Informasjon Til Elevar Og Foreldre Etter Fylkesmannens Tilsyn Med Hafslo Barne- Og Ungdomsskule

Informasjon Til Elevar Og Foreldre Etter Fylkesmannens Tilsyn Med Hafslo Barne- Og Ungdomsskule

Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 12.07.2018 2017/4312- 632.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Elevrådet ved Hafslo barne- og ungdomsskule FAU/foreldrerådet Informasjon til elevar og foreldre etter Fylkesmannens tilsyn med Hafslo barne- og ungdomsskule I vårt brev av 05.01.2018 opplyste vi om tilsynet ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Vi har no utarbeidd ein endeleg tilsynsrapport der vi fortel om dei funna vi har gjort. I tillegg har vi laga eit kort samandrag av rapporten som oppsummerer funna der skulen har brot på regelverket, vedlagt. I informasjonen har vi merksemd på tiltak som skulen skal gjennomføre med spesiell vekt på dei endringar som elevar og foreldre vil vere interessert i. De kan lese heile rapporten på våre heimeside: https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane Med helsing John Ole Vange Lill Mona Solberg utdanningsdirektør seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Kopi med vedlegg: Hafslo barne- og ungdomsskule Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/4 Samandrag av tilsynsrapporten etter tilsyn med Hafslo barne- og ungdomsskule Vi gjennomførte tilsynsbesøk på Hafslo barne- og ungdomsskule i veke 15 dette året då vi intervjua representantar for FAU, foreldrekontaktar, elevrådet, elevrepresentant for SU/SMU, lærarar på kvart årstrinn, tilsette med oppgåver på leksehjelp og SFO, skuleleiing og skuleeigar. Kva undersøkte vi ? 1. Om skulen har rutinar for å følge med, gripe inn og varsle dersom dei som arbeider på skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Om skulen har rutinar for å sette i verk eigna tiltak for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Alt dette kallar vi for skulens aktivitetsplikt. 2. Om skulen har rutinar for å arbeide førebyggjande, informere og involvere foreldre og elevar, og på den måten er med i planlegging og gjennomføring av arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø. Korleis rektor arbeider for at alle som jobbar på skulen praktiserer haldningar og verdiar som bidreg til eit trygt og godt skulemiljø og korleis skulen evaluerer arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Om skuleeigar (kommunen) har eit forsvarleg system for å følgje med på om krava i lova blir oppfylt og følgje opp desse vurderingane. Kva konkluderte vi med ? Sjølv om Luster kommune våren 2018 utarbeidde nye rutinar for skulanes arbeid med elevanes skulemiljø og kommunens oppfølging av skulane, har Hafslo barne- og ungdomsskule fleire regelverksbrot på begge hovudområda som er undersøkt i tilsynet. Under hovudområde 1 skulens aktivitetsplikt gjeld dette: Plikta til å følgje med og gripe inn, varsle, undersøkje og setje inn tiltak ved mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø Skulen manglar i dag ein klar framgangsmåte som sikrar at alle tilsette følgjer med på særskilt sårbare elevar og rektor må sikre at alle som jobbar på skulen, varslar rektor dersom dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Elevens syn på kva som bør vere innhaldet i aktivitetsplanen, er svært viktig i vurderinga av kva som er til elevens beste. Vi finn ikkje at skulen har ein framgangsmåte som gjer at skulen undersøkjer saka så snart som mogleg eller dokumenterer varsel på ein systematisk måte. Plikta til å straks å varsle, undersøkje og setje inn tiltak dersom ein som jobbar på skulen, krenkjer ein eller fleire elevar Det er ikkje bestemt korleis tilsette skal varsle rektor og eventuelt skuleeigar, eller sikra at krenkja elevar får melding om at saka vil bli varsla til rektor. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/4 Plikta til å gjennomføre, evaluere og tilpasse tiltak Det kjem ikkje fram ein bestemt framgangsmåte som skal ivareta at skulen hentar inn tilstrekkeleg informasjon om korleis tiltaka har virka og tilpassar tiltaka basert på ei vurdering som inkluderer elevens syn. Under hovudområde 2 skulens arbeid med å førebyggjande, informere og involvere foreldre og elevar gjeld dette: Plikta til å arbeide førebyggjande, kontinuerleg og systematisk for å fremje eit trygt og godt skulemiljø Der er varierande praktisering av ordninga med klassemøter og det er ikkje laga eit årshjul for saker som er av vesentleg betydning som skal behandlast i elevrådet. Herunder er det ei svak kopling mellom elevrepresentantane i elevrådet og elevrepresentantane som deltek på møte i andre utval. Vi finn at skulen kan styrke det systematiske arbeidet med involvering av elevane gjennom elevrådet. Skuleeigar har utarbeidd nye rutinar for skulens arbeid med kapittel 9 A og skuleeigars oppfølging på dette området, men skulen gjennomfører i dag ikkje ei evaluering av skulens samla arbeid på området. Plikta til å informere og involvere elevar og foreldre Vi finn at skulen har informert alle foreldre på storforeldremøte og klasseforeldremøte. Men informasjonen som rettar seg mot elevane har gått til elevrepresentantar og vi kan ikkje finne at skulen har sikra at alle elevar kjenner til retten til eit trygt og godt skulemiljø, om skulens aktivitetsplikt og om retten til å melde ei sak til Fylkesmannen. Skulen har ei handbok for foreldrerepresentantar, det er sett opp datoar for møte i råd og utval, men det er ikkje fastlagt tema som skal opp i råd og utval, eller ein klår framgangsmåte som sikrar at råd og utval blir trekt med i skulemiljøarbeidet så tidleg som råd. De kan lese heile tilsynsrapporten på Fylkesmannens heimeside https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/4 Kva skal kommunen og skulen gjere vidare? Vi har gitt Luster kommune og Hafslo barne- og ungdomsskule frist til 15.november 2018 med å gjere greie for kva tiltak kommunen og skulen har sett i verk for å rette brota på regelverket. Elevane og FAU/foreldrerådet har representantar både i samarbeidsutvalet og i skulemiljøutvalet ved skulen og desse har difor rett til å uttale seg om tiltaka skulen føreslår. Når vi får kommunes og skulens tilbakemelding, vil vi vil vurdere om tiltaka kan rette opp brota på regelverket. Dersom vi meiner at kommunen og skulen har retta opp regelverksbrota, avsluttar vi tilsynet. Dersom vi meiner at kommunen og skulen ikkje har retta opp brota, vil vi gjere dette som eit pålegg om retting. Kommunen kan klage på eit slikt pålegg og klagen vil gå via Fylkesmannen til Utdanningsdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Leikanger 12.07.2018 .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    4 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us