Kyrkjemusikkdiskursen Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis Sigbjørn Apeland Avhandling for graden doctor artium (dr.art.) ved Universitetet i Bergen 29 april 2005 FØREORD Denne avhandlinga er skriven i perioden november 2000 til november 2004. Arbeidet er utført ved Griegakademiet – institutt for musikk, og det er finansiert ved hjelp av eit fire- årig doktorgradsstipend frå Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Bergen. Mange har vore til hjelp under arbeidet, både fagleg og på andre måtar. Takk til informantar og andre samtalepartnarar som har vore generøse og sett av av tid til å bidra med nyttige opplysingar, synspunkt og hjelp. Takk til studentar og tilsette som er knytte til det etnomusikologiske fagmiljøet (inkl. Arne Bjørndals Samling) i Nygårdsgt, 8. Takk til hovudrettleiar Hans Weisethaunet. Takk til Jon G. Abelsæth for nyttige tilbakemeldingar på dei kyrkjefaglege delane av teksten. Takk til Lisbeth Salomonsen for omfattande språkleg rettleiing. Professor emeritus Jan-Petter Blom fortener særskilt stor takk for si eineståande evne til å kombinera smittande entusiasme med konstruktiv kritikk! Til slutt skal det rettast ei varm takk til alle som har vore til stades i løpet av forskings- perioden og vore levande døme på at livet òg dreier seg om anna enn akademiske syslar. Det gjeld meir enn nokon Marit, Markus, Tobias og Jonas. Sigbjørn Apeland Bergen, 31. oktober 2004. 1 INNHALD Føreord 1 Innhald 2 Forkortingar 5 1. Å STUDERA MUSIKK SOM KULTURELL PRAKSIS 6 1.1 Innleiing 6 1.2 Tidlegare forsking 13 1.2.1 Liturgikk og hymnologi 14 1.2.2 Musikkvitskapen 16 1.2.3 Samfunnsvitskapane 19 1.2.4 Kulturanalytiske studier av vestleg («høg») musikkultur 37 1.3 Pierre Bourdieus felt-omgrep som forskingsverktøy 38 1.3.1 Innleiing 38 1.3.2 Felt-omgrepet som verktøy i den empiriske avgrensinga 41 1.3.3 Kapitalformer i den symbolske økonomien 44 1.3.4 Habitus 47 1.3.5 Ein relasjonell prakseologi 49 1.4 Diskursanalytiske tilnærmingar til studiet av musikk 52 1.4.1 Innleiing 52 1.4.2 Diskursomgrepet 54 1.4.3 Det diskursive som eit aspekt ved sosial praksis 55 1.4.4 Michel Foucault som diskursivt monument 64 1.4.5 Diskursanalyse og hermeneutikk 67 1.4.6 Konsekvensar for studiet av musikk 71 1.4.7 Diskurs, makt og hegemoniske prosessar 75 1.5 Kjelder og kjeldetolking 78 2. DEN NORSKE KYRKJA SOM RELIGIØS ORGANISASJON OG SOSIAL STRUKTUR 90 2.1 Kva er ”kyrkja”? 90 2.2 Ekklesiologisk og religionssosiolgisk plassering av DNK 92 2.3 Organisasjonsstrukturen i DNK 104 2.3.1 Lokalt nivå: sokneråd og fellesråd 106 2.3.2 Regionalt mellomnivå: prost og prostiråd 108 2.3.3 Regionalt nivå: bispedøme 109 2 2.3.4 Nasjonalt nivå: Kyrkjemøtet, Kyrkjerådet og Bispemøtet 110 2.3.5 Kyrkjemusikarane sin representasjon i den kyrkjelege rådsstrukturen 114 2.4 Stillingsstrukturen 117 2.4.1 Kyrkjemusikarane sin plass i DNK 118 2.4.2 Kyrkjemusikarane sine arbeidsoppgåver 122 2.4.3 Stillingstypar 123 2.5 Liturgiske ordningar, valmuligheter og arbeidsfordeling 125 2.5.1 Gudstenester 126 2.5.2 Kyrkjelege handlingar 130 2.5.3 Samarbeidstilhøve 135 2.6 Utdanning i kyrkjemusikk og liturgikk 139 2.6.1 NMH og dei tidlegare distriktskonservatoria 139 2.6.2 Høgskolen i Staffeldtsgate: “musikk, menighet og ledelse” 145 2.6.3 Rekrutteringsproblematikken 150 2.6.4 Kyrkjemusikk og liturgi i presteutdanninga 154 2.7 Kyrkjemusikarane si fagorganisering 156 2.8 Andre interesseorganisasjonar 158 2.8.1 Norges kirkesangforbund og Ung kirkesang 159 2.8.2 Musica Sacra 160 2.8.3 Kirkelig fornyelse 161 2.9 Tidsskrift 162 2.10 Agentar utan formell tilknytning til feltet 164 2.10.1 Dagsavisa Vårt Land 164 2.10.2 Konsertarrangørar 165 2.10.3 Festivalar 165 2.10.4 Kirkelig kulturverksted 167 2.11 Norsk kyrkjemusikk som kulturelt felt 172 2.11.1 Felles verdiar 173 2.11.2 Institusjonar 174 2.11.3 Ekspertar 175 2.11.4 Publikasjonar 175 2.11.5 Intern diskurs 175 2.11.6 Intern fordeling av makt og heider 178 2.11.7 Relasjon til maktfeltet 178 3. NORSK KYRKJEMUSIKK SOM DISKURSIV PRAKSIS 182 3.1 Innleiing 182 3 3.1.1 Diskurs og konflikt 182 3.1.2 Konflikt som utgangspunkt for kultur- og samfunnsforsking 182 3.1.3 Konfliktar i DNK 184 3.1.4 Kyrkjemusikkrelaterte konfliktar 186 3.2 “Elg i solnedgang”- debatten 188 3.3 ”Ungdomen” 205 3.3.1 Ungdomens kyrkjemøte og gudstenestereforma 209 3.3.2 Keisemd og underhaldning 214 3.3.3 ”Det ungdommelege” som hegemonisk førestilling 217 3.4 Musikk, kultur og kristendomsforståing 218 3.4.1 Bibelen, musikken og kulturen 219 3.4.2 Orgelet 228 3.4.3 Kyrkjekonsertar 238 3.4.4 Kulturaliseringa av kyrkja 247 3.5 Vigsling av kantor 250 4. KONKLUSJONAR 259 4.1 Kyrkjemusikk som relasjonell praksisform 259 4.2 Praksis – diskurs, handling – tekst 264 4.3 Sosioanalytisk vurdering 265 4.4 Bidrag til etnomusikologien 267 Vedlegg: Forslag til tenesteordning for kantor 269 Munnlege kjelder 270 Skriftlege kjelder 273 Allmenn Litteratur 276 4 Forkortingar DNK Den norske kyrkja GbI Gudstenestbok, bd. 1: Gudstenester GbII Gudstenestbok, bd. 2: Kyrkjelege handlingar GT Det gamle testamentet HiS Høgskolen i Staffeldtsgate IKO Institutt for kristen oppseding KA Kirkens arbeidsgiverorganisasjon KFUK/KFUM Kristelig forening for unge kvinner/menn KIFO Stiftelsen kirkeforskning KKV Kirkelig kulturverksted KNK Koralbok for Den norske kirke LR Landstads reviderte salmebok MF Menighetsfakultetet MFO Musikernes fellesorganisasjon MHS Norges misjonshøgskole NKOF Norsk kantor- og organistforbund NKM Norsk kirkemusikk NMH Norges musikkhøgskole NOF Norges organistforening, som seinare skifta namn til Norges organistforbund NoK Norsk koralbok NoKa Norsk kantoribok NoS Norsk salmebok NRK Norsk rikskrinkasting NS Nynorsk salmebok NT Det nye testamentet OG Organistens gudstjenestebok S97 Salmer 1997 TF Teologisk fakultet, UiO UiB Universitetet i Bergen UiO Universitetet i Oslo UKM Ungdomens kyrkjemøte 5 1. Å STUDERA MUSIKK SOM KULTURELL PRAKSIS «Gud har skapt oss mennesker som kulturvesener. I denne forståelsen av begrepet kultur ligger også det at en arbeider med å «foredle» sine musikalske uttrykksmåter. Gud er også skjønnhetens Gud» (Sellevold 1993: 16). «Den som producerar konstverkets värde är inte konstnären utan produktionsfältet i dess egenskap av vara en värld av tro. Den producerer konstverkets värde som fetisch genom att producera tron på konstnärens skapande makt. Eftersom konstverket bara kan existera som ett symbolisk objekt försett med ett värde måste det vara känt och erkänt, det vill säga socialt etablerat som konstverk av åskådare som har den estetiska disposition och kompetens som är nödvändig för att kunna se och erkänna konstverket som sådant. I en vetenskaplig studie av konstverk ingår därför inte bara den materiella produktionen av konstverket utan även produk- tionen av verkets värde eller, hvilket är samma sak, tron på verkets värde» (Bourdieu 2000b: 332). 1.1 Innleiing Dette arbeidet er ei undersøking av musikklivet i Den norske kyrkja (DNK), med hovudvekt på den musikalske praksisen som er formalisert og institusjonalisert, og som i hovudsak vert leia av den kyrkjelege tenesta/stillinga som vanlegvis vert kalla “organist”, men også “kantor”, og i seinare tid jamvel “kyrkjemusikar” eller “kyrkjemusikkarbeidar”. (Diskusjonar om kor vidt dette arbeidet skal oppfattast som ein yrkespraksis i samfunnet eller ei guddommeleg innstifta teneste, og dermed kva namn som er best eigna for oppgåva, er eit sentralt empirisk utgangspunkt for dette arbeidet.) Tidsmessig er arbeidet eit samtidsstudium. Eg har like inn i sluttføringa av arbeidet prøvd å få med relevante hendingar som synest å ha konsekvensar for “kyrkjemusikkdiskursen”, men visse historiske tilbakeblikk vil heile tida vera nødvendige for å setja nåtidig problematikk i relieff. 6 I løpet av 1900-talet har kyrkjekonsertar vorte meir og meir utbreidde, men det er guds- tenester1 og andre kyrkjelege handlingar (vigsler, gravferder, tidebøner m.m.) som gjennom heile kyrkja si historie har vore nytta som rettesnor for kva slag musikk som skal nyttast i kyrkja. Til ein viss grad er musikken ved gudstenester og kyrkjelege handlingar autorisert gjennom liturgiske bøker. Men desse bøkene legg opp til (i stadig aukande grad fram mot vår tid) at også annan musikk kan og bør nyttast. Det føreligg dermed ei spenning mellom det som vert rekna som gjeve (tradisjon, historie, kanon) og lokal, tidsbunden tilpassing/ nyskaping, eller mellom “tradisjon og impuls”, som Asbjørn Hernes (1952) skriv. Jamvel i Kvalifikasjonskrav og tjenesteordning for kantorer 2 heiter det at “Kantoren skal forvalte og levendegjøre tradisjonelle og nye kirkemusikalske verdier og tilstrebe bredde og kvalitet i det kirkemusikalske arbeidet i menigheten” (§6). Når det gjeld synet på kyrkejemusikalsk tradisjon, finn ein den same spenninga her, som innan dei fleste moderne (i epokal tyding) musikkulturar: Spenninga mellom tradisjon som prosess, altså noko som skjer i historia og inneber kontinuitetar så vel som brot, og tradisjon som ideal, dvs. ei normativ dyrking av kulturelement frå fortida. Sett i lys av denne spenninga mellom tradisjon og fornying, har musikken i kyrkja mykje til felles med annan estetisk praksis, og eg har såleis funne det fruktbart å undersøka ein av dei mange praksisane som skjer i kyrkja ved hjelp av andre verktøy enn kyrkja sine eigne, dvs. dei som er henta frå teologien. “Alt intellektuelt arbeid må vera noko anna enn diskursen til dei ein studerer”, skriv Roar Høstaker (2002: 23) (om det “bachelardske elementet”, eller “det epistemologiske brotet” i Bourdieus vitskapsteori). Dei kyrkjelege agentane3 si 1 I katolske og ortodokse kyrkjer er omgrepet “messe” utelukkande nytta om kultiske handlingar som har nattverden (kommunionen) som høgdepunkt. “Luther og vår kirkes bekjennelsesskrifter beholdt begrepet messe som betegnelse på kirkens hovedgudstjeneste (dvs. nattverdgudstjenesten)” (Holter 1991: 17). Etter reformasjonen i Norge, overtok preika etter kvart plassen som høgdepunkt i messa, som mange stader framleis vert kalla “preik”. Nattverden vart gradvis marginalisert, med ein kulminasjon rundt 1850, då folk flest berre var til nattverd to gonger i året (Molland 1979: 87).
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages291 Page
-
File Size-