Her finn ein alle relevante KOSTRA-tal til bruk i budsjettarbeidet med meir. Ein kan her samanlikne med andre kommunar, kommunegruppe, fylke og land. Denne rapporten er bygd opp med ein hovuddel som viser, forklarar og diskuterer viktige kommunaløkonomiske indikatorar i tekst, figurar og mindre tabellar. Bak i rapporten (som vedlegg) syner vi tabellar med detaljerte tal for perioden frå og med 2008 til og med 2012. KOSTRA – rapportering og metode KOSTRA (kommune-stat rapportering) er eit viktig verktøy for styring på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå. To gonger i året (medio mars og medio juni) vert førebelse og endelege (reviderte) tal publiserte. Det er naturleg å samanlikne kommunar, fylke og landet (u/Oslo) med kvarandre. For å få dette til er det vanleg å dele resultatstorleiken på brutto driftsinntekter for kommunen, fylket eller landet (u/Oslo). Tala i denne rapporten er endelege. Samandrag 2012 – eit år på det jamne Kommuneøkonomien kan svinge mykje frå år til år. Etter gode økonomiske resultat for kommunane i Hordaland i 2006 kom ein venta nedgang i 2007. Nedgangen heldt fram for fylket i 2008 med dei svakaste resultata for Hordaland, utan Bergen, sidan ein starta med samanliknande KOSTRA-tal i 2001. I tråd med forventningane vart 2009 betydeleg betre, mens det for 2010 vart nok ein nedgang. 2011 var på nivå med året før, mens 2012 gav ei forsiktig betring. Hordaland har 33 kommunar. Av desse fekk 13 kommunar svekka resultat frå 2011. Det inneber at 20 kommunar fekk forbetra resultat. Kommunane er avhengige av eigedomsskatt Av 33 kommunar i fylket hadde 30 kommunar inntekter frå eigedomsskatt i 2012. Av desse 30 fekk 14 kommunar eigedomsskatt frå bustad og fritidseigedom i tillegg til «anna eige- dom» (verk/bruk/næring). Det er to færre enn i fjor (Bergen og Kvinnherad har tatt vekk bustadsskatt). 3 Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren og ”temperaturmålaren på helsetilstanden» i den kommunale økonomien. I 2006 hadde alle kommunane i Hordaland positivt netto driftsresultat. For 2011 var 25 kommunar i pluss, mens det for 2012 var 28 kommunar i pluss. Hordaland (u/Bergen) har jamt over svakare resultat enn landsgjennomsnittet (u/Oslo). Slik er det som oftast kvart år. Det er interessant at av 30 kommunar med eigedomsskatt i 2012, hadde heile 21 kommunar inntekter frå denne skatten som var høgare enn netto driftsresultat. Det betyr at dei ville ha gått i minus utan denne skatten (17 kommunar) eller fått eit ennå større driftsunderskot (fire kommunar) om dei ikkje hadde denne skatten, gitt dagens utgiftsnivå. Samanliknar vi med 2011, vil det seie at eigedomsskatten vart ennå viktigare. Kva er eit ”godt resultat”? Gode tenester for innbyggjarane er det viktigaste. Har inn- byggjarane fått fleire og betre tenester i 2012 enn t.d. i toppåret 2006, kan ein på den eine sida seie at 2012 er eit betre år enn 2006 uansett kva netto driftsresultat måtte vere. På den andre sida må kommunane sine økonomiske resultat halde eit nivå som gjer det mogleg å oppretthalde og helst auke tenestetilbodet. Teknisk berekningsutval (TBU) tilrår eit netto driftsresultat på minst tre prosent av brutto driftsinntekter for å kunna gjera avsetjingar til framtidige investeringar og midlertidig ubalanse i drifta. 24 kommunar nådde dette målet i toppåret 2006. For 2012 er talet 16, noko som var ei lita betring frå 2011. Robek Kommunar med meirforbruk som ikkje vert betalt ned etter kommunelova sine krav vert registrert i Register om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK). I Hordaland er det no fire kommunar i registeret: Meland, Osterøy, Stord og Kvinnherad. Til dels store forskjellar i inntekt Frie inntekter er dei inntektene som ikkje er bundne opp til særskilte tiltak. Desse inntektene er viktige for den kommunale handlefridomen. Det vart ein kraftig auke frå 2010 til 2011, men denne auken kom i all hovudsak frå innfasinga av det tidligare øyremerkte tilskotet knytt til barnehage i rammetilskotet. Også i 2012 vart nye midlar lagt til, denne gongen knytt til samhandlingsreforma. Det er store forskjellar mellom kommunane i kva dei kan bruke av økonomiske ressursar på ein innbyggjar. Ser vi på dei ordinære (frie) inntektene pr hovud, er det
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages49 Page
-
File Size-